eit fint funn
på loppemarknad i verdal på laurdag, fann eg ein gamal filmrull-boks.

den siste filmen som har vore oppi den er Sheriffen i Silver Springs.

den har fine hjørner og rommar akkurat perfekt alle filmane til meg og fredrik. eufori. <3

den siste filmen som har vore oppi den er Sheriffen i Silver Springs.

den har fine hjørner og rommar akkurat perfekt alle filmane til meg og fredrik. eufori. <3
så fint kan ein ha det.

kor mange fine ting kan ein få i posten på ein dag egentlig?
jo, de skjønar det at i dag har eg fått mitt fyrste fanbrev(på papir). og ikkje nok med det, ein konvolutt stappfull av kvitteringar. og ikkje nok med det, den finaste boka i verda.

brev i.

med segl og greier. <3 jo, eg veit kven du er sjølv om du er anonym. for eg likar bloggen din òg, nemleg.
brev ii

kvitteringar! frå isabel. fine isabel.
brev iii

heilt sidan eg las playing with the grown-ups(i vinter), har eg venta på denne boka. eg elskar sophie dahl.
har du fått noko fint i posten i det siste?
no tek eg med meg boka og kameraet og reiser på ei utflukt med sykkelen min. og eg mistenker at kvelden i kveld blir ein av dei finaste på veldig lenge.

fetter.
fetterar kan vera litt slemme av og til.

"isbiln kåmer"

"tosker. bareglemdet"
:(

"isbiln kåmer"

"tosker. bareglemdet"
:(
til dei som ville ha fadderborn og dåp

eg og mats og søster.

til deg som ville ha familie

kusine tuva.
til dei som ville ha kjærleik

i helga sov me under himmelhimmel. den var rosa, som alt anna på rommet til min kjære kusine(som er fem år på onsdag).
til deg som ville ha regn
til dei som ville ha haust

til deg som ville ha haust.
ein må byrja ein plass.

hausten er så... veldig. difor kjem det ca tusen haustbilder.
kva anna vil de ha bilder av?

hausten er så... veldig. difor kjem det ca tusen haustbilder.
kva anna vil de ha bilder av?
eg reiser
eg er litt borte akkurat no, for eg er i trøndelag. i går reiste eg med eit tog til trondheim. der møtte eg min far. me køyrte bil til verdal. der er eg no. imorgon skal eg ha bunad på og vera fadder for min nye fetter, mats. det er mykje ansvar, det. men eg er stolt.
eg lovar bildeboom. kva vil de ha bilder av?
fleire fine bilder frå i går.

å, dei fargane.
no om dagen har me det mest fantastiske lyset i heile verda. i går prøvde me å utnytta det til det fulle.

er ho ikkje berre så ufatteleg vakker? iiih. <3

er ho ikkje berre så ufatteleg vakker? iiih. <3

before i die i want to
eg fann den søtaste sida på internett i dag. det er polaroidbilete der folk skriv på kva dei vil gjera før dei dør. det er tusenvis av bilder. her er nokre av dei eg tykkjer er fine:
.

sida heiter before i die i want to.
kva vil du gjera før du døyr, om du får velja ein ting?
. 

sida heiter before i die i want to.
kva vil du gjera før du døyr, om du får velja ein ting?
.

ein fin kveld.

ein fin morgon.
i dag har eg gjort fine ting.

beundra han der fine i fine jakka si.

lest aviser med min sambuar, fred.

fant eit dikt på ein benk.fint.

fred og eg gjekk. der oppe bur me.

blåst blomar.

sparka lauv.
so come back, i am waiting
i går var ein drittdag. i dag ser ut til å bli litt mindre av ein drittdag enn i går. i dag la eg merke til dei små vassperlene som låg så elegant på blada som har byrja å falla frå trea. eg prøver å ikkje trakke på dei, behalda hausten så lenge eg kan. eg høyrer på okkervil river og eg håpar alt vil bli bra ein dag.

hjelp!
som nokre av dykk kanskje veit, har eg planar om å skriva ei bok. ei bok med mine kvitteringar og analyser av dei. men eg treng hjelp. eg treng nemleg eit vidt spekter av kvitteringar frå heile landet. og difor treng eg dykk bloggarar. alle som vil, send ein mail til mariell.oyre@gmail.com. så kanskje kvitteringa di blir med i ei bok, kven veit. spread the word.
kvittering

kven er dette vel?
jaok, det er meg.
om det var noko som kunne redda ein sånn dag

det fine med bygde-noreg
det fine med bygde-noreg er at det fins sånne små krokar, butikkar, der ein kan finna skattar. her er mine skattar frå ulvik:

med klistermerker!

og eit forstørrelsesglas. 19 kr.

med klistermerker!

og eit forstørrelsesglas. 19 kr.
love dove glove

eg står opp ein laurdagsmorgon. me har sove på tvers av sengene, og knea til han der fine ligg ned i sprekken mellom dei. han søv. drar frå gardinene; hardanger. fjord og fjell. ikkje like mykje som heime, men det har jo sin sjarm likevel. eg vekker han ved å kitla han under føtene, ein ny teknikk eg har tatt til meg. det funkar.
eg knuser ein tallerken ved frukosten; alle dei amerikanske turistane ser på meg og smiler. eg finn eit nytt egg og prøver å vera stille. svigerfar held årets hauge-foredrag og får glitrande applaus. lunsj. den såg slik ut.

vel, desserten i alle fall.

gjennom kaleidoskopet ser den sånn ut.
dei andre reiser på kino medan eg vandrar. finn nokre skattar her og der. et ein kaptein sabeltann-is. diktopplesing. så konsert. fin. køyra heim, lytta til mogwai og stilla. det er det som er aller best.
det er haust, og yann tiersen+ameliè tek over hovudet mitt
sånn er det om hausten. dei tek over. og eg gler meg til å bu i montmartre, det er berre to veker til no. dette er ein av dei finaste sangane eg veit, frå ein av dei finaste filmane. og denne youtube-videoen er så fin fordi når sangen er slutt, kjem det klippet som er aller finast frå filmen, tykkjer eg.
(og nei, kjære anonyme lesar; eg trur ikkje at eg er amelie)
torsdag og fredag og ulvik
akkurat no sit eg på eit hotellrom i hardanger, på poesifestival med han der fine og svigers. for tida har eg ikkje så mykje å seie, men så altfor mykje eg har lyst til å visa fram.

torsdagskveld. kaleidoskop + per elling.

på ein buss. kaleidoskop+maja+han der fine.

kjole med kaleidoskop i fanget. som de kanskje skjønnar, er kaleidoskopet min nye bestevenn. han er det einaste som er einig med meg i kor vakker verda faktisk er. og eg har aldri vore i hardanger, så kanskje finn eg noko eg aldri har sett før. eg håpar det.
no skal eg rulla meg inn i kvite hotellaken og han der fine sin hud, og det skal verta så nydeleg fordi han luktar som syriner(han gjer alltid det) eg har det fint. har du det fint?

ding-ding-ding
i går pynta eg og fredrik, min kjære sambuar, oss, også gjekk me ei runde i bygda.

sjå. eg er kjempestygg medan eg ser på himmelen med kaleidoskopet mitt.

sjå. eg er kjempestygg medan eg ser på himmelen med kaleidoskopet mitt.

solitude is sublime
eg skjønnar ikkje kvifor folk må ha på seg dei styggaste kleda sine når dei skal ut og gå eller sykla. eg likar den romantiske kjensla av flagrande kjole, eg.

sko.

kjole.

sko.

kjole.
kjærleik til ein ting
i dag fekk eg ei fin gåve. nemleg eit kaleidoskop. ikkje av typen eg leitar etter, men det er nyyyydeleg. og veldig flott å bruka som ein forlengelse av kameraet mitt!

hihi, kjolen min.
eg skal sykla ein lang tur no og eg har eit spørsmål. kva for musikk likar de å gå/sykla til?

hihi, kjolen min.
eg skal sykla ein lang tur no og eg har eit spørsmål. kva for musikk likar de å gå/sykla til?
ritz
ein skal eigentleg gjere lekser. matte. fordi ein har prøve i morgon. men eg er sliten i hovudet og kroppen vil ikkje samarbeida med meg, så da let eg meg begeistra over den fine kjolen eg fekk i posten i dag istaden.

den var pakka inn i eit kart. det var noko av det finaste.
eg får mange fine hemmelege "fan"-brev for tida. det er så fint og skummelt samtidig. også vart eg stoppa på gata i oslo og det er litt skremmande. heldigvis er de så søte at det er ikkje nøye. <3

00:47

eg tenkte at kjem han ikkje no, får eg aldri sova. eg gjer ikkje det. eg har store problem med å sovna om det ikkje ligg ein kropp ved sidan av meg. eg er ikkje nok åleine. eg sto opp og kikte ut glaset, for 67. gang. han var ikkje der, ikkje i nærleiken eingong. eg kraup innunder dei reine sengekleda att, stirra i taket eg ikkje kunne sjå, og venta. eg tenkte at kjem han ikkje no, får eg aldri sova. så kom han.
ps: eg fekk sova og drøymte at fredrik stal p-pillene mine. jepp.
pynt
i dag fekk eg ei fin pakke i posten:

+

pluss at eg var pynta fra før fordi eg alltid pyntar meg når eg er sjuk.

+

pluss at eg var pynta fra før fordi eg alltid pyntar meg når eg er sjuk.

macro&sånn

bonjour bonsoir merci au revoir

eg er sjuk. og om ein er sjuk må ein vera heime og læra seg fransk på youtube foreksempel. han der fine har kjøpt te til meg for tohundre kroner i dag. er ikkje han fin? eg har te i mange veker jaffal minst.
sumar
eg kom over bilete som minnar meg sånn om sumaren i år. den lukkelege delen av sumaren, den som var før ferien kom og øydela alt.

eg er sjuk, og difor har eg vore så fantastisk dårleg på å visa fram noko meir enn berre dagens kunstinnslag dei siste dagane. men imorgon brukar eg store mengdar pengar på te og honning, så er eg frisk i ein vips. for augneblinken er eg forelska i anna gavalda og eg planlegg turen til paris. tenk at me skal bu i montmartre. åh. hjartesmil&sukk.

vugg
eg har funne ut at eg vuggar. om eg sit i ro, lenge, når eg les til dømes, så vuggar eg. ikkje så mykje at ein kan sjå det, men eg har lagt litt merke til det. kanskje ein centimeter fram og tilbake. kanskje eit fnugg av barndom som sit att, prøvar å roe meg ned som min far gjorde då eg var lita? det vil eg kanskje aldri finna ut. men eg er nøgd med å vugga. eg vuggar.
burn my clothes, bury my fears
i natt mista eg trua på meg sjølv og alle menneske i verda då to ting skjedde.
1. eg likte ikkje reker
2. ein full idiot kasta ei tom spritflaske bak seg og traff meg i hovudet. dei som høyrte det/såg det, sa at det var ein av dei mest spesielle lydane dei har høyrt i sitt liv. eg trur på dei. det var vondt.
eg har no ein ganske mør flekk i hovudet, og har mista håpet om rekene. eg er heime i mine foreldre sitt hus. eg og syster mi skal visst laga taco om ho nokon gong kjem heim, for ho er jo 15 år og skal leva livet. å, eg saknar det og samtidig ikkje.

trommevirrrrvel!

foto: rètroviseur
og vinnaren av konkurransen eeeeer: sunniva
"vel. det er ett litt eldre ektepar, som sammen er gått til butikken den torsdagen. herren har akkurat rundet sekstito, nylig pensjonert fra sin jobb som rektor ved en videregående skole i nærheten. fruen hans er snart femtisyv og driver sammen med noen venninner en koselig strikkebutikk i utkanten av sentrum. om kvelden liker herren å studere islendingsagaer, og spesielt favoritten gunnlaug ormstunge, men setter gjerne også litt tid av til nyere og mer radikal norsk skjønnlitteratur, som for eksempel bjørneboe eller vesaas. fruen på sin side venter spent på at jakten på kjærligheten skal begynne på tv2, mens hun i mellomtiden lar seg underholde av norsk ukeblad, hekleoppsrkifter eller baking. (noen ganger lurer hun seg til å se på hotel cæsar, selv om mannen hennes sier med grovt mål at det bare er søtsuppe). hjemme hos herren og fruen bor også deres trettifire år gamle psykisk utviklingshemmede sønn som hver dag noterer når solen står opp og går ned og hvor mange grader det er ute. idag er han spesielt glad, siden de skal ha karbonadekaker og surkål til middag. det er det beste han vet, og når han tenker på hvor godt det er må han bare klappe i hendene og krølle tærene sammen av ren fryd og lykke.
når natten kommer brummer han fornøyd i puten i sengen i kammerset ved siden av rommet til herren og fruen som holder hverandre i lillefingeren når de sovner."
det var berre så altfor vakkert, skjønnar de?(og du, sunniva, vil få noko fint i posten frå paris. send adressa di til mariell.oyre@gmail.com) tusen takk til alle som svarte, eg hadde det så fint når eg las gjennom alle bidraga. vil de ha fleire?
.
i dag har medieklassane på skulen min vore på tur. lang tur. vondt i beina. trøtt. men glad. i dag er ein edru torsdag, tenk det.

fine christine, som forsåvidt var mitt hovudobjekt for fotografering i dag.

eventyr.

eg har ikkje peiling på kva som var opplegget med håret mitt i dag. men det var sånn.

ingvild prøvde å fanga fisk med denne. det gikk vel ikkje så bra.
i kveld er det kos + reker + kvitvin + han der fine + dei to fine. det blir nok... fint.

onsdagtrist
i dag låg eg naken i senga til klokka var mykje. eg reiste ikkje på skulen, med andre ord, fordi dette skjedde igjen. eg låg krølla som ein ball heilt til min kjære kom for å redda meg med wok og ris. då kledde eg på meg den sløyfa eg får ha når eg er litt lei meg eller skal vera fin, pluss den fine kjolen eg kjøpte i trondheim. så sykla eg til christine på rema1000, som vanleg på ein onsdag.

så mange pengar hadde eg igjen. no er eg blakk.

sykle.

sløyfe.

lakrisfudge. ein får lov å eta det på ein onsdagtrist.

så mange pengar hadde eg igjen. no er eg blakk.

sykle.

sløyfe.

lakrisfudge. ein får lov å eta det på ein onsdagtrist.
eit macroobjektiv pluss ein tysdagskveld

eit søtt macroobjektiv til eit analogt kamera som fred frå canada la att hjå meg på torsdag. eg lånte.

så var det tvkveld med ho grå sin anatomi og tre fine vener pluss kakao. med mjølk og kokesjokolade. det er magisk.
enda meir fine vener.
for tida ligg det fine brev i postkassa på skulen kvar einaste dag. i går var det fine janne. det høyrer med til historia at ho hadde bursdag no i september, og ho fekk ei skrivemaskin.

nydeleg brev og ei kvittering og ein pose te.

og til og med på teposen har ho skrive med skrivemaskina siii. <3

nydeleg brev og ei kvittering og ein pose te.

og til og med på teposen har ho skrive med skrivemaskina siii. <3
nye vener.

eg har nye vener, dei er fine og klistrete.
eg puttar dei på brev til dei finaste kjøtt&blod-venene eg har. det blir dei nok glade for.
eg puttar dei på brev til dei finaste kjøtt&blod-venene eg har. det blir dei nok glade for.
i am the walrus
..eller ein muffins. i oslo kjøpte eg to av desse søte hårklemmene, og eg elskar dei. eg føler meg som ein muffins med søt glasur.

fine vener frå am'rika.
i dag fekk eg ein pakke i posten. den kom heilt frå amerika.

ein treboks. ein nydeleg treboks. den hadde fint innhald òg.

det løfta heile dagen min eit par hakk, og no skal eg rydda rommet og finne ei fin plassering.

ein treboks. ein nydeleg treboks. den hadde fint innhald òg.

det løfta heile dagen min eit par hakk, og no skal eg rydda rommet og finne ei fin plassering.
ein by og eit kamerasakn.
(tusen takk for alle dei fantastiske og morsomme og triste og gode svara på konkurransen min. eg køyrer den til onsdag, i tilfelle nokon fleire vil vera med)
eg er visst i oslo. eg seier "visst" fordi dette overhodet ikkje var eit bevisst val, meir som ei morsomheit i min rosèvin-rus(som eg framleis var i då eg tok bussen klokka åtte om morgonen). ti timar i buss med min kjære. eg har traska rundt i oslo åleine og rota meg fullstendig vekk. eg kjenner ikkje oslo, og dei som kjenner meg veit at eg hatar oslo. eg gjorde ihvertfall det før i går. for i går møtte eg mi herlege kusine. eg kjenner ingen person i verda som er meir hjartevarm og fantastisk, og for det meste merkar eg ikkje så mykje til den 13 år store aldersforskjellen. uheldigvis har kameraet mitt bestemt seg for å drukna, så eg har ingen bilder av ho eller den søte lille familien hennar(med eit nytt tilskot på veg ut på nyåret(ein beibi)), men dei er vakre. på alle måtar. dei tok meg med på grünerløkka, og det var som ein annan by. ein by som eg kunne lika. eg kunne føla meg trygg der, og da blir eg ikkje så redd for neste år likevel.
klokka er kvart over ni og eg drikk morgonte i leiligheten til systra til han der fine. i dag reiser me på eit tog. turen min har vore slik:

sjokomelk fikk vera med.

my kind of porn.

skjørtet minnar meg om andy warhol av ein eller annan grunn.

morgonte. eg er den einaste vakne i leiligheten. han der fine søv på gjesterommet. eg har lyst til å gå inn og kysse han på alle dei plassane eg ikkje kjem til til vanlig. på fotbladet, bak kneet, nederst på ryggen, mellom skulderblada, alle fingrane. eller skrive alle dei finaste orda eg kan(eufori, aorta, regnboge, eple, peppermynte) på heile kroppen hass med svart tusj. men eg gjer det ikkje. eg berre tenker at eg vil det, og det kan vera like fint det.

okei, fram til konkurransen:
extremely loud and incredibly close

torsdag. fest. temafest. sløyfe. vin. nam. kylling. nam. christine. nam.
eg ler så eg griner.
raudvin og sykl og koz

etter ei flaske raudvin fant eg ut at det var lurt å sykla. så da gjorde eg det, med fredrik bakpå. det gikk sådär.
pandaonsdag

skuggar på veggen vel.

så reiste me på eventyr på sykkel til rema1003, på leit etter stupedama. me fant ho ikkje.
oppskrift på tirsdag
dette er ein av mine favorittoppskrifter. du treng dette:

og desse skal ligge i lag oppå kvarandre sånn:

voilà! så slenger du deg i dusjen i ca 10-15 minutt. etter dette, er det all about this:

så kan du venta på at noko fint skal skje. eg, foreksempel, ventar på min kjære(han der fine) som skal koma og sjå grey's anatomy med meg. er ikkje eg heldig vel?
korleis er din perfekte tirsdagskveld?

bakedag og sykl

+

+

+

=

(eg er forelska i han der fine, eg har fått sykkelen min, me har ete fin pastasalat= eg er ein gladpus)
apple crumble
i går hadde min mamma bursdag, heile 41 år tenk. så eg laga apple crumble etter oppskrift frå min beste venn som er på skule i wales.

så gjer du sånn:

skrell eplene, skjær dei i tynne skiver også i to på langs.

bland dei øverste tre ingrediensane til ein smuldrete deig, ikkje deigete smuld.

så glaserar du eplene i vatnet og sukkeret(eg har òg i litt kanel). kok dei til dei blir mjuke.
så har du eplene i ei form og smuldredeigen over, og inn i ovnen. eg fikk ingen spesifikke gradeopplysningar av min veninne, men eg køyrte den litt fram og tilbake mellom 180 og 210, og fra varmluft til "vanlig" og til varmluft med grill. det er viktig at alt blir varmt og at du følger med heile tiden. etter ca 10-15 minutt er det klllllart.

ta eit glas solo mens du ventar.

nam!

servèr med yoghurtis(i sympati med meg som ikkje kan ete fløyte). og pang. tomt. nam. oppskrifta er til ca 3 personar.

marie antoinette.
eg er i marie antoinette-modus. tenk. å få vera så vakker. tenk å få bu så vakre plassar. tenk dei fine kjolane. tenk den maten. tenk.

eg er forelska i kvinna og situasjonen. eg har bestilt biografien. 700 sider som eg gler meg til å lesa. nam.

eg er forelska i kvinna og situasjonen. eg har bestilt biografien. 700 sider som eg gler meg til å lesa. nam.