norwegian.

sit på gardermoen og flyet er forsinka. det skjønnar ikkje at eg må heim og gjera sånt:






i'm at the airport, my flight has been delayed. it doesn't understand that i have to go home and do this.


jostein.

wednesday.


som mange allereie har merka: frå no av heiter han der fine jostein jostein på bloggen. han har heitt han der fine sidan denne bloggen vart født og det følast meir som atten år gamle mariell enn mariell no, det begynte å følast som ein parodi av meg sjølv å kalla han for det lenger. følast voksent å kalla han jostein no, på ein fin måte. også heiter han jo jostein. han som les høgt til meg i senga og lagar dunderkur når eg er sjuk og som gler seg til søndagar for det er badekardagar. <3 jostein jostein jostein.





just clearing up that i won't be using a nickname for j anymore. in translation it's always been j anyway though. :)


hjarte.

<3


eg trur aldri at nokon personar i verda kan prata så mykje som oss. me pratar kvarandre heilt utslitte, sveitte, av og til blir me så dritt lei av å prata med kvarandre at me kyssar istaden. det går bra det óg, altså.

 

 


i don't think there could be anyone else in this world who talks as much as we do. we exhaust eachother with talking, sometimes we get so sick of hearing eachothers voices so we just make out instead. which works perfectly for me too.


kjærleiken.

no syns eg at me har snakka altfor lite om kjærleik her på bloggen i det siste. så eg vil at de skal dela, og skriva om den personen som de er mest glad i i heile verda, som de er forelska i eller ser opp til eller som de kanskje aldri kjem til å få møta eingong. eg vil høyra historiar om personar og om kjærleik.



tell me about someone you love, someone you're in love with, someone you look up to or someone you might not even ever meet. i want to hear stories of people and of love!


saknad.

skogsvann.


eg saknar han som mest:

- når eg ser eit tre som blomstrar og helst skulle ha hoppa men ikkje heilt tør fordi eg er aleine.
- når eg sit på utekafé og ler av folka som går forbi.
- når eg innser kor stor senga mi er og kor mange det skulle vore plass til i den.
- når eg sit på balkongen og ser på hagen og tenkjer at der hadde det vore fint å rulla i graset.
- når eg kjøper ein superbra supersvart eyeliner og målar den på utan at andre enn meg sjølv får setta pris på det(det er bra det óg altså, å setta pris på seg sjølv).
- når eg les noko fint i ei bok og anten må skriva det på sms eller venta til eg kjem heim så eg kan lesa det på skype.
- når me lagar hemmelige planar om sånt som ingen andre veit.
- når ekle menn skrik "SALUT SALUT!!!" etter meg i gata og seier "herro how a ju" i køen på monoprix og følger etter meg heim sjølv om eg heilt klart ikkje er interessert.


men så er det så fint likevel. å føla at alt går fint sjølv om ein er så himla langt vekk, å føla at ein ikkje ofrar noko som ein ikkje burde ved å ikkje sjå kvarandre kvar dag, og den følelsen er verdt meir enn heile verda for meg. det var det eg kom hit for, og eg gler meg til å ha det sånn heilt til april, også avløysa den med ei fantastisk magasinrus som skal vara og vara og vara. og i mellomtiden skal eg ligga i den beste armkroken som finst og lesa "se marikken, det snør!" sjølv om det ikkje gjer det.





i miss my boyfriend the most when i'm being screamed at by french men, when i'm on the balcony thinking it would be great to roll around in the grass, when i have to wait until i get home to read him something beautiful from a book. but really; i'm doing incredibly well. it's an addictive thing, feeling like i can manage anything on my own and that i'm not sacrificing anything by being here. the best best feeling.


kjærleiken i 2010.

mekken.


dette er han der fine. han er kjæresten min, forloveden min, min framtidige ektemann og han eg vil vera med resten av livet. i 2010 har me sussa meir enn noko anna år, klemt meir og sove lenger på morgonane, me har fantasert meir, planlagt meir, ledd meir, grine meir, vore modigare, blitt flinkare og vore så sjukt stolte av kvarandre. me har gått på utefrukostar, holdt hender på kino og gått turar midt på natta. me har sove i graset, vore i utlandet saman fleire gongar og malt litt hus ilag. me har sunge oss gjennom heile soundtracket til moulin rouge medan me laga ein lammekjøttbollemiddag og me har lege på eit teppe i parken heile dagar. i 2010 spurte han om eg ville gifta meg med han og det vil eg sjølvsagt!



this is my boyfriend. in 2010 we've loved more and cried more and kissed more than ever, and he asked me to marry him this year and i said yes!


kjærleik.

take me through the sweet valley

er du i eit forhold?
ja!

har du kyssa nokon i dag?
ja, kanskje hundre gongar.

kvar går grensa ved utroskap?
hm, vanskelig å sei fordi ein veit jo ikkje det før det skjer. men eg skulle følt meg bedratt om han hadde kyssa ei anna. kanskje før det óg til og med.

er du romantisk?
ja. veldig.

korleis skulle du beskriva den perfekte kjæresten?
ein som finn på masse rart, som aldri går lei av å reisa og snakka om framtid, ein som ikkje er redd men som ikkje er redd for å vera redd heller.

korleis er du som kjæreste?
oppfinnsom, omtenksom og oppmerksom.

kva er viktig i eit forhold?
at ein er bestevenner og at ein klarar å dra kvarandre opp og fram.

har du grått framfor nokon du likte nokon gong?
kanskje åtte gongar i veka.

kor mange har du vore ilag med?
berre ein sånn på ordentlig.

kor lenge varte ditt lengste forhold?
seks år tysdag som var! hih.

kor lenge varte det kortaste?
kanskje fem minutt. eg var dødsforelska i ein gut på barneskulen og vart spurt av han men det var berre ein spøk så han slo opp med ein gong. hugsar kva eg hadde på meg og korleis eg stod med armane.

vil du vera singel eller i eit forhold?
i eit forhold, resten av livet forhåpentligvis.

er du ein bra kjæreste?
eg er ein superbra kjæreste.

kven sov du seinast ved sidan av?
jostein.

kor gamle var foreldra dine då dei vart saman?
22, trur eg. dei fekk meg som 23.

skulle du kunne tatovera inn navnet til kjærleiken din på kroppen?
eg har jo allereie tatovert eit hjarte på håndleddet som var til han, da. men jo. tatoveringar er fint om ein er heiltheilt sikker.

korleis ser den perfekte daten ut?
i ein eller annan hovudstad, gå på italiensk restaurant og drikka vin og sjangla til ein utekino der ein ikkje skjønnar eit ord av det som blir sagt.

kven er den viktigaste personen i ditt liv av det motsatte kjønn?
han der fine. men pappa óg.

om mannen i ditt liv var utro, kva skulle du gjera?
eg skulle nok bli knust i tusen bitar også hadde eg kanskje tilgitt han/kanskje aldri snakka til han igjen.

vil du gifta deg? kvifor/kvifor ikkje?
eg er jo forlova! det blir dei beste dagane i mitt liv, trur eg nok. ingenting så morsomt å planelgga som eit bryllup.

vil du ha barn?
ja, eg vil ha mange.

blir du lett forelska?
nei, det trur eg nok ikkje. gjennom livet har eg kanskje vore forelska fire gongar, og veldig lenge i kvar person.

kva fell du for?
mellomrom mellom tennene og høg latter.

kva er den største turn-offen du veit om?
eg klarar ikkje å stola på menn som ikkje har samme kvinnesyn på meg, og eg trur nok óg eg treng ein person eg er enig med om dei fundamentale tinga. opposites do not attract akkurat på det.

kor viktig er det at ein har ting til felles?
hm, eg og han der fine har veldig lite til felles av interesser og sånt men me har jo vokst inn i kvarandre og no likar me mange av dei samme tinga. så jo, det er viktig men ikkje mest viktig i eit forhold.

har du fått hjartet knust?
åh, ja.

har du ein type utsjånad du likar best hos menn?
nei, dei må berre sjå smarte ut og vera høgare enn meg.

kven var din første kjærleik?
tzatsiki, han i dei barnebøkene og tv-serien. var dødsforelska i han og såg på han på tv heile tida og las alle bøkene. eg var ikkje så flink med forelskelsar i den virkelige verda egentlig.

kva tykkjer du om sex på første date?
opp til kvar enkelt, syns det blir litt dumt å skulla ha ei etablert formeining om det. om ein vil så gjer ein det.

kva tykkjer du om one night stands?
om ein vil så gjer ein det.

er kjærleik alt i livet?
ja, men nei. men om ein tenkjer at ein har kjærleik til alle ting ein gjer og alt og alle rundt seg så trur eg at ein er ein lykkelig person.

 

lånt og oversatt frå sandra.


survey about love.


seks.

longest day of my life.

i dag er det m+j=6. seks fantastiske år. sidan me vart fem har me sett fleire hjørne av verda saman, me har vore varme og kalde, me har forlova oss og drømt om paris og london og vore enda meir bestemte og skrike enda høgare om draumar og verdiar til alle som vil høyra. om eit år har me vore saman ein tredjedel av liva våre, om eit år er det mindre enn eit år til me skal gifta oss. meg og han der fine til kanten av universet, sånn er det og sånn skal det vera. to die by your side is such a heavenly way to die. <3 herregud så bra me er.

 


today my fiancee and i are celebrating six years together. <3


her kiss was a question he wanted to spend his whole life answering.



eg ser og han høyrer, eg spolar tilbake i filmar for å visa han refleksjonen av kameramannen og han visar meg korleis han lagar musikk av folk som snakkar, steg for steg, som ein liten labyrint ein lagar for seg sjølv. han kjøper kjolar når eg ikkje har pengar og eg kjøper sløyfer når eg har. han brukar lengre tid på å bli klar for å gå ut enn meg og han vil aldri på fest men vil aldri heim heller. han må be meg pussa tennene ti gongar men eg vil aldri legga meg, han legg lappar oppå kroppen min medan eg søv så eg skal lesa dei når eg vaknar og han har reist på skulen. me kysser opp mot betongveggen på kjøkenet og held alltid hender, eg held oppå og han under.


about having someone to love, someone who leaves post-its on my body when he gets up and leaves for school in the morning.


det her med å ha det fint som to/dei små tinga.

mykje av grunnen til at eg og han der fine klarar å ha det så fint saman er fordi me er opptekne av dei små tinga, det er dei som gjer at me blir forelska på nytt kvar einaste dag, og eg tenkte eg skulle visa fram eit par eksempel på små ting(og nokon store òg) me gjer i kvardagen(eg seier ikkje i heile tatt at alle par treng desse tinga for å ha det fint, men me føler i alle fall at dei hjelper), sjølv etter seks år. for ein kan ikkje bli forlova eller reisa til paris kvar dag, for sånn er livet. derfor må ein av og til klamra seg fast til det ein har, og det er jo kvardagen(så flaks at me elskar onsdagar da).

0901-4051601-79forestwednesdaythursday nightthe day he proposed and how normal it started.hungary.longest day of my life.

me klemmer og kyssar masse. i alle fall fem klemmar og kanskje hundre kyss kvar dag(eg har prøvd å tella men det er umulig). om ein sit på kvar si datamaskin og jobbar masse er det så fantastisk fint å berre erklæra kosepause i to minutt på sofaen der ein klemmer kvarandre nesten ihjel.

& me går alltid hand i hand. om vinteren er eg varm på hendene medan han er kald så da held me anten hendene i lomma eller så går han med vottar og eg utan, men da flettar me albogane våre saman istaden.

av og til kjøper han sugerør på putikken om han handlar aleine. eg elskar sugerør og vil drikka alt med sugerør så da kjøper han sugerør i smug og berre vips hadde eg eit i vatnglaset mitt til middagen.

nesten kvar dag dansar me på kjøkenet, eg utan strømpebukse og han med tøfler på, medan maten får laga seg sjølv i eit par minutt.

me gjer nye ting kvar einaste dag, anten om det er å laga noko nytt til middag eller frukost på senga midt i veka eller å sjå ein film me har hatt lyst til å sjå eller tar ein buss til ein plass me aldri har vore før, snakkar om ting me aldri har snakka om før. for da får ein oppleva kvarandre på ein ny måte kvar einaste dag. (og det finst så mange rom i kvarandre me ikkje har opna for først må ein finna nøklane på ein plass ein ikkje har leita enda.)

dobbeltdyne og å sova i skjei. om eg våknar midt på natta og har rulla meg vekk må eg legga meg tilbake på brystkassa for å få sova og der søv eg best.

me gjer våre eigne ting og har våre eigne folk. sjølv om eg mest har lyst til å vera med han tjuefire timar i døgnet så er det himla sunt å vera rundt andre folk utan kvarandre heile tida, og sakna litt og likevel vita at han er der når eg kjem heim også kan me ligga i senga og snakka om kva me har gjort den dagen utan kvarandre og det er ganske fint.

kvar gong ein av oss reiser nokon plass og blir vekk lenger enn ein dag, lagar me kalendarar til kvarandre. kanskje med snop inni eller kanskje med tikroningar. før han reiste til palestina laga han ei korg til meg med konvoluttar, ein for kvar dag. i kvar konvolutt låg det drops, ein ballong og eit brev. kvar morgon fekk eg lesa eit lite livsteikn fra han og det hjalp innmari på saknet. me lagar av og til julekalendarar til kvarandre óg, men i fjor laga me julekalendarar til mødrene våre og det var innmari fint å gjera eit sånt prosjekt saman.

& i ein pytteliten eittroms er det lov til å kjenna på alle kjensler i heile spekteret og det er lov til å sei dei høgt, for av og til er det sånn at viss ein ikkje seier dei høgt så ligg dei bak i hovudet og ventar på å eksplodera, og da er det bedre å skrika grina kasta hyla ned i puta le så ein får vondt i magen og smila så ein får vondt i ansiktet.

også går me ut av huset. middag i parken(det kostar ingenting å laga middag heime og ta den med ut, tenk det! eller kanskje eta den på golvet om det er kaldt ute) eller kino midt i veka eller berre på parkteateret for ein kopp kaffe. for det har faktisk magisk effekt å komma seg ut av sitt eige element og berre snakka snakka snakka om pyttesmå eller kjempestore ting, å sitta stille og lesa eller skriva ein historie saman om folk som går forbi.

det var i alle fall litt. håpar de likte det lille holet i veggen inn i vår kvardag saman.

 


the small things my fiancee and i do for eachother and together to fall in love every day: we hug and kiss a lot, we always walk hand in hand when going anywhere, he buys me straws because he knows i love them, we dance in the kitchen while dinner is cooking itself, we do new things every day, teeny tiny or big things like something new for dinner or buying new sheets for our bed, we sleep under the same duvet and always somewhat touching eachother, when i wake up not attached to him i have to roll back into position, we spend time apart with our own friends and we allow ourselves and eachother to feel and say whatever we need. we go out of the house for a cup of coffee or to eat dinner in the park because it helps a lot to change the environment.


kjærleiken, men i ein anna versjon.

i dag tidlig våkna eg av at eg skreik. av lyden av mitt eige skrik, fullstendig gjennomvåt av sveitte. eg drømte at han der fine var død, at eg satt med ein kasse med tinga hans i hendene og skulle bestemma kva som skulle kastast, kva som skulle lagrast, kva som skulle stå framme, og eg skreik. for alt me ikkje skulle få, for alt me skulle hatt, for alt me har gått gjennom for ingenting, forgjeves om han ikkje skulle vera her meir. det verste var å våkna aleine og framleis tru på drømmen, fram til eg følte meg fram etter telefonen min og fekk ringt, heilt til palestina. han tok telefonen og snakka meg ned, snakka meg opp, fram og ut av senga men framleis med klumpen i brystkassa.

det er den typen kjærleik me har. kjærleik er ikkje berre familieselskap og søndagar i senga, kjærleik er óg skrikande smerte og utholande vondt til tider, i alle fall min kjærleik og eg ville ikkje hatt det på nokon anna måte og det seier eg heilt utan å tvile. det er vår kjærleik, meg og han der fine til kanten av universet.

all denne diskusjonen i kommentarfeltet mitt dei siste dagane sliter meg ut. det er den som gjer meg svak, ikkje mangel på han der fine sin eksistens i min umiddelbare kvardag. det er alle bekymringane og tankane om kor svak eg er, for eit dårlig forbilde eg er, fra heilt framande personar som eg aldri har bedt om og ikkje vil ha. om de hadde vore vennene mine, og fortalt meg at eg var svak og eit dårlig forbilde i ei stund der eg trong å høyra at det går fint, det går bra, han kjem heim, du er sterk, hadde eg snudd i døra og aldri sett meg tilbake.

eg har det fint. heilt fint. eg fungerar i ein slags kvardag med fine folk rundt meg som kun støttar og seier fine ting til meg, fordi dei veit at det er det eg treng. og når eg ikkje har det fint så hjelper det å skriva, og eg utfordrar meg sjølv(og lesarane mine, tydeligvis) ved å legga ut det eg skriv sjølv om det kanskje er ein miks mellom virkelighet og fiksjon, så hjelper det å skriva. eg kjem ikkje til å sensurera meg når eg for ein gongs skyld tør å pressa meg sjølv til å publisera noko som ikkje er sukkerspinn og makronar. det finst fleire sider ved meg og dette er den usensurerte kjærleiken. ta det som det er eller la ver, det er opp til deg.

tenk litt før de legg igjen kommentarar på ein blogg, om de faktisk bryr dykk(som de påstår at de gjer). om du hadde vore saman med nokon i seks år og den personen var ein stor og definerande del av livet ditt og deg, ville du vera avhengig av den personen? ville du sakna å ha den personen i din kvardag? ein anna ting: er det ikkje bedre at unge jenter lærer at det er greit å ha det vondt? at det er greit å reagera når ting skjer i kvardagen? er det bedre at dei lærer å holda alt inni seg og ikkje reagera på ein normal og sunn måte? eg trur eg absolutt veit kva svaret på det er.

eg vil ikkje krangla i kommentarfeltet, eg vil at dette skal vera ein plass ein kan gå utan å vera sint om det så er den einaste plassen på internett. så om de virkelig er så bekymra som de seier, send meg ein mail. det meinar eg. eg vil jo vera venner. bloggkommentarvenner.

(og eg beklagar om noko av dette skremmer nokon, det trur eg egentlig at det gjer. men det er lov å vera skremt og litt satt ut. det er lov.)


andre brev til han der fine/fredagskveld

friday night/letter number two.
i går kom sigrid til meg. ho hadde på seg ein bluse som fekk ho til å sjå ut som ein candy shop.

friday night/letter number two.
heidi og caroline kom óg, også dansa dei med skjørt som var for korte til å sitta i. joachim var hos meg óg, men eg fekk ingen bilder av han.

friday night/letter number two.
me gjekk på revolver og der møtte me linn med fine venner.

friday night/letter number two.
og synne kom! (her er forresten joachim i bakgrunnen, sådetså) eg skreiv til synne ut i dag? og ho skreiv at ho måtte gjera lekser også skreiv eg fysøren, synne!!! også kom ho ut likevel. av og til hjelper det å kjefta litt.

friday night/letter number two.
dette er synne og daniel i eit fantastisk bilde sånn teknisk sett.

friday night/letter number two.
på revolver har dei rutete golv og eg overhøyrte fire svenske jenter som lurte på kvar faen hipsterane var, for dei var jaffal ikkje på revolver.

friday night/letter number two.
daniel f meinte at fyrstikkpakka var ein lamborghini men eg var uenig.

friday night/letter number two.
her er daniel framleis opptatt av fyrstikkpakka og synne er sjukt glad.

friday night/letter number two.
her er dei sjukt glade begge to. det er sikkert fordi dei spelte don't stop believin' og det er den mest fantastiske sangen.

friday night/letter number two.
så stengte revolver og da gjekk me til ein anna by eller i alle fall tøyen, til ein leilighet som var så fin at eg flytta inn. her er linn på golvet.

friday night/letter number two.
ein katt som heitte noam som ikkje likte meg noko særlig.

friday night/letter number two.
her snakkar eg sikkert om deg, for eg sakna deg veldig og flasha ringen min til alle som ville sjå.

friday night/letter number two.
me drakk whiskey og cola fra barskapet.

friday night/letter number two.
dette er benedicte som bur i leiligheten. dette er benedicte sitt beste partytrick. ein treng ikkje fleire heller om ein kan sånt.

friday night/letter number two.
katten som drikk av vassglaset.

friday night/letter number two.
heidi låg på golvet og snakka om gutar.

friday night/letter number two.
det kan ein nesten sjå på ho. plutselig sovna ho óg.

friday night/letter number two.
dei spelte sjakk. eg spelte óg sjakk, mot tobias, og tapte.

friday night/letter number two.
dette er ordboka til benedicte, for ho studerar russisk. eg måtte snakka om min russiske flamme som eg hadde då eg var fjorten. han var ganske kjekk. ho slo opp navnet for augestikkar, for eg trudde det var eit kjempelangt ord men det var det ikkje.

friday night/letter number two.
alle la seg på teppet.

friday night/letter number two.
plutselig sa nokon at klokka var seks så da ringte eg oslo taxi og prøvde å ringa deg medan eg gjekk heim fra markveien men ei norsk dame i telefonen sa at det ikkje gjekk, så eg steikte egg og rista brød og sovna med sminke og flokar i håret. og det var den fredagen. gler meg til å skype med deg i kveld, du er fin.


my friday night was a bit crazy, we drank wine at my place before going to revolver and then ending up in an apartment in tøyen until six in the morning.


dette er meg utan deg.

drikk ei flaske med raudvin, dansar til chemical brothers før me går ut, går på revolver og snakkar altfor mykje med blogglesarar som skremmer meg litt, snakkar med sigrid om kjærleiken, snakkar med daniel om folk som vil drepa han, drikk øl med synne og skrik ting til joachim som eg ikkje høyrer sjølv eingong og når don't stop believin' kjem på så dansar eg sjølv om eg ikkje dansar for det er min favorittsong akkurat no og heidi har camel i veska og caroline dansar med ein ho ikkje kjenner og ikkje har håndhilsa på eingong og om sju timar har eg ein photoshoot og om du hadde vore her hadde du sagt at me måtte legga oss for mange timar sidan, før øl og før eg reiste på nach på tøyen hos benedicte som studerar russisk, før eg spelte sjakk med tobias og tapte og før eg sa marselis' gt 24 til taxisjåføren. dette er meg utan deg, hjelpeslaus og destruktiv utan å eingong vite det og neste torsdag blir den beste dagen i mitt liv.


første brev til han der fine.

(han der fine er i palestina. der spelar han musikk og representerar kommunen sin. han reiste i går og eg klarte ikkje å stå opp før klokka var tre på dagen, det gjer vondt i fingrane og nakken min føles rar for eg har ingen brystkasse å sove på. eg er ikkje meg sjølv, eg er ein person som kjøper jif kjøkkenspray og støvsuger plassar der ingen ser, ryddar i skuffer og flyttar på bøker, saknar han og synthen og musikken og kyssa og hendene. så derfor sender eg brev. ikkje på ordentlig, men brev likevel. dette er det første)

first letter.
hei, jostein! i går var eg på mekken for første gong. der ser det litt sånn ut.

first letter.
der er hyller fulle med bøker over alt.

first letter.
og fine plakatar med lunger.

first letter.
og fine foster.

first letter.
og veggmaleri.

first letter.
og heidi og caroline på magasinmøte.

first letter.
heidi hadde laga muffins og eg kjøpte ein chai latte.

first letter.
og dette bildet syns eg var fint.

first letter.
dette bildet tar dei alltid på kafé, er ikkje det fint?

first letter.
dette bildet tok eg gjennom fjæra til julie.

first letter.
det som caroline har over auget.

first letter.
me sendte pinlige sms til gutar og såg på alle gutane som kom inn, men så jobba me masse óg og avtalte masse. på veg heim snakka eg om at alle seier til meg "jamen du klarar jo ei veke utan han" også tenkjer eg berre jamen eg vil ikkje! eg vil ikkje vera utan deg, sjølv om du gløymer å vaska vasken etter du har barbert deg og alltid legg nøklane på pulten min eller plassar der du ikkje finn dei igjen. men det går fint. og snart kjem heidi og caroline hit til meg for å drikka vin og le. sigrid er her allereie, ho les aftenposten på sofaen.


så krølla eg håret mitt og skypa med deg også la eg meg og mellom det så klarte eg å sjå ca fem timar med tv. eg vil at du skal komma heim no, eg er ikkje flink på å vera aleine, eg er best i tospann. eg er forvirra om eg skal skru globusen mot argentina eller palestina så eg byttar på. eg håpar du har det fint og det veit eg egentlig at du har. suss.

 


this is a letter to my boyfriend who is in palestine, just to let him know how i am doing and that i miss him. yesterday i was at oslo mekaniske verksted. heidi had baked muffins and i had a chai latte and admired the anatomical posters on the walls.


my first crush.



finaste. videoen. nokon gong.


the cutest video ever.

jonsok: blomar og frieri og kval&actionfilm og nudlar og slangar og panfløyte.

onsdag begynte som ein heilt vanlig dag, eg fekk med meg sara til grønland for å levera film og me gjekk på stortorvet for å kjøpa blomster.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.
eg kjøpte ein bukett for femtini kroner og det var eit kupp.

the day he proposed and how normal it started.
på den lille putikken i karl johan kjøpte eg pink lemonade og ein metallboks med lakris. så. godt. meir om det seinare.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.
heime igjen smaug eg inn i min nye kjole som eg brukar til å sove, å vaske, å gjere pilates og dagar der eg ikkje vil kle på meg. i den fiksa eg blomster på badet. nydelige rosa roser. (eg tenkjer på "tenk at eg ikkje visste at eg kom til å vera forlova før dagen var omme)

the day he proposed and how normal it started.
så kom chris+fred og me handla mat på lille asia, eg kjøpte nudlar med kylling og grønnsaker, den var tørr og eg var litt misunnelig på maten deira som var skikkelig skikkelig god.

the day he proposed and how normal it started.
fine fredrik. så kom liksom han der fine og fridde og sånt så..

the day he proposed and how normal it started.
medan eg og han der fine vart vante til å vera forlova litt for oss sjølv venta janne med christine og fredrik i gangen. dette bildet illustrerar venting.

the day he proposed and how normal it started.
etterpå fekk dei komma inn og me drakk så innmari mykje vin og alle var berre så inderlig glade på våre vegne og telefonane ringte ustoppeleg og alle ville sjå på ringen og eg var så glad at ansiktet mitt holdt på å snurra av hovudet. christine drakk av flaska og var superbarsk. ps: fantastisk drinktips: rosévin+pink lemonade.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.
og det var dans og eg og janne rappa eminem som me alltid gjer på fest. cleanin' out my closet og my band(med d12).

the day he proposed and how normal it started.
etterpå ringte det på og det var heidi og karoline fra den finaste bloggen i verda og dei kom inn og drakk øl ei god stund, me laga panfløyte med limpistol.

the day he proposed and how normal it started.
heidi og caroline hadde heilt like antrekk på. <3

the day he proposed and how normal it started.
fred+janne sprang ut for å kjøpa ei bøtte ben&jerry's også åt me akkurat eit par skjeier kvar, perfekt mengde is på fest.

the day he proposed and how normal it started.
fred+is+christine+peace. etter dette gjekk me på taket og der snakka me om kjærleik som enda i sykkeltryning og ei ganske traumatisk historie med ein slange og etter det var det seint til å vera ein onsdag.

the day he proposed and how normal it started.
så heidi og caroline og janne sa hadetbra og fredrik sa godnatt på golvet.

the day he proposed and how normal it started.
etter alle var stille og hadde sovna låste eg og han der fine oss inn på badet der han hadde stemt panfløyta med vatn oppi flaskene og spelte litt for meg. me var endelig litt aleine og snakka om kor fantastisk fint det er å vera forlova.

the day he proposed and how normal it started.
the day he proposed and how normal it started.
the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.
og det var den onsdagen då det var jonsok og då eg fekk ring på fingeren. fint vel.

no oppfører me oss litt som om me er nygifte; me gjer ingenting heile dagen også tar me pausar fra å gjera ingenting for å kosa på sofaen i ein time her og der. fint. veldig veldig fint.


on wednesday, which started out being perfectly normal and ended with being endlessly drunk and happy and engaged.

om kjærleik og livet og sånt, men kort.

my engagement ring.

jonsok: christine+fredrik kom med flyet og eg hadde rydda, vaska, støvsugd, skura. eg hadde nummer 47 fra lille asia i ein boks, steikte nudlar med kylling, åt med pinnar, på eit teppe i kubaparken, eg snudde meg mest fordi christine smilte litt og han kom gåande opp bakken mange timar før bussen skulle komma, med dior-dressen og lilla sløyfe med ein pose i hånda og bestemte auge og eg følte det i magen, liksom tusen sløyfer som vart knytt på éin gong. kyss og eg sa "ikkje her", eg hadde ikkje sko på men gjekk over jorda likevel, fekk gras inn i strømpebuksa men det gjorde ingenting, me gjekk inn i skogen og eg sa "her" og han gjekk ned på kne og spurte og eg sa ja(eller eg nikka men han skjønte godt kva eg meinte) og heile kroppen min skalv og eg klarte nesten ikkje å stå og det var som eksplosjonar i smilebåndet og i hjartet og litt tårer men mest berre smil. så no er eg forlova. me er forlova. eg og den finaste personen i verda skal gifta oss og det føles så himla rett og eg skal fortella meir seinare når eg ikkje er opptatt med å kyssa. suss.


i got engaged yesterday and i will tell more about it when i'm not busy making out.

hasselbladkjærestar.

hasselblad.

han som kjem med paracet når eg har vore i sola for lenge og fått vondt i hovudet, han som blir så himla glad kvar gong han får couscous til middag, han som vil ha beibiar like mykje som meg og dei skal vera våre, han som alltid held hånda mi og aldri blir lei det, han som stryk meg litt ekstra om morgonen fordi han meinar huda mi er mjukare da, han som set på denne songen før me skal legga oss om kvelden og denne når han vil at eg skal stå opp. han som seier "gud, du er vakker" når han tar bilder av meg, han som treng meg nesten like mykje som eg treng han, han som er stolt av meg når eg ikkje klarar å vera det sjølv.

berre litt onsdagskjærleik, liksom.


the essence of this entry: "i love my boyfriend".

ramme.

frame.
mi superstore nye gamle ramme. når eg og han der fine giftar oss skal bryllupsbildet vera i denne ramma. utan kantar akkurat som oss. var berre det.


i'm saving this frame for our wedding picture.

ih.

i går kveld kom han der fine heim igjen og det føltes sånn:





og i dag skal eg eta is og sykla bysykkel og eta middag med nakne føtter og kyssa og synga og planlegga. kva skal de i dag?


yesterday my boyfriend came home and it felt like this.

vinter.

eg orkar ikkje sova inntil deg, alt kjennast klissete sjølv om det er så kaldt at ein må holda pusten for å kjenna at ein lever, eg skrik til deg at du skal gå men du går ikkje, eg legg meg på golvet og søv der heile natta, når eg vaknar ligg du på golvet óg, hikstar, du har bredd over meg med mesteparten av dyna og du er nesten lilla sjølv om det er så mørkt at ein ikkje kan sjå, eg legg heile kroppen over din og bles varm luft og kyssar alle plassar eg kjem til medan eg seier unnskyld unnskyld på innpust og du seier at det går bra, du seier alltid at det går bra, det går alltid bra, snart kjem sola.





eit par dagar etter går me på kino, me deler ein villa champagne og me har to kokosbollar i ein pose, me har gitt tretti kroner ekstra for å få sofa, me brer over oss med kåper og skjerf og me slepp aldri taket, ikkje gjennom heile filmen, me spring gjennom gatene på veg heim, skrik fordi det er så kaldt, kjøper ein lauk på sultan, kyssar i heisen og gløymer å gå av i etasjen vår, legg oss i senga og held framleis hender sjølv om det er vanskelig å få av seg kåpene. me snakkar om kjærleik og lidenskap og at me ikkje ville ha hatt det på noko anna måte sjølv om det var enklare. det er når det er vanskelig ein veit at ein kan få det til seier du og eg er enig. du får siste slurk av champagnebrusen og me sovnar nesten utan å merka det, eg kjenner rykningane i kroppen din, høyrer på pusten din, kjenner hjartet pulsera i fingrane dine. eg drøymer om kirsebærblomar og du drøymer om sommarfuglar og ostekaker og når eg vaknar har du laga middag og me et den på golvet og ler.


about love not always being easy.

alt som kunne ha vore.

det kunne vore sommar, me kunne vore søtten, du har korte korketrekkerar og frekner berre på nasen, du har kjempestore føtter og du bærer meg rundt på ryggen. fra stova til kjøkenet, fra kjøkenet til soverommet. mellom slaga teiknar du hoppeslott på ryggen min, bokstavar, sitat fra favorittbøkene dine. me reiser til krakow fordi det er billig og du drar meg tilbake til hotellet når hjartet mitt får for vondt, du lagar fransk mat som om du var franskmann men egentlig er du berre norsk, av standard kvalitet, du skarrar litt på r'ane dine men berre av og til og du har litt for små lepper for min smak men det funkar for du kyssar som ein gud, du har så mørke auge at det ikkje ser virkelig ut, du har blåmerker på heile ryggen og det er min feil. du les barnebøker til meg når eg ikkje får sova, syng alle beatles-songar du kan. det er midt i juni når du reiser fra meg, du har ikkje skjorte på og når eg ser ryggen din forsvinna på bussen veit eg at neste gang me møtast kjem me til å vera høflige sjølv om me egentlig skulle ønska det var annleis.

han spelar piano.


i går kom me heim til han der fine, mellom fjell og fjordar og alt fint, og medan eg sat i senga og skreiv tekstar om jenter med blodige knær og gutar med jord på hendene høyrte eg at han spelte. det er så fint når han spelar og ikkje veit at nokon høyrer på, spelar kun for seg sjølv fordi han har sakna pianoet så sårt. da får ein snikfilma.

eg har filma sidelengs på eit vis, så ein må bøyga hovudet men det er fint det óg, så blir ein liksom med på det. og midt inni måtte eg berre sussa han så derfor vart det litt rot, hihi. og eg skal filma noko anna enn han som spelar piano ein gong, eg lovar.


my boyfriend playing the piano in the middle of the night.

finaste.

scann.scann.
av han der fine har eg fått eit nytt smykke. på det står det "finaste" og det har eg rundt halsen. tenk kor fint å ha dét på kroppen, da.


my boyfriend gave me a necklace a couple of days ago.

fordi.

raindrops on roses and whiskers on kittens
fordi han, når eg har ein fantastisk dårlig dag berre fordi eg ikkje er i paris og prøver å sova heile dagen, ikkje blir irritert men heller stryk meg i håret med jamne mellomrom og sjekkar at eg har alt eg treng. fordi han ikkje ler av meg når eg spør 1881 på sms om dei har forslag til kva ein kan gjera om ein nesten ikkje får pusta i oslo. fordi han går ut for å kjøpa bollar og krem klokka halv elleve om kvelden. fordi han smiler når eg snakkar til han til og med når han søv. fordi han alltid alltid vil vita meir.


my boyfriend is the best person i can think of.

missed connections.


kjelde

gjennom kval og actionfilm har eg fått ein ny hobby: missed connections på craigslist. her skriv folk inn om dei berre ikkje klarar å gløyma nokon dei gjekk forbi på gata eller nokon med gul alpelue blant alle dei svarte og gråe. her er min favoritt akkurat no:

you came into where i work right around closing time. your friend (we'll refer to him as lex luther) called me lois lane and kept saying that you'd be back to see me again the next day. he and your tall friend were really enjoying making you uncomfortable, and i think you might have gotten a bit upset with them in the end. you left before i got the chance to say much to you beyond an "i'm sorry" for lex's gleeful torment. you never did come back the next day, but i wish you had.

and you do look a lot like clark kent.
lois



i just love missed connections on craigslist.

tredje brev til han der fine.

gif maker
i dag stod eg opp tidlig og jobba som ein liten bever med magasinet. tok på meg min nye raude leppestift og når eg kom heim etter tre timar var den så rød fortsatt, tenk det. åh. perfekt. no syns eg du kan komma heim snart så me kan kyssa og sjå kor lenge den held.
tuesday
ute kjøpte eg potter på marita-putikken og potteplanter på mester grønn. dei som jobbar der er så himla himla søte og smiler. eg likar folk som smiler.
tuesday
den eine har små løkar men er grønn og kjedelig enda.
tuesday
men den skal bli sånn blå og fin kanskje midt i april når me drikk øl på eit teppe i parken.
tuesday
og ein lillarosa, herleg fint fint fint.
tuesday
og sjølvsagt ein pytteliten bukett óg. eg håpar den er frisk til du kjem så me kan ha den mellom oss på middagsbordet.
tuesday
så åt eg herlig fantastisk middag, pasta- og kyllingsalat.
tuesday
til dessert: te! (den lille tekanna kjøpte eg i riga så den har du ikkje sett enda, er den ikkje fin)
tuesday
og druer.
tuesday
etterpå ville eg laga noko så eg drog fram blomar og limpistol og laga ei fin hårspenne!
tuesday
sjå! eit rede i håret.
tuesday
så skreiv eg postkort og no ser eg csi. det er mykje knivar og sånn, så eg er nesten glad du ikkje er her. no er det berre tre netter igjen også reiser du aldri ifra meg meir for da klemmer eg foten din i døra.

hadde de andre fine tysdagar?

(det er mange som lurer på korleis eg kan gjera så mykje ingenting som eg gjer, og det er fordi me har skule maks tre dagar i veka, og eg er så lite motivert at eg sjelden står opp for å gå dit. det er kjipt og eg vil ikkje ha det sånn så imorgon tvingar eg meg sjølv til å gå. berre i tilfelle de lurte. liksom.)


my third letter to my boyfriend: today i am still amazed by my new lipstick, bought new flowers, ate pasta and chicken salad for dinner with tea afterwards, made a bird barette for my hair and wrote postcards for some nice people.

<3

i dag, etter å ha vore i senga til halv seks, fant eg og han der fine ut at me måtte komma oss ut litt i frisk luft. me gjekk for kakao, men der var det stengt og me endte opp på tea lounge på birkelunden.
<3
der hadde dei drueklaselamper i taket.
<3
<3
og dei mest fantastiske(holdt på å skriva med store bokstavar no) maleri/teikningar på veggane. dei som jobba der kunne ikkje oppdriva eit navn til meg, er det nokon som veit kva kunstnaren heiter?
<3
her er min kopp med te, det er darjeeling og den var middels god.
<3
finast i verda. jamen på ordentlig altså.
<3
og her er meg under eit av dei finaste maleria. eg hadde ein paraply i håret, men den er det ingen som ser. me satt innerst i kroken og kyssa i ein time. fint med mørke hjørne sånn sett.

hadde de fine marstorsdagar?


my thursday was staying in bed until half past five and then going out to get tea and making out in a tea lounge. <3

han ler og verda føles ikkje så tung likevel.



i natt fekk eg ein telefon fra ein fin som hadde forsove seg langt forbi der han skulle av og var på veg til oslo. tenk så fint. åh. klokka halv seks i dag tidlig peip eg når han låste seg inn og me ligg fortsatt i senga. håpar de har like fine marstorsdagar som meg. var berre det. suss!


my boyfriend, very unexpectedly, came home very early this morning and i am very happy about it.

andre brev til han der fine

hei, fina. no er du på sandane utan meg og det føles litt rart at du kanskje står i eit klasserom akkurat no og snakkar om nynorsk, på min gamle skule, blant mine gamle lærarar. i natt sov eg ingenting og i dag sov eg til klokka var kanskje halv tre. da rydda eg og vaska klede(utenom gensaren din eg brukar som pute). klokka fem gjekk eg ut(for det var fortsatt sol ute, tenk det! også er ikkje du her eingang).
second letter to my boyfriend.
eg gjekk til den lille kokosbollefabrikken, kjøpte ein kokosbolle og åt den på veg heim. ho dama som jobbar der er så supertreig men søt likevel.
second letter to my boyfriend.
på veg heim møtte eg ein katt og han var heilt ålreit til katt å vera. eg prøvde å snakka med han men han ville ikkje snakka med meg, han ville berre ligga der til sola gjekk ned og det kan eg jo forstå. rart å vera så einsam at ein snakkar til kattar.
second letter to my boyfriend.
eg kjøpte ein melkeliter og reiste heim og no skal eg laga middag og sjå film og venta på at det kanskje skjer noko. kanskje brannalarmen går, det ville vore veldig spennande. avisa fra søndag ligg framleis utanfor døra, eg orkar ikkje løfta den opp, og kinesarane har fisk i dag så det luktar i heile gangen. eg saknar deg. suss.



my second letter to my boyfriend saying what i have done today: bought and eaten a coconut cake(i have no idea what its real name is), talked to a cat who didn't talk back, and now i'm making dinner and watching a movie. i miss him very much, specially since the sun was out for such a long time today.

første brev til han der fine.

(eg og han der fine er vekke fra kvarandre i to veker no og det er uutholdelig. så derfor lanserar eg ein bloggserie med brev til han gjennom dei neste to vekene. det kan vel bli fint vel?)

hei, fin!
i dag har eg gjort mykje forskjellig og her er litt av det:
letters to him.
smoothie til frukost(må hugsa å kjøpa brød i dag, er så lei knekkebrød og pesto).

letters to him.
lest bok og drukke te i eit par timar på senga.

letters to him.letters to him.
skrive i den nye moleskinen for mars. den er rosa og fin og lykkelig og den skal bli så fin med mine pennar.

letters to him.letters to him.
hatt augestikkar i håret og masse rosa i kjakane.

letters to him.
skrive eit lite bokstavbrev til deg.

eg håpar du har det fint og saknar meg og at du ikkje blir altfor oppgitt når eg ringer halv seks om morgonen og ber om at du syng litt for meg. su(perduperdupersu)ss.


my boyfriend and i aren't seeing eachother for two weeks and so i'm writing him letters through my blog. this was just to tell him what i have been doing today: smoothies for breakfast, reading books and being very happy to start my march moleskine.

kyss.




bileta er linka til kjeldene sine

det kunne vore forsiktig på augeloka eller bak kneet, på håndleddet. det kunne vore på pulten din, på kjøkengolvet midt på natta medan me flytta ord til å passa på kjøleskapet. det kunne smakt peppermynte eller pesto, varmt eller kaldt. det kunne vore heilt under dyna heilt under mørket eller i dusjen. det kunne vore medan eg las ei bok og du låg i fanget og det kunne vore på ein fest i ei framand seng. det kunne vore kva som helst men helst skulle det ha vore akkurat akkurat no. (saknar deg)



about missing my boyfriend(he's not coming home in two weeks) and wanting to kiss. images are linked to their sources.

<3

me pussar tenner samtidig og eg spyttar på tannbørsten din og seier ops men da tar du min istaden.

framtid:

pastellgrøne skyer over eit teppe i hagen, blautt og klissete fordi det ligg små vassdropar i lufta, akkurat nok til å gjera ei sommarnatt utholdeleg. du set deg opp på albogane så du ser litt viktig ut og nynnar på ein song du har skrive for lenge sidan, eg nynnar med og du blir alltid like overraska over at eg faktisk kan dei. eg kan dei, eg har høyrt dei millionar gonger, dei spelar på repeat i hovudet. me går på eit galleri og skjønnar ingen av bileta så me går på handikapptoalettet for å kyssa istaden, du løftar kjolen min akkurat nok til at eg blir beskjeden og me går tilbake til utstillinga, latar som om me har sett alt før, som om me har champagneglas i hendene. går som om me er redde for å snubla overende med ti centimeter hælar, men eigentleg går me berrføtt med skoa i veska. eg kviskrar "ikkje dø" kvar gong du går heimefra fordi eg meinar det og du veit og skjønnar at eg meinar det så du held hånda over hjartet mitt lenge nok til å kjenna at det slår kanskje tre gonger, lenge nok til eit kyss. du står i kjøkenet og kokar pasta. du gløymer deg og tømmer varmt vatn på foten og eg skyndtar meg for å blåsa blåsa blåsa også et me middag der, uten sokkar og strømpebukser, på golvet på kjøkenet, berre pasta og ketchup og alt anna i rekkevidde. eg er hysterisk for noko du ikkje fekk med deg men du held meg så hardt så det ikkje blir rom til å vogga fram og tilbake og du forstår ikkje kva eg seier fordi eg snakkar i gåter men du forstår akkurat nok. me har latterkrampe på golvet fordi eg brukar dei siste pengane eg har på vin, fordi det er så altfor typisk meg og det har blitt så typisk deg å berre le og påpeika at når me blir voksne nok skal eg berre få lommepengar(akkurat nok til eit par glas om dagen, du gjennomskuar meg når eg har lilla tenner). eg teiknar rebusar på ryggen din medan du søv og når du vaknar løyser du dei spegelvendt på badet og ler høgt for deg sjølv så eg vaknar.



love love love.

gjesteinnlegg om å vera ei løve (han der fine om kjærleiken).

av og til får ikkje mariell sova. eg får alltid sova, men mariell får av og til ikkje sova. og det er ikkje alltid eg klarar å halde meg vaken for å halde ho med selskap, så då sovnar eg. for nokre veker sidan hadde me ei slik natt. og grunnen til at eg skriv om det, er fordi at den natti hende noko av det vakraste som har hendt meg på svært, svært lengje. det hadde vore ein tung kveld, mariell hadde hatt problem med søvn lengje, og var mykje trøytt. me hadde ete spaghetti til kvelds, kvifor eg hugsar det, kjem eg attende til. men me skjønte at ho ikkje kom til å få sova denne kvelden heller, og eg skulle opp tidleg morgonen etter og laut sova. eg hadde ilt av ho, men kunne ikkje gjera så mykje med det

.

då eg vakna morgonen etter, låg ho ved sida mi (der ho høyrer heime). og eg tenkte; «heldigvis fekk ho sova likevel». det fann eg snart ut var feil, men eg trudde det eit par minutt. eg strekte meg, sette meg opp på sengekanten og helsa på dagen. tufla naken ut i gangen, i retning badet. då eg opna badedøri, vart eg fullstendig overvelda og ganske forfjamsa. dei vanlegvis kvite flisene var dekte av svarte teikningar, og eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. eg gjekk inn for å sjå nærare på kva det var for noko.  

 

det fyrste eg såg var ein pyramide, på høgre sida i dusjen, teikna med eyeliner. den starta øvst med eit hjarte, med eit smilefjes inni. Under det, sto det over tre fliser «M + J».  slik heldt det fram til det på nedste radi sto «M + J = » og så eit hjarte med eit smilefjes inni til slutt.  

 

det andre eg såg var ein hangman, på venstre sida av dusjen. det var tre ord, eit på to bokstavar, eit på seks og eit på tre. bokstavane e, s, k og r var fylte ut, slik at eg skjønte at det skulle stå «eg elskar deg». ved sidan av var det ein galge med ein litt utfylt mann og bokstavane x, s og o. av og til gjettar ein jo feil. 

 

på venstre sida av inngangsdøri, var det ei teikning av eit fjes. to lausvipper var limte opp til auge, nase og munn var teikna. kjakane var rougeraude og heilt runde. ved sidan av sto det; «eg får ikkje s o v e»! 

 

på høgre sida av inngangsdøri var det eit lite kryssord. nedover sto det «l o v e». bortover sto det «l ø v e». dei møttest på v-en. ved sidan av var det teikna eit fjes, med små prikkeauge, brei nase og dreads. etter kvart skjønte eg at det var meg med løvefjes, fordi attmed sto det «du søv!». 

 

under knaggane, delvis skjult av handduken, var det ei lita teikning, av noko som såg mest ut som krussedullar ruska saman. ved sidan av sto den forklarande teksten «spaghetti i magen din». 

 

ein kan sjølvsagt diskutere kor mykje noko slikt betyr. for meg betydde det alt. eg har fått behalde nokre av teikningane, slik at eg kvar dag når eg står opp og før eg legg meg, kan bli mint på at eg har nokon som elskar meg. nokon som elskar meg nok til at når dei skal tagge ned badet i søvndesperasjon midt på natti, er det med skildringar av kjærleiken vår. for meg gjer det den heile forskjellen. å få vera nokon si løve, sjølv når du søv.

 

 


om å få knagg på badet.

ein vinterdag for litt mindre enn fem år sidan: lilla evig langt hår, misfarga etter litt for mykje innsats, svarte klede, kåpe som var fire storleikar for stor. i ein bokhandel med ein med pianohender og hjartet mitt banka så hardt at eg kunne høyra det(sosial angst var på den tida ein stor faktor i livet mitt, og tanken på å sjå kassadama i augene var knusande og avskrekkande). me ventar, eg og han der fine(med glatt hår), på foreldrene hans som eg skal møta for første gang, eg har tusen ting spinnande i hovudet og klamme hender. dei kom og me håndhilste og i bilen heim snakka dei om søstra til han der fine, journalisten, og broren, kirurgen, og baki stod den nye pianokrakken til pianoet i stova som har minst fire meters takhøgde i huset som står på den enorme tomta til familien med det store navnet som er så kjent for alle eg kjente. dei snakka om grammatikk ved middagsbordet og las bøker eg ikkje forstod tittelen på. dei spurte meg om ting og eg svarte med einstavelsesord og eg tenkte at men herregud, her kjem eg aldri til å passa inn. aldri i livet.

&det tenkte eg lenge lenge heilt til eg våkna ut av ein koma av gjørme som eg hadde laga heilt sjølv(fordi det var det eg var vant til, å ikkje passa inn men alltid vera den som sparkar småstein aleine). for etter ei stund innser eg at dei er menneske, dei óg. ikkje på nokon måte bedre eller verre enn andre menneske, dei har vore små foster og små hjelpelause babyar, dei er brødre og fedre og sønner og bestefedre, og døtre og mødre og søstre og bestemødre og barnebarn, akkurat som eg er og skal bli. (for tenk kor fint det egentlig er, å få eit sett med ekstraforeldre og ein ekstrabestefar og ekstrasøsken og nokre små i tillegg) og da legg ein merke til personane bak dei skremmande laga som ein maler på kvarandre. for da er dei berre personar. personar som elskar og ler og sørger og gret. personar som ser på tv til to om natta og køyrer seg ville i byen og svir lauken til middag ein onsdag og har oversvømmelse på badet. dei har knaggar på badet heime hjå han der fine, knaggar som er akkurat like store som min. og dei er min familie.


about my new family(aka my boyfriends family).

velkommen heim/velkommen tilbake.

velkommen heim ropar alle banneord eg kan på flytogterminalen på gardermoen, for herre-herregud så kaldt det er. køyrer toget i det som verkar som ein evighet, mimrar augneblinkar frå berlin og frustrasjonar, stoppar i lillestrøm og dama seier at ein må gå ei dør fram for dei andre har fryst fast, det spelar ingen rolle for oss, me har eit stykke til. toget køyrer igjen, eg blir overvelda av ein lykkefølelse, nesten berusa, av å vera tilbake i oslo og innser meir og meir at eg elskar den. toget køyrer inn på eit anna spor enn den skal, ikkje så nøye, klemmer hedvig farvel på oslo s, kjøper billettar og smyger iveg til trikken så fort ein berre kan smyga. halvvegs til brugata ringer han og seier jamenkvarerdu? og eg seier på trikken og han seier jamen eg står jo her og ventar på deg. hoppar av trikken på brugata og ser nedover. på andre sidan av gata er det ein reklame for airberlin og eg smiler fordi det er litt ironisk. trikk søtten, nei. enda ein trikk søtten, nei. så kjem trikk tolv og på veg forbi skimtar eg dreads og klarar ikkje å ikkje smila hysterisk. han har gul sløyfe på og kom for å bæra bagasjen min og sussa meg velkommen heim. me køyrer trikk saman tilbake, og på veg fra trikken og heim stoppar me for å kyssa berre fordi me ikkje klarar å ikkje gjera det uansett kor kaldt det er. ved døra seier han kan du ikkje grava i snøen litt der? og eg seier jamen det er kaaldt! men gjer det likevel. ei bøtte med mint-is, min favoritt. me går inn i heisen og kyssar meir, han låser opp døra og sjølv om det er mørkt kan eg sjå at han har rydda og vaska og gjort det fint til min heimkomst, og på bordet står ferske blomar og paddington for å ønska velkommen. på kjøkenet står ein middag nesten klar og eg ser ut som ein idiot som berre smiler og ikkje klarar å slutta.

me ser krim og han sovnar og eg tenkjer at herregud så deilig at alt er tilbake til normalen.

velkommen tilbake eg skriver ned orda ovanfor i mi nye moleskine-dagbok som er så vakker så vakker sjølv for meg som hatar struktur, eg ser ned på den nye kjolen min som ser ut som små drops og minnar meg om ein fin by eg nettopp har blitt kjent med. eg åpnar glasdørene ut mot oslo og tar bilder med det nye kameraet mitt, har ikkje sokkar på men det går akkurat. det piper inn ein melding der ingvild skriv at ho er på oslo s ti på halv tre. eg tenkjer at det er trist at det er mange som har sjekka ut herfra den siste månaden, men ein må berre ikkje tenka det og heller tenka at eg har hatt ei vidunderlig jul og ein vidunderlig reise til berlin, men no er det på høg tid at eg prioriterar hjartesmil-huset og alle dei som bur her igjen, og eg gler meg til eit nytt år med kjærleik, kjolar, kaleidoskop og kamera med alle små lesarar. eg håpar mange fleire flyttar inn hit og at me aldri kranglar men berre har det bra og skriver dikt på baksida av kvitteringar. at me reiser på tur saman og oppdagar nye plassar å krypa inn når det blir for kaldt i skoa eller for varmt i skuggen.


yesterday my boyfriend greeted me back from berlin with fresh flowers and wearing a yellow bowtie, today i am thinking about how much i love oslo and how much i love my blog readers.

me køyrer nattbuss.

eg køyrer nattbuss og eg undrar kvar han skal. tenkjer han på nokon som ventar eller ventar han sjølv? veit han at eg ser på? kva høyrer han på? er det stravinsky? eller yann tiersen? han har blondt hår med krøllar berre heilt i tuppane og augene er grønne som brokkoli. som store klinkekuler. han har på seg ei rutete skjorte og syr eit hol i buksa medan han mimar orda til musikken sin.  eg skulle ønska nokon ville laga oss i pappmasjè, låsa oss inne i eit hus der me ikkje kunne reisa ifrå fordi det ville vera det same som å rulla av kanten til heile jorda, å godta døden som eksistens. eg ser på han og lurer på korleis han ville sett ut i senga mi, korleis han luktar utan skjorte på. om han ville bygd fort av tepper og puter med meg og vore våken med meg heile natta for å lesa emily dickinson og snakka om sylvia plath sitt liv. så hugsar eg at han ikkje veit at eg eksisterar, at eg berre fantaserar og at eg må slutta å forelska meg i framande.

om sakn.

når folk snakkar om sakn seier dei at dei har vondt i hjartet, at dei har hjartevondt, at hjartet lengtar. eg elskar hjartet i si fantastiske anatomiske form, men for meg stemmer det ikkje at smerten frå sakn bur i brystkassa. for meg ligg den i håndledda, og eg har brukt lang tid på å finna ut kvifor men no skjønnar eg. eg bøyger håndledda når eg snurrar håret hans i fingrane når me sussar og når det er kaldt brukar eg håndledda som krokar for å dra han heilt inntil, så tett som det ikkje går an. når eg klemmer han hardt hardt bakfra medan han spelar piano. når eg sjølv prøver å spela, når eg snakkar i telefonen med han og han er altfor altfor langt vekk(sjølv om det berre er ein time). 

håndledda bøyger seg. utan han hadde håndledda mine vore heilt beine, eg hadde ikkje kunna kle på meg sjølv eller laga mat eller skifta kanal på tv. for alltid på history channel og for alltid miserabel. difor er det fint å ha den finaste kjærasten i verda, så eg kan stå på hender og kjevla pepperkakedeig og legga eyeliner med tre prikkar. 

pianokjærleik. (&første video)


(sjå her om de ikkje får opp videoen)

ikkje for å seia kor flink kjæresten min er til å spela piano(for det er tredje gongen han spelar denne sangen for meg og han hadde ikkje notar men berre hukommelsen, & eg har lovd han at han skal få spela noko han likar å spela også kan eg legga det ut om de vil? for han er verkeleg heilt vidunderlig), og ikkje for å seia kor god kvalitet det er på min nye mobil sitt kamera(lyden er litt skeiv, det er ikkje pianoet som er surt), men for at de kan tenka kor fint der er å kunna setta seg ned på golvet i nye varme sokkar og seia "spel den sangen" også seier han "den fine franske med langt navn?" også seier eg "ja. kom igjen, da". også spelar han den og i to minutt er det ikkje så nøye med sju minusgrader eller mislykka pepperkakehus.

ps: for dei som ventar kjem det snart eit gjesteinnlegg fra han, altså. lovar.


my boyfriend playing my favorite song on his piano(important information: no sheet music and he has only played it two times before).

gjesteinnlegg ein.

dagen før eksamen, og eg skal skrive gjesteinnlegg. for fyrste gong vera nokon anna enn han som smiler og kysser og står bak kamera når mariell er på biletet. eg kjenner at dette er litt skummelt. 

 

eg vart overvelda av kor mange forslag de hadde til kva eg skulle skrive om. eg vil spesielt framheve «Å ja, slipp han løs! (Men ikke for mye, for bloggen er din og derfor så fin)». eg er så einig, og så fint sagt! ei perfekt daktylsk setning, som eit lite musikalsk dikt. ver ikkje redde, eg skal ikkje bli lengje i kveld. eg har enno att ein god del å lesa til eksamenen min (som er om akkurat nesten ti timar) og det tek til å bli seint. men ut frå det de bad om og kva eg har lyst å skrive om, trur eg vi gjer det slik: eg skriv gjesteinnlegg tre søndagar framover, ikkje nødvendigvis med ein gong men kanskje. fyrst kan eg skrive litt om musikk, så litt om turen min til palestina og palestinarane før eg til slutt skriv litt om livet her og det å bu saman med det skjønnaste, galnaste, merkelegaste, snillaste, sterkaste og vakraste mennesket eg nokon gong har treft.

 

eg skal ikkje gå inn på det her - sidan det kjem i det siste innlegget - men eg trur faktisk ikkje de er klar over kor heldig eg er. som de veit - så er det berre fragment av kvardagen vår som dukkar opp her på bloggen. tusenar av små ting ho gjer, setningar ho seier, bidreg til at eg aldri, aldri kunne førestille meg korleis eit liv utan henne kunne vera. eg kan aldri forklara for dykk akkurat korleis det kjennest for meg - så sterke ord har vi ikkje ein gong på nynorsk - men kan hende kan eg gje dykk eit lite innblikk.

 

alt godt!
jostein  

 

ps: dersom nokon lurer på kva ein daktyl eller ei daktylsk setning er, så er det når stavingane er organisert slik: «tung-lett-lett», slik som «PÅL sine HØner på HAUgane SLEpte». syng, så forstår de.


grunnar

tre grunnar til at han der fine er fin å bu med:

han har ein indre konkurranse med seg sjølv om kor mange bretta mjølkekartongar han får oppi éin kartong.
han må ha noko grønt på maten og bryr seg ikkje om smakane ikkje passar fordi det er prinsippet som er viktigast. basilikum på kjøttkaker går fint.
han pyntar med julepynt i leiligheten sjølv om me ikkje skal vera her i jula fordi leiligheten skal ha det fint.

hei.

eg ville berre sei eit lite hei før eg og han der fine går ut for å eta ein fin middag på vår femårsdag. i dag er det fem år sidan mi beste venninne berre visste at no var me blitt kjærestar, eg og han med det lange håret, før eg i det heile hadde sagt det. i dag nyter eg fem år med kjærleik samtidig og eg håpar de har det fint der ute i verda óg.


translation
today i am enjoying five years with my boyfriend.

å. å. å.

mariell
sjå! catharina solli har teikna meg. eg dør. så fint. tusen takk!

om kvardagskjærleik

eg søv og våknar av ein lukkar på eit kamera som bråkar, han fotograferer meg medan eg søv igjen. eg teller føflekkar på ryggen når eg ikkje får sova. førtisju kom eg til, men det var sikkert fleire, han flyttar på seg og eg kjem heilt ut av det. prøver å tella dreads, det blir berre tull. teller år. fem.

(mange spør meg korleis det er med kjærleiken etter å ha flytta i lag, og eg forstår at ein kan vera nysjerrige på det, ein må jo lura på korleis kvardagen faktisk er, om ikkje alt har endra seg, om ikkje me kranglar forferdelig mykje?) ingenting har forandra seg, overraskande nok, for til og med eg skulle trudd det. me er til og med meir harmoniske no enn me var då me ikkje budde ilag. for meg handlar kvardagskjærleik mykje om å berre kunne vera i kvarandre sitt selskap. me jobbar på kvar vår pult, og sånn ein gang i halvtimen blir ein av oss akutt kosesjuk så da sussar me litt også er det tilbake til jobbingen igjen.

rytmen i dagane går som dei alltid har gjort, me våknar, sussar litt, han reiser på skulen, eg sullar rundt og reiser etter kvart på skulen óg, eg kjem heim først og ryddar i fem minutt, han kjem heim, me lagar middag, me ser middag medan me ser ein fin tv-serie(folk trur at par som ser tv under middagen er ulykkelige, men det er berre ei myte), kanskje csi eller dexter eller pushing daisies, vaskar opp, så reiser han for å øva piano eller på eit møte og eg blir sittande med bloggarbeid og mailskriving eller skissing til fotografering(for eg teiknar no, har eg gløymt å seia det?). så kjem han heim igjen, me lagar ei kanne med te og ser kanskje ein film eller snakkar om prosjekt eller ting som folk snakkar om, framtida og musikken og kunsten, om nyheter og folk rundt oss. så legg me oss(av og til, om eg er for trøtt, pussar han tennene mine i senga og det er det raraste og søtaste som fins), me sovnar som oftast i skjei eller i ein halv klem og så søv me. av og til våknar me klokka fire om natta også nasenussar me og kniser fordi me søv men er litt våkne likevel.

og sånn går dagane, det er ingenting ekstraordinært med det, for det er berre kvardag, og det er sånn det skal vera. men av og til kjøper han billettar til den nye disney&pixar-filmen og kjøper sherbet fountain fordi det er min favoritt, eller eg tar han med på haustplukking og for å hilsa på endene. kanskje reiser me ut berre for å eta dessert eller smoothie på daqota, sitta i flysetene og tenka at me er så heldige så heldige. alt i alt er det sussane og klemmane innimellom som gjer det så spektakulært å leva. det tykkjer eg i alle fall. og i helgene kan ein sova lenge.

kva tenker de om kvardagskjærleik?

om det varme i magen når han låser døra

eg har ei lang historie med å føla meg utrygg. i huset der familien min budde før sneik eg meg ned trappa mange gonger for natta for å sjekka at døra var låst, at alle vindauga var lukka, at lillesøster var der. på barneskulen såg eg rundt kvart hjørne for å unngå dei som ikkje ville meg godt. før eg flytta frå det nye huset var eg redd fordi det ikkje var altfor vanskeleg å setta ein stige opp mot vindauget mitt for å klatra inn(for det hadde eg nemlig gjort sjølv mange gongar). på vidaregåande levde eg i konstant usikkerhet på grunn av ein husvert med fullstendig mangel på respekt for privatlivets fred. men her i tolvte etasje fins det få bedre følelsar enn det varme i magen når eg høyrer i halvsøvne at han låser døra når han går, berre så eg skal vera trygg når eg søv ein time til.

lykke.

han der fine er heime no, eg har fått fine gåver og me har kosa i heile heile heile dag. me har sove og strykt på ryggen og sussa og sove litt meir. no skal me ut på restaurant og la laurdagskvelden glippe mellom hendene våre der. eg er fin kjærestejente men ikkje så flink hjartesmil i dag, så her får de tre bilder som er fine og som er lykke.

3613994286f7d74edfb7o
3942681489c49c89b70f
bilde 1

ps: v for vendetta går på viasat fire i kveld klokka fem over halv ti! suss til alle som ser den og suss til natalie portman.


translation
my boyfriend is back from palestine, hence the bad blogging. i hope you all have smashing saturday nights.

ou. ou. ou.

bilde 1
kjelde.

eg har så vondt i hjartet mitt akkurat no, det er nesten som om det er små mus som gnagar i kantane på det. han der fine har nettopp reist til palestina og skal vera der ei veke. det er så stille her, ein høyrer små kryp i veggane som ikkje er der. heldigvis er den neste veka fullpakka. akkurat no er det derimot berre vondt. så eg flyttar ut herifra i dag og kryper kanskje tilbake i kveld. håpar de får fine laurdagar med smil og kyss.


translation
my boyfriend left to palestine today, so i'm having a sad saturday.

i sånne augneblink der ein innser kor rett det er.

når han pussar tennene mine fordi eg er for trøytt til å gjera det sjølv. når han setter skoa våre annakvar i gangen. kvar gong eg får ligga innerst berre fordi eg spør. kvar gong han er vaken i fem minutt ekstra berre for å forsikra meg om at det ikkje er nokon som kjem til å rappellera frå taket og inn i leiligheten mens me søv. når han droppar å reisa på konsert fordi eg har ein fantastisk dårlig dag. når han ikkje spør, men berre stryker meg i nakken akkurat sånn. når han ikkje tykkjer eg er teit som vil ha bart, men heller teiknar ein på seg sjølv óg. når me kan sitta ein plass og berre snakka snakka snakka fordi me er bestevenner. når han elskar babydinosaurlydar.

(to die by your side is such a heavenly way to die)

om avgjerande sekund i eit liv

skin

natt til niande november totusenogfire:
eg leser ei bok. er ikkje sikker på kva bok det er, er ikkje nøye heller, eg fekk sikkert aldri lest ho ferdig, sikkert ei dårleg bok. eg har hatt den verste dagen i mitt liv så langt og ventar på at han skal ringa, han som eg så langt har måtta holda heilt for meg sjølv. han som spelar piano til meg i timevis på natta og får så himla store telefonrekningar. eg som sniker meg inn på mamma og pappa sitt soverom kvar natt for å stjela telefonen til pappa. såvidt innanfor dørstokken, strekker kroppen min så lang den berre er og smyger den stille av nattbordet.

han ringer og eg forteller om dagen min, om korleis dei såg på meg og korleis eg følte meg og korleis eg berre vil forsvinna, føla at eg er som ei bølge i eit hav, det største havet, kva heiter det no igjen? stillehavet, seier han. han snakkar om tolkien, han bør eg lesa, eg tenker blablabla slutt å snakk om bøker versåsnill. me snakkar om foreldre og religion og døden. og plutseleg seier han berre "er me saman no?" og eg seier "eg trur det". (sånn gikk det til, altså. eg sa ja på ein augneblink og eit par månadar seinare var eg hekta for resten av livet på den lukta av han når han kyssar og korleis haka mi passa perfekt i halsgropa hans. berre sånne små ting får sprettballar til å spretta, de veit.)

skin

om september og om kvifor eg elskar hausten

no er det straks september. sist vinter tenkte eg at det aldri kjem til å bli haust igjen, det kjem for alltid til å vera kaldt og slapsete og etter det blir det berre fæl sommar der det er altfor varmt og eg vil berre vera inne og det er altfor masse folk i dette landet om sommaren. no er det september, i alle fall etter nokre timar søvn. og haust. med milde fargar og store blad å gøyma seg i og hysterisk regn og raudvin og innekveldar med heimelaga kakao og støvlar og nye klede og at det er kaldt om morgonen. hausten er det som er nytt og ny inspirasjon. og eg er alltid lykkeligast om hausten, og her ein dag sa det knips! no veit eg kvifor. nettopp fordi,

 ein sussar meir om hausten.

one to one

34119779595eede6c1e5bilde 2
bilde 3

mi nye favorittgruppe på flickr er one to one. så himla romantisk og fint. akkurat som meg. suss.

translation
my new favorite group on flickr: one to one.

plimplimplom

i dag tenkte eg at de skulle få stilla meg spørsmål om kjærleik, sidan det virkar som det er mange som lurer på saker rundt det. så spør, da. om min kjærleik og om din eigen kjærleik eller kjærleik generelt. suss.


translation
today i'm letting you ask me the questions you want about love!

onsdagar

04. hjartet dunkar, springa heim frå skulen med epleskrottar i veska. han er på veg. han er på veg. for fyrste gong. eg må heim, eg må heim, må rydda, må dusja, må forbereda mamma og pappa på ein som kjem med langt hår og rutete skjorte(kanskje che guevara på brystkassa). ein halvtime i fullstendig rydde- og dusjepanikk. så ringer det på døra og hjartet mitt stoppar, hoppar. håndhelsar på pappa, helsar på mamma. (på dette punktet er eg så himla flau) eg tar hånda hans og geleidar han opp på rommet, eg har redd senga, spelar pink floyd, eg luktar passion fruit og laura. eg er fjorten år og forferdelig forelska. me ser i taket, flettar hender og sussar(eg hugsar akkurat korleis han lukta akkurat den dagen, han luktar litt annleis når han sussar) i to timar. så går bussen hans og hjartet mitt knuser fordi det er ei heil veke til neste gong.

09. vaknar av at han sussar augeloka mine. me deler kjøleskap, deler dusj, deler postkasse. deler kjærleik og snart fem år med historiar og kaleidoskop. å, den kjærleiken.

om gutar som knuser hjerter

det er så mange knuste jentehjarte i verda. knuste av gutar som først fekk ho til å føla seg spesiell, som om ho hadde sommarfugler i håret og hjarteteikningar på knea. han malte heile kvardagen med glitter og gav ho hoppestokkar som framkomstmiddel. etter ei lang stund gjer det på uforklarlig vis så vondt at ein berre vil gøyma seg under blomsterlaken og aldri aldri aldri meir snakka med gutar. bli lesbisk eller bli einsam eller berre forsvinna. men det er ikkje lov. det er ikkje lov å gøyma seg. det er lov å ha det vondt, men tenk kor mykje finare det kan bli med ein som ikkje er dust. med ein som ikkje skriker eller dyttar eller terroriserar deg med stillhet. det er ikkje kjærleiken sin feil, det er han. og det seier eg fordi eg er talsperson for kjærleiken. kjærleik gjer ikkje vondt. så om du er lei deg, tenk kor mange gutar sine nakkar du ikkje har kyssa enda. tenk kor mange gutar sine krøllar du ikkje har tvinna rundt fingrane dine. tenk kor mange gutar som ikkje har løfta deg og snurra deg rundt. også kan du sei meg at du trur på kjærleiken.



(og nei, eg tykkjer ikkje alle gutar som slår opp med jenter er slemme. berre slemme gutar. berre så de veit. det er nemlig berre så mange jenter som mailar meg med knuste hjarte og det er så himla leit.)

hjarte.


i dag fekk eg ein mail som fekk hjartet mitt til å hoppa. eg elskar når de sender meg mail om kjærleik. som oftast er det knuste hjarter eller gutar med frekner som ikkje ser dit dei skal sjå, men når eg då får ein slik mail så hoppar hjartet mitt.

"Jeg ville fortelle deg litt om min store kjærlighet :)

Jeg er forelska. Jeg er skikkelig forelska. Han er den fineste i hele verden og jeg får et skikkelig trykk inne i brystkassa mi bare jeg tenker på ham. Han har de peneste hendene som passer perfekt i mine og jeg går meg vill i øynene hans. Han blåser i verden rundt og kysser meg midt på åpen gate. Han lager middager til meg og stryker meg på ryggen når jeg sover. Han forteller meg at jeg er fantastisk og han får meg til å føle meg som den heldigste i verden, noe jeg også er. Han er trønder, og også den søteste i hele verden når han sier "sainnjt, ja?". Han har verdens fineste smil og utrolig skjønne øreflipper.

Jeg er forelska. Jeg er skikkelig forelska."

gratulerar med kjærleiken, pia. nyt den. suss! god natt, finingar.

romance.

ein av mine favorittfotografar, chris craymer, har nettopp gitt ut ei fotobok med tema kjærleik. boka heiter romance, og det kunne ein jo ikkje la gå hus forbi her inne. den er full av sussar og smil og klemmar og kjærleik. og sånt kan ein ikkje sei nei til.
bookpage08
bookpage11
bookpage28
bookpage36
bookpage51
bookpage78
bookpage89
bookpage93

denne boka gir meg sommarfuglar i magen. å å å. gjett om eg skal gi ut ei sånn bok ein dag, da. om det fins gavmilde sjelar med for mykje pengar der ute ønskar eg meg denne.

translation
chris craymer is a photographer who just published a book called romance with portraits of love. it gives my belly butterflies.

til hausten

snart er det haust, berre sjå
img0127
(eg fann det ute i går og eg hylte nesten.)

og når det blir haust kjem denne filmen


og denne filmen


og eg skal varma meg på denne serien
treatment two
(den er verkeleg heilt fantastisk! den går kvar vekedag på nrk2 klokka halv ti)

og eg kan endeleg få råd til å kjøpa ei av desse
yhst6092856769761220644183511


og ein må spara til alle kjolane ein vil ha
84045front203
frå odd molly.

il430xn73423610
frå etsy.

og vottar
30780332front110
frå odd molly.

og om ein har råd, ei ny kåpe.
41210830front498
frå odd molly, den óg.

og ein kan prøva å finna den perfekte broderte cardiganen
il430xn70638875
frå etsy.

og ein må ha seg nye strømpebukser
tights6
frå wholesale tights.

og finna fram raudvinen
doppio passo


og kjærleik. såklart.

korleis blir din haust?



translation
this autumn will look like this: these movies and this new tv show(in treatment). maybe i'll finally be able to buy one of these bowls. maybe i'll save up enough money for some of these clothes. and red wine! and love.

suss!

497060303df82a8d2d6
8135768650ac6cb3d92
33904604010f481153cd
3596703292e78d34f3ac
371821428674ef652d0a
bilde 3

bilde 2bilde 1

var ikkje det ein fin start på dagen vel?

altså.

nehei, altså, veit de kva. no saknar eg kjærasten min så mykje at eg held på å sprekka. tenk at eg ikkje eingong har høyrt stemma hans sidan måndag morgon, tenk at eg ikkje skal få sussa han før på laurdag. men tenk at på laurdag er me sambuarar for fyrste gong. å. å. kjærleik.
32715479895bfc563e94
32292361048b6e383ecb
32282530194b777fbc4d
3332921888c675d3bd4a

fortel meg noko fint om kjærleik, ver så snill.

translation
i really really miss my boyfriend in a very childish way. on saturday we are moving in together!

om lykke.

de fekk jo bli kjent med min beste venn her i verda denne veka, ikkje sant? ja. ein kan vel gå så langt som å seia at ho kun har vore saman med idiotgutar i heile sitt liv. og difor er eg så lykkelig akkurat no. for ho har ny kjæreste og han er faktisk fantastisk.
02080912
me lagde pasta frå botnen. egg + mjøl + olje + salt også har me ei pastamaskin, så me laga deilig pasta heilt frå botnen, og den var verkeleg heilt fantastisk herleg.
02080913
me drakk vin, både kvit og raud, og me snakka om alt mogleg i heile verda. me snakka om å reisa, om verda, om stortingsvalet, om det norske skulesystemet, om musikk.
02080916
02080917
så ville ho dansa litt til michael jackson, og det fekk ho lov til medan me såg på. fint, tykte eg.
02080919
og berre tenk. min beste venn i heile verda er så sinnsjukt forelska. og det tykkjer eg at ein skal feira, når den rette kjærleiken endeleg kjem. og eg tykkjer han er perfekt. er ikkje det berre vidunderleg? jo. det er det.
02080921
og difor er eg så glad. eg smiler for kjærleiken.

(trine marie: eg elskar deg og unnar deg alt godt i verda. og håpar han sussar deg medan du søv i natt.)


translation
my best friend is in love, and we celebrated that tonight. with home made pasta with pesto and wine in our glasses. here's to love!

eg ville berre at de skulle vita..

..at i dette sekund er eg så lykkeleg at eg held på å sprekka.

så himla fint.

i wanted so badly to lie down next to her on the couch, to wrap my arms around her and sleep. not fuck, like in those movies. not even have sex. just sleep together, in the most innocent sense of the phrase. but i lacked the courage and she had a boyfriend and i was gawky and she was gorgeous and i was hopelessly boring and she was endlessly fascinating. so i walked back to my room and collapsed on the bottom bunk, thinking that if people were rain, i was drizzle and she was hurricane.

(john greene, looking for alaska)

om kjærleik i kvardagen

uheldigvis er det noko som heiter kvardagen. noko som er så kjedelig som å skulla gjera noko fornuftig åtte timar om dagen. da er det vanskeleg med kjærleiken av og til. og det verkar som mange trur at eg og han der fine bur i ei eventyrverd der me ikkje treng å jobba eller tenka på skule, men berre er saman heile heile heile tida. og det er feil. kanskje bloggar eg sånn at det går an å tru det, men det er ikkje sånn det er i det heile. nokre har spurt meg om me er saman kvart sekund kvar einaste dag, andre lurer på om eg har vener i heile tatt. nei. og ja. han der fine skal bli musikar, som de veit. han øver fleire timar om dagen, men prøver å gjera det så effektivt som mogleg så han kan eta middag med meg kvar dag. middagstid og sovetid. det er dei timane om dagen me ser kvarandre i kvardagen, og når me avtalar å ta oss litt ekstra tid til å gjera ingenting. og jovisst skulle eg elska å vera med han heile dagen lang, men det hadde vorte frykteleg kjedeleg(både for meg og for til dømes blogglesarane mine, hih) utan andre impulsar, andre menneske, andre tankar. er de ikkje einige i det? ein kan vera like forelska om ein er ifrå kvarandre. heilt sant.

og i helgene kan ein ligga i senga så lenge ein vil og telja frekner på ryggen. og da er det lenge til måndag.

eg treng litt hjelp.

(renate om du ser det her ver så snill ikkje les det) det har seg sånn at min fine lillesøster har purstag i august, om ca ein månad. og eg har lyst til å gi ho noko skikkeleg fint, fordi ho er så fin. og difor treng eg hjelp. eg har blitt med i komplett.no sin sommarkonkurranse der ein kan vinna eit fantastisk digitalkamera. og alt eg treng er at mange nok personar går inn på bileta på facebook og trykker "lik dette". vil de hjelpa meg med det? eg har lagt ut tre bilete, desse tre:

3612084870f457b78fcbb
36120772989a7a050cceb
3612074014d4dd99bbdbb

så om du berre går inn her, og finn desse tre bileta og trykker "lik dette", så hadde det vore heilt fantastisk og tusen takk på førehand!




fine augneblikk

1. det var vinter i oslo, ein laurdag, me hadde vore på les miserables og seinare på restaurant, eg var sliten og trøytt og pussen kom aldri. så tok han tak i hendene mine og førte meg, og me dansa vals på fortauet, midt i oslo, over gata for ein karaokebar men me dansa ikkje til musikken, me dansa til oss sjølve, og folk gjekk forbi og smilte, nokre stoppa for å sjå på oss ei lita stund. og ein kan tenka "herregud, sånn kan ein jo ikkje gjera ein laurdagskveld i oslo!" men ein kan faktisk det.

fortel meg om ein fin augneblink. ver så snill?


love exists

320996137985677e0df8
2794047942fd1e8228ea
bilde 1
bilde 3
bilde 4
bilde 6bilde 5
bilde 2

love exists må vera den finaste flickr-gruppa i verda.


translation


love exists
is the most beautiful group on flickr ever.


sonja.

090644
090645
090653
090651
090657090662
090667
090675
090681

eg <3 han

♥ fordi han ikkje er redd for å seie at han er redd.
♥ fordi han har den mjukaste huda i heile verda.
♥ fordi han held hovudet mitt i hendene sine når han kyssar meg.
♥ fordi han ikkje er redd for å snakka om framtida.
♥ fordi han er tålmodig.
♥ fordi han er min beste venn.
♥ fordi han fekk meg til å setta pris på livet.
♥ fordi det er så fint å ha nokon å pynta seg for.
♥ fordi han av og til er fire år, og fordi eg veit at det er eg som har lært han det.
♥ fordi han alltid pressar meg til å gjera mitt beste.
♥ fordi han seier at eg er vakker når eg gret.
♥ fordi han får meg til å tru på meg sjølv.
♥ fordi han lar meg vinna i kortspel.
♥ fordi me kan vera stille ilag.
♥ fordi han er så lik pappa på så mange måtar.
♥ fordi han blir så glad når eg gjer små ting for han, og verkeleg set pris på det han har.
♥ fordi han er mi rake motsetning.
♥ fordi han aldri blir sint og aldri skriker.
♥ fordi han kan bli overlykkelig om han finn noko på loppemarknad som han ikkje eingong veit kva er men ser kult ut.
♥ fordi han vil reisa, fordi han alltid vil sjå meir av verda.
♥ fordi han veit akkurat kor eg klør når eg klør på ryggen.
♥ fordi han er så smart, men på ein annan måte enn meg, og sånn utfyller me kvarandre.
♥ fordi eg får lov til å tvinga han til å lesa alle bøkene eg elskar.
♥ fordi han elskar syriner(og huda hans har ei fantastisk evne til å absorbere lukta)
♥ fordi han elskar og hatar at eg er så impulsiv
♥ fordi han helst vil ha dyr øl
♥ fordi han helst vil ligga innerst men lar meg fordi eg òg vil
♥ fordi han leser tegneseriar.
♥ fordi han saknar meg sånn.

3588002113911e568c82o
reasons why i love him. feel free to use the google translator.

ønskereprise: kjærleik.

forstår du kjærleik?
2008082315751
200808231581
2008082315821
200808231593
200808231610
200808231639
2008082316451
200808231681
kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.

Be my friend
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me

kjærleik?

de veit jo om løyndom-prosjektet, ikkje sant? eg elskar det, og det har verkeleg gjort mykje for meg. men mykje av det er så trist, og det kan ein jo bli litt trist sjølv av, og kjærleik er det vakraste eg veit om. så difor tenkte eg å starta opp eit nytt prosjekt med kjærleik som tema. her skal de få senda meg dikt, songtekstar, sitat, tekstar, bilder, scanna favorittdelar av favorittbøker, alt de vil, som handlar om kjærleik. i alle formar. så om du har noko å bidra med, send mail merka med "kjærleik" mariell.oyre@gmail.com, er du snill. om det ikkje er ditt eige, må eg ha kjelder for å kunna legga det ut.

30ued4z copy

ps: har lagt ut masse hjartepost i dag.
pss: to nye kjolar til salgs

kjærleik

323616519736528478788528466247536078914n
frå sist helg. foto: sunniva.

den finaste filmen


som de veit, er eg veldig svak for kjærleik. dette er den finaste finaste filmen, ein animasjon av 4500 stillbilder som er så fantastisk søt og fin at eg smelta. sjå den. også lurer eg på ein ting.

kva er kjærleik for deg?


for meg er det til dømes å skjønna kva han skal sei før han seier det, å passa på at han har reine klede, å klø han på ryggen til han sovnar, å klemma masse masse masse. for å nevna eit par.

<3

J: vil du vera kjæresten min resten av livet?
M: ja.

mg0742

translation:
he asked me if i wanted to be his for the rest of my life, and i said yes.

assignment #9: draw a constellation of someone's freckles

no har eg begynt på prosjektet learning to love you more, som du kan finna her. eg har sett meg ut 12 oppgåver eg kjem til å gjera i framtida. i går gjorde eg nummer 9, å teikna eit stjernebilete av nokon sine frekner/føflekkar(ikkje dine eigne).
draw a constellation of someone's freckles
draw a constellation of someone's freckles
det viser seg at min fine har tre karlsvogner i føflekkane sine. er ikkje det fint? eg tykkjer alle skal leita etter stjernebilete på nokon dei er glad i.

andre oppgåver eg skal gjera:
#70 Say goodbye.
#39 Take a picture of your parents kissing.
#50 Take a flash photo under your bed.
#36 Grow a garden in an unexpected spot.
#33 Braid someone's hair.
#30 Take a picture of strangers holding hands.
#29 Make an audio recording of a choir.
#27 Take a picture of the sun.
#11 Photograph a scar and write about it.
#1 Make a child's outfit in an adult size.
#53 Give advice to yourself in the past.

translation: i'm joining the learning to love you more project, and these are the assignments i will be doing.

om å vera fjorten år og vita at ein elskar

i dag fekk eg ein mail der det stod følgande
"hvordan kan du vite at du elsker kjæresten din? du er jo bare 18 år gammel enda, det er så mye du skal oppleve enda før du bestemmer deg for å gi ditt hele til en person. lev litt mer, du er ennå så ung."

eg har høyrt at eit bilete seier meir enn tusen ord. her har du tre tusen ord om emnet
five reasons why i love you
five reasons why i love you
five reasons why i love you
nettopp derfor. så ikkje prøv å fortel meg kva eg føler eller kva eg nokon gong vil føla. for det bestemmer vel eg. for eg er voksen. så det så.

om kjærleik

det er mange som er nysjerrige på meg og han der fine. difor tenkte eg at de skulle få heile historia. året er 2004. eg er 14 år, og inne i ein periode av livet mitt som ein ikkje kan karakterisera som veldig god. kvar dag er eg ute med folk som eg kan le med, men som eg aldri i livet kunne ha snakka med om sånne ting som faktisk betyr noko. berre om gutar og bilar og musikk. så får eg ei venninne. og ho blir min beste venn i heile verda. og me kan snakka om absolutt alt, uansett kva det er. og plutseleg er kanskje ikkje livet så mørkt likevel, og eg er ikkje så åleine som eg har følt meg på mange år. og gud veit kvar eg hadde vore utan ho, for eg hadde definitivt vore ein heilt annan stad og kjent heilt andre folk og eg er evig takksam. verkeleg.

også skjer ein av desse tinga som er så vidunderlig men forferdelig samtidig. eg infiltrerar ein gut for hennar del, som jenter ofte gjer for kvarandre når ein er 14 år. og istadenfor at eg finn ut om han er forelska i ho eller ikkje, som var målet i utgangspunktet, blir han forelska i meg. eg hugsar enda den telefonsamtalen. for me hadde jo sjølvsagt aldri møtt kvarandre eingong. berre på blink og msn og telefonsamtalar til langt på natt. for det kan faktisk skje! så ikkje le av folk som seier dei er forelska gjennom internett. og me held det skjult for ho, medan me snakkar i telefonen til klokka er seks om morgonen, og skyhøge telefonrekningar. eg hadde sommarfuglar i magen når eg sovna og sommarfuglar i magen når eg våkna. eg låg under dyna og sang til han på telefonen så ingen andre skulle høyre det, eg byrja å høyre på jazz.

me møtast fyrste gong på ungdommens kulturmønstring i heimkommunen hans. han var langhåra pianist i bandet, eg hadde med meg vener som mental støtte. før han skulle spele kom han opp der me sat(i trappa) og sussa meg. og eg hugsar enda korleis han lukta. etter konserten, på veg ut av rommet vart eg dratt bak scena der han kyssa meg. og me kyssa lenge. og han fulgte meg på bussplassen og det var plass til begge to i kåpa mi.

når ho finn det ut, blir det eit himla spetakkel, og eg angra verkeleg og ville aldri aldri sjå han igjen og eg grein og grein og grein og smelte med dørene. for sånn reagerer ein når ein er 14 år. stakkars mamma og pappa. men han gav seg ikkje. og eg klarte ikkje å stå imot. me måtte berre vera ilag, for av og til er det kanskje berre meininga. og ho venninna flytta eg ilag med i fyrste klasse på vidaregåande, så det ordna seg sjølv om det var vondt ei stund. og sjølv om me ikkje har på langt nær like mykje kontakt i dag, så setter eg enorm pris på ho og ville ikkje vore utan ho, for ho var ein stor del av å forma meg til den personen eg er i dag.

2008082315811219507240

og han? eg tør ikkje eingang å tenka på kven eg hadde vore utan han. han er absolutt alt eg kunne ønska meg utan å eingang nokon gong ha tenkt at eg ønska meg noko. det kom så plutseleg, og no vil eg at det aldri skal ta slutt, og det skal det ikkje. det høyrast kanskje klissete ut, og det er det, for det er kjærleik på sitt beste. me har sett små flikar av verda saman, roma, london, wales og paris. eg er så heldig at min fine vil sjå verda. eg er så heldig at min fine heller brukar femti pund på ein vintage dior-dress enn ei vinterjakke. eg er så heldig at eg har ein kjæreste eg kan kjøpe teaterbillettar til. neste helg, på kjærleiksdagen skal me sjå les miserables i oslo. han er min beste venn i heile verda. han har den mjukaste halsen i heile verda, og han veit akkurat kor eg klør når eg klør på ryggen.

eg veit ikkje heilt kva eg prøver å seie. berre tru på kjærleiken i alle formar og kanalar. og slutt å leita. for den kjem når ein minst ventar det. og den er verdt å venta på.

m + j = sant.

i dag våkna eg til det mest fantastiske lyset

eg sovna ikkje før klokka var fem i natt. så når eg endelig våkna i elleve-tida var det så forferdelig lyst. sola var her. våren er på veg. plutseleg vart det så rolig inni meg, som om stormen hadde stilna. det er på veg mot vår. vår! ah. og lyset er på veg tilbake.
3001207
3001208
3001209
fint.

make-out

a passionate kissing session, usually with the use of tongues, that can last from minutes to hours.
160178
160179
160181

i have been here many times before

(i dag tidlig, før eg heilt fekk gnidd søvnen ut av augene, sneik han der fine seg ut av senga og på ein buss(før dette fikk han eit eple og to klementiner i ein pose av min pappa, også stakk han innom min bestemor for å sei godt nyttår - er han ikkje fin?). no saknar eg han sårt, og publiserar derfor min første ønskereprise.)


Forstår du kjærleik?
2008082315751
200808231581
2008082315821
200808231593
200808231610
200808231639
2008082316451
200808231681
kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.

Be my friend
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me


i love you

ho der fine er heime frå wales, og eg nyter det.
3012286
3012296
kjøpte play-doh-liknande ting.
3012292
3012289
eg hadde bart og var kjempeovertrøtt, som ein kan sjå. og kanskje litt uvant i ansiktet. det er vanskelig å holda på barten.
3012287
smykket ho fikk av meg til jul, i dag, ei bok som det står "i love you" inni. for det gjer eg.
3012298
3012300
3012305
min måne og min sol og min stjerne og mitt saturn, eg elskar deg.
3012308

meir.

eg irriterer meg over folk i kø, folk som absolutt skal stå midt i rulletrappa, glade bussjåførar, folk som smiler til kvarandre. eg er ikkje i stand til å takle å vera glad. eg har ein klump i magen. i dag har eg handla kjole til gravferd til  min bestefar. den er på torsdag. om han hadde vore i live hadde han blitt 78 år på torsdag. fint og ironisk tykkjer eg.

eg har heldigvis besøk av den aller finaste. heilt frå wales.
liten121608mg5825
liten121608mg5833
liten121608mg5947liten121608mg5865
fina.
liten121608mg5748
og meg.

i kveld blir det wining and dining med mine finaste. alle fire.

sankta lucia

i går, 13.desember, på luciadagen, døde min kjære bestefar. han var ein god mann, og eg saknar han så veldig. heldigvis fekk me hatt julemiddag sist søndag, så me fikk feira litt jul med han likevel. eg tek tidlig juleferie i år, men prøver å gjera kvardagen og jula så normalt som mogleg. han hadde villa det. og bestemor er ei sterk dame som kjem til å klara seg strålande. tusen takk for alle kommentarane. det betyr mykje.

photo booth-blogging frå klasserommet

(tilgi meg for photo booth) i dag fikk eg pakke frå ei fin ei. min bestevenn. frå wales. frå uwc.
bilde 56
bilde 45
tekanne!

bilde 47bilde 49
happy hippos. <3 herregud. mitt favorittsnop av alt. også selger dei det ikkje i noreg. eg fekk i dungevis i dag. ih!

bilde 54
og den søtaste potpurri-posen! og det finaste er at på mandag kjem ho hit for å bu hjå meg i nokre dagar. det blir absolutt heilt magisk, eg har ikkje sett ho sidan sommarferien. det er så fint med sakn, er det ikkje?

wish you were here

so, so you think you can tell heaven from hell,
blue skies from pain.
mg46371pola
can you tell a green field from a cold steel rail?
  a smile from a veil?
do you think you can tell?
mg46281pola
and did they get you to trade your heroes for ghosts?
hot ashes for trees?
hot air for a cool breeze?
cold comfort for change?
mg4545
and did you exchange a walk on part in the war for a lead role in a cage?
mg4583
how I wish, how I wish you were here.
we're just two lost souls swimming in a fish bowl, year after year,
mg4539pola
running over the same old ground.
what have you found? The same old fears.
mg4581pola
wish you were here.

mine to nye vener

i dag fekk eg to nye vener. dei heiter kanin og pingvin. dei er to fisk. dei bur i ein bolle. dei bur på rommet mitt, enn så lenge. eg trur dei har det bra.
mg4486
mg4506
mommy loves you.

hei 4 år

mg4045
mg4046
natt til i dag var eg og han der fine 4 år. tenk det, fire år. 1460 dagar. 35040 timar. det er fantastisk og fabelaktig og eg er forelska. verkeleg hovudstups forelska. gratulerar med dagen, elskede. <3

yes we can!

425obamabarack041807

It was a creed written into the founding documents
that declared the destiny of a nation. Yes we can.
It was whispered by slaves and abolitionists as they
blazed a trail toward freedom. Yes we can. Yes we can.
It was sung by immigrants as they struck out from distant shores
and pioneers who pushed westward against an unforgiving wilderness.
Yes we can. Yes we can. It was the call of workers who organized;
women who reached for the ballots; a President who chose the
moon as our new frontier; and a King who took us to the mountain-top
and pointed the way to the Promised Land.

Yes we can to justice and equality.
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)
Yes we can to opportunity and prosperity.
Yes we can to opportunity and prosperity.
Yes we can heal this nation.
Yes we can repair this world.
Yes we can. Si Se Puede
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)

We know the battle ahead will be long,
but always remember that no matter what obstacles
stand in our way, nothing can stand in the way of the
power of millions of voices calling for change.
We want change!
(We want change! We want change! We want change?)

We have been told we cannot do this by a chorus of
cynics who will only grow louder and more dissonant.
We?ve been asked to pause for a reality check.
We?ve been warned against offering the people of this
nation false hope.But in the unlikely story that is America,
there has never been anything false about hope.
We want change!
(We want change! I want change! We want change! I want change.)

The hopes of the little girl who goes to a crumbling school in
Dillon are the same as the dreams of the boy who learns on
the streets of LA; we will remember that there is something
happening in America; that we are not as divided as our politics
suggests; that we are one people; we are one nation;
and together, we will begin the next great chapter in America's
story with three words that will ring from coast to coast;
from sea to shining sea - Yes. We. Can.
(yes we can, yes we can, yes we can, yes we can,
yes we can, yes we can, yes we can, yes we can?)


kjærleik

mg3499
mg3506
eg elskar.

det står eit par grøne sko i gangen

det står eit par grøne sko i gangen.
mg3011
dei høyrer ho til, ho som ein gong budde her, ho som har eigen knagg på badet, ho som flytta til oslo for å kjempa for målet. ho er her, på pusøk.
mg3034
mg3035
når ho (og han) går ut for å kjøpe squash og paprika og sopp og sjokolade, låner eg den fine grøne sløyfa ho kjøpte i london. eg legg den fint tilbake på plass så ingen fattar mistanke.
mg3014
mg3016
me drikk chai-te og ler. og ler.
mg3028
mg3105
og kroken vår, som er den finaste kroken i verda fordi den er vår.
mg3114
mg3126
eg er så utruleg, utruleg glad for at ho er heime.

nummer 4.

eg er svært forelska. i denne dama:
mg2979
mg2985
diana kom i posten i dag, og me er allereie gode vener. <3 ho er eit analogt kamera, og kom med 10 rullar film. ho likar å bli dobbeleksponert. min nye kjærleik er grunnen til at eg ikkje har meir enn ca 25 kroner å leve for dei neste to vekene, men eg elskar ho likevel og uansett. å, diana. me skal nok få eit fint liv ilag, me to.

på flickr fann eg desse fine bileta som alle er resultat av diana-kamera:
Photobucket
2604215461c99a0b7775
28264675855a465e37e9
2943987455f93b4f4a12

har det skjedd deg noko fint i dag?


hjartevondt

2008082315811219507240
i dag reiste han der fine frå meg på ein buss, og i to dagar må eg sovna og våkna utan han. for mange av dykk er det kanskje patetisk og teit, men etter fire år føler ein seg liksom litt halv. eg er redd eg skal gløyma korleis ein pustar.

det er fint med fine folk rundt seg

tidlig i livet har eg vore uheldig med folk. folk har svike og forlatt meg, og på eit punkt mista eg all trua på alle folk i verda. heldigvis fins det sånne folk som vil klarar å snu synet ditt. det er så himla fint å ha sånne folk rundt seg som er i stand til å sjå det vakre i ting, som er kreative og skapande menneske. så heldig eg er som er omringa av sånne folk, som foreksempel han her. som eg er så heldig å bu med, tenk det. og av og til får eg nyta godene. eg vil visa.
mg2435
mg2436
mg2442
mg2443
mg2444
mg2446
mg2447
<3

hei!

i dag vart eg overlykkelig når min kjære kjæreste bestemte seg for å lausrive seg frå musikken og skulen lenge nok til å gå ein tur med meg(av og til skal det ikkje så mykje til). me gjekk i skogen, i øsepøseregn, og kyssa, som me pleier. derfor får de kysse- og klissebilder som de likar så godt, tydeligvis.
mg2107
mg2112
"ser det ut som om denne går gjennom hovudet mitt no?" hihihihi. kyss på nasen fikk han.
mg2119
mg2128
mg2139

mg2254
mg2281mg2209

det er haust, og yann tiersen+ameliè tek over hovudet mitt


sånn er det om hausten. dei tek over. og eg gler meg til å bu i montmartre, det er berre to veker til no. dette er ein av dei finaste sangane eg veit, frå ein av dei finaste filmane. og denne youtube-videoen er så fin fordi når sangen er slutt, kjem det klippet som er aller finast frå filmen, tykkjer eg.

(og nei, kjære anonyme lesar; eg trur ikkje at eg er amelie)


enda meir fine vener.

for tida ligg det fine brev i postkassa på skulen kvar einaste dag. i går var det fine janne. det høyrer med til historia at ho hadde bursdag no i september, og ho fekk ei skrivemaskin.

0810090121
0810090122
nydeleg brev og ei kvittering og ein pose te.
0810090123
og til og med på teposen har ho skrive med skrivemaskina siii. <3

fine vener frå am'rika.

i dag fekk eg ein pakke i posten. den kom heilt frå amerika.
0808090100
ein treboks. ein nydeleg treboks. den hadde fint innhald òg.
0808090092
0808090093
0808090094
det løfta heile dagen min eit par hakk, og no skal eg rydda rommet og finne ei fin plassering.

i have been here many times before

Forstår du kjærleik?

2008082315751
200808231581
2008082315821
200808231593
200808231610
200808231639
2008082316451
200808231681
kjærleik er å av og til ligga i senga til klokka er fire på ein laurdag.
det har eg forstått.

Be my friend
Hold me, wrap me up
Unfold me
I am small
and needy
Warm me up
And breathe me


det var ein gong

eg er ein av desse personane som blir litt deppa om vinteren av og til. da er det så fint å ha dei finaste venene. den første desember i fjor kom eg heim på rommet mitt og fant 2 adventkalendarar, uavhengige av kvarandre. både han der fine og ho der fine christine hadde gitt meg kalender. den frå christine var veldig heimelaga med søte gåver som fox og stearinlys. den 24. desember fikk eg i kalenderen noko av det finaste eg har. noko christine hadde laga sjølv. den er laga oppi ei skoeske. sjå sjølv:

200808221499
det er under vatn, ser du? med fisk og ein dykker, til og med. og hengande fisk.
200808221501
200808221503

her er to songar du får lasta ned som hjelper på sånne treige fredagar:
1 2

kjærleik til ei linse

som nokre av dykk kanskje veit, har eg fått meg ei ny linse. det er ei macro-linse, og den er fantastisk. eg fekk den i går, og slike bilder kan den ta:
mg5812
mg5779
mg5782
mg5783
mg5805
mg5820
mg5867
mg5762

rumensk.

harvestmoonbypelaria
(me var ikkje berre fulle på sykkeltur, eg fekk nokon fine bilete òg!)

no har ho der fine reist etter me har vore ilag idag. det er litt tomt og litt sårt, men eg planlegg å reisa til wales så fort eg berre kan. i mellomtida les eg ei fin bok og går inn for å lukta som mandarin. i heile dag har eg gått barbeint i regnet og folk kviskrar og smiler til meg. eg latar som om eg er ei rumensk heimlaus jente i ein kjole frå paris som berre vil gå rundt, barbeint, i regnet, og smila til forbipasserande. er ikkje det fint?

kjærleik til ei dame.


Marla Singer er ein av dei kulaste personane eg veit om, og eg håpar eg ein dag finn nokon som ho som eg kan stjele bukser og røyke med, helst med langt munnstykke. Eg elska ho i boka, og Helena Bonham Carter spelar ho så brilliant.

Ho er ei av mine favorittdamer. Topp fem i alle fall, ilag med Angelina Jolie, Sophie Dahl, Zoey Deschanel og Sienna Miller.

hjartesorg og hjartesakn og hjartevondt

n5684608669918476716

altså, dei fleste vil nok rynke litt på nasen av å høyre ei 18 år gamal jente som erklærer sin udøydelege kjærleik for ein 13 dagar eldre gut. det bryr meg veldig lite.
for eg elskar han.

og medan bussen køyrte inn i tunnellen trilla tårene fordi dei visste at dei ikkje skulle sjå han att på ei heil veke. "du er så vakker. du er så vakker når du gret." og akkurat da elska eg han litt meir. damene foran i bussen snudde seg og såg forskrekka på kvarandre, for ein skal jo liksom ikkje gråte offentlig, på ein buss, i norge. det er uhørt og ekkelt. eg er berre sånn. han kyssa meg i panna før eg måtte gå og heile verda braste saman. for ei veke. og om ein time skal eg gå på jobb sjølv om eg berre vil ligga i jentepingvinfosterstilling og sova. i ei veke.

han der fine

Han der fine(kjærasten min, altså) las eventyr på senga til meg i går kveld. Det var ein grei byttehandel eigentleg, han fekk melkesjokoladen(som eg ikkje tåler), og eg fekk eventyr. Sjuande far i huset, med stemmer og alt.

l4699dc07473bbf8e55c3f4bd07151562
foto av ei venninne av meg.

Eg får ikkje dette verset ut av hovudet:
i am not an angry girl
but it seems like i've got everyone fooled
every time i say something they find hard to hear
they chalk it up to my anger
and never to their own fear
and imagine you're a girl
just trying to finally come clean
knowing full well they'd prefer you
were dirty and smiling