formiddag & kveld.

i går våkna eg og han der fine og hadde forsove oss, så han der fine sprang ut for å kjøpa brød og vips kom han heim med ein ny mummikopp óg, så da har me to og ein kvar.
me drakk te og saft og steikte egg med guacamole under seg.
hei, her er meg med skeiv kjole på.
han der fine tar på sløyfa, den er i grå fløyel og det syns eg er så fint. så skifta eg, me hoppa i skoa og trikka til tinghuset og hotel bristol. 
me hadde reservert bord i biblioteksbaren, der er det fine bokhyller og sjuke lysekroner, og pianisten stod utanfor og røykte sølvfarga pipe då me kom.
det føles litt som å vera i ein film og ein føler seg ganske liten i dei store knirkete skinnstolane.
egentlig er det mest overklassefolk og eldre folk som går på bristol, men det har seg sånn at dei har den beste varme sjokoladen i heile oslo, så me måtte faktisk gå dit. eg og han der fine har som avtale at eg får makronar kvar laurdag om han får graut, men av og til byttar eg makronane mot kakao på bristol.
me følte oss stilige med reservert bord og gullkantar på koppane. 
finaste janne var der.
og fredrik med rapunzel på gensaren. me vart behandla ganske dårlig av servitøren me fekk og snakka om det ganske mykje. som om me ikkje skulle vera der fordi me ikkje var gamle nok eller fine nok eller rike nok, skikkelig ekkel følelse i magen. også sa ho at det er spiseplikt "bare så dere vet det".
så me slo oss på kakene. fredrik og janne delte ei slags epleterte.
eg og han der fine gjekk for ei slags jordbærkake. (sekstifem kroner for eit middelmådig kakestykke, jippi. det får ein mange makronar for)
men sjokoladen var som vanlig heilt fantastisk, det er tross alt difor me går dit.
og magen min tolar endelig litt krem så eg fekk krem på toppen óg.
og det var den formiddagen i ein regntung oslo. konklusjon: ikkje gå på bristol på laurdagar i lunsjtid, og om nokon spør om dei skal ta jakka di, sei nei med mindre du har lyst til å gi tjueto kroner for at jakka får henga på ein knagg i ein liten time. gå dit midt i veka midt på dagen og drikk varm sjokolade, for den er den beste i byen uansett kor forferdelig servitøren er.
så jobba eg med magasinet i tusen timar, no er det faktisk straks ferdig sjølv om det er heile fire dagar til trykkerideadline, tenk det. kanskje eg kan slappa av eit par dagar. på kvelden fekk eg søster til å logga på skype så eg fekk litt laurdagskveld med familien, saknar dei så himla mykje for tida. 




kort oppsummert: 47 minutt der søster og pappa drog i ansiktet til mamma, eg og mamma snakka om strikking, pappa viste meg rundt litt, nye bilder i gangen og korleis det såg ut i kjøleskapet, eg fekk snakka litt til hunden som ikkje skjønte heilt kva som skjedde, pappa surra søster inn i onepiece så eg såvidt såg augene hennar og eg lo så eg hadde vondt i magen av dei og av meg sjølv som hadde kanintenner på. ganske fint å ha ein gal familie.
har de hatt fine helger?
yesterday we drank hot chocolate and ate mediocre cakes at hotel bristol, and then i skyped with my family. that pretty much sums it up.
sigrid.


tok bilder av sigrid i frognerparken forrige helg. for ho skal sjølvsagt vera med i magasinet. ho skriv nydelege tekstar om kjærleik og om andre ting som gir ein frysningar på underarmane. og eit av bilda er med óg, fint. ho er ganske fin.
tatt med hasselblad 500c/m
ilford delta pro 400
framkalt på labdoka
scanna med canoscan 8800f
(som vanlig)
last weekend i photographed a friend of mine called sigrid, who wrote a text for my magazine.
forhåndssal.





no har eg lagt ut magasin nummer to for forhåndssalg i menyen her! hurra! no skjer det endelig. de kan kjøpa den omtalte pakken med magasin nummer ein og magasin nummer to heilt til nummer ein tar slutt, håpar de vil kjøpa masse så eg kan få råd til å flytta til paris til våren! hurra! og det er virkelig ei perfekt julegave om eg får sei det sjølv.
magasinet kjem fra trykkeriet og de som allereie har bestilt dei da vil få dei i postkassene rundt den 17-18.november. foreløpig tar me kun paypal-overføringar og ingen direkte overføring til konto på grunn av orden i rekneskapet. magasinet kjem som sagt til å bli solgt litt rundt omkring i landet og utlandet, og den lista kjem når den er klar så det treng de ikkje å spørja om foreløpig. det eg kan sei er at det kjem til å bli solgt i ein bokhandel i stockholm, så om du bur i stockholm kan det henda du sparar litt på å kjøpa det der istadenfor å kjøpa det over nett.
om de ikkje har visa/anna kredittkort anbefalar eg å snakka med foreldre eller ein venn eller ein kjæreste som har visa, føra over pengar til dei og få dei til å kjøpa magasinet og heller ta det utanfor mailinnboksen min, for ellers blir det himla mykje å holda styr på for meg, håpar de forstår. suss.
it is now possible to purchase issue #2 of <3 magazine, which i hope you all will! the paypal button is in the menu to the left.
ro.

det er ikkje til å legga skjul på at eg er sjukt stressa innvendig for tida, med magasindeadline på torsdag(og frisørtime onsdag, hoho). da er det fint når verdens beste trine marie kjem heim fra london for å sitta i sofaen min og lesa magasin. her ein dag vaska ho heile kjøkenet, skrubba kvar einaste krok. <3
også hjelper det å ha ein pelsdott å klemme på av og til.
spesielt når ho elskar hundar.
også er det bra med skikkelig middagar, som kikertburgarar med stor salat med ein heil pose pinjekjerner i.
og at sara kjem på middag klokka ti på kvelden, lammekjøttbollar og spaghetti, og me et framfor sigrid søker kjæreste på datamaskina.
også blir ho berre litt til berre fordi. <3
og det hjelper med små tantebarn som ein kan leike med plastelina med i ein liten halvtime.
og ein forlovede som lagar steikepanne med speilegg. 
og å bli påspandert middag av han der fine sin fine bror+kone, med dei beste mandlane til forrett.
og bianca notte på villa paradiso.
det er hektisk, men eg har det bra. eg er stolt og eg er ganske rolig egentlig. det blir så fantastisk fint at de anar det ikkje eingong. akkurat no tenkjer eg litt på om eg skal ha sleppfest eller ikkje, kva seier de om det? 
the past few days i have been clinging on to the teeny tiny ounce of peace left in my day-to-day life during my period of finishing the magazine. people are great and the magazine will be too.
i dag.






foto: screenshots fra nrk
i dag skulle eg ønska at alle hadde blodårene på utsida av kleda, for det er så himla fint i robyn sin nye musikkvideo. lurer på kva farge blodet mitt skulle ha hatt. eller kanskje det skulle vore sånn at fargen skifta for humøret så ein alltid visste korleis andre rundt seg hadde det. det skulle nok vorte ei finare verd da.

i wish everyone had their veins on the outside, like in robyn's new music video.
ny kopp ny te.

av og til om ein er inni prosessar som er så utrulig kjedelige at ein berre vil hoppa fra ei bru, da treng ein noko nytt. så i dag kjøpte eg min første mummikopp. ja, for eg hadde ingen. eg ønskar meg alltid det og får det aldri, men no var dei på tilbud på rafens og da måtte eg jo berre. så my fekk bli min første mummikopp, og eg håpar det blir éin av mange. ein har jo behov.

i tillegg til koppen kjøpte eg og han der fine ein boks med te fra rafens. den er jasminte og heilt fantastisk god.
ps: no kan ein kjøpa magasinet(det første) på frisørsalongen balanzera i oslo, sofienberggt. 2b, rett ved olaf ryes plass(grünerløkka). andre plassar ein kan kjøpa det er på bokhandelen tronsmo(tullinløkka) og i bergen på vintageputikken kostym! magasinet er å få kjøpt gjennom bloggen, om de ser den knappen i menyen som heiter "pay now" eller noko sånt, der kan de kjøpa det. enkelt og greit.
today i bought my first moomin cup, and some jasmin tea to put in it. not too shabby on a wednesday.
mikla.
i går marsjerte eg og han der fine inn på japanphoto og kjøpte nytt kamera til meg. eit canon eos 5d mark ii. eg har sikla og ønska og lengta så lenge og no er det endelig mitt, det mest fantastiske kameraet som til og med filmar. så i går filma eg mikla i nokon sekund, versågod. eg er så fantastisk glad!
yesterday i bought a new camera, a canon eos 5d mark ii, and this is my first little film. nothing much, just a few seconds with mikla.
tredje magasindrypp & info om magasinet.
elsa billgren

elsa billgren er presse- og PR-ansvarlig for vintagekjeden beyond retro i stockholm, og bloggar på elle.se om kjærleik og kjolar og litt om paris. ho bidreg med ein tekst om kjærleik og blir intervjua av meg om det same temaet.
anette schive

anette schive er ein norsk fotograf som spesialiserar seg på mote- og portrettfotografi. ho bidreg med ein editorial fra nattemørket.
mariell øyre & julie aida graf
altså meg og julie som har samarbeida om eit prosjekt. meir enn det vil eg ikkje sei, men eg trur det blir veldig fint.
om alt går etter planen kjem magasinet tilbake fra trykken den femtende november. det vil sei at eg må jobba som ein galning til den fjerde, for da har eg trykkedeadline. eg kjem til å vera umulig å bu med og nesten umulig å få tak i på mail, berre så de veit. me kjem til å trykka tusen magasin, og for tida driv eg på med å kontakta mange ulike plassar i mange ulike byar for å få solgt magasinet litt overalt, men det vil uansett bli solgt gjennom paypal her på bloggen, så de treng ikkje å bekymra, det kjem til å gå veldig fint. eg har mange igjen av det forrige nummeret av magasinet, så me kjem óg til å selga ei slags pakke til ein ganske billig pris, med både det første og det nye som kjem no. eg kjem til å skriva eit innlegg seinare om alle plassane magasinet vil bli solgt, det kjem når det er klart. det kjem til å kosta rundt hundre-hundreogti kroner. om det er noko meir de lurer på må de veldig gjerne spørja i kommentarfeltet også svarar eg så godt eg kan. 
three/four new names for the magazine; swedish blogger elsa billgren, norwegian photographer anette schive and a project with myself and julie aida graf.
frognersøndag.

i går var eg i frognerparken med sigrid. eg tok hasselblad-bilder av ho, to rullar. ho er fin som snus.
<3
etterpå var det kaldt og me gjekk til frognerveien og inn på kolonihagen, sigrid drakk kakao. i oslo heiter det ikkje kakao men varm sjokolade.
me snakka om kjærleiken og om venner og om masse rart.
eg drakk ein kaffe latte utan mønster på men bra melkeskum.
me satt oppe ved bokhyllene der, bord nummer tjueein.
så kom julie innom ein tur.
og me las rare fine bøker høgt til kvarandre. så åt eg mat fra noodle pie, nummer tjueseks, og eg og sigrid såg frida med hjertet i hånden og den var så fantastisk fin og alt eg ville at den skulle vera. me åt ei heil pakke dundersalt og drakk ei kanne med te og sånn var det med den søndagen. i dag har eg jobba på spreng med magasinet og no skjer det fine ting her.
denne veka jobbar eg kun med magasinet, døgnet rundt, og om det er fleire som har eingangskamera og framleis vil vera med må de senda dei typ i morgon. så så så skyndt! 
i spent my sunday afternoon in frogner with sigrid and julie.
youth in revolt.
i helga såg eg denne filmen med julie, den heiter youth in revolt og er heilt fantastisk fin og varm og morsom og klein og god. den handlar om nick twisp som vil gjera alt for kjærleiken, for jenta som han elskar sjølv om han berre er seksten år.
i burned down berkeley for you. i destroyed both of my parents' cars. i've lied and manipulated and had you sedated. i did all that so we wouldn't have to be alone anymore.
eg ville egentlig kun sjå den fordi michael cera spelar hovudrolla og alt han tar i er sånt som eg elskar, men det var så himla fint å sjå han i ei ny type rolle i tillegg til den typiske rolla han alltid spelar. han spelar seg sjølv, nick twisp, og sitt alter ego, francois dillinger, han er skikkelig badass og får nick til å gjera og sei mange heilt sjuke ting. sheeni som han er forelska i elskar frankrike og har bilder av jean-paul belmondo på veggen og likar best serge gainsbourgh. <3 altså ein veldig fin film som er veldig mange forskjellige ting samtidig.
ps: eg såg den på headweb, der kan ein leiga film gjennom internett superenkelt, det kostar ca tretti-førti kroner og det ligg masse gamle filmar der som er gratis å sjå òg! så slepp ein å gå på 7-11, og spesielt fint om ein bur langt ut på bygda der utvalget ikkje er heilt på topp heller.
this weekend i saw youth in revolt, michael cera's new film and i love it so much.
ein heil laurdag.

i går stod eg opp ganske tidlig, åt frukost lenge og las franske vogue si jubileumsutgåve som er heilt fantastisk.
sminka meg og smaug inn i ein kjole.
sara missa bussen så eg las litt meir vogue. lara stone er ein av mine favorittmodellar.
eg og sara trikka til frogner og til kolonihaven, der er det så heimekoseleg og varmt.
sara var som vanlig nydelig og gjorde meg så glad. av og til får ein sånne sekund når ein berre ser på ein av sine beste venner også tenkjer ein liksom herregud så heldige me er som har kvarandre å klamra oss til, herregud så modige me er som tør å stola på kvarandre.
eg åt scones med fantastisk syltetøy på og ei sitronterte med marengs på toppen. åh herregud. sara åt croissant og gulrotkake, m.
leppestiftflekkar på kanten av koppen og hjarte i melkeskummet akkurat som me likar det. 
så surra me litt meir, gjekk heim og var svoltne så eg laga middag. dette er heimelaga raud pesto.
saman med pasta og creme fraiche og smørsteikte sopp fekk det vera laurdagsmiddag, og ein veldig bra sådan.
sara jobba med ein film i senga mi og forbanna finalcut fleire gongar enn eg kunne tella.
ho hadde kjøpt sånne samtalekort på designtorget så me vart bedre kjent med kvarandre og ho sa at eg var veldig sjølvbevisst.
så kom julie! sara gjekk etter eg hadde lurt ho til å lova at me skulle sjå kvarandre snart.
eg og julie såg ein superfin film og lo høgt og holdt hånda framfor augene når det var for flaut. så skreiv eg litt, jobba litt med magasin, såg tre episodar av partydronninger på nrk nett-tv og sovna klokka seks om morgonen. og det var den laurdagen.
my saturday: a long breakfast with myself, going to a nice cafè with sara, scones, jam and lemon tart with marengue on top, red pesto pasta with creme fraiche and mushrooms for dinner, working in the same room but not together, asking eachother big questions, then julie came and we watched a lovely movie and laughed a lot and i didn't fall asleep until six in the morning.
fredagskveld.

i går bytta eg ut golvet på revolver og sekstikronersøl med å sitta heime, med heidi og caroline, for å fiksa og triksa til magasinet. seks timar seinare var raudvinsflaskene tomme, melonen ete opp og eit heilt kapittel i magasinet ferdig. tjue sider kval og actionfilm på veg til postkassa di, liksom, må berre senda det i trykken først(og fiksa heile resten av magasinet, da). hihi. det er fantastisk fint og eg er ei stolt høne. i dag skal eg forhåpentligvis slå av magasinmodusen i hovudet og berre ha det fint med fine folk. det blir fint og bra, og eg skal ta mange bilder så de får vera med.

yesterday i stayed at home instead of going out, and finished twenty pages in my upcoming magazine. i can't wait for you to see it! today i'm just going to relax and do nothing magazine-related at all.
ein torsdag i mat.

i går var eg og han der fine invitert til yogurt heaven for lunsj og s'mores. det var ein avansert kunst, men det gjekk fort og fint.
s'mores er altså kjeks+smelta marshmallow+sjokolade+kjeks på toppen. som ein sandwich, sjukt godt og sjukt mettande. fint å gjera på ein fredag i alle fall.
så fekk me is før me gjekk, cheesecake og tiramisu med kvit sjokolade og oreo på toppen. så. godt. åh. om eg budde nærare hadde eg seriøst kjøpt is kvar dag.
mens eg hakka brokkoli til middagen fant eg eit tre midt oppi. det er så fint syns eg.
til middag hadde me wok med masse deilig oppi, som nudlar og gulrot.
i dag er det fredag og eg er altfor opptatt til å blogga bra, men håpar de får fine helger uansett! suss!

my thursday in food. first, s'mores at yogurt heaven with ice cream for dessert. while making dinner i found a tree with my broccoli and it turnet out to be a great wok with noodles and perfectly woked carrots.
onsdag.

i går var eg og han der fine på magasinmøte med lnk på olympen, der fekk me kaffe latte i dei største koppane eg har sett, så ein nesten kunne bruka dei som hatt. etter det gjekk me på mekken der me delte ei kanne med te.
eg var glad fordi det var onsdag, onsdagar er alltid bra dagar for meg.
han der fine sat der med meg litt, me spelte kort og vant litt annakvar, snakka om magasinet og pengar og om å skriva. han reiste også skreiv eg ein tekst om kor vanskelig det er å sitta på kafé aleine. plutselig ut av det blå kom heidi og me følte oss som midt i ein episode av seinfeld eller friends. eg er jerry og ho er george. 
så kom verdens finaste søster med verdens lengste augevipper, med eit fly fra england, me bestilte pizza fra peppes og åt på mekken(det er så fint med mekken fordi ein kan ta med seg mat dit eller bestilla mat dit også eta den der!), me snakka om kva ho vil bli når ho blir stor og andre sånne fine ting. ho var med meg i fem timar før bussen vidare heim til mamma og pappa gjekk(eg hadde så himla lyst til å berre kasta meg på bussen med ho og bli med heim for eg saknar alle heime så mykje at det gjorde vondt i brystkassa å sei hadet).
& heime venta ein pose med engelsk snop og ein kjæreste eg nesten ikkje hadde sett heile dagen så eg smilte så stort som nesten aldri før på veg inn døra. fin onsdag.
hadde de fine onsdagar?
my wednesday was a magazine meeting, a pot of tea at mekken and then eating dinner with my little sister who was staying in oslo for five hours before going on her bus back home.
godtepose-suss.


de er så så himla flinke til å kommentera for tida, og det blir eg tusen grader varm i magen av. de er fantastiske! så lurte eg på ein sak: kunne de ikkje ha delt litt linkar i kommentarfeltet? til fine bloggar de likar som kanskje er litt små? eller andre fine sider som gjer dykk glade? så kanskje de får sjå noko av det i magasinet, ville ikkje det vore fint? så kan alle andre som leser òg få seg litt input fra likesinna. ein to tre del!

i want you to share your favorite links in a comment! and also i want to than you for being amazing at commenting these last few days, i really appreciate it. <3
laurdagsnatt.
eg tok over sjuhundre bilder av dansande pål og julie natt til søndag, og femti av bildene er akkurat no blitt til ein ti sekundar lang animasjon som tok mange timar å laga i photoshop. håpar de likar den! 
an animation i made from pictures i took of pål and julie on saturday.
det her med å ha det fint som to/dei små tinga.
mykje av grunnen til at eg og han der fine klarar å ha det så fint saman er fordi me er opptekne av dei små tinga, det er dei som gjer at me blir forelska på nytt kvar einaste dag, og eg tenkte eg skulle visa fram eit par eksempel på små ting(og nokon store òg) me gjer i kvardagen(eg seier ikkje i heile tatt at alle par treng desse tinga for å ha det fint, men me føler i alle fall at dei hjelper), sjølv etter seks år. for ein kan ikkje bli forlova eller reisa til paris kvar dag, for sånn er livet. derfor må ein av og til klamra seg fast til det ein har, og det er jo kvardagen(så flaks at me elskar onsdagar da).








♥ me klemmer og kyssar masse. i alle fall fem klemmar og kanskje hundre kyss kvar dag(eg har prøvd å tella men det er umulig). om ein sit på kvar si datamaskin og jobbar masse er det så fantastisk fint å berre erklæra kosepause i to minutt på sofaen der ein klemmer kvarandre nesten ihjel.
♥ & me går alltid hand i hand. om vinteren er eg varm på hendene medan han er kald så da held me anten hendene i lomma eller så går han med vottar og eg utan, men da flettar me albogane våre saman istaden.
♥ av og til kjøper han sugerør på putikken om han handlar aleine. eg elskar sugerør og vil drikka alt med sugerør så da kjøper han sugerør i smug og berre vips hadde eg eit i vatnglaset mitt til middagen.
♥ nesten kvar dag dansar me på kjøkenet, eg utan strømpebukse og han med tøfler på, medan maten får laga seg sjølv i eit par minutt.
♥ me gjer nye ting kvar einaste dag, anten om det er å laga noko nytt til middag eller frukost på senga midt i veka eller å sjå ein film me har hatt lyst til å sjå eller tar ein buss til ein plass me aldri har vore før, snakkar om ting me aldri har snakka om før. for da får ein oppleva kvarandre på ein ny måte kvar einaste dag. (og det finst så mange rom i kvarandre me ikkje har opna for først må ein finna nøklane på ein plass ein ikkje har leita enda.)
♥ dobbeltdyne og å sova i skjei. om eg våknar midt på natta og har rulla meg vekk må eg legga meg tilbake på brystkassa for å få sova og der søv eg best.
♥ me gjer våre eigne ting og har våre eigne folk. sjølv om eg mest har lyst til å vera med han tjuefire timar i døgnet så er det himla sunt å vera rundt andre folk utan kvarandre heile tida, og sakna litt og likevel vita at han er der når eg kjem heim også kan me ligga i senga og snakka om kva me har gjort den dagen utan kvarandre og det er ganske fint.
♥ kvar gong ein av oss reiser nokon plass og blir vekk lenger enn ein dag, lagar me kalendarar til kvarandre. kanskje med snop inni eller kanskje med tikroningar. før han reiste til palestina laga han ei korg til meg med konvoluttar, ein for kvar dag. i kvar konvolutt låg det drops, ein ballong og eit brev. kvar morgon fekk eg lesa eit lite livsteikn fra han og det hjalp innmari på saknet. me lagar av og til julekalendarar til kvarandre óg, men i fjor laga me julekalendarar til mødrene våre og det var innmari fint å gjera eit sånt prosjekt saman.
♥ & i ein pytteliten eittroms er det lov til å kjenna på alle kjensler i heile spekteret og det er lov til å sei dei høgt, for av og til er det sånn at viss ein ikkje seier dei høgt så ligg dei bak i hovudet og ventar på å eksplodera, og da er det bedre å skrika grina kasta hyla ned i puta le så ein får vondt i magen og smila så ein får vondt i ansiktet.
♥ også går me ut av huset. middag i parken(det kostar ingenting å laga middag heime og ta den med ut, tenk det! eller kanskje eta den på golvet om det er kaldt ute) eller kino midt i veka eller berre på parkteateret for ein kopp kaffe. for det har faktisk magisk effekt å komma seg ut av sitt eige element og berre snakka snakka snakka om pyttesmå eller kjempestore ting, å sitta stille og lesa eller skriva ein historie saman om folk som går forbi.
det var i alle fall litt. håpar de likte det lille holet i veggen inn i vår kvardag saman.

the small things my fiancee and i do for eachother and together to fall in love every day: we hug and kiss a lot, we always walk hand in hand when going anywhere, he buys me straws because he knows i love them, we dance in the kitchen while dinner is cooking itself, we do new things every day, teeny tiny or big things like something new for dinner or buying new sheets for our bed, we sleep under the same duvet and always somewhat touching eachother, when i wake up not attached to him i have to roll back into position, we spend time apart with our own friends and we allow ourselves and eachother to feel and say whatever we need. we go out of the house for a cup of coffee or to eat dinner in the park because it helps a lot to change the environment.
andre magasindrypp.
i dag har eg starta med magasinjobbinga i indesign, det er så himla gøy og utfordrande og fint. men eg tenkjer difor sjølvsagt òg
på eingangskameraprosjektet: dei som har fått klarsignal må må må senda
meg kameraa sine så fort som mulig.
jessica silversaga

svensk fotograf og bloggar på vintageportalen.se, lagar eventyrunivers av kjolar og blonder og tyll. bidreg med ein editorial og blir intervjua av meg om kjærleiken.
frode grytten
nynorskikon og min favorittforfattar, og elskar the smiths kanskje ti gongar høgare enn meg. bidreg med eit essay som er skjørt og vondt og fantastisk om det å skriva, om familie, om glimt av jenter som kjem ut av dusjen. fantastisk fint, gler meg sånn til å visa det fram.
mike bailey gates



søtten år gamal motefotograf fra rhode island som i hytt og pine blir kalla den nye tim walker, han har blitt intervjua i utallige magasin og nettsider og har mange spennande prosjekt framover som eg gler meg himla mykje til å sjå. han bidreg med ein editorial.
kva seier de?

second preview of the magazine. jessica silversaga, swedish photographer and blogger, is contributing with an editorial and also being interviewed by me about love. frode grytten, my favorite author, with an essay unfortunately in norwegian. mike bailey gates, seventeen year old wonderchild from rhode island, contributing with an editorial.
laurdagspurstag&å le til ein får vondt i magen

i går var me inviterte til purstagen til maja som bur med joachim og synne. 
me fekk glowsticks i døra, fantastisk partytrick.
pål, synne og constance.
det var jelloshots og muffins og ei kake som var eit slott.
sara.
finaste sigrid. me satt for det meste på rommet til synne, sang og lo og sittedansa. det er så fint på fest der, for det er ulik musikk i kvart rom, og på do er det radio. i vindauget til synne kan ein sjå med kikkert på folk som går forbi.
så forsvant me til revolver, der var me i ein øl før dei stengte og da gjekk me heim til oss.
julie sat som vanlig framfor vifta for det gjer ho alltid no for tida. da syng ho beyonce og rihanna.
ho føler seg fin og det er ho òg.
pål og julie dansa til kjolen til julie rakna.
og eg tok femhundre bilder og måtte ta pause for å lasta dei ut fra kameraet.
her ser det nesten ut som om dei er kjærestar men det er dei ikkje for pål likar gutar.
og ca sånn føltes min laurdagskveld. så sovna me fire personar i ei einaste stor skjei klokka seks om morgonen. ganske fint.
hadde de fine laurdagskveldar?
my saturday night was spent at a birthday party and then at revolver and then at my house. four people spooned in my bed and it was a record.
fredagskveld med vasspipe.

i går var me invitert til torunn i pilestredet på lasagne og øl. me kom med to kronenbourg klirrande i veska, pluss ein pomelo heilt fra palestin. her er torunn og elida.
me såg mykje ut vindauget på folk som gløymer å dra for gardinene.
også røykte me vasspipe med epletobakk.
per elling, som er så fin, spesielt sidan eg ikkje har sett han på eitt år.
fantastisk fin røyk, eg tok sånne animasjonar av alle sammen i går.
så kom janne og røykte ho óg, i sin nye whyredskapning av ein kjole.
eg såg på han fleire gongar i løpet av kvelden og sa høgt til han og inni meg sjølv at det er heilt utrulig at han er heime og heil og vanlig.
ragnhild var der óg, og eg ser ho så sjeldan etter vidaregåande var ferdig men da er det enda finare og ein får enda lengre klemmar når ein først ser kvarandre.
så gjekk me på babylon. eg drakk ein cuba libre.
og det var den kvelden.
no er det laurdag, eg har sove heile dagen og skal snart ut på livet, håpar de anten skal det eller eta sjokolade i ei fin glasskål og sjå film med nokon de er glad i. suss.

yesterday we went over to torunns house to eat lasagne and smoke apple tobacco with her water pipe, the smoke was so beautiful. then we went out to get a drink at babylon and that was that.
torsdagskveld.

i går åt me middag på villa paradiso. dei har så sinnsjukt god pizza.
han der fine var heime og eg ville ikkje vera fra han eit sekund meir enn nødvendig.
pappan til han der fine spanderte og var pizzaimponert.
så tok eg og han der fine trikken heilt til kjelsås for å gå på fest på teknisk museum! dette er synne, julie og margrethe.
dei har så masse rare krikar og krokar på teknisk museum og eg hadde jo aldri vore der før.
det var skrivemaskiner som ein kunne skriva på.
og dette var min favoritt. eit rom med luftmaskin som blåste vind i håret.
og på veggen kunne ein sjå seg sjølv.
julie og synne. 
julie.
så møtte me pål på olaf ryes plass etter den mest humpete bussturen i mitt liv.
me drakk øl og synne elskar leppestiften min.
og med lego på hovudet.
så gjekk me heim og endelig fekk eg sova ved sidan av ein varm kropp utan sokkar på føtene. det var himla fint. no skal me ut på livet, håpar de får ein fantastisk fredag!

yesterday j came home and we went out with his father for dinner at villa paradiso. then we went to oslo technical museum where they were hosting a party. we ran around taking pictures and ended up with a beer in a red room at olaf ryes plass.
søndagsmorgon.



her kjem ei søndagsmorgonspeleliste eg har jobba på ei stund. den passar fint til å eta frukost og rydda eller til å ha i dusjen eller kanskje å kyssa til eller å sovna til eller synga til eller den lille timen før ein fest skal starta når kun dei beste vennene er der fordi dei alltid kjem tidlig. egentlig er den for kvasomhelst. den er himla fin, og fylt av musikk som er heilt ny for meg pluss nokre gamle fine.
søndagsmorgon
om du ikkje har spotify ser den sånn ut:

og eit stort ps om dette med kommentarar: eg veit at det er mange som aldri har lagt igjen kommentarar her og som sikkert aldri kjem til å gjera det, men tenk litt gjennom: eg fekk kanskje femten kommentarar på bilderedigeringsinnlegget eg la ut i går(som eg brukte superlang tid på, forsåvidt, og som veldig mange har spurt om), og da tenkjer eg jo sjølvsagt at "okei, dei var ikkje så interesserte i det, bedre lykke neste gong", men så ser eg på bloglovin at det er førti personar som har hjarta innlegget, og det er jo supert, men misvisande. eg måler interessa hos lesarane for innlegga mine gjennom kor mange kommentarar eg får, så om det er noko de likar er det lurt å sei fra! var berre det.

my new spotify playlists, for lazy sundays or making out.
om bilder og redigering og sånt.
innlegget om kameraet mitt og objektiva mine kan de lesa her. om diana kan de lesa her. om hasselblad kjem snart, berre ver tålmodige. her kjem om litt redigering, eit par ulike teknikkar eg brukar for å få bildene til å sjå litt drømmande og fine ut. eg brukar photoshop cs3 & mac, så eg brukar mac-shortcuts, men som regel er det berre å bytta ut eple-knappen med ctrl-knappen til pc. eg tar det veldig basic så alle kanskje skjønnar.
nummer éin.
for det meste tar eg kun eit lag i solid color(da trykker ein på "new adjustment layer", den rundingen som er halvt kvit og halvt svart i layers-panelet, og trykker på solid color), velger ein lys pastellfarge som gul eller grøn eller rosa. om du ikkje ser layers-panelet kan du lett finna den på window oppe i menyen. 
det vart gul. så trykker eg på opacity-knappen i layers-panelet og drar den ned til kanskje elleve prosent.
da blir det sånn. ein kan gjerne eksperimentera med ulike opacity-verdiar og ulike blendingmodusar(det er der det står "normal" ved sidan av "opacity". soft light, for eksempel!).
dette er med og utan det gule laget oppå.
om ein vil prøva med ulike fargar og ikkje berre gul så dobbeltklikkar ein på den lille gule boksen der det står color fill og velger litt andre fargar. det er dei små forskjellane som teller. om du ikkje skjønte eit ord av dette gjer du kanskje det etter du har lest resten av dette innlegget.
nummer to
eg startar med eit bilde. 
så tar eg eit bokeh-bilde og drar det over så ein ser at det ligg to lag. eg har funne mitt på resources-sida til deviantart, da berre søker ein på bokeh. 
men no ser ein jo ingenting, så det ein gjer er å gå inn i den knappen der det står normal, også finn ein der det står "screen" på menyen.
da ser det sånn ut, og det kunne jo vore fint dét, men kanskje litt mykje. 
så da drar eg ned opacityen til kanskje tretti prosent, så blir det liksom litt gjennomsiktig. om du vil sjå korleis bildet ser ut utan det nye laget kan du berre trykka på auget ved sidan av laget, så ser ein berre bildet som ligg under.
om ein syns det blir for rosa, kan ein trykka på eple+u, da kjem hue/saturation-boksen opp, og den bestemmer fargen. så drar eg hue-stripa litt fram og tilbake.
eit lite eksempel på korleis fargen i bildet endrar seg etter korleis hue-stripa endrar seg.
nummer tre
her må ein ha gjort nummer éin først ellers blir det ikkje like fint. det er mange som spør meg korleis ein får litt effekt som analoge bilder, og ofte folk som spør meg korleis eg redigerer bildene kvar gong eg legg ut bilder tatt med diana-kameraet. det som er med gamle kamera, og gjerne plastikk-kamera som diana, er at dei slepp inn pyttelitt lys, det heiter lekkasje og lagar fine(syns eg) effektar på filmen. det kan ein lett gjera i photoshop, sånn:
gjer nummer éin først. så. lag eit nytt lag, da trykker ein på det tegnet mellom søppelbøtta og mappa i layers-panelet. så poppar det opp eit heilt nytt lag! ta ein pensel, bruk ein som er mjuk i kantane, og pensel raudt rundt kantane(i det nye laget) og litt randomly egentlig. 
så velger ein linear dodge i blending mode-menyen.
og drar ned opacityen berre så ein kan sjå det litt. eg syns i alle fall det er superfint. og ganske så enkelt.
andre ting:
♥ ofte fjernar eg óg litt av det gule i bildet ved å trykka på new adjustment layer(den rundingen som er halvt kvit og halvt svart) og "hue/saturation". da velger eg yellow i menyen og drar ned saturation, det gjer eg spesielt på bilder som er tatt inne og med høg iso.
♥ det viktigaste med photoshop er ikkje å gjera bildene akkurat som alle andre eller å følga ein perfekt mal, men å prøva seg litt fram med ulike ting.
♥ om du vil gi bildene dine eit analogt/retro preg, finst det hundrevis av fine tutorials på internett. til dømes denne er fin, og ein lærer så innmari mykje ved å gjera ting i photoshop som ein ikkje pleier. lovar.
sånn, da veit de i alle fall litt av kva eg driv med i photoshop! nokre ting held eg sjølvsagt tett til brystet, ellers ville det ikkje vore noko gøy, men om de lurer på noko må de veldig gjerne spørra, så svarar eg i kommentarfeltet.

just a little insight in how i edit my photos in photoshop. i think google translator could be helpful!
tredje brev til han der fine

tysdag og onsdag var eg hundevakt for mikla og balder. dei var rampete og skreik til kvarandre men så fekk dei dentastix og da gjekk det okei. 
i går var julie og johanne og andrea her. andrea er kusina til julie, og ho hadde purstagen sin her. 
mest gøy hadde me det med muffins og med mitt tullekamera.
finjulie med strikkagenser.
kamerajohanne.
kamerajulie.
kameraandrea.
heile natt til i dag såg eg på seriar på internett for eg ville ikkje, fekk ikkje sova, så eg sovna klokka sju om morgonen også i dag var eg på parkteateret med mina. 
me sat i tre timar og to kaffe latte-koppar, snakka om ansikt og å vera forfengelig og regulering og mad men og å vera seksten og ha det vondt. ho er så fin å snakka med, og så himla komfortabel og bra så ein ville sitta i mange timar til, men ein annan gong.
no er sara her, me snakkar om alt mulig som me pleier og eg har ete min siste middag utan deg på lenge, i morgon kjem du heim.

the last few days i've been a dog sitter, a friend throwing a birthday party for someone i don't know, a person staying up all night watching tv shows online and someone in a café for hours talking about boys and men and love and things that hurt. and mad men. tomorrow my fiancee comes home after being in palestine and i'm looking forward to it.
heidi.




dette er heidi. ho er ein av dei søtaste personane eg veit om, ho er fotograf og har nettopp flytta heim fra paris. ho likar å sjå film og lesa bøker og du kan sjå musikken ho høyrer på her. heidi vil på date og finne mannen i kvardagen som ho kan eta søndagsfrukost med og dela popcorn med på kino. heidi vil at han skal vera søt og veldig morsom og fra tjue til kanskje tjueåtte år og bu i oslo. om du er ein fin sånn person eller gjerne om du kjenner ein, send meg ein mail på mariell.oyre(krøllalfa)gmail.com. no!

my friend heidi needs a boyfriend!
an education.
i går såg eg an education, som eg har hatt så lyst til å sjå heilt sidan eg såg bileta av den på imdb for lenge lenge lenge sidan. eg måtte sjå den to gongar på rad. carey mulligan er virkelig ein heilt fantastisk skuespelar og eg gler meg så himla mykje til å sjå meir film med ho dei neste åra. filmen er fantastisk på alle mulige måtar, regi og fotografi og musikk og kjolane og åh. ein film de burde sjå i haust, i alle fall.
(alltid nokon som spør: eg lasta den ned gjennom vuze, spelte den av i quicktime og tar bildene med grab med mac(eple+shift+3), ein kan óg kjøpa på play.com, billig og gratis frakt)

i saw an education last night and had to watch it two times in a row. i'm looking forward to see more of carey mulligan in the future and you should absolutely watch this film, it's got everything.
tomatsuppe.

du treng(til to personar eller ein middag og ein lunsj til ein person):
to boksar tomater
to små løk eller ein stor
creme fraiche(eg brukar lett sidan me lagar suppen så ofte)
kvitlauk
salt
pepper
også bør du ha stavmikser, men ein blender går óg fint

tøm tomatene oppi panna med lauken + tre-fire fedd med hakka kvitlauk. når du tømmer tomatene fra boksen blir det igjen litt tomat i boksen, fyll boksen halvvegs med vatn og tøm det oppi gryta. det skal altså vera ca éin boks med vatn i denne suppa. eg bruker ei jerngryte, men eg trur det går bra med kva panne som helst. til denne suppa brukte eg hakka tomater, men vanligvis brukar eg heile. kok tomatene og lauken til lauken er heilt mjuk. 
ta panna av varmen og tilsett to spiseskjeier med creme fraiche.
så køyrer du det til ein fin suppe med stavmikser(om du brukar blender: hugs å holde på lokket. ting som er varme pressar seg ut om det får). smak til med masse salt og pepper. om ein har fersk basilikum er det heilt fantastisk i óg.
om ein vil kan ein óg tilsetta ost. eg hadde oppi ein halv mozzarella, da set ein suppa tilbake på varmen til osten har smelta og da må ein passe på, for da blir suppa skikkelig sint. ha på langerma og hold ansiktet unna panna. smak til litt meir med salt og pepper om ein har ost oppi, for den blir mildare da.
så er det berre til å eta! me et tomatsuppe med toast og ei røre av champignon og lauk + creme fraiche og salt og pepper på, noko av det beste eg veit, men ein kan óg eta aleine eller med kvitlauksbaguettar. og sjølvsagt kesam eller creme fraiche på toppen! enjoy!

tomato soup is my favorite dinner at the moment.
kjærleiken, men i ein anna versjon.
i dag tidlig våkna eg av at eg skreik. av lyden av mitt eige skrik, fullstendig gjennomvåt av sveitte. eg drømte at han der fine var død, at eg satt med ein kasse med tinga hans i hendene og skulle bestemma kva som skulle kastast, kva som skulle lagrast, kva som skulle stå framme, og eg skreik. for alt me ikkje skulle få, for alt me skulle hatt, for alt me har gått gjennom for ingenting, forgjeves om han ikkje skulle vera her meir. det verste var å våkna aleine og framleis tru på drømmen, fram til eg følte meg fram etter telefonen min og fekk ringt, heilt til palestina. han tok telefonen og snakka meg ned, snakka meg opp, fram og ut av senga men framleis med klumpen i brystkassa.
det er den typen kjærleik me har. kjærleik er ikkje berre familieselskap og søndagar i senga, kjærleik er óg skrikande smerte og utholande vondt til tider, i alle fall min kjærleik og eg ville ikkje hatt det på nokon anna måte og det seier eg heilt utan å tvile. det er vår kjærleik, meg og han der fine til kanten av universet.
all denne diskusjonen i kommentarfeltet mitt dei siste dagane sliter meg ut. det er den som gjer meg svak, ikkje mangel på han der fine sin eksistens i min umiddelbare kvardag. det er alle bekymringane og tankane om kor svak eg er, for eit dårlig forbilde eg er, fra heilt framande personar som eg aldri har bedt om og ikkje vil ha. om de hadde vore vennene mine, og fortalt meg at eg var svak og eit dårlig forbilde i ei stund der eg trong å høyra at det går fint, det går bra, han kjem heim, du er sterk, hadde eg snudd i døra og aldri sett meg tilbake.
eg har det fint. heilt fint. eg fungerar i ein slags kvardag med fine folk rundt meg som kun støttar og seier fine ting til meg, fordi dei veit at det er det eg treng. og når eg ikkje har det fint så hjelper det å skriva, og eg utfordrar meg sjølv(og lesarane mine, tydeligvis) ved å legga ut det eg skriv sjølv om det kanskje er ein miks mellom virkelighet og fiksjon, så hjelper det å skriva. eg kjem ikkje til å sensurera meg når eg for ein gongs skyld tør å pressa meg sjølv til å publisera noko som ikkje er sukkerspinn og makronar. det finst fleire sider ved meg og dette er den usensurerte kjærleiken. ta det som det er eller la ver, det er opp til deg.
tenk litt før de legg igjen kommentarar på ein blogg, om de faktisk bryr dykk(som de påstår at de gjer). om du hadde vore saman med nokon i seks år og den personen var ein stor og definerande del av livet ditt og deg, ville du vera avhengig av den personen? ville du sakna å ha den personen i din kvardag? ein anna ting: er det ikkje bedre at unge jenter lærer at det er greit å ha det vondt? at det er greit å reagera når ting skjer i kvardagen? er det bedre at dei lærer å holda alt inni seg og ikkje reagera på ein normal og sunn måte? eg trur eg absolutt veit kva svaret på det er.
eg vil ikkje krangla i kommentarfeltet, eg vil at dette skal vera ein plass ein kan gå utan å vera sint om det så er den einaste plassen på internett. så om de virkelig er så bekymra som de seier, send meg ein mail. det meinar eg. eg vil jo vera venner. bloggkommentarvenner.
(og eg beklagar om noko av dette skremmer nokon, det trur eg egentlig at det gjer. men det er lov å vera skremt og litt satt ut. det er lov.)
jenter.





canon eos 500

girls. with my new analogue camera.
andre brev til han der fine/fredagskveld

i går kom sigrid til meg. ho hadde på seg ein bluse som fekk ho til å sjå ut som ein candy shop.
heidi og caroline kom óg, også dansa dei med skjørt som var for korte til å sitta i. joachim var hos meg óg, men eg fekk ingen bilder av han.
me gjekk på revolver og der møtte me linn med fine venner.
og synne kom! (her er forresten joachim i bakgrunnen, sådetså) eg skreiv til synne ut i dag? og ho skreiv at ho måtte gjera lekser også skreiv eg fysøren, synne!!! også kom ho ut likevel. av og til hjelper det å kjefta litt.
dette er synne og daniel i eit fantastisk bilde sånn teknisk sett. 
på revolver har dei rutete golv og eg overhøyrte fire svenske jenter som lurte på kvar faen hipsterane var, for dei var jaffal ikkje på revolver.
daniel f meinte at fyrstikkpakka var ein lamborghini men eg var uenig.
her er daniel framleis opptatt av fyrstikkpakka og synne er sjukt glad.
her er dei sjukt glade begge to. det er sikkert fordi dei spelte don't stop believin' og det er den mest fantastiske sangen.
så stengte revolver og da gjekk me til ein anna by eller i alle fall tøyen, til ein leilighet som var så fin at eg flytta inn. her er linn på golvet.
ein katt som heitte noam som ikkje likte meg noko særlig.
her snakkar eg sikkert om deg, for eg sakna deg veldig og flasha ringen min til alle som ville sjå.
me drakk whiskey og cola fra barskapet.
dette er benedicte som bur i leiligheten. dette er benedicte sitt beste partytrick. ein treng ikkje fleire heller om ein kan sånt.
katten som drikk av vassglaset.
heidi låg på golvet og snakka om gutar.
det kan ein nesten sjå på ho. plutselig sovna ho óg.
dei spelte sjakk. eg spelte óg sjakk, mot tobias, og tapte.
dette er ordboka til benedicte, for ho studerar russisk. eg måtte snakka om min russiske flamme som eg hadde då eg var fjorten. han var ganske kjekk. ho slo opp navnet for augestikkar, for eg trudde det var eit kjempelangt ord men det var det ikkje.
alle la seg på teppet.
plutselig sa nokon at klokka var seks så da ringte eg oslo taxi og prøvde å ringa deg medan eg gjekk heim fra markveien men ei norsk dame i telefonen sa at det ikkje gjekk, så eg steikte egg og rista brød og sovna med sminke og flokar i håret. og det var den fredagen. gler meg til å skype med deg i kveld, du er fin.

my friday night was a bit crazy, we drank wine at my place before going to revolver and then ending up in an apartment in tøyen until six in the morning.
dette er meg utan deg.
drikk ei flaske med raudvin, dansar til chemical brothers før me går ut, går på revolver og snakkar altfor mykje med blogglesarar som skremmer meg litt, snakkar med sigrid om kjærleiken, snakkar med daniel om folk som vil drepa han, drikk øl med synne og skrik ting til joachim som eg ikkje høyrer sjølv eingong og når don't stop believin' kjem på så dansar eg sjølv om eg ikkje dansar for det er min favorittsong akkurat no og heidi har camel i veska og caroline dansar med ein ho ikkje kjenner og ikkje har håndhilsa på eingong og om sju timar har eg ein photoshoot og om du hadde vore her hadde du sagt at me måtte legga oss for mange timar sidan, før øl og før eg reiste på nach på tøyen hos benedicte som studerar russisk, før eg spelte sjakk med tobias og tapte og før eg sa marselis' gt 24 til taxisjåføren. dette er meg utan deg, hjelpeslaus og destruktiv utan å eingong vite det og neste torsdag blir den beste dagen i mitt liv.
første brev til han der fine.
(han der fine er i palestina. der spelar han musikk og representerar kommunen sin. han reiste i går og eg klarte ikkje å stå opp før klokka var tre på dagen, det gjer vondt i fingrane og nakken min føles rar for eg har ingen brystkasse å sove på. eg er ikkje meg sjølv, eg er ein person som kjøper jif kjøkkenspray og støvsuger plassar der ingen ser, ryddar i skuffer og flyttar på bøker, saknar han og synthen og musikken og kyssa og hendene. så derfor sender eg brev. ikkje på ordentlig, men brev likevel. dette er det første)
hei, jostein! i går var eg på mekken for første gong. der ser det litt sånn ut.
der er hyller fulle med bøker over alt.
og fine plakatar med lunger.
og fine foster.
og veggmaleri.
og heidi og caroline på magasinmøte.
heidi hadde laga muffins og eg kjøpte ein chai latte.
og dette bildet syns eg var fint.
dette bildet tar dei alltid på kafé, er ikkje det fint?
dette bildet tok eg gjennom fjæra til julie.
det som caroline har over auget.
me sendte pinlige sms til gutar og såg på alle gutane som kom inn, men så jobba me masse óg og avtalte masse. på veg heim snakka eg om at alle seier til meg "jamen du klarar jo ei veke utan han" også tenkjer eg berre jamen eg vil ikkje! eg vil ikkje vera utan deg, sjølv om du gløymer å vaska vasken etter du har barbert deg og alltid legg nøklane på pulten min eller plassar der du ikkje finn dei igjen. men det går fint. og snart kjem heidi og caroline hit til meg for å drikka vin og le. sigrid er her allereie, ho les aftenposten på sofaen.

så krølla eg håret mitt og skypa med deg også la eg meg og mellom det så klarte eg å sjå ca fem timar med tv. eg vil at du skal komma heim no, eg er ikkje flink på å vera aleine, eg er best i tospann. eg er forvirra om eg skal skru globusen mot argentina eller palestina så eg byttar på. eg håpar du har det fint og det veit eg egentlig at du har. suss.

this is a letter to my boyfriend who is in palestine, just to let him know how i am doing and that i miss him. yesterday i was at oslo mekaniske verksted. heidi had baked muffins and i had a chai latte and admired the anatomical posters on the walls.
første magasindrypp.
okei, så her kjem eit par navn fra magasin nummer to. det kjem ut i november ein gong og blir ei perfekt julegåve til kven som helst.
kval & actionfilm

heidi og caroline, ein av mine favorittbloggar, har det største kapittelet i magasinet. dei skriv og illustrerar om kjærleik, om jenter, om knuste hjarte og knuste ølglas.
nikoline l.rasmussen

nikoline deltek med ein nydelig fotoserie fra ute i skogen, den er haust og kjolar og sånt som er fint. åh.
sandra beijer

sandra, kjent som niotillfem, bidrar med ein tekst om kjærleik sjølvsagt. her er eit lite utdrag:
"Du tar mig till alla platser i hela staden. Vi skriver obetydliga rim på en
skrivmaskin du hittar längst bak i en bokaffär och vi spelar alfapet på en
parkbänk. Jag får alltid alla C:n och du vinner, om och om igen."
så, kva seier de? trur de at det blir bra?
(alle bileta er linka til respektive bloggar)
the three first chapters of my magazine coming out in november.
jenter.
tysdag var jentedagen med stor j. møtte julie på bare jazz tidlig for å snakka om magasinet(jahaha, supermystisk) og drikka chai latte, det var fint. på kvelden kom sara og johanne óg og me drakk alt som kunne drikkast med sugerør med sugerør, me dansa på stolar, i vindauget, på golvet og framfor vifta, og snakka om sånt som jenter snakkar om når det berre er jenter der, uredde og usensurerte. eg og julie var våkne i senga mi til klokka var sju om morgonen og fekk nesten ikkje sova for anleggsarbeidet hadde starta utanfor vindauget, ganske fint egentlig. 
tuesday was girlsday with a capital g, meeting up with julie to talk about some magazine stuff and later on drinking everything that could be drunk with a straw(with johanne and sara too!). we danced in every available spot and sang until our noses bled.
oktober.



i oktober vil eg skriva eit innlegg om korleis eg redigerer bildene mine.
i oktober vil eg skriva eit innlegg om hasselblad.
i oktober vil eg skriva eit innlegg om kor rart det er å vera aleine av og til. og kor fint.
i oktober vil eg sjå masse franske filmar.
i oktober vil eg få ein jobb som eg klarar å ha og som er bra som gjer at eg kan kjøpa meir kjolar og chorizo på gutta på haugen og spandere lunsj på han der fine.
i oktober vil eg ta opp lyd av folk som snakkar om kjærleikssorg på trikken, folk som gret og folk som ler til dei gret.
i oktober vil eg ta bilder av framande som vil ha bilder av seg sjølv.
i oktober vil eg ta så mange bilder eg kan ute før det blir for kvitt, for mørkt, for kaldt.
i oktober vil eg designe bloggar for folk som blir så himla fornøyde og glade for det.
i oktober vil eg laga ferdig eit magasin som blir så mindblowingly fantastisk at eg ikkje skjønnar det sjølv eingong, og eg vil sleppa bombe på bombe om kva som faktisk er med, og de kjem til å eksplodera i lykke av det. lovar.
i oktober vil eg utfordre meg sjølv og folk rundt meg til å sette meir pris på ting, på bestemødre, på landet dei bur i, på folk rundt seg, vennene sine.
kva vil de i oktober?

in october i want to write about how i edit my pictures, about my hasselblad camera, about being alone. i want to watch french movies and get a job so i can buy more dresses and take my fiancee out for lunch. i want to record people crying and people laughing, i want to take pictures of strangers. i want to make blog designs for people, i want to finish a magazine so amazing i can't even understand it myself. i want to challenge myself and people around me to appreciate things more.
atm.
if i could dig a hole and die in it, i would.
for litt sidan såg eg og han der fine a bout de souffle(breathless), egentlig berre på grunn av min crush på jean seberg(ho tok livet sitt tidlig, men gud så fin ho var mens ho levde), men óg fordi eg hadde lyst til å sjå meir franske filmar. han som spelar den mannlige hovudrolla, jean paul belmondo er så kjekk og rar og flink at ein dånar litt inni seg, meir enn ein vil innrømma.
så denne må de sjå, og ikkje berre irritera dykk over svartkvitt eller hakkete klipping men heller tenka å. dette er faktisk filma i paris. på femtitalet. akkurat som det var. ingen miksing og triksing, berre akkurat som det var. vakre folk og vakre bygningar og ein kan føla fargane gjennom skjermen uansett. ein får lyst til å klippa håret kort og børsta augebryna med børste og røyka tusen sigarettar om dagen. den har i alle fall inspirert meg så mykje at snart skal eg ta bilder med ein modell styla som jean seberg, og det gler eg meg til. den kostar ca ingenting på play.com, så versågod action.

at the moment i am in love with the movie a bout de souffle(breathless) starring jean seberg. i think you should all see it.
kakao og krøller.



i går gjekk me på cocoa on the go-go og drakk kakao og åt godteri og snakka om fortid og framtid og kjærleik og krangling.

så gjekk me heim, åt kalkunsalat med naanbrød og skrapa bollen for alt som var igjen.
så måtte sonja reise tilbake til ålesund og eg håpar eg får sjå ho snart igjen, for det var altfor lenge sidan.
på kvelden krølla eg håret.

og sovna som ei prinsesse, og våkna med krøller óg. i dag tidlig såg eg meg i spegelen og syntes inni meg at eg nok hadde hatt det mykje bedre om eg berre alltid hadde hatt krøllar.
my sunday was cocoa with friends and curling my hair.
facebook.

kvar dag får eg forespørslar fra blogglesarar som vil bli venn med meg på facebook, og sidan eg veldig gjerne vil holda facebooken min privat og for venner(eg har tohundre venner på facebook, berre) pleier eg å avslå søknadane med mindre det står noko spesielt der. for ei god stund sidan laga nora ei fangruppe for meg(forsåvidt ein fantastisk søt ting å gjera), og no har ho gjort meg til administrator der, så framover kjem eg til å publisera statusoppdateringar, fine linkar, youtube-videoar og anna viktig info. så kan de vera litt venn med meg likevel, om de vil. berre trykk på lik dette/like this, også kjem det opp på newsfeeden kvar gong eg skriv noko, og de kan kontakta meg gjennom sida óg. høyres ikkje det fint ut?

just to let you know that i now administer my own fanpage on facebook, so from now on i will post updates and important news on facebook. just press "like" and i'll show up in your newsfeed!
ein liten fredag og ein lang laurdag. med bobler på toppen.

på fredag sat eg med han der fine på parkteateret. han las aftenposten og eg skulle skriva. og kaffien var god.
med kanel på toppen, som jo er eit av mine favorittkrydder.
og når koppen var tom hadde eg skrive ein liten tekst. resten av fredag var scanning av film og krim på nett-tv.
laurdag var me i frognerparken.
med posar fra sebastien bruno, med eit buksebærande menneske. altså ikkje meg.
men sonja! åh, sonja. eg har ikkje sett sonja sidan jul og på fredag kom ho med fly til oslo. ho smakte makronar for første gong sidan det er min beste turistting.
eg og han der fine gjorde noko meir utradisjonelt. me kjøpte ei lita kake på deling. mørk, melke- og kvit sjokolademousse med mandelkakebotn. den var så hinsides god.
det var blitt oktober ute. 
og veit de kva ein kan gjera da?




nettopp. neste veke har eg ein del fotograferingar og gjett om dei skal kasta blad, da. 
<3
sonja.
fine sonja.
fine, fine sonja.
sonja er ein flink turist, så ho tok oss med på akershus festning og inn på slottet.
på vegen plukka eg mentalt med meg kanskje fjortenhundre blad.
fra festningen ser oslo ut som danmark.
og inne er det store fine speglar og nydelige møblar. sonja leste fra informasjonsheftet medan me gjekk gjennom heile slottet og eg lurte på om det kanskje kunne gå an å ta bilder der. me snakka óg ein del om den nye bebuelige planeten som forskarane har funne, er ikkje det heilt sjukt?
i gåveputikken hadde dei det nydeligaste serviset. eg ynskjer meg kopp+tekopptallerken. åh. da skulle eg ha gjort som mormor(med de åtte ungene) og tømt kaffi på fatet og sete i vindauget medan eg drakk det og såg på at folk gjekk forbi(om eg berre ikkje hadde budd åtte etasjar over bakken.
så kom me heim og vips fram med vinen.
og vips glad.
eg har eitt einaste champagneglas og det brukar eg alltid sjølv.
sonja hadde óg kjøpt veldig søt markjordbærvin som var så god at ein ville ha den intravenøst nesten.
så klipte eg håret til han der fine, for han reiser til palestina om berre nokre dagar og da er det viktig å vera stelt. og ja, eg veit at det ser heilt merkelig ut. (og nei, det er ingenting ekkelt inni dreadsa, det er ein teit myte. det er berre hår heilt inn til midten)
me åt kalkunsalat og pitabrød og det var supergodt.
så gjekk me ut til dattra til hagen der lars skulle spela. det var superkul musikk, me drakk cava og møtte fine folk(og fine blogglesarar!) ute i bakgården og der var det akkurat varmt nok. 
han der fine var fin, me var der for musikken og snakka med framande om å skjæra i lik til me fulgte sonja tilbake til plaza og etter det var køen inn igjen for stor så me gjekk heim igjen og det var egentlig ganske fint.
har de hatt fine helger? i dag er det søndag og eg elskar jo søndagar. skal sjå ein og ein halv film minst.

my friend sonja arrived in oslo with a plane on friday so i spent my entire saturday with her doing touristy stuff like the akershus castle and cava at dattra til hagen.
good morning.
ein liten smakebit.
i dag har eg scanna søttito bilder av julie, og mange av dei skal vera med i magasinet mitt som kjem ut i november, så de får berre sjå litt sjølv om eg egentlig vil laste opp i alle fall tretti akkurat no, med éin gong. men her har de litt, i alle fall. eg elskar dei så. innmari. mykje.
hasselblad 500c/m
ilford 400 delta pro
framkalla på labdoka
scanna med canoscan 8800f
a sneak preview of my hasselblad pictures of julie.
fivrel.
i dag slapp han der fine låta "stig!" som han har laga til meg. på låta kan ein høyra heidi som snakkar med caroline om ein gut og om å ligga i senga og høyra på musikk. eg elskar den og håpar at de gjer det óg! og hugs å like fivrel på facebook, da blir eg skikkelig glad.

















































































