februar.

coat

tenkte berre å sei at for eit par dagar sidan bestilte eg ein einvegsbillett til paris. første februar flyr eg over med to koffertar og mot i hjartet. så eg flyg litt på ei paris-sky for tida. det er den beste typen sky.

 


a couple of days ago i ordered a one way ticket to paris. <3


denne kjolen.

stockholm day two
denne kjolen kjøpte eg i stockholm, oktober 2009.

my birthday in stockholm.
og vart igjen med til stockholm i april for å feira purstagen min, me skulle egentlig til london men vulkanen stoppa oss. det var den tristaste og finaste purstagen nokon gong. her et eg og kjolen lakris-is, eg fekk tre kuler 'cause it's my birthday som eg likar å sei.

thursday.
den har vore med på yaya's for fyrste gong og ete kokospannacotta.


first day in the park.
og ete is i parken.

saturday.
den var med på den beste laurdagen nokon sinne med reeses peanutbuttercups fra sharon's sweet shop.


the day he proposed and how normal it started.
og eg hadde den på meg dagen eg vart forlova. <3

breakfast out.
så var den med på "hei, me er forlova"-frukost på food story.

hungary
også vart den med til ungarn óg.

saturday
forrige laurdag var den med til bjølsen og til sigrid der den fekk sørlandschips og ein god del øl.

og sånn er det med den saken. min favorittkjole, som eg har sydd saman igjen fleire gongar enn eg kan tella, som ein desperat kjolekirurg.



this is my favorite dress, and as you can see it has been on plenty adventures with me.


i think i wanna marry you

forrige episode av glee var den episoden som fekk meg til å grina meir enn eg nokon gong har gjort til nokon tv-serie eller film eller sang eller noko. eg såg den tre gongar og om eg hadde hatt briller hadde dei dogga. åh, eg er ein sucker for bryllup og for kurt og glee er utan tvil min favorittserie. og dette er det finaste klippet nokon nokon nokon gong, berre sjå den(sjølv om det er nokon som har filma ein tv-skjerm).

 


the last episode of glee made me cry more than i ever have to any movie or show ever.


søndagsskyting.

sunday shoot.
i dag var eg på fotoshoot i ullevål hageby med klede fra frøken dianas salonger. det var noko av det kaldaste eg har vore med på i heile mitt liv, true story. etter eg kom heim med brennande heit thaimat i hendene og etter den vart spist opp sov eg bort alt som var kaldt i kanskje tre timar. min søndagskveld blir deretter; knekkebrød, kakao og csi. <3

sunday shoot.
i morgon skal eg framkalla filmen og eg gler meg så sjukt mykje! eg er megafornøgd.

 

kva har de gjort i dag?

 


today i did a photoshoot in ullevål hageby with clothes from frøken dianas salonger, a vintage shop in markveien, oslo. i'm super pleased and can't wait to develop the films.


første advent.

glad første advent, alle saman! eg skal ut på superhemmelig superspennande superkaldt oppdrag i dag, og imens skal de gjera fine ting for andre. les meir om det her, fra innlegget eg skreiv i går. premien er eit diana f+-kamera fra liebling!!! er ikkje det fantastisk? sånn skal det skje:


1. de skal gjera noko fint for nokon andre, anten ein venn eller familie eller ein framand.
2. de skal fiksa og triksa ein lur måte sånn at eg trur på det de seier og blir overbevist om at de er de som skal få kameraet. eg kjem til å gi kameraet til nokon som virkelig virkelig vil ha det, eller kanskje nokon som vil gi det bort til jul.
3. de skal skriva og legga ut dette i ein diskusjonstråd på min facebookpage. her er linken dit. om de har bilder, må de legga dei ut på sjølve facebook page-wallen min, da skriv de saman med teksten i diskusjonstråden "eg legg ved eit bilde, postar det på veggen" eller noko sånt.


eg kjem til å vera ute heile dagen på oppdrag, så eg kjem ikkje til å kunna svara på spørsmåla de har. de må berre stola på det eg har skrive og bruke dagen godt. rundt klokka ni i kveld kjem eg til å krona ein vinnar! eg håpar at de utfordrar dykk sjølve til å virkelig gjera noko bra for nokon andre, for ein føler seg litt som ein superhelt og sånn bør alle få føla seg innimellom.

 

vinnaren er no kåra og de kan sjå kven som vann samt alle bidraga her.



announcing my first of many competitions in december, unfortunately only for my norwegian readers.


desemberfryd.

true love

eg veit at det er mange som har spurt om dette, men i all hemmelighet har eg allereie fiksa og triksa til det som skulle bli ein fantastisk adventskalender!!! i morgon startar eg med å gi bort eit diana-kamera som fantastiske liebling har gitt bort! liebling er ein ny kafé her i oslo som er som fine berlinkaféar, og sidan eine eigaren er tysk har dei óg fine tyske spesialitetar. dei selger lomokamera og masse andre lure små ting, adresse og sånt kan de sjå på facebook-pagen deira.

og det er berre toppen av kransekaka, for gjennom heile desember har eg store og små premiar fra fleire ulike fine plassar til dei som gjer fine ting for andre; for det er det som er konkurransen - å gjera noko fint for nokon rundt seg. de skal altså ut i verda, gjera noko skikkelig fint også må de skriva til meg og sei kva de har gjort. de kan óg gjerne få scanna noko som har noko med det å gjera, til dømes om de har kjøpt noko fint til nokon andre, eller kanskje personen de gjorde noko fint for kan skriva ein liten attest, eller kanskje de kan filma eller ta bilder av heile sekvensen og legga det ut på bloggane dykkar? det finst masse måtar å løysa det på(og eg gjennomskuar det lett om det er nokon som prøver seg på å jukse og det finn eg meg ikkje i. det er ikkje vanskelig å spre litt glede ved å bæra ei gammal dame sine handleposar heim, liksom - så kvifor ikkje berre gjera det? vis litt innsats!)

for å få bedre sjangs til å vinna kan de blogga om konkurransen og linke til bloggen, da blir eg dessutan glad uansett og de får stjerner i boka. detaljar om konkurransen kjem i morgon, berre hold pusten og ha fantastiske laurdagar til da, for da skal de ut i arbeid mine små gledessoldatar. suss!

 


announcing my advent calendar. tomorrow i'm giving away a diana camera from liebling, a new café here in oslo much like cafés in berlin.


hemmelig på mekken.

mekken.
i går var eg og han der fine på mekken. det er så fint å gå på labdoka med film også tusla bort til mekken og venta på at dei opnar klokka tre. alltid varmt og fint óg.

mekken.
ein føler litt at ein er i ei gruve.

mekken.
ein kan sitte ved store bord eller gøyma hemmelige ting. det gjorde me, men tilbake til det i slutten av innlegget.

mekken.
me drakk kaffe latte.

mekken.
og spelte viggo.

mekken.
eg hadde blomsterkjole på.

mekken.
og han der fine hadde vottar inne.

mekken.
han er så fin så det eksploderar i magen min nesten kvar gong eg ser han.

mekken.
og sånnher lur såg eg ut fordi:

eg og han der fine har gøymt eit hjartemagasin på oslo mekaniske verksted/mekken. om ein ikkje har pengar til å kjøpa eller berre vil leita for spenninga si skyld vil eg anbefale å stikke innom ein tur for å sjå om de finn det. kanskje lurt å stikka innom ved opningstid i morgon før folk set seg ved borda og sånn, for det kan bli komplisert om det er masse folk der. lykke til! håpar den som finn det seier ifra!




yesterday we went to oslo mekaniske verksted, we played cards and drank coffee and hid my magazine somewhere for someone to find!!!


facebook-påminning.



unnskyld for spam i dag, det skal ikkje skje igjen, men eg tenkte berre å minna alle på kor viktig det er at de er med på fanpagen min på facebook! for der skjer det himla mykje spennande og eg kjem med beskjedar der som de kanskje ikkje ellers ser her på bloggen. til dømes at magasinet er no å få kjøpt på ebo i lærdal! eller for eksempel linkar eg til fine internettplassar eller songar på youtube og sånt smått. som ein godtepose. kom igjen, bli med på lasset! det er berre fint med fleire. håpar de har fantastiske torsdagskveldar!!! suss.

 


just to say: join my facebook page! that's where the magic happens.


under treet.

jula i år kjem til å bli den beste nokon gong, eg er i hysterisk julemodus og kosar meg så sjukt med å høyra på spelelista mi og planlegga gåver og gåvepapir og om sløyfene skal vera raude eller blå. til jul får ein ønska seg ting, og sjølv om eg egentlig berre vil ha to veker i fullstendig ro heime og er fullstendig nøgd med det, ønskar meg dette om eg fekk velga av alt i heile verda:



ei francesca woodman-fotobok, spelar ingen rolle kva for ei, for eg har ingen. og sophie calle si take care of yourself, eit prosjekt ho gjorde etter å ha blitt dumpa på epost.

 


rosa og gråblå tilskudd til min splitter nye serie av rörstrand rosmarin. desse er jo vintage, så da må ein isåfall leite på antikvitetssjapper og fretex. den som orkar det er tøff.



ein pastellfarga blender, helst ganske gammal, ingen ny svart rustfritt stål, usj. rosa eller grøn, pastell pastell pastell. så ein kan miksa drinkar og milkshake og smoothies. åh, for ei glede det hadde vore. om ein ikkje vil leita etter gamle ting tar eg gjerne imot ein rosa kitchenaid-blender óg, altså.



desse to mummikoppane ønskar eg meg aller mest, men alle utanom mymlen, my og snusmumrikken blir tatt veldig godt imot.





dette fantastiske kjøkkensettet fra joseph joseph. for kvar gong eg opnar skapet er eg redd for at alt av bollar og siler og dørslag skal ramla ut, og med den her så treng ein ikkje vera nervøs eit sekund eingong. åh, som eg ønskar meg den.



mastering the art of french cooking av julia child.



eit sånther svært kaleidoskop med hjul som ein kan bytta. dyrt og best.



ein einvegs-billett til paris ein av dei siste dagane i januar.


kva vil de ha under treet i år?



bileta er linka.

this is what i want for christmas: books by francesca woodman and sophie calle(i want you to take care of yourself), moomin mugs, joseph joseph set, pieces from my new china rörstrand rosmarin, a pastel green or pink blender(it has to atleast look vintage), mastering the art of french cooking by julia child, a huge kaleidoscope and a one-way ticket to paris in january.


magasinstatus.



no har eg endelig endelig fått betalt trykkerirekninga! og det føles så fantastisk. me har solgt magasin for femtitusen kroner, folkens! no er resten overskudd og skal få meg til paris. men eg har enda mange boksar igjen, så eg tykkjer at de skal kjøpa for eg veit at det er mange som ikkje har kjøpt som egentlig vil.

eg veit at det er mange under 18 som ikkje får kjøpt fordi dei har visa(berre til informasjon: eg fekk visa då eg var 16, så ein må ikkje vera 18, ein må berre vera 18 for å få kreditt. om du vil handla på internett syns eg du skal snakka med banken din!), og som ikkje får overtalt foreldrene til å kjøpa ting over internett fordi det er skummelt, men da kan de berre be dei om å gå innom paypal.com/no, for der kan dei lesa om kvifor det er så himla bra. paypal er den tryggaste måten å internettshoppa på, for om det blir problem kan du kreva pengane tilbake gjennom paypal også er dei mellomledd og meklar og om ein ikkje finn ei løysing får ein tilbake pengane sine. det syns eg er ganske så fint.

ein ting som eg kom på at eg ikkje har sagt: dette magasinet er i a5 denne gongen, ikkje a4. altså er det halvparten av eit vanlig magasin-størrelse, som ei lita bok som får plass i små vesker og som ser himla fine ut under juletreet og på nattbordet. og gode nyheter: eg opna ei øskje med magasin som eg trudde var nummer to men som viste seg å vera nummer éin! og det vil sei at me har rundt førti eksemplar av nummer éin igjen, eg syns at de skal kjøpa den óg. om de kjøper det som heiter "package" i menyen til venstre får de jo både nummer ein og nummer to for berre 175 kroner, og det er jo eit kupp for eit reklamefritt magasin som får deg til å bli heilt varm i hjartet og som kanskje til og med kan redda dagen din. feelgood-garanti, liksom. true story.

edit: eg kjem til å fjerna kjøping av magasin nummer ein når det blir tomt, så så lenge det går an å kjøpa det her er det ikkje tomt. veit at det er fleire som lurer på det. om ein ikkje vil kjøpa over internett er det óg til salgs på balanzera i oslo.


i've paid my printer's office now and i'm so stoked about it! i think you should keep buying the magazine, but be sure to buy with international shipping, or else you won't get it in the mail and there will be complications. we don't want that.


striper.

stripey straw.
av og til er det eit slit å bu i lille oslo. spesielt når ein ser bilder på internett av papirsugerør og ikkje anar kvar ein får tak i det utenom på etsy, også bestiller ein også er det nesten som dei smelta på vegen hit.

stripey straw.
for eit par veker sidan bestilte eg nye papirsugerør, som ser ut som polkagrisar, og dei funkar som berre det.

stripey straw.
og no lengtar eg berre himla mykje til våren og å drikka brus eller øl av glasflaske med stripete sugerør. heldigvis passar dei ganske fint til jul óg. det var alt for no.



i've been looking for the perfect paper straws and i think i've finally hit the jackpot. now i'm just longing for spring so i can use them outside, but luckily the color scheme of christmas matches pretty well too.


sånt som de lurer på.

kva gjer eg?
akkurat no gjer eg "ingenting", altså eg er ikkje ansatt nokon plass og går ikkje på skule. det eg gjer fra dag til dag er å jobba med magasinet, frilansa litt her og der, og jobba med portefølje, fordi eg om kort tid skal søka på fotoskular i london. hausten 2011 flyttar eg og han der fine og nokre andre fine folk over havet fordi det er det me alltid har drømt om. der skal me vera spesielle med andre spesielle folk, gå på marknad og i parken og snakka posh engelsk og drikka starbucks og ha det skikkelig kaldt og jævlig når me gløymer strømrekningen.


kva er historia til meg og han der fine?
det kan de lesa her.



kva gjer han der fine?
han der fine, som egentlig heiter jostein, går på musikkvitenskap på universitetet og lagar musikk under navnet fivrel(eg jobbar med ei heimeside til han no og snart er den klar!). anna enn det frilansar han med ulike skriveoppdrag og sånne ting.

 

korleis laga eg eit magasin?
eg tenkte på det lenge lenge lenge heilt til eg plutselig berre bestemte meg for at fyflate, det her berre gjer eg. også gjorde eg det. eg slutta på skulen og starta det morsommaste og vanskeligaste prosjektet av mitt liv sålangt.

 

kva skal eg i paris?
eg bestemte meg for å reisa til paris litt før eg og han der fine forlova oss i sommar, fordi eg ville vita at eg skulle klara meg aleine før me flytta til london ilag. me har vore saman i seks år og da kan det vera eit behov for å få bekrefta at ein er bra nok aleine. eg flyttar i februar og blir der så lenge som eg har lyst, eg skal mest sannsynlig laga magasin og møta nye folk og ha det vanskelig aleine. paris er ein hard og kald by om ein ikkje har nok dyner under huden.



kva kamera brukar eg?
eg brukar eit canon eos 5d mark ii. det er eit fullformatskamera som er dyrt og tungt og som filmar fint. vanligvis brukar eg eit 50mm-objektiv med 1.8-blender.


korleis snakkar eg?
eg er fra sogn og fjordane og snakkar sognedialekt, veldig nært sånn eg skriv. pleier å sei at eg lignar veldig tone damli aaberge si dialekt, berre at ho snakkar "breiare" enn meg.


kvifor skriv eg nynorsk?
eg har aldri skrive noko anna enn nynorsk, kommunen eg er fra(og fylket, forsåvidt) har nynorsk som offisiell målform, og da lærer ein oftast nynorsk som hovudmål på skulen. for meg er det heilt bisarrt å skulla skriva "jeg" og "vi" når eg seier "eg" og "me".

 

så. om de kjem på noko meir så kan eg godt fylle ut etter kvart!




i get a lot of questions again and again and thought i'd make an faq-entry. google translate plz!


let's never come here again because it will never be as much fun.

lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.lost in translation.

i går kveld såg eg og han der fine lost in translation, som er ein av dei finaste filmane som finst. og sjølvsagt av fantastiske sofia coppola, med bill murray og scarlett johansson. det er ingen dramatisk film, berre ei historie om kjærleik og vennskap og at ting kan vera vondt og fint samtidig, at det ikkje alltid sluttar som ein vil men at det går på eit vis likevel. om de ikkje har sett den manglar de ein bit i puslespelet. meinar det.



yesterday we watched lost in translation, one of my favorite films. i'm sure you all know by now, but i just love sofia coppola.


rosmarin.


for ei stund sidan las eg om eit servise på miriam sin fine blogg. eg vart heilt forelska og måtte senda dette bildet til alle som var pålogga på facebook chat. det heitte rosmarin fra rörstrand og vart min nye internett-obsession. eg leitte overalt, men fant nesten ingenting sjølv om eg var fast bestemt på at eg skulle ha det, i alle tre forskjellige fargar. rosa, gråblå og gul fra sekstitalet. pastell på sitt beste. også, på birkelunden i går berre stod det der.

rörstrand rosmarin.
fire koppar og fat, mjølkemugge, sukkerskål og ei stor skål óg, kanskje til ein fin dronning maud eller noko sånt. fra ein selgar som var villig til å gå ganske langt ned i pris. så no har eg fått starta. rosa og gråblå, no kjem eg! eg er offisielt ein person som samlar på servise. og om de ser det rundtomkring i byen i eit skap eller på små rare antikkputikkar eller kanskje på loppis så berre skrik på meg også kjem eg.



i'm officially a person who collects china. i've obtained some pieces from rörstrands rosmarin-serie, from the 60's, it's my latest crush.


ljos.

March 2010F1020005{guest room}my bedroom*{lie still my heart}Hutch

 

av og til blir ein så himla lei av å bu ein plass som føles som ein institusjon. eg vil bu ein plass med store vindauge rundt heile leiligheten, eg vil ha eit soverom og ikkje berre sovesofa, eg vil ha kvite rette veggar ein kan hamre spikrar i og henge opp rammer sjølv om dei kanskje er tomme, eg vil at det skal sleppa inn alt som kan sleppast inn av lys så ein ikkje må fylla ut heile leiligheten med lamper. eg vil ha ein pytteliten veranda med ei blomsterkasse og ein stol, også vil eg ha vinduskarmar ein kan setta pelargonar i. lamper i taket og rokokko-møblar. blomsterveggar ein kan ta bilder framfor og studera i timesvis. lyse laken i senga så ein kan ta fine frukost på senga-bilder. det vil eg akkurat no.



i'm so sick of my apartment at the moment. we live in a concrete building that used to be a corn silo, so it's completely round and no way of hanging pictures and everything is just so gray and green and... institution-like.


laurdag.

saturday
i går gjekk eg og han der fine til heidi for laurdagsgraut. der var det andre fine personar óg, som inga og sigrid siggerino.

saturday
etter to timar var grauten ferdig, og da hadde me drukke kanskje tjue koppar te, ete petit fours og konfekt og julemenn og andre juleting, og snakka om merkelige tema.

saturday
sigrid hadde med seg ein sjukt bra bringebærsaft fra hervik.

saturday
etterpå tok eg oppvasken mens me snakka om gutar og kjærleiken og sjalusi.

saturday
gløymte å ta nokon skikkelige bilder av heidi men den fine nattkåpa får symbolisere.

saturday
han der fine bladde gjennom eit nittitalstegneseriehefte om kjærleik som heidi hadde i senga. så gjekk me heim og snakka om kor fine personar me har i livet vårt og kor enkelt ting virkar for tiden.

saturday
klokka halv ti kom me fram til sigrid. ho er den einaste utan gardiner og det var himla fint at ein kunne sjå inn.

saturday
ho hadde hengt opp ballongar berre ved hjelp av hårgnukking.

saturday
heidi og ida, som er ein superfin person eg fekk bli pyttelitt kjent med. hei, ida!

saturday
<3

saturday
temaet for festen var "trangt og trivelig", og det var det virkelig óg.

saturday
fredrik og janne dukka opp ut av det blå.

saturday
finaste i verda og eg elskar den skjorta.

saturday
her ser me skikkelig alvorlige ut mens egentlig holdt me på å dø av latter mesteparten av tiden, for det finst ingen som er drøyare eller meir grotesk enn mine beste venner når dei først får starta. <3

saturday
siggerino.

saturday
fredrik skulle absolutt ta bilder av meg med potetgull i munnen.

saturday
og med ein fotomontasje med sin eigen finger.

saturday
åh, himlafine janne! me leikte morsomme leikar og skuespel og hadde det generelt veldig fint i senga

saturday
etter alle hadde reist var det berre meg, han der fine og sigrid igjen og me låg i senga alle sammen og snakka om livet og om kjærleiken og om ting som er vanskelig og om kor fint det er å vita kven som er vennene dine sjølv om ein kanskje berre har kjent kvarandre ein haust og me snakka om kunsten og om familie og om gardiner. klokka fire tok eg og han der fine bussen heim igjen og kollapsa og snipp snapp snute så var eventyret ute. skulle ønska alle laurdagar var sånn.


my saturday. first we went to heidi's place to eat and talk about bizarre things, then we went to sigrid's housewarming party where we laughed until our ears fell off. then we almost fell asleep but actually took the bus home. such a great saturday.


home for christmas.





no har eg laga ei superfin julespeleliste som eg allereie har høyrt på kvar einaste dag dei siste to vekene og kjem til å høyra på den masse framover. det er masse femti- og sekstitalssongar men óg klassikarar og sånt som er relativt nytt. eg håpar den kan få dykk til å sitta stille litt og tenka at fyflate, desember, for ein fin månad du er. & at jula i år kjem til å bli den finaste de nokon gong har opplevd og at de gjer fine ting for andre. men meir om det seinare.

home for christmas



for de som ikkje har spotify:




i fjor laga eg denne, og den er framleis skikkelig fin óg: santa baby, so hurry down the chimney tonight. den er mindre julete men ganske fin fordet.




i made you a christmas spotify playlist!


siri tollerød av tim gutt & shona heath.
















eg vart heilt paff då eg fann denne editorialen og den ikkje var tatt av tim walker. det var noko som ikkje stemte likevel, men kven skulle det liksom vera da? tim gutt. og det ante ikkje eg kven var og skjønte framleis ingenting. men så såg eg at set designeren var shona heath, ho som designar absolutt alle setta til tim walker. tenk. åh, ho er så sjukt dyktig. og siri tollerød gjer moderlandet stolt som vanlig. fra britiske vogue desember 2010.



i was so confused when i found this editorial online, because it couldn't be tim walker(the feeling wasn't there), but who the heck was this person? tim gutt. i know, i'd never heard of him either. but! shona heath is the set designer, which pretty much solves this mystery.


å kjøpe magasinet utanfor internett.



no er det ni plassar magasinet er til salgs utanfor internett. eg har hatt skikkelig problem med å finna nokon stad som vil selga det i dei andre norske byane, så om de veit om ein plass som kanskje kunne ha solgt det er det fint om de tar kontakt med dei(og sei heiii har du høyrt om hjartemagasinet?), så kan dei ta kontakt med meg om dei er interesserte.

oslo:
balanzera frisørsalong, sofienberggt. 2b (rett ved olaf ryes plass)
frøken dianas salonger, markveien 33 (olaf ryes plass)
tronsmo bokhandel, kr. augustsgt. 19 (ta trikk 11 til tullinløkka også er du rett ved sidan av)
ny: henrik vibskov, tollbugata 15 (trikk 12 og 13 til kongens gt.)

bergen:
kostym, skottegaten 21

trondheim:
ny: pryd, mercursenteret

stockholm:
papercut bookshop, krumakargatan 24-26.

øvre årdal:
skrivargarden

lærdal:
ny: e-bo


& i dag besvimte eg på ica, så eg trur eg tar det rolig dei neste dagane. håpar me sjåast.


outside the internet, there are now five stores that sell my magazine. these are their names and adresses, and they're linked.


no one belongs here more than you.

no one belongs here more than you er ei novellesamling av miranda july. den har eg lest den siste tida, som å eta ei kake sakte sakte stykke for stykke. den er så fantastisk, og ho er så fantastisk og sprø og gal og morsom og søt og flink. den får meg til å aldri villa slutta å skriva, og til å føla at eg ikkje er gal og berre bør gjera akkurat det eg har lyst til fordi eg kan klara det. ho skriv så satans sjukt fint om folk & kjærleik:

no one belongs here more than you.


no one belongs here more than you.

det blir mitt boktips for i dag.



i've recently read no one belongs here more than you by miranda july, and i loved it so much.


onsdagsettermiddag.

an afternoon.
før pleide eg å lika onsdagsettermiddagar, men sidan han der fine har dei mest travle onsdagane som finst er dei ikkje det lenger. så i går bestemte eg meg for at eg skulle ha det fint, så eg vaska og rydda og fiksa og triksa.

an afternoon.
miranda july bur i gullramma på tv'en som ikkje funkar.

an afternoon.
eg rista meg ei skive brød og hadde appelsinkremost på. sjukt godt.

an afternoon.
så kom han der fine heim og da var eg heilt tullerusk.

an afternoon.
og forelska, og hadde sminka meg med ny augeskygge fra limecrime fra kipekee. eg var pysete og tok den enkle brune.

an afternoon.
og sist gong eg hadde augeskygge på var eg kanskje tretten år, og resultatet vart sådan. så åt me taco, såg beck og sovna som to trøytte bjørnar.


my wednesday was spent cleaning and tidying and trying on new make up while my fiancee was at a dj-course.


lang tysdag.

a long tuesday.
i går stod eg opp tidlig for å få sendt avgårde ein masse magasin også skulle eg i møte klokka elleve. på parkteateret møtte eg eva fra kipekee, eg fekk ein heil pose med instant-film og pukka-te og augeskygge og anna fint, fantastisk! åh.

a long tuesday.
eva er døv så me skreiv alt me "sa", tenk kor fint å ha liksom ein logg over alle samtalane sine. ho lærte meg skilpadde og panda på tegnspråk og etter eg hadde sagt hadet lærte eg meg mitt eige navn. himla fint.

a long tuesday.
så tok eg bussen opp til bjølsen for å hjelpa sigrid med å flytta og det gjorde me i mange timar og fekk flytteblemmer i hendene.

a long tuesday.
etterpå åt me kanelbollar på golvet. godt steikt.

a long tuesday.
så kom eg heim til han der fine og ovnspannekake. me såg hairspray, ein av mine favorittfilmar. <3 i dag pakkar eg så mange magasin at eg har vondt i fingrane.


yesterday i was at a meeting with my sponsor, kipekee. eva is deaf so we wrote our entire conversation, and she taught me to sign turtle and panda. then i helped my friend sigrid move for a long time before i came home to my fiancee who had made dinner, and we watched hairspray, one of my favorite movies.


kyss.



dette bildet av robert doisneau er eit av mine favorittbilder i heile verda. tenk at dette er to framande personar som han berre tilfeldigvis fotograferte i akkurat den tidelen av eit sekund liksom. fantastisk.

 


i just love this picture taken by robert doisneau.


dagar som eg ikkje har snakka om enda.

laurdag.
days i haven't told you about.
laurdag var eg ein sjuk liten ball av hosting og vondt, men så stakk eg ut med ei raudvinsflaske under armen og den finaste i verda. me gjekk til fredrik og janne som hadde ein liten fest. finaste eira var der, eg saknar ho kanskje ti gongar i veka. og no trur eg forresten at magasinet er i salg hos kostym i bergen óg!

days i haven't told you about.
kjetil og ida.

days i haven't told you about.
jonas og kaija. <3


søndag.
days i haven't told you about.
obligatorisk dagen derpå-kaffe/smoothie, denne gongen på kaffeglasset. me snakka om tøybleier og om å få ungar og kva som kom først av høna og egget, sånne trivielle ting.

days i haven't told you about.
smooooothie. åh, så godt.

days i haven't told you about.
<3

days i haven't told you about.
eg var den trøttaste kanina på heile kaféen.

days i haven't told you about.
den natta snødde det og eg stod eg i vindauget i ein halvtime og såg på snøen, og filma den til og med. fanga masse store snøflak og åt dei. åh. <3


måndag.
days i haven't told you about.
den beste bestevenninna og forlover i verda kom innom med eit nytt brudemagasin til meg, ei flaske vin og kinesisk take-away under armen akkurat idet eg holdt på å slå hovudet i bordplata av svolt. så laga me muffins og ho tok litt av med dekoreringa. dei smakte sukker og vanilje.

days i haven't told you about.
ei side fra brudemagasinet, eg vil seriøst bu i desse to sidene.


og i dag har eg gjort ein million ting, men meir om det i morgon. kva har ikkje de sagt? sei det sei det sei det!



my saturday, sunday and monday. saturday i was at a party, sunday it was smoothies and coffee and snow and yesterday my best friend came to visit with bridal magazines, chinese take-away and a passion for muffin baking.


bramandag.

F1020018

i dag er ein bra mandag. eg spring rundt som ein galning med magasin, vaskar klede, tar oppvasken, spring ut igjen med magasin, handlar julegåver og i alle putikkane spelar dei favorittsongane mine! korleis er din mandag?

 


i'm having such a great monday running errands, and every store i went to played my favorite songs today!


hjartesmil-oslo.

eg veit at det er mange som har ønska seg ein oslo-guide fra meg, så her og no kjem det. det er mest sentrert rundt grünerløkka, for det er her eg bur og pustar. eg håpar de blir glade og at de kanskje set meir pris på oslo enn de gjer i dag. eg hadde aldri trudd eg skulle lika meg i oslo og no elskar eg det. eg kjem til å oppdatera denne guiden etter kvart som eg finn nye skattar i oslo, også kjem eg til å laga eit kart ein dag snart.


shoppa

grünerløkka

saturday.
frøken dianas salonger, markveien 33.
beste putikken i heile oslo. vintage blomsterkjolar i tusenvis og matboksar som ser ut som burgarar, og store gamle plansjar som visar korleis anatomien i auget funkar. dei har både putikk- hund&katt òg, og fantastiske smykker, hårpynt og hattar. for ikkje å gløyme stativet med åttitalsglitterpaljettarhimmel.

velouria vintage, thorvald meyers gt. 34.
ikkje like bra, men bra likevel. dei har flytta til thorvald meyers gt., dei har alltid tilbudsstativ utanfor og dei beste åttitalsgreiene.

saturday night.
skaperverket, markveien 60
nederst i markveien, det er eit kollektiv med så himla masse småsprø ting som rosa lausbartar og dei nydeligaste notatbøkene og korta, samt masse masse håndlaga smykker og klede.

blå kors, thorvald meyers gt. 89
ny gjenbruksputikk som ligg nederst i thorvald meyers gt., dei har to etasjar der den eine etasjen berre er klede og bøker, det er nesten ingen som veit om den enda og difor er den så bra. det jobbar små søte damer der som nesten alltid har vafler. veldig billig og veldig bra.

longest day of my life.
marita-putikken, markveien 67
har blitt veldig kjent, men likevel ikkje utplukka. her har dei fantastiske møblar for ein ganske billig penge, masse bøker og utrulige mengdar tallerkar/koppar/glas og eit eige lite rom med barnebøker og -ting.

sprell, markveien 55
fantastisk leiketøyskjede der dei har ein masse som passar meg midt i blinken. her har dei blant anna kaninlampene(samt óg soppelamper, bambilamper, ekornlamper), prikkete dukar i meterpris, masse kaleidoskop og fine termosar og postkort som ein kan senda til mormor.

palais des thés, markveien 38
ein får ikkje kjøpt bedre te i oslo, dei som jobbar der kan te og hjelper ein å finna fram og vil så gjerne at ein skal få det til rett. ein kan kjøpa så få eller mange gram ein vil om ein berre vil prøva litt ulike smakar, til dømes.

birkelunden, birkelunden trikkestopp
marknad kvar søndag såframt vêret tillet det, her kan folk leiga seg plass og selga sine eigne ting så det er enorm variasjon kvar gong. mannen me kjøpte vår nydelige lampe selger sine her, dei er dyre men dei har fått ny innmat så dei er trygge å bruka utan å vera redd for brann.

robot/trabant, markveien 56
to putikkar i markveien med for det meste second hand & vintage. sløyfebonanza og masse vesker og solbriller. dei ligg på kvar si side av gata litt fra kvarandre så berre ver oppmerksom.

dukkehjem, markveien 56
om ein går fort er det ikkje sikkert at ein ser den eingong, pyttepytteliten putikk som ei gamal dame eig og det er så trangt der inne at ein må passa seg for å ikkje ødelegga noko. her finst kjolar som heng i store klumpar på stativ og hundrevis av koppar og tallerkar som står i hyller og på golvet. ein må leita lenge for å finna noko, men når ein først gjer det er det så himla verdt det.


sentrum & andre plassar
glasmagasinet, stortorvet 9
her har dei mac-sminke samt tusen andre parfyme- & sminkemerker, så ein blir gåande rundt i ein slags svimetilstand av å lukta på ting. dei har óg mummikoppar og masse fint marimekko i kjellaren.

steen & strøm, nedre slottsgt. 8
best på strømpebukser i heile oslo og dei har fantastiske vindusutstillingar. her er det middels dyrt og ein finn veldig mange store merker.

acne flagship store, inngang over gata for steen & strøm.
fantastiske klede, ein vil berre gå inn dit for å klemma på stoffet for ein skulle ønska ein kunne flyta rundt i ei sky laga av tskjortene deira heile dagen lang. heldigvis har eg ein kjæreste som har masse acneklede så eg kan berre klemme på han istaden.

henrik vibskov, tollbugt. 15
ein av dei kulaste designerane eg veit om i heile verda, pluss at putikken er superfin óg. dei har eit sjukt utvalg av magasin som ein ikkje får tak i andre plassar.

tronsmo, kristian augusts gt. 19
beste bokhandelen i heile oslo, dei har dessutan dei finaste pocketbøkene til til dømes murakami som ein ikkje finn andre plassar i byen, dei har hundrevis av fantastiske fotobøker og dei beste postkorta + ein heil etasje med tegneseriar for dei som likar sånt. her sel dei óg magasinet mitt!

freia, karl johans gt. 31
ingenting som å gå på freia på den tristaste onsdagen nokon gong for å kjøpa seg eit stykke nougat til tre kroner. eller fylla ein heil pose med berre favorittwisten og sleppa kokos og hasselnøtt.

standard festmagasin
her har dei masker og hattar og påfuglfjær og kostymer og parykkar og ballongar med eller utan helium og glitter og konfetti og falske bæsjar og spel og lausvipper og stort sett alt ein treng til ein perfekt fest.

uff, jernbanetorget 2/storgata
sjukt mykje fine klede, og mykje fint til hundre kroner. dei har ballkjolar og skålar med sløyfer og underkjolar og svære jakker og små skjørt. ein må leita for å finna men når ein finn er det oftast passelig billig.

ark karl johan, karl johans gt.
det ser kanskje ut som ein heilt vanlig ark, men om ein går inn og forbi kaféen(!) med alle dei bra magasina(!) finn ein eit stort område med berre kunstbøker av ulike slag, ein kan setta seg ned i ein sofa om dei blir for store å holda i hendene og der har eg brukt mange timar.

balloon company, parkveien 21
tusenvis av ulike ballongar og dei minste kostar berre tjueto kroner per stk. inkludert helium! også er det ved sidan av tatoveringsstudioet der eg tatoverte meg, oslo ink.

fretex st.hanshaugen, ullevålsveien 12
den beste fretexen i oslo spør du meg. eg er heilt mot unika for det er sjukt kjedelig å bla gjennom stativ med utplukka klede og berre få alt midt i fanget. på st. hanshaugen må ein faktisk leita litt, dei har utrulig mykje bøker og nips, og veldig stor kuppfaktor om ein leitar godt og lenge. mykje lamper og møblar óg.

gutta på haugen, ullevålsveien 45
delikatesseforetning der ein kan få kjøpt trøflar og ulike fantastiske pølser og hylleblomstsaft og dyr sjokolade og grønnsaker ein ikkje visste at fantes.

eta/café & kaffe
grünerløkkafriday.
bugges, nesten nederst i markveien(inng. leirfallsgt.)
best club sandwich og den beste plassen å berre sitta, slappa av, lesa ei bok eller blogga utanfor heime. lite barnevognfaktor.

parkteateret, olaf ryes plass
god kaffe latte og store vindauge som slepp inn masse lys og ein kan sjå på folk som går forbi utan at dei tenkjer at ein er rar. bra kakao og bra ølutvalg.

kaffe/tim wendelboe, grüners gt. 1
tim wendelboe er ikkje berre min nabo, han er óg verdensmester i baristakunst og eg kan skriva under på at ein ikkje får anna enn fantastisk kaffe her, kanskje med hint av aprikos. også har dei bra kjeks(fra sebastien bruno) for femten kroner.

meeting new people.
cocoa on the go-go, rett ved birkelunden(toftes gt.)
sjukt fantastisk god kakao, eg pleier å anten ta mørk sjokolade med mint eller kvit sjokolade med bringebær.

ryes, sofienberggt./olaf ryes plass
femtitalscafé med beste milkshaken i byen. enough said.



new anarkali, thorvald meyers gt. 76
indisk i oslo på sitt beste, nederst på løkka. ein får maten servert store tunge krukker og dei står omtrent bak deg for å fylla på vatn kvar gong ein drikk.

thursday night.
villa paradiso, olaf ryes plass

den beste pizzaen i oslo får ein på villa paradiso. og den beste tiramisuen, dessutan. her bør ein bestille bord, for det er stort sett fullt.



den lille kokosbollefabrikken, thorvald meyers gt. 18
tretten kroner for absolutt himmel som passar perfekt i håndflata. fantastiske kokosbollar, og ifølge dei sjølv kan ein eta åtte kokosbollar for å komme opp i samme tal kaloriar som eitt wienerbrød, er ikkje det fantastisk vel? johoho.



sentrum & andre plassar
my new friend sebastien
sebastien bruno, skovveien 6(trikk til niels juels gate, ein ser det fra stoppet)
om eg måtte velga éin favoritt i heile oslo så måtte det bli sebastien bruno. hyller fulle av ulike kjeks og sjokoladar og nøtter som gjer seg som fantastiske gåver. dei lagar makronar med fersk fruktpuré, og pascal sine smakar papp i forhold til sebastien bruno sine skyer, liksom. det er desverre ingen café så ein kan ikkje sitta, men det er fint(om vêret tillet det) å gå til frognerparken med brennande makronar eller kaker i papirposen også setta seg ned på ein benk og eta. sånn ellers gjer dei seg fint etter ein halvtime i kjøleskapet óg, om ein vil eta middag først. best. gå dit.

saturday.
kolonihagen, frognerveien 33
kolonihagen ligg i ein bakgård så den er liksom litt mystisk og vanskelig å finna, og når ein kjem inn blir ein slått av lufta av ferske økologiske bakverk. her har dei ikkje vanlig skvipebrus eller juice, her har dei berre the real deal. dei har sjukt god kaffe, sjukt gode og store kanelbollar og enorme marengs som ser ut som skyer. best av alt: små sitronmarengsterter som ein dør av å eta fordi det er så godt.

thursday.
yaya's, industrigt. 36(dei har óg fått ein ny i øvre vollgt. i sentrum men eg har ikkje vore der enda)
thai beach bungalow. ein sit i små bungalowhytter omringa av bambus og lysslynger og ein gong i timen blir alt lyset slått av også blinkar det med lyn og tordenlydar. veldig god mat, prøv kokospannacottaen til dessert. bestill bord først.

a food thursday.
yogurt heaven, tullins gt. 5
endelig har oslo sin eigen frozen yogurt-café! og den er óg fantastisk. dei byttar ut smak ein gong i månaden eller så, ein tappar yogurt i koppen sjølv, får pynta med kva ein vil av kjeks og snop og bær, så kostar det per hekto. dei har óg s'mores som er supergøy marshmellows + sjokolade + kjeks.

oslo mekaniske verksted, joachim nielsens gang
her kan ein sitta så lenge ein vil og berre lesa bøker eller spela spel eller skriva tekstar om folk rundt seg. dei har ikkje mat, så ein kan ta med seg mat dit sjølv eller bestilla take away dit, ganske fint egentlig. dei har krukker med snop i kassa og masse fine øltypar.

bare jazz, grensen 8
pleide å vera min favorittkafé, og er ikkje det lenger men dei har framleis den beste chai latten i oslo etter min smak. det virkar som alle blogglesarane mine går hit kvar veke dessutan, så kanskje de kan møtast der!

 

saturday.
bristol, kristian iv's gt.7
sjølv om me fekk elendig service der sist gong me var der, har dei framleis den beste varme sjokoladen i heile oslo, og den må prøvast. laurdagar er det spiseplikt og garderobeplikt, så det er bedre å gå dit på eit mindre forpliktande tidspunkt.

saturday.
sharon's sweet shop, rett ved klingenberg kino
amerikansk snop i alle formar og fargar og opp etter alle veggane. sjukt bra.

first of september.
engebret café, bankplassen 1
litt midt i kvadraturen med fine museum og er akkurat langt nok unna karl johan men framleis i sentrum. egentlig er det ein fiskerestaurant, men eg går dit kun fordi det er fint der. da drikk eg kaffi(som er dyr sjølv om den berre er vanlig svart) og ser på dei fine fruene.

fint å gjera/fint å vita
balanzera, sofienberggt. 2
min frisørsalong, den er økologisk og brukar ingen kjemikaliar. det luktar heilt fantastisk av alt dei har av produkt. eg går til trude, ho fargar håret mitt gresskaroransje(fargen varar i evighetar) og masserar hovudbotnen så eg nesten sovnar. her har dei pukka-te og her selger dei magasinet mitt óg!

girls' night out.
revolver, møllergata 32
eg går sjeldan ut, men flest gongar går eg på revolver, i kjellaren. ein av dei få tjueplassane nær youngstorget, dei har bra musikk og fin bakgård og er akkurat passe stort.

the day he proposed and how normal it started.
stortorvet
her kjøper ein blomster og føler at ein er i ein heilt heilt annan by.

operabillettar
ein trur kanskje det er dyrt med opera, og det er kanskje sant, men det er få som veit at ein kan få hundrekronersbillettar til nesten kvar forestilling om ein klarar å sitte på barkrakk eller heilt på kanten oppe på balkongen. så verdt det, så kan ein dra fingrane over treverket i veggane på veg ut og drikka musserande i pausen.

det norske teatret
det finst óg ein masse ungdomsbillettar på det norske teatret, som óg er det einaste nynorskteateret i oslo. ein må registrera seg på nett for å få eit sånt kort men så kan ein kjøpa billettar for åttifem kroner til mange av forestillingane.

labdoka, schweigaardsgt. 34(inngang platous gt.)
her framkallar eg filmen min, leo som jobbar der er ein fantastisk flink fyr som virkelig bryr seg om kundane sine. aldri meir framkall hos fotokjedane, dei øydelegg film og drit egentlig i det. det er best å framkalla hos nokon som bryr seg, og leo har til og med frakk. det kan vera vanskelig å finna så de bør sjekka ut kart først, området er komplisert.

bysykkel
om ein har adresse i oslo kan ein få seg bysykkel. det kostar rundt åtti kroner i året, og da får ein sykla så masse ein berre vil, det er stativ i heile byen og ein kan ha syklane i tre timar.

loppemarked
om ein vil på loppemarknad bør ein sjekke her og her.

sunday.
akerselva
om det er fint ute er det superbra å gå langs akerselva oppover oppover oppover, avslappande og fint. også kan ein stoppa på hønse-lovisas hus for å eta vafler.

norsk folkemuseum, bygdøy
om ein er lei av bilder og raude lys og narkomane og asfalt tar ein bussen til bygdøy og går på norsk folkemuseum. ein kan sjå inn i korleis hus var før i tida, ein kan kjøpa lakris eller drops i kremmerhus og alle som jobbar der går rundt i bunad eller skikkelig gamle fine klede.

my new friend sebastien
astrup fearnley, dronningensgt. 4
museum for moderne kunst, ein masse bra utstillingar og masse postkort i putikken.

botanisk hage, tøyen
perfekt søndagsaktivitet. ta med nokon du likar og gå fra veksthus til veksthus til museum til kafé. eller berre gå rundt omkring på området ute, det er fint det óg.

cinemateket, dronningensgt. 16
uavhengig film, her kan ein sjå fransk og skeivt og masse rare filmar som oslo kino aldri hadde turt å sett opp. ei oslo-perle.

friday and saturday in october.
parkheng
fra april til oktober går eg i parken. teppeparkheng i kubaparken og sofienberg også haustgåturar i frognerparken. topp ti ting med å bu i oslo.


eg leitar alltid etter nye kaféar, helst som har gamle møblar og fine koppar, så om de har tips eller tips til andre ting må de veldig gjerne legga dei igjen i kommentarfeltet.



my guide to oslo. google translator!


familiefredag.

friday.
på torsdag kom mamma og pappa til oslo. pappa skulle på zappa plays zappa-konsert på torsdag også vart mamma med óg for å bu på hotell og for å pirka på ting i leiligheten min. torsdag såg me ikkje så mykje til kvarandre men fredag åt me lunsj i lag på bugges i markveien.

friday.
mamma klarte å eta kanskje fire munnfullar med mat, for ho har jo fjerna masse av magesekken så ho et som ein liten beibi.

friday.
mamma ville vera med på alt av osloting som eg skriv og snakkar om, så me gjekk blant anna på sebastien bruno. me venta med å eta dei til me kom heim, mamma åt tre halve og det syns eg var ganske søtt. eg åt ein mokka. mamma syns champagne var best.

friday.
før mamma reiste vidare til trøndelag til mormor kjøpte ho tulipanar til meg og han der fine, for det er favorittblomsten til mamma og nesten berre fordi dei knirkar når ein skal setta dei ned i vasen.

friday.
etter ho hadde reist pakka eg og han der fine hundreogfemti magasin. me bur i pappkasser akkurat no.

friday.
også vaska han opp så eg kunne drikka av min nye kopp som eg fekk av mamma, lille my. no har me tre mummikoppar allereie, tenk det.

i dag er eg himla sjuk og vil berre sova sova sova i hundre år, men eg skal trossa det og drikka raudvin istaden, det er jo så fine folk i byen i helga at det går ikkje an å vera sjuk. håpar at de har det fantastisk, alle saman!



yesterday i spent the entire day with my mother who was in oslo, before he left we had lunch with my father at bugge's and then my mom and i went for some shopping and sightseeing hjartesmil-style. my mom has just had a gastric sleeve surgery so when we bought macarons from sebastien bruno she bought three and ate half of all of them, i founf that quite charming.


helgetips.

du treng: iskrem. heilmjølk/fløyte. nøttesjokolade(bergene melk nøtt/firkløver/helnøtt). varm opp 0,75 dl mjølk/fløyte på middels varm panne, knekk oppi ei heil stor sjokoladeplate og rør mens det smeltar, pass på at det ikkje kokar eller svir seg. når sjokoladen har smelta kan ein tømma den over skåler med iskrem og eta fort fort fort og nyta nyta nyta. det er mitt helgetips. sjukt godt.


you need: ice cream, whole fat milk or cream and twohundred grams of chocolate with nuts. heat milk in a pot, 0,75 dl, and break the chocolate in pieces into the warm milk(not to warm or it will burn), stir until it's kind of a sauce. serve over ice cream and die from its deliciousness.


kjærleik.

take me through the sweet valley

er du i eit forhold?
ja!

har du kyssa nokon i dag?
ja, kanskje hundre gongar.

kvar går grensa ved utroskap?
hm, vanskelig å sei fordi ein veit jo ikkje det før det skjer. men eg skulle følt meg bedratt om han hadde kyssa ei anna. kanskje før det óg til og med.

er du romantisk?
ja. veldig.

korleis skulle du beskriva den perfekte kjæresten?
ein som finn på masse rart, som aldri går lei av å reisa og snakka om framtid, ein som ikkje er redd men som ikkje er redd for å vera redd heller.

korleis er du som kjæreste?
oppfinnsom, omtenksom og oppmerksom.

kva er viktig i eit forhold?
at ein er bestevenner og at ein klarar å dra kvarandre opp og fram.

har du grått framfor nokon du likte nokon gong?
kanskje åtte gongar i veka.

kor mange har du vore ilag med?
berre ein sånn på ordentlig.

kor lenge varte ditt lengste forhold?
seks år tysdag som var! hih.

kor lenge varte det kortaste?
kanskje fem minutt. eg var dødsforelska i ein gut på barneskulen og vart spurt av han men det var berre ein spøk så han slo opp med ein gong. hugsar kva eg hadde på meg og korleis eg stod med armane.

vil du vera singel eller i eit forhold?
i eit forhold, resten av livet forhåpentligvis.

er du ein bra kjæreste?
eg er ein superbra kjæreste.

kven sov du seinast ved sidan av?
jostein.

kor gamle var foreldra dine då dei vart saman?
22, trur eg. dei fekk meg som 23.

skulle du kunne tatovera inn navnet til kjærleiken din på kroppen?
eg har jo allereie tatovert eit hjarte på håndleddet som var til han, da. men jo. tatoveringar er fint om ein er heiltheilt sikker.

korleis ser den perfekte daten ut?
i ein eller annan hovudstad, gå på italiensk restaurant og drikka vin og sjangla til ein utekino der ein ikkje skjønnar eit ord av det som blir sagt.

kven er den viktigaste personen i ditt liv av det motsatte kjønn?
han der fine. men pappa óg.

om mannen i ditt liv var utro, kva skulle du gjera?
eg skulle nok bli knust i tusen bitar også hadde eg kanskje tilgitt han/kanskje aldri snakka til han igjen.

vil du gifta deg? kvifor/kvifor ikkje?
eg er jo forlova! det blir dei beste dagane i mitt liv, trur eg nok. ingenting så morsomt å planelgga som eit bryllup.

vil du ha barn?
ja, eg vil ha mange.

blir du lett forelska?
nei, det trur eg nok ikkje. gjennom livet har eg kanskje vore forelska fire gongar, og veldig lenge i kvar person.

kva fell du for?
mellomrom mellom tennene og høg latter.

kva er den største turn-offen du veit om?
eg klarar ikkje å stola på menn som ikkje har samme kvinnesyn på meg, og eg trur nok óg eg treng ein person eg er enig med om dei fundamentale tinga. opposites do not attract akkurat på det.

kor viktig er det at ein har ting til felles?
hm, eg og han der fine har veldig lite til felles av interesser og sånt men me har jo vokst inn i kvarandre og no likar me mange av dei samme tinga. så jo, det er viktig men ikkje mest viktig i eit forhold.

har du fått hjartet knust?
åh, ja.

har du ein type utsjånad du likar best hos menn?
nei, dei må berre sjå smarte ut og vera høgare enn meg.

kven var din første kjærleik?
tzatsiki, han i dei barnebøkene og tv-serien. var dødsforelska i han og såg på han på tv heile tida og las alle bøkene. eg var ikkje så flink med forelskelsar i den virkelige verda egentlig.

kva tykkjer du om sex på første date?
opp til kvar enkelt, syns det blir litt dumt å skulla ha ei etablert formeining om det. om ein vil så gjer ein det.

kva tykkjer du om one night stands?
om ein vil så gjer ein det.

er kjærleik alt i livet?
ja, men nei. men om ein tenkjer at ein har kjærleik til alle ting ein gjer og alt og alle rundt seg så trur eg at ein er ein lykkelig person.

 

lånt og oversatt frå sandra.


survey about love.


sjølvlysande frekner og ei utdanning.

Storm in a tea cup.███ york

for nokre dagar sidan hadde eg konkurranse der ein kunne vinna magasin. eg syns desse tre var finast og dei får magasin i posten så straks eg får tak i adressene:

"en tanke jag fick för ett tag sedan: fräknar borde lysa i mörkret. som en stjärnhimmel."
emma

"http://open.spotify.com/user/onajourney/playlist/2fbvgxibpvSvchrSnvz4pf

jeg lagde en diy-spilleliste av soundtracket til an education fordi det ikke fantes på spotify. det er superfint og gjør meg hoppende glad."
monica

"På laurdag mista eg jomfrudommen min. Det var ikkje slik eg hadde førestilt meg det skulle bli, men det gjorde ikkje noko, for det er det finaste eg nokon gong har opplevd :-)"
jannicke



three girls won magazines, one about how it would be nice if freckles glew in the dark, one girl made a spotify playlist from the movie an education and another girl told about losing her virginity


magasinet! hurra!


framside.


prikkar.


nikoline.


sandra.


jessica silversaga.


sigrid.


elsa.


eingangskameraprosjektet.



meg og julie.


heidi & caroline.

i dag har eg fått magasinet, tusen små i atten kassar. eg er stort sett fornøgd og veldig stolt. i kveld feirar eg med middag for nokre av dei finaste eg veit om. i morgon sender eg ut ein masse magasin, håpar de bestiller masse, da blir eg himla glad! snart har me nok pengar til å kunna kvitte oss med trykkerirekninga når den kjem. det føles bra. de er fine folk, de som leser her. håpar de veit det.

magasinet bestiller de i menyen til venstre, om ein dag eller to er det tomt for det første magasinet så om de vil ha det(då meinar eg at det faktisk blir tomt i heile verda og de får aldri sjansen til å kjøpa det igjen), eg kjem til å venta med å fjerna paypal-knappen til studielånet kjem sidan eg veit at det er mange som ikkje har pengar fram til rundt den femtende.




today the magazine came!!! i'm so happy, it's really a wonderful magazine and i hope you'll buy it some day soon. i'm going to celebrate with some friends today and tomorrow the work begins.


seks.

longest day of my life.

i dag er det m+j=6. seks fantastiske år. sidan me vart fem har me sett fleire hjørne av verda saman, me har vore varme og kalde, me har forlova oss og drømt om paris og london og vore enda meir bestemte og skrike enda høgare om draumar og verdiar til alle som vil høyra. om eit år har me vore saman ein tredjedel av liva våre, om eit år er det mindre enn eit år til me skal gifta oss. meg og han der fine til kanten av universet, sånn er det og sånn skal det vera. to die by your side is such a heavenly way to die. <3 herregud så bra me er.

 


today my fiancee and i are celebrating six years together. <3


vin i pose.

saturday night.
laurdagskvelden starta med at synne kom på graut. her blar ho i magasinet mitt som ho ikkje hadde sett enda.

saturday night.
etter maten laga me cake balls. da lagar ein muffins, ventar til dei er blitt kalde, smuldrar dei opp og blandar det saman med nugatti så det blir ein slags masse. så rullar ein dei til ballar.

saturday night.
dyppar dei i sjokolade og strøssel.

saturday night.
og vips. dritgodt.

saturday night.
så gjekk me opp på st.hanshaugen, for heidi hadde purstag og feira med fransk tema!

saturday night.
ho hadde fått sjukt mykje fine ting.

saturday night.
og hadde på seg finkjolen og finbhen.

saturday night.
av oss tre fekk ho rosa lausbartar.

saturday night.
ho gjekk for poiroten.

saturday night.
hei synne.

saturday night.
sigrid var coco chanel!

saturday night.
og joachim var ein anna fin franskmann. barbra var franskdame, sånn sett passa dei bra på samme bilde.

saturday night.
synne har kjøpt samme leppestift som meg og heidi, ruby woo fra mac, så me måtte ta den på om og om igjen i spegelen saman.

saturday night.
raudvin i ein pose.

saturday night.
folk åt cakeballs.

saturday night.
og me hadde luciatog for oss sjølve ute.

saturday night.
dette bildet er fantastisk fordi det er det einaste eg har sett av synne der ho smiler og ein faktisk kan sjå augene!

saturday night.
joachim dansa, og det var sjukt mykje fine franske folk.

saturday night.
etterpå gjekk me på festen på arkitekthøgskulen.

saturday night.
der var det sinnsjukt mykje folk.

saturday night.
dette er ulrikke, ho tok bilder med eit kamera ho ikkje forstår og det syns eg er så fint.

saturday night.
synne hadde med seg tohundre sugerøyr.

saturday night.
lamper var plastbeger i fargar. fint fint fint.

saturday night.
eg møtte tremenningen min andreas som eg ikkje har sett på eit par år, merkelig å møte på han berre sånn på ein fest på arkitekthøgskulen i oslo.

saturday night.
me stod mest ved ein videoinstallasjon med ein katt og ein hest.

saturday night.
richard og ulrikke.

saturday night.
her er mariann, me gjekk i klasse saman i fjor og eg har ikkje sett på vilt lenge.

saturday night.
& klokka fire rulla me heile vegen heim.

 


my saturday evening was cake balls, red wine in a bag, a very nice french party and then a party at the oslo school of architecture and design.


jessica stam av lina scheynius.









i det nyaste britiske vogue har lina scheynius ein editorial med jessica stam og den er så sjukt fin! åh. eg vart heilt stolt.




jessica stam by lina scheynius in the latest british vogue.


magasinkonkurranse.

This world can be ugly

sidan eg er heilt slått ut av sosiale happenings denne helga, tenkte eg at me kunne ha ein liten fin konkurranse der de kan vinna eksemplar av det andre magasinet! alt de treng å gjera er å legga igjen noko fint i kommentarfeltet, til dømes eit minne eller ein link eller ein blogg eller eit bilde eller ein tanke også det som eg syns er finast, kanskje det er berre ein eller kanskje to eller kanskje fem, så mange eg vil, får magasin tilsendt i posten.

hugs å legg igjen epostadressene, da. sånn at eg får tatt kontakt. me køyrer til i morgon klokka eitt.

konkurransen er ferdig! men, til framtidige konkurransar: eg kjem aldri til å premiera noko som har med weheartit å gjera i heile tatt, aldri aldri aldri. dei tar fra kunstnarar opphavsretten og drit i at dei sprer bilder på internett som er umulige å spora til kjelda. det dei gjer er ulovlig, og de gjer óg noko ulovlig kvar gong de legg ut eit bilde de ikkje anar kvar kjem fra. ein skal alltid opplysa om kjelde, og weheartit er (for faen) ikkje ei kjelde. ei kjelde er å opplysa om navnet til kunstnaren, linka direkte til heimesida til fotografen eller flickr-streamen. sånn. da var det sagt.


i'm doing a magazine contest: whoever comments with the nicest link or blog og picture or thought or memory gets a magazine in their mailbox!


ferdig.

november.
no er eg ferdig med magasinet, og dei to siste dagane har eg feira stille med folk eg er glad i. trine marie tok meg med på parkteateret.

november.
ho spanderte kaffe og vin og me snakka om store tema som me alltid gjer.

november.
og i går laga eg og han der fine fantastisk middag med masse rare grønnsaker. fennikkel for eksempel.

november.
som mest ser ut som eit menneskehjarte.

november.
steika steika steika.

november.
også eta. sjukt godt!

november.
så spelte me kort, eg og han der fine og trine mariel

november.
så kom det litt fine folk innom, for eg hadde invitert til ein dunk med vin. fredrik kom med roser, han er himla fin. no skal eg ha den beste helga på lenge. håpar de har det fint! kjøp magasinet i menyen til venstre i helga, da! hurra!

 


the last few days have been relaxed and calm as i have now finished the magazine. and now we wait.


hasselblad i ungarn.

hungary.hungary.hungary.hungary.

hei! i dag lagar eg heimeside så eg fiklar og triksar litt i photoshop og dreamweaver og kanskje er den klar om ei veke eller så. eg fann desse bilda som eg tok på eit slott i ungarn i sommar som eg kanskje ikkje har vist. eg syns dei er ganske fine, i alle fall. sjølvsagt tatt med hasselblad, eg hadde gifta meg med det om det gjekk an.


just some pictures i took on a castle in hungary this summer. today i've begun making my website, which will hopefully be ready in a week or so.


her kiss was a question he wanted to spend his whole life answering.



eg ser og han høyrer, eg spolar tilbake i filmar for å visa han refleksjonen av kameramannen og han visar meg korleis han lagar musikk av folk som snakkar, steg for steg, som ein liten labyrint ein lagar for seg sjølv. han kjøper kjolar når eg ikkje har pengar og eg kjøper sløyfer når eg har. han brukar lengre tid på å bli klar for å gå ut enn meg og han vil aldri på fest men vil aldri heim heller. han må be meg pussa tennene ti gongar men eg vil aldri legga meg, han legg lappar oppå kroppen min medan eg søv så eg skal lesa dei når eg vaknar og han har reist på skulen. me kysser opp mot betongveggen på kjøkenet og held alltid hender, eg held oppå og han under.


about having someone to love, someone who leaves post-its on my body when he gets up and leaves for school in the morning.


jonas+kaija



eit bilde eg tok av jonas og kaija på innflytningsfesten til fredrik. dei er ganske fine.



just a picture i took at a party, of jonas and kaija.


som ei klementin eller eit graskar, kjem an på sesongen.

new hair.new hair.new hair.

i dag har eg vore hos frisøren, fantastiske trude hos fantastiske balanzera. håret mitt ser no ut som ei klementin eller eit graskar, kjem an på sesongen. det lyser mot meg i spegelen så eg må smila kvar gong for eg har gløymt kor fint det er. meir om det seinare!



i went to my hairdresser today and now my hair looks like a pumpkin, i love love love it.


svar på magasinspørsmål.


framsida, teikna av caroline weseth. er den ikkje heilt fantastisk?


her kjem svara på spørsmåla de fekk spørja om magasinet. de spør veldig mykje om pengar, og det skjønnar eg jo sjølv om det er litt trist egentlig. det viktigaste eg vil formidla er at de skal gjera det som føles rett, om det er noko de virkelig virkelig vil så må de berre gjera det! gjer det gjer det gjer det. sjølvsagt er eg redd, for at de ikkje skal lika magasinet og for at det skal skje noko feil i trykkinga, men ein må velga å sleppa taket litt og berre gjera det til noko som er gøy sjølv om det er stort og sjølv om det er masse pengar. ha det gøy! og berre hugs at om det går over så går det som regel bra.

betaler du dei som hjelper deg med magasinet?
både ja og nei. eg pleier å honorere dei ikkje-skandinaviske som er med. dette er fordi opplaget er på 1000 og magasinet nesten berre blir solgt i norge, så dei skandinaviske deltakarane får bra marknadsføring av seg sjølv medan dei andre ikkje får den samme effekten, om de skjønnar. også må ein jo sjå det litt an, til dømes får sjølvsagt caroline pengar fordi ho har teikna forsida og illustrert andre plassar i magasinet enn berre sitt eige kapittel. folk seier som regel berre ja ja ja fordi dei syns det er eit fint og morsomt prosjekt der dei får lov til å skapa noko heilt sitt eige.

korleis er det å jobbe med slike prosjekter?
det er heilt fantastisk. spesielt når ein får bestemma alt sjølv og bestemma sine eigne arbeidsmengdar og får jobba med folk som ein likar og respekterar og ser opp til.

hva skriver dere om?
det er mykje om kjærleik. egentlig aller aller mest om kjærleik.

kan du legge ut informasjon om hvor bladet er til salgs?
det kjem når magasinet er ferdig og utsalgsstadane er klare! akkurat no veit eg ingenting, men magasinet er ikkje ferdig i trykken før 15.november.

jeg gleder meg sånn til det kommer! det jeg lurte på var om jeg får det i posten før jul, om jeg bestiller det nå? hadde jo vært fint å kunne gi det i julepresang.
ja, sjølvsagt! me får dei den 15.november, og da sender me dei ut med éin gong, så du får dei i veldig god tid.

kor mykje kostar trykken, og kvar trykker du?
trykken kostar rundt femti tusen, og eg trykker hos zoom.

kva har du lært og eventuelt gjort annleis etter magasin #1?
eg har lært meg å vera klarare, og å laga eit magasin for alle og ikkje berre dei som les og elskar bloggen min. eg trur og håpar nummer to er enklare å forstå.

hva har du gjort for å få samarbeidspartene/bidragsytere som du vet kommer til å bidra med noe fint og spesielt?
eg har heilt enkelt berre tatt kontakt med folk som eg syns er fine. så enkelt og greit er det faktisk. frode grytten svarte ja med ein gong etter eg berre hadde sendt han ein mail, og sendte over teksten sin nesten før eg hadde rukke å skrika hurra. ein må berre tørra å spørra, også er det veldig viktig å sei nei om det er noko ein føler at ikkje passar.

har du utformet layout osv. selv?
jepp, eg har gjort alt det grafiske arbeidet sjølv. utanom illustrasjonar og forsida som caroline har laga sjølvsagt.

hvordan fikk du ideen til å lage magasin, og hva fikk deg til å tørre å hoppe i det og lage det?
eg hugsar ikkje korleis eg akkurat fekk idéen, men heilt sidan eg var liten har eg likt å laga bøker og sånne ting sjølv, klippa og lima og laga inspirasjonsbøker og permar, og da var magasin eit fint steg å ta. det er mange som seier at det er modig og spør korleis eg tør, men eg tenkjer ikkje at det finst noko alternativ. akkurat no er det magasinlaging som gjer meg glad, så da gjer eg det. men det er sjølvsagt veldig risikabelt, eg har ikkje noko forlag i ryggen og det er min eigen økonomi som går dukken om magasinet selger dårlig. eg har ikkje akkurat femti tusen å ut med sånn med ein gong, så giroen fra trykkeri er heilt avhengig av at de kjøper magasin for å gå opp! skummelt men fantastisk.

går alt du tjener på magasinet til Paris- reisen?
no veit eg jo ikkje om eg tjener noko som helst, og eg har allereie kjøpt eit kamera for tjue tusen, så det blir ikkje så altfor mykje å rutte med. men ja, jo, eg trur det. om det blir veldig mykje så kjem eg til å spara ein del.

hvilket trykkeri bruker du?
zoom.

hva slags program bruker du til layout?
InDesign cs3.



hvor mange sider er det på?
144.

hvor mye har det kostet å få til magasinet i alt? kan du si litt om hva de forkjellige utgiftene består i og hvor mye ting koster?
det er stort sett berre trykkinga som kostar, og livsopphold for meg, da. trykkinga kostar femti tusen. i og med at eg ikkje har nokon jobb utanom magasinet går alle pengar som kjem inn som lønn til meg. eg er eit einmannsshow.

hvor mye har du fått i støtte?
eg har fått 7500 fra trafo, også har eg ein fast avtale med lnk(landssamanslutninga av nynorskkommunar) om at dei kjøper magasin til alle sine medlemskommunar pluss medlemmar i styret, til saman rundt 130 magasin, og det er ein trygghet som er fin å ha.

jeg lurer egentlig på hva du gjør sånn til hverdags når du ikke koser deg eller jobber med magasinet? Det holder vel ikke til å leve, så jobber eller studerer du? Det virker som du har så innmari mye tid til å gjøre ting du bare har lyst til - eller så er du bare imponerende flink til å sette av den lille tiden man vanligvis har til å gjøre sånt.
eg gjer ingenting, jobbar kun med magasinet. eg har prøvd å finna ein jobb sidan midt i august, men har ikkje funne nokon jobb enda, og i starten av oktober fant eg og han der fine ut at me klarar oss heilt fint utan at eg jobbar nokon dagjobb, sidan me begge tjener bra på ulike frilansoppdrag og me lever veldig billig. så no er det magasinet, også må eg prøva å finna noko meir fast fram til februar, for da flyttar eg til paris.

har du et spesielt budskap med magasinet? hva er grunnen til at du ville lage et magasin?
eg vil berre at folk skal slappa av litt, tenka mindre på pengar og meir på seg sjølv og folk rundt seg, setta pris på det ein faktisk har i livet. min verste frykt er å bli eit sånt stressa menneske som ikkje klarar å setta pris på noko som helst, som berre klagar og klagar på kvar minste ting rundt seg fordi ein ikkje evnar å stoppa opp og sjå ting som dei er utan det jaget som er rundt. eg ville laga eit magasin som eg hadde hatt lyst til å lesa sjølv, berre sitta i ein sofa og bla i utan å tenka på verda rundt meg. så da berre gjorde eg det. enkelt og greit.

gjør du alt selv i indesign, eller får du hjelp? bare tenkte at det må bli mangemange timer om du er alene om jobben? eg har gjort absolutt alt sjølv, og det har tatt fleire timar enn eg tør å tenka på.

kva er det mest irriterande med heile magasinprosjektet, kva får deg til å ville dra ut kontakta eller knipse nokon i øyre?
når folk ikkje leverer i tide er så sjukt frustrerande. og å prøva å ha ein normal døgnrytme, for det er så enkelt å sitta våken til sju om morgonen også stå opp klokka to, men det er ikkje bra og spesielt ikkje no som det er så mørkt. å ha ei datamaskin som skulle ha vore bytta ut for lengst(når ein må restarte den for femte gong på ein time har ein berre lyst til å kaste den ut vindauet).

kor kjem ideane til utsjånaden på sjølve magasinet frå?
dei kjem berre fra bloggen, fra mitt eige hovud. også har eg plukka litt fra mange plassar.

kommer du til og selge det andre steder enn i Oslo?
ja, eg har tatt kontakt med mange utsalgsstadar rundt omkring i landet. dei er dårlige på å svara, da, så me får sjå korleis det går. den einaste plassen som er bekrefta er papercut shop i stockholm. også reknar eg med å få det solgt på tronsmo her i oslo, da.

koster det noe ekstra i frakt for magasinet hvis jeg kjøper det her, eller er det den prisen som står der?
nei, prisen som står der er det som er prisen.

hvem trykker opp magasinet for deg?
zoom.




har du designet det selv eller?
ja.

skal du lage nummer tre ein gong i framtida?
eg funderar faktisk på å lage eit parisnummer.

kva heiter magasinet? (hjartesmil?)
me kallar det for hjarte(magasinet) eller <3.

kva for ein del brukte du mest tid på?
å finna ut kven eg vil ha med, kva som passar saman og kva som passar til mi greie, liksom. det tok veldig lang tid.

jeg lurer på hvor vanskelig det har vært for deg å ta store beslutninger angående magasinet. jeg lager selv et magasin i skoletiden og synes det er grusomt å måtte ta slike store avgjørelser som får konsekvenser for hvordan magasinet blir seende ut til slutt. får litt vondt i magen av det på en måte. store beslutninger som hva magasinet skal inneholde, hvordan rekkefølge alt kommer i og hvordan tema det skal ha og slike ting. jeg vet for eks. ikke om jeg vil ha sponsorer eller ikke eller hvor mange sider det skal ha eller når det skal bli gitt ut. supervanskelig.
eg gjer berre det eg syns ser fint ut og det som føles bra, eg gjer aldri noko som eg ikkje virkelig virkelig vil. ein må berre slutta å vera så himla nervøs og berre kasta seg i det, vera litt crazy og ta litt sjansar. det er da ein veks som person og det er da ein klarar å skapa noko større enn seg sjølv, noko fantastisk. det er viktig å finna eit trykkeri med fine folk også er det viktig med fargar, men da er det berre å velga yndlingsfargane sine. dette magasinet er i ferskenfarge. himla fint.

jeg skjønner ikke hva magasinet er? & kva er det eigentleg magasinet handlar om? og er det berre bilete eller også tekst eller kva?
det er eit kunstmagasin basert på bloggen som inneheld litterære tekstar og fotoseriar, samt litt illustrasjonar og eit par intervju med fine bloggarar. på den første sida av magasinet står det: "hjartemagasinet er eit magasin basert på bloggen hjartesmil.blogg.no, og er eit magasin som handlar om kunst og kjærleik og alt det som gjer at ein blir litt svak i knea elller varm bak ribbeina. det handlar om onsdagsfestar og å få hjartet knust, om blomar og graskar, om søndagsbrunsj og å vera så trist at hjartet går ifrå kvarandre. men oftast går det bra til slutt." & det stemmer ganske fint.



just answering your questions about my magazine, feel free to use the google translator.


nesten som jul i november.

heidi&caroline
i går var eg hos heidi & caroline. me hadde klementiner og kjeks og presskannekaffe, også snakka me om det siste til magasinet. caroline har nemlig laga framsida og nokre andre illustrasjonar og sånt treng jo litt planlegging.

heidi&caroline
heidi sat på rommet sitt med musikken og skreik for ho trudde at me ikkje høyrte kva ho sa, som ei gamal dame som ser på dagsrevyen.

heidi&caroline
caroline har mange mummikoppar og eg blir heilt sjalu. den marimekkokoppen der har eg óg sikla på heilt sidan dei kom.

heidi&caroline
heidi har origamifuglar i vindauget.

heidi&caroline
og rosett i taket.

heidi&caroline
me hadde tjukkelabbar på og tepper og tente lys. skikkelig som jul.

heidi&caroline
i vinduskarmen er det hest og paris og kanin og bambi.

heidi&caroline
og fisk på veggen over alle kjolane.

heidi&caroline
og bøker i ein koffert.

heidi&caroline
på andre sida av vegen går det an å sjå inn i andre folk sine leilighetar og det syns eg er noko av det mest spennande som finst. som å opne luker i ein kalendar, i desember. berre at det er november.



yesterday i was with heidi & caroline, i love their apartment.


magasinspørsmål.


biletet er linka

 

eg veit at det er veldig mange som har mange spørsmål om prosessen rundt å laga eit magasin og egentlig alt som har med det å gjera. kan ikkje dei som lurer berre stilla spørsmål i kommentarfeltet her også svarar eg denne veka ein gong? suss.

foreløpig kan ein kjøpa magasinet i menyen til venstre her, og det kjem informasjon etter kvart som det får plass i hyller rundt omkring i landet og utlandet. spesiell info til dei som vil kjøpa pakken med både det første og det andre magasinet; de bør tenka på å gjera det litt fort, for me har snart solgt femti av pakken og er usikre på kor mange fleire me kan selga. så lenge pakkefunksjonen er i menyen til venstre, er det tilgjengelige pakkar. så veit de det.



if you have any questions about making a magazine, now is the time to ask.


sånt som gir sukkerspinn i magen og nye tusjar i veska.

March 2010RegretAssistens Kirkegård

melis på fingrane.

frozen yoghurt. å eta is og tenka "dette er bra for magen min".

babyar med berre éi tann.

å sjå kor forskjellig fire personar rundt eitt bord kan preparere ei tacolefse.

å våkna to minutt før ringeklokka ringer.

koffertar.

å snakka om bryllup.

å planlegga bryllup med han som er finast i verda og ho som er mi beste venninne.

å drikka champagne midt i veka.

å ha det lille sekundet med innsikt der ein faktisk er stolt av seg sjølv og alt ein har oppnådd, og ser seg sjølv for det ein er.

å snakka med snille politifolk som ikkje vil anna enn å hjelpa og visa at dei er der om det skulle vera noko.

når restaurantar i oslo beskriver seg sjølv som "solfylte" sjølv om det er storm og regnar.

smirnoff ice i plastbeger når ein har drukke øl fra boks i to veker i strekk.

å føla seg voksen fordi ein kjøper heinz-ketchup.

å vita at alt går bra.

soundtrack til favorittfilmane mine på spotify.

dei første dagane på ein ny plass, å gå seg vill og finna fram på sin eigen måte.

det lille håpet når ein kjøper potteblomar (og håpar at dei skal ha det bra heime hos oss sjølv om det aldri har gått bra før.)

å sei noko høgt for første gong.

grammofonar.

konfetti.

å bada i fontener, fullt påkledd med fire i promille klokka fem om morgonen. lyst som om dagen men ingen ser.

knesokkar.

når foreldrene mine er himla glade for noko og nesten ikkje klarar å sortera bestikket rett eingong.

å selga ting ein har vore glad i fordi ein ikkje treng dei lenger.

"do not disturb"-skilt på hotelldører.

å skifta lyspærer og lyset kjem på mens ein skrur den inn fordi ein har gløymt å skru av.

menn med sløyfer istadenfor slips.

tannlegar som prøver å føra ein samtale sjølv om du er bedøva og har munnen full av instrument av ulike slag.

å læra nye drinkar.

å ha spleiselagsmiddag som blir rare kombinasjonar men det beste for alle tar med det dei elskar mest.

å få elle i posten og vita at det enda er eit par dagar før det kjem i hyllene.

å hjelpa folk å flytta og føla litt på at alt startar på nytt men er det samme likevel.

dei siste dagane av sommaren når det nesten ikkje går å bevega seg på grünerløkka for alle må vera ute ute ute for å nyta livet mens dei kan.

å lesa gamle brev som ein fekk før ein kjente personen ein fekk det fra.

å ikkje brenna seg på tunga av å drikka kakao.

å vera den første som lagar fotspor i ny snø.

å skriva lister over ting ein må gjera også ikkje gjera noko.



things that i like: helping people move, not burning your tongue when you're drinking hot chocolate, being the first to make footprints in the new snow, writing lists about things to do and then do nothing, getting elle magazine in the mail before everyone else, men who wear bows not ties, learning new drinks, everything about weddings, babies that only have one tooth, waking up before the alarm.


lunsj.

lunch.
noko som er fint med å vera heime er at ein får eta lunsj lenge om ein vil. i dag laga eg heimelaga raud pesto(da tar ein soltørka tomater, litt nøtter, kvitlauk, litt vatn og litt olje og køyrer det i ei maskin som blandar miksar triksar og vips!) som eg hadde på knekkebrød med jarlsberg og paprika. pluss melon pluss jordbærte pluss vatn pluss ei klementin, men egentlig åt eg fire klementiner, alle eg hadde.

lunch.
eg elskar våre nye glas fra åhléns, dei kosta tjuefem kroner stykket og føles virkelig som fra femtitalet. ein føler seg i alle fall som ei fin dame når ein har dette glaset i venstre hånd og blar i det nyaste cover med høgre.

lunch.
også er det litt som å sjå ned i eit spennande hav når ein drikk av dei. me har eit med raude og eit med blå prikkar.

lunch.
ferdig lunsj. lurer på kva eg skal eta i morgon.



this was my lunch today: two crispbreads with homemade red pesto, jarlsberg and paprika, with some galia melon and clementines. strawberry tea and water in my new drinking glass.