god kveld.


eg laga madagaskar-gryte til meg og mamma. den har ekte dyrepasta i.


idag fikk eg ti femtilappar av min bestefar og 3 par med strikka sokkar av min bestemor. min bestemor er ein av dei personane i verda som eg likar best. også blir ho så flau når eg seier at ho er vakker.

ein av mine favoritting i huset heime. ein fotomontasje av meg og min søster, min gave til mine foreldre til jul for to år sidan.

neida, me er ikkje like vel?
alice in wonderland

"I wonder if I've been changed in the night? Let me think. Was I the same when I got up this morning? I almost think I can remember feeling a little different. But if I'm not the same, the next question is 'Who in the world am I?' Ah, that's the great puzzle!"
"If I had a world of my own, everything would be nonsense. Nothing would be what it is, because everything would be what it isn't. And contrary wise, what is, it wouldn't be. And what it wouldn't be, it would. You see?"
"In my world, the books would be nothing but pictures."
sånt skal eg gå med i haust
hårspenner og hårsløyfer:


ullstrømpebukser:

denne kåpa i menneskestorleik og kanskje i tøystoff istaden for papir:

klokka mi som alltid er halv seks:

støvlane:

Mediterranean by Elizabeth Arden:

paraply:

termos med te og kakao(mintkakao<3) han der frosken til høgre, ja:

fine luer:


anna enn dette har eg null peiling. eg håpar paris skal redda meg og mitt haustskap. det blir jo perfekt.
trøstepresang(ar)

kjole.

kjole nr.2

kunst.

meir kunst.

alice i eventyrland-smykke.
er dette sånt ein ikkje bør blogge om?

ein torsdagkveld og ein fredag med ei søster


dusjen i leiligheta mi er tre gonger så stor som kjøkenet og med stygge veggar og ein fin kjole.
og i dag skulle me reisa heim. heim. med buss.






saman er ein mindre åleine.
vel heime venta det ei pakke på meg. oppi den låg det ein fin-fin gullboks.

og oppi den låg den finaste hårspenna.


eg og fine søster reiste på putikken og laga mat til mamman.





fina.

fine søster+hund.
i morgon reiser eg og min mor på antikvitetsshopping medan søster reiser til spania, woho.
eg er flink.

i mitt fine store skap






kom inn.
i går fikk eg forresten ein bærepose med kvitteringar av min kjære christine som jobbar på rema1000. trur de eg klarar å få gitt ut ei bok? eg skal ha ein konkurranse snart. eg skal poste eit bilde av ei kvittering også skal de få skriva analyse av den som ei historie. den som liknar mest på mi eiga tolking(eller den finaste) får ein premie, håkei?
uansett, rommet mitt i småbitar:

dokka mi og hylla mi. i hylla har eg bilder av modellar og angelina jolie. <3

bankebrettet som eg fikk til jul av min far. har du lest naiv.super?

bøker og vogue.


bøker, termos, kinavifte og bilde.

boksen til røykelse, eiffeltårnet og den fine hunden eg fikk av min kjære sin mamma til min bursdag.

pappa og mamma med meg.

snora der dei fine tinga mine får henga.

tavla mi med fine vener.

det einaste eg har arva. av min oldemor. ein pilleboks. eg elskar den.
moleskinami





"jenter som... ikkje bryr seg når dei dansar" denne lista er lang.



forresten er eg veldig glad for at de likte kvitteringen min! vil de ha fleire kvitteringar? faktisk skal eg stilla eit så generelt spørsmål som "kva vil de ha?" for det vil eg vita. og har du idear til noko eg kan skrive i boka mi?
ei trist historie

dette er litt av ei trist historie.
eg ser for meg ei aleinemor, ca 30 år gamal. ho har ei jente på 3 år. pappa har forlatt dei.
ho et det same kvar dag(kyllingfilet med kyllingsaus og spiralloff og brokkoli) fordi ho veit ho treng protein og fiber, men det spelar ingen rolle for ingenting har noko smak lenger uansett. ho kjøper vg som ho aldri les men som ho har liggande på bordet i tilfelle nokon skulle sjekka og finna ut at den forrige som låg der hadde vore der i vekesvis. dottera likar ikkje kyllingsaus med basilikum og lauk, derfor får ho tomatsuppe istaden. med makaroni. og for å få ho til å vera stille(mamma har så vondt i hovudet, lille venn), får ho melkesjokolade og gullvafler(det er jo laurdag) medan mamma får smertestillande og andre apotekvarer for å halda seg i skinnet. ho er heilt øydelagd av sin eigen situasjon, ho må til og med ha to bæreposar for å klara å bæra alt det.
kan du gjetta?







ja, eg skal til paris med min kjære i haustferien. eg skal dansa i gatene i montmartre medan eg spelar soundtracket til ameliè på ipoden min, eg skal smila i ei veke i strekk, skal eg. eg skal stå på tipptå og legga armane rundt han som eg elskar for me er jo i paris! og alle dei søte små konditorforretningane. og alle markeda. og sacre cour. og eiffeltårnet. og å føla seg udødeleg.
men så!


heldigvis kom han der fine opp bakken(med sjokomelk i posen!). han fekk øva som fotograf.


eg er tullejente altså.
me har sett bridget jones medan me drakk champagnesaft også dansa me klinedans når rulleteksten kom, er ikkje det fint eller? no skal me sova for det er skulefotografering(yikes) imorgon. god natt, alle søte individ. eg er glad for at de eksisterar.
idag har vore ein sånn dag og eit spørsmål
- i dag har vore ein sånn dag då ein set litt meir pris på nydelege bøker.

- i dag har vore ein sånn dag då ein går gjennom alle postsecret-postkorta ein har gått glipp av

- i dag har vore ein sånn dag då mintkakao er velkomen i senga.
i dag er ein sånn dag at eg vil spørja alle:
kva var dei fem finaste sekunda i ditt liv og kvifor?
og ps: takk, alle saman, for dei fine kommentarane. de er så varme. eg må smila, eg.
tingsomeglikarogtingsomegelskar del 3




viktorianske kjolar. her tolka og gjort av alexander mqueen.
om eg hadde hatt ein sånn kjole hadde eg gått med den heile tiden.
om eg hadde hatt ein teit dag hadde eg tatt den på meg og snurra i hagen til alt var bra igjen.

kaleidoskop. tenk å kunne berre vera vakker uansett lys og uansett korleis nokon vrei og vridde på deg. eg skulle ønska eg var eit.

loppemarked og second hand. alt det finaste eg har og som eg er mest glad i har eg kjøpt på loppemarknard eller brukt. eg elskar å eige plagg som har ei historie som eg aldri vil læra å kjenna. Det er ein vakker idè.

montmartre. det er dit hjartet mitt lengtar akkurat no, og eg får ei slags heimkjær kjensle av å tenka på paris. paris i hausten er nok nydeleg.

dokkehus. eg hadde aldri eit sånt fint dokkehus som liten, og eg trur nok at eg treng det for å føla meg komplett. no leitar eg etter eit eg kan bygga sjølv. det er kulare slik.


haust. haust! haust haust haust! haust! eg veit ikkje kor mykje lenger eg klarar å venta.
weekend treats
laurdagskvelden vart tilbrakt hjå christine med fredrik og han der fine, me åt god mat. seinare lanserte fredrik sin idè om temafest, og temaet var gnager. difor blir me alle transformert til mus utover i bildeserien.








maja kom og fekk dei største tennene i gnagerhistorien.

jostein er musetrubadur og christine følger med på notane.

christine som pappa pedofil rølpemus.

seinare slo me oss heilt lause og dansa i mørket. så fine vener eg har.


skuggar i taket. så gjekk me heim.
i dag tidlig var deilig og treig.

(ja, eg har faktisk ein veranda) eg tok med meg tekoppen min og magasin og boka mi og kroka meg ihop som ein ball. søndagsmodus.


min fiiine marie fra aristokattene-kopp. perfekt til søndagste.

så reiste me på roadtrip til ein gudsforlatt plass.

fredrik dansar macarena i bilen til bridget jones soundtrack.

radioen som tar imot signal frå øst-europa fikk vera med i korga.

me stoppa for å kjøpa godteri. sopptyggis = perfection.





så var det på tide for dei 3 musketerane(og meg) å gå heim.
i have been here many times before
Forstår du kjærleik?








kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me
det var ein gong

det er under vatn, ser du? med fisk og ein dykker, til og med. og hengande fisk.


her er to songar du får lasta ned som hjelper på sånne treige fredagar:
1 2
skeleton we have been friends for years

tanna mi er slem.
i gårkveld


(ein stor del av kvelden kjentes akkurat slik ut)



derfor kjem dagen i dagen i dag til å bli slik:


livet det er helt ålreit
eg er grafisk ansvarlig for filmfestivalen som medialinja arrangerar, noko som betyr mykje ansvar og sånne teite ord. eg skal nok klare det. eg er flink.



i kveld skal eg drikke meg fin på rosevin og kanskje dansa litt bølgen. fredrik kallar meg ocean girl. imorgon er det det frie liv. eg elskar.
.

berre meg. og photoshop. me er gode vener. kva syns du?
veit du?













og forresten, til dei som lurer på om eg skriv dialekt; eg skriv heilt vanlig nynorsk. nynorsk nynorsk nynorsk. var berre det eg ville seie(ville aldri ha funne på å skriva dialekt, æsj). peas.
.


mariell er riktig trøtt; er ikkje vant til å stå opp så tidlig.
andre som gler seg til skulestart?
my corona



no har me det fint på rommet mitt med øl og papirdokka mi som har ein finare garderobe enn meg. urettferdig!









og ja; forresten

mine funn

smykkeskrin!

skattar å ha oppi.


eg fant heile FEM kirsebærglas. dei er nydelege, eg vil drikke av dei heile tiden.

slike skåler som ein får ris i på kinesiske restaurantar. med fine skeier. made in china.

raud sukkerspinnboks.

sjal.

mikado! vintage! og oppi boksen låg det papirbitar med teikningar som små barnehender har laga.

bambi!

speil.
kjærleik til ei linse








for å oppsummera min tilbakekomst til sandane i fire-fem bilder




tenk om.

kva er ditt favorittdyr? alle må vel ha eit?
altså, eg veit at eg er dårlig på å blogge akkurat no, men eg har kjøpt mange fine ting og gjort fine ting og fått den nye linsa til kameraet mitt nettopp, så vent dykk mange mange fine bilder og ord seinare.
peas
hybelen miiin.

i går koooosa eg og fredrik oss med oppblåste menn på csi.

sånn kan det gå når mariell prøver seg på gjør det selv; stanga knakk og alle kleda rett i golvet.

hylle! (ja, eg har fargesortert alle bøkene våre)

oppvaska frosk.



noko av vår kunst.

KVA FARGE?
dagen i dag sålangt

, tassande rundt i dette slottet

men veit du kva? eg sovna her og eg vakna her og eg smilte begge gongane.

det er det som er så utruleg fint med å vera heime.
hjertehjertehjertehjerte

og til mi overrasking og store glede har min favorittbutikk på sandane blitt dobbelt så stor og med ein isbar! eg såg inn vindauget og dei hadde mangosorbet. kor glad kan ein vera? imorgon startar og sluttar dagen min der, men i mellomtida er det maling av stova. har ikkje heilt bestemt fargane enda. det blir spanande.
ligge i grønne senger

eira er fin(og lagar superfantastiske teikningar, lovar!).

han der fine er fin, som vanleg. <3

min første cortado!

fine raude gjennomsiktige Acne-boksar på nova. hei, dama.

fine store spegelen på nova.

fin pappa.

eira fikk ekte bokmerke i aluminium frå hydro! frå meg sjølvsagt.

fine båtar!
også til fangsten. sidan det er kjærasten som er klede-hora i vårt forhold, kjøper eg heller andre fine ting, som desse:

fine tusjar!

fin te som luktar godt. ryktet skal ha det til at den smakar godt og.

<3 eg fikk tilfredsstilt magasinbehovet mitt.

marimekko-skrivebok og moleskine adressebok(eg tok feil, men det går fint. bokstavsane står for ting eg likar! under H er det bilete av eit hjartesmil og ein fin gut med dreads og briller og teksten "han der fine". under E, adressa til fine-eira)

det beste var likevel denne. ein brukt, gamal, nedslitt liten koffert som eg måtte ha trass i han der fine(men strenge) sine protestar. den er min. eg er glad. og sjå kva eg fann når eg åpna den!

ein konfelutt og eit fint brev til meg(frå han der fine!) som han har skrive og lagt nedi mens eg sov i bilen. er ikkje han berre noko av det finaste eller?

ser ikkje det ut som om eg er klar for skulen? eg er det!
hadde du ein fin måndag?
basis

no stikk eg til bussen for å sova i fem timar. unnskyld om eg ser jævlig ut når eg kjem fram, eira. tilgi meg.
perogative


. ein får lov til å ete snop sjølv om det berre er onsdag.
.ein får òg lov til å ha på seg festhårsløyfa si sjølv om ein ikkje ser den på biletet.

. ein får lov til å lese elle interiør.

.ein får lov til å ønska seg ein twiggy-kopp.

.ein får lov til å drøyma om sånne fine kjøken.

.ein får lov til å ha lyst på slike uten å vita kva det er. fine paraplyar opp ned, er ikkje det berre superduperfint?



.ein får lov til å ligga i fosterstilling på golvet i dusjen. ein får lov til å såpe seg inn to gonger. ein får lov til å dusja så lenge ein vil. ein får lov til å ikkje føle seg som eit miljøsvin for det.
sjuk internett pringles cola
sayonara

cupcakes cupcakes

bakeantrekk. sløyfa og hjartet er med meg overalt for tida.





av og til puttar eg ting i ting.


fine, hmmm?
kake kake

bror spiste pæreterte.

eg spiste karamellkake(som eg ikkje klarte å spise opp)

janne spiste sjokoladekake. sjokoladen kom ut på pusøk.

janne er nynorsk-feminist. kvifor ikkje?

janne var fattig og måtte putale med kronestykker og femtiøringar.

kaffe mocca. <3


janne ser så rar ut fordi ho elskar meg.

eg trur eg var kjempeglad for å endeleg ha nokon å gå på kafè med.
eit dikt i natta
You scream, waking from a nightmare.
When I sleepwalk
into your room, and pick you up,
and hold you up in the moonlight, you cling to me
hard,
as if clinging could save us. I think
you think
I will never die, I think I exude
to you the permanence of smoke or stars,
even as
my broken arms heal themselves around you.

wellingtons



medan eg tok bilder såg eg at mamma faktisk har eit par støvlar ho òg. blomsterstøvlar, men på ein annan måte.





3 skift igjen med arbeid, i cannot wait!
2 nye bøker og ein koffert
først; gray's anatomy. boka, altså. 827 illustrasjonar av kroppen. rekvisita for fotografering sjølvsagt.



så ei litt meir koseleg bok! smoothieoppskrifter frå innocent, firmaet som lagar dei nyyyyydelege smoothiane som dei sel til dømes på narvesen.





så kjem me til konsekvensane av slik pengebruk. i dag har eg begynt å pakka til eg skal heim til Sandane, og på grunn av alle bøkene eg har kjøpt i sommar ser kofferten min slik ut:

halve kofferten. bøker. den same kofferten som var proppfull i juni. korleis skal dette gå? kan ein verkeleg få for mange bøker?
barndomsdraumar

i mellomtiden fikk eg to nye draumeyrke; interiørarkitekt og kokk. medan andre jenter las girls og julia og witch las eg elle interiør og bonytt og jamie oliver og nigella sine bøker var heilage skrifter. eg diska opp med heimelaga is og semifreddo og delikate gryter og kaker. eg fylte mange notatbøker med oppskrifter og bilder av mine og andre sine delikatesser. eg fylte dusinvis med skrivebøker med skribleri og teikningar av hus og rom, designa det perfekte barnerommet som eg den dag i dag er bestemt på å ha når eg ein gong skal bli mamma. eg er framleis fullstendig fortapt i "heime hos"-artiklar(nei, ikkje dei i se&hør), men som her foreksempel. der kunne eg bu.

no planlegg eg kunstskule. kunstfotografi. leva kunst, pusta kunst. new york, london, tokyo, guatemala. det er rart korleis ting endrar seg, men eg trur eg har funne min veg. faktisk er eg ganske sikker.
1. kva ville du bli som born?
2. kva skal du bli når du blir stor?
i see through you



søsterfant.

kjærestefant med kaffibart.


eg er rar?


:( eg juksa.

så var det tomt.


så da gjekk eg og kjærsta heim. i regnet. men det gikk heilt fint, sidan eg har kjøpt nye støvlar i dag sjølvsagt.

they brightly shine



likar du regn?
i dag er ein fin dag fordi

eit par fine utdrag;





fint, ikkje sant?
i dag er òg fin fordi min elskede lillesøster har bursdaaaag! ihi. heile femten år tenk.
regnjakka




det vart meir eg er fin-bilder enn regnjakke-bilder, men det får gå.
kjøp magasinet her / buy the magazine here.
hurra! no kan ein forhåndsbestilla hjartemagasinet #3! paris-nummeret! det kjem i midten av april og de som allereie har kjøpt det får dei rett i postkassene og kan dermed nyta dei under kirsebærtrea i botanisk hage eller under eit teppe med influensa ganske så rett etter det. har enno ikkje bestemt meg for kor mange magasin eg skal trykka opp, så det kan vera lurt å forhåndsbestilla så fort som ein har sjangs. eg lovar i alle fall at dette nummeret blir det beste hjartemagasinet av alle dei tre, det skjer mykje magisk rundt om i kulissane og sjølv om eg hatar å holda ting hemmelig så veit eg at de kjem til å bli så sjukt fornøgde!

it's now possible to pre-purchase heart magazine #3 - the paris issue! i'll be done with it by mid-april and if you order it before it's done you'll pretty much have it in your mailbox within days, the ink will still be fresh! i hopw you'll buy it and enjoy it, i promise you it will be magical.
haust
igår.

ser ikkje dette litt ut som noko astrup kunne ha måla?


kaffe latte med mocca og ein fin sambuar på ein fin kafè.

min nye tamburin + fine christine + fine broren med snus.

den fine kjolen eg ikkje heilt veit om eg skal kjøpe.
(beklagar dårleg bildekvalitet, mitt kjære canon var utlada)
vil du sjå kva eg nettopp har kjøpt?

helsing mamma.
sånn kan ein laurdagskveld og ein søndag sjå ut



nam i ei bøtte!
søndag: snurra i kjolen i hagen. kjolen er fin, den.


hihi, rare føter.



og sånn ser den faktisk ut.

(eg snoka i skapa i huset til han der fine. dette er bryllaupskjolen til svigermor. den er nydeleg og eg hadde den på meg i to minutt. om du nokon gong ser dette, svigermor; unnskyld, den er berre så vakker.)
rumensk.

no har ho der fine reist etter me har vore ilag idag. det er litt tomt og litt sårt, men eg planlegg å reisa til wales så fort eg berre kan. i mellomtida les eg ei fin bok og går inn for å lukta som mandarin. i heile dag har eg gått barbeint i regnet og folk kviskrar og smiler til meg. eg latar som om eg er ei rumensk heimlaus jente i ein kjole frå paris som berre vil gå rundt, barbeint, i regnet, og smila til forbipasserande. er ikkje det fint?
hjartet mitt stoppa, eg er sikker.



hjartesukk og hjartesmil samtidig. takk gud for internett?

