mitt totusenogni, mai til august.

mai

i mai var eg veldig nervøs og redd og fann trøst i været. eg bestemte meg for å vera russ også berre klarte eg det ikkje. i tillegg var det så altfor mykje skule og ting som skjedde samtidig.

eg og han der fine gjorde alt me kunne for å stenga verda ute. deriblant malte me bilder som såg ut som fingermaling av femåringar.

og var litt i skogen.

eg fotograferte oda.

og me lagde nederlandske pannekaker for første gang.

juni

i juni kom syrinene for fullt.

eg fotograferte sonja.

eg hadde eksamen og det gjekk fint, så endeleg kunne eg pusta igjen. dette måltidet inhalerte eg og christine på han der fine sitt golv etter eksamenen var overstått.

og endeleg fekk ein tid til å sitta i hagen og spela kort.

den siste festen føltes og var akkurat sånn.

så reiste eg til trondheim og ukm med løyndom-prosjektet og møtte sara for første gong.

etter det reiste eg til island med han der fine sin familie i ei veke.

juli

i juli lo eg på taket med finaste.

drakk mange liter iskaffi.

var på roadtrip med pappa.

feira purstagen til fredrik og prøvde å lodda han ut.

las fine bøker.

smoothies til frukost middag kvelds og natt.

fotograferte trine marie(om de ser desse bilda rundt omkring på internett sei ifra til meg plis).

var i molde og budde i telt ei heil veke. åt mange panda- og koalakjeks og las fine bøker.

fotograferte trine marie ein gang til.

var tantemariell og plukka rips.

august

i august laga eg og trine marie og hennar nye kjærleik pasta frå botnen av, og eg var så lykkeleg og full av kjærleik.

me var på pusøk til reidun der me fekk te og muffins.

eg var ein liten tur på hytta og det var herlig.

så flytta me til oslo. eg var livredd.

men kjærleik. hjarte.

så traff eg ina for første gong.

og hadde eira på golvet.

og trine marie flytta etter meg og det var nesten det finaste som kunne skje.

eg fynda kaninstativ for femti kroner.

og var på blåbærtungemiddagar.

og fann globus og kaleidoskop.

og hadde mormor og morfar på pusøk i oslo.

og las den finaste boka i verda, looking for alaska.

og var på operataket for å sjå fredrik og trine marie på performance.

også var eg i bt-magasinet om bloggen.

phjo! siste del kjem i morgon.


second part of my year.

feira.


kjelde

sjølv om nullni har vore eit år fylt med fest, har det siste halvåret kanskje vore litt for rolig, så eg tenkte at ein skulle finna nye ting å feira så ein fekk ein grunn til å invitera folk. difor har eg funne følgande ting å feira i det nye året(i tillegg til andre åpenbare ting som purstagar og kjærleiken):

nytt år i oslo, januar - totusenogti blir mitt første heile år i oslo og mitt første heile år under samme dyne som den vakraste i verda. det tykkjer eg jammensant ein skal feira. eit nytt år i oslo til å leita etter fine og rare plassar og krikar og krokar og dela dei her.

poesidagen, 21.mars - både eg og han der fine og mange i vår vennekrets har ein stor kjærleik for poesi. tenk kor fint å møtast i eit mørkt rom med stearinlys og raudvin og lesa dikt til langt på natt

vaffeldagen, 25.mars - eg har eit vaffeljern, kanskje du har eit vaffeljern. kvifor ikkje feira? brunost på mi, takk

sveriges nasjonaldag, 6.juni - altså, kvifor ikkje? ein har jo eit visst bånd til nabolandet sverige og kvifor ikkje nytta anledningen til å feira eit så vidunderlig land? kanskje ein til og med skulle reist dit?

verdens blodgiverdag, 14.juni - eg tykkjer alle skal dra med seg vennene sine til sjukehuset og sei "tapp meg for blod!" eg har sjølv fjerna piercingane mine den siste tida fordi eg skal bli blodgiver så å gi blod tykkjer eg er noko av det viktigaste ein kan gjera for å bidra til samfunnet. det kostar eit friskt menneske ingenting, men for nokon som treng det er det det viktigaste i verda.

fårikålens dag, 25.september - om ein først skal vera vaksen og bu aleine tykkjer eg ein skal læra seg å laga fårikål. og om ein først lagar fårikål lagar ein til mange(litt som med lsd). så kvifor ikkje ha fest, liksom.

verdens fjernsynsdag, 21.november - best i verda: ein dag tileigna tv-middagar.

no tykkjer eg de skal skriva det ned i kalenderane og invitera til kjempefest jaffal ein gang i månaden. er det andre ting de tykkjer ein skal feira?

ps: i år er morsdagen, valentinsdagen og fastelavn på same dag! kjempefest!


i've found new things to celebrate in the coming year, what about you?

over underflata.






i dag skriver eg tekstar om kjærleik til framande og tar bilder under vatn og bloggar behind the scenes-bilder frå det(eg har tatt analoge bilete under vatn, så eg er superspent på korleis dei blir)! kva gjer de? også er eg så nysjerrig på ein ting. korleis feirar de nyttår? kva et de og kven er de med? og veit de om nyttårstradisjonar frå andre land?


today i'm writing texts about loving strangers and shooting pictures under water!

me køyrer nattbuss.

eg køyrer nattbuss og eg undrar kvar han skal. tenkjer han på nokon som ventar eller ventar han sjølv? veit han at eg ser på? kva høyrer han på? er det stravinsky? eller yann tiersen? han har blondt hår med krøllar berre heilt i tuppane og augene er grønne som brokkoli. som store klinkekuler. han har på seg ei rutete skjorte og syr eit hol i buksa medan han mimar orda til musikken sin.  eg skulle ønska nokon ville laga oss i pappmasjè, låsa oss inne i eit hus der me ikkje kunne reisa ifrå fordi det ville vera det same som å rulla av kanten til heile jorda, å godta døden som eksistens. eg ser på han og lurer på korleis han ville sett ut i senga mi, korleis han luktar utan skjorte på. om han ville bygd fort av tepper og puter med meg og vore våken med meg heile natta for å lesa emily dickinson og snakka om sylvia plath sitt liv. så hugsar eg at han ikkje veit at eg eksisterar, at eg berre fantaserar og at eg må slutta å forelska meg i framande.

tips på ein tysdag.

almost seven days a week

hedvig har typ dei finaste kjolane og det søtaste håret i verda. altså, eg lovar.

sophie takes pictures

ho tar dei nydeligaste fotografia og ein får lyst til å bu i dei. ho oppdaterar sjeldan, men eg ventar alltid.

rosebudcottage

etsy-putikk som har så nydelig fine hårklemmer at ein nesten dør. nokre sukkertøy er allereie på veg til meg i posten.

har de fine tips? etsy-putikkar eller fine bloggar?


three tips on a tuesday!

mitt totusenogni, januar til april

januar

i januar starta eg for alvor løyndom-prosjektet.


og eg kjøpte mange nye kjolar og sløyfer for pengane eg hadde fått til jul og hadde veldig kort hår. (og eg såg ut som eg var glad men når eg ser dette bildet tenkjer eg mest på at det er så trist korleis folk kan sjå ut som dei hadde det bra. eg sakna bestefar og ville vera alle andre plassar enn i norge.)


og eg var fin på vin fleire gongar i veka.

eg og han der fine tok oss ein pause og reise til bergen for å sjå hedda gabler.

og endelig kom lyset tilbake.

februar

i februar hadde me indianarpurstag for å feira christine litt for tidlig. eg reiste heim klokka ti fordi eg hadde magekatarr.

så feira me christinepurstag på faktisk christinepurstag og det var fint med mint-is og ballongar i taket og ny fjernkontroll.

og det var masse snø på sandane.

på skulen satte dei opp cabaret og fredrik var sjølvsagt fabelaktig.

heime spelte me ekstremt masse rummy.

eg og han der fine reiste til oslo for å sova i senga til janne og gå på teater. me såg les miserables og vart litt mindre redde for å bu i oslo.

eg fekk møta pyttelille storm for aller første gang(i min splitter nye odd molly-kjole).

og fotograferte han. så reiste eg og fire fantastiske personar til amsterdam og det føltes sånn:







februar var månaden eg begynte med å skriva tekstar her inne, og eg innsåg at det ikkje var så farlig likevel.


mars

i mars bretta eg masse origami.


eg festa og sussa masse(true story: på denne festen låste eg meg inne på doen og snurra rundt og rundt og rundt i ring(eg gjer det av og til) også sklei eg og slo meg sånn på rumpa at eg for alltid har eit hakk. i rumpa.)

eg reiste heim ei helg og spelte trivial pursuit og mamma laga fruktsalat.

eg var hung up on pushing daisies, som sidan februar. åh, saknar.

eg hadde langt hår og raudprikka kjole(som eg gler meg til å få kroppen min tilbake og til håret veks ut igjen. totusenogni, altså!)

eg sendte pakkar fram og tilbake med ina.

eg reiste til stavanger og fekk møta sunniva for første gong.

eg fekk hemmelig pakke fra finaste ingrid(som framleis er hemmelig).

april


april starta med big bang-konsert som var heilt fantastisk men eg fekk altfor masse gratis øl av fine folk.


me hadde påskeeggjakt i hagen og han der fine var haren.


så vart det påskeferie og det var rolig og herlig.

me var på fest med juletre.




me feira purstagen min og det var den beste purstagen nokon gong.

eg hadde prikkekjole på og eg og han der fine sussa våren inn!

snart kjem meir totusenogni!


this is my first third of this year's events.

pytteliten.


sjå kva eg har fått! pyttesmå vottar, så små at eg ikkje får dei på lillefingrane eingang. berre ein sånn sak. dei skal få bu med nøklane mine. no planlegg eg berlin-turen og eg har han der fine i senga. me et klementiner så lakenet luktar og me blir klissete på fingrane. kva gjer de?


i love my new mini-mini-mittens!

om eg var...


kjelde
  • om eg var ein farge skulle eg vera lilla
  • om eg var eit nummer skulle eg vera fire
  • om eg var eit dyr skulle eg vera ein kanin
  • om eg var ein sang skulle eg vera piano.
  • om eg var eit klesplagg skulle eg vera ei kaketruse
  • om eg var ein sko skulle eg vera flate svarte som ikkje gjorde vondt.
  • om eg var eit vær skulle eg vera regn.
  • om eg var ein kjent person skulle eg vera zooey deschanel.
  • om eg var midt i ein drøm skulle eg vera om å eta skyer.
  • om eg var ei disney-prinsesse skulle eg vera pocahontas.
  • om eg var ein drikk skulle eg vera kald raudvin.
  • om eg var ein type mat skulle eg vera eit bringebær.
  • om eg var ei årstid skulle eg vera haust.
  • om eg var eit fotografi skulle eg vera i mjuk fokus.
  • om eg var ein blome skulle eg vera ein tulipan.
  • om eg var eit instrument skulle eg vera eit triangel.
  • om eg var ein smak skulle eg vera kokos.
  • om eg var ei lukt skulle eg vera miss dior cherie.
  • om eg var ei kjensle skulle eg vera glede.

kva skulle du vera?


"if i were..." please try the google translator.

ou.


foto: sandra juto

i heile natt har eg vore så dårlig at eg fleire gonger har lurt på om eg var på veg til ei anna verd, eit anna univers. det er ukult å vera sjuk og ikkje klara å eta noko som helst, ikkje eingang tørre knekkebrød. kan ikkje de fortella meg noko fint?


i'm very sick and wondering if you won't mind sharing something lovely?

lister.



de veit jo kor glad eg er i å skriva lister. men det er berre typ ein fjerdedel av alle som leser som likar listene mine, så difor er det fint at eira sparka meg i baken til å fiksa kontoen min på listography. her kjem eg til å skriva masse lister og oppdatera etterkvart. har de kontoar der? kva bør eg skriva lister om?

i dag har eg forresten byrja på den nye alfabet-lista mi, sidan alfabet-torsdag kjem tilbake i totusenogti, blir ikkje det fint? johoho, det tykkjer eg.


today i started my new account on listography. you probably won't be able to understand a word seeing as how it's all written in norwegian there.

julaftan-aftan.



ved matbordet. me hadde pinnekjøtt, det vil seie: mariell et typ ein kilo kolrabistappe og drikk raudvin og kanskje litt kjøtt her og der.

søster.

etterpå åt me småkaker, som soppar.

og dessert, som for meg var gelé fordi eg ikkje likar riskrem. mamma les i boka ho fekk av meg, "oppdraget". meir om det seinare.

eg fekk tim walker-boka av han der fine. den er så fin så ein dør nesten. av søster fekk eg billett til kent i mars! ho er det finaste. viser fram andre ting eg fekk seinare okei?

men fekk jaffal óg blome i håret av venninna til mamma.

så var det sporenstreks på veg bort til onkel, der fin-kusine var!

mac-leppestift og twist.

me såg gamle gamle familievideoar fra hytta og fra kusine var ti år yngre, det var hysterisk morsomt. og bestefar var med på filmen, så det var fint og litt vemodig.


øyvind likar engelsk konfekt og pappa ler av at han samanlignar alt oppi pakken med kartet på utsida.

i tilfelle nokon lurte.

søster med rød sløyfe i håret.

fetter nummer to kom innom.


då reiste me heim og eg såg opptak av csi:miami til langt på natt(sjølv om eg ikkje kan fordra horatio).

hadde de fine julekveldar? fekk de noko fint?



this is what the second part of my christmas eve looked like. merry christmas!

sidan sist.





jule-jule-juletre.

borddekorasjonar.

rundstykke til to om natta.

julelunsj med trøtt og blank mariell.

fin fetter

fin kusine.

pakke gåver-kunst.

søster + hund.

og søster som tar berre stygge bilder av meg, som sett her.

GOD JUL(med store bokstavar)!!!

<3


kjelde

eg skulle ønska eg kunne senda ut små hemmelige pakkar i posten til absolutt alle dei som har lest bloggen min det siste året, og fylla dei med beibipusar og polkagrisar og silkebånd og teikningar av gamle damer bak blondegardiner, men eg kan ikkje det. men eg kan senda éi. og det skal eg, til nokon som får meg til å smila. i jula blir eg fylt av ein melankoli som ligg som ei skodde over hjartet, det er merkeleg men sånn er det. så kanskje eg treng litt hjelp til å tenka på at snart er det eit heilt nytt år og tenk for ei fin gåve dét er, da. så skriv nokre ord om korleis totusenogni kjem til å bli, kanskje om kven de håpar å møta eller sekund de lengtar etter eller reiser de skal på, geografisk eller med hjartet. eller tekstmeldingar de håpar å få eller bilete de håpar å ta, ei kjensle. kva som helst. den eg likar best får ein fin rosa pakke i posten på nyåret, med kjærleik frå berlin. ikkje gløym å legga igjen epost-adressene, da. så kårar eg ein fin vinnar tredje juledag, så skriv. sjølv om du tenkjer at du ikkje kan skriva, så skriv.

god jul, finingar. og suss på nasen til kvar og enkelt. de er nydelege, eg håpar de veit det og hugsar det kvar einaste dag, det gjer i alle fall eg.




i just want to wish all my readers a very happy christmas!

julegåve i siste liten-tips!



i år slår eg eit lite slag mot kjøpepresset rundt juletider og har laga eller kjøpt second-hand dei aller fleste gåvene eg gir vekk. dei eg ikkje anar kva eg skal gi til, gir eg lemon curd. det er eit slags sitronpålegg/syltetøy, veldig godt på scones og rundstykke og til alt, egentlig. her er oppskrift:

50g smør
2dl sukker
5ss sitronsaft
2ss rive sitronskal

1 egg
1 eggeplomme

smelt smør, sukker, sitronsaft og sitronskal på lav varme(sitrusfrukter skiller ut ein veldig bitter smak om det kokar, difor er det viktig å gjera det sakte og på lav varme). det skal vera som ein sirup. ta den av varmen og la den kjøla til den er lunken. pisk egga saman og visp det oppi sirupen. sett panna på varme igjen, lav, og la det stå til det tjuknar litt. så kan ein ta det på glas og setta det i kjøleskapet(det stivnar veldig til i kjøleskap, så ikkje ver redde) og vips! deilige heimelaga julegåver som folk blir overglade for. éin porsjon av denne blandingen held til eitt glas på størrelse med eit apetina feta-glas.

unnskyld at eg er så fraverande, det er så masse som skjer rundt omkring her akkurat no, og da blir ein litt tiltakslaus. men om de har fine idear til ting eg kan skriva om eller visa bilder av, tar eg gjerne imot det. julesussar til alle!


this year i'm giving people lemon curd for christmas. email me for recipe!

hide and seek.

dette er videoen for victoria beckham sin sommer 09-kolleksjon, og eg kan nesten ikkje tru at eg har gått glipp av den, den er noko av det søtaste eg har sett.





victoria beckham ss09-collection video. love it!

filmar eg må sjå i desember.

desember er desidert den månaden eg ser mest film, og gjerne ser eg mange for dagen og ser ikkje noko gale i det akkurat, nehehei. her er nokre eg berre må må sjå for at det skal bli skikkelig snø i magen før jul:

alene hjemme

alt startar tidlig i desember med den tredje alene hjemme-filmen. dei to andre ser eg helst sammenhengande nærare jul. eg berre elskar alle filmar der ungane heilt klart slår dei vaksne ned i støvlane, og dei er mine beste julefilmar.

love actually

finaste filmen om kjærleik og om jul fordi den ikkje er klisjé. den er berre fin og søt og morsom heile gjennom, og den handlar om så masse samtidig, så den er fin for alle. og keira knightley altså.

edward scissorhands

johnny depp + tim burton = <3. dette er ein av mine favorittfimar, og eg ser den fleire gongar i løpet av desember.

nanny mcphee

elskar elskar denne filmen. emma thompson er fantastisk, og det er barneskuespelarane i denne filmen óg. om de ikkje har sett den bør de absolutt det!

ekstrasnacks: boondock saints.

boondock saints er ikkje ein julefilm, men det er min favorittfilm over alle andre filmar i heile verden, og eg kan sjå den fleire gongar om dagen når eg har tid. når har eg tid? i jula. den er så lite typisk meg, men eg berre elskar den fullstendig.

kva er dine favorittfilmar å sjå i jula?



these are my favorite movies at christmas time!

hender.

kva om ein hadde bytta ut forskjellige kroppsdelar med hender? kva om øyrene mine var hender så dei kunne holda fast hatten når det var vind, eller på nasen så eg kunne sussa og stryka i ansiktet samtidig. kva om ein hadde hatt hender på knea så det ikkje hadde gjort så vondt å krabba? pyttesmå hender på fingertuppane så eg kunne føla at det pilte tusen små hamsterføtter, definitivt på veg ein plass, når han stryker meg på ryggen klokka fire om natta. på skuldene kunne dei ha holdt boka oppe medan eg las ut i dei pyttesmå timane, heilt utan å bli sliten i armane.  for han som er finast i verda for meg ville det jo vore vidunderleg med eit par hender ekstra, så kunne ein øva pianoteknikk(grusomt kjedelig) og lesa teikneseriar samtidig(veldig gøy). 

kanskje usynlige hender som kunne stryka framande i ansiktet på trikken om dei såg triste ut eller kanskje for å snika løyndommar på papirlappar ned i lommene på menn som ser ut som dei treng det, med rynker som togspor over kinnet og auge som ikkje ser nokon stad, utan kaker i boksane, med berre eitt par sko i gangen.


timar.

akkurat no samlar eg på timar. timar med venner eg ser så sjeldan og ler så hardt med, dei som kjenner meg best og klemmer hardast. timar som kjem til å varma meg kanskje heilt til februar. eg er veldig tilfreds.

kva samlar de på?


om sakn.

når folk snakkar om sakn seier dei at dei har vondt i hjartet, at dei har hjartevondt, at hjartet lengtar. eg elskar hjartet i si fantastiske anatomiske form, men for meg stemmer det ikkje at smerten frå sakn bur i brystkassa. for meg ligg den i håndledda, og eg har brukt lang tid på å finna ut kvifor men no skjønnar eg. eg bøyger håndledda når eg snurrar håret hans i fingrane når me sussar og når det er kaldt brukar eg håndledda som krokar for å dra han heilt inntil, så tett som det ikkje går an. når eg klemmer han hardt hardt bakfra medan han spelar piano. når eg sjølv prøver å spela, når eg snakkar i telefonen med han og han er altfor altfor langt vekk(sjølv om det berre er ein time). 

håndledda bøyger seg. utan han hadde håndledda mine vore heilt beine, eg hadde ikkje kunna kle på meg sjølv eller laga mat eller skifta kanal på tv. for alltid på history channel og for alltid miserabel. difor er det fint å ha den finaste kjærasten i verda, så eg kan stå på hender og kjevla pepperkakedeig og legga eyeliner med tre prikkar. 

nye skattar.





dette er min nye gamle hatt. den tilhøyrte han der fine si bestemor. eg har aldri møtt ho, men føler at eg blir meir og meir kjent med ho ettersom eg overtar meir og meir av kleda hennar. fint, tykkjer eg.

i tillegg har eg fått låna kameraet til bestefaren til han der fine. han brukte det sist i 1983 i israel, men filmen satt seg fast. eg fekk filmen ut og no skal den framkallast. tenk! den har det finaste vindauget.


fint!

har de nye skattar? i dag bakar eg og andre fine søndagsadventsaktivitetar. kva gjer de?


this is my new hat, it used to belong to my boyfriend's grandmother. she passed away before i met him but i feel closer to her by wearing her clothes. i also have a new camera which belongs to his grandfather, inside it was a film from 1983. with pictures on it!

hjartesmil-magasin?

i dag fekk eg mi utgåve av claras jul i posten, og eg er så veldig veldig inspirert og har lyst meir no enn nokon gong til å setta igang noko større enn denne bloggen og kanskje prøva meg på å laga eit lite magasin til våren? med fine oppskrifter og bilder og fine triks og tips og tekstar om kjærleik og fine fotografar og ja? kva seier de? hadde de brukt nokre gullpengar på det om de hadde kunna? det hadde blitt riktig fint, trur eg.


i'm thinking about making my own magazine in the spring, a magazine filled with love, dresses, recipes, photographers and artists i like. what do you think?

suss!

eg ville berre seie takk for dei førtiein små og store lykkekommentarane i går, eg tykkjer de er himla fine og eg tykkjer de berre skal fortsetta å skriva ned fine saker og ting. i dag har eg spørsmål.

ein. kva likar de best med jul?
to. kva håpar de mestmest av alt at skal ligga under treet?
tre. kven feirar de jul med?
fire. kva har de på treet?
fem. kva likar de best som julemat og kaker?
seks. står de opp om morgonen for å sjå jule-tv?
sju. kven har de finast gåver til i år?
åtte. kva er ditt hemmelige juleønske?
ni. kva håpar de for år totusenogti?

treng ikkje svara på alle, da. kom igjen, underhold meg litt. 

fredagar.

ting som gjer ein varm i magen på ein fredag som ikkje er så vanlig:


dette bildet (linka)
å våkna under himmelseng og føla at ein er i afrika og skal ut å jakta når ein nettopp har drømt om isbjørnar.
kakao til frukost.
iphone-nerding under dyna i flukt frå pappa(som eig den).
å dusja og tru det er lenge men egentlig berre fem minutt.
å planlegga hemmelige juleprosjekt.
å høyra lillesøster som kniser på rommet med sin kjæreste.
fine kommentarar om fine ting som skjer på vanlige fredagar.
å reisa på pusøk til bestemor og plutseleg er nesten heile familien der.
å reisa på pusøk på grava til bestefar i dag, eitt år etter han vart lagt i bakken.
å tenka at pusøket hos bestemor var purstagsfeiring for bestefar(som hadde blitt søttini år om han levde i dag.)
å kjøpa nye costume og nye elle.
å kjøpa ny fin vin.
hund som et tortillalefser.
å finna ut at sophie dahl gir ut kokebok!


i alle fall no i førjulstid treng folk å bli mint på at dei egentlig har det heilt fint og at ein kanskje burde stoppa litt opp, berre i eit par sekund, berre så ein sklir litt framover på strikkesokkane, og fundera over alle tinga ein har å vera takknemlig for. eg vil at de skal skriva ned alt som har gjort dykk glade i dag, små sekund med ein framand eller at golvet var litt ekstra kaldt i dag tidlig. eg oppdaterar lista mi utover dagen, så ser me kor mange det blir!

håpar de har virkelig magiske fredagar og at de klemmer litt ekstra på dei de er glade i i desember. for det er kaldt.


i want you all to write down all the tiny and big things that have made you happy today.

mine venner.

eg tykkjer det er så morsomt når folk seier at nokon lignar på nokon andre, då eg var liten pleidde eg å alltid meina at folk ligna så veldig på bilane sine, og det tykkjer eg faktisk litt enda. men eg klarar ikkje heilt å vera objektiv nok til å samanligna mine kjære venner med bilar eller dyr eller kjendisar, så kanskje de vil hjelpa meg litt?

christine
amsterdamamsterdam

fredrik
analogue

(utenom andy warhol, som alle seier)

sonja
sonja

ingvild
another saturday in my new black bow
polkadots and licorice
(dette er forøvrig eit av dei morsommaste bildene eg veit om. suss, ingvild.)

kven lignar dei på?


i'm trying to figure out who/what my friends look like. any ideas?

festfiksar.

av og til tenkjer eg at ein perfekt jobb for meg måtte vera å vera festfiksar. å fiksa alt fra lokale til gaflar ville vore ypperlig for meg. da ville eg favorisert visse tema over andre

favorittord

alle skulle kle seg ut som sitt favorittord, tenk kor fint det hadde vore. mitt favorittord er eufori, så da skulle eg komt dekt fra topp til tå i ballongar.

disney frå tidlig 90-tal

disney fra min barndom, altså. med naturlig disney-soundtrack, kjeks i ulike figurar og festen skulle vore innreda som eit barnerom, berre at alt var i voksenstørrelsar. eg skulle vore minni mus eller ariel-mariell.

barokk

berre fordi eg for ein gangs skyld vil kjenna korleis det er å ha høgt høgt hår og stor stor kjole. eg trur kven som helst kunne sett forbausande nydeleg ut i sånt kostyme.

polkadottar/striper

alle måtte komma i polkadottar og striper og ein fekk mala veggane i prikkar og striper medan festen gjekk, og det skulle vore ballrom.

alice i eventyrland

det seier jo seg sjølv, men kanskje ikkje så fantastisk om absolutt alle vil vera alice? eg ville vore the mad hatter eller ein tekopp.

kva festar har de lyst å gå på?


if i were a party planner, this is what it would look like.

iskrem.

den siste veka har eg hatt ein sånn nervøs-klump i magen som kan ha to årsakar til vanlig: ein. ting som skal skje på skulen eller i prestasjonsretta miljø som eg gruar meg til. to. ebay-auksjonar. så natt til i går satt eg oppe til ti på halv fem for å kjempa med nebb og klør, og jammen vant eg. det er ei førjulsgåve frå han der fine til meg(og litt til han óg). så no er denne herlege saken på veg heim til meg


foto: gabbi räv

no har eg berre litt antydningar til sommarfuglar i magen av å tenka på at denne snart kjem dunkande ned i postkassa og å, som eg gler meg. takk, finaste fine. har de fått eller gitt fine førjulsgåver?



i won this in a heated ebay auction a few nights ago, and i just cannot wait for it to come.

fint den siste veka


at eg endeleg toler litt fløyte og kan eta pistasjis med sjokoladebitar.

at bono har fått seg sko.

finsøster og finbestemor.

han der fine på pusøk og hund som elskar snøballar.

sindre på pepperkakehøgblokkbaking.

dinosaurpepperkakeformer.

lilla strikkesokkar fra bestemor.



nice things this week.

pianokjærleik. (&første video)


(sjå her om de ikkje får opp videoen)

ikkje for å seia kor flink kjæresten min er til å spela piano(for det er tredje gongen han spelar denne sangen for meg og han hadde ikkje notar men berre hukommelsen, & eg har lovd han at han skal få spela noko han likar å spela også kan eg legga det ut om de vil? for han er verkeleg heilt vidunderlig), og ikkje for å seia kor god kvalitet det er på min nye mobil sitt kamera(lyden er litt skeiv, det er ikkje pianoet som er surt), men for at de kan tenka kor fint der er å kunna setta seg ned på golvet i nye varme sokkar og seia "spel den sangen" også seier han "den fine franske med langt navn?" også seier eg "ja. kom igjen, da". også spelar han den og i to minutt er det ikkje så nøye med sju minusgrader eller mislykka pepperkakehus.

ps: for dei som ventar kjem det snart eit gjesteinnlegg fra han, altså. lovar.


my boyfriend playing my favorite song on his piano(important information: no sheet music and he has only played it two times before).

julinetter.



altfor lenge har han vore den stille, observerande typen. ser gjennom vindauge og inn i bilar for å sjå kven som ikkje er der. difor forelska han seg. ho var så veldig levande. altfor ung, sjølvsagt, men det gjorde ingenting på avstand, heilt til han slapp taket over kanten og ned i djupet. kjøpte seg leilighet med utsikt til soverommet, brukte alle pengar på kikkert(med varmesøkande funksjon, ikkje at han treng det). han tapetserte sin lille eittroms med bilete av ho. på veg til skulen med blåmerke på knea og skrikande grøne auge, med brennande bøker i sekken om astronomi og elefantar. med sløyfer i hestehalen og dei største fortennene i klassen. han har utsikt til kjøkenet óg, dei er ein kjærlig liten familie. et middag(favoritt:taco, heilt klart, som alle andre på trinnet) ilag og bakar kjeks på søndagar. han kan óg baka kjeks, tenkjer han. kan ikkje vera så jævlig vanskelig. kanskje ho ser han om han bakar kjeks, om berre ho ser han i to sekund. kanskje.

prikkar.

no som eg har så lang ferie har eg endelig tid til å gjera alle småting som gjer at ein får julestemning. i dag har eg baka søtti rundstykke, laga eit tonn pepperkakedeig til pepperkakelaging i morgon og no er eg i ei peppermyntestang-pause. mellom slaga malar eg prikkar på kvite stearinlys.



dei lagar eg med maling spesiallaga for stearinlys, fra panduro. tips fra ida. har de andre fine pusletips?



i've been very busy with christmas preparations, such as making white candles into polkadot candles.

eit oppgjer med opphavsretten.

som de jo veit, er eg fotograf. ei som tar bilder. desse bildene legg eg ut på internett for å visa kva eg har gjort. av og til er folk respektlause på internett. difor må eg sei at eg ikkje kan forklara med ord den klumpen eg får i magen når eg ser at folk har brukt mine bilder uten tillatelse og uten kreditering på internett. som oftast er det ikkje vanskeligare enn å sei ifra også får eg kanskje ein liten link eller at dei fjernar det, men tanken på at bildene mine sirkulerar rundt på internett uten eigar gjer litt vondt.

eg veit det er mange som bloggar som likar seg på flickr og weheartit, det gjer jo eg óg, og brukar bileta hyppig på bloggane sine. det dei ikkje veit(sjølv om dei egentlig veit det, berre ignorerar det) er at når dei brukar bilete som ikkje tilhøyrer dei uten å kreditera fotograf har dei i teorien begått eit lovbrudd som kan straffast i noreg. "kilde: weheartit/flickr" er ikkje å kreditera fotografen. ein skal linka til kjeldene sine, alltid alltid. og om ein ikkje har kjeldene skal ein skriva det.

opplys om eller link til kjelder. alt anna er berre dårlig gjort.

a picture of you

a picture of you in one of your favorite outfits.
thursday night
finaste kjolen. den har ødelagt glidelås, men eg gler meg til me igjen skal ut i natta med fine folk.

a picture that describes how you'd like to spend every day.
bed jumping
hoppa i senger i ein fin europeisk hovudstad med høgt tak og finaste folka.

a picture of you with someone you love.
2501-163
<3

a picture of you when you were anything but happy.
1612-_MG_5744
desember nullåtte. alt var berre vondt og forferdelig. trine marie kom til sandane for at eg kunne få ligga i fanget ei lita stund.

a picture of you making a goofy face at the camera.
amsterdam
i amsterdam, på sexmuseum.

a picture that makes your heart smile.
a taste of july
ei av dei finaste bildene eg veit om. saknar deg kvar dag.

a picture of a time when everything was changing.
first two days in oslo
august i år. oslo og sambuar og skule og trikk og ja.

a night that you regret.
big bang concert!
eg kan ikkje sei det er mykje eg angrar på, men denne kvelden. too much alcohol. eg svømte under stovebordet og tok med framande heim til eit hus som ikkje var mitt. men konserten var fin, og det er sindre óg.

a picture of a time in your life that's over, and you couldn't be more thankful that it is.
smil
dei siste månadane på vidaregåande. au.

på tide.



ho hoppar over vegen, berre på dei kvite stripene, med ein krøllete hundrelapp i lomma. tenkjer at endelig, endelig, etter tolv år aleine skal ho endelig få vera litt med nokon som veit korleis ho pustar, som på film, som dei vaksne. ho veit ikkje kva dei vaksne gjer, ho er berre tolv små år, og tenkjer at dei voksne sikkert et selskapsblanding i festlige anledningar. juice er fint om ein blir tørst, eller kakao(kokesjokolade) om han får lov til å leika med komfyren. på reklamen kyssa dei etter å ha ete melkedrøm så da kjøper ho det óg. ho tenkjer at ho ikkje veit korleis han luktar heilt nære så det burde ho kanskje finna ut eller kanskje ho først vil vita korleis det føles å dra fingrane gjennom så krøllete hår. ho tenkjer at ho aldri har følt seg sånn, det må vera sånn dei føler seg, dei vaksne, og på film. som med tusen flodhestar marsjerande i magen, på veg mot noko rundt neste sving.

noreg.

no har eg fått nok av vinter-noreg. det er kaldt og mørkt og eg vil ein plass der det er haust heile året. eg kjem til å gå i dvale. eg er heime hos mamma og pappa, så det skulle kanskje funka. berre ligga i fosterstilling eit par veker, dei kom med mat passa på at eg pusta innimellom og vips var det vår. eller kanskje i alle fall snø. eg lengtar mot andre land. i januar reiser eg heldigvis til berlin med klassen min, og eg håpar det føles sånn

3921040784e1bf439a18
med lange frukostar. og kaféopphold.

4014171480e2d5e31c37
og fine bygg å fotografera.

og fine nye kjolar og å gå på utstillingar fem timar kvar einaste dag. og hostellet vårt er innreda som i øst-tyskland under andre verdskrig, så det er ganske koolt kan de skjønna. eg har to spørsmål

ein. lengtar de nokon plass eller har de det fint der de er?
to. har de vore i berlin? eg treng tips til alt de tenkjer at eg tykkjer er fint.


håpar de har fine laurdagar! suss.

translation

i can't wait to get out of this winter prison, norway is dreadful in december. in january i will be going to berlin, any tips?

svar, del fire.

eg lurte på om du kunne forklare den snarvegen som gjer at du kan gå til skulen din på eit kvarter? ikkje at eg trenger å vite kvar du bur altså, men viss du tek utgongspunkt i birkelunden eller olaf ryes plass t.d.?

snarvegen går på ein måte på motsatt side av akerselva enn der ein pleier å gå. eg går over brua litt etter blå og da er eg omtrent ved helios, og derfra ser eg skulen min.

 

kva heiter han fine?

han heiter jostein.

 

jeg har bare et lite spørsmål, jeg. vil du skifte etternavn hvis du noen gang blir gift?

nei, det vil eg ikkje.

 

hvordan er den puta du sover på hver natt? er den myk? stor? hard? eller kanskje du har to? :)

dette kjem nok til å overraske folk, men eg har ikkje pute. han der fine hatar puter, så eg får ligga på armen hans i staden. finare, tykkjer eg.

 

hvilke personer beundrer du?

eg beundrar folk som klarar å skilla seg ut og gå fullt og heilt for noko. folk som ikkje er redde for å prøva.

 

hva gjør deg nysgjerrig?

folk! handlekorger på putikkar og lys i vindauge.

 

biter du negler?

ja, dessverre.

 

kvar er du ifrå?

øvre årdal i sogn og fjordane.

 

går du på skule?

jepp-pepp! eg studerar foto.

 

i kor stor grad bryr du deg om miljøet?

veldig.

 

kva forhold har du til hestar?

for augneblinken ingen. men eg var ei hestejente ein gang, eg óg.

 

har du noko tips til korleis ein kan kan få tilbake motivasjonen til å gjere det bra på skulen?

snakk med eldre menneske utan høgare utdanning og spør dei kor mykje dei skulle ønska dei hadde gått meir på skule. wake-up call for svake sjelar. eg veit at det er så. vanvittig. kjedelig, men ein må berre gjera sitt beste på videregåande, for for dei fleste av oss følger dei resultata med oss resten av livet.

 

kor viktig meinar du at utdanning er?

slik verda utviklar seg no meiner eg at alle som har ambisjonar for seg sjølv bør ha ei eller anna form for utdanning(og da meinar eg ikkje utelukkande skule), det nyttar som regel ikkje å prøva seg aleine, sjølv om dei som faktisk klarar dét er dei som er toppane i samfunnet. samtidig er det så veldig individuelt, så det er vanskelig å sei noko om det, og utdanning kan vera så mangt. nokre sit tiår ved skulebenken og får ingen reell jobbtittel, medan andre er i praksis eit par år og tjener sjukt mykje pengar på praktisk arbeid. for meg personlig er utdanning veldig viktig.

 

har du nokon gong vore redd for at det skulle bli slutt mellom deg og han der fine, eller at han ikkje likte deg så godt lenger?

absolutt! men eg syns det er viktig å vera redd, for når ein er redd blir ikkje hjerna så full av forelska-skyer og ein klarar å setta pris på det ein har.

 

kva legg du merke til når du møter nye mennesker?

utstråling. latter. hender. eg overanalyserar alt kroppspråk óg.

 

hva er kaleidoskop?

kaleidoskop er sånne leiker som er som røyr med speglar inni og i enden er det perler eller konfetti eller noko anna fint som speglar seg i speglane og difor endrar bildet seg om ein vrir og vender på det.

 

er det noko med han der fine som irriterar deg?

åh, masse! prøv å bu med ein musiker, liksom. han brukar månadar på å skriva musikken sin, og i løpet av dei månadane høyrer eg dei same melodiane så sjukt mange gonger at eg held på å eksplodera. og av og til når me held hender så tar han peikefingeren på ein måte inn mot håndflata mi, og det hatar eg. han pirkar på neglene mine. også går han med hanskar, og eg hatar å holda hender med hanskar(så ofte går han med éin også får eg holda den andre).

 

kjøper du klede på kjedebutikkar, hm, cubus osb, eller er det berre vintage?

eg kjøper strømpebukser og undertøy på kjedeputikkar. resten er vintage.

 


heime.

i går kom eg heim, og berre sånn for å vera sikker hadde søster inkludert meg i vekeplanen(ho lagar vekeplanar med dagane i veka og kven som skal gjera kva kvar dag). for fredag, på mi rute, står det "slapp av!". i dag står det "rydd kjøkkenet". da får eg vel gjera det da.


translation
my sister decided i should relax yesterday(after coming home to my parents' house), but today it is time for work: clean the kitchen.

alle hjerter gleder seg.

111254
i går åt eg og han der fine finmiddag for å liksom feira jul. for i dag reiser me heim til sogn og fjordane og kjem ikkje tilbake før til neste år. me fant lerum julebrus! (på meny på grønland torg for dei som lurer)
111253
eg hadde kjøpt fin-fin sjokolade(på rafens).
111255
så kom sara og fekk ein pakke  med sløyfe som var dobbelt så stor. det var purstag/julegåve i eitt.
111256
så. spennande.
111257
det var visst eit dådyr! den har eg laga sjølv.
111259
etter det satte me opp til sara si fotografering. ho tok bilder av meg til ei oppgåve.
111265
sånn vart dei, litt.
111260
sara fekk fiksa håret av han der fine.
111261
janne hadde sonia rykiel-hårband.
111263
og tok bilder.
111264
eg laga hårsløyfer av gåvesløyfer. klokka halv seks sovna me og jammen var det fint.

translation
last night was my last night in the city before going home for christmas. it was spent with lots of wine and people i care about.

current obsessions.

bilde 3 1
flodhestøyrer

bilde 3
peppermyntete

219449343ca53b35f8b
konfetti

4001059623505f7d2f8fo
pyttesmå papirbåtar

kva er dine?

translation
my current obsessions are hippo ears, peppermint tea, confetti and teeny tiny paper boats.

ting eg gjer.

omtrent ein gang i veka knuser eg noko eg ikkje burde knust. berre denne veka har eg knust eine hanken på sukkerskåla mi og litt av hatten til the mad hatter-tekanna.

eg mistar bøker etter eg har lest dei ut, noko som er ekstremt frustrerande sidan eg alltid har så lyst til at alle eg kjenner skal lesa dei. da må dei kjøpa dei sjølv, gitt.

som oftast svir eg minst éin ting når eg lagar mat. middag mandag: lauk.

eg brukar altfor masse tøymykner.

eg gløymer å setta osten inn igjen i kjøleskapet så den blir sveitt og mjuk.

eg kjedar meg stort sett heile tiden, men blir altfor lett stressa om det er for mykje å gjera.

eg hugsar folk sine purstagar men seier som regel aldri gratulerar med dagen. berre sånn fordi.

eg blir altfor lett skuffa over folk og ting om dei ikkje skjer når og sånn eg vil dei skal.

eg ler annleis når eg er sjuk enn frisk og da ler han der fine av meg.

bortevekk.

091250
091251
091252

i dag har eg tatt ut piercingen min. det er rart, men litt fint óg. eg tok den på min sekstenårsdag og den vart som symbolet på min sjølvstendige ungdom. no er det mest eit symbol på den personen eg var då eg var seksten, ein liten prikk i ansiktet. fint, tykkjer eg.


translation
i removed my piercing today, just a dot in the face remains from the escapade on my sixteenth birthday. a little sad but very nice.

svar, del tre.

kva får deg i skikkeleg julestemning?

kanel og kardemomme. love actually. klementiner. baking. lerum julebrus. grønnsåpe. familie. snø. eg har alltid hatt vanskelig for å få julestemning, til og med som lita. men i fjor, det kan ha ein sammenheng med at bestefar døde, så slappa eg berre så av. dei fleste stressar sånn om julestemning som om det skulle vore innkalling til ein fantastisk skule. ?har du fått det enda?? ?høyrt at ho der fikk sin i går?, og det har eg innsett at berre er dumt. for om ein berre lar seg sjølv slappa av litt, så kjem den nok. og viss ikkje, er det berre å setta på ein hjemme alene-maraton så skal du sjå!

 

når var du sist i julestemning?

eg er, merkelig nok, i julestemning no. eg seier merkelig nok fordi eg trudde oslo kom til å vera fæl om jula, at det berre var stress. men eg elskar det. elskar born som spring rundt på karl johan som posebærarar for stressa mødre. og dei få gongane det snør litt fangar eg den med tunga.

 

kva et du på julafta?

pinnekjøtt! vel, egentlig skulle eg ønska eg berre kunne ete kolrabistappe, men pinnekjøtt er heilt greit i tillegg. men egentlig skulle eg ønska kalkun, for det er min favorittfestrett.

 

hvorfor skriver du "p" istedet for "b" i noen ord? som for eksempel putikk og pusøk.

fordi eg har sagt det på den måten sidan eg var liten og da er det fint å skriva det.

 

hva er det fineste noen har gjort for deg?

folk gjer så masse fint for meg heile tiden, så det er vanskelig å sei. i fjor fekk eg eit teatermanus som fredrik hadde skrive til meg og eit akvarium laga av ei skoøskje fra christine, så de skjønnar. vanskeleg.

 

hvor kjøper du de fine kjolene dine?

på uff og trabant her i oslo, etsy og ebay på nett.

 

kjem du til å bli buande i oslo?

eg veit faktisk ikkje enda. me kjem til å bu her i alle fall i eitt år til, så får me sjå etter det. eg lengtar til london og paris, men oslo er ikkje så verst likevel.

 

hvor lenge har du sett på criminal minds?

i alle fall eitt år, for eg hugsar eg såg på det store delar av jula i fjor. eg elskar sånne seriar og seriemordarar og kriminalitet fascinerar meg.

 

pusekatt eller hund?

hund. trur eg.

 

russland eller frankrike?

frankrike(men det var eit vanskelig valg).

 

hva syns du om harry potter?

elskar det. pappa las bøkene til meg på senga, og me hadde tradisjon med å reisa til bergen i desember(dei pleide å gå på kino i desember) og sjå filmane i lag. eg hugsar det mest som ei følelse av ekstase.

 

hvilket stjernetegn har du?

tyren.

 

hvis du bare kunne høre på en sang for resten av ditt liv, hvilken sang hadde du valgt?

yann tiersen - comptine d'un autre été l'après midi

 

liker du sitron?

ja, men ikkje heilt aleine.

 

leser du avisen?

leser aftenposten i helgene, for da får me den på døra, også er eg inne på dagbladet sine nettsider typ ti gangar for dagen.

 

hvilke bøker liker du?

sånne som handlar om kjærleik. eller sjiraffar som helst vil ha biff til middag.

 

har du belgisk vaffeljern?

nei, burde eg det?

 

om du skulle skapt ei ny verd frå botn av, kva var noko av det fyrste du ville skapt?

vel, mi verd skulle vera laga som ein stor makron. så inni den var det ikkje varmt, men makronfyll. så om ein ville ha kunne ein grava også kom ein til slutt til det. og det var ulike smakar for kvart kontinent. så skulle alle menneske fra dei ulike kontinenta ha same farge som fyllet i det kontinentet, og om det var blanding så skulle dei ha grunnfarge fra eitt kontinent og prikkar fra det andre. det ville vore fint, trur eg.

 

har du nokon gong vore med på fotball og spelt det på fritida di (eller ein annan idrett)?

håndball! eg var egentlig ganske flink ei stund óg.

 

hva heter siden du hentet det bildet med hvor mange gnger beatles brukte ordet love i sine tekster?

den heiter learn something every day.

 

har du noengang fått vond kritikk av bloggen? altså at noen har bortimot ledd av den og deg? og om du har det, hvordan har du taklet det?

ja, det har eg. eg taklar negative kommentarar omtrent like dårlig som alle andre. ingen vil vel at folk som ikkje kjenner dei skal kasta ut av seg påstand etter påstand om at eg er sånn eller sånn når dei ikkje har peiling i heile tatt. eg ignorerar dei, som oftast. som regel er det folk som legg igjen kommentarar utan mailadresser og utan bloggadresse, og da ser eg ikkje noko poeng i å svara dei eingang. eg kranglar ikkje med folk uten ansikt, og eg syns det er feigt å berre kasta ut av seg alt dei måtte ønska også gøyma seg bak ikkje-eksisterande ip-adresser. eg har ikkje lyst til å vera eit talerøyr for negativitet, så da er eg ikkje det.

 

hvordan er det å møte blogglesere? er det gøy og fint eller rart og pinlig?

det er som oftast ekstremt hyggelig, spesielt når folk snakkar til deg. det er ofte jenter på trikken som stirrar ein heil del, i alle fall om han der fine er med, og da veit ein liksom berre at dei veit kven ein er. men det er fint. berre fint. men veldig rart samtidig.

 

var det en vanskelig prosess å flytte til oslo? måtte du gå gjennom mye merkverdigheter for å få flytte, i henhold til skole og slikt?

egentlig var det nesten altfor enkelt. eg og han der fine søkte på leilighet rundt november året før me flytta, på studentsamskipnaden i oslo sine nettsider(det får ein om ein går på universitetet), og me fekk leilighet i ein av studentboligane til sio ganske tidlig. eg søkte på skule første juni og fekk svar berre ei veke etterpå om at eg hadde komt inn. pappa hjalp oss å flytta ei helg i august. så eg trur me hadde det veldig enkelt i forhold til mange andre. eg flytta jo ut allereie som seksten, så det var ikkje så skummelt egentlig(utenom at eg hata oslo på det tidspunktet).

 

tar du deg tid til å lese litt ukjente blogger iblant? typ, bare loker litt rundt på nettet og snubler over en søt blogger? eller holder du deg til de kjente (både som i blogg"kjendiser" og som i venner)?

åh, nei! eg er innom alle dei som kommenterar bloggen min og kjenner igjen dei fleste som kommenterar. eg er ofte på reise rundt i blogglandskapet på blogghopping, så eg snublar ganske mykje rundt omkring, det er noko av det morsommaste eg veit om. eg leser ein del av toppbloggane, men mest for å følga med på ting som skjer i bloggverda og ikkje av noko genuin interesse.

 


lydar og tankar.

eg høyrer lydar i bygget, rasling i veggane og ei seng som slår seg ut halv åtte. er det nokon med migrene, som meg, som ikkje orkar utanfor døra etter klokka tre? er det nokon som lagar piknik i senga? det er heilt fint å ikkje lesa bøker når ein har så mykje som skjer i denne bolken av grå sement. fire hundre personar og eg anar ikkje kva nokon av dei heiter. ho over gangen spelar fiolin og snakkar kinesisk, og ein kan alltid lukta maten deira fordi døra alltid er open. ris i dag. skulle ønska nokon kunne invitera meg inn på te, at eg fekk ein ny venn eller to som eg berre kunne stikka innom innimellom. snakka om ting som eg ikkje vanligvis snakkar om, som børsen og været. av og til skulle eg ønska at ein kunne kappa alle leilighetane litt i enden så alle kunne sjå kva som føregjekk inni, som på teater og tv, da skulle eg laga den største skåla med popcorn og berre sjå. lurer på kor mange som har ferdigpizza til middag i dag, kor mange som et ute og kor mange leilighetar som står tomme. i eit anna bygg eg kan sjå herifra har dei samme stjerner i vindauget, nesten alle saman. lurer på om dei veit om det. på ein veranda litt bortanfor er det tusen lys i tusen fargar som blinkar. eg og han der fine fant ut at dei måtte enten ha det forferdelig eller heilt fantastisk. fantastisk vart konklusjonen.

eller kanskje det hadde vore fint å lesa bøker likevel. har de forslag? kva handlar dei i såfall om?

translation
in my building there are four hundred people, and i am desperately curious as to what their lives are like.

tysdagsgleder.

1331441

i dag fekk eg min nye mobil i posten. den er rosa og har stor skjerm. med den vil eg senda fine god morgon-meldingar og filma på fine festar(kanskje til og med visa fram her?), ligga under dyna og snakka i telefonen til langt på natt med han der fine som me pleidde å gjera for mange år sidan. og som bakgrunnsbilde ei kanin.

kva er dine tysdagsgleder?

translation
a new pink phone with a big screen makes me happy on a tuesday.

supersøndagar.

071247
våkna klokka halv to og det var omtrent mørkt ute allerede. men ingen snø. tenkte litt på afrika.
071249
dusja i veldig varmt vatn.
071240
bakte eit brød og litt rundstykke,
071238
og mens den steikte i ovnen putta eg nellikar i alle klementinene.
071239
ca klokka fem var alt klart og eg og han der fine åt frukost/lunsj/middag i senga medan me såg alene hjemme 3. fantastisk film. han laga burgerar med rundstykke og eggerøre inni, fantastisk.
071241
071242
eg kledde på meg og reiste ut, til clas ohlson for å kjøpa litt ting og tang til julegåver eg lagar sjølv.
071243
pyssel pyssel pyssel! berre vent til de får sjå altså.
071244
kveldsmat på senga. kiwi er min nye frukt.
071245
071246
las ut la meg synge deg stllle sanger, som eg har lest på sidan august. endeleg.
071248
og masse masse dreads+kjole-kos. herleg søndag.

hadde de fine søndagar?

translation
my sunday was: baking, making christmas gifts, snuggling, and reading.

gjesteinnlegg ein.

dagen før eksamen, og eg skal skrive gjesteinnlegg. for fyrste gong vera nokon anna enn han som smiler og kysser og står bak kamera når mariell er på biletet. eg kjenner at dette er litt skummelt. 

 

eg vart overvelda av kor mange forslag de hadde til kva eg skulle skrive om. eg vil spesielt framheve «Å ja, slipp han løs! (Men ikke for mye, for bloggen er din og derfor så fin)». eg er så einig, og så fint sagt! ei perfekt daktylsk setning, som eit lite musikalsk dikt. ver ikkje redde, eg skal ikkje bli lengje i kveld. eg har enno att ein god del å lesa til eksamenen min (som er om akkurat nesten ti timar) og det tek til å bli seint. men ut frå det de bad om og kva eg har lyst å skrive om, trur eg vi gjer det slik: eg skriv gjesteinnlegg tre søndagar framover, ikkje nødvendigvis med ein gong men kanskje. fyrst kan eg skrive litt om musikk, så litt om turen min til palestina og palestinarane før eg til slutt skriv litt om livet her og det å bu saman med det skjønnaste, galnaste, merkelegaste, snillaste, sterkaste og vakraste mennesket eg nokon gong har treft.

 

eg skal ikkje gå inn på det her - sidan det kjem i det siste innlegget - men eg trur faktisk ikkje de er klar over kor heldig eg er. som de veit - så er det berre fragment av kvardagen vår som dukkar opp her på bloggen. tusenar av små ting ho gjer, setningar ho seier, bidreg til at eg aldri, aldri kunne førestille meg korleis eit liv utan henne kunne vera. eg kan aldri forklara for dykk akkurat korleis det kjennest for meg - så sterke ord har vi ikkje ein gong på nynorsk - men kan hende kan eg gje dykk eit lite innblikk.

 

alt godt!
jostein  

 

ps: dersom nokon lurer på kva ein daktyl eller ei daktylsk setning er, så er det når stavingane er organisert slik: «tung-lett-lett», slik som «PÅL sine HØner på HAUgane SLEpte». syng, så forstår de.


gløgg.

061235
for heimelaga gløgg til to glade kaniner treng du:
ein liter utblanda god saft, gjerne heimelaga. me brukte solbærsaft og blanda litt sterkare enn det står. tre kanelstenger. ei lita håndfull heil nellik, typ ti. rive ingefær i litt store bitar. tre desiliter sukker, helst brunt. hiv alt i ei panne på sterk varme, men ikkje sterk nok til at det kokar, for det skal ikkje koka. la det småsimre litt i kanskje ein halvtime eller til du syns det smakar gløgg som du vil ha det.
061236
imens kan du eta ein kiwi.
061237
server med nøtter og kjærleik!

har de fine førjulsoppskrifter? mat eller drikke eller kaker eller kva som helst?

translation
this is a traditional norwegian christmas drink. mail me for the recipe!

gjesteblogging.

hei, finingar! eg og han der fine lurte på ein sak: skal han kanskje få skriva eit gjesteinnlegg her i morgon? og kva vil de isåfall at han skal skriva om?

svar, del to.

hvordan musikk hører du på?
eg høyrer på all mulig slags musikk, eg. alt fra tom waits til lykke li til u2 til radiohead. om du har spotify kan du klikka deg inn på spelelistene mine og sjå heilt sjølv.

hvilket fag fikk du best karakter i på ungdomsskolen?
engelsk.

hvis du skulle ha gått vidaregåande om igjen, kva linja ville du ha valgt?
eg trur nok eg ville valgt media og kommunikasjon ein gang til, og berre håpt på ein del utbytting i lærarar.

kva er dine favoritt sko?
camper mary janes. dei er så behagelige og anonyme. likar egentlig ikkje sko.

viss du skulle hatt eit kjæledyr, kva dyr skulle det vore då?
da skulle det ha vore ein liten terrier eller ein pusekatt som var liten for alltid.

kvifor er du og bloggen din så søt?
eg trur det berre har blitt sånn, gitt!

hva er det fineste noen har sakt til deg(det kjæresten din har sagt telles ikke)?
vel, det er vanskeleg å sei, men for kanskje ei veke sidan fekk eg ein kommentar som var så fin at eg nesten hylte, fra ei fin ei som heiter ingrid..  "og så leser jeg høyt for venninnen min som jeg bor med, Eline, for hun har en øyesykdom og klarer ikke lese liten skrift selv. jeg forsøker å lese nynorsk som de gjør på NRK, og så fniser vi hver gang du nevner han fine og sukker tilfreds over hverdagsfilosofien din."

yndlingsfilm?
harold and maude. og boondock saints. og le fabuleux destin d'amélie poulain.

yndlingsfarge?
alt som er pastell + raudt.

har du noen magiske og hemmelige tips for:
- å gjøre bestevennen sin glad?
lag ei speleliste og brenn den ut. sangar som minnar om den gongen de var på roadtrip til ingenstad for å eta piknik uten mat, og den gangen de kledde de ut som kaniner og dansa i mørket. det skulle eg bli glad for. ellers blir eg alltid glad når folk bakar..

- å bli glad selv?
for det første må ein bestemma seg for å vera glad. det er det aller første. så skal ein gjera alle dei tinga som ein elskar sjølv om det er tungt når ein ikkje er glad. eta is til ein sprekk og le sjølv om ein ikkje meinar det, for plutselig gløymer ein seg også er ein glad igjen. det kan ta ein dag eller ein månad, men det kjem til å skje. eller ein kan sjå denne filmen på youtube.

- om hvordan si farvel til katten din fordi den er gammel og syk og snart dør?
snakk med den. fortell den om korleis du følte deg når du fekk den, om morsomme ting de har opplevd saman, for det er jo ikkje sikkert at den hugsar det og eg trur sånt er viktig å ha med seg om det er på det siste. og suss den masse bak øyret.

- kjedelige dager?
eg ser masse på tv. det høyres trist ut, men det er ikkje det. eg har eit romantisert forhold til tv fordi eg lærte meg engelsk ved å sjå på tv når eg var liten, heilt av meg sjølv. så tv er fint. csi på boks eller dexter! ellers vaskar eg om eg kjedar meg, mykje fordi eg blir så innmari frustrert av å kjeda meg.

- god og enkel mat?
okei, er du klar? pasta med tomatsaus. ta to boksar hakka tomater opp i ei panne + ein lauk i tynne halvmånar, kok det opp også på låg varme ei stund, kanskje eit kvarter(kok pasta imens), oppi med ei blokk fetaost(ein får kjøpt det på dei fleste putikkar) som du har hakka og rør. stavmiks det og vips! fantastisk enkel og billig pastasaus.

eller: skrell og skjær poteter i bitar like store som peikefingertuppen din. kok dei(pass på varmen, vil ikkje svi). vekk med vatnet, og mos dei med ei sånn moseting eller berre med gaffel. nedi med litt melk(ikkje masse, det er fælt om det blir for masse for da er det for seint, så forsiktig), masse salt og pepper og mos og smak og mos og smak og rør og mos og smak. når den er perfekt kan du steika noko som du likar til å ha ved sidan av. pølse eller bacon eller kylling eller nesten kva som helst. ellers ligg det jo masse oppskrifter her på bloggen óg.

har du vært i Praha? (og hvis ikke; jeg tror du ville forelsket deg i byen, dra dit!)
nei, det har eg ikkje. men eg vil!

og; hvis du får et snøfnugg på haka, hvem får det deg til å tenke på?
søster. å fanga snøfnugg med munnen og synast at det smakar heilt fantastisk.

kan du fortelle litt om hva du lærer på skolen, og hvilke prosjekter dere har? :)
vel, fram til no har me hatt veldig tekniske oppgåver, så alle skal læra det samme og kunna like mykje. så har me hatt fire store oppgåver: objekt i studio, portrett i studio, portrett i miljø og typologi(google typologi, vanskelig å forklara). to av oppgavene er løyst analogt, der me har framkalt i mørkerom(for det har me lært). så har me veldig ulike lærarar som lærer oss veldig ulike ting. ein teori-lærar, ein reklame/fashion-lærar, ein kunst-lærar, ein grafisk design(photoshop)-lærar, og ein avisbransje/dokumentarfoto-lærar. så det er litt for alle her. og skulen er ikkje delt opp i timar men i dagar, så me har heile dagar med kvar lærar og absolutt ingen bøker. omtrent alt me gjer lærer me praktisk. hiiimla deilig.

eg bare lurer på hvor du kjøpte Romance-boka, og hvor mye den kosta :)
den kjøpte eg på play.com og kosta typ 250 kroner, omtrent halvparten av det den kostar i norge.

hva er i veska di? gjerne i et eget innlegg. jeg vet du har postet et sånt en gang før, men jeg ønsker meg det en gang til.
jo, det kan eg gjera! i veka som kjem, kanskje.

jeg har en julegave til deg! hvor skal jeg sende den?
å, så himla fint! folk er så fine. den kan du senda til:
mariell øyre
farnesvegen 48b
6884 øvre årdal


favoritt butikk i Oslo?
det er mange. uff på jernbanetorget, finn alltid fine kjolar der. søstrene grene. sprell. panduro hobby. frøken dianas salonger. trabant i torggata.

favorittcafè?
pascal!

hvilken smak liker du best på macaroner?
mørk sjokolade og nougat. og mint, men det finst ikkje her i oslo.

fredags-dag-fin

untitled1
i dag venta eg timesvis på skulen for å få semesterkarakteren og det gikk jo fint, så da var eg ein glad kanin. eg pynta meg med finkjole og kjæreste sin acne-cardigan for å sveise meg ut i kalde, glatte oslo.
041230
for eg skulle jo nemlig møta christine! finaste christine som eg saknar alltid alltid. me gjekk til bibliotekbaren på hotel bristol. ho fekk kaffe.
041229
og eg fekk kakao. hotel bristol er kjent for å ha den beste kakaoen i oslo by, berre så de veit.
041231
og den kjem i ei kanne og koppar med gull på.
041232
så glad var eg for at christine hadde tatt med seg ein mørk sjokolademint til meg. min favoritt! for ho hadde jo vore i freialand, som alle barnehagar og folkehøgskular gjer. knis. me gjekk omtrent når pianoet bak meg fekk ein mann som spelte kjempehøgt og me måtte skrika for å snakka om ting som ein ikkje skrik om egentlig. no har eg rydda og vaska og det vart jammen fint og eg skal ha ein vidunderlig fredagskveld, eg og han der fine. og i morgon skal eg sova til sola går ned, nesten.

har de fine fredagar?

translation
it has been a very wonderful friday with dresses and best friends and cocoa and chocolate!

svar, del ein.

hva er du aller mest redd for i hele verden?
eg er redd for menneske og alt dei gjer mot kvarandre. også er eg livredd for bruer fordi eg alltid tenkjer at dei kjem til å kollapsa.

hvorfor lagde du deg en blogg, og hva synes du du får ut av å blogge?
rett og slett fordi eg kjeda meg og da vart det sånn. til veldig stor grad føler eg at bloggen har hjulpe meg å strukturera kvardagen min. det blir fint om tjue år å kunna bla igjennom og hugsa ting så inderlig klart fordi eg har alt i bildeform.


har du alltid skrevet på nynorsk?
jepp-pepp, det har eg! eg har ei dialekt som ligg veldig nære nynorsk, så det har alltid vore det som var mest naturlig for meg.

liker du bokmål?
sjølvsagt! eg likar alle språk.

hvor kjøper du strømpebuksene dine?
nokre er frå hennes og mauritz, nokre fra pierre robert.

hva er den fineste tingen du eier?
kameraet mitt. og globusen. og kaleidoskop-samlinga.

går du alltid i skjørt?
ja! orkar ikkje bukser.

liker du engelsk litteratur?
ja! eg leser meir bøker på engelsk enn på norsk.

hva er favorittboka di?
extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer. den fekk meg til å le og grina om kvarandre, og sånn skal bøker vera.

hvordan er stemmen din? (Jeg har prøvd å tenke meg til det, men det går ikke...)
vel, den er vel som stemmer flest. han der fine seier ?som eit chopin-stykke i himmelen?, men han er nok ikkje heilt objektiv.

hvilke råd har du mot kjærlighetssorg? evt. hva er det beste rådet?
bak! bak masse brød. gi dei bort, men bak masse. kna brødet hardt hardt hardt og drikk te som er så varm at ein brenn seg på tunga. og sjå på bilder som får deg til å hyla.

hva er det fineste man kan gjøre for kjæresten sin?
det kjem jo heilt an på kjæresten sjølvsagt. eg likar å gi bøker og filmar og teaterbillettar og lange brev. men mest av alt blir min gladast om han kjem heim til ein plettfri leilighet med middag på bordet, så får ein heller legga vekk feministårene for ein dag.

hva er det beste rådet du har for å ta best vare på kjærligheten i mellom to mennesker?
sjå filmar og les bøker saman. altså, den samme boka. og lag mat. det treng ikkje vera så voldsomt, berre så veldig viktig å gjera ting ilag, stå på trange kjøken og røra i kvar si gryte, så trangt at ein nesten blir siamesiske tvillingar.

skriv det fineste kjærlighetsordet du vet!
kjærleik, sjølvsagt!

kva er favorittmåltidet ditt? gjerne få oppskrift óg!
ein rett som mamma lagar med biff og sølvløk(sølvløk er nok min favorittgrønnsak) og rømme og paprika. med fløytegratinerte poteter. eg tåler ikkje fløyte, så det er sjeldan eg et det, men når eg gjer det... håhåhå. kanskje eg får mamma til å laga det ein gang i jula, i så fall skal de sannelig få oppskrift!

hvordan møtes du og din fine?
gjennom felles venner og msn! og lange telefonsamtalar heile natta.

hva slags tannkrem bruker du?
colgate. den kvite. snart tomt.

hva spiser du til frokost?
eg er så dårlig på frukost, men om eg får tid likar eg å koka egg og eta dei på rista brød med salt og litt majones. pluss peppermyntete.

liker du tresko?
absolutt, om dei er festa på ein ølåpner så!

skriver du best på ark med eller uten linjer?
utan. for da kan ein teikne vilt!

kan du tegne?
nei, dessverre. eg skulle virkelig ønska eg kunne, men det har alltid mest vore krusedullar.

synes du barn bør gå i barnehage?
ja! men eg syns det bør vera sterkare kontroll på kven som får jobba i barnehagane. litt mykje religiøst mumbo-jumbo og slikt, og det likar ein jo ikkje i barnehagar.

kva er din favoritt hårfarge?
raudt!

kva søker du på når du er på e-bay/nettkjøpesider?
eg søker på vintage full circle dress, vintage (sett inn navn på farge her) dress, vintage pearl embroidered cardigan, kaleidoscope, peter pan collar. for det meste.

hvis du hadde måttet flytte til et annet sted enn oslo, eller hjembygda di. hvor hadde du flytta?
paris!

kan du ikke lage en videoblogg? det er mange som er nysgjerrig på hvordan stemmen din høres ut!
åh, ja, eg veit det, men eg er så inderlig keitete på video. eg kan kanskje laga eit lydspor ein gang. kanskje!

når begynte du å fotografere?
eg trur eg var ni då eg fekk eit pingvinkamera til purstagen av ein onkel. frelst!

jeg vet at jeg spør skikkelig seint, men du skrev for lenge siden at når du var russ hadde du russekjole og ikke bukse. kan du vise et bilde av den?
eg har dessverre ingen bilder av den, det var ein kortvarig glede. eg hata å vera russ så eg slutta med det og holdt meg heller til berre alkohol-delen heile mai. knis. spør ina, ho har bilder av sin russekjole!

når slutta du å gå med bukser til vanlig?
begynte vel på nedtrapping for kanskje to år sidan. også hugsar eg ikkje heilt akkurat når, men på eit tidspunkt så kasta eg berre den siste buksa eg hadde. eg ville ikkje meir, orka ikkje det klaustrofobiske med bukser.

ka syns du e den beste lukten i verden?
fersken. åå, fersken.

ka får deg til å gråte?
alt mulig. hundar uten eigarar, bilete frå palestina, at barack obama vart president, oprah, bøker om kjærleik, han der fine.

har du spilt noe instrument før?
ja, eg har faktisk spilt tverrfløyte ein gang for lenge sidan.

hva kan jeg gi i julegave til kjæresten min? han er perfekt, og fortjener noe kjempefint.
tykkjer du skal gi han ein susserunde. suss kvar einaste millimeter av kroppen hans, det ville eg blitt veldig glad for. ellers er det jo litt vanskelig, for eg veit jo ikkje heilt korleis han er. men billettar til teater eller kino eller ein ekstra fin middag. eg gir heller opplevelsar eller harde pakkar, berre så det er sagt.

hva er ditt første minne?
da lillesøster kom til. ho prompa i bleia og eg var sikker på at ho hadde bæsja meg på låret så da ville eg ikkje ha ho meir.

spørre spørre spørre

3001-219
hei, finingar! i dag er eg ganske redusert fordi eg har blitt tappa for blod på sjukehuset. eg vil uansett berre seie at eg har knist for meg sjølv av dei fine spørsmåla de har stilt meg, og oppfordrar andre som lurer på noko til å spørja no no no, for i morgon seier eg stopp og da blir det lenge til neste gang, gitt! så spør om kva som helst. suss!

på vinteren

på vinteren blir eg som eit lite barn igjen og vil berre krølla meg opp til ein liten ball på kanten av senga, inntulla i eit enormt teppe som ein ikkje veit kvar utgangen er på. om eg krøllar meg godt nok kan eg høyra pappa som blåser støv av eit vinylcover, setter på musikk som knitrar(og da fekk ein nesten ikkje lov til å gå på golvet, neheinei for da hoppa musikken fram og tilbake som gal), og mamma som syng. syng medan ho bakar og medan ho ryddar i kjøleskapet, medan ho prøver å holda søster unna trøbbel(ein gang satt ho fast tunga bakerst i frysaren fordi ho ville ha is og ein gang drakk ho heile penicillinflaska mi så dei måtte henta ho med helikopter og ho fekk spaghetti ut nasen). syng medan ho brettar saman klede og om ein prøver litt ekstra så kan ein lukta ei blanding av vaskekjellar og tøymykner. på vinteren får eg eit akutt behov for knekkebrød med brunost og disney-filmar. så i dag får de ein liten pocahontas-snutt.



og kvar gong eg ser pocahontas no så gret eg. derfor elskar eg disney-filmar. for dei kan få deg til å føla deg som om du er fem år, men når du blir eldre så betyr dei så mykje mykje meir. er du deg sjølv om vinteren eller blir du fem år óg?


translation
in the winter, i want to go back to being five years old. it's too cold to be an adult.

i fanget.

021225
021226
021227
021228
ein. peppermyntesåpe. to. prinsessekrone. tre. sløyfe fra søstrene grene, både til hår og til julegåver. fire. sprettball med små prikkar som bevegar seg.

kva har du i fanget i dag? kanskje ein katt eller ei klementin eller hovudet til nokon som er fin eller popcorn eller buzz-spakar?

translation
in my lap today are these four things: peppermint soap, princess crowns, bows, bouncing ball.

spørsmål?

4056118316d8bcb83be0
bilete

sidan de er så fine skal de få spørja meg om kva som helst. god gamaldags spørsmålsrunde altså. så sett igang og spør! fram til fredag, kanskje.


translation
ask me anything!

desember.

desember kom så altfor fort, og oslo er i eit slags mellomstadie mellom haust og vinter, den verste tiden på året for meg. difor har eg laga ei liste over saker eg skal gjera i desember

3707988694bc0240045f
bilete

prøva å holda ut dei siste dagane på skulen(de veit det ikkje, men eg har slitt forferdelig med migrene dei siste månadane og det går utover skulen og livet generelt. på torsdag reiser eg på sjukehus, woho!)
drikka masse raudvin med fine folk og bli blå på leppene og tunga
pakka inn julegåver med hjartepapir og sløyfebånd
finna fram vintersko og strikkesokkar
læra meg å laga heimelaga gløgg
laga pepperkaker med ein vri som vanleg
eta klementiner til eg blir oransje
kjøpa nye strømpebukser
endeleg reisa med bussen heim til ein plass der det kanskje er snø
ha alene hjemme-maraton med han der fine og søster
baka lussekattar og prøva å laga ein som lignar akkurat på bestefar
synga mahalia jackson si juleplate med pappa, same procedure as last year(har de sett at han kommenterer her inne av og til? han er den finaste pappan eg veit om)
baka peppermyntestenger med mamma og grava dei ned i hagen før søster ser dei
vera masse masse hos bestemor
sussa små barneføtter og vera tantemariell
fotografera masse og kanskje til og med noko som betyr noko
drikka champagne

og sist men ikkje minst høyra masse på den nye julespelelista mi på spotify, versågod og nyt,
santa baby, so hurry down the chimney tonight
kva gjer du i desember?

translation
this is my to do-list for december. a whole lot of wine and a whole lot of love and family and candies and foods and clementines. just like december should be. oh, and a spotify playlist.


milkiemilkieshake

i går følte eg at verda var imot meg berre fordi eg kjeda meg så innmari. det er det verste for meg, å kjeda meg, for da vil eg heller berre sova eller skrika inn i ei pute så høgt eg kan. han der fine prøvde å dempa det ved å kjøpa is og laga milkshake. medan dette foregjekk, lakka eg neglene mine i hjarte.
011219

upload pictures
og kanskje litt sminke på toppen(eg går med kvit eyeliner no fordi det får augene til å sjå større ut, kven skulle trudd.)
011222
mmmmilkshake.
011223
gladmariell.
011224
og mi nye favorittfrukt: pomelo! pomelo pomelo jeg tror jeg elsker deg.

kva likar de best i milkshake? eg har minner fra barndommen om pistasje med sjokoladebitar, men alltid(alltid!) når eg laga det klarte eg å velta bollen så det var milkshake overalt. kanskje eit litt forvridd minne, men det er i alle fall sånn eg hugsar det, at eg tenkte "jaja, eg skal lage pistasjmilkshake, men eg veit at den kjem til å velta."


translation
yesterday was a dreadfully boring day, so my boyfriend tried to fix it with milkshake and pomelo while i painted my nails with pink hearts.