LAURDAG.
(ja, eg lever!) i dag har eg hatt mamma og pappa på frukostpusøk, eg har kjøpt kjole, har vore på pascal med herlege folk, vore overraskelsesbarnevakt, ete fabelaktig pasta og bakt kake. no er klokka snart eitt, me høyrer på franz ferdinand og no skal eg drikka meg fin på vin med fabelaktige folk og i morgon får de vera med(for eg har fått kamera). håpar de har det fantastisk fabelaktig! suss!
nytt.

(om ein ikkje har kamera, får ein scanna) i dag har eg kjøpt deilig nytt undertøy(veit de at det er lov på fredagar? det er det).

her er eit fat med kinamenn på(kjøpt på marita-putikken i markveien) og ei ny sløyfe frå mamma.

marie antoinette-bilete og ny fabelaktig eyeliner. den er så tynn og presis så det blir sånn

så lett som ein plett(den heiter glam eyes frå rimmel). blah, eg er så irritert på håret mitt, skulle ønska det var oransj. i kveld skal eg laga min fabelaktige pizza med makker han der fine. kva skal de i kveld?

my camera is broken, so i'm scanning things instead. new underwear, new plates and bows, new marie antoinette plaque and new eyeliner!
i dag har eg
♥ lært noko nytt i photoshop
♥ vore med mamma og pappa som er her for helga
♥ ete middag ute med mamma, pappa og han der fine
♥ fått masse fine gåver
♥ kjøpt det største glaset i verda med pesto
♥ vore på jazzkonsert
♥ drukke chai
♥ blitt gjenkjent ein heil masse gangar
♥ møtt finaste vennekanina på brugata
♥ tatt morsomme bilder i iphoto
♥ drukke raudvin med finaste vennekanina
♥ sett alle episodane av tina og bettinas videoblogg på youtube
♥ tryna over bagasjen til finaste vennekanina og strukke ein muskel i låret
♥ sagt hejdå til finaste vennekanina
for ein lang dag! no skal eg og han der fine eta dødsteikte baguettar og sjå ein episode dexter før me sovnar og søv lenge lenge heilt til neste dag. kva har de i dag, om de ikkje har sovna allereie?

l o v e

har de elska noko nytt i det siste? bøker filmar bloggar tvseriar?
om det varme i magen når han låser døra
eg har ei lang historie med å føla meg utrygg. i huset der familien min budde før sneik eg meg ned trappa mange gonger for natta for å sjekka at døra var låst, at alle vindauga var lukka, at lillesøster var der. på barneskulen såg eg rundt kvart hjørne for å unngå dei som ikkje ville meg godt. før eg flytta frå det nye huset var eg redd fordi det ikkje var altfor vanskeleg å setta ein stige opp mot vindauget mitt for å klatra inn(for det hadde eg nemlig gjort sjølv mange gongar). på vidaregåande levde eg i konstant usikkerhet på grunn av ein husvert med fullstendig mangel på respekt for privatlivets fred. men her i tolvte etasje fins det få bedre følelsar enn det varme i magen når eg høyrer i halvsøvne at han låser døra når han går, berre så eg skal vera trygg når eg søv ein time til.
oui.

om eg fekk velga min eigen forlovelsesring skulle det absolutt vore denne frå dior. berre så de veit.
eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
i dag skulle eg ønska at...

..eg kunne ligga i runde senger heile dagar og lesa bøker frå perm til perm.

..eg kunne flytta inn hit og berre leva i ei pastellboble i mange mange år utan å tenka på omverda.

..eg kunne berre eta heimelaga sorbet..

..og kaker i fine formar med strø.

..eg hadde kirsebærblomar på låret.

..eg hadde ein katt som skreiv lange dagbøker. alle bilete er linka til kjelder.
kva skulle du ønska i dag?

today i wish i was in a pastel green house in a round bed, eating home made sherbet and cookie elephants with cherry blossoms and a diary-writing cat.
eit ord.
i dag jobbar eg med bloggen, skissar idear og drikker dyr te eg fekk i trøstegåve frå han der fine i går. i dag er kameraet levert, men eg får det i alle fall ikkje tilbake(om eg i det heile får det) denne veka. det er litt tørt bloggmessig, så me skal leika ein tysdagsleik! ein leik der de skal spørja meg spørsmål som eg kan svara med eitt ord! ideen er at de får svar samtidig som eg får nye idear til skissing og til blogging. fine tysdagsaktivitetar, spør du meg. så spør i veg!
hvor vil du være aller helst i hele verden akkurat nå?
london!
kven ville du vore viss du kunne vore ein annan person?
mad hatter(i alice i eventyrland.)
nemn ein eigenskap du gjerne skulle hatt.
ryddig.
hvis du kunne velge mellom å være blind eller døv, hvilken ville du valgt?
døv!
er du glad for at du startet å blogge?
ja!
kva for ei norsk overtru synast du er finast?
kumlokk!
i hvilken farge ville du helst malt drømmehuset i?
pastell.
hva synes du om dobbeltnavn?
fint!
hva er yndlingsordet ditt? :)
eufori.
hvilket navn er det fineste navnet, uansett kjønn?
april.
hva ser du som på det største verdensproblemet?
forbruk.
hva er den viktigste tingen du skal gjøre før du blir til støv?
vera fabelaktig.
hvilket eventyr er din favoritt?
alice i eventyrland!
♥hvis du skulle spise èn ting resten av livet, hva?
makronar.
♥hvis du skulle kle deg i èn farge resten av livet, hvilken?
rosa.
♥hvis du kunne høre på èn sang resten av livet, hvilken?
comptine d?un autre été l?après-midi.
♥hvis du bare kunne se èn film til, hvilken?
boondock saints.
♥hvis du skulle kjøpe èn ting til (og ikke noe mer etter det) hvilken?
kaninlampe.
hvor mange kjoler har du?
tjuefem.
kvifor er du så nydelig?
veitikkje!
hva har holdt deg og han der fine sammen så lenge, utenom kjærlighet, så klart?
latter. smil. hender.
hva er favorittspråket ditt?
fransk.
hvilken bok har du på nattbordet?
picture of dorian gray.
hva liker du best - høsten eller våren?
hausten!

om strømpebukser og sånn

kjelde
eg har vore strømpebuksejente i nokre år no, og det fins få ting som er meir frustrerande enn akkurat strømpebukser. det blir hol i dei og dei er dyre. difor vil eg dela med meg mi utarbeida strømpebukseoppskrift så de kan sleppa frustrasjon i kvardagen: på vinteren kjøper eg eit par førti denier på h&m, helst ein fin farge(for av og til kan ein sjå fargen gjennom strømpebuksa over). over den har eg ei i ull, akkurat no har eg pierre robert og det funkar veldig bra. over der igjen må du ha ei avklipt strømpebukse, typ ned til kneet, i kanskje seksti denier(mine er frå lindex), for å beskytta dei andre strømpebuksene frå hol og smuts på toppen. om sommaren byttar eg ut den i førti denier under og har heller ei i litt tynnare ull på(men framleis den som beskyttar over). skjønnar? make me proud!

my recipe for unbreakable tights: 40 denier, wool, then a pair of shorts made from a 60 denier.
mu.
i dag har eg ein ekstremt dårlig dag. kameraet mitt er ødelagt og eg har ikkje pengar til å fiksa det og i tillegg har eg altfor mykje å gjera på skulen. derfor held eg meg unna bloggen i dag, for eg vil ikkje at nokon andre skal bli triste óg. så sjå heller litt i arkivet, det er heilt sikkert noko der de ikkje har sett. sussar til alle! håpar i morgon blir ein betre dag.
søndagar i oktober

i går kosa me masse masse før me stod opp.

då gjekk me ut for å møta familien til han der fine.

me gjekk på restaurant og fekk pizza og tiramisu.

etterpå gjekk me ut for å samla på hausten og gjera litt arbeid til ein liten film me lagar, med stop motion og lyd. det blir fint, så berre heng med.

så vart det mørkt og kaldt, så me gjekk heim for å drikka kakao og amarula og eta arabisk kake med csi:ny på tv. i slike herlege haustsøndagar må ein ta vare på, for før ein veit ordet av det så er det ikkje fleire og då må ein venta eit heilt år til neste gong. kva gjer de på søndagar i oktober?
yesterday we spent hours in bed, went to a pizza place and then outside to collect some autumn in a box.
ella may
no håpar eg jo sjølvsagt at alle er innom onion mag og les der innimellom for å finna inspirasjon og glede i kvardagen, men eg kryssbloggar litt likevel, det er fint med fotografar her óg vel.

å, ella may er så himla fin. og den stolen seier eg ikkje neitakk til.
ps: her kan du kjøpa billige(ca hundreogfemti kroner) print av mine bilder i begrensa opplag! fint på ein søndag.

i heart ella may's photography.

frukost

<3
lykke.
han der fine er heime no, eg har fått fine gåver og me har kosa i heile heile heile dag. me har sove og strykt på ryggen og sussa og sove litt meir. no skal me ut på restaurant og la laurdagskvelden glippe mellom hendene våre der. eg er fin kjærestejente men ikkje så flink hjartesmil i dag, så her får de tre bilder som er fine og som er lykke.

ps: v for vendetta går på viasat fire i kveld klokka fem over halv ti! suss til alle som ser den og suss til natalie portman.

my boyfriend is back from palestine, hence the bad blogging. i hope you all have smashing saturday nights.

to hysteriske.
♥ (dette er sånt som eg vanligvis ikkje forteller om fordi det får meg til å virka heilt gal, men:) i dag då eg ikkje klarte å holda meg lenger la eg meg ned i parken ved bygget vårt og laga englar i lauvet. då kom det ei dame og ein liten gutt som la seg ved sidan av meg og gjorde det samme. så låg me der da, me tre, laga englar i hausten og sa ikkje eit ord.
♥ i morgon tidlig når eg våknar er han der fine ein plass mellom asia og europa. eit par timar etterpå møter eg han på oslo s og eg kjem til å skrika av glede. åh. sånt kan ein sova godt på.
♥ i morgon tidlig når eg våknar er han der fine ein plass mellom asia og europa. eit par timar etterpå møter eg han på oslo s og eg kjem til å skrika av glede. åh. sånt kan ein sova godt på.
knis på ein fredag.
ein veit ein har dei finaste lesarane i verda når dei faktisk lagar fangruppe på facebook. det får meg til å smila i kveld. kva får deg til å smila i kveld?
heihei.
eg tenkte, sidan eg har fått så mange nye lesarar i det siste, at eg skulle ta ein liten introduksjon på nytt! så hei!

eg heiter mariell. eg er nitten år og kjem fra sogn og fjordane(og tykkjer det er kjempemorsomt korleis folk frå austlandet faktisk seier "sogn og fjordane"), nærare bestemt øvre årdal som er ein pytteliten plass heilt innerst i fjorden. der bur min mamma, som er bedriftsøkonom, og min pappa, som er mekaniker, og ei søster med bambiauge som er så fin så fin.

eg elskar å hoppa i sølepyttar, peppermyntete med masse sukker, muffinstruser, kaniner, origami, tulipanar, alt som smakar kokos, tim walker, paris, ting som er lilla og å dusja i kaldt vatn. eg leser bøker om kjærleik og likar det best når pastaen er kokt litt for lenge. eg likar best påske av alle høgtider, for da skal ein berre lesa bøker og ha det fint. eg har ingen bukser men mange kjolar og mange sløyfer i håret. av pai likar eg best eple og fersken, og om noko luktar fersken er det greit for meg. eg vil heller vera pirat enn ninja, men vil heller vera ei marihøne på karnival. eg tar på meg mascara med munnen igjen. eg må reisa ut av landet for å ikkje bli tullete i hovudet. og difor handlar jo bloggen min mykje om det, nemlig.
fjorten. fant han der fine, som eigentleg heiter jostein og berre er tretten dagar eldre enn meg. han snakkar gudbrandsdøl sjølv om han har vakse opp i sogn og har lange dreads sjølv om bror hass ikkje har hår i det heile. han er eit lite geni og spelar piano. av og til får eg bestemma kva han skal spela og da får eg ligga i fanget. han studerar musikkvitenskap og teiknar store kart på gråpapir på golvet. sånn utanom å sussa og å laga mat samlar me på hausten ilag, eg og han. om eg er sjuk leser han eventyr høgt og synger barnesangar til eg sovnar og han kan kaninkyssa og fuglekyssa og hestekyssa og ja. de skjønnar. og når han reiser vekk lagar han kalender til meg med ein lapp kvar dag og han gøymer ting i leiligheten som eg skal finna. i går var det eit kaleidoskop!

seksten. flytta til sandane for å gå media og kommunikasjon på firda vidaregåande skule. der budde eg med fredrik(+ tusen maur) og hadde fabelaktige søndagsfestar i hagen, og rulla i graset for me lo så mykje og så høgt at husverten vakna. eg lærte meg å elska raudvin og pesto, og om vinteren var det så kaldt at ein måtte gå rundt med dyneuniform og det gjekk ikkje an å gjera noko anna enn å sjå disney-filmar på vhs. me bygde fort av stolar og tepper i stova og vinterfestane endte alltid opp på kjøkenet. eg starta denne bloggen midt i mellom alt det andre, også gjekk eg på skulen, da.

nitten. flytta til oslo. no bur me i tolvte etasje, eg og han der fine. her har me kjolar på veggane, og om me vil høyra elva kan me berre åpna vindauget. her studerar eg foto og han musikk og saman er me som ein fin kunstnarkoloni med globusar og bestemordokker og rutedukar. om helgene drikker me cava på sekstitalskjøken og ler i framande senger. av og til reiser me for å eta fine kaker fordi det gjer ein så glad. og på dagane lagar me pasta, kosar på sofaen og teiknar hjarte i håndflatene til kvarandre(og om berre ei veke er me fem år, eg og han, tenk det). og sånn kjem det nok til å vera ei stund.

nokre fine nye som lurer på noko om meg eller det eg gjer? spør spør spør. suss!

an introduction about me for all my new readers! try using the google translator, although i'm not sure how much it will help.

tv-middag.

i dag kom finaste mariel på pusøk. ho åt druer og snakka om ekle jenter.

også byttelåna me litt utstyr og leika litt med mitt gamle kamera som eg straks skal bruka og gler meg skikkelig.

<3

eg fortalte om strømpebukseoppskrifter og at vodka aldri fryser til is i frysaren, for det visste ho ikkje.

så laga me mat og rigga oss til for eit skikkelig tv-måltid(elskar det!). me drakk deilig raudvin som trengte luft og åt herleg pasta med tomatsaus. mums.

med deilig nanbrød med koriander og kvitlauk.

tv-middag med tv.

så reiste me på taket for å sjå på byen og snakka om kor teite folk kan vera og kor rart livet er.
det er så fint å berre kunne vera behagelig rolig med nokon som ein berre har møtt på éin gang før. no vil eg berre at ho skal komma straks tilbake, og det skal ho jo. og i natt er mi nest siste natt aleine, herregud kor fint det skal bli å spela kort i senga på laurdag(ein kan ikkje spela kort berre éin).
har de gjort eller tenkt noko fint i dag?

today i had dinner with mariel in front of the tv, a nice tradition. we talked a lot about silly girls and psycho boys.
om second hand-shopping i oslo.
sidan det er så himla mange som lurer, tenkte eg å dela mine tankar og favorittputikkar i oslo. det er forferdelig vanskeleg å finna noko som er billig og bra her i oslo, oslo er ein forferdelig dårlig second hand-by fordi det er så himla overprisa overalt. eg vil råda alle til å holda utkikk på ebay og etsy om det er noko de vil ha, for de finn det nok der til i alle fall halv pris av det de må putala på fancy vintageputikkar.
ta til dømes fretex og UFF, som begge er veldedighetsorganisasjonar. begge har desse "fancy" versjonane av putikkar, og dei stygge kleda plasserar dei på grønland. det blir berre så altfor feil, tykkjer eg. kvifor skal ikkje folk med mindre pengar få gå med paljettkjolar og sløyfetoppar når det var det som var konseptet i utgangspunktet? difor held eg meg unna fretex unika(eigentleg fretex generelt, dei er alfor opptatt av å tjena pengar på unge menneske med interesse for klede) og UFF underground, og prøver heller å leita litt. gå på loppemarked, leit i tilbudskorger. det er der ein finner skattane! uansett, her er mine favorittar:
UFF
ikkje gå til den fancy UFF underground i storgata, det er nesten berre tull. gå på den som er nærare jernbanetorget, i svingen der. der har dei alltid eit stativ med kjolar til typ hundre kroner og dessutan har dei store korger med sløyfer der. om du leitar etter skjørt bør du gå på den ved høgskulesenteret, rett over vegen for trikkestoppet ved same navn. (jernbanetorget + høyskolesenteret)
trabant
trabant har to putikkar i markveien som er veldig bra(den eine heiter robot), og begge har alltid tilbudsstativ utanfor(som heller ei er dårlige). folka som jobbar der er hyggelige og hjelper til med alt dei kan, og ein får ofte litt rabatt om ein kjøper fleire plagg. (markveien x2 + torggata)
velouria vintage
går óg eigentleg i kategorien "dei som tek altfor mykje pengar for ein kjole frå sears kjøpt ca nittenåtti i wisconsin", men dei har fine tilbudsstativ utanfor til ei kvar tid. og om du leitar etter støvlettar er dette plassen å gå. (markveien)
frøken dianas salonger
her får du masse masse fint. og her kan ein gå om ein er litt trist, berre for å pilla på ting. dei har kjolar som får ein til å føla seg som dokker, og alt er håndplukka frå dei beste markeda heile verda over(men det er framleis overprisa). dei har søte smykke og fin hårpynt og fine møbler. (markveien)
birkelunden
birkelunden er eit marked som er kvar søndag til snøen gjer det umulig. det er meir eit bruktmarked enn eit loppemarked, og difor ein del dyrare(og det er alltid dyrare når folk selger sine eigne ting, hugs det), men det er så gøy å gå der og av og til finner ein ein kjole til hundre kroner som får bli med heim. (birkelunden, ta trikken til stoppet med samme navn)
loppemarked.info / loppemarkeder.com
det finaste som finst finn ein på loppemarked. om ein skal til oslo bør ein sjekka det ut før ein reiser og planlegga litt. ein god hugseregel er at jo lenger vekk frå byen, jo bedre. det er mindre folk og derfor færre om skattane. og les annonsane grundig og sjekk kollektivtransport grundig. det er ikkje så gøy å rota seg vekk, nemlig.
er det noko meir spesielt de lurer på? eg er ikkje så god på oslo enda, men eg kjem jo til å bli det. og da får de bedre tips enn kven som helst kunne gitt fra seg. også kjem det ein sånn med fine andre plassar óg, men først må eg finna dei. det er berre å spørja om de har spørsmål. suss.

my oslo-tips!

ti ting du kanskje ikkje visste
♥ i mitt hus har me 3423532 trappetrinn.
♥ eg har ein evig pågåande krangel med mamma om den stygge buska i hagen heime. eg seier fådenvekk! ho seier nei.
♥ eg likar betre å skriva tal med bokstavar og likar ikkje store bokstavar, for eg tykkjer dei er sinte.
♥ nellikar og syriner er mine favorittblomar.
♥ då eg var liten var eg fullstendig tv-slave, og fekk tv-forbod i eit halvt år. gud som eg sakna helene og gutta.
♥ eg har ein rar fascinasjon seriemordarar og mord og kriminalitet, og elskar bøker og tv-seriar som handlar om det.
♥ favorittsnopet mitt er sherbet fountain og lakrisfudge.
♥ eg var dødeleg forelska i daniel radcliffe då eg var typ tolv, og heile rommet mitt var tapetsert med han. eg tenkte ut lure planar om korleis eg skulle få møtt han, korleis eg skulle få han til å verta forelska i meg.
♥ mi første ordentlege forelsking varte i 4 år, og eg skreiv side opp og side ned i dagboka mi om kor fin han var, kor uendeleg forelska eg var i han, korleis me skulle ha det i lag seinare i livet, skreiv navnet mitt med etternavnet hans, prøvde ut ulike variasjonar med babynavn.
♥ eg likar grønnsaker og pasta kokt litt for lenge(og det gjer ikkje han der fine).
fortell meg ti ting eg ikkje veit! treng ikkje å vera om deg heller, eg elskar å få ny unyttig kunnskap. suss!

ten things you probably didn't know about me.

dikt
som de veit har eg skrive ein del dikt i mi tid. her får de litt snacks på ein tysdagskveld medan eg er barnevakt for massive attack-foreldre og redigerar bilder. dei er ganske umodne, nokre av dei, men dei kan vera fine likevel.
seks små dikt. til deg.
jfk
dagar brenn&skjelv
medan dei veks og gjev seg sjølv ryggen
det rører ein
han ristar meg, snurrar
, gjev snille auge til ulvane i skapet som dreg i huda mi
i dei vage og kvilelause augo hennar
er ho på veg til å bli lei
; slik nokon blomar berre blømar om våren,
blømde me(allereie) i vinter
langdistansesymjar
kjærleiksbrev frå langdistanse, hav forbi,
gjer ikkje einsemda(/deg) mindre
til-sta-de-ve-ran-de
trøytte auge lengtar etter søvn&
at døra skal opna seg
kvar ei rørsle var skapt tusen gonger før meg. bølgja slår tilbake, re-pe-ti-sjon.
dei tomme sengene svelger oss til me ikkje lenger er i kroppane våre,
kanskje sanninga vil halde meg varm i natt
:
nullsju:førtiseks
fingrar frosne
til stiv form
"heime" er kaldare no
kjem fersk frå krig
alle er dei vekk,
dei andre
vandra over dørstokken
ventar på ein heimkomst
spenn augene opne
held pusten
porselen
augevipper sprer seg som ei
voluminøs vifte
å kle av såret helar det ikkje
ingen magi eller superkrefter
berre vissheita om at det er der
pustande, levande held deg klår
slitt hår dannar skuggar på
den beinlause ryggen hennar;
lange, skinande, svarte lokkar
som skjelv livredd i auget
skin det?
har hendene fanga sanninga i porselen?
ho sit ovanfor meg i ei
bohemsk glorie, røykar beina
hass og drikk lukta av han frå
ei gyllen flaske
inhalerar gift
(pal-pi-ta-sjon)
stemma hennar er stifta inn
i evig uvissheit der ho dansar
fanga i håp.
jubileum
(sein natt)
ein framand fraktar oss
eg strekkjer halsen rundt
svingen
vil vera den fyrste som ser
(det var ei natt mellom)
drar fingrane gjennom
stormen
(høyrer ikkje)
spring gjennom regnet
hand-i-hand
saman er vi ei
sareptas krukke
fylt til randen av kjærleik
?
stemmer i natta
kviskrar orda som
dagen ikkje tåler
& medan bølgjene legg
skuggeslør
over dagen
& taktfast kastar
tankane sine mot land
vendar eg andletet
mot deg
kan hud vera så mjuk?

photography and vintage clothing

hei, alle saman! no har eg fått meg ein liten putikk på etsy(det er så himla mykje styr med putikken som berre er styrt gjennom meg, så eg tenkte å få litt betre orden). kleda vil bli flytta over dit i løpet av dagen, men akkurat no ligg det a4-bilete til salgs der som er ganske kraftig redusert i pris(men begrensa i antall), så stikk over dit og kjøp noko fint på ein tysdag. suss!

my new etsy shop! (it's very small at the moment, but i am selling prints at a low price for now)
julie, del ein.
om skulen min og om å studera foto
det er så himla mange som lurer på korleis det er på skulen, korleis klassen er og kva eg egentlig driver på med. her kjem ei kjapp innføring: eg går eit toårig studieløp på kunst-og designfagskulen(kd-skolen), som er ei grein i folkeuniversitetet øst. eg valgte kd-skolen fordi dei har eit fokus på den enkelte eleven si læring(for på tidspunktet då eg dreiv med søknadar var eg livredd for å berre bli ein del av ein klasse og mista meg sjølv litt).
klassen min er veldig vanskelig å skildra med få ord. me er tretten elevar(eg er yngst, det er typ tjuefem år mellom meg og eldstemann), to menn og elleve kvinner. to likar lakris, ei likar surt og mange likar sjokolade. det fine er at me er så himla forskjellige og slik sett alltid kan læra ting av kvarandre(ein fotograf treng jo å vita litt om alt). nokre elskar landskapsbilder, andre vil berre ta portrett, nokre elskar mørkerom og andre hatar det. egentlig som alle andre klassar.
om du tenker på å studera foto i oslo vil eg veldig varmt anbefala å leita masse før du bestemmer deg for kva skule du skal gå på. oslo fotokunstskule har berre analogt det heile første året, bilder nordic har kun digitalt over heile løpet, skulen min har begge deler. skulane er veldig forskjellige, så les om alle enkeltvis. sjå litt på lærarane, tenk på kven du vil læra av, gjer research! sjå til dømes her, og prøv å snakka med elevar frå ulike skular, det er ikkje så vanskelig å finna. send meg gjerne mail om det er noko de lurer på om kd-skulen, så skal eg svara så godt eg kan.

second curtain.

(foto: privat, ikkje photoshoppa)
litt i timar og snes
10:00

våkna i min nye fine nattkjole. grubla litt over kor rart(og kaldt) det er å sova aleine. (sjå så langt hår eg har fått!)
10:30-12:00

rydda og vaska og støvsugde. då eg var ferdig tømte eg kaffi på meg sjølv.
12:00-14:00

janne kom på brunsjpusøk og hadde med seg ein venn.

kakao og drinkar og nybakt brød!
14:00-15:00

pascal!

janne fekk heile hovudet ned i koppen.
15:00-16:00

me gjekk ein liten tur i slottsparken.

hoppa litt og sånn.
16:00 -

så gjekk eg heim langs akerselva og vart ganske glad av å sjå dette skiltet fordi eg følte at det berre var fire gater i heile oslo.

etterpå har eg berre vore heime. lest bok, ete mango og pasta pesto og sett dexter. dei seinare timane har eg vore i photoshop, og det er derfor alle bileta ser så himla rare ut. eg prøver ut litt forskjellig nemlig, tilgi meg for det.
har de hatt fine søndagar?

my sunday consisted of a long brunch, pascal with macarons, walks in the park, books, dexter, mango and photoshop.

åh!
ou. ou. ou.

kjelde.
eg har så vondt i hjartet mitt akkurat no, det er nesten som om det er små mus som gnagar i kantane på det. han der fine har nettopp reist til palestina og skal vera der ei veke. det er så stille her, ein høyrer små kryp i veggane som ikkje er der. heldigvis er den neste veka fullpakka. akkurat no er det derimot berre vondt. så eg flyttar ut herifra i dag og kryper kanskje tilbake i kveld. håpar de får fine laurdagar med smil og kyss.

my boyfriend left to palestine today, so i'm having a sad saturday.
onion mag

kyle cook
til dei som likar det så godt når eg publiserar fotografar og kunst og sånt, kan hoppa inn på onion mag. eg har fått litt plass der, nemlig.
ps: no er eg ganske ferdig med den putikken og orkar ikkje meir, så alt som er der er satt veldig ned i pris. eg vil òg vera veldig open for bud, så berre send meg ein mail. eg er grei.

i am now also to be found at onion mag!
brothers bloom
i går fekk eg endeleg sett den nye adrien brody-filmen, brothers bloom. den handlar om bloom og stephen, to brødre som heile livet har levd av å lura folk. bedragarar, altså.

bloom(brody) vil ikkje meir, for det er stephen som køyrer heile greia, så han blir med på å gjera eit siste stikk, mot ei rikmannsdatter i new jersey.

penelope(spelt av rachel weisz), er kjemperik og køyrer lamborghini. ho har óg epilepsi og har heile livet trudd at ho var allergisk mot alt, noko ho ikkje var, men ho har vore heile livet innanfor det enorme huset til foreldra. der har ho lært seg alt ho ville, som til dømes å spela banjo og å laga kamera av vassmelonar. (ho er så fin) også har ho søte klede.

dette er bang bang. ho er fra tokyo og seier berre tre ord. "fuck", "me" og "campari". ho er så himla kul.

det heile blir litt innvikla når penelope plutseleg har kjempelyst til å bli svindlar, ho òg, men det ordnar seg altså. lovar.
himla fin film. sjå den, de óg.

i watched the brothers bloom yesterday, and i loved it.

anatomical heart.

eg elskar jo teikningar av anatomiske hjarte(og andre organ óg), og difor er det så fint at denne er på veg heim til meg(kjøpt på ebay)! hurra! har de kjøpt noko fint i det siste?

i just purchased this, can't wait for it to arrive!
fridagar og fanteri.

i dag har eg "fri" frå skulen. da ligg eg i senga og leser nye bøker, drikker liter på liter med te og ser på drphil og oprah.

og om ein blir litt lei det, kan ein jo gleda seg over pakken eg fekk frå caitlin i går! det er så kjekt med brevvenner på andre sida av jorda som blir overbegeistra for melkesjokolade.
kva gjer de når de har fri?

i have the whole day off today, and i'm spending it in bed with books and tea and my newest parcel from caitlin shearer.
rodney smith
det er så fint når ein har sett bilete ein verkeleg elskar i ein slags haug av andre bilete også finn ein aldri ut kven fotografen er men plutseleg så gjer ein det. sånn er det med rodney smith i dag. å, som eg elskar.

har de nye fine fotografar på lur sidan sist?

i recently discovered rodney smith and i love love love him!

har de nye fine fotografar på lur sidan sist?

i recently discovered rodney smith and i love love love him!
fine sekund med folk ein ikkje kjenner.
♥ når ein går på ei gate rett mot nokon og plutseleg smiler dei så stort dei berre kan og da veit du at rett bak deg kjem nokon dei er kjempeglad i og har sakna.
♥ når du står på biblioteket og ei gamal dame ved sidan av deg leitar i L og snor dei rynkete hendene sine rundt ei erlend loe-bok og eg ser for meg at ho ler høgt for seg sjølv med føttene på bordet.
♥ når du møter blikket til ei sløyfejente på trikken og du skjønnar at ho smiler fordi ho veit kven du er.
♥ når trikkeføraren seier "ha ein fin dag".
♥ når du smiler fordi du ser ei jente med så krøllete hår at det er heilt sinnsjukt og ser opp og innser at det er minst tre andre som smiler på grunn av det samme.
♥ når du står på loppemarknad og graver gjennom hordar med bøker og det er ei anna der med armane fulle av bøker du kunne tenkt deg og du tenker at du hatar ho berre litt, og plutseleg rekker ho deg ei bok og seier "denne kjem du til å lika!"
♥ når du står i køen på putikken og ser på kva han framfor deg har i korga og du skjønnar, kanskje ein av ingrediensane skriker det ut, at han skal overraska kjæresten sin med ein romantisk middag.
kjem de på fleire?

lovely seconds with people i don't know.

tips!

om de likar å kjøpa magasin, men bur ein plass det er vanskeleg å få tak i(til dømes lula eller vogue), da vil du lika magazine cafe. der selger dei alle moglege slags magasin som blir sendt heim til deg, og det er faktisk billigare enn å handla på narvesen!

om du ikkje har råd til å kjøpa magasin men så desperat treng inspirasjonen dei gir likevel, kan du få det fint på the fashion spot. på foruma deira er det folk som scannar alt som er av magasin. ein kan til dømes finna store delar av det nye lula der om ein vil. det går ikkje an å finna noko på deira eigne sider fordi det er låst for nye medlemmar, ein må ha invitasjon for å få medlemskap der, men ein kan snika seg inn ved å googla til dømes "lula issue 9 tfs" (tfs: the fashion spot). då kjem det opp ein heil masse som folk har skrive og scanna. berre så de veit!
om å ta nummer tretten til brugata.

kjelde
kvar morgon skyndtar eg meg så mykje eg kan for å gå ut døra akkuratt null ni trettifem, akkurat presis rekna ut for å nå trikken eg skal(førtiein). kvar kjem eg nøyaktig eit minutt for seint(det er alltid nokon som skal stoppa heisen i sjuande etasje), ser den køyra forbi meg utan ork til å springa. ventar på førtifire istaden, tretten-trikken utan trapper. det gir meg to minutt til å stå på trikkestoppet, observera mine felles trikkereisande og komma inn i modus. vel inne på trikken tenker eg at me er ei gruppe, alle saman. at me skal til same plass, at trikken køyrer rundt for å henta alle og til slutt reiser me på jobb saman eller kanskje på ferie, kanskje me skal på kino, eg veit ikkje. latar som me pratar ilag om det siste halve døgnet sidan me såg kvarandre sist, om middagar og barnehageplassar og ja herregud no har melka blitt ei krone dyrare igjen. eg ser dei for meg som familiemedlem og medarbeidarar, ho med høg musikk er kantinearbeider men ho malar vidunderlege portrett av ryggar og hender, dei to som sit der og ikkje ser på kvarandre elskar kvarandre eigentleg og veit det godt(dei har piknik under pultane kvar fredag, med whiskey i kakaoen). han med krøllehåret(som ein stor mikrofon) har vorte sjuk men har ikkje sagt det til nokon enda, han planlegg å reisa i varmluftsballong og busetta seg på eit fjell. det er fint å kunne skapa mellomenneskelige forhold som ikkje eksisterar. seks minutt luksus midt i veka, om du vil.
om bestevenner og vin og sånn.
i går var ho som er finast ei trist kanin. og det får ein ikkje vera så lenge, så ho var plent nødt til å ta toget inn hit for litt kjærleik og kos.

me åt ein betre middag med alle slag pasta, deilig tomatsaus og chorizo(tips til deilig tomatsaus: ta to boksar grovhakka tomater med den smaken du vil, surr litt lauk i ei panne og tøm over tomatene, hakk opp og tilsett ei blokk med fetaost og rør det inn. mums!).

etter maten spelte me alice i eventyrland-kortspel.

og me kviskra over bordet.

og det vart nye kreasjonar med hårbørsten.

og dei jobba litt med musikk.

men eg var ganske glad likevel.

me gjekk ut litt, og han der fine hadde på seg gul sløyfe.

finaste par føtter eg veit om.

me drakk kakao og fekk krem på nasen. og det var slutten på den visa.

last night my best friend came over for dinner and drinks!

"my life is all about colour. i look at it and enjoy it every single day"
"only photograph what you love. everything else will slot into place."
richard avedon

foto: tim walker.
richard avedon

foto: tim walker.
vårt nye familiemedlem
er ei ein hund eller ein katt, men ei lampe! i dag fekk me endeleg kjøpt oss drømmelampa. sjå så fin

skjermane er som dropsgodteri eller sukkerspinn.

this is our new lamp. candy-lamp.

skjermane er som dropsgodteri eller sukkerspinn.

this is our new lamp. candy-lamp.
eventyrland.

eg elskar desse bileta. dei er tatt med ir-filter, som får vanlige tre til å sjå ut som dei er laga av skjørt papir.
kjelde.
sverige.

i sverige får ein kjøpt musserande jordbærvin for seksti kroner flaska.

og i sverige får ein kjøpt mint-lakriste og oldtimers. no må de unnskylda meg, eg må eta laurdagsgraut og drikka laurdagsvin. håpar de har vidunderlige kveldar med kyss og klemmar eller bøker og te. suss!

going to sweden means nicer wines and candy!
god morgon.
i dag elskar eg dei nye body shop-såpene. eg luktar som ein skikkelig fersken. og i dag elskar eg at eg kom på kor mykje eg saknar incubus, så eg har dei som melankolsk bakgrunnsmusikk medan eg prøver å lesa meg opp om makronar. no skal eg vekka han der fine med mjuk ferskenhud og babydinosaurlydar. kan ikkje de fortella om dei morgonsekunda som de eigentleg aldri tenker på, før de registrerar at de er våkne, korleis det luktar? så reiser eg berre til sverige imens. på gjensyn!
pianotrapp!
fredagsgåve: fine svenskar.
så himla pepp.
ps: medan eg rydda her ein dag fann eg to eksemplar av fotoboka mi. om nokon vil kjøpa fotoboka(til ein litt redusert pris), send meg ein mail på mariell.oyre@gmail.com.
så himla pepp.
ps: medan eg rydda her ein dag fann eg to eksemplar av fotoboka mi. om nokon vil kjøpa fotoboka(til ein litt redusert pris), send meg ein mail på mariell.oyre@gmail.com.
current obsessions.

makronar - eg skal prøva meg på ei oppskrift snart, så de kan slutta å spørja om det. (den siste veka har eg fått typ femti spørsmål om makronar) eg blir aldri lei. helst skulle eg villa hatt nokon som var laga av plast men såg skikkelig ekte ut som kunne sitta i ei hylle heime. gjer meg glad.

blondedetaljar på klede - berre så himla fint og pirkete.

søvn og folk som søv - tykkjer folk er så like når dei søv, og det er fint.

denne hårfargen - hadde den vore fin på meg?

vinduskarmar - for eg har ingen, og eg vil så gjerne ha nokon å lesa i.
kva er dine?
alle bilete er linka til kjelder.

my current obsessions are: macaroons, lace details on clothing, sleep and people asleep, this hair color, windowsills.
i sånne augneblink der ein innser kor rett det er.
når han pussar tennene mine fordi eg er for trøytt til å gjera det sjølv. når han setter skoa våre annakvar i gangen. kvar gong eg får ligga innerst berre fordi eg spør. kvar gong han er vaken i fem minutt ekstra berre for å forsikra meg om at det ikkje er nokon som kjem til å rappellera frå taket og inn i leiligheten mens me søv. når han droppar å reisa på konsert fordi eg har ein fantastisk dårlig dag. når han ikkje spør, men berre stryker meg i nakken akkurat sånn. når han ikkje tykkjer eg er teit som vil ha bart, men heller teiknar ein på seg sjølv óg. når me kan sitta ein plass og berre snakka snakka snakka fordi me er bestevenner. når han elskar babydinosaurlydar.
(to die by your side is such a heavenly way to die)
(to die by your side is such a heavenly way to die)
sarah meadows.

for omtrent eit år sidan viste eg fram bilder tatt av sarah meadows. i dag tar eg dei fram igjen, pussar litt støv av dei og gnikkar dei blanke og skinnande. for dei får meg til å villa hoppa i senga, krypa under store dyner og børsta vekk litt hår fra ansiktet hans. berre som ei lita torsdagsgåve.

sarah meadows' photography makes me want to jump in beds.
oppdrag 6-8.

i går laga eg mat som eg ikkje har gitt oppskrift på før, så her får de oppskrift på karripølsepastagryte. denne gryta er svært spesiell for meg fordi det var den første ordentlige middagen eg laga sjølv når eg var omtrent elleve. det pirra litt i magen. kanskje det var karrien. uansett: for to svoltne kaniner:
to lauk
ei pk. middagspølse eller kjøttpølse(middagspøls er best, men ein kan sjølvsagt prøva noko anna)
pasta
margarin
karri
(creme fraiche)
sett pasta på koking. hakk lauken i tynne halvringar og surr den i margarin til den får ein gyllen farge. skjær pølsebitane i tynne halvringar og steik dei litt i panna. ha meir margarin i steikepanna, ha i lauken og tilsett karri. det kjem heilt an på kor mykje du vil ha sjølv, så berre smak litt til(viktig at det er margarin og ikkje olje, for karrien blir forferdelig med olje). om du vil dempa det ned litt kan ein tilsetta litt creme fraiche og få ein meir krema smak. skyll av pastaen, miks alt i ei gryte og mums! nyt.

eg og han der fine hadde bart store delar av dagen i går. passa ikkje bartane godt?

så reiste me på restaurant berre for å få dessert. flott dag med utfordringar!

yesterday i made a curry-sausage casserole, wore a moustache and went to a restaurant just to order dessert.
skattejakt-info
skattejakt oslo blir den tjuefjerde oktober i oslo, altså laurdag. om du vil vera med eller vil ha meir informasjon må du senda meg ein mail på skattejakt.oslo@gmail.com. håpar mange vil vera med!
suss.
suss.
oppdrag 3-6.

i går var eg på deichmanske! da fekk eg meg liksågodt eit lånekort.

eg skreiv brev til folk eg likar.

så gjekk eg til ein matputikk der eg vanligvis ikkje går, og tok bilete av handlekorga mi. oppdrag utført!
kva trur de eg skal gjera i dag?

yesterday i went to the library, wrote letters and photographed my shopping basket, because my readers told me so.
woop woop.

i dag har eg på meg min nye kjole frå beyond retro i stockholm. den er så lett som silke og har fine knappar og krage. og små pufferme!

og mi fine nye sløyfe! snart må eg ha sløyfeverkstad, for desse er kjempeenkle å laga. no skal eg til med oppdraga mine for i dag, som er litt annleis enn dei skulle ha vore(på grunn av regn), men de kan uansett gleda dykk!
forresten: de som skal vera med på skattejakt i oslo 24. oktober må senda meg ein mail på skattejakt.oslo@gmail.com for å få meir informasjon og påmelding!
kva gjer de på tysdagar? til vanlig og i dag?

today i'm wearing this!
oppdrag 1&2
i dag har eg gjort to ting. det første eg gjorde var å ta trikken til siste stopp, altså kjelsås.

oppdrag utført!
andre ting eg gjorde: bakte scones.

8-9 dl kveitemjøl
0.5 ts salt
1 ts sukker
4 ts bakepulver
100 g margarin/smør
4 dl mjølk
bland alt det tørre. skjær smøret i små firkantar, smuldre smøret i det tørre. tilsett mjølk og bland deigen raskt, del deigen opp i så store scones du vil ha og steik dei midt i ovnen på 250 grader i ca 12 minutt. enkelt som berre fy! og ein kan tilsetta omtrent kva som helst. (ps: det var han der fine som bakte)

my first day of doing things you want me to do. today i took the trem to the last station and made scones!

analog ii
<3
de er fantastisk fine! tusen takk for alle gode innspel i forrige innlegg(det er berre å skriva fleire kommentarar om de har fleir forslag). eg kjem til å få ei svært innholdsrik veke, og eg gler meg verkeleg til å visa fram. det kjem sjølvsagt til å bli litt anna enn berre det som de har foreslått, men det blir bra likevel. eg føler nesten at de har flytta inn hit, alle sammen, og at de skal bu med meg i ei veke. det kan eg godt like. me kan eta eggerøre til frukost og eksperimentera med kakao. håpar de får ei fin veke(med meg)!
(oppfølgingsspørsmål: er det til dømes oppskrifter de vil at eg skal testa ut? filmar eg skal sjå?)
(oppfølgingsspørsmål: er det til dømes oppskrifter de vil at eg skal testa ut? filmar eg skal sjå?)
denne veka skal de forandra verda.

kjelde
eller i alle fall skal de få forandra denne bloggen(ja, frå i morgon av altså). for de skal få bestemma kva som skal skje her. kva vil de ha her denne veka? kva skal eg finna på? kvar skal eg gå? kva vil de ha tips om? kom med alle slags rare forslag og gjerne skriv kva de vil eg skal gjera dei ulike dagane.

this week you will get to decide what i do and write about on this blog!
garden state

garden state er ein himla søt film, og den tykkjer eg at de skal sjå. fint på ein onsdag, tll dømes.

i love the movie garden state.
sthlm dag 3.

i går, etter frukost(som stort sett var köttbullar, berre så de veit), reiste me på minishopping. me var innom ein antikkputikk med hattar og sko hengande frå taket.

så reiste me på afternoon tea på formiddagen på den finaste lille engelske plassen. det var som ei eventyrverd.

bordet vårt med fine koppar og ferske blomar.

hei!

dei hadde makronar óg, og scones.

og blackberry jam og lemon curd. me måtte kjøpa med oss heim eit glas med lemon curd og planlegg å læra oss å laga det, for det var nesten det beste eg har smakt og me skal baka scones i dag berre for å kunna unnskylda forbruket.

darjeeling-te med masse sukker og melk.

koppane hadde hus og båtar på seg. så bar det ut igjen i regn og vind.

me stoppa i ein godisputikk og kjøpte eit par hekto samt eit par bygåver. eg er glad at godteri ikkje er så billig i norge.

me gjekk til lunsj og fika på ein fin liten kafé. chokladbolle altså.

etterpå regna det så fælt at me tok t-bana litt. der var det merkelige skjermar og piler på golvet.

og sidan våre svenske venner svikta oss litt, reiste me på kino. me såg "jag älskade honom", etter anna gavalda si bok "eg elska ho" (skjønnar ikkje heilt endringa i navnet, i noreg heiter den "jeg elsket henne", usj), og den var så fin og fransk og vidunderlig vakker og om du treng å tru på kjærleiken skal du berre sjå den når den kjem til noreg(eg trur det er sjette oktober, men eg finn det ikkje på oslo kino sine sider). og forresten så blir eg så flau over å vera norsk og uhøflig når eg er i sverige. før filmen kom ein mann inn for å sei velkommen og nyt fimen og alle i salen sa takk. så himla fint.

godteriet hadde vassmelon-tema.

han der fine var fin i si nye jakke frå whyred. me gjekk på det verste restaurantpusøket nokon gong der kelneren var så ufattelig uhøflig og dei gløymte desserten vår. vidare var det åtte timar forferdelig busstur med seksten år gamle uhøflige oslojenter framfor meg. no er det deilig å vera heime, og for ein fin tur det har vore. har de vore på eventyr?

my last day in stockholm consisted of english afternoon tea and scones, a trip to the cinema and candy.
sthlm dag 2.

i går på formiddagen gjekk eg og han der fine ut for å gå sjølv om det var så kaldt så kaldt så ein nesten ikkje fekk pusta.

fin fin fin.

me skulle på moderna museet! (dette er eit bra tips: uansett kva storby de skal til, sjekk om det finst eit moderne museum der, det er veldig flott og dei har dei beste putikkane altså)

eg var sånn med sløyfe bak og krage framme.

haust!

me var så heldige at me fekk med oss denne utstillinga med dalí. det var heilt fantastisk, med maleri og intervju og å. for ein karakter han er.

sånt kan ein finna på eit moderne museum. eg fekk sjå mitt andre pollock, å som eg elskar han. og andy warhol, da.

på toalettet var det ein installasjon som var så himla morsom. før ein gjekk inn døra på doen hang det ein skjerm der ein fekk bilder frå inne på toaletta. men eigentleg var det installert miniatyrtoalett som vart filma. folk var kjemperedde!

etter fleire timar på museum blir ein svolten, så me åt liksågodt lunsj.

og leikte oss med ting frå putikken.

og snop!

på veg over brua igjen sa trea "hei, det er haust!"

fine båtar.

me gjekk gjennom gamla stan på veg mot södermalm. der åt me favoritt-isen min sjølv om det var altfor kaldt.

"det här tog mej tre dar". etter masse shopping på beyond retro på söder og andre fine putikkar var me utslitt og reiste heim på hotellet. der var me apatiske ei stund før me skjønte at me burde vera svoltne. da gjekk me ut på restaurant!

det var papilottar i taket og barnevogner óg.

eg hadde på meg min nye kjole med stor sløyfe på.

fin fin fin.

hei!

eg fekk lam med masse deilig tilbehør. trur kanskje lam er mitt favorittkjøtt.

han der fine fekk kalverygg i ein slags installasjon. mums! no må me ut på veskeshopping, og seinare skal me på afternoon tea og berre kosa før me reiser heim i kveld. håpar de har det fint der heime!

my second day in stockholm! the museum of modern art, a lot of vintage shopping and delicious food!
sthlm dag 1.

i går kom me fram sånn klokka halv to. me har utsikt til eit tak og fantaserar om å bu der, om kven som ser på tv der som takvindauget er.

me reiste ut på shopping og fika. muffins og smoothie! eg fikk rabarbra og kvit sjokolade, han der fine fekk appelsinsjokolade. mums.

me reiste innom ein kostymeputikk men der kjøpte me ingenting... klokka åtte var det raka vegen til åpningsfesten hjå beyond retro!

det såg litt sånn ut. med underskjørt i taket. eg innbiller meg at å bada i sånne underskjørt må vera omtrent like deilig som å stikke hånda ned i ein pose med mel.

ein fikk så masse drinkar ein ville, med deilige bær i.

og me møtte kajsa som var så fin som ein grevling!

eg fotograferte som vanlig under gardina i prøverommet.

og rundt omkring gikk det burleskdansarar som var så vakre så vakre at å.

etter det var kvelden slutt for vår del, for han der fine er så forkjøla og tett som ei potteplante. me kjøpte is og åt den i senga medan me såg csi med svensk tekst.

tidlig morgon og sminkelaus mariell, men her er kjolen eg kjøpte på beyond retro i går. eg føler meg litt som chloë sevigny i big love.

finaste kragen. finaste finaste.

under frukosten syns eg dette var så himla festlig. skulle ønska norske aviser var like søte som dei svenske. no reiser me ut på museum og meir second hand-shopping. og halsdrops. ikkje gløym halsdrops. er det nokon som passar på oslo for meg? har ho blitt invadert av vikingar og frose under i ei ny istid som ikkje har komme til sverige enda? tenkte meg det.

my first day and first morning in stockholm. yesterday was the big party at beyond retro, today is museums and more shopping!
hej!

berre ein sånn liten hei fra hotellet i stockholm. no reiser me ut for shopping och fika, og i kveld er det åpningsfest på beyond retro og eg gler meg som ein liten gris. ha fine torsdagar finingar!

greetings from stockholm!