wool, black, two layers when it gets cold.
eg går med ullstrømpebukse heile året. dei er mjuke og fine og om det blir hol går det an å sy dei. eg veit at veldig mange av mine lesarar går med kjolar og skjørt, og dermed óg med strømpebukse om vinteren. for ein må faktisk ikkje legga vekk kjolane når det blir under femten grader ute. ein må berre kle seg litt meir under midja. dette er det store strømpebukseinnlegget.
eg har, sidan kjolane tok over livet mitt, kun gått i ullstrømpebukser frå pierre robert. dei kan ein kjøpa på vanlige matbutikkar. eg har samla meg opp mange nok til å få meg gjennom heile året, for dei er berre i butikk om haust og om vinter. dei er i super kvalitet, og held veldig lenge så lenge ein hugsar å fila negler på fingrar og tær, og syr igjen umiddelbart om det blir hol. no som eg bur her har eg derimot måtta kjøpa ull på h&m, dei har nokon som er ganske så fine no. men sjå på kva du kjøper, pass på at det er ull og ikkje syntetisk tull. 
vår og haust har eg eitt enkelt lag med ull. om vinteren har eg to eller tre. eg har alltid noko over strømpebuksa igjen, før pleidde det å vera ein shorts eller ei avklipt strømpebukse, no brukar eg spanx og det har revolusjonert livet mitt. spanx er shapewear som ein har på under kleda og som faktisk(tru det eller ei) er behagelig å ha på. eg har kun prøvd den som heiter in power line super higher power. det er ein sak som går heilt opp til bh'en og heilt ned til midten på låret. den er fantastisk, og rullar ikkje ned og klumpar seg ikkje oppe på grunn av ein eller annan genial patent øverst i strikken. modellen som eg brukar er best, syns eg, fordi ein ofte ikkje har noko på under kjolen og da blir magen og låra veldig kalde når hausten kjem(noko alle kjolejenter smertelig får erfara). det er noko av det beste eg har kjøpt, og dei varar i evighet om ein behandlar dei bra. eg har kjøpt mine på figleaves.com, dei har masse forskjellige modellar. 
har de andre tankar om strømpebukser? tips og triks? fine merker eller mønster eller linkar?
(dette er forresten ikkje eit reklameinnlegg, verken for pierre robert, figleaves eller spanx. just spreading the word)
this is the big entry about tights. i wear wool all year long, preferably pierre robert, but since i can't get hold of them here i am now wearing one layer of h&m wool tights. when it gets colder, i will be wearing two. over them i wear spanx, the in power line super higher power. it's amazing and helps when your thighs and stomach get cold in winter under your dresses and skirts. you can't even see them, and they don't roll down because of something genius i don't even understand. i buy mine from figleaves!
wool tights are the best because they last and last and last, and if there's a hole you can stitch it up and it's as good as new. i wear them all year long, even in summer. they breathe, so it doesn't get sweaty and sticky. as long as you keep the nails of your fingers and toes filed down then there won't be any problems and you can use the same one for years.
my new friend alexa.


for eit par veker sidan fekk denne veska endelig bli min. når ein går og har lyst på noko så lenge så er det nesten som om ein konstant ser gjennom briller som er heilt feil. ein blir skjelven og rar når ein ser det ein vil ha og plutselig så berre demrar det og plutselig var ho mi. finaste flottaste mulberry alexa. i mjukt lær og perfekt lillafarge, med plass til kamera og solbriller og hemlisar.
a couple of weeks ago this bag was finally mine. when you covet something for so long it's almost like constantly seeing through the wrong glasses. you get shaky and weird when you're around the object you want and all of the sudden it happens and she was mine. the prettiest most beautiful mulberry alexa. in soft leather and the perfect purple, it fits my camera, my sunglasses and my secrets.
hatt.

eg har kjøpt ein hatt.
egentlig er hovudet mitt altfor stort for hatt, men denne sit bak på hovudet som på film.
me skal bli skikkelig gode venner i haust.

this is my new hat. i can't really wear hats, but this one sits on the back of my head like in movies. we're going to be best friends this autumn.
curly sue.

her kjem ein guide til korleis eg krøllar håret! når eg har periodar med krøllehår så vaskar eg håret kvar tredje dag, fønar det og krøllar det. da held krøllene seg i tre dagar til neste vask, dei skiftar litt form og sånt men eg sprayar med elnett før eg legg meg så held dei seg ganske så bra. tuperar om morgonen og sprayar litt til.
eg har ingen vanlig krølltang men ein krøllstav, remington pearl wand. ein kan gjera det samme som eg gjer med krølltang óg, må berre tilpassa rundt klemma liksom. viktig å ha handske, sånn at ein ikkje brenn seg. eg har brent meg overalt. på fingrane og på armen og i panna.
eg brukar desse produkta. redken curl refiner, redken anti-snap, kevin murphy damage manager(varmebeskyttande) og elnett(<3). også må ein ha ein børste og ein tuperingskam. først har eg i anti-snap. ventar eit par minutt, har i krøllekremen, ventar eit par minutt, så sprayar eg med varmebeskyttande.
også berre krøllar me i veg! eg er ikkje så himla forsiktig med at dei er like og sånt, berre køyrer på til heile hovudet er krølla. deler håret inn i tre delar, brukar klemme til å få vekk det øverste laget med hår på den sida der skillet er tyngst. does that make sense? krøllstaven er 210 grader varm og gjer at prosessen går ganske så fort. med ei krølltang bør ein nok holda kvar enkelt krøll i kanskje eit halvt minutt berre så ein er heilt sikker på at den held seg. 
vent til krøllane er kalde også spray dei. masse. med elnett. også kan ein gjerne venta i ti minutt mens ein har på sminke eller sånn berre så ein veit heilt heilt sikkert at håret har fått roa seg ned litt.
så ser du ut som ein parykk frå 1700-talet på håret, så me må børsta dei ut. det gjer me fra inn mot ut. først med fingrane, så med kost.
når ein syns krøllane er sånn dei burde vera tuperar ein litt i toppen, da løftar ein eit og eit lag med hår og tuperar liksom under håret sånn at tuperingen ikkje syns så veldig. spray meir meir meir. tuperingen hjelper til med å holda krøllene krøllete.

så! berre ein sak til.
gullklemme? check. han har mista tre tenner men det får duga. 
voilá! no kan det henda folk går forbi deg i rulletrappa og seier "love your hair!", men det må ein berre venna seg til.

this is how i do my curls! i use a remington pearl wand, and not an iron. when i have curly hair periods, i was my hair every third day, blow dry and then curl them. and they last until the next wash. i spray with some elnett before i go to bed and then i back comb and spray more in the morning. i use curl refiner and anti-snap from redken and kevin murphy's damage manager heat protectant. and then i just curl away. i split the hair into sections of three, one on each side and then i lift off the top layer of hair on the side with the heavier split and save it for last. if you don't have an iron like me, or if your curling iron doesn't get too warm, i reccomend that you hold the hair in the iron for about 20-30 seconds just so we're sure they stay that way. when they cool off, spray them a-l-o-t with elnett. then you're going to look like a 16th century wig, but it's ok, stay calm. make sure your entire head is completely covered with elnett. let it just set for about ten minutes while you do something else. then, comb through the curls. first with your hands, then with your comb. do them from underneath, don't comb them directly like you would with straight hair. then, back comb a bit all around your hair until you have the ultimate volume, and spray some more. put something goldy in there just to keep it out of your face and voilá! you may have to get used to people walking past you in the escalator saying "love your hair!", but i think you'll manage.
ruby ruby woo i love you.
eit av mine beste sminkekjøp nokon gong er fantastiske leppestiften ruby woo fra mac. eg har tre, sånn at eg aldri treng å ta ein ut av veska, ein ut av skapet på badet og ein på safekeeping berre i tilfelle tilfelle. den gir så perfekte matte pudderlepper i intens raud og sit på sjølv om ein klinar. beste nokon gong.
one of my best make up purchases of all time is the amazing ruby woo from mac. i have three, so i never get into a situation where i don't have one at hand. it gives perfect matte powdered lips in an intense red and stays on even if you make out. best ever.
like fire.

for eit par dagar sidan tilbrakte eg tre timar på ein økologisk frisørsalong i notting hill. håret mitt var blitt heilt forferdelig, spesielt etter ein avlyst frisørtime i oslo rett før london-avreisa. eg sa it doesn't have to look natural og pop!
eg følte at eg hadde eit brennande hovud når eg gjekk mot undergrunnen etterpå. heilt fantastisk kjensle. frisøren sa til meg at det såg ut som eg følte meg som meg sjølv igjen og det var absolutt heilt sant. 
ps: har nye solbriller óg. 
det var det for i dag. no skal eg og det nye håret mitt ut!

a couple of days ago i spent three hours at a salon in notting hill. when i left i felt like my head was on fire, an amazing feeling. my lovely hairdresser said that it kindof feels like you're back in your own skin again when you've been to the hairdresser, and i completely agree. now i'm going to take my hair out. ps: new sunglasses too.
tre nye hårgreier.
sidan eg begynte å gå på balanzera i fjor og kun bruka økologisk shampo og balsam har håret mitt hatt det berre så sjukt bra. litt etter litt blir alle ikkje-økologiske produkt bytta ut med økologiske, og no har eg tre nye greier som gjer at håret mitt dansar seg gjennom dagane:

born again masque. skal sitta i i ti minutt også vaska ut også blir håret så aldeles fantastisk mjukt.
fresh hair. tørrshampo som luktar som snop!
damage manager. varmebeskyttande spray som passar på håret når eg til dømes krøllar det med krølltanga mi som blir heile 210 grader varm. mmm fantastisk!
alle produkta er frå kevin murphy, min favoritt, og dei er kjøpt for mine eigne pengar. ein kan nok kjøpa dei på balanzera i oslo og andre økologiske frisørsalongar.

three new hair products i love from kevin murphy. born again masque, fresh hair & damage manager!
hailee steinfeld. magi. glitter.









herregud, eg dør av den nye miumiu-kampanjen. av bruce weber. dette er akkurat sånne bilder som eg vil ta. no no no no no! åh. startar ein eigen sparekonto for å få råd til eit par glittersko no.

miu miu's new campaign makes my stomach ache for some real shoots soon. bruce weber is a genius.
i love this silhouette for anytime of year. it's so classic and pretty.

alle som har sett mad men kjenner igjen denne vakre fryktelig unge fruen. kiernan shipka spelar sally draper, don draper si datter, og er etter mi meining ein av dei sterkaste skuespelarane i heile serien. og det viser seg at ho har ein ganske plettfri garderobe utanfor mad men-settet óg. coveteur fekk bli med inn i skapet hennar og eg åh elskar det. håpar at ein av mine born har så upåklaglig stil i ein alder av 11(!) år. 








dør av dette klesskapet. dør av denne jenta. har lyst til å fotografera ho døgnet rundt. det får bli mitt nye mål. 
kiernan shipka, known as sally draper from mad men, let the coveteur team into her closets. she's such an informed and clever young lady with impeccable style. i can only hope one of my children will have the same passion for fashion at the age of 11.
mitt favorittprodukt.
dette er mitt favorittprodukt! ansiktsmaska angels on bare skin frå lush. den er med mandlar og lavendel og skrubbar huden mildt. prøvde den første gong i paris og etter det har eg ikkje klart å slutta å bruka den, måtte bestilla den i posten fra lush sine heimesider til og med. føler nesten at eg får eit nytt ansikt kvar einaste morgon. alle ingrediensar er heilt naturlige og det er jo berre olivenen i martinien, det.
my favorite product: face mask angels on bare skin from lush! with almonds and lavender. a very gentle but effective scrub, i use it every day. with all natural ingredients, and it's also vegan!
make up.
her er sånt som eg har i sminkeveska og i ansiktet fra dag til dag: 1. vippetang. brukar alltid det før mascara for det funkar faktisk. 2. mascara. har faux cils fra ysl til vanlig, også har eg ein vannfast ein om eg skal jobba i bryllup og sånt, hih. 3. sånt til augene. fra venstre: artliner fra lancome. den har ein tynn tynn svamp og er virkelig ein fantastisk eyeliner, spesielt om ein er litt ustø. sephora sin eigen eyeliner som er superbra og sit på heile natta. augebrynspenn fra lancome i fargen blonde. kvit eyeliner fra mac. den brukar eg på våtlinja nede for da ser augene så store og fine ut. 4. rouge! eg har óg mac sin eigen rougebørste for den syns eg er aller best. 5. mocha og melba. akkurat perfekt rosa. på sommaren brukar eg mest melba for da ser ein ikkje solbrent ut. 6/7. cover-up av mac i fargen nw15. brukar den rundt augene og nasen. 8/9. leppestiftane eg brukar. ruby woo fra mac, den mest perfekte leppestiften som finst som sit på i timestimestimesvis som ein kan klina med bak eit kjøleskap og den går aldri av. so chaud, som er i samme serien som wuby woo, den er óg matt men den er litt lettare med litt oransje i seg. så retrofuturist fra lime crime, meir som om ein har ete masse bringebær. 10. om det er varmt eller om eg er stressa så brukar eg óg eit transparent lyst lyst pudder fra laura mercier for det mattar ned ansiktet og gjer at ein er mindre blank. perfekt.
og på ein vanlig dag ser eg sånnher ut: 

this is my make up and it makes me look like this!
elie saab.

om det ikkje hadde vore for at eg er så fast bestemt på å kjøpa ein vintage 50's prom dress som bryllupskjole så hadde eg nok kanskje sikla etter denne kjolen akkurat no. i dagdraumar kan ein jo ha på seg det ein vil uansett, og der er eg ganske fin i denne.
i'm very determined to find a vintage fifties dress for my wedding, but if i hadn't been then i probably would be all over this dress right now. i'm wearing it in my dreams, and i look great.
hår.


i går var eg endelig til frisøren for første gong sidan før paris! de spør ofte kva hårfarge eg brukar, men som mange allereie veit går eg til den økologiske hårsalongen balanzera her på grünerløkka! dei har ein masse gøye fargar, og min farge er ein blanding av to oransjeraude. 
ein får sitta med magasin i hender og eta økologisk frukt mens hårfargen slår inn. ein kan óg få fotbad om ein vil, eg vil aldri men eg føler meg litt som ei prinsesse likevel. etterpå får ein dødsbra hovudbotnsmassasje så ein nesten sovnar og siklar. 
også blir håret mitt sånnher oransjerødt, og i går vart det faktisk perfekt. på salongen brukar ho dei samme produkta som eg har heime, så sånn ser eg stort sett alltid ut. 
her er min shampo og balsam, dei er fra kevin murphy og er økologiske óg. dei er heilt heilt fantastiske, og håret mitt treng dei så mykje no at dei kom med spesialleveranse til paris når eg var tom. håret liksom suger til seg alt av næring og fukt også blir det så lett og glatt. i tillegg har eg ein texturizer fra samme merke som heiter hair resort og som luktar kokos. den har eg i når håret er håndkletørt også gjer den at håret blir naturlig bølgete. og det var historien om mitt hår. spørsmål?
(dette innlegget er ikkje betalt for, mitt kommersielle forhold til balanzera kan ein lesa om her.)
i was at the hair salon yesterday, balanzera, and i am so so happy with the results.
pastell.

no skal me sjå litt på sukkerspinnet og skyene som låg i handleposen min den dagen. det var altså to vidunderlige sekstitalseventyr.

med nydelige nydelige kragar.

ein i skirt grønt.

og tyggegummirosa.
no heng dei på veggen min og ventar på ein fin nok anledning igjen. 
last week i bought these lovely things from the sixties. i just love them. now they're up on my wall waiting for an occasion.
sonia by sonia rykiel.

i dag har eg det litt sånn av ein eller annan uforklarlig grunn.

og da er det ganske så trøstande å svøpa seg inn i eit nytt fantastisk fantastisk skjerf. fra sonia by sonia rykiel, det er så fint og så mjukt og eg måtte berre ha det. no bur det rundt halsen min og litt i senga mi og på uteserveringar må eg ha det i fanget for det er så fint. passar meg absolutt perfekt. eg trur ein kan sjå at eg har ein dårlig dag på bildene, og på bloggen generelt. om de vil får de gjerne dela sånt som kan få ein i bedre humør i kommentarfeltet. før det skjer skal eg tenka på at denne helga er det meg + han der fine + paris som er greia og det får hjartet mitt til å slå litt fortare på ein absolutt bra måte. og da skal de få sjå skjerfet ute på tur óg, og på ein mykje gladare mariell.
i'm having a bad day today but my new scarf from sonia by sonia rykiel helps, and also thinking about j's upcoming trip to paris this weekend. <3
ferskenfarga blondekrage.

denne veka kjøpte eg meg ein ny elskling som kom i sin eigen lille sovepose.
fra see by chloé.
det er ei nydelig lommebok. ferskenfarga med blondekrage på. åh, den er så fin.
med plass til kvitteringar og euros og sjekkar og europeisk reiseforsikring og alt. hurra! eg har leita etter ei ny lommebok sidan mi vart stjelt på trikken i haust. eg elskar den. <3
this week i bought myself a new wallet from see by chloé. a peachy one with a lace collar on the front. i love love love it!
åh.

dette armbåndet frå hermes har svirra rundt i hovudet mitt heilt sidan sandra blogga om det for ei lita stund sidan. tenk om ein kunne få ha det rundt håndleddet! åh. tretusen kroner kostar det, like mykje som ei husleige! men ønska får ein jo lov til.
i haven't stopped drooling about this bracelet, blogged by sandra.
rosa og kvit og glitter.

eg elskar min nye glitrete neglelakk fra deborah lippmann også elskar eg blomane eg har på rommet mitt.
i love my nailpolish from deborah lippmann and i love having flowers in my room.
konfetti.
ei sånn sløyfe vil eg ha. åh!
i want this bow.
sånt som eg har lyst på.

desse hårklemmene fra ban.do! åh herregud så fine dei er.
denne tapeten!!! fra studio ditte.![]()
denne neglelakken fra deborah lippmann(men det tel ikkje, for eg har nettopp bestilt den fra ebay.)
også har eg lyst på pepperkakeis, ein kanin, ein ny hårspray, ein varmebeskyttande sak for håret mitt, pizza fra villa paradiso og alle tv-seriar tilgjengelig fra senga. det vil eg ha. kva vil de ha?
kva har de lyst på?
today i want: these hair clips from ban.do, this wallpaper and this nail polish(which i just bought from ebay, actually). and i want gingerbreadcookie flavoured ice cream, a bunny rabbit, a new hairspray, some heat protectant for my hair, pizza from villa paradiso and all tv-shows i can think of available for my free usage.
julekrøllehår.

til jul pleier eg å få pengar fra besteforeldrene mine. det syns eg egentlig berre er fint, for da kan eg kjøpa meg akkurat det eg ønskar meg. og sidan krølltanga mi har tatt kvelden, brukte eg pengane fra morfar på å kjøpa gudinna av krølltenger; remington pearl wand.

den er faktisk heilt sjukt bra. det er som ein tryllestav som du held også tvinnar ein håret rundt og krøllene held så sjukt lenge! desse bildene er tatt på dag nummer to, altså har eg allereie sove på håret i mange mange timar også er dei framleis sånn fine, og uten kilovis med hårspray.
det følger med ein varmehanske og det finst hundrevis av videoar på youtube der ein kan læra seg å laga mange fine frisyrer, eg føler at eg har blitt med i ei hårkult.


så sånn skal eg altså sjå ut på håret denne jula, og egentlig for evig og alltid for eg føler meg ordentlig fin med krøller. så om de vil kjøpa noko skikkelig bra til dykk sjølve i romjula: remington pearl wand. den er tha shit, true story.

a couple of days ago i spent my christmas money(from my grandfather) on a styling wand, and i am totally in love with it and i want you all to know about it! this is what i'm going to look like this christmas. i <3 curls.
iih!!!

denne kjolen har eg nettopp kjøpt. herregud som eg gler meg til den kjem i posten, eg skal sjå ut som ein stor iskrem med makron på toppen. og det, mine kjære venner, det gler eg meg til.
i just bought this dress, and i can't wait to look like a big ice cream cone with a cherry on top.
rebel.

heilt sidan eg såg changeling har eg leita etter ein lilla leppestift, og no har eg kjøpt ein. rebel fra mac. den er ganske så fin og ganske så lilla.
![[gickr.com]_10b42fc5-2c61-28e4-7dae-1488f94f0bfc](http://farm6.static.flickr.com/5169/5251762966_191d0c291a_o.gif)
eg likar den svært så godt. no har eg endelig fått stått opp etter å ha vore i koma fra dei siste 24 timane som har vore sinnsjuke. så no skal eg ha fredag og laurdag samtidig!

my new lipstick, rebel from mac.
denne kjolen.

denne kjolen kjøpte eg i stockholm, oktober 2009.

og vart igjen med til stockholm i april for å feira purstagen min, me skulle egentlig til london men vulkanen stoppa oss. det var den tristaste og finaste purstagen nokon gong. her et eg og kjolen lakris-is, eg fekk tre kuler 'cause it's my birthday som eg likar å sei.

den har vore med på yaya's for fyrste gong og ete kokospannacotta.

den var med på den beste laurdagen nokon sinne med reeses peanutbuttercups fra sharon's sweet shop.

og eg hadde den på meg dagen eg vart forlova. <3

så var den med på "hei, me er forlova"-frukost på food story.

også vart den med til ungarn óg.

forrige laurdag var den med til bjølsen og til sigrid der den fekk sørlandschips og ein god del øl.
og sånn er det med den saken. min favorittkjole, som eg har sydd saman igjen fleire gongar enn eg kan tella, som ein desperat kjolekirurg.
this is my favorite dress, and as you can see it has been on plenty adventures with me.
onsdagsettermiddag.

før pleide eg å lika onsdagsettermiddagar, men sidan han der fine har dei mest travle onsdagane som finst er dei ikkje det lenger. så i går bestemte eg meg for at eg skulle ha det fint, så eg vaska og rydda og fiksa og triksa.
miranda july bur i gullramma på tv'en som ikkje funkar.
eg rista meg ei skive brød og hadde appelsinkremost på. sjukt godt.
så kom han der fine heim og da var eg heilt tullerusk.
og forelska, og hadde sminka meg med ny augeskygge fra limecrime fra kipekee. eg var pysete og tok den enkle brune.
og sist gong eg hadde augeskygge på var eg kanskje tretten år, og resultatet vart sådan. så åt me taco, såg beck og sovna som to trøytte bjørnar.
my wednesday was spent cleaning and tidying and trying on new make up while my fiancee was at a dj-course.
som ei klementin eller eit graskar, kjem an på sesongen.



i dag har eg vore hos frisøren, fantastiske trude hos fantastiske balanzera. håret mitt ser no ut som ei klementin eller eit graskar, kjem an på sesongen. det lyser mot meg i spegelen så eg må smila kvar gong for eg har gløymt kor fint det er. meir om det seinare!
i went to my hairdresser today and now my hair looks like a pumpkin, i love love love it.
om hårprodukt og sånt.
sist gong eg klipte håret mitt ein annan plass enn heime var rett før konfirmasjonen min i 2005. etter det lova eg meg sjølv å aldri meir reisa til frisøren, berre klippa sjølv. så det har eg gjort. i fem år. men etter kvart blir håret litt slitt og vanskelig å arbeida med, med slitte tuppar som laga den merkeligaste lille lyden når ein brukte rettetang, og ville ikkje vera med på noko som helst, ville berre henga ned og leva sitt eige liv. og eg hadde nesten turt å farga det raudt så mange gongar men feiga ut kvar gong.
så. for nokre veker sidan var eg på den økologiske frisørsalongen balanzera og fikk klipt og farga håret og var så superduperfornøgd at eg holdt på å sprekka. det siste halve året hadde eg brukt redken sin extreme-shampo og hårkur istadenfor balsam kvar gong eg dusja håret(kvar tredje dag eller noko), men etter å ha blitt stelt med i frisørsalongen tok eg like gjerne med meg litt av frisørsalongen heim.
no brukar eg desse produkta. zenztherapy, dansk økologisk sjampo og balsam som luktar mandarin, ei av mine favorittlukter. balsamen skal sitta i i opp til fem minutt(i mellomtiden kan ein skrubba kroppen og synga og sei setningar på fransk som ein er litt flau for å gjera utanfor dusjen), og etterpå blir håret sånn frisørmjukt og deilig og vil vera med på kva som helst.

til dømes pin curls. og det er jo fint. så brukar eg proffs hårspray, for det er den beste tykkjer eg. ikkje akkurat økologisk, men det funkar veldig bra.
to hårtips:
ein. eplecidereddik. dette tipset fekk eg av frisøren, og gir eit superduperglansfylt hår. ha i litt etter balsam, la det virke litt og skyll ut igjen. (om det regnar rett etter du har dusja kan det henda håret luktar litt eddik men det får ein ofra).
to. ikkje bruk hårstrikkar med metall på, for det er ikkje bra for håret. eg klipper av strømpebukser(sånne farga fra h&m) uansett for å laga "shorts" og da er jo halve foten igjen som ein anten kan kasta eller klippa til passande hårstrikkar. bra tips!

about my hair products. i went to the hairdresser for the first time in six years a couple of weeks ago and loved the pampering so much i brought some products home as well. now i use zenztherapy mandarin, and i love love love it. my hair does pretty much what i want it to now.
pin curls.




hurra! i dag fortset min jakt på ein jobb, håpar at noko kult snart dumpar i fanget. ha fine mandagar, da! suss.

yesterday i did some pin curls in my hair.
om håret.

i dag var eg hos frisør for første gong på nesten seks år, og ingen hjartebank, ingen klamme håndflater, ingen hyperventilering, ikkje eingang under klippinga. berre litt spenning i augene i ei heilt ny verd som heiter frisørsalong(frisørsalong som kun brukar økologiske produkt som luktar fantastisk godt og ikkje svir i hovudet). han der fine kom innom innimellom for å passa på meg, men eg hadde det superfint. fekk pukka-te(som eg elskar), frukt og fine magasin og fantastisk hodebunnsmassasje på vegen. eg følte meg så tatt vare på og fin og syns at eg sjølv er himla rar som har unngått frisørar så lenge. etter to timar gjekk eg ut av salongen med posen full av fine økologiske produkt og den følelsen eg alltid har lengta etter å sitta igjen med etter frisørpusøk. <3
og sånn ser eg ut:






fin og glad. ih!!!! eg er hårrusa. det blir nok ein fin kveld.
til dei som lurer om salongen eg var på:
balanzera
sofienberggt. 2B
tlf 22 04 11 66

today i went to the hairdresser for the first time in six years and i. am. so. pleased.
om hår.



eg er redd for frisørar. mange innlegg har blitt dedikert til hår her på bloggen, eg har spurt om tips til kva farge eg hadde passa og om nokon har tips til fine frisørar men eg har alltid vore for redd til å legga håret mitt i ein frisør sine hender. eg har ikkje vore hos ein sidan før eg konfirmerte meg, nesten seks år, og sidan har håret mitt blitt klipt med alle rare sakser som finst, helst på fest og aldri hos nokon som kan noko som helst om å klippa hår(mest meg sjølv). men no, folkens. no har eg endelig funne ein salong som eg stolar på og der dei virkar som himla fine folk som bryr seg om folka og ikkje berre håret. på onsdag skal eg setta meg i ein frisørstol og forhåpentligvis overkomma frisørskrekken min på berre eit par timar og eg håpar det blir himla fint. så veit de det, liksom litt action, også er det fint om de sender hundrevis av fine hårtankar min veg.

on wednesday i am going to a hairdresser for the first time in almost six years. i am very scared but i think it will be alright. they seem like good people.
rouge.

no i dei varmare månadane skiftar eg fra min vanlige rouge fra bodyshop, som ser sånn ut:

den har lett for å bli litt for rosa og solbrent om sommaren, så om sommaren skiftar eg til mac sin, som ser sånn ut:

den heiter melba og har vore min beste venn i sommar. var berre det.

usually i use the body shop roseflower blush(i buy it on ebay), but in summertime i now use mac's melba. not too pink but not too brown.
toalettveska mi.

toalettveska mi har eg kjøpt i amsterdam, og den er heilt perfekt. den er rosa og rommar akkurat alt eg treng å ha med meg.

eg elskar mac sine leppestiftar, og dei eg brukar mest heiter lustre og ruby woo.

av rouge brukar eg ein fra body shop som heiter roseflower blush fuschia, den finst ikkje på body shop lenger, eg kjøper mine på ebay. den fra mac heiter dollymix og den brukar eg når det trengs med ekstra ekstra rosa.

til augene brukar eg kun tre ting: ein kvit eyeliner fra mac, den får augene til å sjå heilt merkelig store ut, eyelineren min er fra l'oreal og heiter super liner carbon gloss, og av mascara brukar eg false lash effect.

og for tida brukar eg lola-parfymen fra marc jacobs, flaska er så fin så den får stå i hylla egentlig.

in my makeup-bag: two lipsticks from mac(lustre and ruby woo), two blushes(fuschia from body shop and dollymix from mac), a white eyeliner from mac, liquid eyeliner from l'oreal called super liner carbon gloss, and false lash effect mascara from maxfactor. my perfume at the moment is lola by marc jacobs.
hjarte.

i dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før. det var ei purstagsgave til han der fine(som har purstag laurdag), og han fekk pakka opp armen min med raudt silkebånd. kva seier de? er den godkjent?

i got my first tattoo today, a heart on my wrist as a birthday gift for my boyfriend's twentieth birthday on saturday.
motsatt.


lindsey wixson. <3

photo: damon heath.
lindsey wixson er min nye modellcrush. egentlig heilt sidan sist nummer av lula, men etter ho dukka opp på miu miu sine kampanjar óg har ho berre bergtatt meg. lily cole, irina lazareanu, jessica stam & lara stone, gjer plass på det lille rommet i mitt hjarte som heiter modellar, liksom. men mest av alt ville eg hatt ho under senga så ho kunne fortella meg godnatthistoriar og berre vera vennen min. men ho er nesten for fin for det óg.

my new model crush: lindsey wixson.
tre grunnar til å shoppa vintage.

ein. det er slitsomt for miljøet å takla alle kleda som blir produsert kvar einaste dag. derfor er det fint å heller kjøpa vintage og hjelpa jorda å fordøya ting litt saktare. dessutan får ein bæra plagg som andre folk har eigd og som har historiar. magisk!
to. du slepp å møta opp på skuleballet i samme kjole som ti andre jenter. om ein kjøper vintage er ein garantert eit unikt plagg som ein får ha heilt for seg sjølv. og det får i alle fall meg til å føla meg veldig bra når nokon spør kvarhardufåttden!? også kan eg sei vintage. høyres ganske kult ut.
tre. det er gøy! det er som å gå på skattejakt som born, men som voksen! å rota gjennom øskjer med klede, også blant slitte skjerf og underkjolar kan ein dra fram ein kjole finare enn ein kunne forestilla seg.
har de fleire fine grunnar?

my reasons for shopping vintage: the environment, looking unique and it's fun!
i veska mi.

i mi veske per dags dato: olympus 35rc(kameraet som tilhøyrte han der fine sin bestefar som eg endelig har fått til å funka og snart er den første filmen klar!), mac-leppestift, carmex, reservebatteri til kameraet, mini-diana, februar-moleskine, penn, fargetusjar, plastsløyfe i reserve, ysl tresor d'afrique, altoids & cover (mitt beste magasin akkurat no, eg sjekkar narvesen jevnlig for nye). og av og til har eg ipod, men ikkje alltid. også kameraet mitt, da, men det har jo si naturlige forklaring.

in my bag: olympus 35rc, mac lipstick, carmex, spare battery for my camera, mini-diana, february moleskine, a pen, coloured pens, plastic bow, ysl tresor d'afrique, altoids & cover(danish magazine). and sometimes my ipod and always my camera.
made in austria.


min nye cardigan er raud og grøn og blå og svart og kvit og har marihøneknappar og fine kantar rundt seg. kan ikkje de laga historiar om kven som eigde den før?

this is my new cardigan. i need to know who it has belonged to, can't you tell me a story about that?
fam irvoll, eg elskar deg.




(denne kjolen skal eg ha)

barnekolleksjonen. <3

sirkus. <3

ballongar. <3

from fam irvoll's show on oslo fashion week last night.
se min kjole, pt. tusen.

sånn ser eg ut i dag når eg hentar film fra framkalling og går ut med fine folk, med min splitter nye gamle kjole. den har fått henga i skapet litt fordi glidelåsen ikkje ville heilt opp sist gong, og ein skal ikkje slita i gamalt tøy men heller gå litt meir og eta meir epler og vips så passa den óg. den kjøpte eg i berlin i kilopris og putalte heile fire euro for den! cardiganen er acne, sløyfa er fra etsy og fisken har janne hekla til meg.

this is my new old dress from berlin!
dirndls.



berre sånn eit lite tips i halvmørket: vakre jannemieke hos vintagefashion.dk har laga ein heilt ny kategori på nettputikken som heiter dirndls. eg elskar slike kjolar og favorittkjolen min er ein dirndl, i tungt herleg stoff og ein historie bak seg. sjekk dei ut, i alle fall. ikkje så dyrt heller, nemlig. også er det nytt snacks i dei andre kategoriane óg, i tilfelle de skulle vera einsame og ønska nye venner i posten.

i love these new dirndls at vintagefashion.dk!
som kaker.




alle kjolane er fra timeless vixen
som ei stor kake som ein berre kan skjæra seg inn i også smakar det fersken eller kva som helst ein vil! skjønnar ikkje kvifor folk giftar seg i kjedelige brudekjolar, altså.

i am sucker for weddings, and this is what i want my dress to look like. a giant cake walking down the isle.
akkurat no har eg lyst på. (etsy-versjon)

tekopp-øyredobbar frå tiny tasty.

ein eple-ukulele herfra. sjølv om eg ikkje kan spela ukulele eingong.

bartefest-pakke herfra.

ei sånn fin veske til macen min herfra. (egentlig burde eg jo berre venta til eg får mange tusen kasta i hovudet så eg kan kjøpa ein ny større ein, men what to do)

dette og mange andre hårband herfra.
kva har du lyst på?

these are the things i want from etsy at the moment.
kva har de i øyrene i dag?

eg har ostekake, herifra. ostekake med banan, mmm. kva gjer de på onsdagar som i dag? eg får fine folk på pusøk og håpar eg kan skriva litt og sova i natt.

what is in your ears today? for me it's cheesecake.
raudt og drops og sløyfete.

her er mi nye kåpe frå berlin! den kjøpte eg for kilopris, ca seksten euro(med sløyfebrosje på til tre). den er kjempesvær og fin og varm og raud og med svarte fløyelsknappar. fin å forsvinna i når det er så kaldt. i håret har eg ny sløyfe og på kroppen ny kjole.

skjønnar de kvifor eg seier at kjolen er som tusen små drops?

og her er mine nye sko! dei er i skinn og knirkar litt og dei kosta berre ti euro, tenk det.
i dag er det søndag og snart skal ein eta deilig middag som de skal laga neste veke, okei? okei. søndagssussar!
ps: tykkjer de óg at søndag er filmdag?

this is me in my new red coat, new dress and new shoes. and new bow!
tips på ein tysdag.


hedvig har typ dei finaste kjolane og det søtaste håret i verda. altså, eg lovar.
sophie takes pictures

ho tar dei nydeligaste fotografia og ein får lyst til å bu i dei. ho oppdaterar sjeldan, men eg ventar alltid.
rosebudcottage

etsy-putikk som har så nydelig fine hårklemmer at ein nesten dør. nokre sukkertøy er allereie på veg til meg i posten.
har de fine tips? etsy-putikkar eller fine bloggar?

three tips on a tuesday!
hide and seek.

victoria beckham ss09-collection video. love it!
nye skattar.




dette er min nye gamle hatt. den tilhøyrte han der fine si bestemor. eg har aldri møtt ho, men føler at eg blir meir og meir kjent med ho ettersom eg overtar meir og meir av kleda hennar. fint, tykkjer eg.

i tillegg har eg fått låna kameraet til bestefaren til han der fine. han brukte det sist i 1983 i israel, men filmen satt seg fast. eg fekk filmen ut og no skal den framkallast. tenk! den har det finaste vindauget.


fint!
har de nye skattar? i dag bakar eg og andre fine søndagsadventsaktivitetar. kva gjer de?

this is my new hat, it used to belong to my boyfriend's grandmother. she passed away before i met him but i feel closer to her by wearing her clothes. i also have a new camera which belongs to his grandfather, inside it was a film from 1983. with pictures on it!
gladtorsdag

hei!

hei! snart blir det raudvin og dexter og livet er herleg, er det ikkje?

on thursdays not too stressful it's nice to put on extra makeup and just be happy.
get dressy

og alt er berre puffpuffpuff og skjørtskjørtskjørt.

og no er heile tastaturet fullt i raud leppestift. det er sånn det skal vera.

my new dress makes me feel like a doll.
kjære jul.



mummikoppar. i prioriteringsrekkefølge. eg har sakna mummi i år, merkar eg.

varmluftsballongar. alt som har med varmluftsballongar å gjera. om du finn ein kjole med varmluftsballongar vil eg elska deg frå no av og til evig tid amen. men helst smykke óg, og juletrepynt.

ringar som ein kan putta bilete inni. tenk så fint, å gå rundt med eit bilete frå ein fotoboks på fingeren. det ville nok gjort meg glad til og med på ein torsdag med influensa.

tim walker-boka. denne har eg ønska meg altfor lenge. om det nokon gong blir satt i gang leiteaksjon etter meg treng de ikkje helikopter. de berre reiser på ark i karl johan, eg sit heilt innerst der med denne boka i fanget. blar og kjenner på kvar enkelt skisse, skissar litt i mi eiga bok.

love box. dette er det finaste. som produktskildring står det "everything you need to write a love letter in a wooden box". fint vel? her.

fujifilm instant mini. fujifilm sitt polaroid-kamera har eg ønska meg så lenge så lenge, ein kan kjøpa film med til dømes disney-prinsessene på som ramme.



tv på dvd. i prioriteringsrekkefølge. wonderfalls trur eg faktisk at de vil lika, altså. som eit lite tips.

35mm-film. i alle fargar og formar og iso og alt.
kva står på di ønskeliste til jul i år?
ps: takk for alle dei fine kommentarane i går, det inspirerar og motiverar og eg fekk augene opp for nokre veldig pene menn og kjem muligens til å laga ei ny liste ein dag altså. suss.

this is what i want for christmas: moomin cups, everything with hot air balloons on them, rings to put pictures in, tim walker's book, fujifilm's polaroid camera, tv on dvd(dexter, ugly betty and wonderfalls) and every kind of 35mm film.
hjelp?


no har eg lest så masse om frisørar og raudt hår at eg blir heilt tussete. er det nokon som veit om ein fin frisør i oslo som er flink(og da meinar eg flink) på raudt hår?
grønn.

i kveld har eg på meg grønn fløyelssløyfe(frå uff).

og et sånne fine som smakar himmelsk. også saknar eg litt, for han er reist vekk igjen, kan de tru det? i morgon har eg fri og skal prøva å bli venner med fretex. sussar!

tonight i'm wearing my new green velvet bow and eating chocolate balls, delicious.
blomar og bær og busker

her er min vakre nye kjole! den er så himla himla fin og har allereie rukke å vore på pascal og på fest og bakt ei kake, tenk det. eg fekk den for ein fin hundrelapp på uff på jernbanetorget(ps: der har dei stativ med kjolar til femti kroner).

når ein har den på må ein ha på seg raud leppestift óg, sjølvsagt.

og da blir ein så hoppande glad som her!
animasjonen er laga her.

this is my very lovely new dress, accompanied by red lipstick.
nytt.

(om ein ikkje har kamera, får ein scanna) i dag har eg kjøpt deilig nytt undertøy(veit de at det er lov på fredagar? det er det).

her er eit fat med kinamenn på(kjøpt på marita-putikken i markveien) og ei ny sløyfe frå mamma.

marie antoinette-bilete og ny fabelaktig eyeliner. den er så tynn og presis så det blir sånn

så lett som ein plett(den heiter glam eyes frå rimmel). blah, eg er så irritert på håret mitt, skulle ønska det var oransj. i kveld skal eg laga min fabelaktige pizza med makker han der fine. kva skal de i kveld?

my camera is broken, so i'm scanning things instead. new underwear, new plates and bows, new marie antoinette plaque and new eyeliner!
oui.

om eg fekk velga min eigen forlovelsesring skulle det absolutt vore denne frå dior. berre så de veit.
eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
om strømpebukser og sånn

kjelde
eg har vore strømpebuksejente i nokre år no, og det fins få ting som er meir frustrerande enn akkurat strømpebukser. det blir hol i dei og dei er dyre. difor vil eg dela med meg mi utarbeida strømpebukseoppskrift så de kan sleppa frustrasjon i kvardagen: på vinteren kjøper eg eit par førti denier på h&m, helst ein fin farge(for av og til kan ein sjå fargen gjennom strømpebuksa over). over den har eg ei i ull, akkurat no har eg pierre robert og det funkar veldig bra. over der igjen må du ha ei avklipt strømpebukse, typ ned til kneet, i kanskje seksti denier(mine er frå lindex), for å beskytta dei andre strømpebuksene frå hol og smuts på toppen. om sommaren byttar eg ut den i førti denier under og har heller ei i litt tynnare ull på(men framleis den som beskyttar over). skjønnar? make me proud!

my recipe for unbreakable tights: 40 denier, wool, then a pair of shorts made from a 60 denier.
anatomical heart.

eg elskar jo teikningar av anatomiske hjarte(og andre organ óg), og difor er det så fint at denne er på veg heim til meg(kjøpt på ebay)! hurra! har de kjøpt noko fint i det siste?

i just purchased this, can't wait for it to arrive!
woop woop.

i dag har eg på meg min nye kjole frå beyond retro i stockholm. den er så lett som silke og har fine knappar og krage. og små pufferme!

og mi fine nye sløyfe! snart må eg ha sløyfeverkstad, for desse er kjempeenkle å laga. no skal eg til med oppdraga mine for i dag, som er litt annleis enn dei skulle ha vore(på grunn av regn), men de kan uansett gleda dykk!
forresten: de som skal vera med på skattejakt i oslo 24. oktober må senda meg ein mail på skattejakt.oslo@gmail.com for å få meir informasjon og påmelding!
kva gjer de på tysdagar? til vanlig og i dag?

today i'm wearing this!
apropos rosa.

altså, eg kan nesten ikkje tru at eg har gløymt å visa denne karamellen her. den fekk eg for hundre kroner på ein vintageputikk her på grünerløkka min første dag som oslobuar. merkar eg gler meg skikkelig til å shoppa litt i helga. eg treng nok eit stort underskjørt som kan vera god nok mot kjolar som denne. også treng eg jo ein kjole med varmluftsballongar på, sjølvsagt.

i can't believe i forgot to show you this dress! it makes me feel like a cake.
rosa.

eg vil ha undertøy som er så rosa så rosa og gjennomsiktig, nesten.

og rosa underkjolar med blondekant.

og ein rosa bomullsdraum av ein kjole.

og ein sånn fin underkjole frå åhléns.

og rosa gåveboksar å legge gåver i.


og rosa kitchen aid til kjøkenet.

og smoothie.
kva er rosa og pirkar i lystene dine i dag?
dei fleste bileta er linka til kjelder.

today i am very much obsessed with pink.
to tips!


min gode venn hos vintagefashion.dk har lagt ut masse nytt dei siste dagane, og eg vil anbefala alle å gå inn dit og ta ein titt. i løpet av denne veka vil ein av mine lesarar kunne vinna eit gavekort i nettputikken, så berre hald augene opne.

i nettputikken min har eg ein auksjon på den fine sekken min akkurat no. det er ein del anna nytt der óg, for dei som vil.
tips!

om de har lyst på store sløyfer rundt halsen, og det trur eg nok at alle har, så kan de kjøpa slike her, i masse forskjellige fargar og mønster. berre eit lite fredagstips, sidan de er så himla treige i dag.

a tip this friday: buy big bows here.
se min kjole

tenkte berre å visa denne fine saken eg fant på birkelunden på søndag til hundre kroner. fin, ikkje sant? den har ryfler og små blomar og er så fin å svinga seg i.

my new dress! perfect for skipping and jumping.
small sailor

ei pyttelita strikka sjømannsjakke!

no må eg berre finna ut kven som skal vera så heldig å få låna den fram til mine eigne små skal ha den. fint vel?

yesterday i found this at a flea market for five dollars!
sukkertøyblomar

den har eit stort tungt skjørt som snurrar veldig stort. det blir den perfekte haustkjolen. med blondar på.

eg er veldig bustehår i dag. ser de dei små blomane?

den manglar ein knapp, så den får henga på veggen inntil vidare. men for ein fin veggpryd.

this is my new dress! with tiny flowers and lace trimmings.
hei hei.

i dag har eg på meg den kjolen, de veit, den som får meg til å sjå ut som ei ukrainsk bestemor.

eg har purstagsansiktet på:
tørr eyeliner: maybelline.
våt eyeliner: mac.
mascara: maxfactor(false lash effect).
rouge: the body shop.
leppestift: mac(lustering).
kjolen er frå fretex unika i trondheim! no skal eg lage min berømte kanelfylte lasagne til lille purstagssøster kjem heim + chocolate chip cookies, den deigete typen. mums!
kva gjer de i kveld?

this is what i'm wearing today! (you can use the google translator for the makeup translation). now i'm going to make lasagna and gooey chocolate chip cookies.
eg dør.





oh my ears and whiskers, how late it's getting!

i dag har eg ny kjole på. eg har hatt litt influensa, og då er det fint å få kjolar i posten med hjartepapir rundt vel.


den er fin å snurra i samtidig som den har fine knappar nedover heile seg. og det tykkjer eg alle skal ha. eg er i litt alice i eventyrland-humør i dag, kanskje de får vita kvifor seinare. suss på nasane!
ps: hårblomane kjem seinare, eg hadde ein i håret i går og den berre datt av klemma, så eg ventar på større klemmer. men dei kjem.

i've been sick with the flu but today i got this lovely dress in the mail!
bringebær

i dag fekk eg denne kjolen frå min fantastiske nye sponsor, flutter and echo. den får meg til å føla meg som eit enormt bringebær.

today i received this wonderful dress from my lovely new sponsor, flutter and echo. it makes me feel like an enormous raspberry!
gjer det sjølv, blomar i håret

desse kan ein bestilla på ebay, ein søker på "french barrette clips". eller på etsy! eg pleier å bruka åtte centimeter lange, men det vert ofte for stort òg, så eg har eit lager med seks centimeter i tilfelle.

limpistol må ein ha! det får ein tak i på hobbyputikkar og ofte leikeputikkar òg.

så treng ein jo noko fint. eg brukar lysmansjettar, det er sånne som ser sånn ut på baksida:

eg pleier å kjøpa dei på nms-putikkar, dei kostar som oftast nesten ingenting. om ein ikkje har tilgang på bruktputikkar eller kanskje bestemødre som har dei gøymt i skuffene, kan ein kjøpa dei på ebay òg. da søker ein berre på "candle ring". ver forsiktig med å finna ut kor store dei faktisk er, ein vil jo ikkje ha nokon som dekkar heile hovudet heller. det du må gjera no er å finna ut korleis du vil at blomen skal sitta i håret, også måla klemma opp mot baksida på blomen så du veit akkurat kvar den skal sitta når du får på limen. så tar du limen på klemma og plasserer den på blomen(og hold litt så det stivnar) og vips!


fint vel?

og om klokka er halv fem om natta og du ikkje får sova og du har kjøpt rosa fluge(om ein vil laga og ikkje har sløyfer så søker ein berre på "bow tie" på ebay), kan du gjera den om til eit armbånd lett som ein plett med saks og nål og tråd.

this is what i do to make my flower hair clips. french barrette clips + glue gun + candle rings! and if you have bow ties not currently occupied, you can make these lovely wrist bows!
fin!

den passar perfekt i min gamle dame-garderobe, tykkjer de ikkje? no reiser eg på fretex og håpar å finna noko fint der. i kveld skal eg på zoe rahman trio-konserten og kanskje kristin asbjørnsen om eg får skikkeleg lyst. håpar de har fine sumardagar, det har eg. puss puss!
ps: fortel meg noko fint.

i found this cardigan in the back of a closet at my boyfriend's house and it fits me perfectly despite the fact it used to be a pyjamas for a ten year old girl(fifteen years ago).
tips!


den fantastiske nettputikken vintagefashion.dk har lagt ut masse nye klede no, så det er førstemann til mølla. eg vil spesielt anbefala kjolane frå 50-talet. flott!

the danish online vintage store vintagefashion.dk has new items up today, so check it out!
gjett kva eg har kjøpt?

ja! eg har kjøpt eit kattekamera frå holga! det mjauar og syng songar og tek til og med fine bilete. eg gler meg masse!

i bought this cat camera by holga today, it meows and sings when you photograph with it!
ebay-tips

mama stone vintage - fine kjolar, fine sko og fine jumpsuits.

liebemarlene vintage - alltid dei finaste kjolane. ho legg ut nytt kvar torsdag.

violetville vintage - maaasse kjolar, men òg fine hattar og sko.

sickthrift - fine skjørt og jumpsuits, og ein del kjolar.

sleepyhead vintage - kjolar, skjørt og badetøy.

laced with romance - kjolar!
har du tips til ein fin nettputikk eller noko anna fint som kunne vore aktuelt å dela her på bloggen? send det til mariell.oyre(at)gmail.com.
og sidan eg er i eit slikt sumar-humør, seier eg hipp hurra for sumar og gir 35% avslag i putikken denne veka!

some of my favorite ebay sellers!
ferskenfin.

nydelig ferskenfin kjole frå min nye fantastiske sponsor, nettputikken vintagefashion.dk. fantastiske kjolar og fint tilbehør frå vintage-tiår. himla fint, tykkjer eg!

today i received a dress from my new sponsor, the danish online store vintagefashion.dk.
prikkekjole

kva gjer de i kveld?

i love my new polkadot dress, vintage from reykjavik. tomorrow i will show you the guide to my reykjavik. kisses!
klede

nye klede i putikken!
om hattar


etter å ha sett så mange gamle franske filmar i det siste, har eg fått så lyst på ein hatt.
kva tykkjer de? ja eller nei? om ja, kva type hatt ville ha passa meg?

after being inspired by old french movies, i really want to get a hat. yay or nay?
om å ikkje blogga om klede



i tillegg vil eg ha masse nye strømpebukser. og kanskje eit par sko.

i am so sick of my wardrobe, hence the lack of outfit posts. i'm looking very much forward to shopping in the next couple of weeks, going to trondheim and then to reykjavik!
om mitt hår.


eg brukar moisturising shampoo og conditioner, som luktar honning og såååå herleg.

og ein gong i veka brukar eg denne maska av valmuefrø som skal gi liv til håret. så brukar eg, om eg treng det, rettetang og litt hårspray(frå redken). fint å vite?
etsy-favorittar
ps:
cool sunshine

eg er så kul i mine nye solbriller som eg fann bakerst i eit skap. eg og mamman til han der fine delar på foreldreretten.
kva brukar de denne søndagen til?
skattejakt

skap fulle av nydeleg stoff

og det finaste serviset.

skuffene er fulle av blomar

eller serviettar.

og vindauga er så fine at ein dør litt.

i går fann me noko nytt. ei pappøskje innerst i eit skap. og kva fann me der? kjolar. nydelege kjolar.

så fine at eg smiler av å tenka på at eg fann dei. i ei øskje. gøymt i eit skap. no skal me snart køyra til lesja, purstagsselskap i dag og konfirmasjon i morgon. eg er ei oppteken kanin. eg er kjempelei meg for at eg ikkje får svart på alle spørsmåla de stiller, eg har rett og slett ikkje tid akkurat no, men eg leser kvar einaste kommentar, finingar. kanskje eg skal ta ei spørsmålsrunde når eg får ei pustepause, kva tykkjer de? eg håpar alle får nydelege laurdagar.
suss på nasen!
nye sko og sommarfuglar

og gjett kva anna? eg har fått sommarfuglhårpynt i posten frå charm school designs sin etsy-putikk. og eg skal gi den vekk til nokon, om de er snille.

i dag er det super-duper onsdag, og eg treng ikkje å reisa på skulen i morgon. fint vel!
kva skal de bruka helga på?
mine internett-heimar

mesteparten av vintageactionen heime hjå meg skjer på etsy. her har dei så mykje fantastisk, det er som ein liten putikk som aldri sluttar å overraska. ein bør ta seg tid til å setta seg inn i dei ulike måtane å utforska etsy på. ein kan sjølvsagt søka etter det ein vil ha og finna ting etter kategoriar, men ein kan òg finna ting i ein spesiell farge eller etter kvar selgaren er frå, veldig kult! ikkje berre er det ein perfekt stad å sjå etter vintage- og second hand-greier, det er òg ein stad folk legg ut sine handlaga ting, til dømes kunst og smykke, men ein kan òg senda mål til ulike selgarar som då syr etter akkurat din kropp. det funkar som eit stort kjøpesenter med mange ulike selgarar som har sine putikkar, og ein bestiller av kvar enkelt selgar. av og til står det at selgarane ikkje sender til noreg men da berre sender de ein melding til dei også fiksar dei det, dei er supergreie folk som regel. ein kjøper ting også er det ditt. ikkje noko byding, berre reine kjøp. fint.
ebay

ebay er meir som ein jungel. ein svær budjungel som av og til kan vera fullstendig uforståelig, og mange som ikkje heilt forstår korleis det funkar blir nok lurt til å putala for mykje. det er alltid lurt å lesa litt om ebay før ein kastar seg i det. det er to måtar å handle på: auksjonar eller reine kjøp. om ein berre søker i hovudvindauget, kjem begge alternativa opp, etterpå er det mogleg å velja om ein berre vil ha ein av delene eller alt(over resultata). heldigvis har ebay no komme på norsk, så ein kan berre gå på ebay.no, også er ein good to go.
market publique

vintage-budmarknad, litt ny for meg enda men det ser veldig bra ut og store moglegheiter for å gjera fine kupp! eg trur eg kjem til å henga mykje her framover.
kawaii design

for dei som har kroppskunst i form av piercingar, er dette ein fin putikk. det er mykje som verkeleg ikkje er min smak i heile tatt, men om ein leitar er det mykje fint. del har fine pluggar og alt mogleg. og fine strømpebukser og kinasko og fine hårspenner. dei har òg laushår og klede!
lady luck rules ok

lady luck rules ok fekk eg anbefalt i dag, men eg elskar det! det er litt vanskelig å finna ut av, men det er verdt det. dei har fine smykker og fine bøker og fine lommebøker og ja.
mint and vintage

på mint and vintage er det ei blanding av fine merke som manoush og minimarket, men òg mykje fint vintage-klede, som kjolar og jakker.
we love colors

her skal du kjøpa strømpebuksene dine! helst dei i nylon/lycra. dei er i 80 denier(altså ganske sterke), og fins i sååå mange fargar!
play

her skal du kjøpa filmar, bøker og tv-seriar(men på engelsk, mind you). det er så hyperbillig at ein dør, for det er gratis frakt!
om visa: det er ein myte at ein må vera 18 for å ha ordentlig visa, desverre. snakk med banken din, ta med deg foreldrene dine. eg har hatt visa sidan eg var 15.
i og med at eg ikkje har mi eiga datamaskin tilgjengelig akkurat no, så er ikkje denne lista fullstendig. men det er jo berre fint, for da kan de gleda dykk til neste gong. fint vel? ein laurdagsnattsuss til alle saman!
betty frå amsterdam

i dag har eg på meg betty-kjolen min frå loppemarknad i amsterdam(ååå som eg saknar den byen). snart kjem christine, og da blir det risotto og kvitvin i hagen!
kva elskar du mest med at våren endeleg er her?
purstag, helsing mammapappamormormorfar


sei hei til min nye odd molly-kjole. den får meg til å føla meg som ei kjempestor kake, og ingenting er vel betre enn det.

eg fekk ei fantastisk lisbeth dahl-skål med stett som eg har fylt med polkagrisar.

og ein fantastisk orkidè!

og elgpasta frå ikea! purstag er kanskje det finaste eg veit om. i morgon viser eg fleire presangar, okei? okei. fint. god natt! forresten tykkjer eg alle skal sjå på bloggen til han der fine, for han skriv på noko no som er så fantastisk at eg ikkje får pusta, nesten.
pinup frå 50-talet

min nye kjole får meg til å føla meg som ein pinup frå 50-talet. cardiganen har eg arva av oldemor og sløyfa av bestefar.
dette har eg lyst på



desse bileta av caitlin shearer:


dette smykket:

ein kjole sydd av dette mønsteret

min mamma seier eg kler meg som ei bestemor, men det tykkjer eg berre er fint.
translation: today i want these dresses, these paintings by caitlin shearer, this necklace and a dress sewn by this pattern. click the images for sources.
ps: by på kjolen min da vel!
pss: dei som ikkje har sendt hjartepost må få ræva i gir. folk ventar på post, og det er rett og slett berre dårlig gjort å ikkje senda.
psss: send løyndommane dine til:
mariell øyre
v/3mka, firda vgs
firdavegen 21
6823 sandane
vintage-tips

blue bird vintage - fine klede og jumpsuits for dei som likar det.

minimum mouse - fine kjolar! og masse andre fine vintage-greier.

allen company inc - hjartehjartehjarte. om eg berre hadde gått med skjørt. og hadde hatt meir pengar.

la boheme - vintage-kjolar, -badetøy, -sko, tilbehør. hjarte.

tres chic vintage - fine kjolar.
er de glade no? seinare denne veka kjem det ein stor inspirasjons-post med flickr-profilar og litt ymse vakkert. eg er i dele-humør for tida.
i veska mi...

eg har eigentleg sjeldan veske til vanleg, for eg går med sekk på skulen sidan me har datamaskiner og tunge bøker og sånn. men når eg skal ein eller annan plass, har eg veske. i dag skal eg til førde for å levere løyndom-boka til fylkesmønstringa. vil de sjå kva som er i veska i som egentlig er fredrik si?

i holrommet til venstre er kameraet mitt. men de skjønnar.

fargepennar frå staedtler, lommebok frå loppemarknad i amsterdam, blush frå body shop, leppestift frå mac, børste frå body shop, penn(det er ein frp-penn. sjølv om eg hatar frp, har dei himla gode pennar).

kokos-body butter frå bodyshop, headset, ipod.

løyndom-boka og boka eg les no, a conchise chinese-english dictionary for lovers av xiaolu guo. også har eg alltid med meg ei flaske vatn, men den har eg ikkje laga til enda, hih.

her er meg. eg drikk te. snart reiser eg på bussen og eg grugledar meg til å finna ut om boka kjem vidare til landsmønstringa eller ikkje. ønsk oss lykke til! i kveld skal eg i purstagselskap, i morgon kjem sunniva og eira, også skal eg feira min eigen purstag.
kva skal du i helga? og kva har du i veska di?
translation: the content of my bag; colour pens, wallet, make-up, ipod and headset, the book i'm reading at the moment, a conchise chinese-english dictionary for lovers by xiaolu guo and my norwegian postsecret project book.
krage

hei, finingar. her er ein animasjon av min nye fine krage. no reiser eg til sogndal, og i kveld skal eg på big bang-konsert! eg gler meg som ein kanin. berre ein ting først: ver så snill, prøv å lur meg! eg blir aldri lurt på 1.april, og tykkjer eg skal det i år. suss!
tante isabel

og den er herleg herleg. sånn. no har de blitt introdusert. no skal eg på kino, menn som hater kvinner. suss!
kva gjer du i kveld?
i dag er ein raud dag


og dessutan ein fisk rundt halsen.

også! har eg vore på posten for å henta mine nye sko. desse er mine favorittar, men eg mista det forrige paret. så eg fekk nye av mine fine foreldre. hurra!

om sløyfer

det spørsmålet eg får aller mest av lesarane mine er kvar får du kjøpt alle dei fine sløyfene dine? og eg beklagar å måtta skuffa nokon no, men det finnast ingen willy wonka av sløyfene. det finnast ingen sløyfefabrikk eller putikk, for å finna sløyfer(i alle fall i noreg) må ein leita ein del. i bruktputikkar og på loppemarknad og kanskje i foreldra dine sine gamle klede. om du er heldig kan du finna eit par fine på ebay, men dei er nokså dyre. dei aller fleste sløyfene eg har er mannesløyfer som eg har fiksa og triksa på. lykke til på sløyfejakten, no stikk eg på shopping!
gullsløyfe

med gullsløyfe.

og finaste kjolen frå tante isabel. <3
kva skal de i kveld?
blomstereng-kjole


eg har enda ein ny kjole og den er min nye kjærleik for augneblinken. i kveld er eg grinekjæreste som ikkje vil reisa ifra kjæresten sin, det er ganske slitsomt men òg litt fint. no må eg pakke pakke pakke til langt på natt og i morgon reiser me(nesten).
se min kjole pt. vi / møt merkelege molly

endeleg ein odd molly-kjole i samlinga, wuhu! eg kjøpte den i oslo i helga og for augneblinken er den min største kjærleik. akkurat no pakkar eg og styrer litt før eg reiser til amsterdam i helga. har du vore der, og isåfall har du tips til kvar det er kult å vera?
suss!
idag ser eg sånnher ut

no skal eg ut på ærend. suss!
(og sidan de alltid spør: kjolen har eg arva av bestemora til han der fine. ho har eit magisk klesskap)
se min kjole pt. iiiii & restar av ein fredag

denne fine skapningen fekk eg i posten for eit par dagar sidan. den er raud og prikkete og herleg.



han der fine er reist til oslo for helga, så eg held motet oppe og tyr til ferdigmat-disken på mega. vårrullar!


namnamnam. eg er flink til å kose meg visst.

eg håpar de alle har ein fin fredagskveld! eg er ikkje heilt sikker på om eg har det. om du treng litt noko å bruke tida på kan du til dømes kjøpe denne kule boka eller sose på ebay. det skal eg.
se min kjole pt. iiii


den er sånnherfin oppe.


stoffet er sånn.

også er den sånnher fin å ta bilder gjennom.
no stikk eg til han der fine for å sjå krim og kose. ha ein framleis fin kveld! suss!
se min kjole pt. iii

denne fekk eg òg i posten. ein lilla femtitalsdraum. så den spradar eg i i dag.

å, så fin.

og de spør ofte kvar eg kjøper ting; eg kjøper som regel brukt, på ebay eller etsy eller tradera eller sånt. kan lage ei oversikt over kule vintageputikkar på nett ein annan gong. den eg hadde på meg i går og den i går er begge kjøpt på etsy.
no drikk eg chai og skal snart på min onsdagstur på rema1000 for å kjøpa lakrisfudge. seinare er det ugly betty og csi på tv, og historielekser såklart. bak meg ligg ein fin ein. eg likar verkeleg onsdagar. og i dag har eg to spørsmål:
1. kven er du?
2. kva er din favorittdag, og kvifor?
(3. kva gjer du på ein onsdag som i dag?)
og takk for alle fine kommentarar og all fin post. eg er så takksam for alt! finingar. suss!
se min kjole pt. ii

(eg trudde aldri eg kom til å bli ein av dei jentene som tok bilete av seg sjølv i skitne speglar, men reint tilfeldig har eg ikkje vaska spegelen, og macro-objektiv er vanskelege sånn sett)

så glad vart eg. for ikkje nok med at eg fikk fin kjole, men eg fikk fin sløyfe òg!


fin kanin.
hugs prosjektet! eg treng alle som vil!
1-2-3 sløyfe!


liten i ruter.
2.

middels i cordfløyel.
3.

veldig stor, ganske blå.
så fine sløyfer fikk eg i posten i dag. liten, stor, og like stor som hovudet mitt. fint!
raindrops on roses and whiskers on kittens

hjartesmil + graasona = fint.

kjolen funkar som vanleg. eg elskar den. eg kan godt tenka meg å bu i den. eg har farga håret i dag òg. det vart ikkje så verst.

ha ein fantastisk laurdagskveld!
hello, lover


kva som låg oppi?

my new babies, camper peu.


inni er dei faktisk prikkete. er dine sko prikkete på innsida kanskje? trudde ikkje det. hih.

og under skoen står det "contact earth". eg elskar camper.



(ja, eg pleier vel å sitta på golvet på kjøkenet når eg drikk smoothie)
min nye besteven



det er ein av desse fredagane
i dag fekk eg kule ting i posten på skulen. ein pakke. fra min mor. den inneholdt ein kjole, ei sløyfe, såpe, tannkrem, to strømpebukser, eit par sokkar og bocca. eg er så glad i mamman min. kjolen og sløyfa hadde eg bestilt på ebay. eg er forelska.




den er noko av det finaste eg eig. allereie! <3

eigentleg er det ei sånn mannesløyfe. men bandet er akkurat langt nok til å gå rundt hovudet mitt, hih.


kva skal de i kveld?
uansett; ha ein fin fredag!
i paris fekk eg kjøpt ei bestemor

eigentleg kjøpte eg den fordi den hadde så fin lås.

eg skulle fort finna ut at det var meir å henta. ei heil bestemor.

eit lite speil.

eit lommetørkle. og det aller aller aller beste:

ei bittebittebittelita(så stor som fingertuppen min) balenciaga parfymeflaske. det er magisk.
fine ting frå paris, del 1: mitt nye leiketøy



se min kjole




kjærleik til ein ting



hihi, kjolen min.
eg skal sykla ein lang tur no og eg har eit spørsmål. kva for musikk likar de å gå/sykla til?
ritz


den var pakka inn i eit kart. det var noko av det finaste.
eg får mange fine hemmelege "fan"-brev for tida. det er så fint og skummelt samtidig. også vart eg stoppa på gata i oslo og det er litt skremmande. heldigvis er de så søte at det er ikkje nøye. <3
sånt skal eg gå med i haust
hårspenner og hårsløyfer:


ullstrømpebukser:

denne kåpa i menneskestorleik og kanskje i tøystoff istaden for papir:

klokka mi som alltid er halv seks:

støvlane:

Mediterranean by Elizabeth Arden:

paraply:

termos med te og kakao(mintkakao<3) han der frosken til høgre, ja:

fine luer:


anna enn dette har eg null peiling. eg håpar paris skal redda meg og mitt haustskap. det blir jo perfekt.
trøstepresang(ar)

kjole.

kjole nr.2

kunst.

meir kunst.

alice i eventyrland-smykke.
i mitt fine store skap






og ja; forresten

wellingtons



medan eg tok bilder såg eg at mamma faktisk har eit par støvlar ho òg. blomsterstøvlar, men på ein annan måte.





3 skift igjen med arbeid, i cannot wait!
regnjakka




det vart meir eg er fin-bilder enn regnjakke-bilder, men det får gå.
vil du sjå kva eg nettopp har kjøpt?

helsing mamma.
























