girls in beds and glitter apples.
i paris plukka eg opp det seinaste nummeret av lula. det er fantastisk som vanlig, eg er ikkje komt halvvegs eingong. tar meg timesvis å komma gjennom. i dette nummeret finst lily cole, kate moss, elle fanning, miranda july, corinne day, ellen von unwerth, kjolar, briller, sussar, knallblå auge og ein heil masse glede.<3








i picked up the last issue of lula in paris last week. lily cole, kate moss, corinne day, miranda july, elle fanning, ellen von unwerth, dresses, glasses, kisses, blue eyes and a whole lot of joy. it's going to take me a week to get through it.
a sky full of kindness.

i helga var me jo på ryantown, rob ryan sin butikk. og det viste seg at han har ei ny bok ute, som typ har komme ut denne veka!
den handlar om to fuglar som skal bli foreldre.
min kopi er til og med signert! 
tenk på at alt dette er skjært ut av papir. at han starta med eit svart ark og ein skalpell. nokon folk er så dyktige.


mi favorittside. fekk meg til å tenka på å skjæra ut stjerner og fuglar i dusinvis av svarte ark og ha det i taket på soverommet eller kanskje ein vegg.

ei skikkelig bra gåvebok. til nokon som har bursdag eller er triste eller likar fuglar.
at ryanworld this weekend, i got his brand spanking new book! it's about two birds becoming parents for the first time. so beautiful! such a lovely present for someone's birthday. or if they're sad. or like birds.
den ærlige bedrageren.

eg har lest ei bok på bussen dei siste vekene, også har eg blitt ein jævel på å gå og lesa samtidig. jostein seier det er farlig, eg seier det er educating. denne boka er så herlig åttitals og handlar om ei pyttelita bygd med ei dame som teiknar blomstrete kaniner og ei anna dame sin kamp for broren sin store draum. flott fin bok.
kva har de lest i det siste? på bussen eller andre plassar?
this is the book i've read lately on the bus! i don't think it's translated. :(
sputnik sweetheart.

for ei stund sidan las eg denne. nydelige vakre sputnik sweetheart. eg elskar jo murakami, som de kanskje veit allereie, og om det var noko denne boka var så var det murakami-esque. den handlar om sumire som forelskar seg og forsvinn på ei gresk øy og hennar beste venn som er så forelska i ho som leitar etter ho og i seg sjølv.
den er berre så fin. ei bok å lesa om hausten. på bussen, i badekaret, i senga med forkjølelse. den er berre så fin.
i recently read sputnik sweetheart, such a wonderful book. i would read it in autumn if i were you.
paper walls.
det hender innimellom at eg blir heilt opphengt i forfattarar. i korleis dei skriv og korleis det føles å ha bøkene deira ein halv meter unna hovudet når eg søv om natta. i sommar har eg vore forelska i john ajvide lindqvist, i går las eg ut papirvegger. det er ni historiar som er morbide og vonde og harde og ekle og vakre. akkurat som alt anna han skriv. for de som ikkje veit er det han som har skrive la den rette komme inn. ei anna bok av han som eg har lest i sommar er lille stjerne og er ei heilt hjerteskjærande bok som handlar om å voksa opp og korleis ein blir påvirka av element rundt seg og korleis det av og til kjem heilt ut av kontroll. eg orkar ikkje å prøva å overbevisa nokon om kor fantastiske desse bøkene er. de må berre lesa dei. om eg hadde vore tretten år skulle eg ha hengt opp bilde av john ajvide lindqvist på veggen, rett ved sidan av daniel radcliffe.
ps: kva bøker har de lest i det siste? elskar når de fortel om det.
this summer i've been in love with a swedish author called john ajvide lindqvist. his books are morbid and dark and amazing and fascinating. i finished paper walls yesterday, and i've also read little star this summer. both beautiful and haunting. they are both translated into english!
du er her igjen og alt er forandra.
beste samlaget har sendt ein del bra bøker til postkassa mi den siste tida, og eg elskar både post og bøker og samlaget så det passar jo fint. samlaget er det beste forlaget for dei er eit nynorsk forlag og dei er ikkje redde for å satsa på små flotte personar som fortjener å få bli gitt ut i bokform! og eg er så glad for at det finst folk der ute som vil satsa på den moderne nynorsken og ønsker at folk der ute skal få innsikt i at nynorsk er eit fantastisk språk. uansett.
ei bok som eg likar spesielt godt er du er her igjen og alt er forandra av gaute m. sortland. han skal forresten vera med i fjerde magasinet som kjem ut til hausten! high five for det. denne boka er så skjør og varm og fin så at eg nesten knakk i tusen bitar. det er eit heilt år med små forteljingar som handlar om livet. eg likar jo best dei om kjærleik, for eg er jo lik meg sjølv. her er nokre utdrag:




i recently received some books in new norwegian in the mail, and this is one of them. <3
ei bok som de bør lesa.


denne boka har eg nettopp lest. den er skriven av kristopher schau, som i 2009 reiste i gravferder arrangert av kommunen. ofte fordi dei som har gått bort ikkje har familie eller venner som kan arrangera gravferda, altså at det ikkje er nokon der under seremonien. så kristopher tok på seg ansvaret og steppa inn som venner og familie, så det i alle fall skulle vera nokon der. og eg syns de absolutt skal lesa den, for eg syns den er så himla ærlig at det gjer vondt i hjartet. han er ein bra fyr. 
i just read this book, and i really liked it, but it's unfortunately in norwegian.
no one belongs here more than you.
no one belongs here more than you er ei novellesamling av miranda july. den har eg lest den siste tida, som å eta ei kake sakte sakte stykke for stykke. den er så fantastisk, og ho er så fantastisk og sprø og gal og morsom og søt og flink. den får meg til å aldri villa slutta å skriva, og til å føla at eg ikkje er gal og berre bør gjera akkurat det eg har lyst til fordi eg kan klara det. ho skriv så satans sjukt fint om folk & kjærleik:


det blir mitt boktips for i dag.
i've recently read no one belongs here more than you by miranda july, and i loved it so much.
ei kjærleikserklæring til ein forfattar.
eg hadde aldri trudd eg skulle sei det, men eg elskar murakami. dei siste månadane har eg vore så forelska i denne mannen sine bøker, og enda har eg berre lest to. det starta i sommar med trekkoppfuglen. den var som å bli kjent med ein ny person. lett i starten men midt inni føltes det som ei hinne som måtte gjennomtrengast før eg kunne komma meg vidare, forbi, det var frustrerande men eg holdt ut og las og las og las og etter det siste ordet i den siste setninga på den siste sida var eg oppriktig lei meg for eg ville ikkje at det skulle ta slutt enda, tenkte på den rundtomkring i budapest, på veg heim på flyet og vel heime óg. sakna dei og sakna murakami. men kanskje det var flaks, tenkte eg. kanskje det var berre denne boka som var fantastisk.
for eit par veker sidan plukka eg opp ein pocketversjon av norwegian wood og var solgt. slukte den.
eg låg våken heile natta og las og hadde det vanskelig med å skiljast fra den, snakka om den med alle eg traff og spesielt med janne som las den samtidig. den handlar om watanabe og kvinnene, korleis han blir forma av møtene han har med kvinner, jenter, korleis dei gjer han til den han er, korleis ein blir påvirka av personane i livet sitt. om kjærleik og om å voksa opp. for nokre dagar sidan las eg den ut, på bussen på veg heim, og hadde frysningar på ryggen under heile siste kapittel, måtte bita meg i leppa for ikkje å hylgrina, måtte bla gjennom dei fem blanke sidene etter siste punktum for å vera heilt sikker på at det ikkje var meir, korleis kunne det ikkje vera meir? som om noko pyttelite i magen min knakk fordi det var over. vakre nydelige naoko og watanabe og midori. for ei bok.
har de lest fine bøker i det siste?

exclaiming my love for haruki murakami and his books the wind up-birds chronicles and norwegian wood. i'm in love.
nokre av dei finaste bøkene.

sjølv om det er sommar har eg ikkje fått lest så mykje bøker dei siste vekene. tankane har vore meir i bryllup og nasen i bryllupsmagasin, heilt enkelt. så difor tenkte eg å no samla saman bøker eg har skrive om før.
extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer
mi favorittbok i heile verda. om eg fekk berre lesa éi einaste bok om og om igjen heile livet skulle det vera denne. om oscar, ein trist og smart liten gut som leitar etter spor av pappan sin som døde under terrorangrepet 9/11. om kjærleik og spesielle forhold, den åpna hjartet mitt på så mange vis og fekk meg til å grina på måtar eg ikkje visste at eg kunne.
the tent av margaret atwood
ei novellesamling fra himmelen.
popsongar av frode grytten
frode grytten er min helt, og skriv dei finaste novellene eg har lest nokon gong. sender telepatiske sussar til han nesten to gongar i veka.
essays in love av alain de botton
ei merkelig og sprø lita bok om vanskelig kjærleik.
french milk av lucy knisley
ei samling av teikningar og tekst som er så himla fin.
looking for alaska av john green
topp tre bøker som finst. den er så vakker så det finst ikkje eingong ord.
muleum av erlend loe
sårt og morsomt og ekte som berre erlend loe klarar.
how i live now av meg rosoff
denne boka las eg i eit sengehjørne i strekk og var overvelda etterpå.
the perks of being a wallflower av stephen chbosky
<3 <3 <3 <3 <3 <3 les den, berre.
learning to love you more av miranda july & harrell fletcher
kreativt og sprøtt som berre miranda july klarar.
buzz aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av johan harstad
ei sånn bok som ein nesten gir opp halvvegs for det er så mange sider men når ein er ferdig så smiler ein berre og lener hovudet bakover fordi ein ikkje ville at det skulle ta slutt men samtidig er så glad for at ein har fått vore del av eit så fint univers så lenge.
ellers fann eg ut at nokre av favorittbøkene mine faktisk manglar fra bloggen av nokon grunn, så det blir litt bokblogging her framover. resten av bøkene eg har lagt ut kan de sjå her, og eg tar veldig veldig gjerne imot boktips.

some of the books i've written about since i started blogging, just click the links to see(most of them are in english).
a concise chinese-english dictionary for lovers.

etter eg posta dette sitatet for nokre dagar sidan har eg fått førti(tullar ikkje) mailar og kommentarar om kvar det er ifra, og no får de vita det; a concise chinese-english dictionary for lovers av xiaolu guo. den handlar om z, som flyttar fra kina til london for å læra seg engelsk. den handlar om kultursjokk, om misforståelsar, om sex, om å vera einsam, om kjærleik, om heimlengsel, om mat, om så himla mange ting. den er skriven som ei slags dagbok i tilbakeblikk, og er skriven på (med meining) dårlig engelsk.



den er lettlest samtidig som den sit igjen lenge i hovudet, eg grein hysterisk bakerst i ein buss gjennom dei siste kapitla. om de klarar å sjå vekk fra at den er skriven på "dårlig engelsk" så trur eg den kan varma mange hjarte i det lange land.

a concise-english dictionary for lovers by xiaolu guo.
jeg blunker 17 000 ganger. jeg lever store deler av livet bak lukkede øyne.

til påske pleier eg å lesa i alle fall to-tre bøker kvart år. i år tenkte eg derimot at eg skulle kjøpa éi tjukk bok og berre lesa den. så da kjøpte eg buzz aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av johan harstad og i påska las eg akkurat tohundre sider, som ei vanlig bok. det viser seg at eg ikkje likar å lesa så lange bøker, eg vil helst at alt skal vera ferdig og oppklart etter tohundre og kanskje tretti sider. så denne boka har vore med meg overalt dei siste månadane, eg har stempla flexikortet berre for å sitta på trikken i ein time og lesa, eg har vore aleine på kafé, aleine i park, timar på timar aleine i senga, eg har kjempa meg gjennom sjølv om eg har elska kvart einaste ord. og endeleg er eg ferdig, endeleg kan eg lesa andre bøker og endeleg kan eg visa fram boka til dykk. for den er verkeleg magisk.


boka handlar om mattias som berre vil vera bakmann, han vil berre vera ein del av ein prosess som får jorda til å gå rundt, han vil ikkje gjera noko spesielt ut av seg, vil berre leva.


og det er vond og vakker kjærleik gjennom heile boka, akkurat sånt som stikker som små nåler samtidig som silkebånd rundt håndleddet.

og veldig mykje om månen. om buzz aldrin, om verdensrommet, om karibien og om psykisk sjukdom. eg hulka meg gjennom dei siste sidene.
har de fine boktips, kanskje?

i just finished reading this book by johan harstad, i don't know if it's translated into english.
kyss.

kjelde
one kiss levitates above all the others. the
intersection of function and desire. the i do kiss.
the i'll love you through a brick wall kiss.
even when I'm dead, i'll swim through the earth,
like a mermaid of the soil, just to be next to your bones.
- fra an archipelago of kisses, jeffrey mcdaniel

an exerpt from one of my favorite jeffrey mcdaniel poems, an archipelago of kisses.
stille dager i mixing part.

"(en liten hund ble desverre skadet under arbeidet med denne boken, men den kom relativt raskt under behandling og har det i dag etter forholdene godt.)"



stille dager i mixing part av erlend loe er ei sånn bok som ein berre må lesa ut på ein ettermiddag fordi plutselig er den ferdig også blir ein berre sittande og venta på at han skal skriva ei ny. denne boka handlar om nina og telemann som reiser til tyskland på ferie. ho elskar tyskland og han hatar det men elskar teater, han er forelska i nigella lawson og prøver så hardt han kan å holda det skjult. fin bok. fin erlend loe.

a book by a norwegian author called erlend loe. some of his books have been translated into english, you should read them!
learning to love you more.



"assignment 31: spend time with a dying person"

"assignment 62: make an educational public plaque"

"assignment 63: make an encouraging banner"

"assignment 51: describe what to do with your body when you die"


"assignment 53: give advice to yourself in the past"

"assignment 39: take a picture of your parents kissing"

"assignment 35: ask your family to describe what you do"
denne boka har eg i veska akkurat no, og eg kjøpte den fordi miranda july har laga den, og eg elskar miranda july.

the book in my bag just now: learning to love you more by miranda july(who i love!) and harrell fletcher.
alice.








finast. klarar nesten ikkje å legga den fra meg. elskar den. tusen takk, stella! suss.

i got this in my mailbox yesterday from a blog reader. thank you so much!
the perks of being a wallflower.

the perks of being a wallflower heiter den, og eg hadde gløymt at det er mi favorittbok. den handlar om kjærleik på mange ulike måtar, og er vond og rå og fekk meg til å grina mange gongar.




ein får lyst til å hoppa inn i boka og vogga charlie i fanget til han sovnar, kosa han i håret og laga toast til han. finast i verda. eg vil at absolutt alle skal lesa den.
også vil eg ha boktips, kan ein få det?

the perks of being a wallflower is my favorite book. images borrowed from here.
how i live now

edmond, som er fjorten, køyrer til flyplassen for å henta ho når ho kjem fra amerika.

ho bur hjå aunt penn saman med piper, edmond, isaac og osbert og alle ungane har spesielle evner. som å lesa tankar eller å lega dyr. dei er supermann-ungar og klarar seg heilt fint sjølv.

aunt penn er søstra til mamman til daisy, men mamman døde i barsel.

også kjem kjærleiken inn i bildet, da. eg er absolutt ein av dei som blir litt frika ut når eg les om søskenbarn som giftar seg og får barn ogsåvidare(utan noko spesiell grunn, eg berre klarar ikkje å forestilla meg å skulle gifta meg med ein fetter), men når det skjer i denne boka var eg så enig. fordi det var så fint og traff på ein plass eg ikkje hadde kjent etter før, under og bak det fjerde ribbeinet til høgre. eksplosjonar, der.


dette måtte eg lesa minst ti gonger og eg måtte få han der fine til å lesa det høgt.

<3

og boka handlar om kjærleik i kanskje ein halvtime og eg vart heilt varm i magen. så kom vendepunktet som eg aldri har med når eg skriv om bøker fordi eg vil at de skal lese denne boka sjølv. men den er vond og fin og den endar på ein fin måte. som bøker skal, om dei veit å oppføra seg. om du har lest sylvia plath minnar boka til tider litt om skrivestilen hennar. fint. (om du vil kjøpa den er den billigast her.)

how i live now by meg rosoff is a beautiful book about love and about family.
dublin.

innholdssida.

eg klarar aldri å stoppa så eg blir sittande heile natta med bøkene til eg får krampe i hendene og må finna nye stillingar å sitta i for å få det til berre ei side til og ei til og ei til.

også er han morsom. eg likar ein mann som kan få meg til å le. han skriv finast i verda om kjærleik óg, det har eg blogga her.
håpar du finn ein venn i frode som eg gjorde. og at du ikkje er redd for å lesa nynorsk, for det skal du ikkje vera. det er som å sykla, egentlig. alle trur dei ikkje klarar det men egentlig er det enkelt når ein først får det til. nynorsksuss!

some scans from a book by one of my favorite authors, frode grytten(unfortunately in norwegian).
afternoon tea


"this little book is dedicated to all the mums and grandmas who taught us how to cook our favorite treats." også startar det, førti oppskrifter på sånt som er så godt at berre titlane får ein til å svima av som på sekstenhundretalet med for trange korsett. og bileta er til å dø av, berre sjå





i løpet av totusenogti skal eg baka meg gjennom denne boka og legga ut alle oppskriftene til dei som vil ha. i mellomtida er det jo eit fantastisk julegåvetips! kostar berre hundreogtretti kroner inkludert frakt til europa, og ein kan kjøpa ho her.

i <3 the new cook book by the team behind frankie magazine!
the secret

kjelde
when you were sleeping on the sofa
i put my ear to your ear and listened
to the echo of your dreams.
that is the ocean i want to dive in,
merge with the bright fish,
plankton and pirate ships.
i walk up to people on the street that kind of look like you
and ask them the questions I would ask you.
can we sit on a rooftop and watch stars dissolve into smoke
rising from a chimney?
can i swing like tarzan in the jungle of your breathing?
i don't wish i was in your arms,
i just wish i was peddling a bicycle
toward your arms.
(jeffrey mcdaniel)
looking for alaska

looking for alaska handlar om miles som er ulykkelig og einsam og utilfreds i heimbyen sin. ingen på skulen ensar at han eksisterar, men han er ikkje så veldig glad over å bli sendt vekk på kostskule likevel. det syner seg sjølvsagt at skulen blir fylt med vidunderlige menneske og eventyr.

miles er så himla forvirra og forelska og eg følte meg som ein tenåringsgut medan eg leste boka.

(dette er utdraget eg fann som var så fantastisk)




eg slukte denne boka heil. og alle desse utdraga er frå fyrste halvpart fordi eg ikkje kunne risikera å avsløra noko. eg fekk gåsehud, eg lo hysterisk, og i dag grein og grein og grein eg og eg ville ikkje at den skulle vera slutt. eg saknar miles og alle folka rundt han, og eg kjem til å bestilla fleire bøker av john green med ein gong eg får pengar til det. den kostar ei bøtte med ben&jerry's her.

i really enjoyed reading the book looking for alaska by john green, his debut novel. it is about miles who is gawky and geeky and doesn't fit in at his school. then he gets sent off to boarding school and his life changes dramatically with new friends and girls and love. a lovely book
french milk

french milk heiter boka, og er ei samling av teikningar som lucy knisley teikna på tur til paris med mora si. dei reiste til paris i fire veker for å feira purstagen til mora. den handlar om å vera datter, om å prøva seg som kunstnar og korleis ein blir så utruleg usikker på seg sjølv. også handlar den om å sakna kjæresten sin veldig.



(unnskyld for den dårlege biletkvaliteten, hendene mine skjelver sånn i dag.) det er ei veldig søt bok, og eg tykkjer de skal kjøpa den. den kostar berre søtti gullpengar her.

today i read the lovely book french milk!
boktips!

om du har lyst til å lesa noko på nynorsk i sumar, tykkjer eg du skal lesa tyl av finn tokvam og halvor folgerø. den handlar om ein tyl. ein tyl = ein intelligent tosk. også handlar den om vennskap og litt kjærleik óg. og den er så morsom at ein kanskje rullar ut av sofaen, så den tykkjer eg at alle skal lesa. okei? okei. puss.
i carry your heart with me

bilete
i carry your heart with me(i carry it in
my heart)i am never without it(anywhere
i go you go,my dear; and whatever is done
by only me is your doing,my darling)
i fear
no fate(for you are my fate,my sweet)i want
no world(for beautiful you are my world,my true)
and it?s you are whatever a moon has always meant
and whatever a sun will always sing is you
here is the deepest secret nobody knows
(here is the root of the root and the bud of the bud
and the sky of the sky of a tree called life;which grows
higher than the soul can hope or mind can hide)
and this is the wonder that's keeping the stars apart
i carry your heart(i carry it in my heart)
e. e. cummings.
floraen i farger





sånt vil eg skjæra ut av bøker og henga i vår nye leilighet(da ville svigermor blitt lei seg), om det er nokon som finn ei sånn bok på ein loppemarknad så kan de godt få kjøpa den for meg. det er mange som spør om oslo, me flyttar i byrjinga av august, fyrste flyttelass går den femte også har me fått flytta oss sjølve inn skikkeleg den niande. me skal bu på grünerløkka. han har komme inn på universitetet, musikkvitenskap. eg har komme inn på kunst- og designfagskulen, fotografi. kontrakten vår går til den trettiførste desember, og me håpar å finne ei leilighet før den tid, i og med at me planlegg å kjøpa før eller seinare.
takk for alle dei fine orda, små grisar. eg er så evig takksam.

i love books like these! an update: both my boyfriend and i have been accepted to the schools we wanted to, we have an appartment and are moving very very soon. we are so excited!
there is an arabic saying that the soul travels at the pace of a camel.






men ja. les den. kjøp den her(det er berre seksti kroner, det er ikkje ei flaske med vin eingong), og den vil bli din beste ven i sumar. ein kan til dømes sitta på taket om natta og lesa, det gjer eg.

essays in love is a wonderful book i've been reading lately, and i think you should read it too!
frode grytten.






vad djuren gör när ingen stör

sebraen kler av seg.

ugla får skjørt.

eg veit ikkje heilt kva grisen driv med.

igla blåser tyggegummibobler.

kua får hatt.

puddelen blir puddelrocker.

eg veit ikkje heilt kva pandaen driv med heller, men søt!

haien får òg hatt.

var ikkje den fin? eg veit at ein kan kjøpa den på tanum for ei ganske billig penge.
the tent

ho skriv så nydeleg vakkert, og når ein les det er det som om nokon med skikkeleg forteljarstemme les inn i øyret ditt.

eit par utdrag frå her og der:




desse tre høyrer saman:



og plutseleg kjem det nydelege bilete.

eating the birds er ein av mine absolutte favorittekstar, og dei to siste setningane er magiske.

om du likar å lese bøker på engelsk, er det ei perle. den holdt meg våken ei heil natt og har vore kjær til mitt hjarte sidan. det er ingenting, ingenting, som bøker som held deg vaken og heimsøker deg når du prøver å gjera andre ting. det er det mest magiske som kan skje. heilt sant. (om du har problem med å lesa det som står berre trykker du på biletet, så kjem du fram til det på flickr og der kan ein sjå dei i større versjon.)
om bøker, pt ii

eg kjøpte mi i ei pyttelita sidegate i roma. den er fin og slutt og luktar som gamal bok. eg elskar det! den er på engelsk men eg har lest den på norsk òg, og den er nesten like fin. den handlar om christopher. han er 15 år og autist, og boka handlar om at han prøver å finne ut kven som har drept hunden til nabodama.


ein av mine favorittdelar:


det er ei nydeleg bok som eg veit eg kjem til å lesa om igjen og om igjen.
om bøker, pt i
dette er del ein av mange i serien som heiter "om bøker", som vil komma kvar søndag framover. eg tar to om gangen, så blir det ikkje for mykje. på ein gong. og eg vil veldig gjerne vite om det er nokon som faktisk les bøkene eg skriv om etterpå og kva de tykkjer om dei.
1. extremely loud and increcibly close av jonathan safran foer
historien blir fortalt gjennom ni år gamle oscar. han bur åleine med mor si i new york etter faren hans døde i terroristaksjonane 11.september. oscar er ikkje heilt som andre niåringar, han er ganske overfølsom og overintelligent. han er vegan, han er musikalsk, han er pasifist, han snakkar fleire språk. ja. for å seie det sånn, eg sakna oscar lenge etter boka var slutt og eg gjer det litt enda. boka handlar om at oscar ikkje heilt har klart å forsona seg med tapet av faren. så når han finn ein nøkkel gøymt i ein vase, startar han ein stor leiteaksjon utan å vite kva han leitar etter.

det er i alle fall noko av det vakraste eg har vore borti, og de bør lesa den. alle saman.
2. muleum av erlend loe
det er nesten så eg er litt redd for å skriva for mykje om denne boka for eg vil så intenst at de alle skal lesa den for å innsjå for ein fantastisk forfatter erlend loe er. verkeleg. og at noreg har mykje å by på når det kjem til bøker. muleum handlar om 18 år gamle julie som nettopp har mista heile familien i ein flystyrt i afrika. ho er åleine i verda med eit enormt hus og altfor mykje pengar, og snart finn ho ut at ho ikkje har lyst til å leva lenger heller, ho vil berre at alt skal ta slutt.



berre les den.
kva er dine favorittbøker?
min elskede emily

eg veit ikkje om de veit det, men for eit par veker sidan kom det norsk omsetjing av emily dickinson sine dikt. bind 1 i alle fall. min fine kjøpte heile boka til meg, han. fin som han er. og den er verkeleg nydeleg.
wreck this journal








fint, ikkje sant vel?
a fairy-tale

a year of evenings



det nye prosjektet deira heiter a year of evenings, og ser litt slik ut:



det er berre så kjempekjempefint, er det ikkje?
karsten og petra






å spise blomster til frokost
dette er en film, den begynner med solskinn, det er høst, jeg løper bortover veien med veska dunkende i ryggen, indigo veske, indigo dag, jeg har fire gule epler i veska, de dunker mot hverandre, det er onsdag, det er fredag, det er mandag, det er dager og dagene er røde og hvite og grønne og blå, det er snø, det er salt, jeg løper, det er fredag, øynene mine er såre og røde, jeg sover ikke, jeg kan ikke sove, jeg vil ikke sove, jeg vil danse, jeg vil le, jeg vil se sola gå opp, jeg vil se sola gå ned, det er mandag, det er søndag, det er dager, og dagene er blå, og dagene er hvite og dagene er gjennomsiktige sprettballer som spretter ut av lommene mine og nedover veien, jeg ler.
epilog
ute skinner sol. jeg ligger utenfor sykehuset. i gresset. jeg venter på at pappa skal komme og hente meg. vi skal til byen og møte ragnhild og tvillingene. vi skal på tivoli. fra vinduene hører jeg en kvinne som skriker. hun vil tydeligvis ut. jeg ligger på magen i gresset og stirrer på hendene min. det begynner å regne. men det gjør ikke noe. jeg liker solregn. det er mandag. hele plenen er full av hvite, små blomster som sikkert egentlig er ugres, men som jeg synes er vakre allikevel. jeg plukker en blomst. studerer den. den har litt fiolettaktige blader på nært hold. den er ikke helt hvit. jeg stryker den over kinnet. sakte. over øynene. jeg spiser den. tygger meg sakte gjennom de tynne kronbladene. stilken. tar en ny og enda en til. i blinde. jeg har ikke spist frokost i dag. jeg spiser blomster til frokost. fordi jeg har lyst. jeg smiler før jeg åpner øynene.
(utdrag frå boka å spise blomster til frokost av synne sun løes)
eit dikt i natta
You scream, waking from a nightmare.
When I sleepwalk
into your room, and pick you up,
and hold you up in the moonlight, you cling to me
hard,
as if clinging could save us. I think
you think
I will never die, I think I exude
to you the permanence of smoke or stars,
even as
my broken arms heal themselves around you.

2 nye bøker og ein koffert
først; gray's anatomy. boka, altså. 827 illustrasjonar av kroppen. rekvisita for fotografering sjølvsagt.



så ei litt meir koseleg bok! smoothieoppskrifter frå innocent, firmaet som lagar dei nyyyyydelege smoothiane som dei sel til dømes på narvesen.





så kjem me til konsekvensane av slik pengebruk. i dag har eg begynt å pakka til eg skal heim til Sandane, og på grunn av alle bøkene eg har kjøpt i sommar ser kofferten min slik ut:

halve kofferten. bøker. den same kofferten som var proppfull i juni. korleis skal dette gå? kan ein verkeleg få for mange bøker?
i dag er ein fin dag fordi

eit par fine utdrag;





fint, ikkje sant?
i dag er òg fin fordi min elskede lillesøster har bursdaaaag! ihi. heile femten år tenk.
bøker.

napoleon dynamite(film), into the wild(film), the history of love av nicole krauss, lolita av vladimid nabokov, american psycho av bret easton ellis, fritt fall av nick hornby, all families are psychotic av douglas coupland, extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer, this is for you av rob ryan, playing with the grown-ups av sophie dahl og the secret av rhonda byrne. eg ventar på 4 til i posten. ikkje sei dette til kjærasten min. plis.
eg har lest halvvegs gjennom the history of love og elskar dette:

eit heilt kapittel. <3
eg har også bladd gjennom dei andre bøkene og funne andre ting som eg likar:

frå playing with the grown-ups.



alle tre frå extremely loud and incredibly close.

frå this is for you.
(a complicated kindness av miriam toews, the bell jar av sylvia plath, eleanor rigby av douglas coupland, a spot of bother eller the mysterious incident of the dog in the night-time, begge av mark haddon)
kva er favorittkarakteren din frå ei bok/ein film basert på ei bok?
(marla singer frå fight club. herregud, eg elskar ho. ein dag skal eg laga eit blogginnlegg kun om ho. helena bonham carter gjer ho briljant i filmen)
forresten, om du likar bøker på engelsk og ikkje har så mykje pengar, sjekk play.com. dei har gratis frakt og billige bøker. og filmar, for dei som heller vil ha det :)
peas.
popsongar


Frå novellesamlinga Popsongar av Frode Grytten.






