om å samla på hausten



raindrops on roses and whiskers on kittens

hjartesmil + graasona = fint.

kjolen funkar som vanleg. eg elskar den. eg kan godt tenka meg å bu i den. eg har farga håret i dag òg. det vart ikkje så verst.

ha ein fantastisk laurdagskveld!
ca 20 meter silkebånd



eg har stilt meg sjølv to spørsmål.
1. kva er meininga med livet?
2. kvifor blir livet så mykje lettare med silkebånd?
1/4 alkohol, 3/4 søt! (dedikert til ole)

på vinmonopolet i dag, såg eg denne og eg klarte ikkje å la vere. det er champagne, 114 kroner for 200 ml. men av og til så må ein berre. den er veldig rosa og med handtak så ein til og med kan bruke den som veske. meget praktisk.

hello, lover


kva som låg oppi?

my new babies, camper peu.


inni er dei faktisk prikkete. er dine sko prikkete på innsida kanskje? trudde ikkje det. hih.

og under skoen står det "contact earth". eg elskar camper.



(ja, eg pleier vel å sitta på golvet på kjøkenet når eg drikk smoothie)
torsdagalfabet
min e står for elefantbaby

min e står for eufori
(mitt favorittord i heile verda, og det finnast ikkje biletbevis)
min e står for ebay

ebay, min kjærleik, har gitt meg mykje glede her i livet. eg elskar deg, ebay.
min e står for eira.

min fine eira, som eg saknar. bergen er så altfor langtbort.
min e står for edgar.

fine fine filmen og rare edgar.
edward scissorhands.


eg elskar johnny depp. edward saksehånd er obligatorisk.
einhjørningar.

det er kanskje litt teit, men "alle" jenter drøymer om dei. non?
kva står din e for?
det finaste som har skjedd meg på lenge

ca 70 år gamal. med hatt. han surra rundt på butikken før han faktisk bestemte seg for ei pakke med sitronkjeks. eg vart sjølvsagt igjen på butikken for å få kvitteringa hans. eg kjem til å hugsa han resten av livet.
du veit du har budd altfor lenge heimefrå og blitt altfor ansvarlig når...

... du vert overlykkelig over ein knott til eit skap.
fotoboks og nye sløyfer


bilete eg og han der fine tok i ein fotoboks på flyplassen i paris. me sprang gjennom gangane for å rekka flyet, men når me såg fotoboksen måtte me berre. og det stinka urin, men me er fine likevel eller hur?

2 nye sløyfer til meg. hih.
tomt.

ny oppvaskkost! den er sebramønstra og fin og den inspirerer. hih.
inspirasjonsbok
desse er veldig gamle bilete og tekne frå facebook(aka dårleg kvalitet).





og greia er at den funkar faktisk. eg limer inn litt nytt av og til, men kvar gong eg har behov for litt inspirasjon, går eg til boka mi og plutseleg kjem skapargleda over meg igjen.
kvar finn du inspirasjon?
angels in america
det handlar om aids, om homofil kjærleik, om skam, om familie, om ulykkelege ekteskap, om håp, om liv og om død. historiane, skodespelarprestasjonane, situasjonane, effektane, scenografien. alt er så overveldande. og eg ber alle dykk om å sjå den. for din eigen del.
intro.
meryl streep og emma thompson i ein av mine favorittscener. fantastisk.
ser du? vanvittig.
kjøp den her. den kostar ca så mykje som 2 corona. eller 3 liter sjokomelk. eller 2 posar sørlandschips. skjønnar? det er så verdt det. det er ei perle.
despite your best efforts, i feel alright
dagen byrja med oppvask og rydding og vasking. ein må liksom berre ta tak i lysten når ein har den.

oppvask.

ferdig.

snø.

vindauget på badet.

eg sparar på hausten. inne i dusjen. han der fine ler av meg, men eg treng det. eg treng å spara på hausten. til neste haust. og når vinteren kjem, sparar eg på ein ny haust.

bringebær-balholm i kirsebærglas til frukost. nnnam.

fint.

mamma kjøpte ein boks til meg. den er nydeleg, og akkurat passe stor. til eit eller anna, det veit eg ikkje enda.

eg saknar mamma og pappa. og søster. og hund. og det kalde rommet mitt. men no skal eg ut i festlege aktivitetar og blande balholm med usømelege ting. håpar alle får ein fin kveld! hadeeeeet.
(eg gler meg til å blogga skikkelig igjen.)
kvardagen er kvit

eg elskar lyden av snø under beina. det første eg egentlig tenkte var hm, dette kan bli vanskeleg å fotografere. det var ikkje det.


snøen samlar seg i små dropar på jakka mi.

eg elskar snø.
alfabetet
min d står for diana.

min d står for dazed and confused

min d står for damien rice

min d står for dokkehus

min d står for dalmantiner

eg har desverre litt dårlig tid i dag, men eg håpar de vil hjelpe meg. kva står din d for?
min nye besteven



utsolgt.

javelokei, eg gjer det

eit seriøst spørsmål, berre



altforaltfor
forresten: han der fine har kome heim og gjett om eg er glad, da.



wish you were here
blue skies from pain.

can you tell a green field from a cold steel rail?
a smile from a veil?
do you think you can tell?

and did they get you to trade your heroes for ghosts?
hot ashes for trees?
hot air for a cool breeze?
cold comfort for change?

and did you exchange a walk on part in the war for a lead role in a cage?

how I wish, how I wish you were here.
we're just two lost souls swimming in a fish bowl, year after year,

running over the same old ground.
what have you found? The same old fears.

wish you were here.
mine to nye vener


mommy loves you.
lang laurdag og fin fangst

blondegardiner som eg skal laga noko fint utav.



meter på meter med silkebånd i mange ulike fargar. herleg.

eit nytt kamera. som funkar. eg gler meg til å bruka det!

fat som er fint med klementiner på.
hans og grete-huset




det er ein av desse fredagane
i dag fekk eg kule ting i posten på skulen. ein pakke. fra min mor. den inneholdt ein kjole, ei sløyfe, såpe, tannkrem, to strømpebukser, eit par sokkar og bocca. eg er så glad i mamman min. kjolen og sløyfa hadde eg bestilt på ebay. eg er forelska.




den er noko av det finaste eg eig. allereie! <3

eigentleg er det ei sånn mannesløyfe. men bandet er akkurat langt nok til å gå rundt hovudet mitt, hih.


kva skal de i kveld?
uansett; ha ein fin fredag!
c
min c står for cinnamonkisses sine bilete på flickr


min c står for filmen chocolat, ein av mine favorittar

min c står for duoen christine og fredrik, som gjer sitt for å få dagane til å bli fantastiske

min c står for chai-te!

min c står for cocorosie

min c står for chantal michel, den fantastiske fotografen



min c står for comme des garcons

min c står for filmen coffee and cigarettes


kva står din c for?
kort hår, plutseleg



eg føler meg så... voksen?
eg saknar paris



eg kjem nok tilbake skal du sjå. så snart, så snart.
eg er heldig


hei hei ingrid schram du er fin






når det er vinter skal eg.

så skal eg gøyma dei under tjukke sokkar.

også gøyma dei under vintersko. kanskje desse frå camper:

eg skal drikka liter på liter med chai.

og vera besteven med diana.

og sova. mykje.

og smila. mykje. på ekte.

eg er i fornektelse, eg vil ikkje innsjå at det er vinter. så eg ser framover. gler meg til den kalde frosten når ein stig ut av senga ein onsdagsmorgon, gler meg til lyden av vinter under fine vintersko. gler meg til å vakna midt på natta og bre over han som er så kald, så kald, og kyssa han i nakken. vakna timar seinare, vekka han med kaninkyss og fnis.
korleis blir din vinter?
kanskje treng ein berre litt lys


mitt første polaroid

rommet til min sambuar ein mørk kveld.
helga i bilder

me hadde det finaste rommet, eg vart forelska og fotograferte det ihjel.







og eg var så glad.



no skal eg ikkje kyssa han som ein kanin eller lukta på nakken hans på sju dagar. eg må få meg ein hobby. nokon forslag? vakna sju morgonar aleine, sovna sju netter aleine. det er barbarisk.
hei 4 år


natt til i dag var eg og han der fine 4 år. tenk det, fire år. 1460 dagar. 35040 timar. det er fantastisk og fabelaktig og eg er forelska. verkeleg hovudstups forelska. gratulerar med dagen, elskede. <3
laurdag. familie.
drøymer meg litt vekk i erin jane nelson sine bilete og skulle ynskje eg klarte noko sånt. kanskje gjer eg det. eg kan jo det, sjølvsagt kan eg det. eg må berre prøve. her er det i alle fall:



fuglar på ein fredagskveld

"who needs worms when you can have cake?"

"howard dreams of custard creams"

"betty would trade a years worth of worms for those fendi heels..."

"shirley lived by the motto "the bigger the better"
elskar desse fuglene, teikna av kate wilson. hjartesmil til ho.
utfordring og purstag
1. eg skal bli fotograf. eg har ikkje noko val, det er det einaste livet eg kan sjå føre meg, eg må leva i kunsten, bli kunsten, og aldri slutta, aldri aldri slutta å sjå det vakre i ting. eg bryr meg ikkje om andre har tru på meg, eg har tru på meg sjølv og eg veit.
2. eg og han der fine feirar 4 år på søndag. me har gjort det til tradisjon å feira purstagen vår som ein vanlig purstag, med venner og kake. på desse fire åra har eg lært meg å pusta igjen, lært å finna glede plassar eg aldri hadde trudd at fanst, i meg sjølv og i 4 varme føtter og i dreads.

purstagen feira me i går. heile kvelden kjentest slik ut.
3. for kvar nye årstid som kjem klarar eg å overbevise meg sjølv om at dette er mi favorittid av året. ein illusjon som eg lar meg sjølv ha fordi eg veit at eg hadde dukka under om ikkje. lauva og fargane og lyset om hausten, den uendelege stilla av vinteren som blir brote når ein tråkkar i snøen, lukta av vår og dei nydelege grøne trea. ikkje sumaren. sumaren likar eg aldri. berre når eg er åleine i ein hage med ei bok. då kan eg like sumaren.
4. eg har aldri sett nokon så bleik som meg, og trur ikkje eg har fått sol på beina på... 6 år.
5. eg kan identifisere den rette magenta-fargen av 7 rosa nyanser. medianerd.
6. eg tar aldri telefonen. ikkje ta deg nær av det, men eg er livredd å snakka med nokon eg ikkje kan sjå. ein lærer av meg sa ein gang at eg er altfor visuell. verst er det om eg må snakka med nokon eg ikkje kjenner, som eg ikkje anar korleis ser ut. da legger eg på av og til og unnskylder med oi, dårlig dekning eller oi, noko rart skjedde med mobilen min.
7. til neste år flyttar eg til oslo for å dyrka kjærleiken og kunsten. kanskje kjem eg inn på skule, kanskje jobbar eg i barnehage. uansett går det fint. det går alltid fint.
eg utfordrar sommarsnö
b
i går feira eg og han der fine bursdag. for me er fire år, me. bilder kjem.
b står for bøker og gamle bokhandlarar.


b står for ballongar.


b står for bestemorkjolar.



b står for barack obama.
<3
b står for brev.

b står for björk.

b står for bobler.


kva står din b for?
kvitteringsonsdag

denne gamle dama ser litt slik ut: brune knestrømper, kanten på strømpene visast såvidt under det store blomsterskjørtet. ho har langt hår, i ei flette. veska under armen. ho er lei seg. for mannen hennar døydde. for ikkje så lenge sidan. og ho elska han sånn, han var det einaste. han var glimtet i auget, og ho saknar ein kropp å varme seg på. sonen kjøpte ein kattunge til ho for å få tilfredsstilt omsorgskjensla hennar. no er den alt ho klarar å tenke på. den heiter bruno, etter han. og fordi den er brun. den ligg på puta hans om morgonen, et frukost ved bordet med ho(ho har ikkje klart å ete på ei stund). av og til tenker ho at katten er han. ho spelar kabal for å døyve saknet.
obama-dans og xylofon

i natt var det valg. for å halda oss vakne gjekk oda, christine og eg ut for å gå ein tur. me enda opp på skuleplassen, der me dansa obama-dansen ei lita stund. me spionerte på han der fine som øvde piano.

spennande. seinare braut me oss inn på skulen. gangane er veldig skumle om natta.



eg sang obama-sangen inni meg heile kvelden. nothing can stand in the way of the
power of millions of voices calling for change(WE WANT CHANGE WE WANT CHANGE WE WANT CHANGE!). magisk. takk gud og høgare skaparmakter. endeleg. 75 dagar til bush blir kasta ut, eg gler meg.
i dag ser verda mi slik ut:


tim walker er ein gud




icouldmakeyouhappy,youknow(ifyouweren'talready)






a year of mornings







eg er forelska. litt. igjen!
yes we can!

It was a creed written into the founding documents
that declared the destiny of a nation. Yes we can.
It was whispered by slaves and abolitionists as they
blazed a trail toward freedom. Yes we can. Yes we can.
It was sung by immigrants as they struck out from distant shores
and pioneers who pushed westward against an unforgiving wilderness.
Yes we can. Yes we can. It was the call of workers who organized;
women who reached for the ballots; a President who chose the
moon as our new frontier; and a King who took us to the mountain-top
and pointed the way to the Promised Land.
Yes we can to justice and equality.
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)
Yes we can to opportunity and prosperity.
Yes we can to opportunity and prosperity.
Yes we can heal this nation.
Yes we can repair this world.
Yes we can. Si Se Puede
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)
We know the battle ahead will be long,
but always remember that no matter what obstacles
stand in our way, nothing can stand in the way of the
power of millions of voices calling for change.
We want change!
(We want change! We want change! We want change?)
We have been told we cannot do this by a chorus of
cynics who will only grow louder and more dissonant.
We?ve been asked to pause for a reality check.
We?ve been warned against offering the people of this
nation false hope.But in the unlikely story that is America,
there has never been anything false about hope.
We want change!
(We want change! I want change! We want change! I want change.)
The hopes of the little girl who goes to a crumbling school in
Dillon are the same as the dreams of the boy who learns on
the streets of LA; we will remember that there is something
happening in America; that we are not as divided as our politics
suggests; that we are one people; we are one nation;
and together, we will begin the next great chapter in America's
story with three words that will ring from coast to coast;
from sea to shining sea - Yes. We. Can.
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can,
yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)
helga var i stor grad sånn



kvalitetstid med diana.

skattejakt på loftet til han der fine sin familie.


eg fikk med meg denne nydelege kjolen som ein dag høyrte til hans bestemor. eg fekk òg med tre kåper som eg skal visa seinare i dag.

allehelgens dag.
bloggen.
måndag - utflukt
tysdag - ?
onsdag - kvittering
torsdag - alfabet
fredag - mat
laurdag - eit eller anna fint
søndag - min dag i bilder
har de andre idèar? feel free.


akkurat no saknar eg sumaren.
ein gong til.

