min mamma.




min mamma som nys så høgt at ein trur at det er jordskjelv. min mamma som lagar den beste maten. min mamma som passar på at alle har det bra heile tiden nesten litt for bra til å ha det bra sjølv, som mammaar ofte gjer. min mamma som er så himla modig. min mamma som ringer berre for å sei at skattekortet ikkje har komt og for å sei at ho har gløymt det ho skulle sei men det var jaffal viktig. min mamma som dansar medan ho vaskar golvet for korleis skulle ein ellers gjera det. min mamma som blir førtitre år i dag, tenk det. skulle ønska at eg kunne vera der og laga kake og passa på at du ikkje stressa, fine mamma. glad i deg! suss.


a happy birthday to my mom. <3

han der fine lagar musikk.

hasselblad.

no har endelig han der fine bestemt seg for at det er greit å visa fram musikken sin. han har jobba på eit prosjekt i eit par månadar som han har kalla fivrel. ein fivrel er eit insekt, og akkurat det er ikkje så nøye, men fivrel flyg mot lyset. og det passar ganske fint. om de vil kan de gå hit for å høyra musikken hans. det er tre låtar og i ein av dei kan ein høyra delar av ein samtale mellom meg og sara og julie, og der eg ler ganske mykje. eg vil ikkje sei kva spor det er, for eg vil at de skal høyra alle tre. dei er fantastiske og eg elskar dei og er så himla himla stolt. stoltast. høyr høyr høyr!

<3


my fiancée decided it was finally time to let people hear his latest music project. it's called fivrel, which almost means moth or butterfly in english. it's beautiful, hear it here.

søndag.

sunday.
dagen i går starta med elle collections i senga. det er det mest fantastiske stykke magasin eg nokon gong har vore borti. så ufattelig gjennomarbeida. om du har eit snev av interesse for mote vil du elska det.

sunday.
etterpå tok eg med meg han der fine ut for å gå ein lang tur. me gjekk opp på st.hanshaugen.

sunday.
og håret mitt står så fint til park og tre.

sunday.
<3 (det er alltid nokon som spør og derfor svarar eg først: tskjorta til han der fine er fra acne, cardiganen er min fra bikbok, skoa er vintage bruunz bazaar og buksa ein ikkje ser er acne.)

sunday.
det er fint på st.hanshaugen. eg hadde aldri vore der før, veldig merkelig nok. no kan eg kryssa det av lista.

sunday.
så gjekk me rundt bislett og ned gjennom høgskulen og til yogurt heaven der me fekk is på deling! og william som jobba der sa at det var mange som hadde gått dit etter anbefalingen eg skreiv her, og det vart eg veldig glad for å høyra.

sunday.
kaffe og sjokolade. med kjeks og kokos på. den med kaffesmak var så god så om eg fekk velga éin ting å eta resten av livet skulle det vera den. åh. yoghurtis er berre det beste.

sunday.
me gjekk litt til og plutselig var me i nordahl bruns gate, og der bur jo fredrik+janne+kjetil! så me ringte på og fekk komma inn.

sunday.
fredrik har fiksa på rommet sitt og det er veldig fredrik.

sunday.
hei!

sunday.
her snakkar han om at han må bruka susp på skulen.

sunday.
kjetil! no har han endelig flytta inn i det finaste kollektivet. med rotter i gardinene og fleire glas enn nokon andre.

sunday.
sunday.
fredrik er organisert. foreløpig.

sunday.
og janne sprang rundt naken men med klede på og var i eit rarfint humør. eg fekk låna litt bøker også gjekk me heim for det var blitt ganske seint og me var svoltne.

sunday.
så laga eg mat med raude linser for første gong, og det vart supergodt. me laga desse bollane, men med pastaskruar og tomatsaus ved sidan av. absolutt å anbefala. den heimelaga raude pestoen som ein har i bollane er så himla god óg, så god at ein lurer på å laga ein pytteliten porsjon kvar einaste dag til frukost.

(eg er veldig opptatt av kjøttlaus mat for tiden, men óg veldig opptatt av at ingrediensane i oppskrifter eg legg ut her skal vera tilgjengelige for alle(ikkje rart at folk er skremt av vegetarmat når halvparten av ingrediensene er ting ein aldri har høyrt om før). og raude linser får ein jo kjøpt overalt! på vanlige matputikkar og på helsekost, og det gjer ein med resten av ingrediensane óg)


my sunday: reading elle collections in bed, which is the best magazine ever made. then going for a walk with my bf, over st.hanshaugen for a nice walk&talk and then getting fantastic yoghurt ice cream at yogurt heaven, ending up at our friends fredrik, janne and kjetil's apt. then we went home to make dinner and watch dexter.

ein laurdag.

i går tok eg nesten ingen bilder, for fredagsnatt var ei hard natt. i kronologisk rekkefølge og med tre bilder såg min lørdag sånn ut:

makronar på sebastien bruno og kaffe på kaffebrenneriet med marianne som var himla søt og fin. me snakka om bryllup og foreldre og fisk. så trikka me til grünerløkka og eg fekk ho forelska i frøken dianas salonger.

laurdagsgraut med han der fine.

å skriva ti utkast til blogginnlegg og tekstar.

kanskje fire episodar av dexter, tredje sesong.

og mat:
saturday.
salat med kesamdressing og urte- og kvitlauksbaguettar.

saturday.
sugar snaps.

saturday.
marabou med kokos. åh!! så god.

ganske så fin laurdag, må eg seie. hadde de fine laurdagar?


my saturday: macarons, writing a lot, watching a lot of dexter episodes and eating. pretty much.

christine.

christine og eg som er best på nachos og øl. christine og eg som aldri får gjort noko produktivt ilag for me har det for gøy. christine tar med knekkebrød, eg tar med ost. christine og eg som drikk oss fullast av alle. christine fra sveits og florø, mariell fra berre årdal. christine som alltid er der og som held i hånda og klemmer og ler og griner bedre enn dei fleste. christine som eg elskar og som er ein av dei beste vennene ein kan ha.

IMG_0010
eit bilde eg tok av ho i førde i juli. vakrast. elskar dette bildet for ho ser så himla naken og sårbar ut.

på tysdag reiste christine til argentina og eg får ikkje sjå ho før langt ut på nyåret. det gjer ganske vondt i hjartet og eg saknar ho kvar einaste dag. om christine var ei speleliste på spotify skulle ho vera den her.


about my friend christine. she moved to argentina on tuesday and i won't be able to hug her until sometime next spring. i miss her so much.

den siste fredagen i august.

the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.
the last friday in august.
the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.

vorspiel hos heidi og caroline, innflytningsfest hos joachim med jello shots og masse nye fine og bra folk, strykejernet med maja. min nye rosévinfavoritt(jacobs creek), heimebrent eplevin, twist i ein pose, raud leppestift og å teikna klokker på folk. fin kveld. veldig fin kveld. plutselig var me heime igjen, og dagen i dag har ein merkelig søndagsfølelse over seg.

hadde de fine fredagar? tenk at neste fredag er i september.


friday night, the last friday night in august, was spent partying with nice people i don't know and drinking my new favorite rosé wine. red lipstick and drawing watches on people's wrists. today feels like sunday although it's not.

fredrik.


IMG_0019

eit bilde eg tok av fredrik med hasselblad i førde i juli. eg forgudar dette bildet og håpar at de likar det óg(og han, for han har ikkje sett det enda). det blir nok ein del svartkvitt-bilder av fine venner her framover. håpar de har nydelige fredagskveldar, det skal i alle fall eg!

hasselblad 500 c/m
ilford delta pro 400 iso
scanna med canoscan 8800f


a picture i took of my friend fredrik in july with my hasselblad. i just love love love it. <3

om fine jenter.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.2501-149bed jumpingsonjaamsterdamjulielacebowties and heinekenthe last of novemberlongest day of my life.fredrik's birthday.

eg vil få takka den patetiske personen som skreiv dei forferdelige kommentarane til meg i går(til dei som lurer: eg har varsla it-avdelingen til universitetet i tromsø med ip-adressene ho brukte, så me kan berre håpa at det ikkje vil gå stille forbi). for ho fekk meg til å føla meg enda meir fantastisk enn eg kanskje er, fekk meg til å innsjå kor sterk eg er som ikkje lar meg knekka og fekk meg til å sjå kor fantastiske jenter kan vera. i kommentarfeltet hagla det med ståpå-kommentarar som varma i kinna og i magen. for eit år sidan hadde eg sletta dei slemme kommentarane, hylgrine meg i søvn og prøvd å gløyma at det skjedde, men eg lar dei stå. eg svarar, eg lar meg ikkje knekka men føler meg heller sterk som faktisk klarar å le av dei som føler behov for å trykka andre ned i gjørma gjennom dataskjermar på den måten. eg veks som person for kvar dag som går og eg er fantastisk. eg er kreativ og sjølvstendig og intelligent, eg lar meg ikkje knekka og eg er stolt av meg sjølv og mine jentevenner.

for jenter er fantastiske.
mine jentevenner er sterke skapningar som ikkje er redde for å stå på men som óg ikkje er redde for å vera redde og ærlige om korleis dei har det. dei studerar til å fylla stillingar i mannsdominerte yrke, dei er leiarar i organisasjonar, utval og elevråd, dei bryr seg meir om helse og smak enn kilo og kaloriar, dei jobbar drittjobbar for å få råd til fine kjolar og raudvin, dei lærer nye ting om seg sjølv heile tiden, dei syr sine eigne klede og bakar bollar etter oppskrifter i hovudet og les marknadsøkonomi mens dei steiker i ovnen, dei drit i kjønnsroller og kler seg i kva dei vil, har sex som dei vil med kven dei vil og snakkar høgt om akkurat det dei vil(utan at det er motstridande med å grina kvar tirsdag til grey's anatomy). dei er sterke og stolte av seg sjølve og er ikkje redde for å sei det, dei er fantastiske. og eg er så himla heldig som får ha denne bloggen og får litt innsikt i kor fabelaktige jenter faktisk kan vera i å støtta kvarandre når det er vanskelig.

eg vil anbefala å lesa gjennom kommentarane eg fekk i går, og tenka på at dette er jenter, over tohundre stk, som ikkje eingong kjenner meg men som tar seg tid til å skriva desse fantastiske kommentarane. de er fantastiske. ikkje gløym det. sei det til deg sjølv kvar einaste dag. omgi deg med personar og ting som gjer deg glad, som gjer deg sterk og stolt. jenter, altså. ein må berre elska dei.


yesterday i got some pretty terrible comments, and this is just to say i'm sorry to all girls. yesterday i thought all girls were horrible creatures who break eachother down, but when i'd had some time to think i realized all my girl friends, and 97% of my girl readers, are amazing and strong and will support one another no matter what.

om ekle jenter.

anbefalar alle som lurer på kvifor eg blokkar så mange ip-adresser å ta ein titt i det forrige innlegget sitt kommentarfelt. eit perfekt eksempel på kor mykje dritt ein må takla når ein har eit fint liv med ein vakker kjæreste men nokre ekstra kilo på kroppen. skjønnar ikkje kvifor nokre jenter må vera så jævla ekle med kvarandre.

edit: alle dei ekle kommentarane kjem fra tre-fire forskjellige datamaskiner på universitetet i tromsø. altså éin enkelt person som skiftar datamaskin. trist men sant. get a hobby!

edit2: TAKK til alle fine jentene som kommenterar og motbeviser at jenter treng å vera ekle!!! de er så jævla fine.

ladurée, nokon?



bileta er linka

dette kan kanskje høyrast veldig merkelig eller merkelig sjarmerande ut, men er det nokon av lesarane mine som bur i paris(eller london!) som kunne tenkt seg å gjera meg ei tjeneste? for akkurat no lengtar eg sånn til paris, og det ser ikkje ut til at eg får komt meg dit før eg flyttar dit i februar, og akkurat no skulle eg ha hoppa på eit fly berre for å kjøpa ein boks med makronar på ladurée. så det er det eg lurer på. om nokon vil vera så snille at dei faktisk gjer det, kjøper ein boks med makronar og sender dei i posten så snart dei er kjøpt(putalar sjølvsagt for makronar og porto og litt til!). om du vil, send ein mail til mariell.oyre(at)gmail.com. de andre vil sjølvsagt bli oppdaterte undervegs.

om du fekk velga akkurat kva som helst som kunne dumpa ned i postkassa, kva skulle det vore?


i'm trying to get someone to purchase a box of macarons from ladurée and send them to me in the mail(i will pay, of course).

om håret.

new hair.
i dag var eg hos frisør for første gong på nesten seks år, og ingen hjartebank, ingen klamme håndflater, ingen hyperventilering, ikkje eingang under klippinga. berre litt spenning i augene i ei heilt ny verd som heiter frisørsalong(frisørsalong som kun brukar økologiske produkt som luktar fantastisk godt og ikkje svir i hovudet). han der fine kom innom innimellom for å passa på meg, men eg hadde det superfint. fekk pukka-te(som eg elskar), frukt og fine magasin og fantastisk hodebunnsmassasje på vegen. eg følte meg så tatt vare på og fin og syns at eg sjølv er himla rar som har unngått frisørar så lenge. etter to timar gjekk eg ut av salongen med posen full av fine økologiske produkt og den følelsen eg alltid har lengta etter å sitta igjen med etter frisørpusøk. <3

og sånn ser eg ut:
new hair.
new hair.
new hair.
new hair.
new hair.
new hair.
fin og glad. ih!!!! eg er hårrusa. det blir nok ein fin kveld.

til dei som lurer om salongen eg var på:
balanzera
sofienberggt. 2B
tlf 22 04 11 66



today i went to the hairdresser for the first time in six years and i. am. so. pleased.

spennande spennande spennande.

okei, så eg sa at de skulle få vita noko om magasin denne veka. og det som skjer er: det kjem eit nytt nummer i november, og eg har allereie så himla mange flotte fine folk med på laget som de kjem til å elska. alt er litt hemmelig enda, men eg treng inderlig å få mail og kommentarar med tips om folk som er flinke til å skriva, helst litt lengre tekstar, folk som er flinke til å fotografera, teikna, folk som kan vera interessante å intervjua, folk som har spesielle interesser, folk som de har lyst til å vita meir om/sjå meir av.  snart kjem eg med ei lita liste navn som eg veit de kjem til å bli glade for, så til da kan de berre kryssa fingrane for at det blir bra!

eg treng óg: fire-fem personar som vil vera med på eit eingangskameraprosjekt. dei som skal vera med står sjølv for utgiftene med sjølve eingangskameraet(eg står for framkalling). dette gjer eg fordi dei fleste som var med på det forrige prosjektet dreit godt i det og sendte aldri kameraa tilbake(noko som sjølvsagt var kjipt). om du tar fine bilder og har ein hundrings til overs, send ein mail med ein liten søknad og gjerne nokre bilder du har tatt(og ikkje ver redd for å senda meg mail, eg elskar å få dei sjølv om eg kan vera supertreig med å svara). eg veit ikkje korleis det blir med kreditering, det kan bli komplisert, men me finn nok ut av det.

nummer to blir med mange fleire sider og kjem til å bli gitt ut i eit mindre opplag, så det blir mindre magasin og meir kamp om dei eksemplara som finst. det blir spennande. spennande spennande spennande.

send mail til mariell.oyre(at)gmail.com

eg vil at når ein blar om sidene skal ein kjenna det sånn i magen:
the story of june davis. (part one)ribbons & bows final
bileta er linka

kva tenkjer de?



my magazine number two is coming out this fall, in november, and i am super exited about it. i have a lot of exciting people already on the team, but i need more and that is something i need your help to do. if you know any great photographers, illustrators, graphic designers, or just someone who is lovely, mail me at mariell.oyre(at)gmail.com.


my first crush.



finaste. videoen. nokon gong.


the cutest video ever.

bjerregaards gt.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
i går gjekk eg opp på sankthanshaugen for å snakka om viktige ting og drikka raudvin.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
med heidi, kval.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
med caroline, actionfilm. kval & actionfilm.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
dei laga ein slags smuldrepai som var sinnsjukt ute av denne galaksen-god.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
og dei hadde det himla fint på romma sine. heidi likar fisk og kjolar.

a very nice meeting/kval&actionfilm.a very nice meeting/kval&actionfilm.
og på caroline sitt rom var det mange masker som mormora til caroline har laga.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
me såg på flaumorsomme ting på internett.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
og eg beundra rosettane i taket.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
og me snakka om viktige og mindre viktige ting, som gutar og å vera fotgjengar.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
dei hadde på seg matchande sokkar.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
caroline er illustratør/grafisk designer og teiknar så himla fint og noko av det får henga på veggen.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
og meg i spegelen sin.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
med min nye kjole på. den kjøpte eg i går på frøken dianas salonger i markveien og er min nye favoritt. alle eg har møtt sidan eg kjøpte den syns den er superfin óg, og det er jo alltid eit pluss.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
så var den kvelden over sjølv om ein skulle hatt fire fleire flasker raudvin og mange timar til. fine jenter, altså. fine jenter.


hadde de fine søndagskveldar?


yesterday i visited kval&actionfilm, we drank red wine and ate cake and discussed important and not so important things.

om hår.

last days of summer in the country.a taste of julya sunday in october

eg er redd for frisørar.  mange innlegg har blitt dedikert til hår her på bloggen, eg har spurt om tips til kva farge eg hadde passa og om nokon har tips til fine frisørar men eg har alltid vore for redd til å legga håret mitt i ein frisør sine hender. eg har ikkje vore hos ein sidan før eg konfirmerte meg, nesten seks år, og sidan har håret mitt blitt klipt med alle rare sakser som finst, helst på fest og aldri hos nokon som kan noko som helst om å klippa hår(mest meg sjølv). men no, folkens. no har eg endelig funne ein salong som eg stolar på og der dei virkar som himla fine folk som bryr seg om folka og ikkje berre håret. på onsdag skal eg setta meg i ein frisørstol og forhåpentligvis overkomma frisørskrekken min på berre eit par timar og eg håpar det blir himla fint. så veit de det, liksom litt action, også er det fint om de sender hundrevis av fine hårtankar min veg.


on wednesday i am going to a hairdresser for the first time in almost six years. i am very scared but i think it will be alright. they seem like good people.

om ein søndag er ein dårlig søndag kan ein.



skriva postkort til bestemødrene sine og andre fine folk som blir glad for postkort.

sjå favorittfilmane sine på vhs, eller lata som om det er vhs i alle fall, ha noko fint i eit glas eller ein kopp og ha teppe til(om det egentlig er for varmt for teppe kan ein ha ei vifte i tillegg, berre for å få feelingen liksom)

setta på favorittmusikken sin og rydda, for ein blir glad av å ha det fint rundt seg.

ha piknik i hagen eller i ein park og ta med eit fint magasin som gjer ein glad. (apropos magasin har eg spennande nyhende som kjem denne veka og det kan de jo tenka og lura litt på)

klippa ut fine bilder fra magasin og lima dei inn i ei bok så ein kan ta det fram og sjå på når ein har ein litt dårlig dag og kjenna at hjartet blir litt mindre tungt.

lasta ned og sjå heile første sesongen av glee eller ein anna fin serie ein likar og som gjer ein glad(eg ser for tida dexter, og elskar elskar det).

fylla inn fine ting som skal skje framover i ei planleggingsbok.

legga opp ting ein ikkje treng lenger for salg, til dømes på etsy(det skal i alle fall eg gjera i veka som kjem) og planlegga å kjøpa noko skikkelig fint for pengane ein tjenar.

skriva lister over ting som gjer ein glad. skriv og skriv til du har kanskje hundre. her er mi kjappe liste:

1. å ha det lille sekundet med innsikt der ein faktisk er stolt av seg sjølv og alt ein har oppnådd, og ser seg sjølv for det ein er.

2. å snakka med snille politifolk som ikkje vil anna enn å hjelpa og visa at dei er der om det skulle vera noko.

3. når restaurantar i oslo beskriver seg sjølv som "solfylte" sjølv om det er storm og regnar.

4. smirnoff ice i plastbeger når ein har drukke øl fra boks i to veker i strekk.

5. å føla seg voksen fordi ein kjøper heinz-ketchup
.


andre tips?



(til adelaide som har ein dårlig dag og til alle andre som treng det. suss)


if you're having a really bad sunday i have some ideas for you: write your grandmother(s) postcards(or someone else).  watch your favorite films on vhs(or on dvd, but pretend it's vhs anyway). clean your house to your favorite music because everyone in a bad mood needs to have a nice environment. picnic in your backyard with magazines or a nice book. download the first season of glee and watch watch watch it. write down nice things to come in your day planner. photograph and sell things you no longer want or need on for example etsy and plan to save the money for something you really want. make lists of things that make you happy (for example: 1. being able to see yourself for what you really are, if only for a split second, and being proud of everything you've accomplished and done. 2. talking to nice policepeople. 3. when restaurants define themselves as "sunny" even though it's pouring down. 4. smirnoff ice in plastic cups when all you've been drinking for two weeks is beer from cans. 5. feeling like a grown up because you choose heinz ketchup)

ein dag som kunne ha blitt veldig fin.

it could have been a nice day.
i går våkna eg i ganske så fint humør og fekk med meg han der fine til janne og fredrik for å drikka te.

it could have been a nice day.
eg hadde med meg fire posar assorterte pukka-te. elskar elskar elskar pukka.

it could have been a nice day.
og me åt kjeks.

it could have been a nice day.
og ingen sat i sofaen som voksne folk gjer. dei har fått det så himla fint i leiligheten sin:

it could have been a nice day.
it could have been a nice day.
it could have been a nice day.it could have been a nice day.
it could have been a nice day.
<3 vil vera der masse.

it could have been a nice day.
så gjekk eg til blomstertorget(etter han der fine hadde reist til hamar for helga) for å kjøpa blomster, kjøpte tre stykk for nittini kroner og på trikken heim vart lommeboka mi stjelt.

ingen lommebok, ingen visa-kort, ingen trikkekort(som var heilt nytt), ingen nihundre kroner i kontantar, ingen kortnøkkel til bygget mitt, ingen bysykkelkort. ingen fine kvitteringar og bilder. hjartet mitt berre sprakk, og etter eg hadde ringt visa for å sperra kortet mitt berre grein eg. i timesvis. på telefonen til pappa og til tv'en. så ekkelt at ein person har åpna veska mi og tatt lommeboka mi, at fødselsnummeret mitt, det einaste som er berre berre meg her i verda, ligg i nokon andre sine hender.

han der fine kom heim med eit tidlig tog og laga egg og bacon til frukost. han er bedre enn meg på sånt. no skal me kjøpa ny lommebok til meg(akkurat no er det ein raud konvolutt med pengelappar oppi), og berre vera glad for at eg har alle lemmar og at han ikkje tok leppestiften eller lakrisen min.


yesterday i woke up in a wonderful mood and i took my boyfriend with me to fredrik and janne's apartment where they had made it their own after our day at ikea. we ate cookies and drank pukka tea. then my boyfriend left for the weekend and i went to buy flowers, and on the tram home someone stole my wallet. the rest of the evening was spent crying and watching tv, my boyfriend came home this morning and now we're going to get me a new wallet and be happy that the perp didn't take my lipstick or my box of licorice. and that i'm ok after all.

ikea-kjærleik i to delar.


okei, så de veit den scena i 500 days of summer der dei spring rundt på ikea og latar som om dei bur der? vel, i går var me på ikea og gjorde det samme:

i heart ikea.i heart ikea.
i heart ikea.
i heart ikea.
i heart ikea.
i heart ikea.
i heart ikea.

&:
i heart ikea.
å våkna i nytt sengetøy med hylleblomstdrikk på pyttesmå boksar i kjøleskapet er noko av det beste som finst.


yesterday we went to ikea and pretended, like in 500 days of summer, to live there. today i woke up in new sheets and with elderberry drinks in my fridge. <3

ofw.

ofw.
i går gjekk julie på catwalken på oslo fashion week for første gong og eg følte meg som ei stolt modellmamma, hadde gåsehud mens ho gjekk. så. himla. fin.

ofw.
etterpå åt me middag og gjekk heim til janne og fredrik for å drikka vin. janne var så utrulig fin i marc by marc jacobs-kjolen sin.

ofw.
og han var fin som vanlig.

ofw.
sara satt på orgelet med sangbøkene. fredrik har til informasjon den største samlinga av glas eg har sett i mitt liv.

ofw.
fina fina fina.

ofw.
me sølte på bordet som vanlig. så var det visningar, barnevisningen var heilt fantastisk men hovudvisningen fekk eg ikkje med meg for eg var så sliten at eg sov. etter visningen kom dei andre heim og me gjekk på fugazi, der etterfesten skulle vera, det var det kjedeligaste eg har vore med på så me gjekk heller på tekehtopa for å ha det fint.

ofw.
han der fine var anti-alkohol og drakk juice med sugerør. (og smugåt kjeks han hadde i veska) me var i superhumør for han der fine hadde nettopp spurt fredrik om å vera forlover.

ofw.
<3 (eg er så glad for at han her bur i oslo no at at at.)

ofw.
fine rosettar i taket. det har fredrik og janne i sin nye leilighet óg, eg er sjukelig sjalu.

ofw.
ofw.
janne var uklar i kantane som vanlig, men glad.

ofw.
og han óg.

ofw.
og eg hadde regnhår og drakk eit usedvanlig fruktig glas kvitvin. me snakka om bryllup og babyar og heilt useriøse ting som me pleier. elskar.

har de hatt det fint i det siste? føler at eg har forlatt lesarane mine litt, og det kan ein ikkje ha noko av.


yesterday: started with oslo fashion week show for the young designers, where my friend julie walked for two of the designers, i was so incredibly proud. then: wine, fam irvoll's shows and more wine. and a whole lot of wedding talk.

bergens tidende.

Untitled_Panorama1

her er teksten eg skreiv for bergens tidende for eit par veker sidan. no har eg scanna den, så de alle kan få sjå! berre trykk på bildet og les les les. og sei gjerne kva de tykkjer.


i wrote a text for a newspaper a few weeks ago and i finally got to scan it for you. unfortunately in norwegian!

den lengste tysdagen på veldig lenge.

longest day of my life.
dagen i går starta med fine fine marte. eg, ho og han der fine drakk kaffe på chillout i markveien.

longest day of my life.
eg fekk frappe, ho fekk mocca. me snakka om glasmanetar og at fiskar har følelsar.

longest day of my life.
og ho hadde fine knestrømper på.

longest day of my life.
så gjekk me på vintageshopping rundtomkring, eg fann ingenting men han der fine fant alt.

longest day of my life.
og til maritaputikken for å rota i kassar.

longest day of my life.
og ein eller annan stad på vegen møtte me på mariel som hang seg på oss ei stund. det var så himlafint, for eg hadde sakna ho.

longest day of my life.
maritaputikken.

longest day of my life.
han der fine fekk seg ny sløyfe.

longest day of my life.
så gjekk me heim for å gjera ingenting og laga middag. eg laga pannekaker med suksess for fyrste gong i mitt liv, beste oppskrifta.

longest day of my life.
så kom fredrik med acnekjærleik i ein pose.

longest day of my life.
salat + fylte pannekaker. med champignon, gulrot, lauk og creme fraiche.

longest day of my life.
etter middag drakk me screwdrivers og snakka om nye venner og ambisjonar.

longest day of my life.
han der fine hadde happy socks på.

longest day of my life.
<3

longest day of my life.
så kom fine sara som eg hadde sakna så så så masse.

longest day of my life.
me shotta alt me hadde igjen i mine fantastiske shotteglas.

longest day of my life.
og gjekk ut. sara og fredrik dansa fra the wizard of oz heile vegen til trikken.

longest day of my life.
og inn på luna park.

longest day of my life.longest day of my life.
longest day of my life.
longest day of my life.longest day of my life.
der møtte me opp janne, drakk øl og kosa og snakka om kor mykje me elskar oslo.

longest day of my life.
plutselig hadde me tatt t-bana og komt oss inn i ølteltet på blindern.

longest day of my life.
der drakk me meir øl, men dei stengte nesten med ein gang. men før den tid spelte dei don't stop believin' og ALLE sang med og det var heilt fantastisk.

longest day of my life.
da var det vidare til uglebo.

longest day of my life.
på doen der hadde dei finaste doane, ein kunne stå i timesvis og lesa på veggane der. åh. elskar sånt.

longest day of my life.
vips kom åslaug og da var me fire rødhåra rundt bordet.

longest day of my life.
sara var glad og eg er glad i sara.

longest day of my life.
fredrik irriterte seg over dj-en i ein time for ho sa ja til alt han spurte om men spelte aldri noko av det. robyn og smiths for eksempel.

longest day of my life.
og eg var óg himla glad, gladare enn på lenge.

longest day of my life.
fredrik + mitt hår.

longest day of my life.
<3

longest day of my life.
da var klokka masse og veska mi var full av ein skog.

longest day of my life.
så tok me t-bana og kom oss heim.

no er det fashion week og i dag har julie gått på catwalken og eg fekk gåsehud av å sjå ho. <3 <3 <3 <3 <3



yesterday was the longest day of my life, as you can see.

fint på internett.

fudgefeb5fudgejan4fudgemarch3

vvshu
for meg som til tider likar asiatiske magasin bedre enn europeiske, er denne nettsida berre så himla fantastisk. ein kan sjå gjennom heile magasin, berre bla i evighetar utan at det kostar ei krone. spesielt fudge, som desse bileta er fra. ein av mine absolutte favorittar.


cupcakes.aicupcakes.aicupcakes.ai
ming makes cupcakes
åh. tenk om ein fekk ha ein cupcakekokk heime hjå seg som laga éi cupcake til dessert kvar einaste dag. her er det i alle fall ein del fine oppskrifter så ein kan prøva sjølv.


Bilde 1Bilde 4
ph: susannah benjamin

telegram
"a curated & emotional view on fashion and culture" skriv dei sjølv, og det er veldig sant. nettmagasinet til vs. magazine, der ein kan sitta i timevis og suga til seg inspirasjon og sjå fantastisk mykje fine filmtrailarar og kortfilmar og editorials.

har de internettskattar å dela?

translation
three of my internet hangouts as of late.

ein perfekt søndag.

perfect sunday.
i går våkna eg av at fredrik og janne kom stormande inn i leiligheten. no bur fredrik her i oslo. <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 det gjer meg så himla glad.

perfect sunday.
eira har sove på golvet hjå oss i fleire dagar og vart med på ryes.

perfect sunday.
der delte me(eg og eira) ein pistasjmilkshake. så. himla. god.

perfect sunday.
julie var der og var i eit fint humør, som de ser.

perfect sunday.
om ein skal ha mat får ein sånne fine kort med damer på.

perfect sunday.
etterpå gjekk me på birkelunden, der eg og han der fine kjøpte ei blå kasserolle fra himmelen.

perfect sunday.
så gjekk me heim og eg laga middag. salat.

perfect sunday.
+ ovnspannekake med lauk. så himla god, og himla mykje anna ein kan gjera med sånne ovnspannekaker.

perfect sunday.
mums. så vaska eg og rydda heile leiligheten og det var skjønt å endelig føla at ein har komme heilt tilbake.

(okei, oppskrift:
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
6 dl mjølk
3 egg
2 lauk
2 raudlauk
1 purrelauk
finstrimla skal av ein halv sitron eller appelsin
olje, salt, pepper

sett ovnen på 200 grader bland: mjøl, salt(ca ei halv teskjei) og bakepulver. hell oppi mjølka(burde vera lett eller heilmjølk, ellers har den vanskelig for å stivna i ovnen) og egga og visp. hakk opp lauken, raudlauk og lauk i båtar og purrelauken i skiver. steik lauken mjuk i olje. smør ei langpanne(eller ei kakeform, som me gjorde). ha oppi lauken og røra og steik i ovnen i 20 minutt)


perfect sunday.
kveldsmat: knekkebrød med brunost. elskar elskar det. følast som å sitta på kjøkkenbenken medan pappa lagar mat.

perfect sunday.
så fekk me pusøk med fine sokkar.

perfect sunday.
janne + fredrik som kom for å sjå film.

perfect sunday.
og drikka te. me såg bridget jones på randen og lo. og snakka meir om kor fantastisk det er at fredrik bur i oslo no.

perfect sunday.
så åt eg og han der fine appelsiner og såg beck på tv2 sumo. himla finast søndagen.

hadde de fine søndagar?


my wonderful sunday.

i postkassa.

eg får så himla mykje fint i posten fra dei finaste lesarane i verda. her er eit lite utval:

things i get from my readers.
ein muffin!

things i get from my readers.
fylt med øyredobbar og pins. så himla fint.

things i get from my readers.
eit heimelaga hårband som eg har gått masse med.

things i get from my readers.
ei elefant-vasskanne så eg kan kjøpa potteplanter og ikkje berre bukett. <3

things i get from my readers.
ei himlafin sløyfe i ein boks. snart skal den få bli fin hovudpynt.

tusen takk, alle saman. de anar ikkje kor mykje det hjelper på tunge dagar å få sånt nydelig i posten. suss.


things i received in the mail from my readers recently.

ein dag utan føter.

torsdag, rett etter me hadde komme heim, skulle eg berre rydda litt saker og ting og plutselig var det som om noko pyttelite eksploderte i hælen min, så eg kunne ikkje gå på den. så derfor bestemte eg meg for at eg ikkje skulle utanfor huset i heile går.

a friday off my feet.
han der fine kjøpte cover for meg, eit av mine absolutte favorittmagasin. det irriterar meg at danskar er så mykje flinkare enn nordmenn på magasin.

create avatar
så farga eg håret litt raudare.

a friday off my feet.
han der fine laga middag med raudbetar i. da må ein ha på seg handskar.

a friday off my feet.
så scanna eg hundre bilder og laga frukostblanding. + yoghurt naturell + vannmelon + eple = så. godt. + krim på nrk.

a friday off my feet.
eg og han der fine spelte kort i sikkert to timar.

a friday off my feet.
han tapte tusen gongar men var fin fordét.

a friday off my feet.
og veldig eksperimenterande på kaffefronten.

a friday off my feet.
så mange gongar vann eg. + 3.

a friday off my feet.
og det var den kvelden.

hadde de fine fredagar? eg var så trist for at eg ikkje fekk sett robyn på øya, skal definitivt få billettar til konserten i oktober.


my friday: i tried to stay inside the whole day because i injured my foot the day before, so this is what i did: read magazines, watch my boyfriend make dinner with beets, i made cereal and ate it with yoghurt, watermelon and apple. <3 then we played cards and he lost almost every time.

bakgrunnen.



som de jo alle veit, har eg fått ny bakgrunn ganske nylig, og det var rimelig todelt mellom dei som absolutt hata den nye bakgrunnen og dei som syns den var kjempefin. eg tenkte eg skulle vise fram eit nærbilde av mønsteret så de kan få eit bedre forhold til alt som foregår der; fuglebur, paraplyar, kikkertar(eg latar som om det er eit kaleidoskop), blomar, bier, folk som huskar i husker, waldo, fuglar og anna fint. berre så de veit.


a closeup of my background.

siste dagar i sogn.

last days of summer in the country.
dei siste dagane i sogn har vore eplejus+bris+sitron på papir så ikkje det gamle teak-bordet skal få flekkar.

last days of summer in the country.
og film i stova.

last days of summer in the country.
og pusøk fra pia og oda som kom heilt fra sogndal nesten berre for å sei hei.

last days of summer in the country.
og eta bringebær.

last days of summer in the country.
og mango.

last days of summer in the country.
og plutselig er håret mitt blitt så himla langt at eg nesten ikkje forstår det.

last days of summer in the country.
eg og han der fine har spelt kort i senga med dei finaste korta fra ungarn. dronningane er finast.

last days of summer in the country.
mamma og pappa kom på middag på tirsdag.

last days of summer in the country.
me åt fylte paprika.


last days of summer in the country.
og grønn salat. og masse deilig grillmat.

last days of summer in the country.
og meir bringebær til dessert. dei er store som nasetuppar.

last days of summer in the country.
og hund under bordet.

last days of summer in the country.
og ein svipptur til bestemor som aldri vil forklara korleis ho får den fine vippen i håret.

no er me i oslo etter den kortaste nattbussturen nokon gong, me ryddar og vaskar og opnar post og fiksar og triksar og snart er me tilbake i vanlig oslo-tilstand og det er himla fint.


the last days of summer in the country: pia and oda coming to visit, eating a lot of raspberries and other good foods, my parents came for a bbq and fell in love with the puppy, i went to visit my grandmother and now we're finally finally back in oslo.

word.


101 ting som får meg til å stå opp om morgonen.

1. når eg sit på loftet hos mamma og pappa og kan høyra kven som kjem opp trappa på måten dei går på.

2. at eg kjenner igjen dei aller fleste vennene mine på hendene deira.

3. å diskutera og vera uenig med nokon om noko som faktisk er fakta også slår me opp i leksikon og eg har rett.

4. å stempla ting og folk og å tatovera folk med fargerike tusjar.

5. å skriva C på hånda for at eg skal bli flinkare å ringa christine.

6. når sennep er så sterk at ein får vondt i nasen av å eta det.

7. når nokon har ein fin idé og deler den så eg kan komma med masse innspel og gleda meg veldig på vedkommande sine vegne til dei skal realisera det.

8. når nokon spør meg om noko eg er skikkelig flink på.

9. når eg putalar rekningar før frista går ut.

10. å leva på hundre kroner dagen(femti kroner per hovud). det er så mykje meir spennande enn å berre kjøpa akkurat det ein vil ha i putikken.

11. å vaska opp og ha nokon ved sidan av seg som tørkar.

12. når folk et kake med hendene på fest.

13. når mamma gjer snabelspissmus-ansikt.

14. å vera hos bestemor og ho er så glad for å sjå meg at ho går fram og tilbake fra kjøkenet og det er enkelt for kjøkenet har to dører så ho går rundt og rundt men blir faktisk aldri svimmel.

15. å kjøpa ferske urter og berre rista på hovudet av prisane i noreg for det burde jo vera billigare når det er så stor forskjell.

Happiness hit her.

16. når ein leverer film til framkalling og ein seier "kun framkalling, ingen kopiar" og ho bak kassa seier "ja, veit det" for eg har sagt det så mange gongar før.

17. å eta pasta til frukost.

18. å læra mamma og pappa nye ting.

19. å læra nye ting av femåringar.

20. når kjærestepar har faste plassar ved bordet og i senga.

21. å drikka melk rett fra kartongen.

22. når eg og han der fine må springa heim for poirot begynnar om tre minutt og det er søndag og det er det me gjer på søndagar.

23. å få ligga i ei seng med sengehimmel og hugsa at det var alt ein ønska seg då ein var elleve når det ein ville mest var å bli interiørarkitekt.

24. å tygga inn i det ein trur skal vera ein vanlig bolle men den er fylt med vaniljekrem og ein må eta den med augene igjen.

25. å våkna etter ein fest med fire stk på golvet og når ein snur seg mot dei andre så er det nokon som har våkna som mimar god morgon for å ikkje vekka nokon andre, også legg ein seg til å sova eit par timar igjen.

26. små jenter med skrubbsår på knea.

27. små gutar med rosa skjerf.

28. å sitta ved eit bord med nokon og på andre sida har ein person ei avis og finn ein quiz og stiller spørsmål og ein kan alle svara men berre fordi alle svara står opp-ned og det hadde ingen tenkt på.

29. når små gutar skriv ønskelister for purstagen sin og øverst står det "SYKEL" i snirklete bokstavar.

30. at eg og han der fine har felles økonomi men framleis blir superglade når me spanderar ting på kvarandre.



31. når pappa har med flagg i bilen når han hentar meg på bussen.

32. når gutar har fine sko på men ingen sokkar og ein ser for seg at ein gløymte igjen sokkane sine mellom madrassene i ei jenteseng og ho søv framleis med lilla lepper og drøymer om kvelden før.

33. å laga girlander.

34. å pakka inn purstagsgåver og skriva fine kort til, for det er så få som gjer det lenger, det er så ofte pengar eller usentimentale ting.

35. når ein har langhelg og trur det er søndag på laurdag men plutseleg finn ut at ein kan vera oppe lenge og drikka så mykje raudvin ein berre vil, også gjer ein det.

36. å vera skikkelig fattiglus også finna litt pengar i lomma på ei jakke ein ikkje har brukt på lenge pluss panteflasker også kjøpa mat for akkurat nøyaktig på krona.

37. når ein er i stort selskap og det er buffet og bordet ditt får lov til å gå først for å finna seg mat.

38. sørlandschips som er heilt krøllete.

39. å bretta origamikjolar med hemmelige beskjedar oppi eller berre vonde ord som ingen nokon gong kjem til å finna for ingen øydelegg vel ein origamikjole.

40. å gå tur i heimbygda når det er midt på natta og ein føler at ein er dei einaste personane i verda som eksisterar.

41. å vera skikkelig forelska også laga deg sjølv og han/ho du er forelska i på sims også blir dei fort forelska og får nydelege ungar.

42. å ta på seg truser og strømpebukser som kjem rett fra tørketrommelen.

43. å kjøpa ny tannbørste.

44. når ein får til å laga mat som lignar veldig på sånn det ser ut i kokeboka.

45. å få latterkrampe av noko på eit bibliotek eller museum og holda hånda så hardt framfor ansiktet at ein nesten ikkje får pusta.



46. når ein har hatt fest og det står igjen éin type av alle typar øl og cider igjen i kjøleskapet og ein kan invitera til fest berre på ting ein har fra før.

47. å ha morgonar som varar til langt ut på dagen med kryssord i senga, pizza fra kvelden før, kald appelsinjuice og fem koppar te.

48. å sei til ein venn at ho/han har noko mellom tennene og føla seg som ein ålreit person.

49. stein, saks, papir.

50. å læra nye drikkeleikar.

51. cola på glasflaske.

52. cola på boks.

53. å gi vekk det siste dropset/den siste tyggisen og føla at ein har vokst som menneske sidan ein var kanskje tolv.

54. folk som berre ristar når dei ler og ikkje lagar lyd.

55. plastelina.

56. når folk ser rarfine ut i badehetter.

57. bilder av bestemor då ho var på min alder og når ho fortel om korleis det var og om bestefar.

58. å sitta inni bilen når den blir vaska i bilvasken.

59. å finna leiker pappa hadde då han var liten.

60. å sei prosit når nokon på trikken eller i heisen nys.

what i bring to you for 2010.

61. å sjå film med nokon som snakkar til filmen "nei, ikkje gjer det!" "han står rett bak døra!!!".

62. å ha sex ute.

63. å ha venner som ikkje likar det gule i skulebollane og føla at ein derfor er skapt for kvarandre.

64. å ha purstag på ein fredag eller ein laurdag.

65. å ha purstag på ein søndag men feira på dagen likevel.

67. å ringa ein venn etter ein fest som varte heile natta og sei "hugsar du når ho knuste blomsterpotta og han skreik som ei lita jente også når me hoppa i senga til ho som eg ikkje hugsar kva heiter?"

68. å bruka "sist brukte"-lista over folk eg har sendt tekstmeldingar til som eit måleinstrument som bestemmer om eg er flink nok til å holda kontakten med vennene mine.

69. å sitta i stolen på norli på oslo city og lesa ei bok ein har med seg når ein ventar på at filmen skal bli ferdig framkalla også vera litt nervøs når ein går fordi dei kanskje kan tru at ein prøver å stjela ei bok.

70. å ha problem med å sova heime fordi ein har blitt så vant til å høyra sirener og folk som skrik og elva heile natta lang.

71. bobleplast.

72. når ein ikkje kjem på kva han der skuespelaren heiter mens ein et middag med nokon andre og ein kjem på det to dagar etterpå og sender melding og den andre personen skriv "JA!!!!"

73. museumsputikkar.

74. å sitta på med ein bil og rulla glaset heilt ned og ha armen ut og berre kjenna på vinden.



75. når ein venn prøver å læra deg noko som ein lærte vekk til dei for berre ei veke sidan.

76. når ein er på restaurant og personen ein er med ser maten komma og liksom inhalerar og gjer seg klar for å eta.

77. å få noko fint av ein venn fordi ein har navnedag sjølv om ein ikkje visste det sjølv.

78. å ringa til ein take out-plass og sei at maten er heilt fantastisk og høyra at det er ganske få som gjer det og at dei vart så glade at dei ikkje veit kva dei skal sei.

79. å kjøpa ein kjole også etter ein har hatt den på kanskje tre gongar finn ein ut at den har lommer.

80. rett før ein skal reisa ein plass og ein står i køen på gardermoen med ganske mange personar og ein ser på passbilda til kvarandre og ler av kor annleis det går an å bli av så kort tid og av at nokon kanskje aldri kjem til å forandra seg.

81. når pappa sender melding til meg ein gang i månaden eller så, kvar gong klokka 23:04 der det kanskje kun står "23.04" fordi eg har purstag 23. april.

82. å sova litt midt på dagen fordi ein veit at det kjem til å bli ei lang natt.

84. når femten år gamle jenter brukar eit vanskelig ord heilt feil og ein ikkje vil sei det til dei for det er så sjarmerande.

85. å lesa gjennom tekstmeldingar ein har lagra for lenge sidan.

86. ting med borrelås.

87. når erlend loe har skrive nye bøker utan at eg har fått det med meg og eg brukar dei siste kronene mine på boka og køyrer trikk rundt og rundt heilt til boka er tom og middagen er kald.

88. å kjøpa napoleonskake og skrape vekk mesteparten av kremen for ein toler ikkje krem så godt og eta den som ei flat pannekake og bli kvalm likevel.

89. å sminka seg med nokon andre sin sminkepung og føla seg som om ein er elleve år igjen, desperat etter å sminka seg som dei i sjuende men heilt utan ferdigheitene.

Things...

90. gamle menneske som har vakse opp så lenge ilag at dei lignar på kvarandre.

91. når ungar syng paprika paprika istadenfor afrika afrika.

92. lukta av kanelsnurrar.

93. når kvalpar ikkje heilt kan springa enda så dei meir hoppar bortetter som om dei hadde hoppestokk i føtene.

94. å sjå eit ord på eit anna språk og forstå det.

95. klementiner.

96. å høyra ein ny sang som får deg til å grina.

97. lunsjavtalar.

98. å gi vekk ting ein er kjempeglad i.

99. å få eta alt ein vil når ein er sjuk.

100. å kjenna nokon godt nok til å sei "no syns du berre synd i deg sjølv. get over it. kom deg opp av sofaen og drikk ei øl".

101. å ta buss tilbake til oslo etter ein månad utanfor byen.


klarar du å finna 101?



101 things that make me get out of bed in the morning. including: pasta for breakfast, old couples who look like eachother, lunch dates, giving away things i love, paying bills before they're due, drinking milk straight from the box, bubble wrap, sex outside, sleeping in the middle of the day because someone's throwing a party, eating everything i want when i have the flu, cinnabons.

hundepassar.





eg er hundepassaren. eg les ei side i boka, er hundepassar, malar ein glaskarm, er hundepassar, lagar lunsj til meg og han der fine, er hundepassar, bloggar, er hundepassar, søv, er hundepassar. men tenk kor himla fint å få vera rundt eit sånt garnnøste heile dagen lang. eg og balder er bestekompisar, og han syns at photo booth er noko av det morsommaste. i dag kjem mamma og pappa og søster på grilling hit, og i morgon reiser me på ein buss til oslo. som eg gler meg til å blogga om park og vin og fersk mynte igjen. men eg kjem nok til å sakna balder himla mykje.


i'm with the dog. all day long. but who would mind, with a pretty face like that?

current obsessions.


gemma correll sine bilder. så fine og naivistiske og morsomme.


the smiths. ikkje at eg ikkje har elska dei før, men det er noko med sommar og smiths.


bryllupsplanlegging. her representert av ei kake.


bilder av føtter. noko av det finaste å ta bilder av, syns eg. eller ofte.


heimelaga iste. med mynte eller med vassmelon. åh.


heimelaga frukostblanding. med yoghurt naturell og fersk frukt til frukost. åh. åh. åh. (oppskrift kjem snart)


drinkar. oppskrifter og bilder av og tankar om. det er mitt 2010/2011-mål. å bli flink til å miksa drinkar.

kva er dine?


my current obsessions: gemma correll's illustrations, the smiths, wedding planning, pictures of shoes and feet, iced tea, home made cereal and drinks.

the virgin suicides.

the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.Bilde 22
the virgin suicides.
the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.Bilde 24the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.the virgin suicides.

the virgin suicides, min absolutte favorittfilm når eg tenkjer meg om. eg kan sjå den fleire gonger på éin dag og aldri gå lei. åh. ein føler det som om ein får lov til å sjå gjennom ein tynn kikkert og inn i ei verd ein ikkje høyrer til i men som er så fascinerande likevel. dei fem søstrene lisbon som er så samansveisa som eit garnnøste og som går litt etter litt i oppløysning ettersom jentene gjer det. sofia coppola er min favorittregissør og kirsten dunst topp fem skuespelarar. trip fontaine som er den kjekkaste og kulaste high school-guten etter danny zuko i grease.

eg las boka først, av jeffrey eugenides, og den er óg fantastisk men ikkje meir enn filmen. om eg ikkje har sagt det før så elskar eg virgin suicides og alle må sjå den, for den er så vidunderlig vakker på så så så mange måtar(og ingen kan forstå det før ein har sett den). sofia coppola er ei gudinne, eg berre seier det.

i natt skal eg og han der fine sjå den og eta popcorn i senga og etterpå er me like numne og inspirerte som sist gong.

til dei som lurer på kvar eg finn desse bileta; eg tar dei sjølv. eg spelar av filmen i vlc, også tar eg skjermbilder berre. enkelt og greit. tar typ hundre under kvar film og spolar fram og tilbake som ein galning for å få dei finaste bildene.



i <3 the virgin suicides.

den finaste matbloggen.







fine kaker og deilige drinkar og prikkete dukar i alle slags fargar. det er min type matblogg, det. eat make read.  kjærleik på så mange nivå.


my new favorite food blog:
eat make read.

brunsj&butterdeig&oppskrift.

i dag hadde me trine marie + kjæreste på brunsj. da er det fint å laga noko som er litt ekstra, som ein ikkje et til frukost kvar dag, som til dømes frukostmuffins. du treng:

butterdeig
grønnsaker du likar
(eg brukte raudlauk, paprika og gulrot)
fire egg
fløyte eller creme fraiche
melk
ost
salt og pepper


brunch.
eg brukar ei sånn fin muffinsform, det er veldig enkelt og greit. eg trur ikkje dei er så dyre heller. om ein ikkje har trur eg det går fint med sånne metallformer ein brukar til sandkaker. uansett, først må ein olja forma(sjølv om det er teflon). du skal så pressa deigen til å passa nedi formene. eg laga butterdeigen sjølv etter ei oppskrift på internett(veldig enkelt!), men det går fint an å bruka sånne plater som finst i frysedisken.

brunch.
fyll oppi dei grønnsakene ein vil. det er godt med: paprika, raudlauk, gulrot, purre, ananas, litt mais, ja. og kanskje fetaost, det trur eg er fantastisk. spinat. alt ein vil ha heilt enkelt, men ikkje typ tomat for det blir så mykje væske at butterdeigen blir ødelagt.

brunch.
visp(til ni muffins) fire egg med ein splæsj fløyte eller creme fraiche og ein splæsj mjølk pluss salt og peppar, og visp med ein fin visp.

brunch.
fyll oppi nesten til toppen.

brunch.
og litt ost på det.

brunch.
så steikar ein dei midt i ovnen på 225 grader til dei ser sånn ut. bruk ein smørkniv til å løsna butterdeigen fra forma etter den har fått kjølt av seg litt.

brunch.
om ein et dei til middag er dei nok veldig gode med litt salat til, til dømes. bon apetit!

har de ete noko nytt og spennande i det siste?


today my best friend and her boyfriend came for brunch and i made these muffins. so. good. email me for the recipe!

i morgon.

i morgon må de lova at de kjøper bergens tidende, for eg har nemlig skrive ein tekst til kultur-delen! om sommar og ferie og kvardag. (eg har litt angst for å stå på trykk og merkar eit sug i magen kvar gong eg tenkjer på det, men det er så himla gøy og absolutt noko eg kunne tenka meg å gjera meir av) i natt, når bt-mannen kjem for å levera avisa kjem eg til å venta akkurat til han har snudd og komt rundt svingen også springa så fort eg kan til postkassa og lesa, sjølv om eg har lest den hundre gongar før.

ps: om du bur i oslo kan du få kjøpt bt på narvesen på brugata, over vegen for ark(ikkje den på gunerius).



i have a text out in a norwegian newspaper tomorrow and am extremely anxious but very happy about it.

nokre av dei finaste bøkene.

oslo
sjølv om det er sommar har eg ikkje fått lest så mykje bøker dei siste vekene. tankane har vore meir i bryllup og nasen i bryllupsmagasin, heilt enkelt. så difor tenkte eg å no samla saman bøker eg har skrive om før.

extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer
mi favorittbok i heile verda. om eg fekk berre lesa éi einaste bok om og om igjen heile livet skulle det vera denne. om oscar, ein trist og smart liten gut som leitar etter spor av pappan sin som døde under terrorangrepet 9/11. om kjærleik og spesielle forhold, den åpna hjartet mitt på så mange vis og fekk meg til å grina på måtar eg ikkje visste at eg kunne.

the tent av margaret atwood
ei novellesamling fra himmelen.

popsongar av frode grytten
frode grytten er min helt, og skriv dei finaste novellene eg har lest nokon gong. sender telepatiske sussar til han nesten to gongar i veka.

essays in love av alain de botton
ei merkelig og sprø lita bok om vanskelig kjærleik.

french milk av lucy knisley
ei samling av teikningar og tekst som er så himla fin.

looking for alaska av john green
topp tre bøker som finst. den er så vakker så det finst ikkje eingong ord.

muleum av erlend loe
sårt og morsomt og ekte som berre erlend loe klarar.

how i live now av meg rosoff
denne boka las eg i eit sengehjørne i strekk og var overvelda etterpå.

the perks of being a wallflower av stephen chbosky
<3 <3 <3 <3 <3 <3 les den, berre.

learning to love you more av miranda july & harrell fletcher
kreativt og sprøtt som berre miranda july klarar.

buzz aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av johan harstad
ei sånn bok som ein nesten gir opp halvvegs for det er så mange sider men når ein er ferdig så smiler ein berre og lener hovudet bakover fordi ein ikkje ville at det skulle ta slutt men samtidig er så glad for at ein har fått vore del av eit så fint univers så lenge.

ellers fann eg ut at nokre av favorittbøkene mine faktisk manglar fra bloggen av nokon grunn, så det blir litt bokblogging her framover. resten av bøkene eg har lagt ut kan de sjå her, og eg tar veldig veldig gjerne imot boktips.



some of the books i've written about since i started blogging, just click the links to see(most of them are in english).

one day we're gonna live in paris. i promise. i'm on it.

pistachio raspberry tartangelina's
bileta er linka.

akkurat no er hovudet mitt i paris, og då eg høyrte denne songen for nokre dagar sidan berre silte tårene, liksom. for det er så stort og fantastisk at eg er der om eit halvt år. seks månadar. februar. vår i paris. så her er ei lita speleliste. om de treng å lengta anten til paris eller til 40-talet, den funkar til begge deler. så får de gjerne senda meg songar på spotify óg, om de vil(da trykkjer de berre på der det står hjartesmil, så øverst der igjen står det add hjartesmil, og da trykkjer de på den, for da ligg eg i personlista til høgre og de kan senda musikk til meg)!

om de ikkje har spotify:




a new spotify playlist, i'm thinking a lot about paris and it shows.

bryllup på internett.

eg har leita som ein galning på internett etter dei finaste bryllupssidene. sidan eg ikkje blir inspirert av oppstilte modellar med brudekjolar på, trong eg bilete fra the real deal, ekte bryllup med ekte folk. og her er dei tre finaste eg fann(med masse tips og triks fra bruder som no er koner og fine linkar til stadar på internett og inspirasjon til ulike temabryllup):

once wed



100 layer cake


ruffled


og ein liten snacksbit: tre bilder fra christina hendricks(joan fra mad men) sitt bryllup.



links to the wedding pages i use the most at the moment.

hundedagar&hæjimealæinefestival

den siste veka i lærdal har vore sånn:
festival.
hund. her ved jostein, svoger. dette er forresten mikla. ho har kjempekvasse tenner og er rampete, men er så inderlig skjønn.

festival.
hund.

festival.
hund, her ved ragnhild.

festival.
hund i bur. balder.

festival.
empanadaslaging i ein fei før ladies detective agency no.1. det vart delvis suksess med heimelaga butterdeig. (men den oppskrifta får de ikkje for eg har lova meg sjølv å kun legga ut kjøttlause oppskrifter framover.)

festival.
og eg rakk akkurat å sleika bollen!

festival.
så! reiste dei fleste til fjells, det vart endelig hæjimealæinefestival som sjølvsagt hadde eigen plakat med følgande plan:

1. mufins
2. pæle
3. male
4. bamsespil
5. tiater
6. is
7. film
8. kafé
9. (bilde av ein stein) i elv
10. bade
11. helikåpter

festival.
delegasjonen: bestemor, tante ragnhild, tante mariell, tiril, sigurd, balder, mikla. den første kvelden åt me is og såg aristokattene, min favoritt. dagen etter laga eg og tiril mufins, det gjekk reserfort.

festival.
mufinstanteutensminke-mariell og mufinsmedfintforkle-tiril.

festival.
så leikte me tiater mens muffins vart steikt i ovnen, for sviger/bestemor hadde kjøpt så fine dokker som ein kunne leika med. eg var trollman og litt bestemor.

festival.
så var mufins ferdig, nokre store og nokre små og dei åt me blant anna på kafé. resten av festivalplanen vart stort sett utført plettfritt, og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur.

kva har de drive med den siste veka?
det siste døgnet har vorte brukt på bloggdesign, og å senda avgårde tekst til bergens tidende som skal i trykken på søndag, veldig spennande og fint. om du bur i oslo: dei sel bergens tidende på den narvesen ved brugata(ikkje på gunerius, men den over gata for ark). eg er i alle fall veldig spent på resultatet.


some pictures from a week in lærdal, a whole lot of dogs and playing in the backyard, empanadas for ladies detective agency no.1. then almost all the grown-ups went for a sleepover-hike in the mountains and those of us who stayed behind organized home alone-festival number one. we watched disney films and made muffins and threw rocks into the river.

eg er modig!



slutten på ein epoke. ny bakgrunn(laga av amanda adams) og alt i ferskenfargar, ein av mine favorittfargar. fersken fersken fersken. eg er ganske modig om eg får sei det sjølv. kva seier de? og er teksten enklare å lesa no?


i changed my background and i feel very brave about it.

nytt design, pyttelitt.



nytt design! eller, litt, i og med at eg ikkje tør å endra header eller bakgrunn enda. ny meny, nye fontar og litt anna fint. nye endringar kjem til å komma fortløpande. som vanlig laga for firefox. kva tykkjer de?



i changed my design today! what do you think?

til deg.





eg meinar det faktisk når eg seier at eg har dei beste lesarane som finst. det som kunne blitt ein veldig kjip bloggsommar har blitt ein veldig fin ein, og eg får så himla mange kommentarar fra folk som tar seg tid i feriane sine, i land og utland, til å lesa blogg og legga igjen kommentarar. tusen takk&suss på nasen for det, for det er det ingen som forventar i ferien. eg leser kvar einaste eine lille kommentar og svarar alltid i kommentarfeltet mitt om det er spørsmål om noko. og sidan eg har fått så mange nye lesarar i det siste, tenkte eg at eg skulle gjenta dette. eg syns det er så fint å bli kjent med lesarane mine på den måten, og spørja om ting som ikkje alle andre spør om(og da er jo det ein fin anledning til å få litt inspirasjon til bloggen óg) for da føler eg at eg får tilgang til små lommer i hovuda til folk som ikkje alltid synast. så(med mine svar i parantesar, i tilfelle de lurer);

ein. favorittord?
(eple, sukkerspinn, putetrekk, eufori, blome, kjærleik, berrføtt, ballong, konkylie)
to. favorittplassar på internett? (akkurat no: oncewed.com, etsy.com, ruffledblog.com, 100layercake.com/blog, lovelornunicorn.com)
tre. kva drøymer du oftast om? (sånt som eg er redd for. for tida har eg vore så redd for at eg er sjuk på ulike måtar, til dømes blodpropp, så eg drømte at hendene mine var gjennomsiktige også såg eg ei luftboble inni hånda mi og skreik kjempehøgt og klorte eit hol på hånda mi så bobla skulle komma ut og det gjorde den)
fire. om du fekk eta kun ein einaste ting resten av livet, kva skulle det vore? (jordbær med heilmjølk og sukker.)
fem. kva vil du lesa meir/mindre om her på bloggen? kom gjerne med konkrete innspel eller forslag til ting eg kan skriva om. (vel, her blir eg jo litt partisk men akkurat no hadde det vore fint med litt meir oslo og litt mindre fjell. kanskje meir film, meir bøker, meir mat, meir kvardag. meir alt, haha.)
seks. fortell noko som du trur at andre kanskje syns er litt rart med deg sjølv. (eg taklar ikkje store bokstavar, så derfor skriv eg aldri i word men i textedit, for word ordnar dei små bokstavane til store og da blir eg heilt snurrete i hovudet.)
sju. om du vart sittande i ein heis, kva ville du hatt i sekken og kva ville du ha spurt dei andre i heisen om om det var nokon der? (eg ville hatt med meg ei pustemaskin til når eg hyperventilerte og ei korg med jordbær å dela med dei andre. me skulle ha snakka om kvardagslige ting, middagsmat og butterdeig og fødeavdelingen på ullevål sjukehus. etterpå skulle me gå ut for å eta middag ilag og me skulle lova å skriva brev men me gjorde det aldri.)
åtte. kva skulle du ha tatovert på kroppen din om du skulle gjort det om ein time? ("there is a light and it never goes out"(the smiths), "veritas"(veldig internt, men ja), "i am. i am. i am." (fra the bell jar, ei av mine favorittbøker))
ni. no kan du spørja om det er noko du lurer på! eg veit at det er mange som føler at dei treng ei anledning til å spørja om ting, så no svarar eg i kommentarfeltet til alle som vil ha svar på noko, og til seinare: spør når som helst. eg elskar å vita kva de lurer på.

hurra! eg håpar at mange tar seg tid til å skriva og eg gler meg sånn til å lesa.


some questions for you: your favorite word? your favorite internet hangouts? what do you dream about the most? what would you eat if you could only eat one thing? what do you want to see more or less of on this blog? tell me something you might think others would find odd about you. if you were stuck in an elevator, what would you want to have in your backpack, and what would you talk to the other people there about(if there were any)? what would you have tattooed if you had an appointment in an hour? your turn to ask, if you want to!

stille/sakn.



bileta er linka

i baksetet på ein taxi, eg prøver å lesa dei siste sidene av ei bok og det er dei viktigaste sidene, du veit at det snart er på tide å ta farvel med boka og karakterane som har fått deg til å sitta med globuslys i senga heile natta, med tårer av alle slag i auga og på dynetrekk. i baksetet på ein taxi, og mamma snakkar tysk med sjåføren. hovudet mitt overset alt ho seier til norsk og det blir ein del av historia, ein fullstendig ulogisk del som ikkje skal vera der og da ynskjer eg meg at eg skal få eit headset ein kan setta på høgaste volum i og alt som kjem er stillhet. ikkje den typen stillhet som er heilt heilt stille når ein har øyreproppar på, men den typen når ein sit i ein park, litt vind i treet over som skuggar fint over teppet ein sit på, fuglar som flyg aleine eller saman, luft av svidde pølser nokre dusinmeter unna, folk som ler, folk som kjederøyker sigarettar og kliner bak trerøtter. oslostillhet, den beste typen. eg lengtar sånn til byen no at eg held på å bli gal.



about really really missing the silence of the city, sitting in a park on a blanket with three thousand things going on around you but you can't hear a thing.

i hånda.

first day in the park.mushrooms.3001-208easter.riga, day two.sunday2403-1051scann.

hender er heilt klart greia, kanskje til og med ein av mine favorittkroppsdelar, både mine eigne og andre sine.


i <3 hands.

sesong fire.




bildene fra her.

om de ikkje har sett dei tre første sesongane av mad men så tykkjer eg at de må få ræva i gir. den første episoden av sesong fire gjekk på amerikansk tv sist veke, eg såg den på youtube/megavideo og eg elskar elskar elskar. spesielt peggy som har blitt så himla mykje finare, og sjølvsagt joan som er vakrast i verda. ser de mad men? eller har de andre fine tvserietips?


just to let you know i think you really need to watch mad men if you haven't already and i love the first episode of season four, aired on american tv last week.

a concise chinese-english dictionary for lovers.

a concise chinese-english dictionary for lovers
etter eg posta dette sitatet for nokre dagar sidan har eg fått førti(tullar ikkje) mailar og kommentarar om kvar det er ifra, og no får de vita det; a concise chinese-english dictionary for lovers av xiaolu guo. den handlar om z, som flyttar fra kina til london for å læra seg engelsk. den handlar om kultursjokk, om misforståelsar, om sex, om å vera einsam, om kjærleik, om heimlengsel, om mat, om så himla mange ting. den er skriven som ei slags dagbok i tilbakeblikk, og er skriven på (med meining) dårlig engelsk.

a concise chinese-english dictionary for loversa concise chinese-english dictionary for loversa concise chinese-english dictionary for lovers

den er lettlest samtidig som den sit igjen lenge i hovudet, eg grein hysterisk bakerst i ein buss gjennom dei siste kapitla. om de klarar å sjå vekk fra at den er skriven på "dårlig engelsk" så trur eg den kan varma mange hjarte i det lange land.



a concise-english dictionary for lovers by xiaolu guo.