a + o.

akkurat no sit eg på ein buss i norge. på veg frå oslo til rjukan, der eg skal ta bryllupsbilder i helga. det blir så gøy, gler meg grøn! i dag tidlig våkna eg akkurat ti minutt før flyet mitt skulle gå, så eg har ikkje heilt fått summa meg etter stress med nytt fly og heathrow og oslo og sara og synne og phjuh. det skal bli så himla deilig å legga seg i ei hotellseng i natt og berre sova sova sova. elskar hotellsenger, dei er som kvite skyer. men uansett, eg kom på at eg ikkje har vist fram noko frå eit anna bryllup eg fotograferte i møre og romsdal i sommar, så her kjem det! å jobba med bryllup er berre så himla gøy, kunne gjort det heile tida.

a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.


a+o.

om det er noko de lurer på angåande bryllupsfotografering, send meg gjerne mail på mariell.oyre@gmail.com.



today i woke up ten minutes before my plane left for oslo, so i haven't really landed yet after all the stress with new tickets and going to heathrow and oslo and sara and synne. i'm on a bus right now, on my way to rjukan where i'll be shooting a wedding tomorrow. i'm very exited about it! love love weddings, i could do them every day. these are from a wedding i did this summer.


i do.

eg er veldig i bryllupsmodus for tida, sidan han der fine si søster skal gifta seg straks og eg skal fotografera tre bryllup i sommar så kastar eg meg inn i verda der alt er mjukt og varmt og pastell og kvitt og glade fjes. sjølvsagt tenkjer eg ekstremt mykje på mitt eige bryllup da óg, neste vår/sommar, og til mitt syns eg at dette er perfekt:






kjelde.





kjelde.






i'm in wedding mode these days, as j's sister is getting married and i have three weddings to photograph this summer! it also, of course, makes me think about my wedding a lot, and i think these pictures are just perfect.


duse pastellar og sirkus og sand.

det er så kjipt at ein kun får gifta seg éin gong. no seier eg ikkje at eg ikkje skal gifta meg fleire gongar enn éin(men med samme person såklart), men at det liksom er forventa av samfunnet at ein giftar seg punktum ferdig med det. eg skulle så gjerne hatt ein masse typar bryllup:

ute på ei strand utan sko med tusenvis av blomar. bryllup på femtitalet. tredagarsbryllup med streng kleskode. bryllup med born og bryllup utan born. sirkusbryllup. bryllup på ein båt. bryllup med berre nære venner og familie. bryllup der alt går i pastellar. men om eg får berre eitt einaste eitt så vil eg at det skal følast sånn:

he had a way with words

eg vil at det skal vera trygt men samtidig ha det pirret i magen som seier at ein skal binda seg til nokon som ein elskar og feira det til dei små timar. eg vil at det skal følast som ein to dagar lang søndagsbrunsj. eg vil at det skal følast som surret i hovudet etter å ha kjederøyka ti sigarettar. eg vil at det skal følast som å flyta i eit basseng. eg vil at alle menn har sløyfer og alle jenter har blomar.

neste år skal eg gifta meg. eg og han der fine, det føles heilt absurd og heilt fantastisk. éin ting har me i alle fall bestemt, og det er at bryllupet blir i london. og det er framskritt berre det. anten i eit stort majestetisk hus med snirklete tapetar og tak, eller i eit stort telt i ein nydelig hage. og så som eg gler meg. til invitasjonar og fargeskalaar og kjolar(!!!!) og snop og makronar og smoking og sløyfer og sussing og grining også å reisa vekk til ein magisk plass som kanskje ingen veit om.





next year i'm getting married and although i'm very much looking forward to it i wish it had been more acceptable to have more than just the one wedding, i'm going to be so sad when i don't have a wedding to plan for anymore. i want it to feel like a two day long sunday brunch and floating in a swimming pool. i want it to feel like the buzz from smoking ten cigarettes while sitting down and then standing up. at least we know one thing: the wedding will happen in london, which is progress no doubt.


oh la la.







om han som du skal gifta deg med ein søndagskveld seier "hei, kom hit, me skal sjå på ringar" og opnar heimesida til dior, da seier du ingenting. det meste du kan få lov til er å peika og sei oh la la og oi oi oi. desse er mine favorittar, kva seier de? tenk å skulle gifta seg med ein sånn ring.





my fiancee asked me to come watch rings with him on sunday, and opened dior's homepage... i'm a very lucky girl. these are my favorites!


karvihna + ole kristian = sant.

første januar var eg på fotoshoot med desse to. dei skal gifta seg i sommar, og eg skal vera fotograf og tilstades heile dagen. me tok bilder til invitasjonen, og eg syns dei vart ganske så fine.








stort sett snøballkrig og sussing, som det skal vera. eg får ikkje lov til å legga ut dei aller finaste, for dei skal bli brukt i invitasjonane som blir sendt ut i februar.

det eg litt óg vil fram til er: eg er sjølvsagt tilgjengelig for bryllupsfotograferingar fra april til september i år, og kan godt reise land og strand for oppdrag. send mail til mariell.oyre(at)gmail.com for å starta eit fint samarbeid!



the first of january i photographed these two for their wedding invitations. i'm going to be the photographer at their wedding this summer as well!


om ringen.

okei, no trur eg at eg er klar for å dela litt meir av forlovelseshistoria. nokon gongar når noko så fint skjer så vil ein berre holda det tett tett inntil kroppen for ein er redd for at det forsvinn om ein seier det til nokon. men no er eg klar, og første del i frierihistoria handlar om ringen.

oktober 2009: eg skriv eit blogginnlegg om at når eg skulle forlove meg og om eg fekk bestemma ringen sjølv skulle det bli denne fra dior, i gull.

desember 2009: han der fine startar jakta på ringen, som skal visa seg å bli veldig lang og komplisert. franskmenn hatar epost og telefonsamtalar er vanskelig å skjula frå nokon ein bur med. han tar meg med på gullsmed for å måla fingerstørrelsen min.

januar 2010: eg reiser med klassen min til berlin, og hedvig(i klassen) har ein konto full av pengar fra han der fine. ho skal henta ringen i berlin og ta den med heim utan at eg merkar det. han der fine får vite at dei har fått ein ring, men det er feil ring, og hedvig må reisa heim utan.

mai 2010: han der fine går på gangen for å snakka i telefon, og på engelsk, og eg skjønnar at det er ugler i mosen men fantaserar om alt anna enn ein forlovelsesring.

22. juni 2010: ei pakke kjem på døra fra dhl. han der fine er ikkje i oslo. pakken er fra galerie lafayette, og har veldig lite diskret innpakking, eg er nittiåtte prosent sikker på kva som er i boksen og klarar ikkje å sitta i ro i parken med janne og om natta drøymer eg at eg går i søvne og opnar den.

23. juni 2010: fredrik og christine kjem, eg har hatt så lyst til å opna pakken at eg ville bita av meg fingrane. eg seier det til christine og fredrik og skjønnar at fredrik veit noko. han der fine skal komma med bussen ca klokka ti. me kjøper mat på lille asia, set oss i parken og midt i nudlane snur eg meg og mange timar før han skal komma med bussen kjem han gåande opp bakken i dior-dressen og lilla sløyfe med ein kvit dior-pose i hånda. eg blir: overraska, overlykkelig, supernervøs, veldig veldig glad og veldig veldig skjelven. me veit begge kva som skal skje og eg drar han med meg inn i skogen og eg klemmer han så hardt at tårene berre renn før han går ned på kne og da klarar eg ikkje å snakke så eg berre nikkar ja og det var greit også opnar han boksen og eg hyler.

 

(akkurat den eg ville ha og i kvitt gull og eg er så redd for å mista den at eg syklar bysykkel med knyttneve)

 


about my engagement ring. my fiancee looked for the ring for six months before he finally got it, and proposed. my beautiful white gold dior oui with a diamond to dot the i. <3


bryllup på internett.

eg har leita som ein galning på internett etter dei finaste bryllupssidene. sidan eg ikkje blir inspirert av oppstilte modellar med brudekjolar på, trong eg bilete fra the real deal, ekte bryllup med ekte folk. og her er dei tre finaste eg fann(med masse tips og triks fra bruder som no er koner og fine linkar til stadar på internett og inspirasjon til ulike temabryllup):

once wed



100 layer cake


ruffled


og ein liten snacksbit: tre bilder fra christina hendricks(joan fra mad men) sitt bryllup.



links to the wedding pages i use the most at the moment.

iskrem & krem & blomar i bukett & girlander & fotoboks







alle bileta er linka til kjeldene sine.

berre veldig i bryllupsmodus for tiden, og finn så masse fine bilder og inspirasjon. blir det for mykje bryllup eller går det fint?


i want my wedding to feel like this.

popcorn & makronar & sukkerspinn & peonar






eg er sjølvsagt i bryllupsmodus for tida, og om ein einaste bryllupsplanleggar i heile verda skulle få planlegga mitt bryllup så fekk det bli amy atlas. ho har berre skjønt det, liksom. og eg seier gratulerar og velkommen til den nye kategorien som heiter "om bryllup." den skal nok bli fin å ha.



if i could pick one person to plan my wedding for me it would be
amy atlas.