daqota!

i dag ringte eg til pappa med ein telefonkiosk for å sei at eg ringte frå ein telefonkiosk. han vart veldig glad, det er absolutt å anbefala.

eg og han der fine var kjempesvoltne etter fotografering i studio, så me bestemte oss for å få sara med oss på å eta ute i dag. da vart det burgerar på daqota.

der inne ser det sånn ut, og ein får sitta i flyseter som stolar.

hei, sara!

sara fekk ein basic burger.

han der fine fekk med blåmuggost.

eg fekk med thai og sweet chili. mums!

etterpå fekk eg ein deilig jordbærsmoothie.

suss og kos, vel.

blunk blunk og god natt!
fuglen i håret har eg laga sjølv, om de lurte.

today we went for burgers at daqota!
hurra, blogg.no!
endelig har blogg.no fiksa svar-funksjon i kommentarfeltet. det vil seie at eg kan bli ein mykje bedre bloggar og svara lesarane mine når eg skal. så, nokon som vil spørra om noko? me må jo testa det ut! blogg.no fortjener ei kanin for godt arbeid.
(men blogg.no, det hadde kanskje vore ein idé at svara kom rett under kommentarane ein svarar på? berre eit tips.)

eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
(men blogg.no, det hadde kanskje vore ein idé at svara kom rett under kommentarane ein svarar på? berre eit tips.)

eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
pasta carbonara på eintotre
(eg tåler som kjent ikkje fløyte, og det er litt trist i og med at han der fine elskar pasta carbonara. her er ein fløytelaus(og sunnare) versjon for to personar:)

♥ tagliatelle, typ 250 gram
♥ to egg
♥ to dl h-mjølk
♥ (sopp)
♥ (bacon)

♥ kok pasta og steik bacon og sopp. om du ikkje et kjøt kan du bruka sopp, om du ikkje likar sopp kan du bruka kjøt, eller du kan bruka begge deler(det er best).
♥ sil av pastaen og sett den på svak varme.
♥ knekk dei to egga og del dei, du skal berre bruka eggegulene. (eggekvitene kan du spara til ein omelett til kveldsmat!)

♥ tøm melka og eggegulene opp i pastaen. rør kontinuerlig. (må røre ganske lenge). helst rør med noko som ikkje kuttar opp pastaen(for det gjorde eg nemlig, og det er ikkje like fint). medan du rører kan du tilsetta salt og pepper. du skal røra i pastaen heilt til egga og melka dannar små klumpar på pastaen og lagar typisk carbonara-konsistens.

♥ legg på eit fint fat...

♥ ... og ein to tre et deg altfor mett! vel bekomme.

my healthier recipe for pasta carbonara!

lille.
i går tipsa eira meg om denne saka. det er nokon som har laga ein mini-landsby for dvergar, og ein får ikkje bu der om ein er over hundreogtretti centimeter.

er ikkje det berre heilt fantastisk? at folk faktisk gjer sånt her i verda? eg tykkjer de skal tenka på det i heile dag, for sånt blir ein glad av å tenka på.

er ikkje det berre heilt fantastisk? at folk faktisk gjer sånt her i verda? eg tykkjer de skal tenka på det i heile dag, for sånt blir ein glad av å tenka på.
apropos rosa.

altså, eg kan nesten ikkje tru at eg har gløymt å visa denne karamellen her. den fekk eg for hundre kroner på ein vintageputikk her på grünerløkka min første dag som oslobuar. merkar eg gler meg skikkelig til å shoppa litt i helga. eg treng nok eit stort underskjørt som kan vera god nok mot kjolar som denne. også treng eg jo ein kjole med varmluftsballongar på, sjølvsagt.

i can't believe i forgot to show you this dress! it makes me feel like a cake.
girl of my dreams.

endeleg har eg det nyaste lula i min eige. for eit vakkert nydelig hysterisk fint magasin. denne utgåva har dei fokus på jenter med raudt hår, er ikkje det berre fantastisk? kven er di favoritt redhead? eg skal forresten farga håret raudt no, berre eg finn riktig henna. berre så de ikkje blir redde når det plutseleg skjer.
ps: om de kjøper det på narvesen no får de det for hundreognitten og ikkje hundreogfemtini. men om de ikkje har narvesen kan de snart kjøpa eit av meg. for eg har to. hold utkikk!

i just love the new issue of lula, it's all about redheads.
rosa.
eg har sånn ein dragning mot rosa for tida. helst så rosa at ein får vondt i tennene.

eg vil ha undertøy som er så rosa så rosa og gjennomsiktig, nesten.

og rosa underkjolar med blondekant.

og ein rosa bomullsdraum av ein kjole.

og ein sånn fin underkjole frå åhléns.

og rosa gåveboksar å legge gåver i.

og rosa kitchen aid til kjøkenet.

og smoothie.
kva er rosa og pirkar i lystene dine i dag?
dei fleste bileta er linka til kjelder.

today i am very much obsessed with pink.

god morgon!

deilig frukost på eit fint loppemarked-funn fra helga! snart går pussen min til oslo. kan ikkje de fortella meg noko om bestemor? fortell meg kva som gjer ho så spesiell.

this is my lovely breakfast! tell me about your grandmothers, please.
ti til ein
ti første
første bestevenn: johnny. det kunne han framleis ha vore om han hadde latt meg.
første kjærleik: eg var forelska i mange år i samme gut i klassen min. han var annleis enn dei andre, han var smart og flink i geografi. og så himla søt. eg skreiv ut fleire dagbøker med navnet hans i.
første favorittbok: matilda av roald dahl. eg satt i store bibliotek som lita jente og kjente meg så veldig igjen i ei anna verd.
første husdyr: ein katt som heitte lucas. eg lærte han å hoppa frå verandaen, han gjorde det og vart påkøyrt av ein bil.
første ferie: hugsar ikkje, men det må ha vore til danmark. me var så himla mykje i danmark då eg var liten.
første jobb: avisbud for BA! drittjobb.
første ekte kjærleik: han der fine, vel.
første piercing: pierca meg sjølv i nasen med ei sikkerhetsnål.
første kjole: første kjole kjøpt i seinare alder var i roma i totusenogsju.
første konsert: christina aguilera! ohyes.
ni siste:
siste alkoholholdige drikk: øl på luna park, torsdag.
siste biltur: fredag! frå oslo til årdal.
siste filmen du såg: alphadog på tv med pappa i natt.
siste telefonsamtale: med han der fine, han kviskra at han ikkje kunne snakka så høgt.
siste sang du høyrte: would i lie to you.
siste kyss: det var nok han der fine.
siste venn du såg: amalie.
siste gangen du grein: sikkert for nokon dagar sidan.
siste måltid: bolle med egg. deilig søndagsnattmat.
åtte har du nokon gong:
blitt forelska i ein venn: jepp.
køyrt bil: nei, det har eg nok ikkje.
sove under eit tre: mja, men berre på dagen.
fått hjartet ditt knust: oh. ja.
tulleringt: ja! "hei, det er raud" "å, eg skulle ringa til grøn, da har eg nok ringt feil"
sagt at du elska og ikkje meint det: eg trur nok at ein meinar på eit eller anna plan når ein seier det uansett.
skrive eit dikt: ja, mange! til og med vore på trykk i dagbladet.
vore i australia: nepp.
sju ting du har på deg akkurat no:
1. strømpebukse
2. sløyfetruse
3. underkjole
4. kjole
5. cardigan
6. fugl i håret
7. shorts
seks ting du har gjort i dag.
1. lest bok
2. vore barnebarn
3. vore barnepike
4. fotografert
5. planlagt stockholm
6. skrive masse bloggutkast
fem favoritting:
1. kaleidoskop
2. bøker med fine omslag
3. blomar
4. kameraet!
5. sløyfer
fire personar som kjenner deg ut og inn
1. han der fine
2. mamma og pappa(for dei går som ein)
3. trine marie
4. christine
tre valg
vinter og sommar eller haust og vår? haust og vår!
blomar eller busker? begge deler. kanskje helst tre om ein får klatra i dei.
sukker eller salt? sukker! (med mindre det er lakris)
to ting du må gjera før du dør
1. reisa til mosambik.
2. finna ut kvifor eg er her.
ein ting du ønskar meir enn noko anna
bli oppdaga, selga ein heil haug bilder til store kjente folk og kunna leva av kunsten og ha heimeskule med fire små der eg skal læra dei det som er riktig og me skal reisa heile verda rundt. men akkurat no kunne eg tenkt meg berre ein sponsa tur til paris og til london. eg lengtar.
din tur!

søndagar i ein annan heim

i dag såg været så trist og surt ut. etter eg hadde venta i timesvis på at resten av familien skulle våkna til liv, gjorde dei endelig det.

så da reiste me på bestemorpusøk istaden. hei, bestemor!

me fekk fårikål. og raud saft. og gelé.

mamma og pappa er ofte rett sånn. det er viktig å vita.

finaste bestemor.

ei søster med ein hund på fanget.

etter middag reiste eg på oppdagelsesferd. eg blir aldri lei av å fotografera i bestemor sitt hus.

her søv bestemor. her sov bestefar. det er framleis så rart at han ikkje er her, at det er berre ei dyne og ei fungerande nattlampe.

i nattbordsskuffa hans ligg det ei bok med navnet hans på.

i den har han skrive ned alt mulig. inntekter og utgifter og handlelister.

på badet er den samme runde spegelen som alltid har vore, og bestemor sin dior-parfyme som ho har hatt i alle år.

heihei.
kva har de gjort i dag? har de lest bøker eller sett filmar eller gjort ingenting? har de fått lauv i ansiktet eller dansa i mørket? fortell.

i spent today in my grandmother's home. she is one of the loveliest people i know.
på denne plassen
det er rart å vera her no, kjenner eg. på denne plassen. for nitten år sidan budde eg med min mamma og pappa i ein liten blokkleilighet med veranda. eg hadde fisher price-kassettspelar og var kaptein sabeltann-fantast. eg var bestevenn med gutane over gangen og leikte med bilar under etasjesenger. for seksten år sidan fekk eg ei pyttelita søster, ho var så liten så liten og eg ville bygga rede rundt ho og berre stryka på ho heile dagen. eg låste mamma ute av leiligheten for å kunna vera aleine med ho i nokre minutt. eit par år seinare var me piratar på skip i senger og laga laptopar av stolar og bord. me las tegneseriar i skapet og åt nonstop me fann under sofaen. på denne plassen tok eg mine første skritt, sa mine første ord, vart forelska for første gang, fekk mitt første kyss, fekk hjartet knust for første gong av han som kan alle hovudstadane i heile verda. på denne plassen har eg hatt det så uendeleg fantastisk og så knusande vondt. på denne plassen bur familien min men óg dei som eg ikkje klarar å sjå i augene. det er ein plass med motsetnadar og paradoks. det er rart å tenka på at det var her alt begynte, at det var her eg begynte. at alle meter med asfalt bærer min historie på eit eller anna vis. det er vegar eg har gått på tusen gongar, vegar der eg har høyrt dei same songane med fleire års mellomrom. her har eg vore så forelska at eg ikkje har sove og så rasande at eg har avtapetsert heile soverommet mitt. så glad at eg har kasta opp og så sint at eg har knust tallerkar. så lykkelig at eg ikkje klarte å snakka og så deprimert at eg kunne sova i fleire dagar. eg veit ikkje heilt kva eg prøver å seie, berre at det er rart. kor stor betydning denne plassen har hatt for meg og min historie, kor annleis eg hadde vore om eg ikkje hadde budd akkurat her. søndagar er dagar for grubleri og mimring. kva tenker du på i dag?
om eg skulle laga ein film
i det siste har eg sett så mykje film av hovudet spinner rundt seg sjølv av og til. da tenker eg på korleis filmar skulle sett ut om det var eg som laga dei. omtrent sånn:

kva den skulle handla om, veit eg ikkje. eg veit berre at om den føltes sånn skulle eg elska den. korleis skulle din film vore? det er ei fin søndagsutfordring. skriv om det på bloggen din, vel! suss. (god morgon, forresten)

if i were to make a film, i hope it would feel like this. all images are linked to their sources.

hei, fin.
i dag har eg fått nytt håp og ein gammal venn. og gamle nye ting på ein loppemarknad. meir om det seinare. no treng eg litt hjelp frå dei som kan. neste veke reiser eg og han der fine til stockholm, og eg lurer på om de veit om nokre bortgøymte hjørner me ikkje får gå glipp av? og ja, eg veit allereie om beyond retro(og skal på fest der på torsdag, hih). eg vil at det skal følast litt sånn: 

familie.
i dag har eg køyrt bil lenge lenge.

endeleg kom eg fram til tacobestemor.

og cherrytomater.

og makronar til alle.

og fine blomar.

og i ein halvtime fulgte eg etter lillesøster.

og lånte sminken hennar.

og når eg endeleg fekk ho til å setta seg fekk eg ta litt bilder før ho reiste ut. for ho har nemlig fått seg kjæreste, ho. håpar han veit at han har det finaste som finst. ei med lange augevipper og ei skummel storesøster.
(ver så snill, ikkje spør, eg kjem ikkje til å gi ut bloggadressa hennar. ho er for viktig for det.)

today i traveled for hours to get home to my parent's house. i am very relaxed after following my sister around and photographing her for a very long time. contentment is sublime.

i går.
i går var eg i mørkerommet i sju timar. sju timar på føttene.

hedvig framkallar.

karina sitt bilde.

dette er øystein. han er barnebarnet til andré bjerke.

etterpå reiste eg heim før me reiste ut igjen på elvelangs, ein kveld då oslo kommune slår av all elektrisk belysning rundt akerselva og tenner faklar.

elva var lilla og trea var veldig grøne og det var folk som datt ut av trea.

me enda opp på luna park etterpå for litt øl og snakk, som det skal vera på torsdagskveldar.

per håkon.

janne lo sånn at det var umulig å fotografere ho. men det er sånn det skal vera.

helene og eva snakkar om noko ingen andre får høyra.

han der fine er ganske fin, som vanlig.

nokon hadde med seg wergeland-sardinar.

eg hadde på meg den nydelige sløyfa eg fekk i posten frå celina i går. <3

og eg var ganske glad.
fortel meg dei to finaste sekunda frå dagen i går.

yesterday i spent all day in the dark room developing. last night the city of oslo shut the electrical power off near the river, and lit torches everywhere. it was magical.

b/w i studio

tenkte de ville kanskje sjå mine første nokon gong analoge bilete framkalt i mørkerom. heilt av meg sjølv. eg er ganske stolt. kva tykkjer de?
(den raude stripa på bileta er scanneren)

these are my first black/white analogue photos ever, developed by me too!
vintagefashion.dk <3 hjartesmil

eg elskar vintagefashion.dk, det er ei fantastisk samling flotte ting som ein berre vil pirka og ta litt på. fine kjolar og dei beste brudekjolane og små fine sko. så heldige mine lesarar er, da, som får sjansen til å vinna eit gåvekort der på 500 danske kroner i den finaste nettputikken, og til og med gratis frakt. fint vel?
her er utfordringa:

kjelde
du har nettopp henta bilder frå framkalling. du setter deg ned ved kjøkkenbordet med ein kopp kaffe. du blar gjennom bunka av bilder. kva tenker du på når du ser dette bildet? (skriv fem setningar om det) og forresten! om de blir medlem av facebook-gruppa får du 10% avslag på alt du kjøper hjå vintagefashion.dk, om de berre skriver "facebook group" i meldingsfeltet når de bestiller. konkurransen vil bli avslutta på måndag!

a competition for my scandinavian readers!
i denne byen

akkurat no, i denne byen, er det nokon som nettopp har våkna, nokon som akkurat har sovna, nokon som aldri la seg. nokon som gjer morgonbøn, nokon som kokar kaffi til seg sjølv. andre lagar frukost til heile familien. i denne byen akkurat no, er det nokon som har sagt hadet til nokon dei elskar for siste gong, andre har nettopp innsett at dei elskar og snur i døra for å sei det og smila litt til. det er nokon som elskar, nokon som kastar blomsterpotter i veggen. nokon som tar sitt siste andedrag og nokon som nettopp har gjort sin inntreden. nokon som griner så hardt at dei trur dei skal slutta å pusta, at hjartet skal slutta å slå, nokon som ler så hardt at dei får vondt i magen. ingen veit kva som skjuler seg bak portdører og franske balkongar, berre at bak dei er det nokon som lever eit liv heilt annleis enn sitt eige.
i dag har eg gjort dette:

makronar makronar makronar! til objektfotooppgåva mi. har tatt 72 bilder av makronar i dag. sjølve oppgåva er analogt og svart/kvitt, men eg tenkte de ville sjå. fint vel?

no er sara her. de bør definitivt sjekka ut bloggen hennar, for ho er nemlig ein ganske fantastisk fotograf.

today i've photographed macarons in a studio!
på jorden et sted.

kjelde
(dette diktet hjelper meg alltid uansett kor vondt eg har det. for dette diktet gjekk eg forbi dei tre vekene mamma låg på intensivavdelinga på haukeland, i koma, drøymande om svenske gutar og tvillingbeibiar. det var malt på veggane der, og personen som har plassert det der må ha vore veldig fin. så eg vil dela det, og håpar det hjelper nokon andre óg. diktet er av andré bjerke og heiter på jorden et sted.)
tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.
tro ikke mørket når lyset går ned
i skumringens fang.
alltid er det på jorden et sted
soloppgang.
kan ikkje de dela fine dikt med meg i dag? og ønsk meg lykke til. eg vil ikkje sei for kva enda, så berre sei lykke til. sei lykke til, hemmelig! suss.

one of my favorite poems by andré bjerke. feel free to try the google translator.
to tips!

min gode venn hos vintagefashion.dk har lagt ut masse nytt dei siste dagane, og eg vil anbefala alle å gå inn dit og ta ein titt. i løpet av denne veka vil ein av mine lesarar kunne vinna eit gavekort i nettputikken, så berre hald augene opne.

i nettputikken min har eg ein auksjon på den fine sekken min akkurat no. det er ein del anna nytt der óg, for dei som vil.
analog i
appelsinblomstredning.
i går hadde eg den verste dagen på lenge. eg vakna med så vondt i skuldra at eg ikkje klarte å snu hovudet og dagen gjekk liksom nedover i ein spiral. ned ned ned. da er det berre å ta seg i nakken. så! eg fant fram det mest fargesprakande i kjøleskapet.

med det laga eg ein tabouleh for meg og han der fine.

og når eg egentlig ville legga meg og sova til torsdag, drog eg meg opp og ut på kino.

kinosnop!

og berre så de veit, når ein er sjuke eller har dårlige dagar får ein kjøpa litt snop med fine boksar. appelsinblomst var så fint. å.

kva pleier de å gjera på dårlige dagar?

yesterday i had a really bad day: this is how i saved it.

dette er den lengste mandagen i verdshistorien.
og det skjønnar de nok når eg synar fram kva eg har brukt mandag til
ja. eg kjem sterkare tilbake seinare i dag.
ja. eg kjem sterkare tilbake seinare i dag.
søndag del to
eg og han der fine åt pai som eg laga, den var kjempegod men bildene av den forsvann inn i kameraet mitt og ville aldri komma ut att. men eg var blåblomstra i håret og på kjolen.

eg hadde på meg den nye sekken min som eigentleg er altfor liten. skulle vore sju, eg.

me reiste liksågodt ein tur opp til janne. eva og odin la puslespel.

eg prøvde å vera med men eg er så dårlig til det så eg gjekk heller rundt og tok litt bilder. janne har mykje dyr te.

og fine ting på veggane. nokre av postkorta fekk ho av meg til purstagen sin. polaroidbiletet er frå doen i kråkeslottet.

me gjekk på loftet.

der hadde nokon lagt ein arkitektmodell som var himla fin.
og dessutan var det folk der.
omtrent da gjekk me heim for å sjå tv og drikka kakao.
for ei fin helg! suss!

sunday, part two!

søndag del ein

i dag stod eg tidlig opp for å baka brød. dei hadde valnøtter på seg og var så gode så gode.

min frukost. kakao, te, eplejuice, brød + pesto & kvitost.

janne kom til frukost.

ho hadde tre ulike typar drikke.

etterpå reiste eg og janne på t-bana til bøler. der var det loppemarknad. eg kjøpte noko som var inni ein så fin boks.

og ein pose snop som var bøker.

janne hadde veldig flotte blomar på skjørtet sitt.

og ho var glad. sånn omtrent.

eg fekk kjøpt eit langt og smalt kaleidoskop som me såg i på veg heim.

vel heime gav eg han der fine boksen. inni den var ei remington-skrivemaskin, ei sånn som han har ønska seg. så no har me kvar vår.

eg har vore i sofaen med te og brød og mi nye bok.

fin så langt.
forresten: snart startar eg opp skattejakt:oslo-prosjektet mitt, kven vil vera med? det kjem til å kosta typ femti kroner og det blir ei helg i oktober.

my sunday so far!
eit brev.
i dag då eg våkna låg det eit brev på pulten min.

fransk-kurs for kjærestar!

fransk-kurs for kjærestar!
skrivemaskinlaurdag

(om det er vanskeleg å sjå kva som står med skrivemaskin kan de berre trykka på dei også kjem de til flickr og der kan de sjå dei større)

today i thrifted a typewriter and a suitcase. then we went to pascal to eat macarons and drink tea with clouds in it.
når du går får du lauv i ansiktet raude gule brune, er ikkje det det beste som fins?

god morgon, finingar! no skal eg hoppa ut på loppemarknad. mitt største mål her i verda akkurat no er å finna ei lampe som er perfekt. ønsk meg lykke til. fordi de er så fine og fordi eg saknar hausten sånn har eg laga ei haust-speleliste på spotify. den er ikkje heilt ferdig enda, så ikkje bli redd om det plutseleg er meir musikk der. den er litt prega av filmen eg såg i går, men det tykkjer eg berre er fint. versågod.
ps: kva skal de i dag? skal de baka brød og hoppa i sølepyttar?

look! i made you a spotify playlist for autumn.
tabouleh på eintotre

i går var eg aleine til middag, og da er det okei å laga ein enkel tabouleh for ein person. da treng du couscous, agurk, sitron, kvitlauk, cherrytomat og vårløk(men det hadde eg neimensantenikkje).

og persille! du kokar couscousen, finhakkar agurken og pressar kvitlauken, skjærer tomatene i små skiver. med finhakka persille blandar du alt ihop og pressar litt sitron på(pluss mynte om du har). server med litt kesam i ein wrap, om du vil.

mums!

yesterday's dinner was a single tabouleh. so good!
sommarfuglar i magen-film
i dag har eg vore så heldig å få sjå 500 days of summer på ei pressevisning, halvannan månad før alle andre i dette landet. han der fine fekk komma óg. eg smilte nesten heile filmen gjennom. den var fantastisk. for dei som ikkje veit, er den så fin som det her:

så eg tykkjer alle(alle!) som i det heile kan tenka seg å sjå den kan skriva i kommentarfeltet "EG VIL SJÅ DENNE FILMEN!", sånn at SF norge aldri aldri aldri tvilar igjen på om dei skal setta opp ein så fin film på kino.
ps: eg veit at de er litt triste for at det er så lite bilder av mitt liv her for tida, det er rett og slett fordi eg jobbar så mykje analogt akkurat no og ikkje har plass til to store kamera i veska mi. men vil de sjå kva eg og han der fine hadde til lunsj i dag? okei.

i dag er det fredag og eg skal ha det vidunderlig! skal du?

today i got to see the movie 500 days of summer long before the rest of norway, and it was wonderful! i couldn't stop smiling after it was over. it's my new favorite movie. oh, and i had macarons for lunch.

diving bell and the butterfly
dykkerklokken og sommerfuglen er ein film om jean-dominique bauby som på si tid var redaktør for franske elle. så fekk han eit slag og fekk det såkalte locked in-syndromet der hjerna er fullt fungerande, men ein er heilt lam i heile kroppen. det einaste han hadde igjen som var begegelig på heile kroppen var det venstre auget. med det venstre auget dikterte han ei bok om sitt liv, diving bell and the butterfly, som har blitt filmatisert så fint så fint på fransk. berre sjå, det er røntgenbilder i introen

han har så morsomme hjelparar, og alle er megafine jenter som han tenker oh-la-la om i hovudet sitt.

han døydde ti dagar etter boka var utgitt. men for ei vidunderleg bok det er. og for ein vidunderleg film om eit vidunderlig liv. kjøp den og sjå den. suss!

om avgjerande sekund i eit liv

natt til niande november totusenogfire:
eg leser ei bok. er ikkje sikker på kva bok det er, er ikkje nøye heller, eg fekk sikkert aldri lest ho ferdig, sikkert ei dårleg bok. eg har hatt den verste dagen i mitt liv så langt og ventar på at han skal ringa, han som eg så langt har måtta holda heilt for meg sjølv. han som spelar piano til meg i timevis på natta og får så himla store telefonrekningar. eg som sniker meg inn på mamma og pappa sitt soverom kvar natt for å stjela telefonen til pappa. såvidt innanfor dørstokken, strekker kroppen min så lang den berre er og smyger den stille av nattbordet.
han ringer og eg forteller om dagen min, om korleis dei såg på meg og korleis eg følte meg og korleis eg berre vil forsvinna, føla at eg er som ei bølge i eit hav, det største havet, kva heiter det no igjen? stillehavet, seier han. han snakkar om tolkien, han bør eg lesa, eg tenker blablabla slutt å snakk om bøker versåsnill. me snakkar om foreldre og religion og døden. og plutseleg seier han berre "er me saman no?" og eg seier "eg trur det". (sånn gikk det til, altså. eg sa ja på ein augneblink og eit par månadar seinare var eg hekta for resten av livet på den lukta av han når han kyssar og korleis haka mi passa perfekt i halsgropa hans. berre sånne små ting får sprettballar til å spretta, de veit.)

fire sukkerbitar

deerlings & ghostthings
eg vart først forelska gjennom flickr før eg fann ut at ho har ein blogg óg. ho har nydelege bilete og skriver så fint som berre dådyr kan tenka.

sugartime
ida er den søtaste blåbærsmuffinsen som fins, trur eg. ho har så fine kjolar og så fine underskjørt og så fine bilder.

julia
julia er meir som ein samleblogg for dei fine tinga her i verda. verdt å ta ein titt på!

ennui
emmy er min nye favorittblogg. ho likar hausten og fine tøy og te og å baka. og sånt likar jo eg óg!

four blogs i really like at the moment.
berre eit lite spørsmål:

kjelde
er hausten der du er?
(for den er ikkje her, og eg lengtar men det verkar som den aldri kjem. kjem ikkje hausten til oslo?)
the secret

kjelde
when you were sleeping on the sofa
i put my ear to your ear and listened
to the echo of your dreams.
that is the ocean i want to dive in,
merge with the bright fish,
plankton and pirate ships.
i walk up to people on the street that kind of look like you
and ask them the questions I would ask you.
can we sit on a rooftop and watch stars dissolve into smoke
rising from a chimney?
can i swing like tarzan in the jungle of your breathing?
i don't wish i was in your arms,
i just wish i was peddling a bicycle
toward your arms.
(jeffrey mcdaniel)
fint i dag.
i dag har eg vondt i bihulene, så eg er berre heime. ser antm på youtube og drikker te. da er det fint å vita at det finst så mykje fint i verda.

fortel meg om ein fin augneblink. eg tykkjer me skal samla på fine augneblinkar saman, eg og du.

i'm sick today but i love these photos! all images are linked to their sources.

fortel meg om ein fin augneblink. eg tykkjer me skal samla på fine augneblinkar saman, eg og du.

i'm sick today but i love these photos! all images are linked to their sources.
god morgon, flytt inn med meg?
kirchblüten

kirsebærblomster er ein nydeleg vakker film om kjærleik og kunst og familie. og om sakn. mest av alt, for meg, så var det det fotografiske i denne filmen som slo pusten ut av meg. fantastisk film. sjå den.

i love the movie kirchblüten.
epilog.

i går åt me den lengste frukosten nokonsinne. deretter bar det ut på ferd til birkelunden og på kino. me såg upperdog. den var heilt fantastisk og den MÅ de sjå. eg skreiv til og med med store bokstavar. forresten, i betongen ved heisen i vår etasje er det eit sår som ser ut som eit hjarte.

til middag laga han der fine tortillapizza som var fabelaktig med mozzarella og fetaost.

fine fredrik.

christine fekk kjøpa den fine kjolen. for ho var så fin i den at eg ikkje kunne tillata at ho ikkje hadde den.

til dessert kjøpte me kokosis på deli de luca og satt oss i parken på olaf ryes plass.

nokon hadde hatt såpe i fontena og det var skum overalt.

eg ville ikkje at dei skulle reisa i heile tatt.

men det gjorde dei til slutt.

og på veg heim var det haustskuggar på asfalten.

i had a wonderful sunday yesterday, and didn't want my friends to leave.
om teite tankar om teite ting.
av og til, sjølv om ein prøver å vera så positiv ein berre kan, er det vanskeleg å vera menneske. til dømes er det vanskeleg når ein prøver ut ein ny type p-piller for legen sin og ender opp med å legga på seg ein heil masse vekt som ein ikkje har ønskt velkommen eit einaste sekund, og det igjen fører til at ein føler seg utilfreds med seg sjølv og ingen av kleda passar og ein blir overbevisst på sin eigen kropp(difor er det så lite bilder av meg her på bloggen no for tida, fordi eg av og til helst vil tre over meg ein svart søppelsekk når eg vaknar om morgonen). det er óg vanskeleg når ein har ein kjempefin leilighet som ein gjerne vil visa fram til heile bloggverda, men ikkje tør. for tenk om nokon kjenner igjen bygningen der ein bur, tenk om alle dei teite folka som leser her gjer alvor av truslane sine og dukkar opp på døra mi for å skada meg.
berre så de veit. at eg óg har sånne tankar. det luraste ein kan gjera da er å kjøpa litt vin og invitera med seg fine venner ut i ein park eller på kino og berre slappa av, leva i nuet, ikkje tenka fram og ikkje tilbake. kanskje kjøpa litt sukkerspinn og snurra rundt og rundt i ring eller ned ein bakke til ein blir stoppa av ein lyktestolpe. for alt blir bra til slutt, og det er det viktigaste.
suss.

saturdays and sundays

i går tok me med oss leiligheten ut i ein park. me satt avskjerma frå verda under eit tre i mørket og det var himmelsk å vera oss igjen, å mimra om vidaregåande og alle dei dumme tinga me har gjort.

me prata om livet og kjærleiken og religion og gud og energien i universet og skule og kor rart det er at eg bur i oslo no.

me drakk vin og øl i glas som av og til knuste.

og morgonen i dag har vore veldig sånn. med lang lang frukost og latter og smil.

yesterday's party was wonderful and this morning has been too!
omtrent så fint som polkadottar og lakris.

i dag tidlig åt me lang frukost før me reiste på bana mot eit loppemarked me aldri fann.

han der fine las aviser som han pleier.

han her er min nye bestevenn, og eg har brukt altfor mykje pengar på film i det siste. de skal få sjå!

me reiste på bare jazz, og ingvild hadde på seg den finaste kjolen. den er så kort at heile rumpa visast om ho bøyger seg berre pyttelitt fram.

bare jazz er som eit magisk univers, og ein møter alltid på nokon ein kjenner.

som han her som eg ikkje har lov til å skriva om.

og finaste finaste mariel.

og fredrik! han var kanskje invitert, da. og tenk at han óg skal sova på golvet mitt i natt. eg er i venne-ekstase. no skal me drikka øl i parken. suss!

i've had a lovely day with lovely friends and my new camera.
fruktvin og leopardkjærleik.
i går skjedde noko heilt fantastisk. lykka kom heim i form av christine og ingvild. eg skulle tatt bilete av dei på oslo s, men eg var for opptatt av å hyla. eg tok dei med meg heim, eg.

fine ingvild.

me åt enchiladas med guacamole og kesam og det var himmelen.

vintips! denne vinen er laga på jordbær og hylleblomst istadenfor druer og den er så himla god!

og snop.

og epler. på piknik på golvet.

fine christine.

me snakka om dei gamle dagar på vidaregåande og korleis livet vart litt annleis enn me hadde trudd, og kor rart det er at eg er sambuar og kor søt han i kassa på rematusen er. og me lurte i christine snop, for ho skal egentlig ikkje ete det, men ho åt (skum)bananer og (sure)kirsebær og (gummi)krokodillekjøtt og (sprengt)fersken.

så tok me med oss vinen ut på taket ei stund.

månen var der.

og christine som ein leopard. i dag kjem det meir fantastiske folk og det skal skje så masse fint. eg er på toppen av lukka, berre så de veit.
kva skal de på ein laurdag som i dag?

yesterday my friends from far away came here on a train and my heart is very happy at the moment.

hihi og ein fredag.

for eit år sidan i dag såg eg sånn ut. tenk det. eg saknar håret mitt. i dag får eg megapusøk, eg har sju flasker vin i kjøleskapet og eg held på å sprekka. kva gjer de på ein fredag som i dag?

this is me a year ago today!
b/w
i dag skal me i mørkerommet på skulen. på skulen min har me svartkvitt mørkerom, og den fyrste oppgåva me har fått analogt er ei svartkvitt oppgåve. eg skulle ønska eg kunne fotografera så fint som elliot erwitt.

kjenner de til nokre fine fotografar som fotograferer svartkvitt?

i love elliott erwitt's photography!

kjenner de til nokre fine fotografar som fotograferer svartkvitt?

i love elliott erwitt's photography!
appell.
eg vil berre oppfordra absolutt alle i heile noregs land som er gamle nok til å stemma stemma stemma anten i morgon eller på måndag. for den som ikkje stemmer den vil ikkje eg snakka med i alle fall(uansett kva unnskyldning du har, uansett kor hard du trur du er med prinsippa dine: eg orkar ikkje høyre på nokon som ikkje brukar stemmeretten sin). eller kva? eg vil ikkje snakka så mykje om politikk eller prakka på nokon mine synspunkt eller verdiar som andre bloggarar gjer, eg vil berre seie ein enkelt ting: tenk på barna dine og barnebarna dine og dei som skal arva verda etter oss.
reprise: om mitt første kyss
når eg var yngre budde familien min framme i ein dal, ganske avsperra fra resten av sivilisasjonen. ungane i nabolaget pleidde å finna på ganske mykje morsomt, me bygde utallige trehytter og leikte gøymsel i skogen og i fjellet(for sånn bur eg, nemleg). også hadde det seg sånn at eg var litt... småforelska. i ein gutt. sjølvsagt var det den samme guten som alle jentene på min alder i nabolaget var forelska i, men det var liksom ikkje nøye når ein var 12 år for heile verda var di og ingenting vondt kunne skje.
ein dag berre ringte det på døra. og det var han. og han tok meg i hånda og eg berre fulgte etter han for han tok meg i hånda. han tok meg i hånda. flodhestar i magen. øverst i nabolaget budde det ei veldig gammel dame. ho var pensjonert misjonær og laga dei beste lappane i heile verda. ho hadde eit uthus der me pleidde å leika. me innreda det til og med, med alt me kunne finna heime som ikkje ville bli sakna med det første. han geleida meg inn i uthuset. eg, litt usikker, satte meg på enden av senga. han satt seg ved sidan av meg. så datt me liksom bakover samtidig. fnising, hugsar eg. også spurte han kan eg få eit kyss? og eg sa nehehehehei. det kan du minnsann ikkje, berregløymdetkompis.

men så la han hovudet mot mitt som hestar gjer og liksom strauk mitt hovud med sitt hovud før han la seg til med trutmunn og det eine auget ope(for ein skal jo eigentleg ha augene att som på film, de veit). så sussa eg han. midt på munnen. og det var det raraste eg nokon gong hadde gjort, for kven skulle vel tru at det gjekk an å sussa ein gut sånn heilt utan vidare på ein torsdags ettermiddag. så låg me berre der og såg i taket ei stund, hugsar eg, før me sussa ein gong til. så gjekk me heim til han for å eta lollipop og sjå ricki lake. for det var jo det me pleidde å gjera.

a very hungry caterpillar
i går sneik han der fine seg vekk frå meg i fem minutt medan me var ute. plutseleg kom han stormande ut frå ein ark-putikk med ein pose med ein pakke med dette oppi:

eit lille larven aldrimett-kaleidoskop!

og kven bur inni der? sjølvsagt larven sjølv. fint vel?

my boyfriend bought me this a very hungry caterpillar caleidoscope yesterday!
åh, angelina.
eg kan ikkje tru at eg ikkje har fått med meg desse bileta før no. for w magazine fotograferte brad pitt familien sin i ei veke. nydelege bilete av angelina og borna.

så. himla. fine.

i just love brad pitt's photos for w magazine!

så. himla. fine.

i just love brad pitt's photos for w magazine!
dagens utfordring

i går tok eg toget ut til kusina mi. på toget fekk eg tid til å skribla ned tankar og bloggidéar. tid på tog er priceless.

eg hadde med meg te på min nye termos som matchar kærlighed-handlenettet mitt! den kjøpte eg på åhléns, om du vil.

sjå kor fine dei er! når eg er så mykje med familie som eg jo er til å ha flytta langt vekk frå dei fleste, så får ein tid til å tenka litt óg. og eg har tenkt at det er så synd korleis folk mistar kvarandre her i verda. difor får de eit oppdrag i dag: de skal ringa nokon de ikkje har snakka med på lenge. de skal snakka om været, om middag i dag, om kva du ønskar deg mest i verda akkurat no, om den siste boka du leste/filmen du såg. og bestemora di. er de klare for det?

today i challenge you to call someone you haven't talked to for a long time!
inspirasjonsboost
no vil eg at alle(alle!) som er inne her og leser kvar einaste dag skal ta seg litt saman og hjelpa meg. eg vil nemlig laga ei slags oversikt over vidunderlige ting å finna på internett, pluss bøker og filmar. så no skal de tenka så hardt de kan, leita i favorittane dykkar og gi meg fine prosjekt og fine fotografar og fine folk og fine bloggar og fine bilete og fine bøker og filmar. er de klare for det? så skal eg dela ting som fram til no har vore hysj-hysj óg, okei? eintotre fyrlaus!
translation:
i want to know all your favorite websites!
translation:
i want to know all your favorite websites!
berre ein sånn ting
i dag tidlig opplevde eg noko som var heilt magisk. eg stod opp etter fire timar søvn, med pandasminke og cava under huda og måtte skyndta meg(veldig halvhjarta) til trikken. ein mann setter seg ved sidan av meg, som ein ofte gjer på trikken og ein trur at dette blir to heilt ordinære trikkestopp. men ut av det blå i ei lomme kjem eit egg. han kakkar det forsiktig mot kneskåla si og holder det deretter i hånda. i dag satt eg altså på trikken med ein mann med eit egg i hånda. og så fantastisk at sånt kan skje.
tversoverpaljettar

i går kveld var det purstagsfest for janne og eva. det var altfor gøy med altfor masse cava.

jens hadde tversoversløyfe.

han der fine hadde eit hjarte på tskjorta.

min nye hobby og kanskje til og med prosjekt: fotografere folk under døra medan dei er på do. fantastisk.

dette var purstagsgåve frå meg til janne.

me henta han her, men eg har ikkje lov til å skriva om han, så me snakkar ikkje meir om det. <3

før eg gjekk heim helte eg paljettar i senga til janne. fint vel?

last night we celebrated janne and eva's birthdays!
om sånt som er vidunderlig
å sitta med bøker til dei er tomme og innsjå at det er midt på natta og iskaldt før ein får summa seg eingong. å finna ut at ein kan gå eit år tilbake og sjå at eg skreiv dette innlegget den sjuande september i fjor. å kjenna at ein saknar mamma og pappa og søster og hund. fersken-body butter. knallrosa kinn. å kjenna at det snart er kaldt. å for fyrste gong i haust å kjenna lukta av peisfyring medan ein går til kiwi ein laurdagskveld. å ha fine lesarar som stoppar meg på gata og seier fine ting til meg. å få fine saker i posten utan at ein har purstag eller har kjøpt det sjølv. å føla at ein har tatt rett valg for resten av livet sitt. å føla at ein gjer forskjell. å kjenna at ein er viktig. å endelig få den største klemmen i verda etter å ha vore nesten-åleine heile helga. å vera så trøytt at ein sovnar utan å legga seg.
å få spontanpusøk av ho som er mi finaste i verda og han som er finast for ho på ein søndag.

og å få ha dei litt for seg sjølv.

og å få visa fram skulen sin litt.

og å finna eit ansikt i eit speil.

og å kunna sovna kvar dag og vakna kvar dag med han her.

og å ta bilder ein ikkje pleier å ta. og at det er søndag og at me skal på fest i kveld.
kva er vidunderlig for deg i dag?

things that are wonderful today: having my best friend and her boyfriend just drop in for a visit, being in love, preparing for a party tonight. sundays.

skyr!

no må de reisa på putikken i morgon og kjøpa kjøpa kjøpa skyr! skyr er ein slags tjukk yoghurt frå island som er feittfri og har masse protein. produkta frå q-melk har heller ikkje tilsatt sukker. dette blir i alle fall lunsjen min framover, berre så de veit. suss!
(nei, eg er ikke sponsa av q-melk, eg berre likar skyr frå turen til island og vart så glad når eg såg det i putikken.)
laurdagsskattar
i dag har eg vore på loppemarknad med ina! me var på heile tre og fann mykje fint småtteri(men ingen lampe). her er litt av skattane frå i dag:

eg elskar alt sånt ein ikkje veit kva er før ein opnar det.

dette var eit sysett! og eit søtt eit óg.

eg fekk kjøpt ei veldig fin ramme.

fine russiske babushkadokker.

eg fann eit pingvinkamera og måtte jo berre kjøpa det, for det var akkurat eit slikt som var mitt aller første kamera. nostalgi.

og eit leica! for fem kroner.

ei ny fin lommebok óg!i tillegg eit kaleidoskop, eit skjørt og ei pakke med pusekattblyantar. det har vore ein suksessrik dag med loppemarknader, og eg har ikkje brukt meir enn hundre kroner! veldig fint.

i went to three flea markets today, and these are some of my findings!

god morgon.

god morgon, finingar! i dag er det laurdag, så i dag kan de:
♥ eta snop
♥ sløva med dei finaste folka du veit om i verda
♥ skribla litt i fine skrivebøker
♥ ligga i ein park om det ikkje regnar
♥ ta offentlig transport fram og tilbake og lesa ei bok
♥ drikka vin eller pink lemonade
♥ eta masse god mat
♥ sussa
♥ sova meir
♥ tenka på varmluftsballongar
eg skal på loppemarknad og skattejakt i dag! kva skal de?

luckily it's saturday today, so if you want to you can eat candy, be with friends, write in your pretty books, roll around in parks, ride the trem/bus/train back and forth and read a book, drink wine or pink lemonade, eat lots of nice food, kiss, sleep, think about hot air balloons.
aleine-fredag
i kveld er eg aleine. ikkje i verda, men i leiligheten. for eg er for liten til å bli med nokon plass, får ikkje ete gulrotkake om ein ikkje er tjue i denne byen eingong.

i dag har eg vore på uff ved jernbanetorget og kjøpt fin sløyfe som fort vart omgjort til å ha i håret. den er fin i fløyel med blomar på.

eg har vore på frukost med svigers, lunsj med han der fine, fredagspils med klassen og indisk til middag. oj oj oj.

eg har kjøpt raudvin som står i kjøleskapet og nytt undertøy. eg har brødskive med rød pesto og tynn skinke. pluss peppermyntete.

og tenkt på turen eg skal ta i oktober som blir himla fin. og på at eg skal(må) kjøpe lampe på loppemarknad i morgon fordi det er så himla mørkt her heime.
kva har de gjort/tenkt/planlagt i dag?

today i've eaten all my meals out of the house, so i'm spending the evening alone in the apartment(i'm too young to go out in this city).

tips!
for dei som bur i oslo har eg to tips i dag: på rafens i markveien(inngang med kiwi) er det salg salg salg, og der har dei masse fint frå til dømes rice og marimekko. og for dei som kanskje ikkje bur på grünerløkka må ein gå heilt heilt heilt ned i markveien mot akerselva til ein putikk som heiter marianne. det er ein gjenbruksputikk og der har dei masse rart(det var der eg fann kaninstativet!). suss!
om å bli voksen
heile livet har eg prøvd å unngå dagen i går. for i går kom dagen då eg måtte innsjå at eg har blitt voksen. ikkje misforstå, eg kjem framleis til å telja føflekkar og samla på kaleidoskop og fryda meg kvar gong nokon trynar på trikken, men i går. i går kjøpte me vår første støvsugar. eg og sambuaren min(skjønnar de, eller?). og ikkje nok med det. eg stemte ved mitt første stortingsvalg nokon gong. da er ein voksen, da. oi oi oi. og eg likar det ikkje, ikkje i det heile, får lyst til å bli sjuk, ta bussen heim til mamma og pappa, ligga i fosterstilling på sofaen og bli oppvarta og passa på. knips, så var eg her. no vil eg berre heim.
konkurranse i samarbeid med ND! design
fine june frå ND design har sendt meg ein nydeleg premie til haustkonkurranse, nemleg ugleøyredobbar til ein verdi av trehundre kroner, pluss fire fine bobby pins!

og det du treng å gjera for å vinna dette er å skriva eit lite dikt som inneheld desse orda: mann, ugle, grønn, auge, blomar, springe, mango, tv. ein kan bruka alle orda i alle bøygingar og formar. ein kan bruka nokre av orda eller alle orda om ein vil det. diktet treng ikkje å handla om noko spesielt i det heile, men det skal høyrast fint ut. i tillegg til det må alle stikka innom ND! design sine sider og lima inn link til sitt favorittprodukt derifrå. lykke til!
vinnaren har blitt kåra!

autumn competition for my scandinavian readers.

bli med meg ut, da

frukost! blåbærte og eit lite nanbrød.

og litt snacks til trikken.

eg stoppa opp og tenkte at snart er alle saman på bakken. blada, altså. så eg måtte springa til trikken.

så litt skule også lunsj. hei, lunsj!

me var på utstillingane på nobels fredssenter.

og dette biletet(av rune eraker) slo meg heilt i bakken. me var óg på forsvarsmuseet på miss landmine-utstillingen som var veldig spesielt laga til(og den er gratis).

så heim til kjærleik. og pasta pesto.

og pink lemonade.
korleis har din dag vore?

today i had blueberry tea and naan bread for breakfast, i stopped to think about trees in autumn and almost missed the trem. my class and i went to see the exhibitions on the nobel peace center. then i came home to dinner on the table and pink lemonade.
i kveld

i kveld tok han der fine meg med ut på konsert. det var sesongstart på nasjonal jazzscene, og nils petter molvær hadde konsert. eg fekk eit glas med vin og det var ein vidunderlig konsert sjølv om me nesten ikkje såg nokonting. frå der me sat såg det sånn ut

(gitaristen er ganske heit)

på trikken heim hadde eg føttene i setet utan sko og fryda meg over at eg kunne. fin onsdagskveld.
eg veit at de vil vita meir om livet her i oslo, om leiligheten og om skulen og om alt det der, men eg veit ikkje kva eg skal sei enda. det er så mykje eg ikkje har fått køyrt gjennom mitt eige hovud enda, for det skjer så mykje heile tiden. og difor er eg litt dårlig på å oppdatera. men eg tenkte de skulle få bestemma litt sjølve: om de utelukkar det eg allereie har utelukka som aktuelle emne, kva vil de sjå bilder av/lesa tekst om? og ikkje sei sånn "eg er fornøyd som du gjer det no", prøv heller å gi meg idéar! og de får ikkje sjå bilder av leiligheten. i alle fall ikkje enda. eg er veldig open for litt inspirasjon. og de er megafine. vit det. de får sussar på nasane, alle saman.

tonight the boy took me to a jazz concert. we drank wine and enjoyed the lovely music. on the trem home i had my feet in the seat in front of me and it was glorious.
ville det ikkje vore ganske okei

om ein fekk gjera sånn på passbilder?

wouldn't it be great if everyone could look like this in their passport photos?
eg er flink til å
for eit par dagar sidan spurte ein lesar meg om kva eg vil seie sjølv at eg er flink til. og det er himla vanskeleg å finna ut av seg sjølv, men eg er iallefall flink til å
♥ laga mat
♥ gi klemmar
♥ kjøpa ting eg ikkje har råd til
♥ laga ostekake midt på natta
♥ kyssa og holda hender
♥ vera ærlig når eg må
♥ skriva
♥ gi presangar til folk utan at dei har purstag
♥ vera nervøs
♥ drikka vin
♥ holda tankar i hovudet så lenge at eg ikkje får dei ut
♥ tenka utanfor boksen
♥ lesa bøker og sjå filmar
♥ reisa
♥ fotografere
♥ sjå bra ting i andre
♥ vera forelska
♥ vera våken heile natta for å gjera ingenting
♥ laga heilt andre univers
♥ vera impulsiv
♥ ha det fint rundt meg

oui.

bilete
no reiser eg snart ut. og ned. og inn. og bort. og til skulen min. for fyrste skuledag. og eg er ikkje nervøs lenger men tenker at eg kanskje burde vera det, eg veit ikkje. ønsk meg lykke til, i alle fall. for no hoppar eg.

it's my first day of school today. wish me luck!