på veg.

i dag tok eg ein heil diana-film på veg til skulen. etter skulen framkalte eg den, og her er tre ruter. versågod. kva delar de med meg i kveld?

i shot a whole roll of film on my way to school today.
elise.

modell: elise. stylist: fredrik. for oppdrag, send mail til mariell.oyre(at)gmail.com.
fire favorittar fra fotograferinga i går. så fantastisk gøy. det nest siste kjem eg til å skriva ut enormt stort og henga opp på veggen.

from my shoot yesterday
ps:

dette er eit av bildene av julie som eg tok analogt. fint vel?

julie in studio, again.
1929.

hugsar de dette kameraet? det er fra nittentjueni og eg fekk det av trine marie i sommer. eg har vore redd for å bruka det, men i studio med julie tok eg mot til meg og satte i ein film. dette er det finaste bildet av dei seks. og tenk kor magisk, alle dei andre tinga som er avfotografert med dette kameraet for så lenge sidan. også julie, da.
i dag har eg inspirasjonsblokk på blogging, så de får gjerne komma med idéar og innspel om de har.

this is a picture of julie taken with a camera from 1929!
julie.

i dag har eg vore i studio med julie. dei egentlige bildene er analoge, så her får de litt lystesting-bilder om de vil. eg har det fint i dag og har tusen små maur i magen(og litt øl).

julie in studio.
mini-diana i berlin.

utsikt frå ein kafé i kreuzberg.

ei kirke som fikk hedvig til å hyle.

brandenburger tor.

vårt hostel!

togstasjon.

bilen til hostellet vårt.
koolt? eg gler meg til å gjera masse ugagn med mitt nye lille kamera. når det blir litt varmare i været skal ho få fotografera store smil og kirsebær og raude fingertuppar, og når hausten kjem skal ho få ta bilder av alle lauv eg finn på veg til skulen ein dag. tenk at ho tar heile søttito bilete på éin film, det er mange det.

this is my first film(pictures from berlin) with my new mini-diana.
eit oppgjer med opphavsretten.
som de jo veit, er eg fotograf. ei som tar bilder. desse bildene legg eg ut på internett for å visa kva eg har gjort. av og til er folk respektlause på internett. difor må eg sei at eg ikkje kan forklara med ord den klumpen eg får i magen når eg ser at folk har brukt mine bilder uten tillatelse og uten kreditering på internett. som oftast er det ikkje vanskeligare enn å sei ifra også får eg kanskje ein liten link eller at dei fjernar det, men tanken på at bildene mine sirkulerar rundt på internett uten eigar gjer litt vondt.
eg veit det er mange som bloggar som likar seg på flickr og weheartit, det gjer jo eg óg, og brukar bileta hyppig på bloggane sine. det dei ikkje veit(sjølv om dei egentlig veit det, berre ignorerar det) er at når dei brukar bilete som ikkje tilhøyrer dei uten å kreditera fotograf har dei i teorien begått eit lovbrudd som kan straffast i noreg. "kilde: weheartit/flickr" er ikkje å kreditera fotografen. ein skal linka til kjeldene sine, alltid alltid. og om ein ikkje har kjeldene skal ein skriva det.
opplys om eller link til kjelder. alt anna er berre dårlig gjort.

kvardagen.
analog stockholm
i stockholm fotograferte eg óg med leica, så her er litt film frå stockholm

kva tykkjer de? ja eller nei til meir analogt? suss.
ps: de er supermegafantastisk flinke til å kommentera, og sånt gjer eit blogghjarte glad. så fortsett med det!

some more pictures from stockholm in october, on film!

negativ.

i november blir det masse masse analog fotografering, lovar. og de ser vel kanskje at eg har vore i studio i dag? håpar de har fine måndagar!

analogue november!
photography and vintage clothing

hei, alle saman! no har eg fått meg ein liten putikk på etsy(det er så himla mykje styr med putikken som berre er styrt gjennom meg, så eg tenkte å få litt betre orden). kleda vil bli flytta over dit i løpet av dagen, men akkurat no ligg det a4-bilete til salgs der som er ganske kraftig redusert i pris(men begrensa i antall), så stikk over dit og kjøp noko fint på ein tysdag. suss!

my new etsy shop! (it's very small at the moment, but i am selling prints at a low price for now)