om å gjera ein vanlig tomatsuppe til eit fabelaktig måltid.




ta litt tomatsuppe, heilt vanlig tomatsuppe. kok pasta, kanskje i hjul og sløyfer saman med eit par egg i ei panne. steik lauk i smør og tilsett litt karri. rist eit par brødskiver og ha på pesto. mestermåltid på eintotre!
kva et de til middag i dag? eg er idélaus og kjedelig. ps: eg lagar ei julespeleliste på spotify som eg skal legga ut her, har nokon fine forslag til fine songar å høyra på i jula som ikkje er så krampe-julete?

how to make a tomato soup non-boring: add cute pasta, hard boiled eggs, onions with curry and bread with pesto. yum!
nyfiken.
og av og til føler at eg har eit slags overtak med å vera bloggar, fordi eg sjølv kan plukka livet mitt ifrå kvarandre og seia "du får vera med, medan du ikkje får". og såleis styra akkurat kva de ser og kva de ikkje ser. eg er berre nysjerrig(haha), tenkjer de på det? på kva eg gjer som eg ikkje bloggar om? og kva isåfall ser de for deg at eg gjer? berre del tankar, det ville tilfredsstilt mitt sarte hovud til dei grader. suss.
kva skjuler seg?

når ein våknar og finn ut at det er første søndag i advent utan at ein har merka det, får ein lov til å laga amerikanske pannekaker med kokos, kanel og klementiner i røra til frukost. og ein får jaffal lov til å eta det på den nye frukostbrikka.
kva åt de til frukost i dag?

for breakfast today we had american pancakes with cinnamon, coocnut and clementine juice.
postekort


på laurdagar kan ein senda postkort eller brev med snirklete håndskrift til folk ein er glad i. om ein bur i oslo finst det masse masse fine postkort på tronsmo. kva gjer de laurdagar? i dag fotograferer eg i studio. suss!

writing postcards and letters are perfect activities on a saturday!
om eg fekk eit friår


♥ starta ein eigen liten putikk med fine vintagekjolar og servering av mintkakao og peppermynteklubbesnop til alle som kjøpte noko.

♥ reist til paris for ein månad også vidare til new york for å dansa på tak og føla meg fabelaktig.

♥ læra meg å laga fransk mat og å steika eit lammelår perfekt.

♥ fiksa meg eige studio og tatt tusenvis av bilder og tjent opp pengar så eg aldri trong å gjera noko anna enn å fotografera igjen, aldri aldri.
kva ville du gjort om du berre fekk setta på pause?

if i was given a year off from school and life, i would start my own little boutique with dresses and peppermint candy, travel to paris and new york, master the art of french cooking, and do a whole lot of photography.
fine ting ein kan gjera på ein torsdag.
sjå jul i mummidalen på svensk på youtube.
2.
lesa fine bloggar eller fine prosjekt.
3.
ta rare bilder med sjølvutløysar på offentlige plassar.
4.
vaska klede med ekstra mykje tøymykner.
kva anna? altså, eg har jo berre hengt på eit begravelsesbyrå i heile dag, så eg veit at det finst masse rart å gjera på ein torsdag.

things to do on a thursday: watch the moomin christmas calendar on youtube, read lovely blogs, take pictures in public places with the timer, wash clothes with extra extra fabric softener.
onsdag.

i går reiste eg på åpning av ei utstilling der læraren min stiller ut. på rådhuset.

han der fine var med.

og hedvig! etter det sa det svosj rett på trikken for meg og han der fine, til bogstadveien.

for der var det åpningsfest for monki! (mannen i døra spurte kor gammal eg var og eg sa "18! 19!" og måtte sjølvsagt visa legitimasjon.)

og fargeglade drinkar.

og ballongar.

og øl.


det er så masse speglar der inne at ein kan bli gal. nesten så dei bør ha piler på golvet så folk skal finna fram og ikkje dunka hovuda sine.

me holdt oss mest ute, for det var så masse folk der at ein måtte smyga seg inntil. også fekk ein ha godteri i håret, som de sikkert ser.

ina hadde fine sko på.

og eg sussa.

og hadde tre prikkar på, som eg for det meste har no for tida.

han der fine sa "sjå, no bevegar himmelen seg så fort at ein kan sjå det!" og eg såg og det var heilt sant. noko anna som var sant er at i vindauget til høgre var ein mann i bar overkropp som sikkert ikkje hadde fått nabovarsel.

han der fine såg ut som ei løve og fekk kompliment fra ein som egentlig hatar dreads. kult.

peppermynteklubber til alle. og makronar! gjett om eg var i himmelen(sjølv om eg berre fekk ein før det plutselig var tomt). og omtrent da reiste me heim.

last night was rather crazy with balloons and free alcohol at the opening party for monki here in oslo.
ønsketenking.
på mitt kjøleskap

ein i eit land av nynorsk.

og ein med sommarfuglar rundt seg.
kan ikkje de visa fram kva de har på kjøleskapet? send meg eit bilde på mail eller link til eit bilde i kommentarfeltet. det ville vore supergøy!

on my fridge i have to cupcakes and some butterflies.
tre fine songar.
big bang - something special
minnar meg om barndom og pappa og å sitta i ein bil mens det silregnar mot ruta og me skal køyra i fem timar til og den minnar meg om å vera forelska i ein som elskar big bang óg og synga den på telefonen om natta.
tom waits - martha
finaste kjærleikssongen. og den songen som fekk meg hekta på tom waits. hjarte.
candi staton feat. the source - you've got the love
denne songen er vidaregåande om igjen. frå første gongen eg og christine drakk oss fulle på ymse rusbrus med sex & singelliv-maraton til den absolutt siste festen i kråkeslottet. den er nostalgi og kjærleik og å.
har de fine songar som er varme i hjartet óg?

these are three songs i cherish.
kjærleiksmåndag.

i går fekk eg blomar av ein fredrik som kom rekande på ei fjøl. nellikar er min favoritt.

då kunne me kasta dei andre som var blitt triste, men først rulla oss litt i dei på golvet.

fredrik hakka og eg steikte og vips!

nachos. herleg. me drakk musserande eplevin som var ny inne på polet.

fredrik fekk pyntehjelp av han der fine.

og janne kom!

og eg var ein katt, som eg ha vore mykje i det siste.

med fiskemunn. ser de fredrik i nasen min?

fredrik teikna i den kreative arbeidsboka mi.

og janne hadde klementiner i mojitosen sin.

før me gjekk ut laga fredrik blomsterkransar. så valsa me ut til parkteateret.

fredrik forklarte ein heil del, me drakk ein heil del øl og kvelden endte på trikkestoppen med to bøtter ben&jerry's. herleg fantastisk måndagskveld. i dag tidlig våkna eg og måtte vera stille for å ikkje vekka to av mine favorittmenn. fint.
hadde de fine måndagar?

my monday was this wonderful. to the edge of the world and back.
you've got the love i need to see me through
fika.





(mi nye tekanne, er ikkje den det kulaste og styggaste du har sett?
laurdag.



klokka var berre halv fem, men sjå kor mørkt det var. me gjekk langs akerselva mot sentrum og eg fann ein hemmeleg veg som gjer at eg kan gå til skulen på eit kvarter, teite meg som har tatt trikken i fleire månadar. eg prøvde kjolar.

og denne fekk bli med meg heim. minnar meg om jul og litt om søttitalet.

den har fin sløyfe framme óg.

så gjekk me heim samme vegen som me kom og eg lassa eit par kilo klementiner oppi ei korg som eg kuppa meg på maritaputikken.

klart for minijuleverkstad!

og laurdagsgraut!

absolutt på tide å skifta til sløyfe(takk, maja. <3) fra fugl og gjera sminke om igjen. ein får lov til det på laurdagar.

me rusla ned igjen mot sentrum og til eldorado kino der dei viste the imaginarium of doctor parnassus, som var herregud!!! for ein fantasisk film. og lily cole! og måten dei hadde takla heile fire skuespelarar-éi rolle-situasjonen. eg var veldig positivt overraska(sjølv om eg hadde skyhøge forventningar), men óg ganske irritert på oslo internasjonale filmfestival for eit ganske lite profesjonelt opplegg. men! hello panda-kjeks redda kvelden som vanleg.
kva gjorde de i går?

yesterday was a pretty packed day with christmas shopping, enjoying my cousin, and going to the movies to see the imaginarium of doctor parnassus.
grunnar
♥ han har ein indre konkurranse med seg sjølv om kor mange bretta mjølkekartongar han får oppi éin kartong.
♥ han må ha noko grønt på maten og bryr seg ikkje om smakane ikkje passar fordi det er prinsippet som er viktigast. basilikum på kjøttkaker går fint.
♥ han pyntar med julepynt i leiligheten sjølv om me ikkje skal vera her i jula fordi leiligheten skal ha det fint.
fredagar

fredagskvelden starta med klesvask. eg likar ikkje sånne vaskerom, tykkjer dei er så uhyggelege og det ligg truser på golvet óg. (ikkje mine)

eg prøvde ut nytt hår.

det var som ein rull, på eit vis. skal perfeksjonerast til seinare bruk!

eg hadde framleis på meg tre prikkar.

han der fine laga pizza med rømmesaus istadenfor tomat. det er superherleg, burde kanskje legga ut oppskrifta på det ein dag.

og sara var visst der! han der fine er den treigaste til å laga mat, så ho var så svolten som ein bjørn når me fekk mat.

og bustetroll var der. <3

mums-mums! kesam blir til ein slags smuldrete konsistens når det blir varma opp, og det er merkeleg sjarmerande.

sara leikte litt med det nye rekvisitalageret mitt. også snakka me. masse. om foto og om folk og om nyheter og om masse. det er så deilig å snakka snakka snakka.

eg og han der fine sussa litt óg, i tilfelle de var i tvil.
no stikk eg ut på litt julegåveshopping, håpar de har det megafantastisk fint på ein laurdag som i dag, det skal i alle fall eg. sussar på nasane.

friday night was washing clothes, new hair, boyfriend's pizza, sara and kisses.
rekvisita

i dag har eg vore på rekvisitashopping, så eg har kattar på halv åtte.

tulla, var berre meg! eg skal ha ein fabelaktig fredag, skal du? sussar til alle som treng det.

i've been shopping for supplies today, what do you think?
kamilé gudmonaité
min torsdagskveld var lasta med...
♥ varm, søt peppermyntete
♥ nye fine magasin
♥ lakrisbåtar
♥ tina og bettina
♥ pesto
♥ dexter
♥ kos
din tur!

my thursday night was filled with cold redwine, hot tea, licorice, pesto and dexter!
gladtorsdag

hei!

hei! snart blir det raudvin og dexter og livet er herleg, er det ikkje?

on thursdays not too stressful it's nice to put on extra makeup and just be happy.
om lussekattar og bestefar
kva skjer med desse jubilea, desse datoane du knyter opp mot sånt som berre er vondt, datoar du berre vil svartna ut i kalendaren og gløyma at eksisterar? dagar ein berre vil gøyma seg under senga og håpa at ingen leitar, før klokka har slått tolv og ein kan krypa ut igjen. kva gjer ein når ein blir eldre og det plutseleg blir så mange sånne dagar? klarar ein seg? plukkar ein seg sjølv opp igjen frå golvet og gir seg sjølv litt kake og nytt undertøy? eg gruar meg til trettande desember, men samtidig veit eg jo at dagen endrar ingenting. bestefar blir ikkje mindre eller meir tilstade om det er akkurat eit år sidan han forsvann, så kvifor er dei så store og vonde? kanskje eg håpar at nokon svarar, kanskje nokon har ei bra løysing på problemet mitt, har de det? eller kanskje trettande desember blir fin i år. kanskje eg bakar lussekattar med ekstra safran med folk eg er glad i og hugsar berre bestefar som ler og ler i det uendelige, smiler og ler av sin vakre sterke familie som klarar seg heilt fint, sjølv om det er det vanskeligaste i verda. å gå vidare. å innsjå at ein har elska og tapt og å leva likevel. han hadde villa det, han.
julegåvehjelpetips.
get dressy

og alt er berre puffpuffpuff og skjørtskjørtskjørt.

og no er heile tastaturet fullt i raud leppestift. det er sånn det skal vera.

my new dress makes me feel like a doll.
the birthday party


å, som eg berre elskar denne serien av vee speers akkurat no som eg leitar etter portrettinspirasjon.
forresten, det er så mange som spør så eg tenkjer berre å skriva det så de veit: eg tar på meg studiooppdrag, det vera seg alt mogleg. berre send meg ein mail om det er noko du har tenkt på.

i just love vee speers' portraits of children.
på ein tirsdag som i dag

♥ redigerar eg studiobilder frå i går
♥ tenkjer eg på at eg har dei finaste blogglesarane i heile verda, eg tenkjer at me er ein liten vennekrets som bur i ei hytte i skogen og berre seier og tenker fine ting om kvarandre, ingen konfliktar eller drama. akkurat i dag bakar me kanskje luciabollar eller teiknar teikningar av anatomiske hjarte.
♥ har eg ete åtte klementiner.
♥ vant eg den gyldne q.
♥ har eg sove i to timar etter skulen og visstnok vore vrang i halvsøvne.
♥ driv eg på med hemmelige prosjekt.
♥ får eg bruschetta og spaghetti til middag.
♥ har eg tenkt litt på kor fint det er å få pakkar i posten på denne tiden av året sjølv om pakkane ikkje er til meg men julegåver.
♥ har eg òg tenkt litt på at eg har veldig lyst på ein rosa mobiltelefon.
♥ har eg altfor altfor lyst på lakrisbåtar.
kva gjer du på ein tirsdag som i dag?

on this tuesday, i am: ♥ editing studio photos, ♥ loving my blog readers, ♥ eating a lot of clementines, ♥ having spaghetti and bruschetta for dinner, ♥ doing secret christmas projects, ♥ craving licorice.
om makronar
ein. kva kamera og utstyr har eg?
to. kvar kjøper eg sløyfer?
tre. korleis smakar og kvar kjøper ein makronar?
tre:

makronar er franske småkaker laga av malte mandlar, eggekvite og melis. det dannar skjella utanpå, som kan vera i alle slags fargar heilt avhengig av konditorfargen. ofte brukar ein farge for å seie noko om kva smak det er. gul for sitron og rosa for bringebær. kva dei smakar avhenger heilt av kva smak som er tilsatt, dei kan smaka stort sett kva som helst i heile verda.
eg kjøper mine makronar på pascal her i oslo. pascal har seks konditori i byen, og dei to som er enklast å finna for utanbysfolk(altså at ein kan sjå dei begge fra trikkestoppa sine) er den ved slottsparken(ta trikk 13 til slottsparken) eller den på fredssenteret(ta trikk 12 til aker brygge, men der har dei berre sjokolade og bringebær). om du er litt kjent vil eg aller helst anbefala den i tollbugata, den er omtrent to kvartal unna jernbanetorget og ein kan fint finna det om ein har eit kart. den tykkjer eg er finast. på den i slottsparken og den i tollbugata kostar makronar 13 for stykket uavhengig av om du sit der eller tar dei med, mens på fredssenteret kostar dei 18 om du sit der. om du først er på pascal og har litt pengar til overs vil eg absolutt óg anbefala sjokoladane deira, og sorbet(sjølv om den er veldig dyr).
takk for meg.

about macaroons in oslo!
fine filmar frå sist veke
(det finst ein bedre trailer på youtube, men den fekk eg ikkje lov til å legga inn her.) julie and julia er verkeleg ein fantastisk feelgood-film. eg såg den på mandag og vil sjå den ein gang til allereie.
city of ember.
city of ember er ein og ein halv time med ei fantastisk historie om born som heltar. og sjølv om den kanskje ikkje er like god som narnia eller harry potter syns eg den er fin. på ein onsdag, kanskje.
a christmas carol.
klassisk historie som alle sikkert har sett eller lest før, men eg syns faktisk disney har fått det til på ein ny måte. og eg elskar verkeleg jim carrey som sur gamal mann. (ps: kvifor blir det alltid han som er den som hatar jul? først grinchen og no scrooge.)
har de sett fine filmar i det siste?

three lovely movies from last week: julie and julia, city of ember and a christmas carol.
sånne søndagar.

mums. på dårlige søndagar får ein òg ha på seg pyntekjolar.

denne kjøpte eg til beyond retro-festen i oktober. den er ikkje så veldig meg, men den er fin. i dag skal eg fotografera i studio og glerudar meg veldig.
ps: stem stem stem! det er finale i den gylne q, og eg kunne trengt at alle trufaste lesarar gjekk inn for å stemma. om de legg igjen kommentar der de begrunnar kvifor eg skal vinna er det dobbeltstemme.

yesterday was quite the lousy day until seven. he made me dinner and we watched csi in fancy clothes.
magisk.

er ikkje det fantastisk? kakaoen var i live. har det skjedde deg noko magisk i dag?

yesterday, after being to the movies and eating candy we decided to head home and make hot chocolate. this is what happened! a freak show cocoa.
annie.



å, som eg gler meg. dette er det beste ho har gjort på lenge.

annie leibovitz' new editorial for december vogue(american).
markjordbær og sommar.

for berre tretti kroner til saman.

minnar meg om markjordbær og sommar. har de nye skattar?

these new treasures remind me of summar and strawberries.
lørdagspepp



akkurat som laurdagar skal vera!
petit coeur.
raudt.

og i ein kopp i ei hylle.

og desse har endeleg fått lufta seg litt.

i kveld skal eg ut på klassefest ein liten tur før eg stuper tilbake i influensarus og ser ein film i ein heilt stille leilighet og det skal bli herleg. kva gjer de i kveld?
today is a wonderful friday, with flowers and red velvet shoes finally been worn on asphalt.
afternoon tea


"this little book is dedicated to all the mums and grandmas who taught us how to cook our favorite treats." også startar det, førti oppskrifter på sånt som er så godt at berre titlane får ein til å svima av som på sekstenhundretalet med for trange korsett. og bileta er til å dø av, berre sjå





i løpet av totusenogti skal eg baka meg gjennom denne boka og legga ut alle oppskriftene til dei som vil ha. i mellomtida er det jo eit fantastisk julegåvetips! kostar berre hundreogtretti kroner inkludert frakt til europa, og ein kan kjøpa ho her.

i <3 the new cook book by the team behind frankie magazine!
den gyldne q

vote for me here.
kjære jul.



mummikoppar. i prioriteringsrekkefølge. eg har sakna mummi i år, merkar eg.

varmluftsballongar. alt som har med varmluftsballongar å gjera. om du finn ein kjole med varmluftsballongar vil eg elska deg frå no av og til evig tid amen. men helst smykke óg, og juletrepynt.

ringar som ein kan putta bilete inni. tenk så fint, å gå rundt med eit bilete frå ein fotoboks på fingeren. det ville nok gjort meg glad til og med på ein torsdag med influensa.

tim walker-boka. denne har eg ønska meg altfor lenge. om det nokon gong blir satt i gang leiteaksjon etter meg treng de ikkje helikopter. de berre reiser på ark i karl johan, eg sit heilt innerst der med denne boka i fanget. blar og kjenner på kvar enkelt skisse, skissar litt i mi eiga bok.

love box. dette er det finaste. som produktskildring står det "everything you need to write a love letter in a wooden box". fint vel? her.

fujifilm instant mini. fujifilm sitt polaroid-kamera har eg ønska meg så lenge så lenge, ein kan kjøpa film med til dømes disney-prinsessene på som ramme.



tv på dvd. i prioriteringsrekkefølge. wonderfalls trur eg faktisk at de vil lika, altså. som eit lite tips.

35mm-film. i alle fargar og formar og iso og alt.
kva står på di ønskeliste til jul i år?
ps: takk for alle dei fine kommentarane i går, det inspirerar og motiverar og eg fekk augene opp for nokre veldig pene menn og kjem muligens til å laga ei ny liste ein dag altså. suss.

this is what i want for christmas: moomin cups, everything with hot air balloons on them, rings to put pictures in, tim walker's book, fujifilm's polaroid camera, tv on dvd(dexter, ugly betty and wonderfalls) and every kind of 35mm film.
menn.

matthew gray gubler
hjartet mitt slår litt fortare når han er på skjermen. heilt sant, me har sjekka. berre dei brune augene og måten han pratar på og musikken hans og å.
adrien brody
han er berre så fantastisk merkelig og eg elskar det.
guillame canet
fransk og flott og augene hans er så fine når han smiler.
louis garrel
fransk og flott og får meg til å lengta nesten meir enn noko anna, til smale gater i paris, til heliumballongar og å snika seg rundt kvarandre på eit museum.
eg kom berre på fire, vil de hjelpa meg med den siste? kven vil de helst lukta litt i nakken?

these are my five(four) favorite (non-boyfriend) men. who are yours?
tysdag.

på ein tysdag som i dag er eg sjuk med influensa, men eg er likevel glad fordi livet som regel smiler og det er små snøkorn i lufta. i morgon reiser eg for å henta mitt nyreparerte kamera og da kjem fotogleden tilbake, tenk det! i mellomtiden skriver eg små dikt på baksida av kvitteringar på tøymykner og appelsiner.

på ein tysdag som i dag prøver eg å gi meg sjølv vitamin c-sjokk med smoothie og kun klementiner som har genserar.

today i'm sick but still happy eating clementines with sweaters and smoothies.
ting som får meg til å smila ned i skjerfet i dag
kva får deg til å smila ned i skjerfet i dag?
hei.

today i am enjoying five years with my boyfriend.
om matfilosofi
ikkje ver redd for å ikkje lykkast. sjølv om pannekakene ser ut som eggerøre smakar dei likevel pannekaker, og da har ein i alle fall lært kva ein ikkje skal gjera. og dei fleste har vel fått boka frå bollar til burritos i niende klasse? den virkar ganske teit, men den er faktisk ganske bra. der kan du sjå korleis du lagar kjempegod mat og veldig enkelt. til dømes berre å kunna laga kvit saus til fiskebollar eller å laga gode rundstykke på ein søndag. mat handlar for dei fleste ikkje om å vera ambisiøs(sjølv om det er kult å vera det av og til óg), det handlar om å ha det moro! om å finna fram til nye kombinasjonar og smakar og krydder!
så bak bollar i dag og fortel meg korleis dei smakte. mine har alltid kardemommeoverdose. suss.
cocoa on the go go

i går reiste eg og han der fine ut på kakao. her har dei masse masse ulike typar kakao og ein kan få krem og topping på og alt du måtte ønska!

han var fin og drakk mørk kakao.

eg var fin og drakk mintkakao.

eg fekk vaniljecupcake med masse strø på.

og han fekk ein berlinerbolle med mange overraskingar inni.

og det var akkurat så varmt at ein kunne sitta ute og ikkje tenka på at det snart er vinter.
cocoa on the go go
toftesgt. 47

yesterday we went out for some cocoa and forgot all about winter!
kvardagen.
kjærleik

i går feira eg og han der fine fem år med kjærleik(eigentleg er det i morgon, men laurdagar passar så fint til sånt). med kaker og rombollar og vin!

sara var der med alle krøllene(eg sjekka).

me blåste opp ballongar og hang dei opp i taket.


og janne kom og hadde lausvipper på seg.

og herlege jenny!

og julie, som vart kool dj utover kvelden.

og det var sussar og klemmar.

og litt dansing(her med trine marie).

så var det natt og julie sov på kjøkengolvet og no trur eg at eg har fått svineinfluensa gitt. men fin fest. med fine folk. og den fine kjærleiken. eg tykkjer at ein alltid alltid skal feira kjærleiken, sjølv om det kanskje er ein torsdag.

yesterday we celebrated five years of love with cake and lovely people.
analog stockholm







kva tykkjer de? ja eller nei til meir analogt? suss.
ps: de er supermegafantastisk flinke til å kommentera, og sånt gjer eit blogghjarte glad. så fortsett med det!

some more pictures from stockholm in october, on film!
fint på kroppar.

diastema - mellomrom mellom fortennene. tykkjer det er noko av det vakraste som finst, og shame on lene marlin altså.

kragebein. helst skal dei stikka ut og gå heilt ut i skuldra. fint.

hender. hender er så fine, for ein kan holda dei og ein kan stryka med dei. spesielt håndledd.

ryggar. ryggar er min favoritt.
kva kroppsdelar likar de best, og kvifor?
alle bildene er linka til opphav.

my favorite parts of the human body are distastema, clavicles, hands and backs. what are yours? all images are linked to their sources.
kladdkaka

bildet og oppskrift kjem frå finaste bloggen, ennui. den er megaenkel og ein har plutseleg laga ei kake på fem minutt!
100 gram smør
50 gram sjokolade, helst over 70%
2,5 dl sukker
2 egg
2 tsk vaniljesukker
4 msk kakao
1,5 dl mel
saften fra ein lime
sånn gjer du:
sett ovnen på 175 grader. smelt smør og sjokolade saman, pass på så dei ikkje svir. rør saman alle dei andre ingrediensene med sjokoladen. smør ei bakeform med smør og strø med kokosmasse, forma kan godt vera ei heilt vanlig kakeform, men ta den minste du har. steik den i ca 20 minutt. når du tar ut kaka skal den vera ganske klissete, som kladdkaker skal. et som den er eller med litt is! perfekt på ein fredag med skulder ute av ledd. suss.

my recipe for a swedish traditional cake called kladdkaka - like a sticky brownie! email me if you want the recipe.
eg vil heller.

eta bringebær til frukost.


fanga skuggar på veggar og i hendene.

plukka blomar som er så små at ein må ha dei i eggeglas på bordet.

sitta i denne stolen og lesa ei fin bok.
enn å ha skuldra ute av ledd(i dag tidlig sklei eg i dusjen og fekk skuldra ut av ledd. etter litt lystgass på legevakta fekk dei ho på plass, det var den merkeligaste lyden eg har høyrt, og no har eg flotte smertestillande. kult!). kva vil du heller?

i would rather have raspberries for breakfast, capture shadows on walls and on hands, pick tiny flowers and sit in big velvet chairs reading books.
små ting eg ikkje likar
kva er små ting du ikkje likar?
ps: kva seier de om ei ny runde bokstavtorsdag? eg meinar, det fins jo masse nytt å skriva om?

things i don't much enjoy: smoothies with too much yoghurs, olives, spiders with long feet, umbrellas that don't work, customers service, phones, too short dresses, bills, dull cups.
å. å. å.

sjå! catharina solli har teikna meg. eg dør. så fint. tusen takk!
om kvardagskjærleik
(mange spør meg korleis det er med kjærleiken etter å ha flytta i lag, og eg forstår at ein kan vera nysjerrige på det, ein må jo lura på korleis kvardagen faktisk er, om ikkje alt har endra seg, om ikkje me kranglar forferdelig mykje?) ingenting har forandra seg, overraskande nok, for til og med eg skulle trudd det. me er til og med meir harmoniske no enn me var då me ikkje budde ilag. for meg handlar kvardagskjærleik mykje om å berre kunne vera i kvarandre sitt selskap. me jobbar på kvar vår pult, og sånn ein gang i halvtimen blir ein av oss akutt kosesjuk så da sussar me litt også er det tilbake til jobbingen igjen.
rytmen i dagane går som dei alltid har gjort, me våknar, sussar litt, han reiser på skulen, eg sullar rundt og reiser etter kvart på skulen óg, eg kjem heim først og ryddar i fem minutt, han kjem heim, me lagar middag, me ser middag medan me ser ein fin tv-serie(folk trur at par som ser tv under middagen er ulykkelige, men det er berre ei myte), kanskje csi eller dexter eller pushing daisies, vaskar opp, så reiser han for å øva piano eller på eit møte og eg blir sittande med bloggarbeid og mailskriving eller skissing til fotografering(for eg teiknar no, har eg gløymt å seia det?). så kjem han heim igjen, me lagar ei kanne med te og ser kanskje ein film eller snakkar om prosjekt eller ting som folk snakkar om, framtida og musikken og kunsten, om nyheter og folk rundt oss. så legg me oss(av og til, om eg er for trøtt, pussar han tennene mine i senga og det er det raraste og søtaste som fins), me sovnar som oftast i skjei eller i ein halv klem og så søv me. av og til våknar me klokka fire om natta også nasenussar me og kniser fordi me søv men er litt våkne likevel.
og sånn går dagane, det er ingenting ekstraordinært med det, for det er berre kvardag, og det er sånn det skal vera. men av og til kjøper han billettar til den nye disney&pixar-filmen og kjøper sherbet fountain fordi det er min favoritt, eller eg tar han med på haustplukking og for å hilsa på endene. kanskje reiser me ut berre for å eta dessert eller smoothie på daqota, sitta i flysetene og tenka at me er så heldige så heldige. alt i alt er det sussane og klemmane innimellom som gjer det så spektakulært å leva. det tykkjer eg i alle fall. og i helgene kan ein sova lenge.
kva tenker de om kvardagskjærleik?
hjelp?


no har eg lest så masse om frisørar og raudt hår at eg blir heilt tussete. er det nokon som veit om ein fin frisør i oslo som er flink(og da meinar eg flink) på raudt hår?
paj.

i dag har mariel vore her på tv-middag igjen!

me laga pai med paprika purre ananas ost.

og til dessert og forrett hadde me sånne rombollar.

ho hadde på seg den fine lupen sin som ho har arva.

søtfin.

og eg leika meg medan ho var kjærestejente i telefonen. fin kveld! no er det eg og oprah for alle penga. gjer de noko fint i kveld?

tv-dinners with mariel make me happy!
oktober november
i dag er det november, tenk det. ein merkar det, hovudstaden er tung og tåkete og vil krangla med alle. oktober flaug berre forbi. no er det november og denne veka skal det liksom snø. snart er alle trea bare og ein kan lukta frosten når ein vaknar(men golvet er ikkje kaldt, ikkje no lenger). ein må kle på seg yttertøy og fornuftige sko og tulla seg inn så ein ikkje får for mykje snø i håret og i sløyfene. snart er hausten min over, min første storbyhaust. oktober har vore vidunderleg med latter og kyss og sakn og raudvin og utforsking og nye venner og makronar. tenk så fint at november blir enda bedre, for november betyr
♥ mykje fint og nytt på grunn av bloggen.
♥ å endeleg kunna ha litt ekstra pengar til å spara.
♥ at eg og han der fine blir fem år og skal ha heidundrandes fest.
♥ at me kjem til å vera dødsforelska i vekesvis på grunn av ovennevnte.
♥ at eg skal reisa med eit tog opp til trøndelag for å pusøke mormor.
♥ planlegging av utenlandsreiser på nyåret.
♥ fleire tv-middagar med fine jenter.
♥ utforsking i delar av byen eg aldri har vore før.
♥ masse analog fotografering.
♥ strikking.
♥ lange kveldar på skulen.
♥ lange kveldar i bøker og filmar og dexter og big love.
♥ å lukta snøen for fyrste gong i oslo og den knirkelyden under skoa.
♥ å begynna på julekalendarane mine.
kva skal de i november?

my november plans include analogue photogaphy, being very much in love and celebrating our five years together, exploring this new city of mine, knitting, smelling the snow for the first time in oslo, planning trips i'm taking next year and looking forward to christmas. what about yours?
grønn.

i kveld har eg på meg grønn fløyelssløyfe(frå uff).

og et sånne fine som smakar himmelsk. også saknar eg litt, for han er reist vekk igjen, kan de tru det? i morgon har eg fri og skal prøva å bli venner med fretex. sussar!

tonight i'm wearing my new green velvet bow and eating chocolate balls, delicious.
negativ.






i november blir det masse masse analog fotografering, lovar. og de ser vel kanskje at eg har vore i studio i dag? håpar de har fine måndagar!

analogue november!
flamingo!




karusellsmykke og bambismykke og kjøleskapsmagnetar med sommarfuglar og flamingoparaplyar! og masse anna retro og fint. så reis dit på ein mandag, gitt.

an introduction to my new sponsor, flamingo.
blomar og bær og busker

her er min vakre nye kjole! den er så himla himla fin og har allereie rukke å vore på pascal og på fest og bakt ei kake, tenk det. eg fekk den for ein fin hundrelapp på uff på jernbanetorget(ps: der har dei stativ med kjolar til femti kroner).

når ein har den på må ein ha på seg raud leppestift óg, sjølvsagt.

og da blir ein så hoppande glad som her!
animasjonen er laga her.

this is my very lovely new dress, accompanied by red lipstick.











