mitt 2010, september & oktober.

september

first of september.
september starta med at me leverte søknad til kulturrådet for magasinet. pengane fekk me aldri, men me fekk i alle fall makronar sendt heilt fra paris fra snille runa.

first of september.
etter me hadde levert søknaden gjekk me på fine engebret i kvadraturen og drakk ganske så dyr kaffe.

a day through my sunglasses.
ein søndag møtte eg silje og fredrik i parken på olaf ryes plass og den dagen tok eg berre bilder gjennom solbrilla mi.

monday afternoon and night.
eg var ein del hundevakt for lille mikla.

girls' night out.
så var eg på vaskefest hos linn med caroline og heidi.

girls' night out.
me kosa masse med biggen.

girls' night out.
så reiste me opp til sigrid som eg nettopp hadde møtt for første gong, ho hadde purstagsfest og me åt chips og høyrte på rar musikk.

girls' night out.
også gjekk me på revolver.

saturday.
eg og han der fine var i operaen.

friday.
oda var i oslo og me gjekk på bugges.

friday.
for å eta club sandwich som eg hadde crush på.

friday.
også var finaste johanne litt hos oss. ho ser ut som snehvit.

saturday.
me var i innflytningsfest hos fredrik og janne og kjetil.

saturday.
eg var full og glad.

saturday.
frøy som er så fin.

saturday.
og jonas og janne i marc jacobs.

saturday.
klokka halv fem fulgte me heidi heim og den kvelden tok han der fine eit langt opptak av heidi på telefonen med caroline som vart til ein firvrel-låt.

frogner saturday.
og eg og han der fine var i frognerparken ein god del.

frogner saturday.
med makronar.

through hasselblad.
og eg tok bilder av julie.



oktober

friday and saturday in october.
og vips var sonja i oslo.

friday and saturday in october.
me kasta blad i frognerparken.

friday and saturday in october.
og eg klipte håret til han der fine. det ser alltid veldig morbid ut.

sunday.
og eg krølla håret.

girls girls girls.
og gjekk på bare jazz for å planlegga magasingreier med julie som aldri vart noko av.

girls girls girls.
me hadde ein nydelig jentekveld med skikkelig god følelse i magen.

first letter.
så møtte eg heidi og caroline på mekken, me åt muffins som heidi hadde laga.

first letter.
og me planla det siste før magasinfrista.

friday night/letter number two.
ein kveld gjekk me på revolver igjen.

friday night/letter number two.
synne og daniel.

friday night/letter number two.
og vips var eg på nachspiel.

friday night/letter number two.
alle sovna på golvet.

friday night/letter number two.
og katten drakk av glaset.

the last few days.
og eg var på parkteateret med mina, me snakka i timesvis.

thursday night.
og eg og han der fine åt middag på villa paradiso med pappan hans.

thursday night.
også på fest på teknisk museum samme kveld.

friday night with a waterpipe.
så kom per elling og elida til oslo og me røykte vannpipe.

friday night with a waterpipe.
han der fine i sin fine gensar.

friday night with a waterpipe.
me gjekk på bar babylon og drakk cuba libre.

birthdayparty
så var me igjen på fest hos synne og joachim.

birthdayparty
pål, synne og constance.

birthdayparty
janne og sara.

birthdayparty
og sigrid.

birthdayparty
me gjekk på revolver, så gjekk me heim til oss og sovna i skjei av fire personar.

wednesday.
så kom søster til oslo og me åt pizza på mekken.

saturday.
eg tok med meg sara på kolonihagen for superlaurdag.

saturday.
me åt alt som var godt.

days.
også fekk eg 5d og tok bilder av mikla og trine marie.

days.
eg triksa med håret til sara ein kveld.

saturday.
og me fekk mummikoppar.

saturday.
og var på katastrofalt dårlig varm sjokolade på hotel bristol. kakaoen var god men servicen var heilt forferdelig.

saturday.
me satt i dei store skinnstolane og snakka om alt som er stort og skummelt. som vanlig. oktober var tydeligvis den store alkoholmånaden, ser eg no. men ganske så fin.





my september and october. a lot of people and a lot of joy.


paris.



no har det seg sånn at eg reiser til paris første februar for å laga magasin nummer tre som sjølvsagt kjem til å handla veldig mykje om byen og folk som bur der. men det kjem óg til å vera ein masse andre ting, og derfor treng eg hjelp og tips fra alle som har: eg vil gjerne ha tips om fotografar, illustratørar, designarar, egentlig alle slags kreative eller vakre menneske som kanskje til og med bur i paris eller frankrike, men det er ikkje nødvendig. berre spy ut alt de har av interessant informasjon, if you please.


akkurat no leitar eg etter leilighet, så om nokon veit om nokon som skal leiga ut eit par månadar fra første februar eller kanskje eit par dagar etterpå så send meg supergjerne ein mail på mariell.oyre(at)gmail.com!




do you know or know of anyone who should be in my third magazine? or an apartment i could live in from the 1st of february?


mitt 2010, august.

festival.
i byrjinga av august var det framleis hundedagar i lærdal.

festival.
og hæjmealeinefest då mange var på fjellet.

last days of summer in the country.
eg var hos bestemor for å sei takk for i sommar.

last days of summer in the country.
også hadde me middag for min familie+svigers hos svigers.

last days of summer in the country.
og pia og oda kom køyrande fra sogndal for å eta mango og bringebær.

a friday off my feet.
vips var me tilbake i oslo med masse frukt og yoghurt naturell.

perfect sunday.
eira var i oslo og me delte ein milkshake på ryes.

perfect sunday.
eg hang masse med fredrik og janne, for fredrik hadde endelig flytta til oslo.

longest day of my life.
så var det den lengste dagen nokon gong som starta med at eg drakk kaffe med marte på chill out.

longest day of my life.
etter ein heil masse shopping og ein heil masse vodka var me dansande på veg ut døra, og sara var med óg.

longest day of my life.
me var på luna park også reiste me på blindern og eg tok dette bildet av fredrik og sara som gjorde at fleire trudde at dei var kjærestar men fredrik likar faktisk gutar.

longest day of my life.
fredrik tok med seg eit tre heim.

longest day of my life.
og eg hadde aldri vore så trøtt i mitt liv.

ofw.
så var det oslo fashion week og julie gjekk for første gong og eg var så stolt at eg holdt på å sprekka.

ofw.
ein kveld etter visning gjekk me på tekehtopa og drakk vin og da spurte jostein han der fine om fredrik ville vera forlovaren hans og fredrik sa ja og me var skikkeligg lade.

i heart ikea.
så reiste eg og han der fine på ikea med janne og fredrik, og me lata som om me budde der som 500 days of summer.

a very nice meeting/kval&actionfilm.
så var eg hos heidi og caroline. me åt kake og snakka masse om magasinet, men det visste de jo ikkje for det var hemmelig.

new hair.
eg var hos balanzera for første gong og var meir fornøgd enn nokon gong med håret mitt.

the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.the last friday in august.
så var eg på fest.

the last friday in august.
og møtte synne for første gong.

the last friday in august.
og tok dette fine bildet av maja.

last days of august.
og hang masse med sara som ikkje hadde begynt på skulen enda.

last days of august.
og heilt til slutt åt me kveldsmat med sunniva.



my 2010 august. it was a kickass summer.


julefint den siste veka og litt meir.

å vera på juleverkstad i oslo og faktisk vera litt trist for at ein må reisa fra byen i jula.

å pakka inn gåver og le høgt når ein ser for seg folk som opnar dei igjen.

å fly heim og sjå bilen til pappa idet det pyttelille flyet landar på haukåsen.

å komma heim til ein hund som er så glad at han spring inn i stova og tar u-sving tilbake igjen kanskje ti gongar.

å få lov til å hjelpa til.

å kjøpa sin eigen julepynt og tenka nokre par år fram i tid til ei jul med han der fine og meg og kanskje ein fin ein i magen.

å bruka hovudlykt då eg saga mitt første juletre, og dra det gjennom snøen og bli skikkelig kald på føttene men vera ufattelig kry.

å pynta juletreet som eg har saga sjølv.

å gi hunden ein innpakka gris som lagar griselyd og sjå på at han opnar den sjølv.

å bli superkald på dei to minutta eg brukar på å gå fra huset til bestemor også hoppa rett i sofaen med ein fin film og fem klementiner.

å kun få ting som ein ønskar seg og treng, og føla at ein har gitt folk ting som dei ønska seg og fortjenar.

å gå rundt juletreet med svigerfamilien. og ta familiebilde.

spelekveld med min første kokkelimonke med familie som ein ikkje ser så ofte.

fløytekarameller x 1000.


enn du?



christmasy things i've done in the past week and some more: wrap gifts, christmas shop, chopping down my first christmas tree and then decorating it, playing boardgames and making fudge.


fortnum & mason.


tenk om det fantes ein matputikk her i lille norge som laga så himla fine forpakningar! fra og med kommande haust bur eg jo i london, og gjett om eg kjem til å ta tuben til fortnum & mason kanskje ein gong i veka for å lukta alle lukter og dra fingrane over dei fantastiske glasa. åh! og veit de kva dei har? hylleblomstsyltetøy. og champagnetrøflar.




i wish there was somewhere in norway i could buy foods with such beautiful packaging. these are from fortnum and mason in the uk.


til: mariell.

my christmas gifts.
under treet i år fekk eg så himla masse fint. av han der fine(blå) og svigerforeldrene mine(rosa) fekk eg desse bøkene, akkurat dei to som eg ønska meg. francesca woodman og sophie calle, to av mine favorittdamer.

my christmas gifts.
take care of yourself av sophie calle handlar om å slå opp, egentlig. kjæresten til sophie(me er på fornavn) slo opp med ho på ein epost samme dag som boka hans vart utgitt(boka som i tillegg var dedikert til ho). så ho sendte mailen til 107 heilt forskjellige kvinner(deriblant ein fugl) som fekk tolka den på heilt sine eigne måtar.

my christmas gifts.
ved til dømes å dela opp orda og sjå kva dei egentlig betyr.

my christmas gifts.
eller til dømes ei lita bok. det som ser ut som ei bok er ei bok. små sider. inni boka. det er typisk sophie calle. det er óg eit par dvd-lommer med filmar oppi. <3

my christmas gifts.
også fekk eg francesca woodman av han der fine, fantastisk amerikansk fotograf som tok livet sitt i 1981, mest kjent for sjølvportretta sine og portretta av kvinner i nedslitte hus.

my christmas gifts.
i tillegg til bilder er det óg ein masse utdrag fra dagboka hennar, og det er nesten det beste. å sjå kor lik eg kan vera nokon som er så brilliant.

my christmas gifts.
av svigermor fekk eg to klippdokker óg! dette er lill-ann. med alpelue og ballkjole.

my christmas gifts.
og tvillingane mia og maja der alle kleda heng saman. fantastisk fint. (svigermor jobbar nemlig på museum og ho får ta inn alle sånne rare fine ting til museumsputikken!)

my christmas gifts.
for pengane eg har fått til jul litt herfra og litt derfra har eg kjøpt litt sminke og fint. rougebørste fra mac, touche eclat fra yves saint laurent, augebrynspenn fra lancome, leppestift fra mac(rebel), & remington pearl wand. i tillegg fekk eg ei toalettveske full av satsuma-snopesåpesaker fra bodyshop. rouge fra mac som eg har ønska meg lenge:

my christmas gifts.
mocha! den er akkurat rosa nok.

my christmas gifts.
også fekk eg fantastiske mummi-greier! av mamma og pappa fekk eg ein mummi-kasserolle! eg sat og nesten skreik "Å-HÅ-HÅ" i tre minutt etterpå. så fekk eg mummikoppar av han der fine og av søster.


my christmas gifts.
vinterkoppen fra i år.

my christmas gifts.
og kjærleikskoppen.  i tillegg fekk eg litt pengar som eg kanskje skal kjøpa meg noko fint for. eg er så sjukt fornøgd med gåvene mine i år! det føles så bra å få bra gåver, for da føler eg at familie og venner kjenner meg skikkelig godt og veit akkurat kva eg treng og vil ha. og det er alltid bra.


kva fekk de som var skikkelig fint?


this is what i got for christmas! art books, moomin stuff, make-up and money. what about you?


mitt 2010, juli.

last day in oslo.
juli var ein veldig lang. den starta den fyrste, på min pappa sin purstag. eg og han der fine tømte alt me hadde av mat i skapa til ein buffetmiddag for to personar.

last day in oslo.
og gjekk på daqota for hadet-øl med hedvig.

hungary.
vips så var me i ungarn, landet med sukkerpopcorn og sure tyske turistar.

hungary.
min pappa.

hungary
eg og pappa og han der fine sykla langt langt på gebrokne syklar og gjekk på museum på eit slott.

balaton sound festival.
så tok eg og han der fine tog i eit halvt døgn for å gå på festival.

balaton sound festival.
me såg chemical brothers og det var heilt sinnsjukt bra og eg dansa som aldri før.

hungary.
så var me tilbake på landsbygda og han der fine spanderte middag på alle som ein takk for at han fekk vera med. me låg mest på hotellrommet og las bøker og skreiv og laga musikk og sussa i to veker, ganske så fint.

budapest/hungary.
eg kjøpte nytt skjørt og ny veske. også vips tok eg og han der fine tog til budapest og eg skreik av lykke då me rulla inn. eg er tross alt ei byjente i hjartet.

budapest/hungary.
me budde på eit nydelig stort billig hotellrom.

budapest/hungary.
og åt på fine restaurantar.

budapest/hungary.
drakk drinkar og forelska oss i southern comfort.

budapest/hungary.
også gjekk me på michelin-restaurant.

budapest/hungary.
og me låg på golvet og sussa.

budapest.
også gjekk me i dyrehagen og fekk klappa på dovendyr.

budapest.
også gjekk me på kaffehus og åt himmelske kaker og lunsj.

budapest.
og var superturistar. og sveitta.

fredrik's birthday.
så var me vips tilbake i noreg og i førde for å feira fredrik sin tjueårsdag. eg hadde kjøpt sjuke mengder lime for å laga cosmopolitans.

førde.
og eg og fredrik tok bilder i regnet. dei vart noko av det viktigaste som har skjedd meg i år.

fredrik's birthday.
nydelige vakre christine var der. me drakk cosmopolitans av mugga.

fredrik's birthday.
og sara var endelig i sogn og fjordane.

fredrik's birthday.
og me tok familiebilder.

fredrik's birthday.
janne var full og fin.

sara and julie in lærdal
og dagen derpå tok me bussen til lærdal og budde i gamlahuset i nokre dagar.

sara and julie in lærdal
og etter sara og julie hadde reist tilbake til oslo åt eg jordbær til frukost og dansa for meg sjølv.

lacebowties and heineken
då eg kom heim til årdal fekk eg denne bryllupsboksen av min beste venn, trine marie, som skal vera forlovaren min.

lacebowties and heineken
me drakk cuba libre på verandaen heile natta lang.

mushrooms.
også var eg i skogen med han der fine...

mushrooms.
og pappa.

mushrooms.
me plukka kantareller.

balder.
også kom det nye hundar i han der fine sin familie. dette er balder.

balder.
han var så sinnsjukt søt som eit lite garnnøste med nase.

balder.
og det var juli. ein av dei beste måndane i 2010 i alle fall.





this was my july: two weeks in rural hungary and then budapest, fredrik's birthday party and having julie and sara in my county for a few days, getting to spend some time with my best friend and then j's family got a new dog(or two, actually).


tre juledøgn.

eg har vore heime i sogn og fjordane i snart ei veke og eg har hatt det så himla bra.

bits and pieces.
eg og mamma har laga kanskje hundreogfemti fløytekarameller som me har pakka inn og gitt bort og dei er sjukt gode. (kan legga ut oppskrifta, om de vil?)

bits and pieces.
før eg reiste fra oslo kjøpte eg juletrepynt fra glasmagasinet. dei er i fine boksar og ser gamle ut. me pyntar alltid treet lille julaftan, og alle må vera med.

bits and pieces.
minste juletreet i huset.

bits and pieces.
denne er óg min, og fra glasmagasinet. han er ein sirkusdirektør trur eg.

bits and pieces.
og to fuglar. ein til meg og ein til han der fine.

bits and pieces.
dette syns eg er den finaste juletrepynten, søster som har laga for ganske lenge sidan. dei held saman rundt treet, som tredemonstrantar eller noko.

bits and pieces.
bono fekk opna gåva si tidlig, han fekk ein ny gris. den som han har hatt har slutta å laga griselydar så han fekk ein ny. pakka den opp sjølv eingang.

bits and pieces.
til julemiddagen hadde me knirketulipanar på bordet.

bits and pieces.
og pynt.

bits and pieces.
her er min julemiddagmamma med ordførartopp.

bits and pieces.
og lille lillesøster.

bits and pieces.
trøttepappa etter all gaveopning.

bits and pieces.
morgonen etter, til julefrukost på første juledag, tok eg med meg min eigen kopp. den fekk eg av søster kvelden før! mummikoppen for vinter 2010.

bits and pieces.
mamma hadde sove ståande på hovudet og såg sånn ut på håret.

bits and pieces.
ganske så fin likevel.

bits and pieces.
så gjekk me i middag hos onkel og tante med ein del familie. me åt pinnekjøtt, og etterpå drakk eg tre espressoshots og vibrerte i kanskje to timar.

bits and pieces.
me fekk lærdalsbringebær til dessert. noko av det beste som finst.

bits and pieces.
eg hadde krøllar og ruby woo på leppene og mitt nye underskjørt på, men det ser de jo ikkje.

bits and pieces.
bestemor med minneboka til onkel jan anders. inni den står det mykje rart.

bits and pieces.
så køyrte me litt bil og kasta litt ball og vips var den kvelden over óg.


eg har hatt den finaste jula i mitt voksne liv, eg gjer stort sett ingenting utanom å jobba med heimesider og html, lesa bøker og sjå filmar med familien, et meg akkurat mett og aldri for mykje.



the last three days in photos: decorating, eating, enjoying the holidays. in a nutshell.


to screenshots fra første juledag.



supertrøtt skypesamtale med han der fine i superfin ny sløyfe.


og redigerar bilder av synne fra botanisk hage. men no skal eg faktisk i familieselskap! og seinare skal de få sjå kva eg fekk, for eg har fått så mykje himla fint!

 

kva gjer de på første juledag?




two screenshots from my christmas day; skyping with my boyfriend, and editing pictures.


kjærleiken i 2010.

mekken.


dette er han der fine. han er kjæresten min, forloveden min, min framtidige ektemann og han eg vil vera med resten av livet. i 2010 har me sussa meir enn noko anna år, klemt meir og sove lenger på morgonane, me har fantasert meir, planlagt meir, ledd meir, grine meir, vore modigare, blitt flinkare og vore så sjukt stolte av kvarandre. me har gått på utefrukostar, holdt hender på kino og gått turar midt på natta. me har sove i graset, vore i utlandet saman fleire gongar og malt litt hus ilag. me har sunge oss gjennom heile soundtracket til moulin rouge medan me laga ein lammekjøttbollemiddag og me har lege på eit teppe i parken heile dagar. i 2010 spurte han om eg ville gifta meg med han og det vil eg sjølvsagt!



this is my boyfriend. in 2010 we've loved more and cried more and kissed more than ever, and he asked me to marry him this year and i said yes!


julekrøllehår.

my christmas hair.
til jul pleier eg å få pengar fra besteforeldrene mine. det syns eg egentlig berre er fint, for da kan eg kjøpa meg akkurat det eg ønskar meg. og sidan krølltanga mi har tatt kvelden, brukte eg pengane fra morfar på å kjøpa gudinna av krølltenger; remington pearl wand.

my christmas hair.
den er faktisk heilt sjukt bra. det er som ein tryllestav som du held også tvinnar ein håret rundt og krøllene held så sjukt lenge! desse bildene er tatt på dag nummer to, altså har eg allereie sove på håret i mange mange timar også er dei framleis sånn fine, og uten kilovis med hårspray.

my christmas hair.
det følger med ein varmehanske og det finst hundrevis av videoar på youtube der ein kan læra seg å laga mange fine frisyrer, eg føler at eg har blitt med i ei hårkult.

my christmas hair.my christmas hair.my christmas hair.
så sånn skal eg altså sjå ut på håret denne jula, og egentlig for evig og alltid for eg føler meg ordentlig fin med krøller. så om de vil kjøpa noko skikkelig bra til dykk sjølve i romjula: remington pearl wand. den er tha shit, true story.




a couple of days ago i spent my christmas money(from my grandfather) on a styling wand, and i am totally in love with it and i want you all to know about it! this is what i'm going to look like this christmas. i <3 curls.


seks ting de kanskje ikkje veit.


foto.


eg er best på sikkerhetskontrollar. eg er alltid flink til å pakka håndbagasje og kle på meg akkurat dei kleda som ikkje pip i kontrollen. eg tar alltid av meg skoa og har aldri på meg smykker og tar sløyfa ut av håret óg.

eg samlar på kaleidoskop, glansbilder som er av ein spesiell type, gamle postkort, mummikoppar, gamle vogue og kyss.

min største draum er å bli skikkelig gammal som eit skrutt med han der fine og fire barn og nokre dyr også bu i ein gammal knirkete villa utanfor paris med kanskje ein butler og store speglar med gullrammer på veggane.

eg har hatt panikkangst sidan eg var i tidlige tenår, og har til dels lært meg å ha angstanfall kor som helst når som helst utan at nokon merkar det, men da har eg sjukt vondt i låra og magen etterpå.

om eg ikkje har det noko bra så bakar eg, for å kna deig er den beste avreageringen som finst for meg. da bakar eg kanskje søtti rundstykker fulle av angst og vondt og vips har eg det bedre.

eg skulle ønska eg hadde ein hund eller ein katt, for eg har det så mykje bedre rundt dyr. eg blir rolig og kan ligga på golvet og kosa i timesvis.




six things you may not know about me. such as: i've been having panic attacks since i was perhaps 13. i want to grow old in a big parisian villa with big mirrors. i bake when i'm not feeling good. i feel better around animals.


mitt 2010, april - juni.

april.

langfredag.
i april hadde han der fine purstag.

langfredag.
me feira på villa paradiso med familien hans og eg knuste ei vinflaske.

<3's birthday party.
også feira me med venner og det var ein av dei finaste festane i år.

twenty-four hours
så drakk eg og julie oss fulle heime hos meg...

twenty-four hours
...og tok toget ut til romerike for å sjå fredrik i verdas mest forelska par.

my birthday in stockholm.
så var det min purstag! me skulle egentlig til london, men den hersens vulkanen ødelagte alt så me tok toget til stockholm istaden. her har eg fått tre kuler is for det får ein faktisk.

my birthday in stockholm.
me var på moderna museet, og eg kjøpte sophie calle-boka.

my birthday in stockholm.
og me var på superfin middag og drakk blomsterøl og åt lam og is med basilikum.

thursday.
så kom me heim til oslo og åt på yaya's for første gong.

easy peasy pasta.
også åt eg ganske mykje pasta med cherrytomater.



mai.

alice in wonderland pop-up.
mai starta med at eg fekk denne pop-up-boka av ein fantastisk fin lesar.

a thursday.
også laga eg innbakte kyllingpølser til aleinemiddag.

cherry blossom day.
eg og janne var i botanisk hage.

friday night.
og drakk oss fulle.

weekend.
så var eg og han der fine i hamar for å sjå melodi grand prix.

a long weekend.
og me reiste heim for familiestevne.

magazine!!!
så kom magasin nummer ein og det var eit spetakkel utan like!

barhopping.
og eg og janne var på barrunde.

barhopping.
me teikna markjordbær.

sunday.
17.mai var eg sjuk og heime og åt gratinert blomkål medan eg såg ut på alle folka i kubaparken og var skikkelig trist.


juni.

first day in the park.
i juni var eg og han der fine skikkelig mykje i parken.

first day in the park.
me åt is.

first day in the park.
og meir is.

first day in the park.
og kosa.

satc2 + cosmopolitans = <3
så gjekk eg og han der fine og janne på sex and the city 2-premieren, og først drakk me cosmopolitans.

satc2 + cosmopolitans = <3
og den kvelden endte sånn.

saturday.
så var eg og han der fine på ein fin dag ute.

saturday.
og eg og janne var på cafe di roma.

bergen/hospital.
så var eg ein del i bergen, for pappa vart operert for kreft. han fekk ballongar på senga av meg og mamma, og me fekk skikkelig prøvd oss som familie. heldigvis er me fantastisk sterke og me klarte oss, og no er han frisk og han er den beste beste pappaen i heile verda. <3

sister(testshots).
eg tok hassebladbilder av finaste søster.

a very long weekend.
også var eg med min beste venn ei natt, til det vart lyst igjen.

a very long weekend.
og eg tok hassebladbilder av vakre bestemor.

oslo summer.
vips var eg tilbake i oslo og i parken med sara og janne. me snakka om den mystiske pakka som hadde komt fram til oss som eg trudde kunne vera ein ring, og dagen etter fridde jo han der fine så eg hadde jo rett.

the day he proposed and how normal it started.
så var det den finaste dagen i mitt liv. ikkje berre fordi eg fekk treffa heidi for første gong.

the day he proposed and how normal it started.
og ikkje caroline heller, og ikkje heller fordi dei hadde på seg matchande klede.

the day he proposed and how normal it started.
men fordi han de fine fridde!!! og eg sa ja. og eg var den lykkeligaste jenta i verda.

weekend.
resten av månaden gjekk me mykje på café.

breakfast out.
åt frukost ute og snakka om kor jævlig fine me er. sånne ting.



my 2010, april through june. both j and i had our birthdays, we went to stockholm and then, in june, we got engaged!!!


lille homo.



dette er fredrik, min bestevenn.

alle kveldane med sex & singelliv på tv'en og chai i koppane, alle fire føter under tepper og alle maurane som såg på oss.

den kvelden hjå sonja då du kasta ein brownie på meg og eg kalte deg for lille homo for første gong.

den gongen du sprang inn på hybelen med ein stor løyndom i lomma og me sat i karmen på vindauget ditt og snakka om kor rart det føltes.

den gongen me drakk oss skikkelig fulle på ein onsdag og sykla på sykkelen min til rema1000 for christine var på jobb, også trilla me appelsiner langs golvet og sang heile vegen heim.

bestemor slem og lille eirin.

då me hoppa i sengene i amsterdam.

då eg flytta ut, og eg gjekk utan å sei hadet og seinare sa du at du aldri hadde forventa at eg skulle sei hadet, for du kjenner meg så godt at du veit at eg ikkje gjer det, og eg gjekk med alt eg eigde i ein gul koffert og grein heile vegen ned bakken.

den kvelden på tekehtopa då janne ikkje tenkte seg om og sa at du skulle vera jostein sin forlovar før han fekk spurt men så spurte han og du vart skikkelig glad og eg óg.

då me krangla og innsåg kor mykje me treng kvarandre og kor dårlig me taklar kvardagen med klumpar i magen med kvarandre sine navn på.

den kvelden me var hos sigrid og du og janne var morsomme og nokon sa "han der er skikkelig morsom" og eg vart skikkelig stolt som om eg var ei lillesøster og du storebror.




this is my best friend fredrik. we've been through a lot together and i love him to death.


mitt 2010, januar - mars.

januar.

berlin!
heilt i starten av januar reiste eg til berlin med klassen min.

berlin!
me tok sjukt mange bilder i fotoboksar. dette er taran.

berlin!
og dette av meg og taran og hedvig heng over pulten min og får meg alltid til å le.

berlin!
me gjekk masse på galleri også drakk me oss masse fulle.

hotel bristol on a saturday
tilbake i oslo kom ingvild til oslo, og eg tok ho med meg på bristol, og fredrik kom og me snakka om sex i dei store skinnstolane og følte oss veslevoksne.

my new friend sebastien
så var eg på sebastien bruno for fyrste gong!

welcome to the mountains
også var me på hytta til familien til han der fine. her er svigermor og lille tiril.



februar.

0202-544
i januar møtte eg elise for fyrste gong og tok bilder av ho i studio. dette bildet elskar eg.

party.
og eira kom til oslo. eg elskar når eira kjem til oslo.

party.
og christine, som eg saknar heilt rundt jordkloden akkurat no.

just another february friday
eg drakk sjukt mykje vin, spesielt banrock station.

just another february friday
helst med janne.



mars.


letters to him.
i mars var han der fine vekk i lenger enn ei veke og eg laga små brev til han på bloggen.

riga day one.
eg reiste til riga.

riga, day two.
med mi fantastiske kusine veronica.

riga, day two.
me åt sjukt mykje trøflar.

riga, day two.
og drakk sjukt mykje billig vin på hotellrommet.

riga, day two.
og sjukt mange drinkar. den siste kvelden vart me plutselig med i eit homofilt bachelor party med irar og skottar og dei ville ha oss med i badstu på hotellet sitt men me sa nei og gjekk heim.

saturday.
så var eg og han der fine på folkemuseet på bygdøy og åt drops fra kremmerhus og kosa.

julie
eg tok bilder av julie på taket.

friday night.
og var ein del med fredrik som var hos meg ei heil helg.

saturdays are long days.
sara og fredrik og glitter.

saturdays are long days.
julie etter ein heil dag med fotografering til mitt første hjartemagasin. omtrent rundt her slutta eg på skulen eg gjekk på fordi eg ikkje orka det meir, det var eit giftig miljø og eg grein på toalettet i pausane.

sunday
eg og fredrik tok bilder i botanisk hage også gjekk me heim og snakka om gutar i senga.

scann.
han der fine kom heim fra ei helg vekk og eg fekk dette finaste smykket.

my new house.
så kjøpte han eit dokkehus til meg, og det var mars.



this is my first fourth of 2010. a lot of lovely people and places. i went to both berlin and riga and i ate a lot of macarons from sebastien bruno.


iih!!!



denne kjolen har eg nettopp kjøpt. herregud som eg gler meg til den kjem i posten, eg skal sjå ut som ein stor iskrem med makron på toppen. og det, mine kjære venner, det gler eg meg til.



i just bought this dress, and i can't wait to look like a big ice cream cone with a cherry on top.


mitt 2010 i tre personar.

i 2010 har eg blitt kjent med så himla mange fine personar. mange nye jentevenner som er så fine at ein berre må presentera dei litt, i alle fall tre her:


sigrid
saturday.
sigrid sendte meg melding på facebook og vips gjekk me for å drikka kakao ilag og vips var ho blitt ein av mine beste venner som eg kan senda melding til om eg er lei meg og det er så himla viktig.


heidi
girls' night out.
heidi er ei kraft i seg sjølv, ein power of nature, som aldri gir opp og som har kjenslene liksom utanpå. eg kjenner ingen andre som er sånn, og det er så forfriskande. ho drikk seg alltid like full som meg eller fullare og det syns eg er fint. og heidi seier aldri nei om ho kan sei ja.


caroline
girls' night out.
caroline er ein av dei mest kreative personane eg veit om, og ho er så satans flink. framover skal me jobba enda meir ilag, og det gler eg meg skikkelig til. om du gir ho ein øl så går ho med hatt heile kvelden óg, berre ein sånn ting. best til å dansa av alle eg nokon gong har sett, alle gutane siklar på dansegolvet og da er det gøy å stå ved sidan av og berre vera sånn "eg kjenner ho der".




i've gotten to know so many great people this year, including these three wonderful girls who inspire me in their own ways.

 


inga sin fest og heidi sitt hår.

i går hadde altså inga purstag. eller i dag, da. men festen var i går.

saturday.
her er inga med blomar fra heidi. me fekk kalkunmiddag med sjukt bra tilbehør.

saturday.
og masse kaker og snop.

saturday.
johan og heidi.

saturday.
heidi var så fin i håret med blå sløyfe.

saturday.
at eg ikkje kunne stoppe å ta bilder av det.

saturday.
over spisebordet hang det ei lysekrone som laga fine skyggar i taket.

saturday.
heidi fekk låne hasselblad.

saturday.
for å ta bilder av mia, som lignar på anna karina.

saturday.
med regnboge på hjartet.

saturday.
sigrid og kjærleiken.

saturday.
superfin gaveopning etter klokka var slått tolv.

saturday.
heidi hadde tressis-veske.

saturday.
purstagsdans.

saturday.
birthday girl.

saturday.
dansefine folk.

saturday.
dansefine heidi.

saturday.
her var eg veldig full og veldig fornøgd.

saturday.
så hoppa me inn i ein taxi som rulla oss heim, og det var slutten på den fantastisk fine kvelden.




my saturday night was awesome.


min fredag.

friday.
min fredag var lasta med: ny blomsterlampe. steen&strøm, å pressa meg sjølv for hardt og aldri bli frisk, sjokolademousse, å vera hundepassar for ein veldig sliten hund, å scanna tolv rullar film, å vera så sliten og sjuk at eg egentlig berre ville sova heile dagen.

i dag er den første dagen som sjuk at eg ikkje har prøvd å pressa meg sjølv meir enn det som faktisk er sunt, og eg har berre slappa av og det har vore sjukt deilig og no har eg endelig ikkje feber lenger! no nyt me dei siste dagane i oslo før me flyr heim på mandag, og det skal bli så himla fantastisk å sjå familien min igjen, for ikkje å snakka om mine herlige svigerforeldre. <3


enn de, da?



yesterday my day looked pretty much like that animation: i bought a new flower lamp, it's amazing and i'll show you later, some christmas shopping and then dog sitting while watching tv and eating chocolate mousse.


om det her med å ha ein litenstor blogg. heilt ærlig.

(i det siste har det vore mykje snakk om sponsing av bloggarar, om produkt, om skattepengar og om etiske problemstillingar når det kjem til blogging generelt. så no er det min tur å skriva om det, ikkje fordi eg har så veldig lyst, men fordi eg er bekymra for at min kredibilitet skal synka i takt med dei andre bloggarane sine glippar.)

eg har ein litenstor blogg. eg ligg på topplistene og har masse lesarar og får fanmail i postkassa. da har det seg sånn at ein ofte får ting óg, for det finst selskap som gjerne vil utnytta den store påverknadskrafta me bloggarar har for å få produkta sine stilt ut for tusenvis av unge jenter som kanskje ikkje tenkjer seg så mykje om før dei kjøper noko når nokon dei stolar på anbefalar eit produkt. det vil ikkje eg vera ein del av, og har fra dag ein tatt stilling til mine unge lesarar og påverknadskrafta eg har. eg får tilbud om produkt og andre ting ofte, om dyre reklamar for casino/gambling-sider på internett, akne-produkt som ikkje funkar, sminke, politisk reklame, alt mulig. som oftast seier eg nei. for det første er eg fullstendig uinteressert i dei tinga sjølv, og for det andre vil eg at bloggen min skal vera ei frisone fra glominerals og restylane. derfor velger eg samarbeidspartnarane mine sjølv.

til dømes balanzera: eg leita lenge etter ein frisør som kunne passa meg, som kanskje tok hensyn til min fullstendige frisørskrekk og som var hyggelig og som svarte på mail. og vips fant eg balanzera som ikkje berre er ein økologisk salong med berre snille produkt, men det er óg ein nynorsksalong! balanzera + hjartesmil = sant, liksom. haha. og derfor tok eg kontakt med ho som eig salongen, trude, og me planla det som har blitt eit skikkelig fint samarbeid som funkar sånn: eg får komma dit, dei fiksar håret mitt, eg får ta med meg shampo og balsam heim(utgiftene for stylingprodukt står eg for sjølv), og om eg har lyst så bloggar eg om produkta. og det gjer eg om eg føler at det er noko som de vil ta nytte av. eg veit at det er mange som har lest om balanzera her på bloggen også gått dit dei óg, og det syns eg er så himla fint fordi eg veit kva de får. eg veit at de blir behandla bra, eg veit at de får god te og frukt og kanskje pepperkaker mens ein ventar og ein kickass hovudbotnsmassasje. og det føles berre bra, for alle partar.

eit anna døme er kipekee, som er ei ganske ny bedrift starta av to jenter som framleis går på skule og driv denne bedrifta på fritida. dei har difor ikkje det sinnsjuke budsjettet som mange andre nettputikkar har, så der er avtalen at dei får ha den lille annonsa i sidemenyen min mot at eg får produkt, som polaroidfilm og te og anna fint som dei har der. fordi det interesserar meg, og fordi eg veit at det interesserar mange av lesarane mine óg. igjen føles det berre bra. for alle partar.

og ja, eg får av og til gratis is fra yogurt heaven fordi dei får himla mykje trafikk på grunn av meg og det gjer meg ingenting fordi isen er fantastisk og tilbudet er bra. og ja, eg får låna klede til fotograferingar på frøken dianas salonger fordi dei får ein del trafikk på grunn av meg dei óg, og det gjer meg ingenting fordi eg faktisk syns det er den beste vintageputikken i heile oslo. og ja, eg får av og til ein gratis makron her og der fra sebastien bruno, ikkje fordi eg bloggar men fordi eg er der så himla mykje(hahaha).

så, med dette superkjedelige innlegget håpar eg at de forstår at eg ikkje er ute etter å lura nokon i ei felle eller selga eit produkt som ikkje funkar eller er bra; for alt eg skriv om her i bloggen er produkt og tjenester som eg brukar og elskar sjølv, og som eg føler at eg kan gå god for fra eit etisk standpunkt. spørsmål om det?





(sånn, da har eg nevnt og linka til alle samarbeidspartnarane mine i eitt innlegg, det blir det PENGAR i kassa av. hahaha. TULLA!!!)



in norway there has recently been a lot of controversy about bloggers who write about products in exchange for money, and this is just to say: i blog about the things i like and sometimes i get perks because of it. it works for me, it works for you, everyone wins.


ønska.


foto.

eg beklagar himla dårlig blogging dei siste dagane, eg har vore heilt ute med høg feber og vondt i heile kroppen, så eg har mest vore i senga og prøvd å sova og spela trivial pursuit på iphone. det einaste eg skal gjera i dag er å gå på postkontoret så de får magasina de har bestilt til jul, også skal eg krypa opp i senga igjen og håpa at dette går over snart.

i mellomtiden syns eg at de skal få ønska innlegg som de vil lesa, for eg likar så godt når de gjer det! det er alltid så fint å få eit lite innblikk i kva de vil lesa meir om og kva de vil vita. så snakkast me snart, suss!



i've been out with the flu for the last couple of days and am finally starting to feel like myself again. in the meantime, i want you to tell me what you want me to write about in the near future, i love it when you do that.


questionnaire.

i dette nummeret av lula er det ein sånn fantastisk questionnaire, som eg no har oversatt til norsk og skal svara på! det blir gøy.

første kjærleik?
ord/bøker.

favorittspråk?
fransk.

favorittfigur/person fra litteraturverda?
lux lisbon.

favorittrom?
soverom med nøkkel i døra.

favorittplass å lesa bøker?
eg forestiller meg at det er i ein sånn krok i eit rom som går utover, liksom som eit vindauge som har blitt pressa ut også har det blitt laga ein benk der.

favorittplass i oslo?
sebastien bruno, frognerparken, trikken.

favorittfarge?
lilla.

favorittmaler/maleri?
pollock og renoir. førstnevnte fordi han er den einaste malar som nokon gong har fått meg til å grine. renoir fordi han alltid har vore der og fordi han lagar så fine jenter.

favoritting å samla på?
kaleidoskop og hausten.

favorittblome?
peonar.

favorittlukt?
pinnekjøtt, den første snøen, regn, kanel.

om du skulle få ein medalje for akkurat no, kva skulle den vera for?
å stå opp sjølv om eg har feber for å gjera viktige ting for eksamensforlovede.

favorittekstur?
makronar.

favorittsmak?
alt som smakar som blomster. eller kvitlauk.

den første tingen du tenkjer på når eg seier "raud"?
varmt.

natt eller dag?
natt.

favorittskurk?
cruella de ville.

grote markt

favorittkunstnar?
sophie calle.

telt eller motell?
motell til ei fotografering, telt til å sova.

favorittinstrument?
piano.

torden eller lyn?
torden.

te eller kaffe?
begge.

vin eller øl?
vin.

sitron eller lime?
lime.

mandag eller fredag?
fredag.

februar eller desember?
desember.

hattar eller skjerf?
hattar.

regn eller sol?
regn eller kveldssol på hausten.

spiderman eller supermann?
supermann.

kattar eller hundar?
hundar.

is eller sorbet?
sorbet.

favorittkarusell?
tekoppar.

kva er initialane til personen du sist kyssa?
JAF

kva karaktertrekk misunnar du ofte hos andre?
ofte ser eg personar som er så "fatta" og som tenkjer gjennom ting også tenkjer eg at wow, det må vera fint men samtidig ikkje.

om du kunne fly, kvar skulle du fly først?
paris. for eg lengtar så himla mykje.

har du nokon gong vunne ein medalje eller pris?
litt flaut, men eg vant årets elev på ungdomsskulen min i tiende klasse.

kva er din hemmelige draum?
å bli rik og berømt. og bu i ein husbåt før eg dør.

'The World of Interiors'

favorittårstid?
haust.

kva er din største kjærleik?
JAF/kunsten

favorittvaluta?
islandske kroner, for dei har så fine myntar.

favorittplanet?
saturn.

favorittgodteri?
alt som smakar mint eller lakris.

favorittnavn som ikkje er ditt eige?
frøya, som mi førstefødte datter skal heita.

favorittskapning fra havet?
sjøhest.

favorittby?
paris.

fly eller bil?
fly.




i answered some of the questions from the big questionnaire in the latest issue of lula. google translate!


tre.



eg har tre boksar igjen med magasin, to som framleis er forsegla og ein som står open, klar til å sendast ut i smartpostkonvoluttar til heile det lange land og forbi. det er til saman 169 magasin igjen. eg har solgt 875 magasin sidan oktober, det føles heilt sjukt og heilt sjukt bra. for å få det før jul må de bestilla det før klokka fire på torsdag, om de ikkje vil bestilla det over internett kan de få kjøpt dei litt overalt, desse plassane, det er komt fire nye plassar på lista:

henrik vibskov, tollbugt. 15, oslo
pryd, mercursenteret, trondheim
e-bo, lærdal
papercut bookshop, krumakargatan 24-26, stockholm

om du vil ha dei sendt ein plass som julegåve, altså om du vil ha det pakka inn og sendt til ei anna adresse enn di eiga tar eg imot manuelle bestillingar på mail fram til torsdag. pengane må vera på kontoen min før magasinet blir sendt, så eg anbefalar at alle som vil bestilla ved å overføra til konto gjer det i dag eller tidlig på dagen imorgon! da sender de mail til hjartesmil@gmail.com.

om du ikkje heilt veit kva magasinet er, kan du sjå her. om du er i tvil om det er verdt det eller ei: det er det. eg prøver å vera ydmyk, men det er faktisk eit heilt fantastisk magasin og eg tør å sei det. eg er sjukt stolt.



just to let you know that i don't have many magazines left, only 169 out of 1044. and order them before thursday if you want to get them before christmas.


amputert laurdag.

amputee saturday.
laurdag vakna eg halv ni for å dusje, etter å ha sove i kanskje tre timar og etter å ha lagt meg med stigande promille. halv ti sat eg i frisørstolen på balanzera for å fiksa etterveksten min.

amputee saturday.
eg vart så fin at eg måtte krølla håret mitt då eg kom heim(det vil sei, etter eg hadde sove fra klokka tolv til klokka halv fem).

amputee saturday.
og måtte le litt av at eg tryna ikkje ein, ikkje to, ikkje tre men fire gongar fra torshov til olaf ryes plass natta før.

amputee saturday.
laurdagssuss. me trikka til frogner for å kjøpa makronar på sebastien bruno. <3 min beste plass i heile oslo. tips: no står dei på steen&strøm, og der skal dei selga sjokolade fram til jul. desverre ingen makronar, for dei har jo ikkje med seg kjøledisken sin, men sjokoladen er beyond fantastisk óg.

amputee saturday.
då me kom heim åt me makronar i sofaen. dette er champagne, den har glitter på toppen og er ein av mine favorittar.

amputee saturday.
så hadde eg og han der fine fredagskveld. for me har egentlig fredagsrituale, me et noko godt, lagar sjokolademousse, ser krimmen på nrk og kosar kosar kosar. så det vart ein fredagslaurdag, om ein får sei. og ein ganske fin ein óg.




my saturday: i went to the hairdressers too early considering i had been kinda drunk just four hours before, i curled my hair and kissed my boyfriend, ate some macarons and then we had our traditional friday ritual: chocolate mousse and silent witness.


i botanisk hage.





i går, søndag, hadde eg leigd eit veksthus i botanisk hage! dei kan ein leiga på timebasis, og det er ganske så dyrt så me var sjukt effektive og flinke. så gøy gøy gøy!!! synne var modell, pål gjorde hår og sminke og julie var assistent. dette er tre lystestbilder eg gjorde, dei faktiske bildene ligg innrulla i elleve filmrullar som eg gler meg så sjukt til å framkalla! kjolen er fra frøken dianas salonger, og nokon burde kjøpa den og gi den ein fin heim.


yesterday i rented a greenhouse in the botanical garden here in oslo and did a photoshoot there with synne, pål and julie. these are just test shots with my digital camera, the real pictures are still waiting to be developed.


adventskalender - frøken dianas salonger

friday night.

okei - litt bak skjema! men no gir eg i alle fall vekk eit gavekort til frøken dianas salonger på 200 kroner. det kan de få bruka i putikken eller spara det til nettputikken deira opnar om nokre veker eller så!


det du treng å gjera for å vinna:

du skal gjera noko fint for nokon andre. det treng ikkje å vera noko stort, det kan vera så lite som helst, men du skal i alle fall gjera noko. så skal du legga igjen ein kommentar på dette innlegget(hugs å fyll ut mail-adressa så eg får ta kontakt, det er ikkje farlig for det er berre eg som ser den). de har fra og med i dag til og med heile tysdag, tidlig på dagen onsdag kårar eg ein vinnar!


translation
a competition for my readers who live in norway.


fredag.

friday night.
fredagen min starta på ordentlig på frøken dianas salonger, der synne prøvde klede til shooten me har hatt i dag(søndag).

friday night.
dei har så sjukt masse fint at det er farlig å gå inn dit(men gå dit likevel, kjøp kjolar og kjøp magasinet!)

friday night.
dei har fått himla mykje nytt og denne plakaten elskar eg.

friday night.
så var eg og han der fine på sinnsjuk julegavehandel, også kom me heim og drakk southern frost. <3

friday night.
og jenny kom! og fekk sjå på magasinet.

friday night.
rett før me skulle reisa videre fekk eg ein idé.

friday night.
til å lage konge- og prinsessekroner. for det var jo tross alt eit purstagsselskap me skulle i.

friday night.
og så fine vart dei! synne og joachim.

friday night.
ida og heidi sitt hår.

friday night.
caroline som var så megafin med hatt.

friday night.
fine maja og fine synne, som såg litt ut som ho fra fucking åmål heile kvelden.

friday night.
<3

friday night.
han der fine hadde ny tskjorte fra weekday.

friday night.
fulledaniel.

friday night.
jättefull men med ny sløyfe.

friday night.
ulrikke og richard kom.

friday night.
pål og daniel.

friday night.
heidi + sløyfe. og deretter fulgte ei lysslyngeorgie:

friday night.
friday night.
friday night.
friday night.
friday night.
friday night.
friday night.
homoerotisk. <3

friday night.
synne+pål er sant.

friday night.
og julesnop i ein pose.

friday night.
og smil.

friday night.
så rulla me heim i seng klokka fem. sjølv om klokka til synne berre var ti på tolv. og det var den fredagskvelden.



my friday night.


søndagssommarfuglar.

first of september.

i dag er det søndag som ikkje blir som alle andre søndagar. for i dag skal eg på fotografering på ein spennande plass med fine personar, og det gler eg meg sånn til at eg er heilt matt og spent. for det har seg jo sånn at eg driv på med søknadar til skular i london akkurat no, og da treng eg masse nye bilder som seier hei, slepp meg inn, eg er kul og flink og lærer fort. så skal eg på fin middag med andre fine folk, også er det drinks at my place i kveld og når denne dagen er omme skal eg kollapsa og da skal eg sova ein halv dag. og kanskje mellom der får eg tid til å eta ein safranbolle fra deli deluca og kanskje blogga litt om min fredagskveld og min laurdagskveld, for dei var nemlig ganske så fine begge to. men meir om det seinare. håpar de får fortryllande fine søndagar, alle som ein. suss!

 


today is sunday, and i'm going out for a lot of adventures and i hope you'll be waiting for me when i come back.


rebel.


heilt sidan eg såg changeling har eg leita etter ein lilla leppestift, og no har eg kjøpt ein. rebel fra mac. den er ganske så fin og ganske så lilla.

[gickr.com]_10b42fc5-2c61-28e4-7dae-1488f94f0bfc

eg likar den svært så godt. no har eg endelig fått stått opp etter å ha vore i koma fra dei siste 24 timane som har vore sinnsjuke. så no skal eg ha fredag og laurdag samtidig!

 


my new lipstick, rebel from mac.


three redheads walk into a bar.

three redheads walk into a bar.
onsdag kveld klokka halv åtte snubla eg inn på villa paradiso. der hadde dei pynta til jul, og eg hadde avtalt middag med to av dei finaste jentene eg veit om.

three redheads walk into a bar.
nemlig sara, som hadde purstag!!!

three redheads walk into a bar.
og janne, som hadde tatt på seg alt blinget sitt for anledningen.

three redheads walk into a bar.
me drakk purstagsprosecco.

three redheads walk into a bar.
og tiramisu til dessert, ein på deling. til middag åt me pizza men den var sjå sjukt god at eg gløymte å ta bilde. eg åt indiavolata, som eg trur er blitt min favoritt.

three redheads walk into a bar.
det er så fint å sjå inn på kjøkenet for dei som lagar mat skrik til kvarandre på italiensk. <3

three redheads walk into a bar.
så gjekk me heim og snakka om pelsbransjen og etikk, skikkelig voksne og over tjue heile gjengen. <3


this was my wednesday night: i invited sara and janne to eat dinner with me at villa paradiso, and since it was sara's birthday we drank prosecco and ate tiramisu for dessert.


5.

1. no har eg faktisk solgt ut alle magasin eg har igjen av det første. tenk det. alt er vekk. ingen fleire til salgs. utenom fem som eg har klart å grava fram. om de aldri fekk kjøpt det og angrar, mail meg på mariell.oyre (at) gmail.com, dei fem første får kjøpa!

2. eg veit ikkje om de er klar over det, men posten som skal fram til jul bør vera sendt innan 16.desember, så om de ikkje har kjøpt magasinet enda(nummer to) og planlegg å gi det vekk til jul(eller om du berre planlegg å kosa deg litt ekstra i jula med mitt fantastiske magasinet mitt) så bør du tenka på å kjøpa det rimelig snart. eg har solgt 14,5 av 18 øskjer, så det er til og med ikkje så lenge til det blir tomt! de har vore superflinke til å kjøpa! om du bur i oslo og ikkje vil kjøpa over nett, kan du kjøpa på balanzera, på frøken dianas salonger og på tronsmo! i bergen kan du kjøpa det på kostym. eg tippar at fra mandag av kan ein óg kjøpa det på pryd på mercursenteret i trondheim! men meir om det seinare.

3. eg har kåra vinnaren av balanzera-konkurransen, og det vart bente som gjorde meg så glad. ho skreiv:

"Ååå, no har eg brukt lang tid på å førebu noko fint for dei to eg deler leilegheit saman med!

I dag kjøpte eg fantastiske og fine førjulsgåver på Designtorget og fekk dei pakka inn perfekt (viss eg skulle gjort det sjølv hadde det vorte katastrofe).

Når eg kom heim, sneik eg meg inn på romma deira og gøymte pakkane under dynene deira, sneik meg ut att og lata som ingenting.

Snart reiser eg ut på fest og har ein stor god klump i magen fordi eg veit at dei kjem til å legge seg i kveld og bli kjempeglade, og eg klarer nesten ikkje å vente (kanskje eg ikkje klarer å vente, men kjem til å ringje heim midt i festen for å skrike: SJÅ I SENGAAA!!!)

Eg ELSKAR å gjere slike ting, for det gjer ikkje berre andre glade, men det er noko som gjer meg glad òg (og det treng eg i slike eksamenstider).

<3"

(eg veit at det var mange som heller ville at ein anna kommentar skulle vinna, men eg kan desverre ikkje gi gavekortet til nokon som ikkje følger reglane. om spørsmålet var "kven ville du gitt gavekortet til og kvifor?" og det handla om kven i livet sitt som fortjente det mest er eg sikker på at det var mange fleire som óg hadde skrive om vonde og såre ting. håpar de forstår det. gratulerar, bente!)

4. eg er ein matbloggnerd og ein do it yourself-bloggnerd. og no har eg forelska meg i marthastewart.com! til dømes denne oppskrifta skal eg sjølvsagt lage i jula!


5. den finaste musikkvideoen i heile jævla verda.

 


just some random things today: i only have five copies left of magazine #1 now, so if you want a copy be sure to mail me very quickly at mariell.oyre(at)gmail.com! i've fallen in love with marthastewart.com, and the music video for florence and the machine's cosmic love.


girl of my dreams.

lula - the girl of my dreams.
i går dumpa dette ned i postkassa mi! åh herregud. eg hadde gløymt at eg hadde kjøpt abonnement, så eg fekk det heilt utan å tenka på det eingong. lula nummer elleve. i tilfelle de lurer er lula det beste magasinet som finst. på framsida er det nydelige charlotte gainsbourg.

lula - the girl of my dreams.
dei er så mykje modigare denne gongen, med fontar og fargar og layout, men det er framleis lula. fantastiske lula, mitt favorittmagasin.

lula - the girl of my dreams.
ellen von unwerth.

lula - the girl of my dreams.
natalie portman i black swan. <3

lula - the girl of my dreams.
fantastiske editorials, mykje fra rodarte.

lula - the girl of my dreams.
bakerst er det ei klippdokke! herregud.

lula - the girl of my dreams.
elle fanning.

lula - the girl of my dreams.
og min favoritt(eg har ikkje lest det enda, tør ikkje for da er det over), ei sak om sophie calle skrive av miranda july!!! <3

lula - the girl of my dreams.
eit lite intervju med fantastiske cindy sherman, ser de kva som står? "favorite language? sign."

 

åh!!! <3 <3 <3

 

 

før de spør: eg anar ikkje kvar det går an å få kjøpt det i putikkar og sånt, eg trur eg har kjøpt mitt på magazinecafe.

 

 


yesterday i got the new lula in my mailbox, and i'm friggin in love. it's so amazing. to name a few names: sofia coppola, elle fanning, cindy sherman, jason schwartzman, miranda july, sophie calle, ellen von unwerth & charlotte gainsbourg.


heartbeats.

heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.heartbeats.

heartbeats er den beste filmen eg har sett i år. og no er det desember, tenk det. regissør xavier dolan(som óg spelar ei av hovudrollene) er berre eitt år eldre enn meg, tenk det! han er fantastisk og eg har ein liten crush på han for tida. filmen er óg fantastisk, og heldigvis går den på kino no! den handlar om to bestevenner, francis og marie, som begge blir forelska i samme gut, nicolas, og alt dramaet det fører med seg. garderobane og musikken er heilt sjuke, og fotografiet óg. det er ein smart film. også snakkar dei fransk så ein må ha igjen augene og forestilla seg at ein er på kino i eit gammalt teater i paris. så hopp til kino eller last den ned, håpar de elskar den.



i've just seen the film heartbeats(for the third time already) and it is such a magnificent movie, by xavier dolan, 21 years old from montreal and my new crush. <3


tysdag.

tuesday.
i går våkna eg til denne pakken i adventskalendaren min. min mamma har jo laga kalender til meg i år, og eg får så mange himla fine søte ting. som prinsessemuffins. så hoppa eg ut og til frøken dianas salonger, med nye magasin. dei hadde allerede solgt ut, og det er så fint å tenka på at de går der inne på den finaste putikken i heile oslo og får holda magasinet i hendene for fyrste gong. no har dei fått mange nye, og dessutan har dei fått inn så masse nytt og fint no, fra amerika og københavn! fint og bra.

tuesday.
så gjekk eg til liebling, den nye kaféen på grünerløkka. den er som ein berlinkafé som er ein putikk og kafé samtidig, med masse rare fine greier. som tog-pepperkakeformer med vogner bak seg.

tuesday.
og morsomme julekort.

tuesday.
og desse som var så morsomme, og som har godteri oppi seg.

tuesday.
og kaleidoskop og fine fyrstikker.

tuesday.
og sjølvsagt masse fine diana-kamera.

tuesday.
eg fekk med meg eitt heim i ein pose, som eg skal senda til grethe som vann konkurransen min! ps: diana-kamera kostar 430 kroner der.

tuesday.
så hoppa eg opp på alexander kiellands plass til ein liten hund og ein forlovede, og svinga meg litt i min nye kjole fra frøken dianas salonger. den er ferskenfarga og med masse små blomar på, med flaggermuserme.

tuesday.
den skal eg kanskje ha på meg i kveld.

tuesday.
og til jul.

tuesday.
finaste mikla som har blitt så himla stor.

tuesday.
<3

tuesday.
så gjekk eg og han der fine heim for å laga den kjappaste middagen nokon gong, falafel + couscous + ein liten salat.

tuesday.
plutselig var eg hos fredrik(etter å ha tryna på vegen bort og fått planta eit stort blåmerke på rumpa) for å ta litt bilder av han, men dei får me jo ikkje sjå før om ei stund for no ligg dei innrulla i filmrullar.

tuesday.
me åt pepperkaker og snakka om gutar. også såg eg og han der fine ein film.




yesterday i went for some shopping, then to play with j's sister's dog mikla. for dinner we had falafels and couscous, and then i went to take some pictures of fredrik, eat gingerbread cookies and talk about boys.


bakgrunn.

hei, alle saman! eg er jo alltid så nysjerrig på kva de har som skrivebordsbakgrunnar, så her kjem ei lita oppsummering av ulike skrivebordsbakgrunnar eg har hatt dei siste månadane:

background.
eg elskar dette bildet for eg ønskar meg så himla mykje å ha eit tre gjennom golvet i huset mitt.

background.
her er ein collage eg laga til bergens tidende i sommar, saman med ein tekst eg skreiv om å ikkje vera ein sommarperson.

background.
bilder av fredrik og christine som eg tok i sommar, og som gjorde at eg endelig fekk trua på meg sjølv tilbake.

background.
margot fra royal tenembaums, som var min store helt i ein periode.

background.
matthew grey gubler. <3

background.
og denne har eg no: eit bilde eg tok av sigrid, som er mitt favorittbilde eg nokon gong har tatt av alle bilder nokon gong. det føles fint og bra å ha den som bakgrunn for da blir eg så ekstra gira.



these are some of my desktop backgrounds from the last months.


om det her med paris.

eg har ca tusen ubesvarte spørsmål om paris i mitt eige hovud. også er det kanskje hundre til som de har og eg tenkte eg berre skulle skriva litt om kvifor eg reiser.

wedding dress and shoes

i vår ein gong berre slo det meg hardt i ansiktet at eg egentlig aldri har vore aleine, og eg tok meg sjølv i å vera litt misunnelig på desse folka rundt meg som gjer ting på eiga hand heile tida. dei har kanskje ein bestevenn eller ein pappa på hurtigtast, men ingen har det som eg har; ein person som har stått ved mi side dei siste seks åra utan å vika. som eg har opplevd nesten alt med, sakna ihjel og elska så lenge. og eg vil vita at eg kan vera ein sånn person som kan vera aleine ein plass eg ikkje kjenner nokon, som klarar å handle egg til berre meg og som klarar å sovna aleine. neste haust flyttar eg og han der fine til london for å gå på skule, og eg tenkte at om eg skal gjera det så må eg gjera det no. så da bestemte eg meg for at eg berre skulle gjera det. og paris vart det perfekte valget, for det er sålangt min favorittby i heile verda.




første februar flyr eg over. eg har ingen planar så langt, sett vekk fra at det mest mest mest sannsynlig skal skapast eit heilt magasin #3 der borte, at det kjem ein heil masse folk for å sei hei og for å hjelpa til med magasinet, og at eg kjem til å vera ein heil del aleine. eg skal bli kjent med nye folk, eg skal bli bedre kjent med meg sjølv, eg skal fiksa og triksa og sova aleine og eg gler meg skikkelig. eg har ingen plass å bu, eg skal ikkje gå på skule, eg kan ikkje fransk, eg kjenner ingen. eg startar på scratch og ser kor det fører meg, for det kan ein faktisk gjera når ein har ein forlovede som seier at eg berre skal hoppa i det og fanga så mange klinkekuler eg kan på vegen. paris er ein trist og kald by om ein er aleine, og eg blir berre så lenge eg har lyst eller til pengane tar slutt(det einaste eg har er fire og ein halv boks med magasin, om eg får solgt dei ut har eg kanskje råd til to månadar). om de lurer på noko meir kan de spørra i kommentarfeltet også svarar eg eit eige innlegg denne veka. suss.

 


just clearing up some things about my move to paris in february: i don't have anywhere to live, i don't know anyone, i don't speak french, i don't plan on going to school there. that's about it. if you have any more questions; feel free to ask.


adventskalender: gir bort gavekort på balanzera.

new hair.

så: tilbake til adventskalenderen min. i dag gir eg bort eit gavekort på ein hårklipp med vask og styling på min fantastiske frisørsalong balanzera! balanzera er ein økologisk salong som kun brukar organiske produkt. det luktar fantastisk i salongen (istadenfor den ekle tunge kjensla i nasen og i hovudet når ein kjem inn i mange vanlige frisørsalongar) og ein får hovudmassasje og te og frukt servert på fine fat. top notch altså.

det du treng å gjera for å vinna:
du skal gjera noko fint for nokon andre. det treng ikkje å vera noko stort, det kan vera så lite som helst, men du skal i alle fall gjera noko. så skal du legga igjen ein kommentar på dette innlegget(hugs å fyll ut mail-adressa så eg får ta kontakt, det er ikkje farlig for det er berre eg som ser den). de har fra og med i dag til og med heile tysdag, tidlig på dagen onsdag kårar eg ein vinnar!


translation
a competition for my readers who live in norway.


til jul.

her kjem nokre tips til sånt ein kan gi bort til jul. eg vil anbefala alle å tenka seg om før dei gir etter for det massive kjøpepresset i jula, og heller prøver å laga ting eller kjøpa ting second hand. det høyres kanskje rart ut, og for mange høyres det ekkelt ut óg, men om ein finn det perfekte second hand er det ofte kanskje tre gongar så perfekt som om ein finn det nytt, i alle fall tykkjer eg det.

ting som ein kan laga:


DSC05458
det fantastiske kakefatet
dette er eit tips eg har sett så himla mange gongar. ein tar fat i ulike storleikar og noko til å setta mellom, det kan vera lysestakar eller koppar eller noko anna fint ein finn, så limer ein dei saman med hobbylim og vips! ei perfekt gåve som kanskje kostar tjue kroner som folk blir himla glad for. eg skal lage i alle fall eitt sånt fat før jul. superduperenkelt. linkar med inspirasjon og oppskrifter: 1 2 3 4 5 6



m_personligalmanacka20_112628637_112744244
personlig almanakk
i år blir det tredje året eg kjøper ein sånn almanakk til min mamma. dei er så himla bra, for ein kan gjera dei så personlige ein berre vil. ein kan legga inn fødselsdatoar(altså, så dei kjem på trykk før du får boka) og bestemma sjølv kva ein vil ha med(om ein vil ha ruter eller linjer eller om ein vil ha bilder eller om ein vil ha sudoku bakerst) også står det søte påminningar inni, om det er farsdag søndag så står det påminning i veka så ein skal hugsa å fiksa gave. himla fint. om ein vil ha den til jul bør ein bestille no.



baka
folk blir himla glade for å få heimelaga bakst til jul. så kan de til dømes ha det i cellofanposar eller ein fin metallboks de finn på ein second hand-putikk! oppskrifter: 1 2 3 4


ting som ein kan kjøpa:
ruby woo fra mac, den mest fantastiske raude leppestiften nokon gong.

rar julepynt (om du bur i oslo og har samme smak som meg: gå innom glasmagasinet, i første etasje, eg dør av alt det fine dei har der)

alle filmar og bøker eg har anbefalt.

noko fra julegavetipsa til kipekee.

mitt siste skikkelige bra tips: designtorget. der finst det så masse rart og fint og bra som alle som helst blir glade for.

dette innlegget er ikkje sponsa eller betalt av nokon som helst, alt som står her er mine personlige ulønna tips/meiningar. bileta er linka.


translation
these are some of my tips for christmas presents! i love it when people make things or give away something personal. google translator!

 

 


sigrid.

forrige søndag var eg i eit stort fint hus i ullevål hageby for å ta bilder av sigrid. her er fire av dei me tok inne(dei fleste tok me ute, lettkledd og iskaldt, men det får bli ein annan dag), og det er nokon av dei finaste bildene eg har tatt nokon gang, ifølge meg sjølv. håpar de likar dei.

sigrid.


sigrid.


sigrid.


sigrid.




kamera: hasselblad 500c/m
film: ilford delta pro 400
fotolab: labdoka
scanner: canoscan 8800f


these are some of the photograhs i took of sigrid last sunday. i hope you like them.


to ting.



ein. dei siste vekene har eg hatt så himla heimlengsel at eg har søkt opp gata til mamma og pappa med google street view med tårer i augene, så i dag tok eg bussen heim og no sit eg i stova og et klementiner. himla fint.

 

to. vinnaren av personlig almanacka-konkurransen:
"Åh! De er så himla fine. Jeg skulle ha gitt den til min mamma som ikke får lov til å jobbe lengre, noe som er veldig vondt for henne, siden hun går på veggen når hun er hjemme. I boken skulle jeg ha skrevet små "oppdrag" og/eller fine ord til henne som kan overraske henne noen dager, sånn så jeg kan være til hjelp i hverdagen hennes, selv om jeg er veldig langt unna. Åh, det hadde blitt en av julens fineste gaver!" karoline, send meg ein mail til mariell.oyre(at)gmail.com

 





two things: i've been missing my family so much lately, so today i took the bus home and now i'm in my parents' living room eating clementines and watching tv. and the winner of my competition a couple of days ago; karoline who wanted to give one to her mother.


min første desember.

my first of december.
i går var det første desember, og utanfor mi lille bobleverd såg det sånn ut. det er så fint med desembersol, så ein må suga til seg det lille ein får.

my first of december.
eg pakka inn ein del gåver, sidan eg og han der fine har vore så sjukt flinke til å vera tidlig ute i år, så me har fått gjort ferdig kanskje halvparten. eg elskar å pakka inn gåver! det er noko så veldig terapeutisk ved det.

my first of december.
i postkassa låg det ein hentelapp, og på posten gav dei meg ein stor boks og oppi den boksen var ein adventskalender fra min mamma! åh, ho er så himla fin.

my first of december.
første desember: flaxloddkalender. har ikkje vunne noko enda, men har håp i hjartet. eg og søster får annakvar dag, ganske så fint og lurt.

my first of december.
så tok eg med meg klementiner og pakka inn ein boks med pukka-te i det finaste gavepapiret eg veit om(fra designtorget), og gjekk over haugen til fredrik og janne som hadde invitert på middag(eller eg hadde vel egentlig invitert meg sjølv).

my first of december.
dei har det alltid så fint og rart.

my first of december.
og eg fraus så eg måtte ligga på sofaen under dyna men det er fint det óg.

my first of december.
plutselig kom det mat på bordet, pasta med tomatsaus og ruccola.

my first of december.
og plutselig var janne ein båtsmann og han der fine kom óg.

my first of december.my first of december.
så begynte fredrik med å flette håret mitt og utfallet vart litt sådär.

my first of december.
eg fekk låna skikkelig fine sokkar av janne og ønskar meg eit sånt par av dei som klarar å strikka. og det var omtrent min første desember, himla fin dag. i dag har eg gjort så masse rart at hovudet mitt snart eksploderar og eg gler meg til å berre kose kose kose med han der fine når han kjem heim snart. <3

 

hadde de fine første desemberar? fortell fortell fortell!




yesterday was the first of december, and i spent it wrapping presents and then i went to eat dinner with janne and fredrik and jostein was there too. pasta with tomato sauce and arugula. and today's been a crazy day.


team ingvild & mariell hjartesmil.


kjelde

i dag vart eg intervjua på radio for første gong. eg hatar å snakke i telefonen og eg får sveitte håndflater berre av tenka på radiointervju. men så har det seg altså sånn, at ein av mine beste venninner i heile verda, ingvild, saman med ei anna ingvild(derav team ingvild), spurte meg om ho fekk lov til å intervjue meg på studentradioen i bergen. og eg sa ja. og dei var så himla fine og søte at eg nesten ikkje følte for å synka ned i jorda i heile tatt. og no kan de høyra meg snakka og le(stotrande, men dog) om magasinet og blogging og frieriet her. dei har óg ei facebook-page som de gjerne kan få lika her. da blir eg skikkelig glad. team ingvild rocks my socks. eller strømpebukser, da.




today i did my first radio interview(i really hate talking about myself, especially on the phone) but fortunately one of my best friends ingvild interviewed me, and i almost didn't feel like dropping dead at all.


telthusbakken/bjerregaardsgt.

canon eos 500canon eos 500canon eos 500canon eos 500

eg har endelig fått framkalt litt rar film fra ulike kamera. desse er fra ein laurdag i haust, me var hos heidi & caroline og på veg heim såg me ei dame med den finaste paraplyen eg har sett nokon gong. det var ein fin laurdag.

kamera: canon eos 500
film: kodak nc 400
scanner: canoscan 8800f
fotolab: labdoka



i just recently developed some random films from some months back. these pictures are from a saturday, in one of the pictures you can see a woman with the loveliest umbrella i have ever seen.


andre luka i kalenderen(sjølv om det er den første)



eg veit eg sa at eg skal gi bort saker og ting kvar søndag i advent, men det har seg sånn at eg ville gi vekk noko 1.desember óg, ein gamal favoritt både hos meg sjølv(og min mamma) og i konkurransar eg har hatt med dei før. eg skal nemlig gi vekk ein personlig almanacka. om de bestiller ganske snart så får de kanske til og med tid til å gi den bort til jul!

det einaste de treng å gjera er å legga igjen ein kommentar om kvifor det skulle vore fint å få ein heilt ny almanakk og kva de skulle brukt den til. (på søndag startar me igjen med å gjera gode gjerningar for andre, sjølv om eg har skjønt at de, faktisk veldig overraskande nok, ikkje er så veldig engasjert for akkurat den modellen)

så! ein to tre gå! de får kommentera fram til klokka halv ni i kveld!

 

konkurransen er over - vinnaren kjem i morgon!

 


a competition for my norwegian readers, i'm sorry.