min nye blogg.
weekend with sara.






fredags kveld kom sara, me drakk bringebærvodka og lo. laurdag reiste me på marknad og eg fann ein brudekjole som var så fin at eg nesten begynte å grina. synd da, at ho som jobba der var verdens verste hespetre og gjorde at eg gjekk med ein stor vond klump i magen resten av dagen(nokon folk blir berre så rasande når ein tar bilder at dei ikkje eingong kan oppføra seg som vanlige folk.) me kjøpte trøstebrownie som reklamerte med verdens beste brownie-skilt utanfor og det var faktisk sant. sjukt sjukt god.










søndag reiste me langt, eg og mcqueen-følget mitt. sara kjøpte nemlig det vakraste fløyelsskjerfet fra alexander mcqueen dagen før og augene berre lyste av glede. dei såg ganske harde ut med kvart sitt mcqueen-skjerf. twins. me gjekk til min favorittbutikk og vart kalla familie av ho som eig butikken. me fekk kvart vårt dobbelkyss og eg kjøpte noko veldig fint som eg skal gjera noko veldig fint med(åh så irriterande at eg held ting tilbake, men åh så gøy for meg). så gjekk me på blomstermarknad, eg kjøpte tretti tulipanar, me blakka sara på ufattelig vakre greier også åt me crispy chicken nachos! min oppfinnelse. patent pending.





i går var det mandag og sara skulle reisa. me hadde ein katastrofal morgon etter berre fire timar søvn og kanskje promille, men så gjekk me på ladurée og åt frukost, eller egentlig var det berre smørdeig for dei hadde ingen mat. sara spanderte som for å sei takk for seg, så himla classy. way to go. me sa hadet til sara, eg grein to tårer på tuben også var me heime i senga med tv og makronar. me samlar på boksar, for dei er perfekte til jostein sine sløyfer. flaks. lakris, mørk sjokolade, 2xkaramell med salt smør, eple og pralin. ganske så godt. også sov me. godt og lenge.
(1.) on friday night, sara arrived! we drank raspberry vodka and laughed and i got to cut her hair a bit. on saturday, we went to a market and i found the most perfect wedding dress. too bad that the woman who worked there was a raging bitch and made the rest of the day so hard because there was a ball of ache in my stomach. some people just get so angry when you take pictures in their shops, my god. we got some brownies, said to be the best ones in the world and they WERE! i still dream about them. (2.) the next day, i took the mcqueen-twins out(sara had just bought her first mcqueen scarf the day before and was glowing with pride, jostein wore his too as he would be too jealous if he didn't). we went to my favorite shop where the woman who owns it called us family(we've been going there.... a lot) and after a double kiss for both of us we went to a flower market where i bought thirty tulips. we emptied sara's bank account with awesome things and then we went home, ate crispy chicken nachos and drank a lot of drinks. (3.) yesterday was monday, and sara was to leave. we had a disastrous morning with four hours of sleep and blood like vodka, so we went for breakfast at laduree, only they didn't have food but only pastries(fine with me). sara took care of the blll to say thank you for her stay, very classy. then we parted ways, i cried two tears on the tube and then we came home, watched some tv and ate macarons. we collect the boxes because they're perfect for j's bow ties! how lucky am i. we got licorice, dark chocolate, caramel with salted butter, apple and praline. <3 and then we slept for a lot of hours.
christmas and champagne truffles.

søndag kveld fekk eg endelig komma heim og i leiligheten i london venta frøy og fredrik. 
me var så himla glade, og eg fekk endelig dusja og slappa av og kvilt litt. 
me hadde så masse å snakka om.
jostein laga pizza med alt eg ville ha på.
eg hadde kjøpt taxfree-lakrisbåtar. og spelte scrabble.
men det var kjedelig for slitne hjerner så me leikte istaden. 
dagen etter åt me frukost. sjølvsagt. seint.
så reiste me inn til byen og åt fylte croissantar og drakk kaffe for å få shoppingmot.
<3
så shoppa me.
i fine varehus der ein klarar å pusta og alle er glade.

me fann ei fantastisk enorm barbiebok.

fine frøy. me var jenter mot gutar, me tok etasjane ein til fire. gutane tok lower ground.
me havna i juleetasjen. herregud. me gaspa når me gjekk inn og ho som gjekk ut samtidig sa "i know, right?".
det var stocking stuffers og fine bøker og spel som nesten fekk meg til å grina av nostalgi.
perfekt juletre.
roald dahl-pop-up!!!
og dei finaste julekulene som fantes. 
og soppar.
og lamper.
og blomar.
så gjekk me heim, åt champagnetrøflar og snakka.

sunday night when i came home to london fredrik and frøy were here! we've been having so so so so so much fun and it's been so nice to have them here. yesterday we went to a christmas shop and it was the best shop in the world.
bad days.
denne veka har vore ei dårlig veke. av og til blir det berre sånn, ein vil berre ligga i senga og drikka milkshake og sjå på tv og venta til ein blir klar for å komma ut igjen. trur kanskje det er hausten som kom, med 27 varmegrader men samtidig så himla kaldt.
i've had a bad week. sometimes it's just like that, when you just want to lay in bed and drink milkshake and watch tv and wait until you're ready to come out again. it's the fall. with 27 degrees but still so so so cold.
weekend with the in-laws.

fredags kveld var det heilt klart for ei skikkelig fantastisk fin helg. me hadde planlagt lenge lenge og endelig kom den! me laga fløytegratinerte poteter og lam med crispy urtegensar. så gjekk me til togstasjonen og henta foreldrene til jostein! åh det var så fint å sjå dei. dei hadde med seg koffertar fulle av greiene våre óg, som jul og bursdag samtidig men berre få ting ein allereie har men saknar.
me hadde óg laga sjokoladekake, typ den beste i verdshistoria. med valrhona. <3 gud. vår første etasjekake óg! 
nam.
laurdag var turistdagen. me spaserte over tower bridge.
og me tok buss og sat sjølvsagt i andre etasje.
så reiste me til eit område som er meir meg og mindre turisthelvete. gjekk forbi masse fine kaféar.
og det var sol og fint.
me gjekk innom rob ryan sin butikk, han er nok ein av mine favorittkunstnarar. 
"i miss being a small girl".
så gjekk me på kafé og eg og jostein vart påspandert porselen av svigermor. den gleda.
me shoppa litt, svigermor kjøpte seg ein fabelaktig poncho fra frankrike og sekstitalet også var me så svoltne at me måtte eta. eg fekk barnemeny, sausage and chips og kelneren spøkte med at jostein var "papa" fordi han var den einaste som bestilte voksenmat.
utanfor åt dei fish&chips i avispapir.
etter ein heil masse kollektivreising på grunn av linjer som ikkje går, endte me opp på restaurant. her er min svigerfar.
maten. eg åt trøffeloljepasta. herregud det er så godt. ein vil gå dit ein gong i veka og eta det berre sånn at ein kan skribla ned oppskriften og laga det heime istaden.
creme brulée.
finaste svigermor.
så kom me heim og såg på det me hadde kjøpt. saltbørsa er eg forelska i. me drakk litt te og planla søndag også slokna me.
dagen etter var me óg på turistgreier. eg burde kjøpa meg ein caps som gjer at ein ikkje kan høyra eller sjå turistar. til dømes når det står tre heile klassar utanfor 10 downing street, sjølv om det er gitter og politivakter. eller når ein tar bilder i telefonboksar. orkar ikkje. så det var fantastisk å komma inn på eit varehus som allereie har begynt med jul.
elskar elskar elskar julekuler. me kjøpte lapsang og såg på skjerf.
så: afternoon tea. jasminte og finger sandwiches.
jostein sin croque monsieur som var noko av det beste eg har ete i heile mitt liv. tenk at brød og ost og skinke kan vera så godt. så vandra me rundt, eg kjøpte meg nye augebryn også reiste me heim, åt kyllingsalat og drakk raudvin.
så spelte me monopol. eg fekk vera hunden! 
til seint på kvelden. så sovna me under respektive prikkedyner. og det var slutten på den flotte helga. 
this weekend my in-laws were here! we had so much fun and also did some touristing(which i hate and even makes me upset, i should wear something that makes the tourists disappear. they left this morning after a marvellous two days in the city, we had such a good time together and they got us some lovely things as well.
sunday.





på søndag gjekk eg og jostein på blomstermarknad og oppdagelsesferd. me møtte ei søt gamal dame på den finaste butikken i verda og dessutan ein rev i eit vindauge. me kjøpte blomar også gjekk me på lunsj og åt pannekaker. jostein fekk massivt med vaniljekrem på sine, sjukt godt. ein burde eta pannekaker minst éin gong i veka. så fekk eg den flotte idéen at me skulle gå heile vegen heim frå nord til sør-aust. ei mil med gåing etterpå feira me med ostesmørbrød med mozzarella. <3
on sunday, j and i went to a flower market and general exploring. we met a sweet lady at the most beautiful shop in the world and saw a fox in a window. we bought flowers and then we went to lunch and ate pancakes. j got his with a massive amount of vanilla cream on top, amazing. people should eat pancakes at least once a week. then i had the idea that we should walk home. about 6.5 miles later we celebrated ourselves with grilled cheese sandwiches. mozzarella. <3
last week.
sist veke var eg på alle slags mulige spennande eventyr, på store varehus og fine butikkar og på marknad og på vintageshopping. også åt me masse bra mat, som egg på rista brød, japansk takeaway og fine greier som eg har eksperimentert med og kjem til å legga ut oppskrifter på etter kvart. sånn var mi forrige veke. denne veka har eg og jostein ein masse å gjera, spesielt sidan han startar på skulen ei veke frå i dag! aj karamba.

this was my last week. department stores and lovely shops, markets and vintage shopping. we ate a lot of great food, eggs on toast, japanese takeaway and some great stuff i've been experimenting with and will post recipes of some time later. that was my last week. this week we have a whole lot of experiencing to do, as j is starting school just a week from now! yikes.
picnic.

i går kom det ei piknikkorg med posten. den er i perfekt modell med luker sånn at ein kan ha vinflasker og baguettar hengande ut. jostein såg det som sin sjangse til å overraska meg og gjekk på tesco og fylte den med alt som er bra og eg måtte ligga i senga og venta og venta og venta og vips. kjærestar som overraskar, altså.
eg fekk bæra den til parken, på armen som i ein film og følte meg så fin.
me fekk ein venn, men han hadde eigen mat.
kvitvin i krystallglas. 
brie og melon.
jostein med den finaste sløyfa eg veit om.
eg er litt skeptisk til ost enda, så me var forsiktige.
han hadde kjøpt port salut som gjer at eg saknar paris hysterisk mykje.
og denne med tranebær som var fantastisk god.
me sat i sola og berre drakk hausten rundt oss.
og eg var så forelska og glad at eg holdt på å sprekka.
og dessuten fin i min nye cardigan frå acne. den passar til alle kjolar eg eig og er så mjuk og fantastisk midjekort.
perfekt med min nye femtitalsbrosje óg.
og det var det fantastisk fine onsdagseventyret. snipp snapp snute.
yesterday this picnic basket came in the mail, and j saw it as his chance to surprise me. he told me to stay in bed while he went to tesco and filled it with all kinds of great things. cheese and wine and crackers. i was completely taken by surprise and hit by a wave of happy and couldn't stop smiling, especially in my new cardigan from acne that completes my every outfit and suits all my dresses perfectly. <3 a wonderful adventure in the middle of the week, doesn't get better than that.
breakfast, bathtub and beetroot sunday.

eg hadde bestemt at uansett om me stod opp altfor seint søndag så skulle skulle skulle me eta stor søndagsfrukost og det skulle vera bra. 
og akkurat det gjorde me. litervis med te, rundstykke, eggerøre, kyllingskinke, tomat, philadelphia, honning. åh blir så glad av å tenka på det.
også litt yoghurt, granola og bær på det.
så reiste me til bethnal green, for me skulle på vintage møbelmesse!
me fann stolar og fint å ha i håret etter kanskje femten rundar rundt. me hadde vendt på alt som fantes der, fantastisk mykje fint. den neste er fjerde desember, i tilfelle det er nokon som lurer. i york hall.
på veg tilbake støtte me på eit museum for barndom eller noko sånt fint. me gjekk inn på impuls og vart glade.
alle triste heimar bør ha eit rom med berre tre i seg.
nesten heime satte me oss på kaféen som ligg rett oppi gata for oss for å endelig sitta litt og pusta og snakka og drikka cappucino og eta cupcake. sånt som søndagar er til for.
eg las ei sak om carey mulligan i the new yorker. <3
som de ser. ny hårgreie, forresten. elskar den.
me sat der lenge lenge og snakka om møblar og om middag og om søndagar og om oktober. oktober blir nok min beste haustmånad trur eg nok.
denne stolen sat eg i. ville springe med den heim mens ingen såg. åh den er så fin.
så gjekk me heim og eg jobba jobba jobba som ein liten grevling. 
så la eg meg i badekaret med yoghurt+agave+litt granola, ei bok som eg las ut og vanity fair-intervju med angelina jolie.
nom. elskar badekaret. eg og jostein har ein avtale om at me får lov til å bada i badekaret éin gong i veka kvar.
FANTASTISKE bilder som mert&marcus har tatt. faen eg elskar dei. så mykje at eg skriv med store bokstavar og bannar samtidig.
dogg på linsa + masse skum. happy camper. så jobba eg masse masse meir, det tek mykje tid å planlegga og gjennomføra eit sånt liv som me har akkurat no, elskar det. elskar livet mitt som det er no.
så laga eg middag/kveldsmat mens me skypa med synne. grønnsakskaker + rødbitsalsa + yoghurt + naan + graham norton show(åh, så britisk.)

my sunday was so great. started off with a humongous breakfast with everything good in the world, then we went to the vintage furniture flea at bethnal green where we bought some chairs and some hairsies for me. (the next one is december 4th, york hall). stopped by museum of childhood(or something) on the way back, love the idea of living in (fake) trees. on our way home we finally stopped by the café up the street, such a great place. a few cappucinos and cupcakes and conversations later we went home. after working a lot, i hopped into the bathtub and read a book and vanity fair with fantastic images of angelina jolie by the amazing mert&marcus, and also yoghurt+agave+granola in the bathtub, love it. love my life. then i made dinner while skyping with synne; vegetable patties with beetroot salsa and yogurt and naan. with graham norton on the side. how british of me.
saturday.

laurdag tok me bussen til deptford og marknaden der. det var virkelig nesten berre dritt. eg blir så nedstemt av sånne marked det det berre er dårlige greier. billige klede og illeluktande fisk. 
så me gjekk på kafé istaden. eg fekk sitron&pistasj-cupcake, jostein fekk ei heilt sjukt god sjokoladekake. 
me sat i kjellaren og åt og snakka med eigarane og det viste seg at dei hadde nettopp opna den dagen! 
me sat der lenge, las bøker og snakka om framtida. 
så, når me hadde ete opp og drukke opp tok me ein buss til greenwich. 
til emmaus, der me hadde håp om å finna stolar. det fant me! og óg ei heil hylle med rare og fine tekanner. 
som kanin. 
så kom me heim, åt lunsj mens eg skypa med christine og sara. 
så, etter nokre timar i senga med magasin og bok laga eg middag! kvit skjorte-pasta! mmnom. faktisk vårt første måltid ved bordet sidan me plutselig hadde fått stolar.
og me drakk myntedrinkar. 
til dessert: magnum mini. 
så drakk me meir drinkar. 
og spelte scrabble og eg vant for første gong med ordet "gay" og det syns me var fabulous så me la oss og vips var den laurdagen slutt!

my saturday: market, cupcake + the best chocolate cake ever, lunch on skype and then white shirt pasta with j, magnum mini for dessert and then some scrabble. i won!
birds and breakfast.
i det siste har eg:
vore på fine interiørbutikkar. lengtar sånn etter at dette skal følast som ein heil heim. som om me har budd her for alltid. litt etter litt. 
lest bryllupsmagasin, kjøpt eit bord, ein plakat med fuglar på og ete bær til frukost. elskar det.

vore på greenwich market og brukt pengar på porselen. åh dei har så mykje fint der. 
fangsten. scrabble, monopol og porselen. 
og eit fantastisk magasinstativ. 
med gullblad på. 
og nyaste vogue i seg. 
kjøpt blomster. 
ete ein masse ananas, til jostein sin store forergrelse. 
fått på plass litt krystall i skapet. 
også meir porselen, da. 
fått heimlengsel og fiksa den med salt lakris. 
swedish fish, nom.
spelt scrabble for første gong og tapt.

this is what i've been doing lately. buying porcelain and crystal, playing scrabble, eating salty licorice and pineapple, trying to make this feel like home.
saturday / food.

laurdag gjekk me på farmers market i parken.
me kjøpte ein masse grønnsaker og eg sa tomeitos og ikkje tomatos og det var ei krise me kom oss gjennom ganske fort.
så satte me oss ved eit bord og åt is. jostein åt bjørnebær og toffee. eg hadde mint chocolate chip og vanilje. der satt me i to timar mens eg jobba litt og las litt men aller aller mest snakka me om ungane rundt oss og når me skal få dei og korleis det blir også var det ein heilt nyfødt bebis rett ved bordet vårt som smelta hjartet mitt. dei er så rare, er dei ikkje? absurd at det skjer kvar dag.
då me kom heim fylte me opp kjøleskapet med så mykje fantastiske grønnsaker.
tomater og maiskolbar og rødbitar og poteter og åh. godt.
så laga eg middag. lam + fløytegratinerte poteter + asparges + brokkoli + tomater. så så så så så godt. 
og til dessert: sjokolademousse. heimelaga. oppskrift kjem i morgon, kva har de å sei til det?
my saturday: we went to a farmers market in the park, bought a lot of vegetables and sat by a table eating ice cream and talking about children. the ones there, our own(some day) and in general. then we went home, stocked our fridge and ate lamb and potatoes with home made chocolate mousse for dessert! yum.
friday.

fredag var den varmaste dagen sidan me kom hit. alle pusta og pesa i gatene og leiligheten vart gjort om til eit drivhus. det går ikkje, tenkte me, og gjekk ut. 
her er jostein.
på bakken låg det masse lauv som skreik september og haust.
i parken er det ein stor andedam(dei ser ikkje ut som ender, men det heiter duck pond).
og dei har sin heilt eigen verden der inne.
<3 eg sa til jostein at om eg dør før han så vil eg ha ein benk.
grusomt ulidelig varmt. 
me gjekk til emmaus som er ei second hand-sjappe for å prøva møbellykken. kom heim med pyrex og porselen, just my luck.
så gjekk me gjennom parken igjen på veg heim og skulle ønska me kunne duppa hovuda under vatn.
men me duppa dei i pimms og øl istaden.
på pub, såklart. this is england.
på veg heim gjekk me innom ein fin kafé som ligg rett i nærleiken. dei hadde tatt inn hortensia! fine babyblå. og inne hadde dei kanskje ti respatex-bord som gjorde meg heilt grøn.
så gjekkk me heim, åt sandwich og såg britain and ireland's next top model før sola gjekk ned og me kunne pusta igjen.
friday was the hottest day ever! we went to the park and the pub and then home to sandwiches and britain and ireland's next top model.
lemon thursday afternoon.

i går var det torsdag, og torsdag er marknadsdag! denne sitronkjolen har eg hatt så sjukt lyst til å kjøpa til sara. er den ikkje fin? me gjekk rundt og rundt og snakka om romantikk med bokdama og om trondheim med ho som me allereie får fast kunde-rabatt av. kjøpte nødvendige greier som porselen og krystall.
så avslutta me med lemon cheesecake cupcake. oh my god, den var så god. om eg hadde fått sova i natt hadde eg drømt om den.
cappucino.
så kom me heim og eg prøvde å hydrera meg sjølv med sodastreamvatn+sitron. 
så laga eg middag. sånn såg vasken ut mens eg laga mat. skålene kjøpte me på marknaden, åtte skåler for fem pund. kupp. kult.
middag: kyllingsalat med sitron&dijondressing, åh godt.
så såg eg på mine fine kjøp. som denne brosja som er heilt nydelig vakker.


og mi nye kokebok av sophie dahl. ein av dei vakraste personane som finst på denne jorda. heilt uten å overdriva.
yesterday i had a very lemony afternoon. we started off by going to the market where we bought porcelain and crystal, as per usual. lemon cheesecake cupcake, oh my god it was so amazing. cappucino. then we went home and i tried to drown myself in soda water with lemon. did the dishes while i cooked dinner, chicken salad with lemon&dijon dressing. then i had a look at my purchases; a beautiful brooch, and a sophie dahl cookbook. i love her so much.
thursday.

torsdag drog eg meg ut av senga for første gong på to dagar. for det var nemlig marknad. og sidan leiligheten er smertelig tom følte eg at eg rett og slett måtte. me tok tre rundar rundt og fekk plukka med oss ein god del essensielle greier.
så vart me svoltne og ville eta lunsj.
foccacciabox! med hylleblomstjus. det var sikkert godt, eg hadde deprimerande dårlige smaksløkar.
jostein med si nye musikkbok.
meg, hei.
me hadde fire posar med bra greier under benken me sat på.
over oss hang det tunge tre som snart seier hadet til alle lauva sine.
så kom me heim, åt nachos med quorn og eg fekk eit nytt favoritthjørne i leiligheten, gitt.
on thursday i forced myself out of bed to go to a market. they had a lot of homeware, which we are desperately lacking at the moment. we came, we saw, we bought, we left, and then we headed for lunch. foccaccia box on a bench outside. then we went home, unpacked out new goods and i suddenly found myself with a new favorite corner of the apartment!
coffee & hydrangeas.

















på tysdag møtte eg og jostein kentaro for å eta lunsj/kaker og kaffe på ein kafé i notting hill. eg åt ein salat som var tre salatar i ein og gulrotkake og fersk eplejus som var sjukt god og billig. så gjekk me litt rundt og heilt av slump fant eg min drømmeblomsterbutikk og vart heilt varm i brystkassa. brukte altfor mykje pengar på blomster, snakka med kentaro om kjærleiken og gjekk heim under min nye paraply. ein ganske så fantastisk fin tysdag.

on tuesday, jostein and i met kentaro for lunch/cake + coffee at a café in notting hill. i ate a three-in-one salad and carrot cake and drank fresh delicious apple juice. then we walked around and by coinsidence walked past the flower shop of my dreams. i spent a small fortune on flowers, talked to kentaro about love and walked home under my new umbrella. such an amazing tuesday.
perfect sunday.
søndag var sånn ein perfekt dag. laurdags kveld kom derek, min flatmate frå paris til london! han sov på sofaen og på formiddagen tok me toget inn til byen for å gå på marknad og av tilfeldighet møtte me på kentaro pluss venn, veronica! me gjekk til ein svensk restaurant, drakk krokodilleøl og åt köttbullar og øvde på å sei köttbullar med alle sine små rare aksentar. så gjekk me på vintageshopping og kjøpte fine greier før me spelte ping-pong, vart desperat svoltne og avslutta kvelden med fish&chips og pimm's. <3 på london bridge var eg heilt sikker på at det siste toget heim hadde gått allerede og når me fann ut at det ikkje hadde det vart eg så glad at eg skreik høgt på stasjonen og var euforisk lykkelig heile togturen heim.

sunday was a perfect day. saturday evening derek, my flatmate from paris, arrived at our apartment! he slept on the couch and around noon we took the train into the city to check out a marked and by coincidence we bumped into kentaro and his friend, veronica! we walked to a swedish restaurant with a friend of veronica's, naima, drank crocodile beer and ate meatballs and laughed at their pronunciation of the swedish word köttbullar. then we went vintageshopping before we played ping-pong, and then, completely famished, ended the evening with fish&chips and pimm's. <3! at london bridge i was completely certain that the last train had already gone and when we found out that it hadn't i was so happy i screamed on the spot and had a stupid grin on my face all the way home.
to steg fram, to steg bak.










på laurdag reiste eg og jostein på marknad for å prøva å finna så mykje me kunne klara til leiligheten. det gikk skikkelig dårlig og det er framleis så himla mykje igjen som må fiksast. me åt lunsj på le pain quotidien, som fekk meg til å sakna paris sjukt mykje også sprang me rundt i regnet for å leita etter eit formica-bord som kosta 2000 pund. gud. så reiste me heim, åt carbonara og snakka om folka som gjekk rundt nede på gata.

saturday we went to a market, trying to find as much as we could for the apartment. it didn't work out at all and there is still so incredibly much left to be fixed. we ate lunch at le pain quotidien, which made me miss paris so much and then we ran around in the rain looking for a formica table that, it turned out, cost 2000 pounds. then we went home, ate carbonara and talked about the people on the street.
dei siste vekene i instagram.

kaninpizza som jostein laga når han var onkelfin. ostekake som eg laga til søster på attenårsdagen. som ser ut som eit kirsebærtre.
mitt prikkete rom. åtte om morgonen-lys.
handleliste på fargeprøvar. morellsteinar hos bestemor.
croque madame på senga ein av dei siste dagane i lærdal. pakking av alt viktig til london.
hadetbra sogn og fjordane. hei, oslo. 
saft på food story(ikkje gå dit). buckaroo-knute på mcqueen-skjerf.
fredrik med lyset i hendene. fantastisk drink på fuglen.
christine si kake, laurdagskveld. hobbyverkstad med niese og nevø søndagsettermiddag.
plastelina og vindusmaling, skurtresker og bonbonar. kjøkkenet fullt med fantastisk mat fra tesco. <3 det summerar opp mine siste veker ganske så bra, egentlig. 
my last few weeks through instagram. 1: rabbit pizza and raspberry cheesecake. 2: my polkadot room and eight am light. 3: grocery list on colour samples and cherry stones at my grandmother's house. 4: croque madame in bed and packing for london. 5: bye, sogn&fjordane! and hello, oslo! 6: food story and a buckaroo knot on a mcqueen scarf. 7: fredrik with the light in his hands and a wonderful drink at fuglen. 7: cake for christine and sunday afternoon folding napkins with the niece. 8: workshop with play-doh and window paint and my london fridge with lovely food from tesco.
wednesday.
i går gjekk me tilbake til parken for lunsj. det var nemlig det søtaste lille tea roomet der, som egentlig var ein container med vindauge! me delte ein blt også ein is som hadde eit fantastisk morsomt kjeks. så gjekk me til lewisham og tok toget til covent garden der me brukte resten av dagen på å kjøpa småsaker til leiligheten. og litt til oss sjølve. så sovna me klokka ti på kvelden, heilt uten vilje, men det var perfekt for no har me snudd døgnet gitt!

yesterday we went back to the park to eat lunch in the very sweet tea room, more like a box with windows but oh so charming. we shared a blt and to scoops of ice cream. then we walked to lewisham and took the train to covent garden where we walked around the rest of the day buying things for the apartment(and ourselves). then we fell asleep at ten(!), which was such a success because now my day started like any other normal person.
august.
august har vore snill mot meg så langt. eg har fotografert synne i skogen dei siste dagane, og me har ete så mykje grønnsaker at me nesten sprakk. eg har krølla håret, som eg lova meg sjølv, og som belønning fekk eg regnboge på augeloket. om ei veke er det vår siste dag i dette ferieparadiset. det er rart, men fint. at alt tar til på nytt, akkurat som me planla det.
august has been so kind to me this far. i've been photographing synne in the forest, and we have eaten vegetables until our tummies ached. i curled my hair, as promised, and got a rainbow on my eyelid as a reward. in one week it's our last day here, it feels strange but nice. everything is starting over again, just as we planned.
kirsebær & kyllingsalat & glitter & gull.



















dei siste to dagane har sara og frøy vore heime hos oss i lærdal. me har tatt bilder og ete kyllingsalat to dagar på rad og scones til frukost og bada i glitter. fantastisk festival. sjukt fint.
my last two days: sara and frøy came to lærdal. we've been photographing and eating our favorite things. so great.
prikkar.
i går kveld malte eg og han der fine rommet mitt, men med prikkar. gule rosa grøne. no følast rommet mitt som eit eventyr. det er perfekt.

yesterday j and i painted my room. with dots. yellow pink green. my room feels like a fairytale now. perfect.
27.
i løpet av dei siste 27 timane har eg:
- ete frukost frå marks&spencer på min siste londonmorgon som gjest.
- sett ein halv episode house før donald kom.
- signert kontrakt på leilighet i london. 18 månadar. phjo.
- krisepakka fortfort.
- sett verdens søtaste hund på dlr som fekk meg heilt febersjuk etter å få min eigen. den gynga ilag med vogna og hadde superkorte tjukke føtter.
- kjøpt bygave/bursdagsgave til fredrik.
- sove heile vegen frå london til stockholm.
- ete geisha på arlanda fordi det ikkje fantes mat å oppdriva. det er forøvrig min favorittsjokolade så eg nyttar kvar ei anledning i sverige til å kjøpa det. mmnam.
- sett ein himla kjekk flyvert på sas-flyet frå stockholm til oslo.
- lest ein lang artikkel om bonsai-tre i d2 som gjorde at eg fekk lyst til å kjøpa eit til mamma.
- tatt flybussen istadenfor flytoget fordi toget ikkje gjekk.
- gått forbi ein veldig full mann utanfor london på veg fra rosenkrantz til nordahl bruns.
- velta inn på kjells hotell til janne, rom & cola.
- lakka neglene med ferskenfarga neglelakk.
- lånt vekk ein kjole til janne, ein ny ein frå london med prikkar og fantastisk krage på.
- sett resten av den episoden med house.
- sove i fredrik si seng for første gong, i tettitett skjei med han der fine.
- dusja med janne sine greier. elskar å bruka andre sin shampo og såpe!
- laga appelsinscones, seks stk. til frukost med kaffe med melk og eggerøre og iste.
- klemt janne så hardt som eg berre klarte. saknar saknar saknar ho så når me ikkje er ilag.
- dratt med med ein koffert og ein støvsugar på 37-bussen til bussterminalen og no i dette sekund er eg på buss på veg heim til lærdal.
in the last 27 hours i have: eaten breakfast from marks&spencer's as a guest in london for the last time, watched half an episode of house, signed at the bottom of a lot of pages for the apartment that is ours for 18 months from the 15th of august, packed our stuff in a hurry, seen a very very cute dog on the dlr, bought a gift for fredrik, slept all the way from london to stockholm. eaten geisha, my favorite chocolate that i only eat in sweden(due to lack of food at the airport), seen a very very handsome steward(?) on the plane from stockholm to oslo, read an article about bonsai trees(made me want to buy my mum one), taken the bus instead of the train, walked past a very drunk man outside london(gay club) on my way to janne's house. rum & coke. lent janne a polkadot dress with a beautiful collar. seen the rest of that episode of house, slept in fredrik's bed for the first time, showered with janne's stuff(love it!), made orange scones for breakfast, hugged janne as tight as i possibly could and carried a vacuum cleaner to the 37 bus. now i'm on the bus on my way home to sogn. crazy days.
kjem det aldri til å slutta å regna?
dei siste to vekene har det bøtta ned med regn. dag ut og dag inn. perfekt vær for lange frukostar, filmar frå femtitalet og late ettermiddagar. dei har eg fylt med:
å krølla håret.
å pakka ut alt serviset eg har fått av mormor. kanskje tretti blomsterkoppar. <3
teselskap på vårt lille bord ute. med melkeskyer og sukkerbitar.

å laga heimelaga ruccolapesto som me laga salat med. kylling, halloumi, ruccola, salat, paprika, valnøtter, heimelaga pitabrød. etterpå spelte me monopol og svigermor vant så det svei.
to raude hundar som rekk tunge om dei ikkje får sitta på fanget.

lange salatfrukostar med pære og nektarin og raudlauk og salat frå kjøkenhagen og episodar med house på ein stol ved sidan av bordet.
lesa hundre sider i ei bok som er skikkelig skikkelig fin.






å gå på sogn kunstsenter og sjå på tom sandberg-bilder med fryd i augene. og diskutera og snakka til me vart sletne i hovuda. 
å nesten klara å overbevisa svigermor om at ein blir lykkeligare av å gå med skjørt. ho har gått med skjørt kvar dag sidan og eg gler meg til å sjå resultatet.



å gå på tur med to raude hundar i støvlar og finna markjordbær. og sussa kjærestemunn full av små raude. bær altså. ikkje hundar.

plukka markblomster til badet kjøkenet soverommet stova. og med ei fuglefjør på kjøpet.

is med jordbær og vassmelon og ein andreplass i yatzy.

these past couple of weeks the rain has been nonstop, and these are the things i have done: curl my hair, unpack my grandmother's porcelain, teaparties, making arugula pesto for a delicious salad with halloumi and chicken, two ginger dogs who want to sit in your lap, salad for breakfast with things from the fridge like pears and nectarines and lettuce from the garden, one hundred pages read of a book i really like. went to the art centre to see photographs by tom sandberg and talking until our heads ached, pursuade my mother-in-law that skirts will make you happier, a walk in wellies where we found lots of teeny strawberries, picked flowers for every room in the house and eat ice cream with strawberries and watermelon. and photographing a lot, obviously.
moscow mule, pom poms & voi voi.














i går våkna eg i gamlahuset med fredrik ved sidan meg i senga, etter å ha blitt vogga i søvn av frøy si stemme. dei skal nemlig stå for underholdningen i bryllupet, sjukt fint. me åt pannekaker til frukost også reiste me på antikvitetsshopping og eg kjøpte noko fantastisk fint, pluss brettet på bildet. så bretta me papirblomster og til slutt hadde me laga femti! eg var i papirblomstverda i teltet til klokka seint seint, så kom han der fine tilbake fra oslo, me åt salat som vart ete opp før eg fekk tatt bilder eingong. så drakk me drinkar ved elva og lo til me fekk vondt i magen. åh for ein fantastisk herlig dag. i dag startar tredagarsbryllupet og det er crazy tilstandar her! håpar de har det like fint som meg!

yesterday morning i woke up with fredrik in bed with me, after being sung into sleep by frøy the night before. we ate pancakes for breakfast and then we went antiquing. i bought something amazing, i'll show you later. then we folded paper flowers until we had fifty! after that i was pretty much in paper flower world in the tent until very late. j came back from oslo on the bus and i made a salad(you can't even see it, we ate it too quickly). we walked to the river where we drank drinks from the same mug and laughed until our stomachs ached. such a wonderful day! today the wedding starts (three days!!!). things are kindof crazy here right now, i hope you're as happy as i am!
sånt som er fint i dag.
drikka te ut av ein heilt ny og fin kopp. den fekk eg for at han der fine syns at eg har vore så flink dei siste dagane.

frukost som var eplepannekaker med vaniljekesam og jordbærsmoothieis.
å legga på sengetøy til fine venner som kjem i kveld. åh gler meg sånn sånn sånn.
rosa bringebærdrømskyer som ligg på kjøkkenbordet og formeirar seg.
pepsi max-slush.





å reisa på gartneriet og vera der lenge lenge lenge med t og svigermor for å plukka den mest perfekte blomsten.


blomsterkrans og glitternegler.
things that make me happy today: my new marimekko mug. apple pancakes for breakfast, with strawberry smoothie ice on the side, making beds for friends soon to arrive, pink raspberry dreamclouds on the kitchen table, spending a very long time at the flower shop picking out the perfect flower with t and my mother-in-law, flower bands and glittery nails.
rosa.
min laurdag er fryktelig rosa. 







i går kom lula i posten, det mest vidunderlige magasinet som finst og ein av mine største inspirasjonskjelder. denne gongen med mia wasikowska og brooke shields og megafine bilder.
og i natt satt eg oppe og laga sånne her papirblomsterbomber som me skal dekorera med i bryllupet som kjem neste helg(ikkje mitt, altså)! og under dei åt me ein stor arabisk frukost i dag med familien til han der fine. tenk at me har vårt eige hus. eg er himla oppteken for tida, med masse forskjellige prosjekt som gjer meg glad men som tydeligvis gir meg feber men sånn er det! håpar de har fine laurdagar.
my saturday is all about the pink. yesterday lula arrived in the mail and i LOVE it!!! it's so beautiful. and i spent some time last night making these paper flower decorations for the wedding next weekend(not mine!).
helg.
i går:
bryllupsfotografering frå tidlig morgon til sein natt! åh, det var så fint. dei sa ja også køyrte me bil til tørvis hotell og i bilen tok eg bilder i spegelen av eit klinande brudepar i baksetet. så fekk me fantastisk mat, han der fine spelte musikk og eg tok tusenvis med bilder også sovna me i skjei midt på natta. kanskje de får sjå bilder seinare, om eg får lov til å legga dei ut! dei var i alle fall nydelige og eg er så glad for at dei spurte meg. kjærleiken altså!
i dag:


først båttur på fjorden med brudefølget, men no: ømme skuldre og eit slitent hovud med mr.freeze og glitternegler i senga. med litt house på det. serien, altså. ikkje musikken.

yesterday i shot a wedding from start to finish. they said yes and i took a lot of pictures of them making out in the back seat on the way to the reception! j was the dj and when we were done for the night we spooned and fell asleep and woke up as a spoon as well. i had such a wonderful time shooting them, it was a beautiful wedding and i'm so happy they asked me to do it. today: a boat ride on the fjord with the guest, but now: sore shoulders and a very tired brain with mr.freeze and sparkly nails in bed. with some house on top. the show, that is. not the music.
& dei siste dagane.
dei siste dagane mine i bilder: middag+bærvatn hos fredrik, roser i vindauget. mikla i bakgården. thai takeaway på golvet midt i pakkinga av leiligheten i oslo. ei veldig fin gravferd i trøndelag i dag med blomster og kaker og samekofter. og alt det med nytt objektiv. <3
the last few days: dinner and water with berries at fredrik's house, roses in the window. mikla. thai takeaway while moving. and my grandfather's funeral today with flowers and cake and sami family in their gákti.
feiremåndagen.
feiremåndag starta hos liebling, dei har så sjukt god bærterte så at eg vil holda ei i kvar hånd til eikvar tid. me åt middag på villa paradiso etter at me hadde klappa på syrinene, fekk basilikumsorbet til dessert og gjekk heim for å drikka champagne og ha dexter-maraton. åh for ein fin dag! sjølv om ting ikkje er så enkelt for tida er det fint at ein har fine folk rundt seg som kan gjera dagane fine likevel. <3

yesterday we celebrated a lot of things. we started at liebling, they have an amazing strawberry tart. we ate dinner at villa paradiso after smelling some lilacs, i ate basil sorbet for dessert and then we went home to drink champagne and watch a lot of dexter. i'm so glad and thankful that it's possible for me to have good days when things are rough like now.
one two three gold.
1. pakkar saman alt me eig. sorterar, kastar, gir bort, selger. mandag tirsdag onsdag torsdag.
2. ei flaske champagne med gullkork til måndag. da er han der fine ferdig med eksamenane sine og har ein bachelorgrad i lomma. det er viktig å drikka champagne.
3. i går var eg på h&m som eg egentlig hatar, men sidan eg snart flyttar til eit ødeland i sogn og fjordane i to månadar har eg eit enormt behov for å samla meg opp alt som eg føler at eg kan få lyst til å få tak i i løpet av dei to månadane, som strømpebukser og hårspray. plutselig virka det som at fliseklemmer dyppa i akryl vart fullstendig livsnødvendig. det finaste er sjølvsagt gull. gull + raudt hår = <3. 
1. i'm packing the apartment down into boxes, piece by piece. 2. a bottle of champagne with a gold cork, for monday when j has finished his bachelor degree! 3. bobby pins dipped in acrylic gold!!! <3 goes very well with my red hair.
i follow you, deep sea baby, i follow you.
i går kom christine heim fra argentina. <3 så eg og han der fine og fredrik møtte ho og skviseklemte også gjekk me i parken og åt thai-mat før me møtte opp sara for å gå på parkteateret for han der fine spelte der i går, som oppvarming for einar stray! superfin konsert og superfin kveld. og meir film! som de likar.
ps: superfint med litt tilbakemelding, eg er framleis litt ny på å laga sånne filmar og føler at eg har mykje å læra.
yesterday christine came home from argentina. <3 we ate thai food in the park and then we went to j's concert! i'm enjoying making these films for you now, but i'd love to hear what you think.
onsdag.

biletet er linka.
i dag har eg allereie:
- tatt taxi fra blindern klokka åtte i dag tidlig og stupt i seng og sove forbi halve dagen.
- kosa i senga i ti minutt til sjølv om eg egentlig ikkje hadde tid.
- ete kokte egg & rugsprø til frukost.
- sett den nye glee-episoden.
- vore på postkontoret og posta masse magasin(eg veit at de kanskje ikkje veit det, men desse magasina som de driv på og bestiller heile tida, dei står i kasser i leiligheten min. og eg må ha dei i konvoluttar, skriva på konvoluttane og dra dei til postkontoret heilt sjølv i ein gul koffert. om de ser meg på grünerløkka med koffert(sveitt og ekkel) så er det derfor. dei på postkontoret må tru at eg er del av ein stor narkoliga som sender ecstacy i bøker i smartpostkonvoluttar.)
- kjøpt ei gåve til meg sjølv. og hårspray.
- delt ei flaske brus med han der fine.
- resirkulert.
today i've: gone to bed at 8am, slept until three, eaten eggs for breakfast, watched the new glee episode, posted a whole lot of magazines, bought myself a gift, shared a bottle of pop with j, recycled.
fredag.








min fredag: frukost på food story med synne og han der fine, me åt ein dyr, middels kyllingsalat(og irriterte oss over at dei sjeldan til aldri klarar å servere det som faktisk står i menyen) og snakka om london. så trikka eg og han der fine til frogner og vips var me på alexander kiellands plass klar med den beste bursdagskomboen: makronar, magasin og mummikopp(og blomster da). søstra til han der fine hadde nemlig bursdag og mummikoppen passa perfekt for ho skal jo gifta seg om ein måned, woho! ho fekk gåver og me fekk kaffi og kos med mikla. me snakka ein heil del om bryllup og om musikk og kanskje halvparten av mi våkne tid går med til å tenka på bryllup om dagen. det er ganske så fint! så gjekkeg og han der fine heim og hadde vår sedvanlige fredagskveld med krim og sjokolademousse! pepp.
this was my friday: so-not-worth-it chicken salad at food story with synne and j, then a birthday visit at j's sister's place with a magazine copy, macarons and a moomin cup for her! we talked about the wedding(she's getting married in a month) and music and then we went home, watched crime shows and ate chocolate mousse!
doesn't matter if it is raining, we'll get to the other side of town.





















på torsdag våkna eg og følte meg skikkelig modig. så eg tok han der fine og sara under kvar sin arm og gjekk ut. først på frøken dianas for å sjå og prøva og fiksa klede til ein shoot, så trikka me til holbergs plass og yogurt heaven. me fekk kvar vår is(eg tok kanelbolle og sjokolade) med bær og frukt på toppen også sat me i slottsparken og snakka om kjærleik og om bryllup(det er stort sett det einaste eg snakkar om for tida). på tronsmo står magasinet mitt i ei hylle og dei som jobbar der sa at de har vore der for å kjøpa det og det gjer meg så sjukt glad! me gjekk til stortorvet og snusa på blomster og jovisst fekk eg med meg ein bukett heim óg, fantastiske ranunklar. på schous plass blomstra trea så det såg ut som popcorn og me hadde ein heil samtale om skilnaden på epleblomar og kirsebærblomar. så gjekk eg og han der fine heim, eg laga ei sjukt bra suppe til middag og me drakk skikkelig god kvitvin og spelte kort og eg vant berre éin gong.
thursday: i woke up feeling very brave, ready to go out. so we(sara, j and i) went vintage shopping, fro-yo eating, flower sniffing amongst other things. we talked about love and weddings(pretty much all i can think about these days) and apple vs. cherry blossoms. i made a kick-ass soup for dinner, we drank some really good white wine and played cards(i only won once).
let me blow your mind.
laurdag kveld var ein av desse fantastiske kveldane som gjer at ein tenkjer at ingenting anna gjer noko som helst om denne kvelden berre kan vara for alltid og alltid og alltid. fredrik & frøy & janne & sara & sigrid og tre ballongar og timesvis med spice girls og gwen stefani og å leika ring på spring på grünerløkka og å eta ei bøtte ben&jerry's etter at sola har stått opp. åh gud eg har så fine folk rundt meg og åh gud det kjem til å bli vanskelig å reisa herfra.
saturday night was such an epic night, we stayed up until the sun came up and sang spice girls until our voices gave in. it's going to be hard to leave this place when i have so many great people around me.
rosa.

eg har ein venn som er så fin som heiter sara, som ringer fra parken og seier sjå ut vindauget også står ho der med bursdagsballongar som heng heilt oppunder taket og gjer dagane litt mindre vanskelige(no heng dei i dusjen fordi den eine sprakk og lyden var så høg men dei gjer seg bra i dusjen óg). akkurat no har eg ein perfekt lat laurdag med masse magasinjobbing og csi:ny. i kveld feirar eg bursdagen min og magasinet samtidig, det blir heilt fantastisk fint! 
my friend sara called me from the park and said look out the window!!! and there she was with birthday balloons for me. <3 they're high up under the ceiling. tonight i'm celebrating both my birthday and the magazine, i'm very much looking forward to it.
påske.

















påsken i år var først bypåske, så mamma&pappa-påske, hyttepåske, lærdalspåske. med food story-frukost, bursdagsfeiring, spelekveldar, kyss, klapp og klem langs elva. no er eg tilbake i oslo og det føles skikkelig bra. i dag skal eg skriva hundrevis av navn på konvoluttar og pakka ut. typisk tysdag.
this easter has been a lot of things at the same time, i'm back in oslo now and today i'm going to write hundreds of names on envelopes(for the magazines!) and unpack.
ville berre sei hei.
peanøtter & pannekaker.
i går hadde eg ein så sinnsjukt bra dag. våkna av å ha ingenting å gjera, ingen deadline ingenting. åt frukost på food story med to av mine beste personar, eg fekk blåbærpannekaker og fekk godvondt i augene av sola. så gjekk me på vintagerunde på grünerløkka og eg kjøpte ein kjole på velouria. så gjekk eg heim for å jobba litt og då han der fine kom inn igjen skifta eg til nye kjolen min også åt me peanøtter og snakka om london i sofaen. han laga kaffe til meg og hadde på ein termos for eg skulle ut og møte kaija på olaf ryes plass. me satt på ein benk og drakk kaffe og snakka i ein liten time og når eg kom heim dreiv han på med middag som me åt saman med proseccorestar og to episodar av community.

yesterday was such a great day. i woke up with nothing to do and no deadline. i ate breakfast at food story with two of my favorite people, blueberry pancakes and sun in my eyes. we went vintageshopping at grünerløkka and i bought a dress. when we came back home i slipped into my new dress, and we ate peanuts and talked about london. he made me a thermos of coffee to go, to a bench at olaf ryes plass where i sat with kaija for about an hour just talking in the sun. when i came home he was making dinner which we ate with leftover prosecco and two episodes of community.
prosecco og paradise.








denne veka har vore prega av kaos og stress med magasindeadline i går, men samtidig har eg fått vore med fine venner og tatt meg tid til anna fint. mandag kveld åt eg niste han der fine hadde laga, og laga bursdagskake hos heidi og caroline medan caroline gjorde viktige grafiske greier med magasinet(veit ikkje kva eg skulle gjort uten ho), me knepra på framsida og då eg såg det ferdige resultatet begynte eg å grina. tysdag hadde caroline bursdag og me feira ho på mekken med mat og sang og øl. i går, etter magasinet var levert og leiligheten var ordna litt opp, kom mikla for å henga med oss. mina kom med takeaway thai og rosé-prosecco og janne & fredrik og til sist synne som kjem nesten kvar kveld for å sjå paradise hotel(min største guilty pleasure, elskar det).
this week has been crazy stressful and chaotic with the magazine deadline(yesterday), but i've stil been able to be around people i love and taken time to do other things besides the magazine. on monday i made cake with heidi & caroline(caroline handles the graphic business) and when i saw the cover caroline had made i cried(from relief and just being so happy about it). on tuesday it was caroline's birthday and we celebrated with food and singing and beer. yesterday i finished the magazine and celebrated with some lovely people and a dog.
kaffe & kake.
me har hatt helg på grünerløkka, som for vår del har betydd å isolera seg fra alt som heiter sosialliv for å jobba jobba jobba som flinke kaniner. fredag drakk eg og han der fine uteavhuset-kaffe på tim wendelboe, beste kaffe i heile oslo lovar eg, og det var så ufattelig flott lys der. synne kom på sløv salat til middag og me snakka om london og hadde litt pirr i magen. laurdag krølla eg håret i sekstitalskrøller, så hadde me maja og lars her på pizza, me var slække og trøtte, drakk vin og bladde i magasin og eg gjorde planar for neste nummer(lars er grafisk designer så eg fekk bombardere han med spørsmål om papir og glitter og sånt). og i går hadde han der fine bursdag, fredrik+frøy kom på fantastisk overraskelsessynging med roser bak ryggen, så gjekk me til ragnhild og jostein på ostekake, cupcakes og kaffe og me planla bryllup(deira, ikkje vårt) og var glade. så krampejobba me til natt vart dag og det var den helga.

this weekend we've been so insanely busy, both j and i. on friday, we went for coffee at tim wendelboe, the best coffee in oslo. in the evening synne came over to eat dinner and talk about london. on saturday, maja & lars were here, we ate pizza and drank wine and we flipped through some magazines. yesterday it was j's birthday, we had a surprise singing visit by fredrik and frøy(with roses!), then we walked to j's sister's apartment for cake and coffee and wedding planning(theirs, not ours). then we worked until we collapsed in bed.
fuglar på frogner.
på torsdag vart eg og han der fine kriseinnkalla til te&muffins hos mariann på frogner. ho hadde ein heilt sinnsjukt flott leilighet med tjue fuglar og ein hund og muffins som smaka karamell og kanel. me måtte fanga ein fugl før maten, bladde i magasin og snakka om mitt, for mariann reiser til paris i morgon for å fotografera for meg. så kom hedvig og det var så fint for eg hadde ikkje sett ho på heilt sjukt lenge. så reiste me heim for å krisejobba og pusta med magen for no er det ikkje lenge før.

on thursday i got an emergency call from mariann so we immidiately got on the tram to frogner where she had made muffins and tea. we talked about magazines and looked at the birds.
tysdag.







i går jobba eg masse med magasinet før eg og han der fine drog oss opp på alexander kiellands plass og r+j sin nysolgte leilighet for der var mikla! ho var litt fornærma for det lange fraveret, men det går seg nok til. så bussa eg ned i sentrum for å assistere på sara sin undertøysshoot med synne som modell! det var sjukt gøy og eg har vore sjukt sliten i dag på grunn av det. gler meg sånn til å sjå bildene etter kvart.
så, fortell meg noko om kva de gjer i dag?
yesterday was a whole lot of magazine working before we went to dog sit j's sister's dog mikla. <3 then i took the bus to sara's lingerie shoot with synne where i assisted. so so fun!
laurdag.
på laurdag hadde eg ein liten fest for å feira min heimkomst til oslo, og det kom så mange flotte personar. etter ein del cosmos, femti klemmar og sniking i gangane sa eg takk og farvel og lot danby ta resten av bildene(så mesteparten av dei er altså hans). men eg rakk i alle fall å bitche med synne og jostein w, snakke med sara om at me skulle ønska me budde ilag heile tiden, kline med han der fine, planlegga fiskemiddag med fredrik og janne og eit besøk hos marian på frogner, snakka om opne forhold med jonas og kaija, snakka om judy garland med frøy, brenna hol i kjolen til margrethe som hjalp meg å laga ei ostekake eg ikkje rakk å smaka. og det var den laurdagskvelden. 
on saturday i had a small party to celebrate my coming home to oslo. i lost my head at some point so most of these pictures are danby's. a lot of people i'd missed a lot came and i was very happy and very drunk.
hjartemagasinet i paris.
no kjem det endelig litt info om det kommande magasinet! eg vil ikkje sei så altfor mykje enda, de får vita navn og sånt litt etter litt, men det eg kan sei er dette: det kjem til å ha samme format som sist, og kjem til å vera litt tjukkare. caroline weseth skal illustrera heile magasinet også denne gongen, og framsida(og eg er sjukt gira og overlykkelig for det), og ho skal hjelpa meg å optimalisera saker og ting så det blir så lesarvennlig som mulig. nummer tre kjem til å bli delt opp i tre delar:
paris.
sjølvsagt. dette blir den største delen av magasinet, og den kjem til å inneholda ein masse ulike underdelar(hihi underdelar), som til dømes fotografi, kvitteringar, sånt som eg har scanna, små tekstar, illustrasjonar, små morsomme greier, mi dagbok. det blir eufori og tårer og latterkramper i senga og brutalt ærlig mariell, som de nok aldri har sett meg før. håpar eg, og de, taklar det. noko anna som eg ikkje har sagt enda er dette: absolutt alle som har vore her i paris og vore med meg skal vera med i magasinet. altså sigrid, fredrik, heidi, janne, han der fine, derek, og andre som kjem no framover. dei får bidra med akkurat det dei vil og det er fullstendig uforutsigbart, sjukt fint vel? og minst like stor som den personlige delen blir parisguiden. kvar einaste dag er eg ute på livet for å finna dei beste plassane så de kan ha det magisk fint når de reiser til paris i framtida. magasinet kjem til å komma seint i april. til dei som skal til paris før dette og sårt vil ha guiden før den tid kan maila meg, men berre om de har kjøpt magasinet, så kanskje eg kan gi vekk nokon tips. eg kan ikkje lova at eg har tid til å svara så veldig utfyllande, men eit par tips til ein helgetur skal eg klara. men kjem ikkje til å gi ut nokon adresser før starten av april, for det har eg rett og slett ikkje tid til.
tekst.
andre fine personar som eg så gjerne vil at skal skriva er ikkje alltid i paris, og er ikkje eingong folk som eg kjenner så godt. her vil det bli ein fantastisk pose drops med svenske og norske forfattarar/skribentar. dette er noko av det eg gler meg mest til, å sjå korleis dei ulike personane tolkar feelingen til magasinet på kvar sin måte. det blir så bra.
bilder.
sidan sist nummer har eg samla fantastiske jenter som lagar bilder med blyantar og kamera og andre magiske verktøy. denne delen kjem til å vera ein eksplosjon av inspirasjon, med bilder av jenter og skrubbsår på knea og kvite laken og sølte tekoppar og tårevåte ansikt og store smil. og ingenting av dette har eg sett enda, det blir skapt akkurat no i idéar og i moodboards og det føles ikkje eit sekund usikkert, eg veit at det kjem til å bli dritbra.
magasinet kan de kjøpa her om de vil. er det andre ting de lurer på angåande magasinet eller oppholdet i paris så får de versågod spørja alt de vil! om de har konstruktive tilbakemeldingar på det forrige nummeret, ting som eg kan gjera bedre vil eg veldig gjerne vita det så det kan bli så bra som det berre kan!
information about the magazine! this issue will be divided into three parts. paris, text and image. the paris-part will be the largest one, containing my journal and my photography, texts and thoughts and things that hurt. scans, receipts, illustrations, whatnots. everyone who has been here to visit is also joining in, doing their own spin on paris for the magazine! also, a large part of the magazine will be my guide to paris. sounds great, non? for the text and image part, i have invited a lot of young artists from around the world to join me in the making of this wonderland magazine with their writing, photography and illustration. anything else?
laurdagsfarvel.

på laurdag hadde eg min farvel-fest. fine folk kom for å drikka vin og sei hadet. eg fekk skikkelig fine gaver som eg skal visa fram snart. eg tok nesten ingen bilder for eg var for opptatt med å drikka vekk sorgene og å klemma folk.
sigridfin.
og heidi med heidi-fletter.
eg lakka synne og sara sine negler med min fine neglelakk.
og me rota i masse boksar i hyllene mine, for eg har så masse rart rundt omkring.
fine sara.
bankebrettet mitt.
chips i eit dørslag. så var klokka plutselig to eller seinare, eg hugsar ikkje, men me sprang i alle fall ut for å møta frøy og fredrik.
me gjekk til grünerløkka brygghus og julie var tøff som vanlig.
maja+eit veldig bra øl+lars si raude lue som eg likar.
synne i vanlig positur. <3
haha! finmaja.
så var eg med fredrik og det kan de lesa om her. no har eg min siste dag her i oslo og eg har masse ting som skal fiksast og ordnast og folk som skal møtast. eg er utslitt samtidig som eg er så sjukt gira, eg har sommarfuglar i fingrane og overalt og hundre plagg som skal vaskast. 
on saturday i had my going away-party and it looked pretty much like this. not too many photos as i was too busy hugging people.
kveld x 2.

laurdag kveld var eg og han der fine hos heidi og caroline. der var me ein del fine folk.
tina og heidi til dømes.
og glade caroline.
der var me ei stund, før eg og han der fine tok med oss janne og fredrik ut på leit etter ein plass å sitta. me fant til slutt fram til håndverker der eg drakk rom & cola. så gjekk me heim og stupte i seng.
fredrik som ser ut som eit svevande hovud.
måndag var starten på kveldsmatklubben i ullevål hageby. me hadde med oss appelsinscones og lerum eplejus.
me åt masse god kveldsmat, og til og med sjokolademjølk.



heidi og susan.
inga som laga vår offisielle facebookgruppe. 
eg hadde sakna sigrid så sjukt og ho var så fin på håret.
joachim klemmer susan til ei pannekake.
også var me mette og glade og veldig gira på kveldsmatskveldar framover.
og her var meg i ein spegel.
så kasta me litt snøball.
og gjekk med kapper ned bakken.
flaug på t-bana og kollapsa i kveldsmatrus framfor friends på han der fine sin nye store imac.
(om de lurer på kvifor det har vore så treig og lite bra blogging her i det siste er det rett og slett fordi eg brukar så mykje tid på å gjera alt klart til eg skal reisa. eg flyttar jo om berre litt meir enn ei veke, og det er mykje som skal fiksast. dessutan brukar eg veldig mykje energi på å grua meg, desverre. søv dårlig og sånt dumt.)
about last saturday night and this last monday as well. nice people and great food.
sognsvann.

i går stod me opp tidligare enn me pleier. me åt frukost, eg hadde deilig pasjonsfrukt på heimelaga frukostblanding og yoghurtnaturell, og til det: to episodar friends. det er mi nye greie, eg må sjå alt. så tok me t-bana.
til sognsvann. me hadde ikkje vore der enda og når ein har budd i oslo i eitt og eit halvt år burde ein faktisk ta tak i seg sjølv og ta t-bana. så det gjorde me. og det var så sjukt fint lys der og sidan eg har den finaste forloveden som finst så tok eg bilder av han.
og han tok bilder av meg, som såvidt orka å dra meg sjølv ut. eg har hatt ei rar og teit veke, sånn når ein har det heilt fint egentlig men ikkje mestrar heilt kvardagslige ting som å hjelpa til heime med å vaska opp og laga mat, og ein vil alt anna i heile verda enn å gå ut av huset, sova og blogga. sånn har veka mi vore, skikkelig tung og trist. men no har eg det bedre, og det føles fantastisk.
det var ganske så kaldt så ein fekk surra seg inn i skjerf så godt som ein kunne, det som eg har på meg er fra monki og var faktisk julegåve fra foreldrene mine til han der fine. men eg låner det ganske ofte for det er så stort og varmt.
me hoppa etter snøflak.
og kosa.
og sussa. og lurte på kvar kakaoen kom fra og følte oss utanfor som var dei einaste i løypa utan kakao.
ein fekk snøflak i augevippene og det syns eg var veldig fint.
også hadde me plutselig gått heilt rundt snakka oss slitne om bryllup og om magasin nummer tre, som kjem til å bli det beste nokonsinne. tenk at eg reiser om to veker.
så reiste me heim, åt falafelmiddag, drakk te med mjølk i fra rørstrandkoppar og såg på teve. som vanlige folk, kan ein sei. og no skal eg ha ei skikkelig bra helg, håpar eg.
ps: no funkar bloglovin igjen! endelig! halleluja!
i've been feeling very low this week, so yesterday i finally took action and we went up to sognsvann to walk around the water, about 3.5 kilometers. we talked about the wedding and about my new magazine and then we went home to drink tea and watch tv.
champagnelaurdag.

laurdag kjøpte eg tulipanar til han der fine.
og han laga verdens beste pizza. med mozzarella, blåmuggost og salami fra gutta på haugen.
pluss litt valnøtter og magisk tomatsaus har ein den beste pizzaen eg har smakt nokon gong.
me drakk rosévindrinkar før me gjekk vidare til fredrik for å feira.
for han her, han der fine, hadde komt inn på skule i london dagen før! <3 åh. til hausten flyttar me nemlig til london, eg driv på med min søknad no men han har allereie komt inn og det måtte sjølvsagt feirast med fine folk.
så me hadde kjøpt champagne.
og fredrik og sara var der for å sei "hei gratulerar så bra du er!"
janne og jens var der óg. 
etterpå drakk me appelsin-og-cider-drinkar.
og eg tok sjukt mange fine bilder som eg tenkte eg skulle bruka til ein film.
kanskje til han her. å, eg er så stolt!
så kom me heim midt på natta og da venta det to makronar i kjøleskapet på oss. 
on saturday we celebrated the fact that my boyfriend got accepted at a school in london. this fall we're moving there and things are finally starting to happen.
i 2011 skal eg...
♥ søka på skular i london og komma inn, for det har eg bestemt meg for.
♥ flytta til paris og vera modig og sleppa hånda hans for første gong for så lenge.
♥ få himla mykje fine folk dit som skal hjelpa til å laga det tredje og beste magasinet nokon gong.
♥ feira purstagen min i oslo med dei finaste folka.
♥ drikke champagne.
♥ få skikkelig langt hår og enda raudare og enda større sløyfer og enda vidare skjørt.
♥ endelig få christine heim i mai, og feira 17.mai med ho.
♥ ha min siste oslosommar på veldig lenge og sussa på alle folk eg er glad i.
♥ fotografera to sommarbryllup.
♥ pakka livet mitt saman og flytta til london. starta på ny skule der og læra masse nytt og bli kjent med mange nye fine personar.
♥ læra meg å laga makronar.
♥ planlegga veldig mykje bryllup.

my year 2011: paris, london, oslo. planning a wedding, celebrating, champagne. hopefully.
off to see the wizard.
første januar: forlovafotografering med snø i skoa, pitabrød med aioli og ruter med melkesjokolade i lomma, wizard oz og ein forferdelig crush på judy garland sitt forferdelige liv og fantastiske talent. 
my first of january: i've photographed an engaged couple in the snow, eaten pita bread and now i'm watching wizard og oz and crushing on judy garland.
tre juledøgn.
eg har vore heime i sogn og fjordane i snart ei veke og eg har hatt det så himla bra. 
eg og mamma har laga kanskje hundreogfemti fløytekarameller som me har pakka inn og gitt bort og dei er sjukt gode. (kan legga ut oppskrifta, om de vil?)
før eg reiste fra oslo kjøpte eg juletrepynt fra glasmagasinet. dei er i fine boksar og ser gamle ut. me pyntar alltid treet lille julaftan, og alle må vera med.
minste juletreet i huset.
denne er óg min, og fra glasmagasinet. han er ein sirkusdirektør trur eg.
og to fuglar. ein til meg og ein til han der fine.
dette syns eg er den finaste juletrepynten, søster som har laga for ganske lenge sidan. dei held saman rundt treet, som tredemonstrantar eller noko.
bono fekk opna gåva si tidlig, han fekk ein ny gris. den som han har hatt har slutta å laga griselydar så han fekk ein ny. pakka den opp sjølv eingang.
til julemiddagen hadde me knirketulipanar på bordet.
og pynt.
her er min julemiddagmamma med ordførartopp.
og lille lillesøster.
trøttepappa etter all gaveopning. 
morgonen etter, til julefrukost på første juledag, tok eg med meg min eigen kopp. den fekk eg av søster kvelden før! mummikoppen for vinter 2010.
mamma hadde sove ståande på hovudet og såg sånn ut på håret.
ganske så fin likevel.
så gjekk me i middag hos onkel og tante med ein del familie. me åt pinnekjøtt, og etterpå drakk eg tre espressoshots og vibrerte i kanskje to timar.
me fekk lærdalsbringebær til dessert. noko av det beste som finst.
eg hadde krøllar og ruby woo på leppene og mitt nye underskjørt på, men det ser de jo ikkje.
bestemor med minneboka til onkel jan anders. inni den står det mykje rart.
så køyrte me litt bil og kasta litt ball og vips var den kvelden over óg.
eg har hatt den finaste jula i mitt voksne liv, eg gjer stort sett ingenting utanom å jobba med heimesider og html, lesa bøker og sjå filmar med familien, et meg akkurat mett og aldri for mykje.
the last three days in photos: decorating, eating, enjoying the holidays. in a nutshell.
to screenshots fra første juledag.

supertrøtt skypesamtale med han der fine i superfin ny sløyfe.
og redigerar bilder av synne fra botanisk hage. men no skal eg faktisk i familieselskap! og seinare skal de få sjå kva eg fekk, for eg har fått så mykje himla fint!
kva gjer de på første juledag?
two screenshots from my christmas day; skyping with my boyfriend, and editing pictures.
inga sin fest og heidi sitt hår.
i går hadde altså inga purstag. eller i dag, da. men festen var i går.

her er inga med blomar fra heidi. me fekk kalkunmiddag med sjukt bra tilbehør.
og masse kaker og snop.
johan og heidi.
heidi var så fin i håret med blå sløyfe.
at eg ikkje kunne stoppe å ta bilder av det.
over spisebordet hang det ei lysekrone som laga fine skyggar i taket.
heidi fekk låne hasselblad.
for å ta bilder av mia, som lignar på anna karina.
med regnboge på hjartet.
sigrid og kjærleiken.
superfin gaveopning etter klokka var slått tolv.
heidi hadde tressis-veske.
purstagsdans.
birthday girl.
dansefine folk.
dansefine heidi.
her var eg veldig full og veldig fornøgd.
så hoppa me inn i ein taxi som rulla oss heim, og det var slutten på den fantastisk fine kvelden.
my saturday night was awesome.
min fredag.

min fredag var lasta med: ny blomsterlampe. steen&strøm, å pressa meg sjølv for hardt og aldri bli frisk, sjokolademousse, å vera hundepassar for ein veldig sliten hund, å scanna tolv rullar film, å vera så sliten og sjuk at eg egentlig berre ville sova heile dagen.
i dag er den første dagen som sjuk at eg ikkje har prøvd å pressa meg sjølv meir enn det som faktisk er sunt, og eg har berre slappa av og det har vore sjukt deilig og no har eg endelig ikkje feber lenger! no nyt me dei siste dagane i oslo før me flyr heim på mandag, og det skal bli så himla fantastisk å sjå familien min igjen, for ikkje å snakka om mine herlige svigerforeldre. <3
enn de, da?
yesterday my day looked pretty much like that animation: i bought a new flower lamp, it's amazing and i'll show you later, some christmas shopping and then dog sitting while watching tv and eating chocolate mousse.
amputert laurdag.

laurdag vakna eg halv ni for å dusje, etter å ha sove i kanskje tre timar og etter å ha lagt meg med stigande promille. halv ti sat eg i frisørstolen på balanzera for å fiksa etterveksten min. 
eg vart så fin at eg måtte krølla håret mitt då eg kom heim(det vil sei, etter eg hadde sove fra klokka tolv til klokka halv fem).
og måtte le litt av at eg tryna ikkje ein, ikkje to, ikkje tre men fire gongar fra torshov til olaf ryes plass natta før.
laurdagssuss. me trikka til frogner for å kjøpa makronar på sebastien bruno. <3 min beste plass i heile oslo. tips: no står dei på steen&strøm, og der skal dei selga sjokolade fram til jul. desverre ingen makronar, for dei har jo ikkje med seg kjøledisken sin, men sjokoladen er beyond fantastisk óg.
då me kom heim åt me makronar i sofaen. dette er champagne, den har glitter på toppen og er ein av mine favorittar.
så hadde eg og han der fine fredagskveld. for me har egentlig fredagsrituale, me et noko godt, lagar sjokolademousse, ser krimmen på nrk og kosar kosar kosar. så det vart ein fredagslaurdag, om ein får sei. og ein ganske fin ein óg.
my saturday: i went to the hairdressers too early considering i had been kinda drunk just four hours before, i curled my hair and kissed my boyfriend, ate some macarons and then we had our traditional friday ritual: chocolate mousse and silent witness.
fredag.

fredagen min starta på ordentlig på frøken dianas salonger, der synne prøvde klede til shooten me har hatt i dag(søndag).
dei har så sjukt masse fint at det er farlig å gå inn dit(men gå dit likevel, kjøp kjolar og kjøp magasinet!)
dei har fått himla mykje nytt og denne plakaten elskar eg.
så var eg og han der fine på sinnsjuk julegavehandel, også kom me heim og drakk southern frost. <3
og jenny kom! og fekk sjå på magasinet.
rett før me skulle reisa videre fekk eg ein idé.
til å lage konge- og prinsessekroner. for det var jo tross alt eit purstagsselskap me skulle i.
og så fine vart dei! synne og joachim.
ida og heidi sitt hår.
caroline som var så megafin med hatt.
fine maja og fine synne, som såg litt ut som ho fra fucking åmål heile kvelden.
<3
han der fine hadde ny tskjorte fra weekday.
fulledaniel.
jättefull men med ny sløyfe.
ulrikke og richard kom.
pål og daniel.
heidi + sløyfe. og deretter fulgte ei lysslyngeorgie:






homoerotisk. <3
synne+pål er sant.
og julesnop i ein pose.
og smil.
så rulla me heim i seng klokka fem. sjølv om klokka til synne berre var ti på tolv. og det var den fredagskvelden.
my friday night.
søndagssommarfuglar.
i dag er det søndag som ikkje blir som alle andre søndagar. for i dag skal eg på fotografering på ein spennande plass med fine personar, og det gler eg meg sånn til at eg er heilt matt og spent. for det har seg jo sånn at eg driv på med søknadar til skular i london akkurat no, og da treng eg masse nye bilder som seier hei, slepp meg inn, eg er kul og flink og lærer fort. så skal eg på fin middag med andre fine folk, også er det drinks at my place i kveld og når denne dagen er omme skal eg kollapsa og da skal eg sova ein halv dag. og kanskje mellom der får eg tid til å eta ein safranbolle fra deli deluca og kanskje blogga litt om min fredagskveld og min laurdagskveld, for dei var nemlig ganske så fine begge to. men meir om det seinare. håpar de får fortryllande fine søndagar, alle som ein. suss!

today is sunday, and i'm going out for a lot of adventures and i hope you'll be waiting for me when i come back.
tysdag.

i går våkna eg til denne pakken i adventskalendaren min. min mamma har jo laga kalender til meg i år, og eg får så mange himla fine søte ting. som prinsessemuffins. så hoppa eg ut og til frøken dianas salonger, med nye magasin. dei hadde allerede solgt ut, og det er så fint å tenka på at de går der inne på den finaste putikken i heile oslo og får holda magasinet i hendene for fyrste gong. no har dei fått mange nye, og dessutan har dei fått inn så masse nytt og fint no, fra amerika og københavn! fint og bra. 
så gjekk eg til liebling, den nye kaféen på grünerløkka. den er som ein berlinkafé som er ein putikk og kafé samtidig, med masse rare fine greier. som tog-pepperkakeformer med vogner bak seg.
og morsomme julekort.
og desse som var så morsomme, og som har godteri oppi seg.
og kaleidoskop og fine fyrstikker.
og sjølvsagt masse fine diana-kamera.
eg fekk med meg eitt heim i ein pose, som eg skal senda til grethe som vann konkurransen min! ps: diana-kamera kostar 430 kroner der.
så hoppa eg opp på alexander kiellands plass til ein liten hund og ein forlovede, og svinga meg litt i min nye kjole fra frøken dianas salonger. den er ferskenfarga og med masse små blomar på, med flaggermuserme.
den skal eg kanskje ha på meg i kveld.
og til jul.
finaste mikla som har blitt så himla stor. 
<3
så gjekk eg og han der fine heim for å laga den kjappaste middagen nokon gong, falafel + couscous + ein liten salat.
plutselig var eg hos fredrik(etter å ha tryna på vegen bort og fått planta eit stort blåmerke på rumpa) for å ta litt bilder av han, men dei får me jo ikkje sjå før om ei stund for no ligg dei innrulla i filmrullar.
me åt pepperkaker og snakka om gutar. også såg eg og han der fine ein film.

yesterday i went for some shopping, then to play with j's sister's dog mikla. for dinner we had falafels and couscous, and then i went to take some pictures of fredrik, eat gingerbread cookies and talk about boys.
to ting.

ein. dei siste vekene har eg hatt så himla heimlengsel at eg har søkt opp gata til mamma og pappa med google street view med tårer i augene, så i dag tok eg bussen heim og no sit eg i stova og et klementiner. himla fint.
to. vinnaren av personlig almanacka-konkurransen:
"Åh! De er så himla fine. Jeg skulle ha gitt den til min mamma som ikke får lov til å jobbe lengre, noe som er veldig vondt for henne, siden hun går på veggen når hun er hjemme. I boken skulle jeg ha skrevet små "oppdrag" og/eller fine ord til henne som kan overraske henne noen dager, sånn så jeg kan være til hjelp i hverdagen hennes, selv om jeg er veldig langt unna. Åh, det hadde blitt en av julens fineste gaver!" karoline, send meg ein mail til mariell.oyre(at)gmail.com

two things: i've been missing my family so much lately, so today i took the bus home and now i'm in my parents' living room eating clementines and watching tv. and the winner of my competition a couple of days ago; karoline who wanted to give one to her mother.
min første desember.

i går var det første desember, og utanfor mi lille bobleverd såg det sånn ut. det er så fint med desembersol, så ein må suga til seg det lille ein får.
eg pakka inn ein del gåver, sidan eg og han der fine har vore så sjukt flinke til å vera tidlig ute i år, så me har fått gjort ferdig kanskje halvparten. eg elskar å pakka inn gåver! det er noko så veldig terapeutisk ved det.
i postkassa låg det ein hentelapp, og på posten gav dei meg ein stor boks og oppi den boksen var ein adventskalender fra min mamma! åh, ho er så himla fin.
første desember: flaxloddkalender. har ikkje vunne noko enda, men har håp i hjartet. eg og søster får annakvar dag, ganske så fint og lurt.
så tok eg med meg klementiner og pakka inn ein boks med pukka-te i det finaste gavepapiret eg veit om(fra designtorget), og gjekk over haugen til fredrik og janne som hadde invitert på middag(eller eg hadde vel egentlig invitert meg sjølv).
dei har det alltid så fint og rart.
og eg fraus så eg måtte ligga på sofaen under dyna men det er fint det óg.
plutselig kom det mat på bordet, pasta med tomatsaus og ruccola.
og plutselig var janne ein båtsmann og han der fine kom óg.

så begynte fredrik med å flette håret mitt og utfallet vart litt sådär.
eg fekk låna skikkelig fine sokkar av janne og ønskar meg eit sånt par av dei som klarar å strikka. og det var omtrent min første desember, himla fin dag. i dag har eg gjort så masse rart at hovudet mitt snart eksploderar og eg gler meg til å berre kose kose kose med han der fine når han kjem heim snart. <3
hadde de fine første desemberar? fortell fortell fortell!
yesterday was the first of december, and i spent it wrapping presents and then i went to eat dinner with janne and fredrik and jostein was there too. pasta with tomato sauce and arugula. and today's been a crazy day.
lang tysdag.

i går stod eg opp tidlig for å få sendt avgårde ein masse magasin også skulle eg i møte klokka elleve. på parkteateret møtte eg eva fra kipekee, eg fekk ein heil pose med instant-film og pukka-te og augeskygge og anna fint, fantastisk! åh.
eva er døv så me skreiv alt me "sa", tenk kor fint å ha liksom ein logg over alle samtalane sine. ho lærte meg skilpadde og panda på tegnspråk og etter eg hadde sagt hadet lærte eg meg mitt eige navn. himla fint.
så tok eg bussen opp til bjølsen for å hjelpa sigrid med å flytta og det gjorde me i mange timar og fekk flytteblemmer i hendene.
etterpå åt me kanelbollar på golvet. godt steikt.
så kom eg heim til han der fine og ovnspannekake. me såg hairspray, ein av mine favorittfilmar. <3 i dag pakkar eg så mange magasin at eg har vondt i fingrane. 
yesterday i was at a meeting with my sponsor, kipekee. eva is deaf so we wrote our entire conversation, and she taught me to sign turtle and panda. then i helped my friend sigrid move for a long time before i came home to my fiancee who had made dinner, and we watched hairspray, one of my favorite movies.
dagar som eg ikkje har snakka om enda.
laurdag.
laurdag var eg ein sjuk liten ball av hosting og vondt, men så stakk eg ut med ei raudvinsflaske under armen og den finaste i verda. me gjekk til fredrik og janne som hadde ein liten fest. finaste eira var der, eg saknar ho kanskje ti gongar i veka. og no trur eg forresten at magasinet er i salg hos kostym i bergen óg! 
kjetil og ida.
jonas og kaija. <3
søndag.
obligatorisk dagen derpå-kaffe/smoothie, denne gongen på kaffeglasset. me snakka om tøybleier og om å få ungar og kva som kom først av høna og egget, sånne trivielle ting.
smooooothie. åh, så godt.
<3
eg var den trøttaste kanina på heile kaféen.
den natta snødde det og eg stod eg i vindauget i ein halvtime og såg på snøen, og filma den til og med. fanga masse store snøflak og åt dei. åh. <3
måndag.
den beste bestevenninna og forlover i verda kom innom med eit nytt brudemagasin til meg, ei flaske vin og kinesisk take-away under armen akkurat idet eg holdt på å slå hovudet i bordplata av svolt. så laga me muffins og ho tok litt av med dekoreringa. dei smakte sukker og vanilje.
ei side fra brudemagasinet, eg vil seriøst bu i desse to sidene.
og i dag har eg gjort ein million ting, men meir om det i morgon. kva har ikkje de sagt? sei det sei det sei det!
my saturday, sunday and monday. saturday i was at a party, sunday it was smoothies and coffee and snow and yesterday my best friend came to visit with bridal magazines, chinese take-away and a passion for muffin baking.
bramandag.


i dag er ein bra mandag. eg spring rundt som ein galning med magasin, vaskar klede, tar oppvasken, spring ut igjen med magasin, handlar julegåver og i alle putikkane spelar dei favorittsongane mine! korleis er din mandag?

i'm having such a great monday running errands, and every store i went to played my favorite songs today!
vin i pose.

laurdagskvelden starta med at synne kom på graut. her blar ho i magasinet mitt som ho ikkje hadde sett enda.
etter maten laga me cake balls. da lagar ein muffins, ventar til dei er blitt kalde, smuldrar dei opp og blandar det saman med nugatti så det blir ein slags masse. så rullar ein dei til ballar.
dyppar dei i sjokolade og strøssel.
og vips. dritgodt.
så gjekk me opp på st.hanshaugen, for heidi hadde purstag og feira med fransk tema!
ho hadde fått sjukt mykje fine ting.
og hadde på seg finkjolen og finbhen.
av oss tre fekk ho rosa lausbartar.
ho gjekk for poiroten.
hei synne.
sigrid var coco chanel! 
og joachim var ein anna fin franskmann. barbra var franskdame, sånn sett passa dei bra på samme bilde.
synne har kjøpt samme leppestift som meg og heidi, ruby woo fra mac, så me måtte ta den på om og om igjen i spegelen saman.
raudvin i ein pose.
folk åt cakeballs.
og me hadde luciatog for oss sjølve ute.
dette bildet er fantastisk fordi det er det einaste eg har sett av synne der ho smiler og ein faktisk kan sjå augene!
joachim dansa, og det var sjukt mykje fine franske folk.
etterpå gjekk me på festen på arkitekthøgskulen.
der var det sinnsjukt mykje folk.
dette er ulrikke, ho tok bilder med eit kamera ho ikkje forstår og det syns eg er så fint.
synne hadde med seg tohundre sugerøyr.
lamper var plastbeger i fargar. fint fint fint.
eg møtte tremenningen min andreas som eg ikkje har sett på eit par år, merkelig å møte på han berre sånn på ein fest på arkitekthøgskulen i oslo.
me stod mest ved ein videoinstallasjon med ein katt og ein hest.
richard og ulrikke.
her er mariann, me gjekk i klasse saman i fjor og eg har ikkje sett på vilt lenge.
& klokka fire rulla me heile vegen heim.

my saturday evening was cake balls, red wine in a bag, a very nice french party and then a party at the oslo school of architecture and design.
ferdig.

no er eg ferdig med magasinet, og dei to siste dagane har eg feira stille med folk eg er glad i. trine marie tok meg med på parkteateret.
ho spanderte kaffe og vin og me snakka om store tema som me alltid gjer. 
og i går laga eg og han der fine fantastisk middag med masse rare grønnsaker. fennikkel for eksempel.
som mest ser ut som eit menneskehjarte.
steika steika steika.
også eta. sjukt godt!
så spelte me kort, eg og han der fine og trine mariel
så kom det litt fine folk innom, for eg hadde invitert til ein dunk med vin. fredrik kom med roser, han er himla fin. no skal eg ha den beste helga på lenge. håpar de har det fint! kjøp magasinet i menyen til venstre i helga, da! hurra!

the last few days have been relaxed and calm as i have now finished the magazine. and now we wait.
ro.

det er ikkje til å legga skjul på at eg er sjukt stressa innvendig for tida, med magasindeadline på torsdag(og frisørtime onsdag, hoho). da er det fint når verdens beste trine marie kjem heim fra london for å sitta i sofaen min og lesa magasin. her ein dag vaska ho heile kjøkenet, skrubba kvar einaste krok. <3
også hjelper det å ha ein pelsdott å klemme på av og til.
spesielt når ho elskar hundar.
også er det bra med skikkelig middagar, som kikertburgarar med stor salat med ein heil pose pinjekjerner i.
og at sara kjem på middag klokka ti på kvelden, lammekjøttbollar og spaghetti, og me et framfor sigrid søker kjæreste på datamaskina.
også blir ho berre litt til berre fordi. <3
og det hjelper med små tantebarn som ein kan leike med plastelina med i ein liten halvtime.
og ein forlovede som lagar steikepanne med speilegg. 
og å bli påspandert middag av han der fine sin fine bror+kone, med dei beste mandlane til forrett.
og bianca notte på villa paradiso.
det er hektisk, men eg har det bra. eg er stolt og eg er ganske rolig egentlig. det blir så fantastisk fint at de anar det ikkje eingong. akkurat no tenkjer eg litt på om eg skal ha sleppfest eller ikkje, kva seier de om det? 
the past few days i have been clinging on to the teeny tiny ounce of peace left in my day-to-day life during my period of finishing the magazine. people are great and the magazine will be too.
frognersøndag.

i går var eg i frognerparken med sigrid. eg tok hasselblad-bilder av ho, to rullar. ho er fin som snus.
<3
etterpå var det kaldt og me gjekk til frognerveien og inn på kolonihagen, sigrid drakk kakao. i oslo heiter det ikkje kakao men varm sjokolade.
me snakka om kjærleiken og om venner og om masse rart.
eg drakk ein kaffe latte utan mønster på men bra melkeskum.
me satt oppe ved bokhyllene der, bord nummer tjueein.
så kom julie innom ein tur.
og me las rare fine bøker høgt til kvarandre. så åt eg mat fra noodle pie, nummer tjueseks, og eg og sigrid såg frida med hjertet i hånden og den var så fantastisk fin og alt eg ville at den skulle vera. me åt ei heil pakke dundersalt og drakk ei kanne med te og sånn var det med den søndagen. i dag har eg jobba på spreng med magasinet og no skjer det fine ting her.
denne veka jobbar eg kun med magasinet, døgnet rundt, og om det er fleire som har eingangskamera og framleis vil vera med må de senda dei typ i morgon. så så så skyndt! 
i spent my sunday afternoon in frogner with sigrid and julie.
ein heil laurdag.

i går stod eg opp ganske tidlig, åt frukost lenge og las franske vogue si jubileumsutgåve som er heilt fantastisk.
sminka meg og smaug inn i ein kjole.
sara missa bussen så eg las litt meir vogue. lara stone er ein av mine favorittmodellar.
eg og sara trikka til frogner og til kolonihaven, der er det så heimekoseleg og varmt.
sara var som vanlig nydelig og gjorde meg så glad. av og til får ein sånne sekund når ein berre ser på ein av sine beste venner også tenkjer ein liksom herregud så heldige me er som har kvarandre å klamra oss til, herregud så modige me er som tør å stola på kvarandre.
eg åt scones med fantastisk syltetøy på og ei sitronterte med marengs på toppen. åh herregud. sara åt croissant og gulrotkake, m.
leppestiftflekkar på kanten av koppen og hjarte i melkeskummet akkurat som me likar det. 
så surra me litt meir, gjekk heim og var svoltne så eg laga middag. dette er heimelaga raud pesto.
saman med pasta og creme fraiche og smørsteikte sopp fekk det vera laurdagsmiddag, og ein veldig bra sådan.
sara jobba med ein film i senga mi og forbanna finalcut fleire gongar enn eg kunne tella.
ho hadde kjøpt sånne samtalekort på designtorget så me vart bedre kjent med kvarandre og ho sa at eg var veldig sjølvbevisst.
så kom julie! sara gjekk etter eg hadde lurt ho til å lova at me skulle sjå kvarandre snart.
eg og julie såg ein superfin film og lo høgt og holdt hånda framfor augene når det var for flaut. så skreiv eg litt, jobba litt med magasin, såg tre episodar av partydronninger på nrk nett-tv og sovna klokka seks om morgonen. og det var den laurdagen.
my saturday: a long breakfast with myself, going to a nice cafè with sara, scones, jam and lemon tart with marengue on top, red pesto pasta with creme fraiche and mushrooms for dinner, working in the same room but not together, asking eachother big questions, then julie came and we watched a lovely movie and laughed a lot and i didn't fall asleep until six in the morning.
onsdag.

i går var eg og han der fine på magasinmøte med lnk på olympen, der fekk me kaffe latte i dei største koppane eg har sett, så ein nesten kunne bruka dei som hatt. etter det gjekk me på mekken der me delte ei kanne med te.
eg var glad fordi det var onsdag, onsdagar er alltid bra dagar for meg.
han der fine sat der med meg litt, me spelte kort og vant litt annakvar, snakka om magasinet og pengar og om å skriva. han reiste også skreiv eg ein tekst om kor vanskelig det er å sitta på kafé aleine. plutselig ut av det blå kom heidi og me følte oss som midt i ein episode av seinfeld eller friends. eg er jerry og ho er george. 
så kom verdens finaste søster med verdens lengste augevipper, med eit fly fra england, me bestilte pizza fra peppes og åt på mekken(det er så fint med mekken fordi ein kan ta med seg mat dit eller bestilla mat dit også eta den der!), me snakka om kva ho vil bli når ho blir stor og andre sånne fine ting. ho var med meg i fem timar før bussen vidare heim til mamma og pappa gjekk(eg hadde så himla lyst til å berre kasta meg på bussen med ho og bli med heim for eg saknar alle heime så mykje at det gjorde vondt i brystkassa å sei hadet).
& heime venta ein pose med engelsk snop og ein kjæreste eg nesten ikkje hadde sett heile dagen så eg smilte så stort som nesten aldri før på veg inn døra. fin onsdag.
hadde de fine onsdagar?
my wednesday was a magazine meeting, a pot of tea at mekken and then eating dinner with my little sister who was staying in oslo for five hours before going on her bus back home.
laurdagspurstag&å le til ein får vondt i magen

i går var me inviterte til purstagen til maja som bur med joachim og synne. 
me fekk glowsticks i døra, fantastisk partytrick.
pål, synne og constance.
det var jelloshots og muffins og ei kake som var eit slott.
sara.
finaste sigrid. me satt for det meste på rommet til synne, sang og lo og sittedansa. det er så fint på fest der, for det er ulik musikk i kvart rom, og på do er det radio. i vindauget til synne kan ein sjå med kikkert på folk som går forbi.
så forsvant me til revolver, der var me i ein øl før dei stengte og da gjekk me heim til oss.
julie sat som vanlig framfor vifta for det gjer ho alltid no for tida. da syng ho beyonce og rihanna.
ho føler seg fin og det er ho òg.
pål og julie dansa til kjolen til julie rakna.
og eg tok femhundre bilder og måtte ta pause for å lasta dei ut fra kameraet.
her ser det nesten ut som om dei er kjærestar men det er dei ikkje for pål likar gutar.
og ca sånn føltes min laurdagskveld. så sovna me fire personar i ei einaste stor skjei klokka seks om morgonen. ganske fint.
hadde de fine laurdagskveldar?
my saturday night was spent at a birthday party and then at revolver and then at my house. four people spooned in my bed and it was a record.
fredagskveld med vasspipe.

i går var me invitert til torunn i pilestredet på lasagne og øl. me kom med to kronenbourg klirrande i veska, pluss ein pomelo heilt fra palestin. her er torunn og elida.
me såg mykje ut vindauget på folk som gløymer å dra for gardinene.
også røykte me vasspipe med epletobakk.
per elling, som er så fin, spesielt sidan eg ikkje har sett han på eitt år.
fantastisk fin røyk, eg tok sånne animasjonar av alle sammen i går.
så kom janne og røykte ho óg, i sin nye whyredskapning av ein kjole.
eg såg på han fleire gongar i løpet av kvelden og sa høgt til han og inni meg sjølv at det er heilt utrulig at han er heime og heil og vanlig.
ragnhild var der óg, og eg ser ho så sjeldan etter vidaregåande var ferdig men da er det enda finare og ein får enda lengre klemmar når ein først ser kvarandre.
så gjekk me på babylon. eg drakk ein cuba libre.
og det var den kvelden.
no er det laurdag, eg har sove heile dagen og skal snart ut på livet, håpar de anten skal det eller eta sjokolade i ei fin glasskål og sjå film med nokon de er glad i. suss.

yesterday we went over to torunns house to eat lasagne and smoke apple tobacco with her water pipe, the smoke was so beautiful. then we went out to get a drink at babylon and that was that.
torsdagskveld.

i går åt me middag på villa paradiso. dei har så sinnsjukt god pizza.
han der fine var heime og eg ville ikkje vera fra han eit sekund meir enn nødvendig.
pappan til han der fine spanderte og var pizzaimponert.
så tok eg og han der fine trikken heilt til kjelsås for å gå på fest på teknisk museum! dette er synne, julie og margrethe.
dei har så masse rare krikar og krokar på teknisk museum og eg hadde jo aldri vore der før.
det var skrivemaskiner som ein kunne skriva på.
og dette var min favoritt. eit rom med luftmaskin som blåste vind i håret.
og på veggen kunne ein sjå seg sjølv.
julie og synne. 
julie.
så møtte me pål på olaf ryes plass etter den mest humpete bussturen i mitt liv.
me drakk øl og synne elskar leppestiften min.
og med lego på hovudet.
så gjekk me heim og endelig fekk eg sova ved sidan av ein varm kropp utan sokkar på føtene. det var himla fint. no skal me ut på livet, håpar de får ein fantastisk fredag!

yesterday j came home and we went out with his father for dinner at villa paradiso. then we went to oslo technical museum where they were hosting a party. we ran around taking pictures and ended up with a beer in a red room at olaf ryes plass.
tredje brev til han der fine

tysdag og onsdag var eg hundevakt for mikla og balder. dei var rampete og skreik til kvarandre men så fekk dei dentastix og da gjekk det okei. 
i går var julie og johanne og andrea her. andrea er kusina til julie, og ho hadde purstagen sin her. 
mest gøy hadde me det med muffins og med mitt tullekamera.
finjulie med strikkagenser.
kamerajohanne.
kamerajulie.
kameraandrea.
heile natt til i dag såg eg på seriar på internett for eg ville ikkje, fekk ikkje sova, så eg sovna klokka sju om morgonen også i dag var eg på parkteateret med mina. 
me sat i tre timar og to kaffe latte-koppar, snakka om ansikt og å vera forfengelig og regulering og mad men og å vera seksten og ha det vondt. ho er så fin å snakka med, og så himla komfortabel og bra så ein ville sitta i mange timar til, men ein annan gong.
no er sara her, me snakkar om alt mulig som me pleier og eg har ete min siste middag utan deg på lenge, i morgon kjem du heim.

the last few days i've been a dog sitter, a friend throwing a birthday party for someone i don't know, a person staying up all night watching tv shows online and someone in a café for hours talking about boys and men and love and things that hurt. and mad men. tomorrow my fiancee comes home after being in palestine and i'm looking forward to it.
kakao og krøller.



i går gjekk me på cocoa on the go-go og drakk kakao og åt godteri og snakka om fortid og framtid og kjærleik og krangling.

så gjekk me heim, åt kalkunsalat med naanbrød og skrapa bollen for alt som var igjen.
så måtte sonja reise tilbake til ålesund og eg håpar eg får sjå ho snart igjen, for det var altfor lenge sidan.
på kvelden krølla eg håret.

og sovna som ei prinsesse, og våkna med krøller óg. i dag tidlig såg eg meg i spegelen og syntes inni meg at eg nok hadde hatt det mykje bedre om eg berre alltid hadde hatt krøllar.
my sunday was cocoa with friends and curling my hair.
ein liten fredag og ein lang laurdag. med bobler på toppen.

på fredag sat eg med han der fine på parkteateret. han las aftenposten og eg skulle skriva. og kaffien var god.
med kanel på toppen, som jo er eit av mine favorittkrydder.
og når koppen var tom hadde eg skrive ein liten tekst. resten av fredag var scanning av film og krim på nett-tv.
laurdag var me i frognerparken.
med posar fra sebastien bruno, med eit buksebærande menneske. altså ikkje meg.
men sonja! åh, sonja. eg har ikkje sett sonja sidan jul og på fredag kom ho med fly til oslo. ho smakte makronar for første gong sidan det er min beste turistting.
eg og han der fine gjorde noko meir utradisjonelt. me kjøpte ei lita kake på deling. mørk, melke- og kvit sjokolademousse med mandelkakebotn. den var så hinsides god.
det var blitt oktober ute. 
og veit de kva ein kan gjera da?




nettopp. neste veke har eg ein del fotograferingar og gjett om dei skal kasta blad, da. 
<3
sonja.
fine sonja.
fine, fine sonja.
sonja er ein flink turist, så ho tok oss med på akershus festning og inn på slottet.
på vegen plukka eg mentalt med meg kanskje fjortenhundre blad.
fra festningen ser oslo ut som danmark.
og inne er det store fine speglar og nydelige møblar. sonja leste fra informasjonsheftet medan me gjekk gjennom heile slottet og eg lurte på om det kanskje kunne gå an å ta bilder der. me snakka óg ein del om den nye bebuelige planeten som forskarane har funne, er ikkje det heilt sjukt?
i gåveputikken hadde dei det nydeligaste serviset. eg ynskjer meg kopp+tekopptallerken. åh. da skulle eg ha gjort som mormor(med de åtte ungene) og tømt kaffi på fatet og sete i vindauget medan eg drakk det og såg på at folk gjekk forbi(om eg berre ikkje hadde budd åtte etasjar over bakken.
så kom me heim og vips fram med vinen.
og vips glad.
eg har eitt einaste champagneglas og det brukar eg alltid sjølv.
sonja hadde óg kjøpt veldig søt markjordbærvin som var så god at ein ville ha den intravenøst nesten.
så klipte eg håret til han der fine, for han reiser til palestina om berre nokre dagar og da er det viktig å vera stelt. og ja, eg veit at det ser heilt merkelig ut. (og nei, det er ingenting ekkelt inni dreadsa, det er ein teit myte. det er berre hår heilt inn til midten)
me åt kalkunsalat og pitabrød og det var supergodt.
så gjekk me ut til dattra til hagen der lars skulle spela. det var superkul musikk, me drakk cava og møtte fine folk(og fine blogglesarar!) ute i bakgården og der var det akkurat varmt nok. 
han der fine var fin, me var der for musikken og snakka med framande om å skjæra i lik til me fulgte sonja tilbake til plaza og etter det var køen inn igjen for stor så me gjekk heim igjen og det var egentlig ganske fint.
har de hatt fine helger? i dag er det søndag og eg elskar jo søndagar. skal sjå ein og ein halv film minst.

my friend sonja arrived in oslo with a plane on friday so i spent my entire saturday with her doing touristy stuff like the akershus castle and cava at dattra til hagen.
ein halv laurdag på frogner.

dagen i går starta med ein sjokolade og eit brev i postkassa som josefine hadde lagt der. så fantastisk snillt gjort og eg vart så himla glad. ein virkelig fin start på dagen.
det var himla masse vind så me måtte kneppa igjen jakkene og ha skjerf på.
det vart trikkekork fordi ein bil hadde stoppa på trikkeskinnene med nøklane inni bilen og medan me venta på tauebilen spelte me trivial pursuit.

så kom me fram på frogner, niels juels gate, sebastien bruno. åh. me snakka om kaker med ho som jobba der som er så søt så ein vil ta ho med heim.
så gjekk me til frognerparken og eg drog med meg han der fine inn i ei busk. han er fin.
og han tok til og med bilder av meg.
så satte me oss på ein benk med utsikt til monolitten.
med ein papirpose med makronar. åh.
me såg på fine blad som me ville ta med oss heim, så det gjorde me.
og åt makronar.
som var så så så gode, kanskje fordi dei berre var ekstra gode eller fordi det var så lenge sidan sist.
me snakka om framtid, om london om paris, om kjærleik. så fylte me posen vår med blad og trikka heim og resten av dagen kosa me med julie, åt pizza og såg film og tok det heilt rolig og fint.
hadde de fine laurdagar? håpar som vanlig at de klinte, det gjorde eg.

my saturday was spent in the frogner park with french macarons and talking about the future and us and love.
elvelangs.


i går kom eg heim til oslo etter å ha vore i sogn og fjordane sidan søndag, og i går regna det i oslo. dette er utsikta fra etasjen min, tenk så fint. det var elvelangs, som er eit arrangement i oslo kvar haust der alt lyset langs akerselva blir skrudd av og erstatta av fine lysinstallasjonar og små events. me starta ved kuba og kom oss berre ned til blå.
me gjekk på ingensteds.
der var det raudt lys og utanfor isoporinstallasjonar fra strykejernet.
eg stod mest med den gjengen her, drakk øl og hadde det fint.
agnes + meg.
eg hadde regnhår.
cash is king.
julie.
ein suss.
andreas + installasjon.
og ein båt utanfor. ein kort men fin kveld, som eg likar det.

my thursday night was spent walking along the river, where there were installations and concerts going on.
ein laurdag.

dagen i går starta med laurdagsaftenposten på ryes, for me hadde lova johanne å komma innom medan ho jobba.
han der fine var klar for laurdag.
me delte ein milkshake medan eg las kultursidene og han las debatt. typisk.
så gjekk me på frøken dianas salonger og eg kjøpte med meg denne kjolen heim. den er i tung bomull og er haust på så himla mange måtar. no manglar eg berre ca ti strømpebukser og ein ny underkjole, så er eg klar for kulda.
plutselig var me hos fredrik, janne og kjetil som hadde innflytningsfest. eg drakk ingefærøl+vodka, det var supergodt, og i den andre koppen er det heimelaga kirsebærlikør som var så fantastisk god.
dei hadde hengt opp girlander og blåst opp ballongar som dei har fått av meg. ganske fint.
og ina var der.
med vin i hånda.
og klokka elleve var eg i så superbra humør, for klokka elleve hadde eg ein date.
med christine på skype fra buenos aires. åh, det var så fint å snakka med ho igjen sjølv om eg skulle ønska eg kunne klemma ho og mata ho med kjeks gjennom macen. <3 me snakka om gutar og sånt som me alltid pleier.
medan me skypa var det blitt fest overalt. i stova.
og i døråpningar og gangar.
og sigrid kom endelig.

ho har den finaste tatoveringa på brystkassa. 
jenny var der litt men forsvant og eg rakk nesten ikkje å snakka med ho.
eg tok hasselbladbilder av jonas og kaija i gangen og tok mange lystestbilder óg.
og ei stund var det meir fest i gangen enn nokon annan plass.
min nye kjole i ei kvilestund i senga til janne.
medan det tok av i stova.
dei dansa.
og sang.
og det var så gøy å sjå på og høyra på fra eit anna rom óg.
i senga til janne snakka me meir om gutar.
og om sigrid sin nye pannelugg som eg fullstendig elskar men som ho ikkje gjer.
janne hadde på seg marc jacobs-kjolen sin som er så fin.
han der fine og sigrid.

janne var den perfekte vertinna, glad men oppmerksom. 

frøy har eit av dei mest fascinerande ansikta eg har sett nokon gong, og ein dag blir eg nødt til å ta bilder av ho framfor eit tre. sånn berre fordi.
dei dansa i sofaen og på bord og på stolar.
og lo i gangane.
og sto i ein evighet i gangen for det var så vanskelig å sei hadet.
klokka fire kom heidi og fekk vatn før me fulgte ho heilt til døra for på laurdagskveldar skal ein ikkje gå heim aleine. og det var den veldig lange laurdagen.
hadde de fine laurdagar?

my saturday was completely crazy.
fredag.

i går gjekk eg til bugges i markveien for å eta lunsj.

eg var der med fine fine oda som var i oslo for dagen.
eg åt club sandwich som var supergod.

og eg drakk ein latte.

og oda åt cæsarsalat. me snakka om gutar og om pengar og kor mykje me hata det.

og det var så sjukt herlig å sjå ho igjen. åh.
så kom eg heim og eg og han der fine måtte kvila og sånn her fin er han.
kose litt.
så kom det fine folk men mamma ville berre ringa meg for å snakka om sitt nye fordøyelsessystem og eg sa too much information. 
fredrik og han der fine.
og maja.
og sara og johanne var der óg, fine jentene.
mitt einaste champagneglas som eg er forsiktig med. dette er forsåvidt det einaste bildet av janne.
og joachim. og ole. og sunniva.
johanne snakka om at ho hata meg og han der fine når ho hadde kjærlighetssorg og det var nesten det finaste eg hadde høyrt.
kjærleik.

my friday looked like this.
tysdagseventyr.

i går skulle han der fine ta meg med ut på eventyr. masse eyeliner på og ein prikk sjølvsagt, så ut ut ut.

me reiste til kolonihagen på frogner. der var det så fantastisk fint og koselig. kolonihagen er eit bakeri og restaurant i eitt, og fokus på økologi og dei beste råvarene.
me snegla litt i disken før me fant ut at me ville ha scones og kanelbolle, og shakerato som var kald espresso, omtrent. men veldig godt med litt ekstra vatn i.
<3
etterpå drakk me eplejus som var veldig god men ikkje like god som balholm sjølvsagt. berre nesten.
eg hadde fått lilla kåpa på og drakk jus sakte sakte for det må ein når den er så god.
så reiste me heim, laga den beste tomatsuppa nokon gong med creme fraiche i og ved sidan av: toast med løk, gulrot og sopp. så.godt. så såg me how i met your mother i kanskje tre timar.

my tuesday: j took me out to a café where we had scones and cinnabuns, then we went home to eat home made fantastic tomato soup with toast.
ein kontrastfylt laurdagskveld.

i går pynta eg og han der fine oss, tok trikken og gikk eit lite stykke og vips var me på operaen. me hadde billettar til premieren som var, og det føltes så voksent i magen. eg måtte prøva å holda meg sjølv fra å pilla på veggane berre for å kjenna korleis treverket er. det var veldig veldig fint, og eg gler meg til å gå meir på operaen i haust.

så gjekk me heim og åt veggistaco og såg krim på nrk nett-tv. ein kontrastfylt laurdagskveld, med andre ord. men det kan eg lika.
kva gjorde de? håpar de klinte.

last night we first went to the opera for the premiere and then we went home to eat tacos and watch british crime shows on the internet.
vin&klorin, jenter&revolver

i går reiste eg til linn i gamlebyen. me skulle vaska leiligheten til linn og vaska kanskje ein tredjedel.

da kom heidi og caroline, så me tok pause som varte heile resten av kvelden.

heidi var fin.

og caroline var tøff.

danse litt.

her har caroline ein dinosaur på hovudet, i tilfelle de ikkje såg det.

me kosa masse med biggen, katten til linn. så bussa me til bjølsen og sigrid sin purstagsfeiring.

ho fekk sjå litt i kaleidoskopet eg hadde fått av linn.

og der var muffins.

og blomar.

og chipsringar.

me sang og sittedansa til lionel richie og nittitalstechno.

så erklærte sigrid at ho ikkje skulle vera med ut, men det skulle me! fem jenter og ein taxisjåfør med raudt hår og fregner. sjølv med rosévin i strømpebuksa kom me ikkje inn nokon plass(for eg er berre skarve tjue år), utanom kjellaren på revolver. der møtte eg ei fin blogglesarjente. hei, caroline!

og der var synne.

& heidi.

og dans.

og litt meir dans og cuba libre på det.

ogsåååååå var kvelden slutt og eg gjekk heim for å laga falafel og sussa på han der fine. fin kveld og fine jenter.
hadde de fine fredagskveldar?

my friday evening was a whole lot of wine with a whole lot of girls.
ein mandagskveld.

i går kveld var eg og han der fine hundevakt. her er meg og ei hunderumpe.

av og til ligg ho berre og ventar på at kjolekanten min skal komma langt nok ned.

og om ein plystrar eller syng så vrir ho på hovudet for ho syns me er så rare.

eg hadde briller i håret.

og åt ein klementin. dei er perfekte akkurat no, sure og deilige.

så kom me heim og me laga fruktsalat + vaniljeskyr, som er nytt no. fantastisk godt. (og uten aspartam eller andre søtningsstoff, i tilfelle nokon lurte). og det var den mandagen.

my monday evening. we watched the dog for a few hours and then we went home to eat fruit salad.
søndagskveld.


pin curls. prikkekjole. nydelig fin bok. gamle episodar csi. vegetarlasagne med fetasalat. film. ny te fra le palais des thés. bonne nuit!

my sunday evening: pin curls, a beautiful book, old csi episodes, vegetarian lasagna. a movie. tea from le palais des thés.
litt av ein laurdag gjennom eit solbrilleglas.

i går traff eg fredrik og silje i parken på olaf ryes plass.

frida var der óg, søstra til fredrik. og søstra til janne, anette.

eg bestemte at eg skulle ta alle bilder gjennom eit solbrilleglas. her er markveien.

og himmelen.

på veg heim kjøpte eg med meg ein blome.

så las eg bok til eg sovna.

og han der fine laga graut til middag.

seinare omrokkerte eg på kanskje hundreogfemti ting i leiligheten og var ganske nøgd med det. no er det fint og koselig her, klart for haust og å ha ovnen på(har ikkje skrudd den på enda, skal sei ifra!). me såg film og tok det ganske så rolig for første gong på veldig lenge.
i dag er det søndag og den skal brukast som søndagar skal. no skal eg ut, men i mellomtiden kan de få legga igjen ein liten historie, eg syns det er så fint når de gjer det.

my saturday through my sunglasses, went to the park, read a book, ate dinner and reorganized the apt.
ein fredag.

i går kom sara. ho er så himla fin, for me kan berre jobba på kvar vår datamaskin men ha det hakket finare fordi me er i samme rom.

han der fine laga pizza med ananas og raudlauk og den beste dressingen.

og ruccola.

så kom fullejulie.

og fulleagnes som sølte på buksa si.

me såg i brudemagasin og såg på x-factor og skreik når det var dårlig.

og klipte ut ringar så alle fekk.


agnes vart veldig glad for sin. så reiste alle folka, eg og han der fine såg krim på nrk nett-tv og kosesovna. ganske fin fredag.
i dag er det lørdag og det er eg veldig glad for. håpar de har nydelige helger, alle saman! suss på nasane!

my friday was sara, agnes, julie, my boyfriend and pizza and british crime shows.
første september.

om ein er heldig så kan ein få ein ganske fin september. i går sov eg først superlenge, for eg hadde jobba med søknad til kulturrådet til langt på natt. når me først fekk kravla oss ut sjekka eg postkassa og der låg ei pakke fra paris. med ein pose fra ladurée. og hjartet mitt hoppa og eg hylte litt i gangen.

oppi posen låg ein rull.

ein fantastisk grøn rull med gullfint på.

og det beste stempelet.

oppi låg seks knuste makronar. sånn går det med pakkar av og til, spesielt når tollfolka opnar pakken. men dei smakte så. himla. fantastisk. bitter sjokolade, appelsinblomst, lakris, kokos, bringebær og mint. åh, tusen takk runa!

med posen i hånda gjekk me til grev wedels plass og til kulturrådet sitt bygg. der måtte me skriva under på papir og levera søknadar for å få pengar. til magasinet og til ep'en til han der fine. det føltes fint og viktig.

det var det beste bygget med store fine glas og gamle golv. etterpå gjekk me på café engebret.

me såg på brosjyren som fulgte med, som eg faktisk har hatt lyst på superlenge.

lurer på om eg skal laminera den og henga den på badet så eg kan øva på fransk mens eg dusjar.

på café engebret har dei så fantastisk fine stolar.

og nydelige fine fasadar.

hei fin.

dei har óg koppar med kaffe. som ser ut som vanlige koppar kaffe. men...

...etter litt ettertanke fant me ut at egentlig er dei magiske koppar kaffe.


skjønnar?


det går an å drikka vanlig av dei óg, da.

& om ein er ekstra heldig kan det henda ein blir invitert til ragnhild&jostein seint på kveld.

for kvitvin og to munnfullar bringebær og vaniljesaus.
hadde de fine første septemberdagar?

my first of september started with getting macarons fresh from paris in the mail from a very sweet girl named runa. my fiancee and i went to a café for coffee and conversation, mostly about children and paris and coffee and art. in the evening we drank wine and ate raspberries and custard with j's sister and her fiancee.
to dagar i ein.

mandag var dagen for at han der fine slapp musikken sin. eg spurte han om han ville feira med champagne men han ville heller ha muffins. dei var sinnsjukt gode og med hjarte på papiret.

og eg hadde kjøpt nye kaketruser fra lindex. åh.


sara kom og var fin og glad og stressa, akkurat som ho pleier.

og janne kom og var forkjøla men framleis fin. me las magasin og snakka om vesker me har lyst på som kostar for mykje pengar.

tirsdag sat eg hundevakt for mikla. ho er ganske okei, sett vekk fra at ho er veldig glad i å hoppa etter kjolekantar. me sloss om beinet og går tur og eg må snakka med hundefolk medan ho snakkar med hunden.

i postkassa låg denne fantastiske prikkepakken. den var fra bergljot.

den var fylt med konfetti(og plutselig var senga det óg).

i den låg det drops og plaster og serviettar. åh, så himla fint. tusen takk, bergljot!

eg og han der fine vart supersvoltne og var framleis i feirehumør så me gjekk på cafe di roma.

og åt pizza! dei var himla gode. cafe di roma er kåra til ein av dei fem beste pizzeria i oslo av aftenposten, faktisk.

på veg heim kjøpte eg ei potterose. den er så fin så eg må kjøpa mange fleire.

så jobba eg i timesvis, og plutselig var det ferske rundstykke på bordet og tid for kveldsmat.

med han der fine.

og finaste nydelige sunniva som endelig har flytta til oslo og til og med til bygget mitt. no er det berre trappet som skiller oss og ikkje fylkesgrenser. <3 me snakka i timesvis om viktige og uviktige ting.
(eg vil beklaga på forhånd for veldig framogtilbake-bilder dei neste dagane, eg har lova meg sjølv å fikla masse i photoshop fram til eg får ein jobb)

monday was celebrating my boyfriend's music release with muffins and friends and new underwear, tuesday was dog sitting and pizza and sunniva finally living in oslo.
søndag.

dagen i går starta med elle collections i senga. det er det mest fantastiske stykke magasin eg nokon gong har vore borti. så ufattelig gjennomarbeida. om du har eit snev av interesse for mote vil du elska det.

etterpå tok eg med meg han der fine ut for å gå ein lang tur. me gjekk opp på st.hanshaugen.

og håret mitt står så fint til park og tre.

<3 (det er alltid nokon som spør og derfor svarar eg først: tskjorta til han der fine er fra acne, cardiganen er min fra bikbok, skoa er vintage bruunz bazaar og buksa ein ikkje ser er acne.)

det er fint på st.hanshaugen. eg hadde aldri vore der før, veldig merkelig nok. no kan eg kryssa det av lista.

så gjekk me rundt bislett og ned gjennom høgskulen og til yogurt heaven der me fekk is på deling! og william som jobba der sa at det var mange som hadde gått dit etter anbefalingen eg skreiv her, og det vart eg veldig glad for å høyra.

kaffe og sjokolade. med kjeks og kokos på. den med kaffesmak var så god så om eg fekk velga éin ting å eta resten av livet skulle det vera den. åh. yoghurtis er berre det beste.

me gjekk litt til og plutselig var me i nordahl bruns gate, og der bur jo fredrik+janne+kjetil! så me ringte på og fekk komma inn.

fredrik har fiksa på rommet sitt og det er veldig fredrik.

hei!

her snakkar han om at han må bruka susp på skulen.

kjetil! no har han endelig flytta inn i det finaste kollektivet. med rotter i gardinene og fleire glas enn nokon andre.


fredrik er organisert. foreløpig.

og janne sprang rundt naken men med klede på og var i eit rarfint humør. eg fekk låna litt bøker også gjekk me heim for det var blitt ganske seint og me var svoltne.

så laga eg mat med raude linser for første gong, og det vart supergodt. me laga desse bollane, men med pastaskruar og tomatsaus ved sidan av. absolutt å anbefala. den heimelaga raude pestoen som ein har i bollane er så himla god óg, så god at ein lurer på å laga ein pytteliten porsjon kvar einaste dag til frukost.
(eg er veldig opptatt av kjøttlaus mat for tiden, men óg veldig opptatt av at ingrediensane i oppskrifter eg legg ut her skal vera tilgjengelige for alle(ikkje rart at folk er skremt av vegetarmat når halvparten av ingrediensene er ting ein aldri har høyrt om før). og raude linser får ein jo kjøpt overalt! på vanlige matputikkar og på helsekost, og det gjer ein med resten av ingrediensane óg)

my sunday: reading elle collections in bed, which is the best magazine ever made. then going for a walk with my bf, over st.hanshaugen for a nice walk&talk and then getting fantastic yoghurt ice cream at yogurt heaven, ending up at our friends fredrik, janne and kjetil's apt. then we went home to make dinner and watch dexter.
ein laurdag.
♥ makronar på sebastien bruno og kaffe på kaffebrenneriet med marianne som var himla søt og fin. me snakka om bryllup og foreldre og fisk. så trikka me til grünerløkka og eg fekk ho forelska i frøken dianas salonger.
♥ laurdagsgraut med han der fine.
♥ å skriva ti utkast til blogginnlegg og tekstar.
♥ kanskje fire episodar av dexter, tredje sesong.
♥ og mat:

salat med kesamdressing og urte- og kvitlauksbaguettar.

sugar snaps.

marabou med kokos. åh!! så god.
ganske så fin laurdag, må eg seie. hadde de fine laurdagar?

my saturday: macarons, writing a lot, watching a lot of dexter episodes and eating. pretty much.
den siste fredagen i august.





























vorspiel hos heidi og caroline, innflytningsfest hos joachim med jello shots og masse nye fine og bra folk, strykejernet med maja. min nye rosévinfavoritt(jacobs creek), heimebrent eplevin, twist i ein pose, raud leppestift og å teikna klokker på folk. fin kveld. veldig fin kveld. plutselig var me heime igjen, og dagen i dag har ein merkelig søndagsfølelse over seg.
hadde de fine fredagar? tenk at neste fredag er i september.

friday night, the last friday night in august, was spent partying with nice people i don't know and drinking my new favorite rosé wine. red lipstick and drawing watches on people's wrists. today feels like sunday although it's not.
bjerregaards gt.

i går gjekk eg opp på sankthanshaugen for å snakka om viktige ting og drikka raudvin.

med heidi, kval.

med caroline, actionfilm. kval & actionfilm.

dei laga ein slags smuldrepai som var sinnsjukt ute av denne galaksen-god.

og dei hadde det himla fint på romma sine. heidi likar fisk og kjolar.


og på caroline sitt rom var det mange masker som mormora til caroline har laga.

me såg på flaumorsomme ting på internett.

og eg beundra rosettane i taket.

og me snakka om viktige og mindre viktige ting, som gutar og å vera fotgjengar.

dei hadde på seg matchande sokkar.

caroline er illustratør/grafisk designer og teiknar så himla fint og noko av det får henga på veggen.

og meg i spegelen sin.

med min nye kjole på. den kjøpte eg i går på frøken dianas salonger i markveien og er min nye favoritt. alle eg har møtt sidan eg kjøpte den syns den er superfin óg, og det er jo alltid eit pluss.

så var den kvelden over sjølv om ein skulle hatt fire fleire flasker raudvin og mange timar til. fine jenter, altså. fine jenter.
hadde de fine søndagskveldar?

yesterday i visited kval&actionfilm, we drank red wine and ate cake and discussed important and not so important things.
ein dag som kunne ha blitt veldig fin.

i går våkna eg i ganske så fint humør og fekk med meg han der fine til janne og fredrik for å drikka te.

eg hadde med meg fire posar assorterte pukka-te. elskar elskar elskar pukka.

og me åt kjeks.

og ingen sat i sofaen som voksne folk gjer. dei har fått det så himla fint i leiligheten sin:





<3 vil vera der masse.

så gjekk eg til blomstertorget(etter han der fine hadde reist til hamar for helga) for å kjøpa blomster, kjøpte tre stykk for nittini kroner og på trikken heim vart lommeboka mi stjelt.
ingen lommebok, ingen visa-kort, ingen trikkekort(som var heilt nytt), ingen nihundre kroner i kontantar, ingen kortnøkkel til bygget mitt, ingen bysykkelkort. ingen fine kvitteringar og bilder. hjartet mitt berre sprakk, og etter eg hadde ringt visa for å sperra kortet mitt berre grein eg. i timesvis. på telefonen til pappa og til tv'en. så ekkelt at ein person har åpna veska mi og tatt lommeboka mi, at fødselsnummeret mitt, det einaste som er berre berre meg her i verda, ligg i nokon andre sine hender.
han der fine kom heim med eit tidlig tog og laga egg og bacon til frukost. han er bedre enn meg på sånt. no skal me kjøpa ny lommebok til meg(akkurat no er det ein raud konvolutt med pengelappar oppi), og berre vera glad for at eg har alle lemmar og at han ikkje tok leppestiften eller lakrisen min.

yesterday i woke up in a wonderful mood and i took my boyfriend with me to fredrik and janne's apartment where they had made it their own after our day at ikea. we ate cookies and drank pukka tea. then my boyfriend left for the weekend and i went to buy flowers, and on the tram home someone stole my wallet. the rest of the evening was spent crying and watching tv, my boyfriend came home this morning and now we're going to get me a new wallet and be happy that the perp didn't take my lipstick or my box of licorice. and that i'm ok after all.
ikea-kjærleik i to delar.

okei, så de veit den scena i 500 days of summer der dei spring rundt på ikea og latar som om dei bur der? vel, i går var me på ikea og gjorde det samme:







&:

å våkna i nytt sengetøy med hylleblomstdrikk på pyttesmå boksar i kjøleskapet er noko av det beste som finst.

yesterday we went to ikea and pretended, like in 500 days of summer, to live there. today i woke up in new sheets and with elderberry drinks in my fridge. <3
ofw.

i går gjekk julie på catwalken på oslo fashion week for første gong og eg følte meg som ei stolt modellmamma, hadde gåsehud mens ho gjekk. så. himla. fin.

etterpå åt me middag og gjekk heim til janne og fredrik for å drikka vin. janne var så utrulig fin i marc by marc jacobs-kjolen sin.

og han var fin som vanlig.

sara satt på orgelet med sangbøkene. fredrik har til informasjon den største samlinga av glas eg har sett i mitt liv.

fina fina fina.

me sølte på bordet som vanlig. så var det visningar, barnevisningen var heilt fantastisk men hovudvisningen fekk eg ikkje med meg for eg var så sliten at eg sov. etter visningen kom dei andre heim og me gjekk på fugazi, der etterfesten skulle vera, det var det kjedeligaste eg har vore med på så me gjekk heller på tekehtopa for å ha det fint.

han der fine var anti-alkohol og drakk juice med sugerør. (og smugåt kjeks han hadde i veska) me var i superhumør for han der fine hadde nettopp spurt fredrik om å vera forlover.

<3 (eg er så glad for at han her bur i oslo no at at at.)

fine rosettar i taket. det har fredrik og janne i sin nye leilighet óg, eg er sjukelig sjalu.


janne var uklar i kantane som vanlig, men glad.

og han óg.

og eg hadde regnhår og drakk eit usedvanlig fruktig glas kvitvin. me snakka om bryllup og babyar og heilt useriøse ting som me pleier. elskar.
har de hatt det fint i det siste? føler at eg har forlatt lesarane mine litt, og det kan ein ikkje ha noko av.

yesterday: started with oslo fashion week show for the young designers, where my friend julie walked for two of the designers, i was so incredibly proud. then: wine, fam irvoll's shows and more wine. and a whole lot of wedding talk.
den lengste tysdagen på veldig lenge.

dagen i går starta med fine fine marte. eg, ho og han der fine drakk kaffe på chillout i markveien.

eg fekk frappe, ho fekk mocca. me snakka om glasmanetar og at fiskar har følelsar.

og ho hadde fine knestrømper på.

så gjekk me på vintageshopping rundtomkring, eg fann ingenting men han der fine fant alt.

og til maritaputikken for å rota i kassar.

og ein eller annan stad på vegen møtte me på mariel som hang seg på oss ei stund. det var så himlafint, for eg hadde sakna ho.

maritaputikken.

han der fine fekk seg ny sløyfe.

så gjekk me heim for å gjera ingenting og laga middag. eg laga pannekaker med suksess for fyrste gong i mitt liv, beste oppskrifta.

så kom fredrik med acnekjærleik i ein pose.

salat + fylte pannekaker. med champignon, gulrot, lauk og creme fraiche.

etter middag drakk me screwdrivers og snakka om nye venner og ambisjonar.

han der fine hadde happy socks på.

<3

så kom fine sara som eg hadde sakna så så så masse.

me shotta alt me hadde igjen i mine fantastiske shotteglas.

og gjekk ut. sara og fredrik dansa fra the wizard of oz heile vegen til trikken.

og inn på luna park.





der møtte me opp janne, drakk øl og kosa og snakka om kor mykje me elskar oslo.

plutselig hadde me tatt t-bana og komt oss inn i ølteltet på blindern.

der drakk me meir øl, men dei stengte nesten med ein gang. men før den tid spelte dei don't stop believin' og ALLE sang med og det var heilt fantastisk.

da var det vidare til uglebo.

på doen der hadde dei finaste doane, ein kunne stå i timesvis og lesa på veggane der. åh. elskar sånt.

vips kom åslaug og da var me fire rødhåra rundt bordet.

sara var glad og eg er glad i sara.

fredrik irriterte seg over dj-en i ein time for ho sa ja til alt han spurte om men spelte aldri noko av det. robyn og smiths for eksempel.

og eg var óg himla glad, gladare enn på lenge.

fredrik + mitt hår.

<3

da var klokka masse og veska mi var full av ein skog.

så tok me t-bana og kom oss heim.
no er det fashion week og i dag har julie gått på catwalken og eg fekk gåsehud av å sjå ho. <3 <3 <3 <3 <3

yesterday was the longest day of my life, as you can see.
ein perfekt søndag.

i går våkna eg av at fredrik og janne kom stormande inn i leiligheten. no bur fredrik her i oslo. <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 det gjer meg så himla glad.

eira har sove på golvet hjå oss i fleire dagar og vart med på ryes.

der delte me(eg og eira) ein pistasjmilkshake. så. himla. god.

julie var der og var i eit fint humør, som de ser.

om ein skal ha mat får ein sånne fine kort med damer på.

etterpå gjekk me på birkelunden, der eg og han der fine kjøpte ei blå kasserolle fra himmelen.

så gjekk me heim og eg laga middag. salat.

+ ovnspannekake med lauk. så himla god, og himla mykje anna ein kan gjera med sånne ovnspannekaker.

mums. så vaska eg og rydda heile leiligheten og det var skjønt å endelig føla at ein har komme heilt tilbake.
(okei, oppskrift:
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
6 dl mjølk
3 egg
2 lauk
2 raudlauk
1 purrelauk
finstrimla skal av ein halv sitron eller appelsin
olje, salt, pepper
sett ovnen på 200 grader bland: mjøl, salt(ca ei halv teskjei) og bakepulver. hell oppi mjølka(burde vera lett eller heilmjølk, ellers har den vanskelig for å stivna i ovnen) og egga og visp. hakk opp lauken, raudlauk og lauk i båtar og purrelauken i skiver. steik lauken mjuk i olje. smør ei langpanne(eller ei kakeform, som me gjorde). ha oppi lauken og røra og steik i ovnen i 20 minutt)

kveldsmat: knekkebrød med brunost. elskar elskar det. følast som å sitta på kjøkkenbenken medan pappa lagar mat.

så fekk me pusøk med fine sokkar.

janne + fredrik som kom for å sjå film.

og drikka te. me såg bridget jones på randen og lo. og snakka meir om kor fantastisk det er at fredrik bur i oslo no.

så åt eg og han der fine appelsiner og såg beck på tv2 sumo. himla finast søndagen.
hadde de fine søndagar?

my wonderful sunday.
ein dag utan føter.

han der fine kjøpte cover for meg, eit av mine absolutte favorittmagasin. det irriterar meg at danskar er så mykje flinkare enn nordmenn på magasin.

så farga eg håret litt raudare.

han der fine laga middag med raudbetar i. da må ein ha på seg handskar.

så scanna eg hundre bilder og laga frukostblanding. + yoghurt naturell + vannmelon + eple = så. godt. + krim på nrk.

eg og han der fine spelte kort i sikkert to timar.

han tapte tusen gongar men var fin fordét.

og veldig eksperimenterande på kaffefronten.

så mange gongar vann eg. + 3.

og det var den kvelden.
hadde de fine fredagar? eg var så trist for at eg ikkje fekk sett robyn på øya, skal definitivt få billettar til konserten i oktober.

my friday: i tried to stay inside the whole day because i injured my foot the day before, so this is what i did: read magazines, watch my boyfriend make dinner with beets, i made cereal and ate it with yoghurt, watermelon and apple. <3 then we played cards and he lost almost every time.
siste dagar i sogn.

dei siste dagane i sogn har vore eplejus+bris+sitron på papir så ikkje det gamle teak-bordet skal få flekkar.

og film i stova.

og pusøk fra pia og oda som kom heilt fra sogndal nesten berre for å sei hei.

og eta bringebær.

og mango.

og plutselig er håret mitt blitt så himla langt at eg nesten ikkje forstår det.

eg og han der fine har spelt kort i senga med dei finaste korta fra ungarn. dronningane er finast.

mamma og pappa kom på middag på tirsdag.

me åt fylte paprika.

og grønn salat. og masse deilig grillmat.

og meir bringebær til dessert. dei er store som nasetuppar.

og hund under bordet.

og ein svipptur til bestemor som aldri vil forklara korleis ho får den fine vippen i håret.
no er me i oslo etter den kortaste nattbussturen nokon gong, me ryddar og vaskar og opnar post og fiksar og triksar og snart er me tilbake i vanlig oslo-tilstand og det er himla fint.

the last days of summer in the country: pia and oda coming to visit, eating a lot of raspberries and other good foods, my parents came for a bbq and fell in love with the puppy, i went to visit my grandmother and now we're finally finally back in oslo.
hundepassar.



eg er hundepassaren. eg les ei side i boka, er hundepassar, malar ein glaskarm, er hundepassar, lagar lunsj til meg og han der fine, er hundepassar, bloggar, er hundepassar, søv, er hundepassar. men tenk kor himla fint å få vera rundt eit sånt garnnøste heile dagen lang. eg og balder er bestekompisar, og han syns at photo booth er noko av det morsommaste. i dag kjem mamma og pappa og søster på grilling hit, og i morgon reiser me på ein buss til oslo. som eg gler meg til å blogga om park og vin og fersk mynte igjen. men eg kjem nok til å sakna balder himla mykje.

i'm with the dog. all day long. but who would mind, with a pretty face like that?
hundedagar&hæjimealæinefestival

hund. her ved jostein, svoger. dette er forresten mikla. ho har kjempekvasse tenner og er rampete, men er så inderlig skjønn.

hund.

hund, her ved ragnhild.

hund i bur. balder.

empanadaslaging i ein fei før ladies detective agency no.1. det vart delvis suksess med heimelaga butterdeig. (men den oppskrifta får de ikkje for eg har lova meg sjølv å kun legga ut kjøttlause oppskrifter framover.)

og eg rakk akkurat å sleika bollen!

så! reiste dei fleste til fjells, det vart endelig hæjimealæinefestival som sjølvsagt hadde eigen plakat med følgande plan:
1. mufins
2. pæle
3. male
4. bamsespil
5. tiater
6. is
7. film
8. kafé
9. (bilde av ein stein) i elv
10. bade
11. helikåpter

delegasjonen: bestemor, tante ragnhild, tante mariell, tiril, sigurd, balder, mikla. den første kvelden åt me is og såg aristokattene, min favoritt. dagen etter laga eg og tiril mufins, det gjekk reserfort.

mufinstanteutensminke-mariell og mufinsmedfintforkle-tiril.

så leikte me tiater mens muffins vart steikt i ovnen, for sviger/bestemor hadde kjøpt så fine dokker som ein kunne leika med. eg var trollman og litt bestemor.

så var mufins ferdig, nokre store og nokre små og dei åt me blant anna på kafé. resten av festivalplanen vart stort sett utført plettfritt, og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur.
kva har de drive med den siste veka? det siste døgnet har vorte brukt på bloggdesign, og å senda avgårde tekst til bergens tidende som skal i trykken på søndag, veldig spennande og fint. om du bur i oslo: dei sel bergens tidende på den narvesen ved brugata(ikkje på gunerius, men den over gata for ark). eg er i alle fall veldig spent på resultatet.

some pictures from a week in lærdal, a whole lot of dogs and playing in the backyard, empanadas for ladies detective agency no.1. then almost all the grown-ups went for a sleepover-hike in the mountains and those of us who stayed behind organized home alone-festival number one. we watched disney films and made muffins and threw rocks into the river.
balder.




i dag fekk han der fine sine foreldre seg ny hund. han er ein toller, og me trur han heiter balder. han ser ut som eit brunt fint sukkerspinn og så mjuk er han óg. han vil helst tygga på gyngestolen og slåss med søstra si(som søstra til han der fine har) og snublar litt når han spring. åh. dør.

two new puppies! one for j's parents and one for his sister+fianceé. so cute.
sommar.

å bu i eit hus der huset knirkar og vatnet aldri blir varmt i dusjen.

å ligga i senga til langt på dag med ei bok som er himla fin.

å føla seg himla liten i forhold til bildene på veggane.

å lesa nydelige bøker.

å eta seine frukostar utan å tenkje på klokkeslett eller tjue minutt eller varmegrader eller noko som helst.

å gå på kafé i dokkestova.

å spegla seg i kaffekanner.

å prøva nye oppskrifter, som desse paiane, som de skal få oppskrift på før de anar det.
kva er din sommar?

my summer this far: reading in bed, making new food, staying in an old house with squeaky floors.
det var ein gang i ein skog...

at ein kjæreste.

og ein pappa.

og ein hund oppkalla etter ei rockestjerne.

dei speida milelangs og flytta på blad og gras for å finna det dei var ute etter.

sopp så gule som prinsessehår.

og dei fant posar fulle sjølv om det var juli. så gjekk dei heim, steikte dei og såg ein film og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur.
no stikk eg på hytta ein tur! åh, sommarsognogfjordane altså. <3

yesterday we went to the woods to find mushrooms and we found a whole lot of them. now i'm going to my family's house in the mountains.
blondesløyfer og heineken.

i går skulle trine marie komma på middag, og eg skjønte ikkje kvifor ho ringte på døra men det var sjølvsagt fordi ho hadde armane fulle med denne boksen.

ho hadde laga ein "brur- og bryllaupsboks" til meg som var full av fine greier.

for eksempel smertestillande til etter utdrikningslaget.

for eksempel ei flaske vin og ei fin sløyfe.

ei krukke full av m+j-sjokolade.

brudemagasin som var så himla fine, eg ville riva ut annakvar side og lima inn i ei bok.

kakeinspirasjon.

drinkinspirasjon.

me åt verdens beste vegetarlasagne, så laga eg cuba libre til oss + han der fine, som óg hadde komme.

me snakka om bryllup og om forhold og om reise.

og alt anna som me alltid gjer.



og eg var der óg.

fjella passa på oss.

og sjølv om det vart kjempeseint vart det ikkje kaldt eller mørkt men ein kunne alltid sjå mønster i skyene.

så fulgte me trine marie heim og plukka denne på vegen, og det var den laurdagen.
hadde de fine laurdagar?

my saturday night began with my best friend coming over with a box filled with wedding things, magazines and painkillers for my bachelorette party, pukka love tea, chocolates with our initials on them, a bottle of rose wine, those kinds of things. she's such a good friend. then we drank cuba libre and talked about relationships and life, as per usual. on the way home(we, j and i, followed her to her house) we talked to cats and picked a flower for my mother.
dagar med rosemønster på.

i går ankom eg lærdal med han der fine(som bur her), sara og julie.

me flytta inn i det gamle huset der ingen har budd på mange mange år, og det var kaldt og dei lo litt av meg fordi eg var mørkeredd og skvatt av kvart minste knirk. (men egentlig gjorde dei det óg) sara las høgt til oss fra boka si og ho har faktisk den mest perfekte lydbokstemma nokon gong.

eg og julie dansa og svømte og han der fine spelte telephone på det gamle sure pianoet.

og me las i store gamle nynorskordbøker for me prøver å finna eit artistnavn til han der fine.

og sara låg med heile kroppen under teppet og me snakka om ånder og mormora til julie som går igjen i huset og som virkar som den søtaste dama nokon gong.

<3

så la me oss med latterkrampe.

og eg snegla litt på arvegods som er så fantastisk.

i dag vekte fredrik meg med telefonen, så da stod me opp.

eg steikte egg og var husmor til tusen.

i mellomtida stirra dama på oss.


sara spelte sangen ho kan på piano på piano.

og eg var i spegelen.

så vaska me opp alt det nydelige som finst i skapa her.

og gjekk til busstoppen, for dei skulle tilbake til oslo og eg ville aldri at dei skulle reisa men berre vera her og leika familie med meg for alltid.

på vegen heim kjøpte eg ei korg med dei beste jordbæra i verda. eg gjekk over jorda og brant meg på brennesler og mista mobilen min og reiv opp strømpebuksa på piggtråd, ganske dramatisk.

alle bæra vart til fire bitar kvar.

og jordbærflekkar på skjørtet.

og eg måtte låna ein kopp med sukker fra huset til svigerforeldrene mine, for me har ikkje tørrvarer i dette huset enda.

eg åt dei med melk, sakte, medan eg såg ut glaset etter bilar som ei gamal dame ville gjort. så vaska eg opp, kokte jasminte og las ei bok som eg elska i fjor sommar.
til å mislika sommar så mykje som eg gjer, er det fint og rart at juli som regel er ein av dei finaste månadane i året, med fine folk og fine nye kjensler i magen.

yesterday we arrived in lærdal and moved into the old house on my boyfriend's family's property(it has been unlived in for decades, i think). it was cold and creepy at times but we managed. today sara and julie left though i didn't want them to and i ate a whole basket of strawberries all by myself.
bursdagsrus med voksenbrus.

kvelden i går starta med to og ein halv kilo lime.

til cosmopolitans, sjølvsagt.

og skikkelig jentesminkestund på badet med os av hårspray og stødige eyelinerhender.

eg laga litervis med cosmopolitans, og me sendte rundt mugga med sugerøyr i og ingen var redde for herpes.

og jonas hadde fått fint kvitt hår sidan sist og eg måtte bruke kanskje fire hassebladrammer på det.

<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3




og dei finaste bildene av sara i verda.

og eg snakka med pappa på telefonen ute på terassen og ødela kanskje sju blad.

og folk fekk cosmos med éin gong dei kom og det virka.

fredrik holdt tale.

så åt me og sølte på papirduken.

og julie dansa.

og litt meir.


christine hadde på seg ein kjole ho har sydd sjølv og alle var heilt i hundre for den var så fin så den fekk eit par hasselbladruter den óg.

og copper var på vakt og passa på så ingen skada seg eller tulla seg vekk fra resten av flokken.

og på verandaen oppe snakka me om kjærleik og om knuste hjarte og fredrik las eit dikt som fekk oss til å bli grinejenter men det var nesten det finaste.

også tok me finaste familiebildene.

og dette får vera med kun på grunn av fredrik.

<3 <3 <3 <3 <3 <3



og janne var gull&glitter og så himla glad.

her snakka han om kor skeive tær eg har. ser ut som han les fra ei jane austen-bok, liksom.

janne+meg.

sara+meg.

og alle hadde pynta seg og var så himla fine og det var lov til å spela favorittsongane sine to gongar på rad.

og sara kom for å legga seg i senga med meg og me såg gjennom takvindauget og snakka om sånt som ein snakkar om når klokka er tre og kvelden har vore himla himla fin.
eg har dei finaste vennene som finst.

yesterday my best friend fredrik celebrated his twentieth birthday by making everyone dress up and drink cosmopolitans(made by me and a whole lot of lime), meeting new people and taking a lot of pictures with my hasselblad.
førde i korte ord.

pai.

salat med altfor masse pepper og kvitlauk.

fine sara som fargar hår om ein spør fint.

sitronpaiar som passar i håndflata.

christine som kom i bil og vin+farris som er den nye greia.

snakk om absolutt alt som finst.

blomar fra hagen.


og å ta hasselbladbilder av fredrik i elva.
i dag har fredrik purstag! sei gratulerar med dageeeeen!

my days in førde in short: pie, salad with a lot of garlic, sara colouring my hair, little lemon pies, christine, wine+water, talking about everything, flowers from the garden, photographing fredrik in the river with my hasselblad.
kjærleik.








medan eg er i førde og pleier kjærleik med fredrik og sara, får de sjå på den finaste bildeserien av hedi slimane imens. den får meg til å berre villa ta svartkvitt bilder av unge folk resten av livet. i dag har eg kjøpt lime for over hundre kroner. i kveld er det pai og frøtsj. imorgon blir det hasselblad, bøtter med cosmopolitans og nydelige folk.

pausing with these photographs by hedi slimane while i drink wine and cosmos and have deep conversations in the back of closets.
siste oslodag.

siste oslodag var pakking og rydding fra start til slutt. me kasta blomar som såg ut som dei var på veg til å dø, vaska krikar og krokar og resirkulerte alt som resirkulerast kan.

han der fine laga middag som heitte "alt me har i kjøleskapet". det var svære rigatoni med pesto laga av ruccola, kvitlauk, creme fraiche, pinjekjerner og olje. og tomatsaus med lauk.

pluss lauk steikt i creme fraiche. så fantastisk godt. så endte me framfor svt1 som sendte grey gardens, sidan eg enda ikkje hadde fått sett nyproduksjonen med drew barrymore og den gamle versjonen faktisk er ein av mine favorittfilmar. og -historiar.

så ringte hedvig og sa "jeg er utenfor!!!" så da sprang me ned også til daqota.

hei hedvig + han der fine.

ute var klokka nesten elleve men det var så lyst fremdeles.

daqota hadde pussa opp og fått tom waits på veggen.

me snakka om skule og om italia og om paris og om framtid og leilighetar og kor fint det er med venner som får ein til å le.

han der fine drakk milkshake.

og smakte godt med milkshake på overleppa.

eg og hedvig drakk øl.

og eg prøvde å treffa nasen med tunga men fekk ikkje til.

og var sliten og lei av å håndvaska sokkar. men eg og han der fine holdt ut heile natta og klokka fire kom bussen.
har de det fint heime i noreg? hadde det kanskje vore gøy med ein konkurranse med fin premie medan eg er vekkreist?

my last day in oslo(i'm in hungary now).
ein onsdag i bruddstykke.

ein onsdag starta med å ta bilder til lokalavisa. kjolen eg har på meg er ny og skikkelig meksikansk fiesta-kjole.

og fortsatte med å laga min første frukostblanding, og det var superenkelt og så godt at ein ville eta det til frukost lunsj middag dessert.

han der fine kom heim med blomar til tjuefem kroner.

også gjekk me på bistro brocante.

for å drikka vin og feira forlovelse med ragnhild og jostein(kjærestesøster og kjærestesøsterkjæreste).
og det var ca den onsdagen. og i dag er det torsdag, min pappa har purstag og det er vår siste oslodag på lenge.

yesterday: taking pictures for a local newspaper, making my own cereal for the first time, he came home with cheap flowers and then we drank wine at bistro brocante.
lomper & peonar & kyss & polaroid & iste & wok & poirot.

laurdagsfrukostar er dei beste, spesielt etter ein har vore i senga i ekstra to timar berre fordi ein har lyst. no for tida et eg lomper med philadelphia, agurk, paprika og lauk(anten raud eller vår). og iste fra palais des thes. og eplejus(elskar at lerum skriv jus). og ein fersken.


etter frukost hoppa me på eit tog til hauketo for grilling med familie. bestemor var i byen og da må ein sjølvsagt sei hei. når me kom heim var det blomar utanfor døra, fra ein lesar som ville sei gratulerar med forlovelsen. herregud, folk er så fantastisk fine. takk, maria!

han der fine starta på pizza, raud saus + ananar i tynne tynne skiver + persille/koriander + mozzarella + valnøtter.

jenny kom og me snakka masse om film, eg skreiv ei lang liste og ho fekk låna kanskje seks.

pizzaen var fantastisk, han der fine er så flink til å laga mat så ein bør vurdera å leiga han ut.

og jenny hadde med dessert i form av smågodt.

og etter jenny reiste var eg så trøtt og litt lilla.


dagen etter tok eg og han der fine bilder av kvarandre på veg til cafe di roma, der me skreiv postkort på dei finaste bildene som finst nesten.


hei, her er eg.

han der fine fekk iskaffi og eg fekk iste og irriterte meg over kor små glas det var.

hei, fin.

så gjekk me til ein grønnsakshandlar også inn på chillout for å sjå på reisebøker om ungarn, og det viser seg at kjellaren der er den finaste så dit må me igjen gå ein dag snart.

eg hakka grønnsaker og steikte kjøtt.

og valnøtter og koriander.

og steikte eggnudlar. dei er så fine som små knyttnevar.

så vart det ganske okei middag.

så tok me tre polaroidbilder ute før me sprang inn igjen til poirot og kveldslomper.
hadde de fine helger?

this was my weekend! long breakfasts, getting flowers from a reader, having jenny over for pizza and mad men(and candy), diana polaroids and ice coffee and tea, wok and poirot.
limeøl, idiot & sopp+bacon

i går på veg heim med kofferten min på trikken sendte eg melding til janne der eg skreiv "ås to i osjlo?" og sånn vart det så da kjøpte me to øl og gjekk i parken.

janne kjøpte nektariner og eg var sur for at ferskenane ikkje er heilt topp enda og at dei mest sannsynlig kjem til å vera på sitt beste medan eg er i eit anna land og eg veit ikkje korleis ferskenane er der og det er stort sett det eg tenkjer på for tida.

eg hadde meg meg mine nydelege spelekort. eg fant dei i amsterdam i fjor og dei var det vakraste eg hadde sett.

janne ville mest springa bort til dei som trena rett ved sidan av og såg heilt lengselsfull ut i ansiktet.

me spelte idiot og eg måtte lære janne om igjen men etter kvart skjønte ho.

etter kvart kom sara, ho hadde med litchi.

og pomelo.

litchi er skikkelig fin frukt sjølv om dei av og til ser ut som små foster på innsida.

sara filma til ei sommarskuleoppgave og hadde fin englandskjole på.

eg var sjølvsagt glad. så kasta eg og sara janne heim og gjekk på ica for å kjøpa inn til middag.

eg lagde fantastisk fantastisk middag og eg skal legga ut oppskrift altså. det var det beste eg har smakt.

så prøvde eg å redda basilkumsplanta vår, me såg på ting eg har klipt ut fra magasin den siste månaden og snakka om at me ikkje kjem til å sjå kvarandre att før midt i juli.
i dag er det onsdag og det er den beste dagen i veka.

yesterday: fruit and beer and cards in the park with janne and dinner with sara.
å vera heime=




å drikka seg fin på vin med min beste venn og snakka om alt her i verden(blant anna frustrasjonen over kvifor folk berre ikkje skjønnar at me har rett alltid), gå på tur midt midt på natta når det er lyst som om me var aleine i heile verda.

å baka gulrotbrød med ny oppskrift og eta som burger med syltetøy og ost.

å eta seg farlig mett på mamma sin fruktsalat.

å reisa ut på hytta for å ta bilder av romma.

og av bestemor(tok med hasseblad så dette er eit lystestbilde, hih).

og det er så fint der så eg kunne gjerne budd der ein månad eller to. kanskje for å skriva bok eller berre fotografera.

eit bilde av bestemor. finast finast finast. åh. me bladde lenge i album med gamle krøllete bilder og ho fortalte.

+ karbonadar og egg før me reiste heim igjen. fint heime. men fint i oslo óg, altså.

my weekend at home looked a lot like this.
ein time.

i går gjekk eg og han der fine hand-i-hand ned til sentrum for å framkalla film.

han var kjekk som vanlig.

så da fekk han ein suss.

etter me hadde levert film hadde me ein time å slå ihjel, så me gjekk først på uff der eg skulle leita etter skjørt men kjøpte ein kjole istaden. den har prikkar på og den raraste kragen.

etter det gjekk me på bare jazz. der var det lite folk for det var så tidlig og det var himla deilig.

eg og han der fine er fattigluser akkurat no, så me kjøpte ein kaffe på deling som var altfor sterk for meg så eg fekk vatn istaden.

han der fine likar sterk kaffe så han var fornøgd. eg fekk melkeskummet med brunsukker i.

me snakka om sløyfejenter(det er det de heiter, jenter som les bloggen. som kviskrar og peikar og smiler ned i skjerfet når eg går forbi) og om at eg ikkje likar teikneseriar utenom wulffmorgenthaler og sølvpilen. så henta me film og gjekk heim igjen. finaste kjærestetimen altså.

yesterday my boyfriend and i spent an hour together while waiting for my films to be developed.
koriander og peppermynte.

min laurdag starta med å levera første hasselblad-film til timesframkalling. så hadde me ein time å slå ihjel, så da trikka me til nationaltheateret og den beste godteriputikken i oslo, sharon's sweet shop. der fylte me ei bøtte med finast snop og hoppa vidare til tronsmo for å sjekka korleis det stod til med magasinet. det er ti eksemplar igjen, og dei ligg ganske fint til, det er berre å spørja etter hjarte-magasinet også finn dei det.


så gjekk me til anti-sweden for han der fine skulle prøva bukser. dei har så kule lokale.


på veg til oslo city hoppa me inn i ein bakgård der det vart spelt indisk musikk, og eg tok bilder og tenkte på at eg burde jo bli streetstyle-fotograf, liksom. hihi.


eg hadde impulssnurr i håret og var ganske glad med regnjakke på.

me gjekk til asian food market og måpte og prøvde å finna ut kva ting var, men det er faktisk umulig.

men dette forstår eg: ei pakke med peppermynte for ti kroner. kjærleik.


han der fine plukka meir fornuftige ting til middag og ho i kassa lo av oss og var søt.

på veg heim igjen var det grønt og grått samtidig. her er forresten snarvegen min, til dei som har spurt. ca midt på den stien der ringte janne meg for å spørra om eg ville på kafé og det ville eg jo.

me satte oss på café di roma som eg aldri har vore på før og ikkje janne heller.

eg fekk iskaffe av janne. den var supergod og eg ville at glaset skulle vera dobbelt så stort minst.

janne kjøpte iste som óg var god.

janne var laurdagsglad og hadde kjøpt nye ting fra lykkekontoen sin. ho har nemlig ein konto som ho setter over ein viss sum pengar i månaden som ho får bruka på ting som gjer ho glad. er ikkje det fantastisk?


eg var iskaffiglad og demonstrerte helly hansen-hette. det regna skikkelig og me måtte nesten springa heim.


hadet janne og hei han der fine, me starta laurdagskvelden med å eta peanut butter cups med kvit sjokolade(fra sharon's sweet shop) og dei var så gode at me berre vart ståande og sjå på kvarandre mens me åt dei. om det finst nokon lesarar i amerika: send sånne!

så laga eg peppermyntete med fersk peppermynte og det var fantastisk.

han der fine laga korianderpizza som me hadde fantasert om heile fredagsnatta. med så masse gode greier på.

pizza i ovnen og enda meir koriander til dressingen. å som eg elskar koriander.

pizzaen var så fantastisk god og me såg mad men og glee til maten.

så impulsbestemte me oss for å drikka vin.

så da gjorde me det.
hadde de fine laurdagskveldar?

my saturday: developing my first hasselblad film, going to sharon's sweet shop(love that place), taking pictures in an indian alley, asian food market where we bought herbs and other things, drinking ice coffee with janne in the rain, reese's peanut butter cups with white chocolate(love love love them!), fresh peppermint tea, coriander pizza, mad men, glee and cava.
dagar i bergen.

på kafé med eira tysdag. me var på chillout og snakka om følelsar og kreft. rart med det.


på veg til sjukehuset tysdag kveld, med ballongar i baksetet.





på sjukehuset i dag, med ein fin pappa som til og med er oppe på føttene og kan nesten ikkje få gått nok.
håpar de har hatt fine dagar og at de ikkje er triste for at kjole- og makronmariell er litt på ferie. ho kjem tilbake snart, lovar. (og eg veit at det er teit å ha dårlig samvittighet for sånt, men unnskyld til alle dei som har helsa på meg for at eg har vore så himla fjern, eg har berre vore så sjukt sliten i hovudet dei siste dagane. suss.)

my last days in bergen: café with eira, balloons in the backseat and at the hospital with my father.
god morgon.


i går var ein lang tung dag, først på sjukehuset i mange mange timar og dårlige nyheter og æsj og fysj også shoppingrunden fra helvete der eg berre måtte kjøpa meg noko nytt, så eg kjøpte meg ein prikketopp(den blir fin å ha til skjørt i sommar) og følte meg mest shabby i heile verda og unnskyld til deg som sa hei om eg virka lite engasjert eller noko, det var ikkje meininga! akkurat i denne stund ligg pappa på operasjonsbordet og eg skal snart inn til byen, gler meg så innmari til å sjå han i kveld når han våknar fra narkosen.
(eg bloggar fra ein pc, så om dette innlegget ser rart ut er det derfor)

right now my father is in the or and i can't wait to see him tonight.
ein iphone-søndagsdate.

søndag møtte me opp jenny og daniel, og etter eit pyttelite loppemarked gjekk me til ryes for å drikka milkshake. og eg hadde ikkje med meg kamera til fordel for diana og notatbøker, så det fekk bli iphone desverre.

jenny var fryktelig fin i sitt lørdagsantrekk.

han der fine var frykteleg fin óg.

me las om jon fosse og lo litt av kor rar han er.

eg drakk pistasjmilkshake og det var den beste milkshaken eg hadde smakt, som å smaka på ei grøn sky. han der fine og jenny drakk sjokolade og den var óg supergod! og resten av min søndag var film med anna friel og finaste kjæresten før eg flaug i veg til bergen morgonen etterpå, som var i dag.
ryes
sofienberggt.(samme kvartal som palais des thes, nederst i olaf ryes plass-parken)

my sunday included going to ryes for excellent milkshakes.
ein laurdag.

min laurdag starta med all bran-frukost, vinmonopolet, eyelinerkjøp, maritaputikken, grautmiddag og pilates+dusj. så utvikla den seg til noko heilt anna.

eg var fryktelig fornøgd med min nye eyeliner og lime crime-leppestift herfra.

så kom janne og eg laga mat og miksa drinkar og vips!

cosmopolitans(fantastiske, det blir min nye favoritt) og salat med minikikertburgarar, halloumi, raudlauk og kardemommekesamdressing. så. himla. godt!

janne hadde med blomar ho hadde plukka på vegen.

og han der fine var glad som ein bør vera på ein laurdag.

og meir cosmopolitans og nede ser ein vårt nye salatbestikk som eg elskar.

lime i auget-glad altså!

og janne hadde på seg sløyfe med hårnett.

og skyskjørt.

og eg pakka proviant i veska også for me ut eit par timar!

& såg film! sex og singelliv 2 og eg elska den og eg skjønnar ikkje kritikken den har fått og eg ville at den aldri skulle ta slutt og vart berre så glad av den. etterpå reiste me heim til oss for meir drinkar.

han der fine hadde fått skjorte og sløyfe på men sløyfa var borte.

og janne var ein katt ei stund.



solo + vodka citron + lime = <3.

så fekk janne endelig reisa heim etter ho hadde teikna noko på golvet.
hadde de fine laurdagar?

my saturday was a bit of shopping, doing pilates and trying on new make-up. cosmopolitans and sex and the city 2 in the evening, and more drinks after. love it!
inside an old house by the seaside you can take off my blouse

i går var han der fine ferdig med eksamen, så da bestemte me oss for å berre vera superkjærestar ein heil dag. me kjøpte mat på lille asia og satte oss i kubaparken under eit tre.

me høyrte på fine spelelister på spotify.

og eg fekk opna første last fra min nye fantastiske sponsor kipekee. (dei har forresten dianakamera og er såvidt eg veit den einaste norske nettputikken som sel diana)

eg hadde med meg mykje rart, nye magasin og vifte fra riktige leker(elskar den putikken), og diana sjølvsagt.

så eg låg i timar og såg på bilder av freja beha.

og las intervju med casey mulligan.

og bilder av folk som kyssar.

og beth ditto.

han der fine las fin bok.

mens eg såg mykje smartare ut.

så sprang han iveg og kjøpte is. fina.

eg fekk pære for den er min favoritt.

<3

og eg hadde med konfetti óg så plutselig var det overalt.

og på teppet.

og over oss var det som ein jungel uten like.

og finaste vifta gjekk fort fort fort.


og me prøvde å blåsa...

...men fann ut at me blåste motsatt veg og at det kanskje var derfor den ikkje snurra.

så kosa me og lo veldig høgt og forstyrra alle andre. så gjekk me heim. fantastisk fin parkdag.
forresten: de har vore heilt fantastiske til å kommentera i det siste og eg set så inderlig pris på det. det varmar skikkelig i magen og i skrivefingrane. suss på nasen til alle finingar.

our first day in the park was chinese food, diana f+, reading magazines, cuddling and laughing and almost eating confetti.
juni



bileta er linka
læra meg å eta pasjonsfrukt på ordentlig
lesa ut dei to bøkene eg har begynt på
jobba med magasin nummer to
endelig få reisa til bergen igjen
eta jordbær og melk til frukost
kanskje reisa til stocholm aleine
ta mange diana-rullar av krøllesoving i parkar, syriner, bekkar, nakne ryggar og junismil
sykla meir bysykkel
kyssa. mykje. ute.
gå på oppdagelsesferd i min eigen by
grilla
gå på piknik
selga magasin i ein park
ha fest på taket og plutselig er klokka åtte om morgonen og alle kjøper bagels til frukost og sovnar på ein grasflekk
kjøpa og fiksa nye kjolar som funkar i land som er så varme at ein må springa fra skyggepunkt til skyggepunkt
pakka ein koffert med mange bøker og litt klede og gjera meg klar til å reisakorleis blir din juni?

i want my month of june to be like this: bbqs, parties on the roof, kissing outside, taking a lot of diana-rolls, go on picnics, learn to eat passion fruit, going to bergen and maybe to stockholm and getting ready for the trip i'm going on in july. images are linked to their sources.
opptil fleire fine ting som kan skje på ein mandag.

kjelde
å våkna midt i rommet
å eta rista nybakt brød til frukost
å ta på seg nyvaska, varme strømpebukser
å kjøpa ei pakke med ti makronar fra sebastien bruno og eta halve i slottsparken
å gå forbi eit lite bakeri med så fine brownies at ein tenkjer at eg og du skal bli fine venner ein gong
å gå i ei gate og plutselig innsjå at absolutt alle rundt ein snakkar fransk for så å innsjå at ein går forbi ein fransk barnehage og barneskule og da plutseleg sakna paris så inderleg mykje at det slår pusten ut av ein
å gå på fredelig demonstrasjon med fine folk og få frysningar over heile kroppen mange gongar av heile stemninga og fine talar
å innsjå at ein klarte å stå i ei enorm folkemengd i ein time(eg var heilt sikker på at eg vart nødt til å gå heim, men eg klarte det)
å kjøpa ny marimekko-perm til nye inspirasjonsbilder, sidan den andre var full, og tusen plastlommer og arkiveringssystem til enkeltmannsforetaket eg skal starta
å gå heile vegen heim, finna nye restaurantar ein vil prøva og stoppa for å lukta på syriner og andre rare vekster
å eta wok i sofaen og drikka ein liter med vatn fordi det var så sterkt
å dra sofaen heilt inntil pulten hans for å sjå beck på nett-tv
å snakka om sjelar og energi til ein sovnar midt i ein setning
kva med deg?

my monday was so nice: ten macarons in a box and a peaceful demonstration for palestine, wok for dinner and a lot of love.
mi helg har vore.

å gå ut tidlig ein laurdagsmorgon for å kjøpa rundstykker, dagbladet og plukka syriner aleine(han der fine lar meg ikkje egentlig plukka dei så da må eg gjera det når han ikkje er med).

å eta ein enorm og fabelaktig laurdagsfrukost med alt me hadde lyst på.

å møta julie(og ha på meg den finaste nye gamle regnjakka som de får sjå ein anna dag) og reisa på eit loppemarked langt uti hutta.

små fine funn på loppemarknad.

også møta han der fine for å hyperfort pakka og springa opp på alexander kiellands plass.

å synast han er fin i sine nye sko, også køyra med kjærestesøster og kjærestesøsterkjæreste til hamar for mgp-weekend hos kjærestebror og familie.

å laga figurar i plastelina(ikkje eg, eg er virkelig ikkje flink til sånt, fekk ikkje eingang til å laga ein sitron).

å setta opp telt i hagen(der eg ein gong for alle(igjen) vart utnevnt til den praktiske av meg og han der fine(han vart ikkje invitert eingong).

å endelig få tid til å lesa heile avisartiklar og reportasjar utan magasinangst i magen, men heller idéar som kjem som markjordbær på ei snor om dagen.

champagne og skål for mgp.

fantastisk pizza som aldri tok slutt.

mgp-kaos og poenggiving. eg heia på tyskland og frankrike og boikotta israel så da gikk eg fra bordet.

så sov me i telt den natta, eg og han der fine, me måtte ha hendene nedi soveposane for dei var så kalde så me sovna med pannene mot kvarandre for det var det einaste som gjekk. når me våkna i dag tidlig hadde han krøller ved øyrene og var det finaste i verda. som vanlig.


før frukost: krittkvitt hår og eplehender.

og ein før frukost-dans.

til frukost: den nye sunniva-juicen med appelsin, drue og bringebær. godkjent.

disney-nattkjole og nys ved bordet.

lang og herlig frukost med tusen typar pålegg og kaffe og egg(ein lærer å setta pris på det når ein ikkje har så mykje pengar å bruka på frukostar).

så var det tid for utflukt: domkirkeodden. me sat mest ved vatnet og skyene såg ut som maleri.

det vart kasta kanskje eit par hundre steinar og eg og tiril starta ei lita samling.

heim tok eg med meg tre rullar diana, ein stein som liknar på eit nasehorn på den eine sida og ein trist hund på den andre.
kva har di helg vore?
ps: om det er nokon i hardanger/haugaland-området som har lyst på ein heilt nyfødt kattepusfin, så kan de maila cathrine-fjaera@hotmail.com!

my weekend looked like this. going to hamar for the weekend to celebrate the eurovision song contest, eating pizza, sleeping in a tent and eating beautiful breakfasts.
ei lang helg med lite bilder.

tar flyet heim med trine marie, fotograferar ein heil rull med skyer og lar meg for første gong fascinera av fjell og fjordar(istadenfor å irritera meg over alle folka som seier åherregudsjådetfjellet), diskuterar mangt og mykje med ho. pappahenting, grilling og vin og makronar i hagen.
fredag.



eg og pappa ler så me får vondt i magen i photo booth, me drikk vin i hagen til familievenner og seint hoppa eg på ein buss til han der fine med ei ostekake og ein gul koffert. får holda magasinet i hendene og konkluderar med at det er surrealistisk.
laurdag.










slektsstevne med familien til han der fine. stor fin frukost, lappar og kaffi med sukker og melk, barnehender og smil, kragekjole på og ned til hotellmiddag med skummel kjellar. tusen flasker vin, han der fine som lobbypianist og flexikort i lønn, ein knust glasvegg av dansande kjærestesøster og ukontrollerbar latter og lattertårer, verdens styggaste kakefat, strømmen gikk og fram med stearinlysa, trang taxitur heim og nattmat ved det lysaste punktet i huset(det største vindauget). gras på kjolen og strømpebukse til tørk i dusjen.
søndag.

ein pappa som hentar og køyrer heim, køyrerunde med magasin i ein pose og pengar i ein konvolutt(som inkluderte å sitta i fem ulike sofaar), kyllingklubber til middag. og i morgon er det tilbake til oslo.
my weekend. very long but not a lot of pictures to show for it.
heime.

hei finingar, i natt fekk eg finaste bestevenninna på pusøk, me kjøpte sitrongreier på deli deluca og snakka om spiritualitet og korleis me er så forskjellige i at ho ikkje likar seg i byen og eg ikkje likar meg i fjellet. i dag flaug eg over sogn og fjordane i eit pyttelite fly(kjøpte klimakvote, altså) og no er eg heime hos min mamma og min pappa og søster og hund, har tatt bilder av kirsebærtreet i hagen til bestemor+bestemor, no drikk me vin og grillar og har dårlig humor som vanlig. kva gjer de i kveld?

last night was spent with my best friend and today we flew over mountains and fjords to get home, so now i'm at my parents' house barbequing and drinking wine.
fint i går.

♥ medan han der fine var på møte gjekk eg på narvesen og kjøpte lykke i form av magasin. + v8 splash. elskar den.

♥ ute kjøpte eg óg mi første pasjonsfrukt som smakte fantastisk.

♥ når han der fine kom heim fekk eg verdens største yoghurtis. som søttende mai skal vera.
kva fint skjedde deg i går?

nice things that happened yesterday: my boyfriend and i decided to celebrate the national day yesterday since i was sick on the actual day, we ate sausages for dinner, i bought magazines and my favorite juice, ate my first passion fruit and got the biggest yoghurt ice cream from my boyfriend.
søndag.

i går reiste eg saman med kjetil opp til sagene, og etter mykje forvirring fant me den lille kokosbollefabrikken. den er ti gongar så stor som den på grünerløkka, så det var fint.

eg fekk ein kokosbolle, ein sjokoladefrosk og ein kaffe.

janne & kjetil.

janne har den finaste cardiganen som eg er misunnelig på.


eg valgte å gå store omvegar heim og fant fantastiske små skattar som var som heilt andre byar. fint at oslo kan vera fint.

så såg eg to filmar, laga kake og åt blomkål med ost.
i heile dag, søttende mai, har eg vore dårlig og kasta opp(og i natt sov eg på golvet på badet), så eg sit framleis i pysj og er så trist og sliten at eg ikkje veit kor eg skal gjera av meg. utanfor vindauget ser eg kubaparken og der er det hundrevis av menneske som et pølser og is. verste søttende mai nokon gong. eg håpar de har hatt finare dagar enn meg! gratulerar med dagen! suss.

my sunday was going to a café and getting volountarily lost in the city, then having cauliflower and cheese for dinner and watching to movies. today is norways national day and i have been throwing up since last night, what a way to spend it(i do feel very sorry for myself).
ein laurdagsdag gjennom ein mobil
14:29
mariell: okei kva skjer i kveld?
janne: har ikkje peiling. vi får sjå kva som skjer. gidd ikkje å mase.
mariell: men kva om han ikkje vil ha fest?
janne: hm. då får vi finne på noko anna. men eg trur det går bra.
mariell(mms):

14:37
mariell(mms):

eg og diana er på vår frelsers gravlund og føler at me er i paris.
han der fine: så fint! <3 hels ho! men faen, no fekk eg lyst til paris.
14:48
eg er på fretex på st.hanshaugen og ringer pappa for å spørra om eg skal kjøpa ei bok til han. han samlar på bøker i ulike seriar og eg fann ei som eg lurte på om han hadde eller ei. det er dårlig dekning og eg må stå i døra for å høyra kva han seier, han er ute med hunden, han vil ha boka men ringer meg snart opp igjen.
15:03
mariell(mms):

skostativ!
han der fine: yipi!
mariell(mms):

telthusbakken. <3
15:05
pappa ringer igjen. me snakkar om at eg skal heim neste helg og om neste år, han er bekymra for om me får beholda leiligheten sidan eg ikkje skal gå på skule men eg seier at det spelar ingen rolle for det er han der fine som står på kontrakten.
22:03
mariell: trikk!
kjetil: ææ
mariell: storpar på bierman no!
mariell: ææ! ventar på torshov!
kjetil: :D bra

my saturday day through my cell phone.
fredagshopping.

fredagskvelden min starta med rigatoni med pesto og ost. mmmm.

så møtte eg janne på olaf ryes plass, me drakk vin fra skeive glas i grünerhaven.

det var grått men fint over grünerløkka.

når det var tomt gjekk me ned i markveien til bugges der me fekk eit glas husets og janne sølte på diana, men det gjekk bra.

ho hadde prikkesokkar på. janne, altså, ikkje diana.

og eit dådyr med kappe.

så sa me hadet, bugges.

og gjekk til nighthawk diner, den mest hypa restauranten i oslo akkurat no og me måtte le når me gjekk rett inn(det er konstant fem meter kø der på kvardagar). eg fekk løkringar og ein screwdriver.

og janne fekk fries og ein bloody mary. den smakte som tomatsuppe-fail ifølge meg sjølv.

me snakka om gutar og om ein kjekkas i hjørnet.

så teikna me jordbær og janne sa "du får mitt jordbær til å sjå ut som det har pels" og da lo eg.

også litt øl på det.

og fine servitøruniformar.

så vart det så mange kjendisar at me gjekk derfra så me drakk ei flaske musserande på takterassen og snakka om folk som snurrar ein rundt lillefingeren også måtte ho springa til trikken og det var den fredagen.
hadde de fine fredagar?

my friday was a lot of wine and drinks at the new restaurant nighthawk diner. when there were more celebrities than normal people we left and walked to my rooftop and drank a bottle of wine. topics of conversation: boys, sex and friends who arent really friends.
ein veldig kort spelekveld.

i går trilla janne ned hit på sykkel(og ho har hjelm) for å spela spel. me spelte rummy, for det er fint for tre(han der fine var sjølvsagt med óg).

her er mine brikkar.

og hei janne.

me åt ginger chews, det er min favoritt akkurat no og eg er heilt avhengig.

eg hadde eit supermann-plaster teipa fast på armen. sist fredag brant eg meg på ei tomatsuppe som hoppa ut av kjelen og fekk eit stort sår, og no klør det og han der fine vil ikkje at eg skal klø så han har teipa armen min og eg føler meg som cecilia lisbon.

janne brant seg óg på suppa, men ikkje heilt så alvorlig.

han der fine laga kakao og hånda mi ser ut som noko fra ein science fiction-film.

så åt eg kveldsmat og prøvde å finna ut korleis ein syklar fra grünerløkka til frogner. så såg eg og han der fine 500 days of summer og vart superforelska. no har han reist fra meg igjen og eg har ei ny aleinehelg framfor meg, men den blir med rosévin og is og fine folk og smil.
kva gjer de i helga?

yesterday janne came to play rummy, we ate ginger chews and drank hot chocolate. then i watched 500 days of summer and fell asleep, and now my boyfriend has left me for the weekend. again.
ein kvardagsonsdag.

i går onsdag starta med at eg åt all-bran med vaniljesukker og eit gult eple. dei er så fine med frekner på. så jobba eg i sju timar med å kommunisera fram og tilbake med trykkeriet om magasinet(som kjem den nittende mai eller før).

eg sjekka posten og hadde fått postkort fra ein lesar. takk, karin! pluss at eg sendte eit brev til heidi som var trist på bloggen sin.

han der fine har plukka blomar ute igjen. supersuperfint.

me gjekk ut for å gå i botanisk hage, men me var så innmari svoltne så me kjøpte bollar på seveneleven. ikkje fantastisk.

framme i botanisk hage hadde kirsebærtreet blomstra! og det hadde det jo ikkje på fredag, så dette skjer fort. det er heldigvis nokre tre av andre artar som ikkje har blomstra enda, så det er håp for andre som vil sjå óg.


fint tre, fin kjæreste. han har lært seg ny sløyfeknute.


me gjekk til tre nummer to og det har begynt å regna allereie! han der fine vart litt lei av meg som tok bilder så han la seg på bakken. han har happysocks på!


to rullar med diana, igjen! gler meg til å framkalla.

så gjekk me i urtehagen og han der fine fortalte om urtene for han kan sånt.

så var klokka masse og me var innmari svoltne, så me handla mat og fant ut at eg skulle laga mat(for eg er mykje raskare enn han).

pastasalat med sååå masse godt.

så rulla me på golvet, såg tv og kosa kosa kosa.
korleis var din kvardagsonsdag?

my everyday wednesday: allbran for breakfast, working with my magazine for hours and hours, going to the botanical garden and pasta salad for dinner.
redning.

når ein ikkje får sova og været ikkje kan bestemma seg og ein har hår som ser ut som eit troll(men ikkje på ein søt måte), da kan ein eta ein heil ananas fra ei fin skål. med gaffel. og merka at det faktisk hjelper litt.

i'm having a lousy day and pineapple helps.
fredagskveld.















i dag er ein veldig treig laurdag, eg har såvidt stått opp og bakar brød for å sleppa å gå ut.

my friday night was: tomato soup with strange pasta, janne, a birthday party, orange on a string, discussing with a dane, tattoo souvenirs, and talking to my mom on the phone on my way home(despite it being in the middle of the night). today is a slooow saturday.
kirsebærkjærleik.

i dag fekk eg dratt med meg janne i botanisk hage for å sjå om kirsebærtrea blomstrar(og eg sykla bysykkel for første gong og eg er kjempestolt for eg klarte nesten å tenka "eg er ein bil"). dei første trea me såg blomstra ikkje enda, så eg vart litt trist, men så gjekk me litt og pang!

eit superhøgt nesten lilla tre heilt på nedsida av hagen. eg hylte når eg såg det.




eg vil ha eit sånt som veks gjennom golvet på stova mi når eg får hus. tenk kor fantastisk.

janne fekk ta bilder med eingangskamera.

og eg tok to rullar med diana. det var så så så fint.

eg vart glad i magen og tok med meg to små blomar som eg skal pressa og lima i ei bok.

janne fulgte etter ein fugl.

og kyssa ein mann. så spanderte eg is og me snakka om korleis hjerna fungerar og om frykt og fobiar. så spaserte me heim, no skal me eta tomatsuppe også er det fin-fest!
har de fine fredagar?

today i took janne with me to the botanical garden to see if the cherry trees were blossoming, and one was. i love love love it and want to have one grow through the floorboards when i get a house. we ate ice cream and talked about the human brain and fears. now i'm off to a party!
aleinetorsdag.

utpå dagen fekk eg på meg kjole og mi nye sløyfe. den kjøpte eg på robot i markveien i går, det var ei mannesløyfe men med limpistol er den fin i håret. i løpet av dagen sendte eg to mms til han der fine:

"har kjøpt ny duk."

"eg bakar til middag som du ser."

til middag laga eg innbakte kyllingpølser med oppskrift herfra. det var super-supergodt og veldig enkelt. eg er litt opphengt i min nye duk og blomane, som de sikkert har skjønt. blomane er greiner fra eit tre rett utafor her.

eg åt middag til sex & singelliv, som alltid trøstar når eg ikkje har det så bra.

rett før sola går ned er det så fantastisk fint lys til og med om ein ikkje orkar å gå ut. så eg satt rett ved vindauga og skreiv tekstar om såre leggar og krøller ved øyrene.

så skreiv eg postkort til bestemødrene mine. eg likar så innmari godt å gjera det ein gong i månaden.

så drakk eg hylleblomstsaft til eg fekk vondt i magen, og no er det smoothie og meir sex & singelliv.
har de fine torsdagar?

my thursday was affected by my boyfriend leaving early in the morning, and there is a strange quiet feeling in my stomach. my thursday was wearing my new bow, buying a new table cloth, eating sausages for dinner, enjoying the light and the flowers, writing postcards to my grandmothers and drinking a lot of juice.
blå og rosa.





eg håpar de har fine laurdag. min laurdag er blå og rosa samtidig. hard i kantane men mjuk i midten. suss.

my saturday is blue and pink. hard around the edges but soft in the middle.
ein torsdag.


i går fant eg og han der fine ut at me hadde jobba lenge og hardt nok til å få gå ut ein tur. me kjøpte kaffe og kjeks. det i midten. det. var. så. godt.


me gikk oppover mot torshov og eg stoppa ved alle blomster eg såg og sa den vil eg ha den vil eg ha men han der fine drog meg i armen.

eg kjøpte sju rullar film, ein godtepose, eg gler meg så til å bruka dei i sommar.

så tok me trikken til schultz gate og vips på restaurant! med bambus og lysslynger overalt.

han der fine var fin. bombe.

og eg var ein fisk.

eg fekk kylling. eg hugsar ikkje kva det var for eg sa feil til servitøren, men det var veldig veldig godt.

eg var superglad og kry for at eg fekk eta med spisepinnar. eg har alltid trudd at eg ikkje kan det men eg kan!

til dessert: kokospannacotta med mangosalat og granateple på toppen. så. god.

me satt i ei liksom hytte og det var fryktelig koselig.

på veg heim(og det var framleis lyst!) kjøpte me ei flaske balhom som eg er litt hung up on akkurat no. mm.

me drakk balholm, såg tv, jobba, kosa, sovna. og i dag er det fredag og eg har ca nettopp funne ut at det er første mai i morgon.
hadde de fine torsdagar?

my thursday was coffee and a long walk with my boyfriend, seven rolls of film, going to a restaurant and drinking balholm.
om paris.



eg har vore litt forsiktig så langt med å sei noko, for eg ville ikkje få for store forhåpningar og eg ville ikkje at de skulle, men no seier eg det berre: neste vår flyttar eg til paris. for eit par månadar. heilt aleine. eg pakkar sløyfene og kjolane og macen og flyr over land og strand og håpar eg landar mjukt. der skal eg læra meg litt fransk og å vera aleine, noko eg ikkje heilt har fått teken på enda etter fem og eit halvt år i tospann. eg skal bestille kaffe utan at dei merkar at eg ikkje er fransk, skal eta makronar til middag og ta bilder på plassar eg alltid har villa. han der fine skal vera igjen i oslo og ein kan berre håpa at det ikkje blir så vondt som ein ser for seg. han kjem sjølvsagt på helgevisitt for å kyssa i parkar og drikka øl og eta spaghetti. og bloggen skal sjølvsagt vera med. no har eg sagt det og kan ikkje ta det tilbake, tenk. neste vår flyttar eg til paris. var berre det.

just announcing some news: next spring i am moving to paris, all by myself. to learn french and the art of being alone and independent.
tre fra ein mandag.

ein. nye blomar på bordet.

to. salat til middag.

tre. jordbær og vaniljesukker+melk.
og kvelden er sjokolademilkshake fra mcdonalds og krim på nrk1. har de fine mandagar?

my monday: fresh flowers, salad for dinner and strawberries and milk for dessert.
magasinmorgon.

i dag har eg vore litt på sengekanten med den mest inspirerande boka i verda akkurat no.

og med mi fantastiske nye sløyfe fra tjallamalla i stockholm.

og nye kjole med polkadottar og fantastisk blondekrage fra beyond retro. alt med blondekrage fekk bli med heim.

så eg har det ganske fint.
denne veka jobbar eg på spreng med magasinet og i intervjuet med marte står det noko som er så inderlig fint når ho snakkar om vintage; "eg elskar ting med sjel. ting som har levd eit liv og har ei historie med seg. eg undrar innimellom på kva tinga mine har opplevd, som eit fyrste kyss på sekstitalet, å bli med på båttur til amerika, eller å ha vore med under jimi hendrix sin opptreden på woodstock i 1969, for så å bli liggjande i graset mens eigaren nakenbada etterpå."
over til noko anna, no har eg lagt til ein paypal-knapp i menyen til høgre her på hovudsida på bloggen, så de berre kan trykka der istaden for å senda mail! er ikkje det fint eller? (om de skal ha magasinet sendt til utlandet derimot, må de senda mail, og om de får problem med paypal/ikkje har tilgang til visa/liknande.)

today i have been reading sophie calle's biography, wearing my new bow and dress from stockholm. i'm working really hard on the magazine this week and it's taking up most of my time but i love it.
god natt / god morgon / bon voyage

eit pyttelite hei(fra tatoveringen óg) og hadet før eg og han der fine hoppar på eit tog og reiser av stad til stockholm. me skal fylla dagane med vintageshopping, afternoon tea, fine middagar, båthotell, purstagsgåver(til meg sjølv), museum og kjærleik. her i noreg kan de fortsetta med å bestilla magasin i fleng! (eg har sjølvsagt booka hotell med internett!)
oppdatering eingangkamerasituasjonen: send dei til meg! eg og han der fine rekna på det i går, og det blir ikkje tid til å senda dei vidare. folk har ikkje sendt videre så fort som dei burde og dermed blir det ikkje tid. dei som ikkje fekk vera med får vera med neste gong!

hello and goodbye from me and my tattoo, we're taking the train to stockholm this morning(it's terribly early)!
ønske-ønskeliste.

diana f+ i fjor solgte eg mi diana fordi eg ikkje hadde nok pengar til å putala strømrekningen min og eg angrar så sårt. no som det blir lyst igjen lengtar eg så innmari innmari.

jordbær åh, tenk å få venner på døra med jordbær og vin og ingen bekymringar i verda. eg har ikkje turt å smaka på jordbæra enda, i frykt for at dei ikkje skal vera så gode som eg vil, men no vil eg.

tatovering eg har fått meirsmak og kan ikkje venta til eg får små små ord med stor betydning på kroppen. det er noko som er så innbydande med å gjera noko som er så permanent, og samtidig fullstendig avskremmande

5d mark ii eg har ønska meg dette kameraet så lenge at eg faktisk kjenner det på kroppen. eg sparar og sparar men det blir aldri nok, det er alltid telefonrekningar eller reiser eller tusen andre ting som kostar pengar og det skulle vore det beste i verda om nokon fant tjue tusen kroner dei ikkje hadde bruk for.

ei helg i paris eg har ein femeuro som eg lengtar etter å bruka på laduree, berre vera vera vera alt og ingenting i paris.

my birthday wishes for this year: diana f+, strawberries, tattoos, canon 5d mark ii, a weekend in paris.
.

i'm sad about not getting to go to london because of the volcanic ashes. did something lovely happen to you today?
egg.

eg opnar eggkartongen og han der fine har erstatta egga han har brukt med drageegg og eg må holda meg fast i benken fordi eg ler så hardt.

my boyfriend replaced some eggs with dragon eggs in the carton, it made me laugh so hard.
tjuefire timar i april.

i går tenkte eg at det var på tide med nye glas som er passande å drikka boblevin i. eg kjøpte fire stykk til førti gullpengar på maritaputikken.

etter kvart kom julie som hadde vore på utflukt og ete pinnebrød men var glad for å vera tilbake i sivilisasjonen.

me drakk musserande rosé med bjørnebær som isbitar.

klokka fem tok eg og julie toget langt ut til ingenmannsland. me skulle på premieren til fredrik sitt teaterstykke, verdas mest forelska par, på romerike folkehøgskule.

kostyma var så innmari fine.



og denne kjolen får tre bilder for den skal eg seriøst få sydd opp og gifta meg i. og fine fredrik i blå dress, da.

etterpå fekk me sjå rommet hans og eg tenkte på kor rart det er med folkehøgskule.

fine christine var der, men måtte gå fort.

så dei tre la seg i ein klump.

så fekk fredrik smaka på pærefint før me måtte gå fortfortfort til toget som me berre akkurat rakk. vel heime sovna me nesten med ein gang og julie i ein krøll på golvet.

til frukost hadde me brød(det var majestetisk, for me har aldri brød her i huset), og bjørnebærsmoothie som óg var ganske majestetisk. no jobbar eg med magasinet og julie har sovna for ellevte gong med norskleksene i fanget.
dine siste tjuefire timar da?

my last twentyfour hours: new glasses for bubbly wine, using them to drink with blackberries in sparkling rosé, taking the train and going to the theatre with julie, falling asleeo way too early on a friday night and smoothies and bread for breakfast.
fintorsdag.



hurra! så eg tenkte at kommentarfeltet skal vera fylt av dykk i dag. fortell meg alt. fortell meg kva de tenkjer på før de sovnar og kva de er redde for, kva de lengtar etter, kva de vil, kva de skal, ting som gjer dykk glade! ein to tre gå!

my thursday is very busy, since i'm working on the magazine a lot! i want you to tell me everything. please!
fine ting skjer kvar dag.




♥ fine bilder av små små dyr som smeltar hjartet.
♥ sara og eg åt is til frukost(eg hadde mango og kvit sjokolade, ho hadde nougat og sitron).
♥ eg fekk mail fra ein lesar som lurte på om eg ville ha to billettar til she&him-konsert fjerde mai, for ho kunne ikkje likevel! folk er så innmari fine.
♥ eg fekk endelig tak i eit lula-eksemplar.
♥ eg har fått meg bysykkel.
♥ eg vil endelig ta bilder og helst no no no.
♥ lånet kom inn.
♥ eg planlegg ein fin dag i morgon.
har det skjedd fine ting andre plassar?

lovely things happen every day, today; pictures of teeny tiny animals, eating ice cream for breakfast, finally finding a copy of lula, signing up for the city bicycle system, my student loans arriving and planning a lovely day tomorrow.
laurdag.

min laurdag starta med salat til frukost i senga.

så tusla me ut for å møta linn som trengte ein pause fra skrivesperre.

me åt is på gelateria. eg hadde nougat og kokos, og me fant ut at linn var ei jordbærjente, sånt er viktig å vita.

me gjekk på steen og strøm, der fekk alle pyttesmå boksar med cola light.

så fulgte linn oss heim med sin fine sykkel.

eg vaska klede i vasken og hang dei til tørk.


imens lærte han der fine to tie a bow tie med youtube. finaste.

eg laga middag som var crispy chicken, og me snakka om kor fint det er at kjøttet blir heilt kvitt når ein steiker det i ovn.

etter middag laga eg bjørnebærostekake som var fantastisk god. så kom folk på fest, og det var sånn:

ina likte poteter.

det var ostekake, peppermint ginger chew, den svenske kongefamilien.

og linn og venninna med prikkete jumpsuit som dansa.

og lure janne.

og hedvig og kjæreste simon.

og sara med hjarte + venner.

og dette var mitt fjes for anledningen. og sara satte tennene i hovudet mitt.

dette er simen og han lignar så sjukt på jason schwartzman!!!

og alle satt på golvet for det var ikkje plass til stolar. eg og janne rappa eminem.

kake nummer to kom klokka to.

og nattmat klokka fire.

på det tidspunktet låg folk på golvet.

og strømpebuksene var revna. så da gjekk folk heim og me stupte i seng. fantastisk fin laurdag! no føler eg eit slags jet-lag i hovudet og det kan jo vera fint om ein får ligga under dyna. uten strømpebukser.
hadde de fine laurdagar?

my saturday was very long and contained a salad breakfast, ice cream for lunch, cheese cake, my boyfriend learning how to tie a bow tie, a lot of people over for his birthday party, chocolate cake at two and sausages and potatoes at four, laughing and drinking and having a very good time.
langfredag.

i går møtte eg ina utanfor uff underground for litt pirking og prating. eg åt ein kjempeklump til frukost.

etter eg hadde kjøpt ein kjole eg ikkje heilt veit om eg vil ha reiste me på nationaltheateret der det var førpremiere på blodig alvor, supermorsom.

eg rakk å ta to bilder av ina hvorav dette er det eine. eg trur ho snakka om kor heit mads ousdal er.

eg kjøpte blomster på stortorvet og trikka heim til han der fine. sovna på sofaen og drømte om ina og skreik.

så tusla me bort på villa paradiso der søskena til han der fine pluss familiar venta på oss for å feira purstagen hans.

før middag brukte jostein og åsmund tida til å sjå ein blindtarmsoperasjon på iphone.

eg fekk pizza.

og den var god.

me bestilte tiramisu til dessert og dei hadde fiksa med fyrverkeri! hurra!

så han vart fin og flau.

tiramisuen var heilt fantastisk og alle bør reisa dit for å eta den. her er ei halv ragnhild(søster) og jostein(søsterkjæreste).

og lille tiril fekk pin-up og ikkje berre ein men to.

så var det takk for mat og eg tenkte "dette er eit fint bilde" også knuste eg ei vinflaske og sa at det er ikkje fest før nokon knuser noko og det var alle enige i.

me gjekk opp på alexander kiellands plass der ragnhild og jostein bur.

med play-dough!!! og eit sånt bord vil eg ha når eg blir voksen.

han der fine laga snømann.

og tiril laga ein slange som smiler.

så snurra me litt i stolar.

med tiril og lille sigurd oppi.

og tiril fekk ta bilder av dreadsonkel.

så gjekk me heim hånd i hånd og laga jordbærsmoothie mens me såg skavlan og kosa kosa kosa.
i dag har han der fine purstag og derfor er eg ganske så glad!

my friday was very long; going dress shopping, going to the theatre, going to meet my boyfriend's family for his birthday dinner, and then smoothies in bed.
magiske torsdagar.

me kjøpte påskesnop på halv pris og tenkte at torsdagar er fine dagar å drikka taxfree-malibu på.

så det gjorde me. og christine stakk av med fuglen min.

for dei vart bestisar.

me ringte til alle men ingen tok telefonen og da må ein heller legga igjen morsomme telefonsvarmeldingar.


og eg var kry for tatoveringen min og christine snakka om reisa ho skal ut på fra august av og det var så fantastisk fordi det var akkurat som før, som videregåande og det er sånn det skal vera. hadde de magiske torsdagar?

my thursday was: getting a tattoo, then meeting up my best friend christine who i don't get to see a lot, we got drunk and talked about everything we could find time to.
draum.



vakna ein morgon med ein penn i hånda og på armen min stod det "ho smakar kirsebær" og alt eg kunne hugsa var klamme kvite laken og mjukt morgonlys, blåbærblå på fingertuppane og lukta av gras langst bak i ganen. drøymer du?

one morning i woke up and had written on my arm "she tastes like cherries", remembering a dream between sheets in the morning, blueberry stains on my fingertips and the tast of grass in my mouth.
ei påske.

min påske starta med makronar, sidan eg satt med denne boksen i fanget heile vegen heim fra oslo.

midt imellom var det mat. mat mat mat til magen sprenger også litt til. lam er min favoritt og derfor likar eg påsken.


og til sist var påsken barnehender og hyttetur. no er eg utpåska og gler meg til å komma tilbake til byen. men først bestemor og suss og kos.
hadde de fine påskeferiar?

my easter begun with macarons, then to a whole lot of food and ended with children's hands and staying inside when everyone else wanted to ski.
på ein søndag.



på ein søndag som i dag kler eg på meg min favorittkjole med den finaste kragen i verda og blandar til leppestift som aldri før. eg går med snurrar i håret og hånd i hånd ut på tur sjølv om eg er kvalm og helst vil ligga i fosterstilling. kva gjer de på ein søndag som i dag?

my sunday: getting dressed to go out even though i'm really too sick to even sit.
laurdag.

i går vakna eg så tidlig at eg høyrte avismannen i gangen. me får aftenposten i helgene og det er superfint.

så kom sara med frukost, supertidlig, for me hadde nemlig noko hemmelig som måtte gjerast veldig tidlig. eg vart igjen mens dei reiste ut i regnet.


dette hemmelige kjøpte dei, men det får de sjå seinare.


så fekk me ligga litt i senga og gjespa og gjera litt det ein ville.

han der fine ville ligga i fanget.

så tok me trikken til sebastien bruno der dei ein kan kjøpa påskeegg no. eg fekk hasselnøttpralin og åh. fantastisk. ellers har dei karamell med salta smør og pistasj og marsipan.

ein måtte venta ni minutt på trikken og da fekk ein sussa.

og sjå nedi posane med egg og makronar. herleg.

han der fine hoppa på trening og sara hoppa heim. eg landa i senga med yoghurt+kanel+vaniljesukker, og baguettar med fint på. resten av min laurdag var som barnevakt, eg fekk klø på ryggen og holda i hånda og i dag luktar eg baby og det er ganske fint.

my saturday was early breakfast with sara, secret shopping, going back to bed, macarons and easter chocolate eggs, kissing, lunch in bed and being a baby sitter.
laurdagar kan handla om.


laurdagar kan handla om å gå i bryllup, om å spela sims heile dagen, om å ta tre rullar film i botanisk hage. det kan handla om å bruka alle pengane ein har på klede ein kjem til å legga bakerst i skapet eller å gå på loppemarked og finna akkurat det ein leitar etter. laurdagar kan handla om å vaska klede eller om å slappa av også festa heile kvelden eller om å laga ekstra fin mat med smør i sausen og vin ved sidan av. laurdagar handlar av og til om å bli kjærestar eller krangla på fest. det kan handla om å planlegga ein reise eller invitera venner på middag, sitta på kafé i timesvis og snakka om livet og døden og sex og religion. min laurdag handlar om å ha åtte kroner og nittini øre på kortet og regn i oslo. men fint er det likevel. fantastisk fint. kva handlar din laurdag om?

saturdays can be about many things. my saturday is about being broke and a rainy city, but i'm still very very happy.
søndag.

søndag låg eg og fredrik lenge i senga og laga flodhestlydar før me rulla ut og gjekk til botanisk hage. der er det frivillige inngangspengar og det syns eg var så himla søtt.

fredrik var glad for å vera der og tok ein dans.

inni det eine huset var det ein mystisk vulkan som ga fra seg røyk når ein blåste på den. det var supervanskelig å ta bilder for det var så fuktig.

i eit anna rom lukta det heilt fantastisk og i vinduskarmen var det tusen pelargonar.

og alt var så fint at ein berre vart gåande med hovudet lent bakover for å få med seg alt.

og i victoriahuset fins victorialilja, som eg har hatt lyst til å sjå i ein evighet. over den hang eit papayatre og i vatnet var det fiskar.

me var der litt for å ta bilder av fredrik óg, men eg tok dei analoge så de får sjå dei seinare. sånn såg det litt ut.

me fann ei kongle som fekk vera med heim.

eg hadde krøll i håret som fredrik hadde laga.

og me måtte lesa mykje kart, for det er så innmari stort.

inni eit anna hus var ei utstilling med bilder av insekt og monter med sommarfuglar.

og der var det fint lys.

så gjekk me heim for å ligga i senga og eta chips. fredrik reiste og eg måtte ryddaryddarydda som ein kanin og redigera bilder. i natt kom både han der fine og influensa smygande under dyna, så i dag blir ein rolig dag.
kva gjorde de søndag?

my sunday was spent in the botanical garden with fredrik, we took pictures and talked and walked and laughed at funny children and sweet dads. then we ate chips in my bed and after he left i spent the rest of the evening cleaning after a very fun weekend. now i have the flu.
lørdagar er lange dagar.

eg og fredrik kjeda oss midt på dagen så eg fekk ha krøllar på veg ut. me drakk vaniljemilkshake og kjøpte øl.

så laga me pizza, alle fekk kvar sin og det vart altfor masse.

julie var sliten og støl etter fotograferingen men fin likevel. og med smokey eyes.

sara + fredrik + jul + flamingo = sant.

me spelte meir kortskalle og eg gjetta faktisk riktig for første gang.

sara fekk håret sitt retta, så eg og ho var motsatt og ho var fin.

me tok trikken ned til sentrum med metallboksar i lommene og gjekk inn ei dør som ikkje såg ut som ein skule i heile tatt.

der var det søttitalstema på doen med lp'ar på veggane og ein platespelar i hjørnet.

og når ein var på do var det mange folk som såg på.

me satt i vinduskarmar og snakka om foto og mote og musikk.

og fredrik tatoverte reklame for bloggen sin på sara.

sara dansa på bordet.

eg og fredrik fann ei kopimaskin og det var eit opphav av barnslig lykke.

og det vart sådär. kvelden endte med hamburgarar i lomma også rulla me i seng. i dag er eg sliten og skulle ønska eg hadde små skyer som ville vaska leiligheten.

my saturday was chaos and happiness altogether.
kortskallepistasjplanet.

i går kom fredrik rullande inn hit med koffert og kamera. me knekte pistasjnøtter og snakka om lady gaga. me gjer som oftast det.

me planla litt til magasinet(fredrik er med der litt, surprise) og snakka generelt rundt kor sinnsjukt det er at eg er redaktør.

så fant me fram drinkar på golvet! dette er kirsebærvin+sprite og eg har så mange fine helgeminner med den smaken i munnen. me hadde ikkje isbitar så me måtte knekka av på frysaren men det gikk fint for det såg ut som ein planet. eller noko.

me spelte kortskalle og eg var for eksempel lily cole, hybelverten til christine, mora til julie og roberta from spotify. altfor vanskelig, så fredrik vann.

etterpå åt me kjempeklumpar og kasta lappane i lufta og lata som det var pengar.


og dansa på golvet i kanskje to timar.

seint seint kom julie og fekk velga shotteglas heilt sjølv.

og som vanlig dansa dei mens eg såg på, det er ein av mine topp fem favoritthobbyar. fredrik dansa single ladies(han kan heile) og eg holdt på å dø.


så gjekk me på taket for å ta bilder til ei skuleoppgave(ein skulle ta bilder ute om natta med kunstig lys) og det vart ca sånn. ganske fint med fjorten i promille. etterpå la me oss i trespann i senga, nesten som å vera på leirskule og det må ein jo berre lika. ein blir varm i magen av fine venner(og vin).
kva fann de på i går kveld? eg syns de skal vera skikkelig flinke til å kommentera i dag.

my friday was: fredrik moving in for the weekend, planning for my magazine, playing games and drinking and watching people dance. <3
berre to ting.

ein. i dag har eg vore ute i timesvis med julie og tatt bilder, dei ser nesten sånn ut og dei får de sikkert sjå ein dag om de vil.


to. dette er jean-luc. han var den feitaste fisken i bollen. han har vore med oss i dag og no bur han på den rosa duken min og snart bur han kanskje ein annan plass. sei hei.
din tur.

i photographed julie today(you'll see them some day soon), and this is jean-luc. he is a fish.
tips.


heilt sidan tjueandre februar, når issue 10 av lula kom ut i amerika har eg vore i hysterisk og desperat dialog(meir som ein monolog egentlig) med narvesen om når når når dei kjem, men dei svarar ikkje veit ikkje forstår ikkje. min konklusjon er at narvesen er teit, og difor vil eg berre tipsa igjen om denne sida der ein fint kan bestilla alle slags magasin heim i postkassa si. da treng ein ikkje å gå til narvesen kvar dag heller.

horrible: the newsagent in norway doesn't sell lula anymore! fantastic: magazinecafe does.
valnøtter og ananas.

min laurdagskveld begynte med la den rette komme inn på dvd. den var fin og herregud for nokon fantastiske skuespelarar. håpar mine barn blir like flinke til det dei vil driva med.

og sara kom! ho var egentlig pepp og hadde på seg sailor chick-tskjorta si.

me hadde piknik med kvikklunsj på golvet, sidan det hadde blitt mørkt ute.

og vin til, kald kald kvitvin. det smakte vår.

han der fine laga mat og tok seg pause men gløymte å ta av seg forkleet. han er nok den finaste som finst.

så åt me! med pyttelitt øl i magen óg.

og pizzaen hadde ananasringar og valnøtter, mine pizzafavorittar. fantastisk! så dukka det opp ei flaske med ferskenfint og me satt våkne til klokka var fire og sang disney-sangar og laga små filmar med photo booth. da kraup eg nydusja under dyna og fekk servert frukost på senga før eg omtrent hadde sovna. fabelaktig!

my saturday was the swedish movie let the right one in, sara, beer and pizza and the most beautiful boy in the world.
litt av ein laurdag.

i dag tok eg og han der fine bussen ut til bygdøy, der er folkemuseet og der har eg ikkje vore sidan eg var kanskje tolv år.


kolonialen er open laurdagar og søndagar, og der har dei drops for atten kroner posen. med litt kongen av danmark og litt polkagrisar og litt anna fint.

det er mange fine skilt og hus å sjå fra ganske mange forskjellige tider. ein kan gå heilt bort i vindauget å sjå inn og om ein vil kan ein banka på sjølv om det som oftast ikkje er nokon heime.

han der fine kom heim i går kveld og eg har hengt rundt halsen hans heilt sidan, omtrent. han hadde tversoversløyfe og såg ut som ei løve som vanlig.

og eg såg berre ut som meg sjølv.

me gjekk i sirkel og i ring og litt oval og såg på alle fine husa og på rare turistar(nokon fra japan tok bilder av han der fine fordi han ligna sånn på orlando bloom, "you look like bovie star, you know bovie ring of the bord" hihih)

sånne vindauge vil eg ha for da ser det mykje finare ut når det regnar og ellers kan ein jo berre ha dei opne. det var dessutan utstillingar av masse dokkehus og eldgamle leiker og da smelta eg som ein dam på golvet.

me kjøpte postkort i museumsputikken og sendte eit par av dei til fine folk rundt omkring i landet. etterpå tok me bussen til frogner, fekk fire makronar i ein pose og åt dei til dessert(etter graut, såklart). mums. også har me kyssa masse, i tilfelle de var i tvil.
har de vore på eventyr?

my saturday: we went to norsk folkemuseum to walk around and eat candy from paper bags, wrote some postcards and ate macarons for dessert.
ein laurdagskveld i elleve bilder.

min laurdagskveld starta med den beste tomatsuppa eg har laga. den hadde raudvin i seg. og mozzarella. og fekk kesam på toppen. ved bordet: meg og janne.

etter maten åpna me ei flaske musserande.

også sang me. masse.

og eg dansa på stolen(eg var dj, me laga den kulaste spelelista på spotify med eminem og d12 og sean paul.)

og me dansa litt til. og litt til og litt til.

så gikk me til kristina der folk drakk vin og spelte bønnespel.

og det fanst sjokoladekake.

og bror hadde det så gøy(tulla, han var sikkert bekymra for curling).

eg tømte ein heil haug bokstavar på golvet til ingen nytte.

så satt eg på kjøkengolvet litt medan birgitta og eirik laga pizza.

derfra hadde eg fin utsikt til rosetten i taket. åh. det er på lista over ting eg må ha når eg og han der fine kjøper leilighet. etter ei stund sneik eg meg heim igjen og vart svindla av ein taxisjåfør. han tok åttehundre fra kortet mitt, frekke dust. i dag har eg ein veldig treig søndag med fortpizza og mad men i senga.
har de fine treige søndagar?

my saturday was tomato soup with red wine, some more wine, janne, going to kristina's apartment and getting scammed by a taxi driver.
vin på det.


min lørdagskveld er lasta med:
♥ supershopping og powerwalking
♥ angst for grünerløkka-polet(ein må sei kva ein skal ha til dei som jobbar der og det stressar meg for eg likar å ta på flaskene)
♥ heimelaga tomatsuppe med raudvin i seg
♥ brente kvitlauksbagettar
♥ meir vin
♥ musserande vin på det
♥ janne(det var tusen ender som satt på isen og sa Æ-Æ-Æ-Æ og det var koselig, dette seier ho no) som er på pusøk
♥ snakk om å vera foreldre og om å reisa med tog og om matthew gray gubler og om at eg drømte sjuke ting før ho kom i dag
kva er din lørdagskveld lasta med?

my saturday is filled with shopping, wine in my tomato soup and wine in my glass and more wine and janne and talking about everything and nothing all at the same time.
hjartevår.



i dag letna hjartet mitt endelig. kanskje var det fordi eg drømte så mykje rart og fint i natt eller kanskej fordi den beste venninna i heile vera kom tilbake fra island og låg på sofaen med sin kjære eller kasnkje fordi han der fine har begynt å spela piano-piano igjen og har skrive nydelig musikk i dag eller kanskje fordi eg har ny lausbart eller kanskje fordi det kjem fine folk på pusøk. eg veit ikkje. men i dag fekk eg vår i hjartet og yr.no seier det óg. om ein berre held ut eit par veker til. kva skal de gjera den første dagen med vår? eg skal drikka øl i ein park uansett om det ikkje er lurt.

i'm finally starting to look forward to spring instead of hating winter so much. all images are linked to their sources.
februarkveldar.

eg orkar ikkje å gå ut. eg har mala leiligheten med bomull og sit midt på golvet med koppar med kakao og episodar mad men og sussar bak på foten og bak øyret og klipper og limer i inspirasjonsboka mi. tør de å gå ut? eller kva gjer de?

i have no lust to move outside this building, so i stay inside drinking hot chocolate, watching mad men and kissing.
to fine på ein søndag.

ein. i dag møtte eg fine herlige søte marte! me har vore i studio og på fantastisk dårlig café på oslo s(fordi alt anna i oslo er stengt på søndagar, kva skjer med det?).

to. etterpå tok eg trikken til birkelunden og eg og han der fine smatt inn på den lille kokosbollefabrikken før me sprang over vegen og på kino. me såg den nye disney-filmen og herre herre herregud kor fantastisk den er. den er som disney da me var små(apropos: heilt fantastisk å gå på kino der det er mange ungar. det skjedde så mykje søtt og fint i kinosalen i løpet av filmen at eg smelta). og den fekk meg til å felle eit par tårer og det er jo fint. sjå trailer her. me såg den på norsk og den var nok faktisk enda finare, når nora noor hadde stemma til prinsessa. hjarte.
kva er dine to fine i dag?

today i've met marte for the first time, we had a shoot in the studio and went to a café, and then my boyfriend and i saw the new disney movie princess and the frog.
magasin-oppdatering. (warning: tekst)
eg kan sei så mykje som at eg gir ut dette magasinet heilt på eiga hand, kun med støtte fra venner og kjente til å gi meg idear. eg kjem til å setta saman magasinet heilt sjølv. mange lurer på om eg har kompetanse til det, men eg var grafisk ansvarlig for ein filmfestival i tredje klasse på videregåande og veit dermed mykje om prosessen fra idé til produkt, også er eg jo generelt eit estetisk menneske.
men! det er jo så mange fleire eg vil ha med her, nemlig blogglesarane mine! det er de som lagar hjartesmil og det er de som kjem til å kjøpa magasinet mitt. så:
ein. eg treng folk til å vera med i eit fotopostprosjekt til magasinet. dei som vil vera med kan senda adressa si til mariell.oyre(at)gmail.com.
to. eg er framleis veldig interessert i forslag til kunstnarar/kommersielle fotografar/illustratørar/bloggarar/navn, kva som helst, til magasinet. om du har foreslått nokon før har eg fått det med meg og slått det fra meg, eg er på jakt etter nye navn igjen! pøs på. og om de veit om interessante folk som er på noko måte involvert i nynorsk/skriv på nynorsk, gi meg navna deira. sidan eg er meg blir det jo eit visst fokus på det i magasinet.
tre. om de veit om fine plassar i oslo som kan vera fint for andre å vita om må det berre senda senda senda mail!
og hugs at absolutt alle idéar blir tatt varmt imot, men eg har desverre ikkje tid til å svara på alle mail.
fredagar.

i går, på min siste ordentlige feriedag vakna eg tidlig og låg i senga, veksla mellom å sova og lesa.

så putta eg litt bioq og blåbær + vaniljesukker i ei skål og vipsa.

frukost! smoothie og müsli og te.

så hadde eg på meg mine nye øyredobbar, dei er tekoppar med te og sitronbitar i. har fått dei fra tinytasty, min favorittputikk for augneblinken. dei vart med meg ut på lang tur, opp lange bakkar og ned lange bakkar.

og dette hadde me med oss heim.

midt på dagen fiksa og triksa eg litt og vips hadde eg fugl i håret.

janne kom på pusøk for musserande og kongekrone.

etter det var tomt for musserande gjekk me over til min nye kartong raudvin og dette stod på den. den høyres fantastisk ut og det var den óg.

min nye cardigan og litt vin på det.

janne hadde med seg hello panda-kjeks!

han der fine hadde lærarpusøk med whisky og dei skreiv musikk om byar ein kanskje har vore i.

så vart det dans.

og kvelden slutta omtrent med to boksar ben&jerry's.
no er det laurdag og eg har allereie hatt fotooppdrag sjølv om det var forferdelig å stå opp og sjølv om det er forferdelig vær her i dag. kva gjer de i dag?

my friday was reading in bed, big breakfast, birds in my hair and a whole lot of wine.
fri fredag.




i dag sussar eg og shoppar og drikk vin med janne. janne seier "vinen sprudlar like hardt som fisken susar i vatnet". så veit de det. har de fine fredagar?

my friday is kisses and shopping and wine with janne.
seks dagar i ei notatbok.



fra min februar-moleskine. februar har vore så mykje fantastisk men no er eg ferdig med februar, føler eg. eg er klar for mars.

six pages from my february moleskine.
i min innboks.
julie
ok. jeg vil spille brettspill i fylla.
sara
pascal i henrik ibsens gate er åpent til 2300. ha en fortsatt fin dag! hilsen 1881
1881. <3
sjekk ut octahedron av mars volta og heavy metal fruit av motorpsycho. gje dei minst to gjennomhøyringar. nyt den ferske frukti.
pappa
heihei, har dere lyst på modellbesøk halv 8? etterfulgt av HALLO I LUKEN
julie
ja eg ringe på søndag det var kjempefint å få kort fra deg eg er glad i deg.
mormor
eg ser ut som ein alkoholikar. <3
han der fine
haha good news: betjenten trudde bankkortet mitt var ungdomskort og eg fekk gratis reiiiiise!
fredrik
er det bente som er ute er det melkehvitt? etterfulgt av FAEN.
julie
haha, jeg fant en av kjærlighetene fra monkifesten i veska mi. jeg trodde jeg mistet den i all min fyll!
ina
jeg er hos broren til jenny, ti, femten minutter unna dere. bare si ifra når jeg må komme hjem, kjære mamma og pappa.
eira
GRATIS BOLLA PÅ OSLO S!
christine
grünerløkka ligger langs akerselva. grünerløkka fikk sitt navn etter myntmester friedrich grüner som kjøpte nedre foss mølle i 1672 av kong christian v. kilde: wikipedia. adam hjelper deg gjerne igjen.
2326
du er veldig vakker, veit du det?
han der fine
åh, elskar å lesa gjennom innboksen på mobilen min. tenkte kanskje de syns de óg? suss.

text messages on my phone!
kryp.


eg kryper straks i seng etter sju timar buss, ein porsjon kyllingsalat, fam irvoll på ofw(herreherregud, bilder i morgon), pasta pesto og bustehår og gler meg til monsternattekos og lang morgon og meir oslo fashion week! åh, livet er herleg. og berre så de veit; me fekk fem tusen til magasinet fra trafo. no treng me berre tre gongar så mykje til også kör vi. om de vil kan eg skriva ei lita oppdatering om magasinet ein dag snart? tusen sussar, de er finast.

my day has been seven hours on a bus, chicken salad in a hurry, fam irvoll on oslo fashion week, pasta pesto and my hair looking all halloweenie.
søndagar heime.

søndagar heime med fastelavnsbollar.

og kjæreste som elskar krembollar.

og krem på nasen.

og pappakrem på nasen óg.

og mamma som strikkar luer.

og lilla tunge av blåbærsmoothie og fantastisk film på natta. elskar.
i dag prøver eg å overbevisa mamma om å strikka luer eg kan selga for ho her på bloggen(hadde ikkje det vore fint?) også prøver eg å psyka meg opp til ein fiskemiddag. kva prøver de i dag?

my sunday was buns with whipped cream(tradition) and a lot on our noses, trying out hats my mom is knitting and getting my tongue purple from blueberry smoothies in the middle of the night.
hjarte.

i går sov me lenge. så kom fredrik og eira rekande, og me gjekk inn til sentrum.

men først! marita-putikken der eg ikkje fann noko men heller ei leitte.

så sa me farvel til eira i ei rulletrapp(velkommen tilbake!).

etter å ha vore dj på eplehuset i ein halvtime i kø tok me trikken til frogner.

og desse vart med heim(no seier dei hei korleis går det, fint å sjå deg igjen når eg kjem inn døra. smelt.)

me sprang nesten med rollerblades heim for å laga mat og drikka den nye tranebærcideren til somersby. mmnam.

og christine hadde blitt ein leopard og ville ha mat fortfortfort.

mmmmmums.

til dessert åt me dei nye kjeksa som heiter dots som smakar oreos men da kan ein jo ete oreos. på ein måte.

og makronar! eg hadde chilisjokolade, sjokoladekaffi og kvitsjokoladevanilje. åh.

etterpå kom krøll og julie og marian fra klassen min.

mens eg stakk av med ein buss til alexander kiellands plass med rosa kjærleikspakke berre i hånda.

der var ina på ein snurr! ho feira purstag og fekk pentax-kamera og solbrillepin av meg.

og ho var veldig mønstrete.

og hadde det finaste smykket.

så gjekk eg heim aleine og det var glatt og skummelt så flaska med sprite var utrygg å åpna.

så spelte me litt og sang.

og han der fine og marian diskuterte barn og skule og hundar og sånn.

så dansa me og på eit eller anna tidspunkt sovna eg i lykkerus medan dei andre laga graut med kanel og sukker. fantastisk fest og fantastiske folk. no er eg heime hos mamma og pappa og her skal eg vera i eit par dagar. lesa bøker og sova og klappa hund og klemma bestemor. håpar de har fine søndagar og hadde like fine laurdagar som meg.

my saturday: beautiful people, macarons, nachos and a wonderful party at my house.
fredag uten ansikt.

fredag var pappa på plaza hotell.

og lammekjøttbollar.

og nye blomar.

og brownies i ein taco-boks.

og føtter i sofaen.

og tre tannbørstar i koppen.
hadde de det fint? no er det laurdag og det er sooool!

my friday looked like this.
min fredag er lasta med.

♥ pappa-pusøk.
♥ naan-brød.
♥ plaza hotell.
♥ christine i senga.
♥ nye tulipanar.
♥ lammekjøttbollar og pasta.
♥ film.
♥ kjærleik.
kva er din fredag lasta med?

my friday is: my dad in oslo, naan bread, christine, meatballs, movies and love.
ei natt observasjonar

about not being able to sleep and things that happen outside my window in the night-time.
tristesspai.

eg lagar middag og blir plutselig slått av ein sånn voksande tristhet i magen når eg innser at paien eg lagar ser ut som ein liten dal der alle trea berre har falt overende og ikkje klarar å komma seg opp igjen. neste gong eg lagar pai skal alle få stå oppreist også kan ein le litt medan ein et og ser inn på alle trea som står.

while making pie today this made me very sad. poor fallen broccoli trees.
tulipanflekkar.

i går, etter eg og julie hadde gjort dette til ymse grand prix-songar og hits fra barndommen i ein time kom krøllesara og me reiste ut for å eta etter eg og julie hadde opptredd som piano- og syngedamer.

me reiste på daqota!

hei, sara!

me åt burgerar og snakka om at eg og julie ikkje likar blitz sjølv om sara har kjøpt seg ny.

hei, meg. takk, julie.

så hoppa me heim til snart døde tulipanar.

og raudvinsflekkar.

fine sara.

han der fine kom heim på eit tidspunkt og snakka om partiledarar og taktikk og statistikk og eg nikka. masse.

hei, meg. me satt ved bordet og litt på golvet og snakka om kor fint det er å ha festar på onsdagar og ikkje bry seg noko særlig om verda rundt oss.

og julie filma meg medan eg prøvde å synga så surt eg berre kunne til årets grand prix-hits.

og vips var klokka masse og julie fekk ei seng på golvet og eg måtte stå opp klokka fem for å drikka eplejus av kartongen. og i dag har eg fri men vart frastjelt mobilen min så eg er fnurt.

yesterday we celebrated our wednesday night tradition of getting drunk on red wine and conversation.
dagens middag.

i dag hadde me pasta carbonara på våre nye gamle middagstallerkar.

vops!

han der fine brukar skjei men eg brukar berre gaffel.

og dessert: kirsebæryoghurt(noko av det einaste eg klarar å eta på grunn av penicillinen) i mi nye finaste skål.

this is my dinner today: carbonara and for dessert cherry yoghurt.
i natt.


i natt, medan de sov, satt eg på baderomsgolvet og fotograferte med photobooth. til kva? kanskje de får vita, kanskje ikkje. kva drømte de om i natt?

last night i photoboothed in my bathroom.
krysse knær fingrar tomlar tær

ein. i dag har eg kjøpt meg ny tannkost. eg elskar å kjøpa ny tannkost. den er rosa og har blomar på seg.

to. i postkassa mi i dag låg det eit fint brev og eit lille larven aldrimett-kaleidoskop! takk, fine marie-louise!
og ps: no tykkjer eg at de skal kryssa alt som kan kryssast for no er søknaden min hos trafo for alvor under vurdering. kryssar de kryssar de kryssar de?

today i bought a new toothbrush and someone sent me a a very hungry catterpillar-kaleidoscope!
snop-søndag.

i går kom sara til meg for å ha laurdag. eg var nemlig superkvalm(penicillin, blæ) heile laurdag, så me såg film og begynte med kvit sjokolade med tørka bærbitar i. kjærleik.

fra sofaen hadde me utsikt til toppen av tv-en. med fine tulipanar på.

eg fekk ingefær-øl.

og ei heil skål med snop.

sara var superfin med raude lepper og perler.

og sara hadde kjøpt ein ny tulipanmuffins som var gulrotkake samtidig.

sara matcha skjei og kjole.

heilt til slutt delte han der fine opp ein pomelo som var søt og sur samtidig. herleg søndag.
hadde de laurdag på laurdag eller søndag?

yesterday i had saturday on a sunday with candy and movies.
natt.

kjelde
i kveld har eg jobba i timesvis med magasin og formalitetar. snart skal eg sova i hundre år og da skal eg drøyma om kvalpar som aldri blir vaksne og om makronar med mintsjokolade og om ostesmørbrød som lagar lyd når ein tygg inn i dei men er heilt mjuke inni. tusen nattasussar.

i have been working with my magazine project this evening, and now i'm going to bed and hopefully i'll dream of mint chocolate macaroons.
prikkar og striper og blomar.

i dag hadde eg ein kjip laurdag. den vart fort betre med nye serviettar.

og kjærleik på pinne.

og ny ladning fra tronsmo.

og nye kjøkkenklutar fra rice!
har de unna dykk fine ting i dag? eg håpar det.

my new purchases today.
flink.
![[gickr.com]_bcd6a6a9-1153-5514-8d2f-059b7196a5a7](http://farm3.static.flickr.com/2690/4331565016_6dc4a05c6b_o.gif)
i går kveld var eg til tannlegen. eg er kanskje redd for syklar og for alle framande menn, men tannlegar. tannlegar er eg mest redd for i heile verda(da meinar eg redd, typ kaste opp og bite i leppa til eg blør-redd). etter ei heil natt med googling(eg fant til dømes ein mann som hadde hatt litt vondt i tanna og det endte med at han måtte operere vekk halve ansiktet) måtte eg berre reisa til tannlegen. førtifem minutt(boring og rotfylling og kos) i ein stol med ei superdupersøt dame får meg til å tenka at "herrejemini kva er eg redd for tøysejente". på andre sida av døra sat den finaste eg veit klar til å susse på nasen og holda kvitteringar og reseptar på smertestillande og pennicillin. så i dag tenkjer eg at eg skal få lov til å unna meg ein ny blomsterbukett. fordi ein ikkje treng å vera liten for å trenga belønningar når ein føler at ein har mestra noko. og litt fordi det er fredag.
kva unnar du deg i dag?

i finally went to the dentist yesterday(my biggest fear in the entire world), and i feel like fresh flowers would be a nice treat. after all, it's friday.
onsdagar.

i går etter ein forferdelig dag kom sara.

og julie til meg.

han der fine snurra pizzadeig.

og julie og sara redigerte bilder.

og eg laga fluktplanar med sara sitt kamera(me elskar kvarandre. sparing tar altfor lang tid).

etter altfor mange timar hadde me ferdig pizza og den var så altfor god. med kesam-saus og valnøtter.

julie las i ei av dei finaste bøkene eg veit om.

og eg leikte med min nye fisk fra janne.

det gjorde han der fine óg.

her var det ingen musikk.

eg har framleis ballongar i taket etter fotograferinga mandag(fredrik mista den siste på vegen).

me reiste på daqota.

der sara spelte piano på iphone.

og me drakk sjokolademilkshake og tropisk smoothie.

og før eg la meg inhalerte eg smertestillande som hjalp til kanskje klokka fem og da måtte eg ta nye og da var det tomt. eg skulle ønska me levde i ein verden uten tenner. og kanskje er eg ei tann mindre i morgon.

yesterday julie and sara came over for pizza and wine and we had chocolate milkshakes and smoothies and pain killers for supper.
fisk.

meg og julie og sara med min nye fisk som janne har hekla til meg. kjærleik. har de fine onsdagskveldar?

me and julie and sara with my new fish!
ting som skjer medan ein søv.

eit lite innblikk i korleis settet vårt såg ut i går. me hadde tre heliumsballongar, men fredrik mista ein på vegen heim. lo meg ihjel.)
dei to siste dagane har vore sinnsjukt travle og i natt var eg så sliten at eg trudde eg kom til å gå ifra kvarandre. når adrenalinkicket hadde gitt seg, sjølvsagt. i dag skulle eg henga bilder på veggen på skulen og ha gjennomgang der eg skulle kjempa med nebb og klør for å forsvara kvifor eg hadde gjort som eg hadde gjort. sånt som ein både gruar seg og gler seg til, de veit. men eg våkna med migrene og halve ansiktet mitt er dobbelt så stort som resten på grunn av ei tann. så eg våkna ikkje før no, klokka fire, og da har det skjedd to store ting heilt medan eg sov:
♥ eg har vore på tv. eg og hedvig gjekk gjennom karl johan i går for å kjøpa helium-ballongar på standard og vart stoppa av god morgon, norge (me skreik "neineineineinei først", men det var ikkje hjelp i). eg er meir enn middels glad for at eg slapp å sjå det sjølv.
♥ eg er plutselig på topplista? ojda. på grunn av all linkingen fra finaste elise, og det går nok over om ei veke, men det er ganske gøy likevel. (fotograferinga gjekk forresten kjempefint, og eg er ganske stolt av bildene. eit av dei kjem eg faktisk til å henga opp på veggen. de får sjå dei etter elise har lagt dei ut sjølv)
kva har skjedd i livet ditt medan du har sove i det siste?

today, while i have been sleeping, this has happened in my life: i have been on television and publicly admitted my fear of bicycles, and i have joined my blog portal's top list(which i'm sure will pass in a few days).
behind the scenes.

i dag finn de meg her.

med desse.

og desse. (fredrik og elise)

og desse.

today i'm shooting elise with fredrik as my stylist!
makronar og pink lemonade.

klokka eitt møtte eg og han der fine sara som hadde fint kort krøllehår(eg klipte det før i veka i ei slags vintåke og var nervøs men ho var fin fin fin!) me tok trikken til sebastien bruno for å kjøpa makronar.

så til standard festmagasin.

me prøvde hattar og eg kjøpte ei maske.

sara kjøpte ingenting. tulla.

me kom heim og hadde piknik på golvet. laurdagssnopet til sara: to sitronmakronar. eg hadde ein som verken ho som jobba der i dag eller eg visste kva var, men den var sååå god. og ein med kaffe og sjokolade. og ein hasselnøttpralin. fantastisk. om eg hadde gått med tskjorter skulle eg fått ei der det står "i <3 sebastien bruno".

han der fine kjøpte pistasjnøtter som var åh. så. gode.

ein blir glad av god sjokolade.

men sara hadde meir!

fine var dei óg, men eg er ikkje så glad i surt altså.

pink lemonade derimot. dét hadde eg virkelig sakna.

etter me hadde piknikka ferdig reiste sara og ringte og sa "ta bilde av meg i parken ut vindauget" så det gjorde eg. ser de ho? det var ein halv laurdag og tenk at klokka berre er seks!
har de fine laurdagar?

my saturday: sara, macarons, pink lemonade and pink heart balloons!
blå-fredag.

min fredag er blå med blå peppermyntete og mine nye blå tallerkar fra marita-putikken.

og blå med stemorsblomstkjolen min.
kva farge har din fredag?

my friday is blue. what about yours?
sjiraffar til middag og pai i ein dyrehage.

i dag har eg vore i studio(to analoge filmar der óg, framkallar før sola står opp i morgon).
i dag har eg ete eitt egg til frukost. berre sånn i hånda.
i dag har eg ikkje laga bokstavtorsdag.
i dag har eg scanna åtti negativ.
i dag har eg framkalla tre filmar.
i dag har eg vore så sliten at eg nesten grein når eg fant ut at han der fine hadde laga paien på feil måte.
i dag har eg sett éi episode criminal minds.
i dag har eg ikkje ete frukt men fått smoothie.
i dag har eg fått fleire studio-oppdrag.
i dag har eg høyrt ein mann sei "jeg skal spise der maria mena spiser, i håp om å se henne igjen".
i dag har eg kjøpt film for hundreogsekstiåtte kroner.
kva har de i dag/i går? om de ikkje søv, da.

today i have eaten an egg, been in the studio again, scanned and developed a whole lot of film, seen one episode of criminal minds and had a smoothie for dinner.
false lash effect.

i går kveld kom sara heim til oss på heimelaga tomatsuppe. sånn såg ho jaffal ut når ho kom.

så poppa julie innom heilt uventa og hadde med seg sjokolade med diamantar igjen.

etter litt vin begynte det å skje ting på badet. med sara sitt hår.

og eg sminka julie som ei broadway-stjerne.

sara såg sånn ut etterpå! pluss at eg klipte typ ti centimeter hår, tenk det.

etter det reiste julie og eg og sara skreiv postkort til folk me ikkje kjenner heilt til ho ikkje rakk den siste bussen heim.

så da fulgte eg og han der fine ho heim igjen.

så fekk me bli med inn til sara óg, og der hadde eg jo aldri vore før. ho har bartar i dørkarmar.

og ho har den søtaste finaste lille hola eg har sett.

med paper aeroplanes i vindauget.

og blomar som var triste men fine likevel.

eg og han der fine gjekk hand-i-hand heile vegen heim(det var langt) og snakka om london og om framtid og om alle vennene våre og om å ikkje ha migrene ei heil veke og om å føla seg levande.

når me kom heim var klokka typ klokka to, og me laga te med afrikansk flytande honning.

og appelsiner.

og såg criminal minds. og sussa. og det var vel den kvelden.
no som eg faktisk har bestemt meg for å spara til eit nytt kamera må eg vera litt meir frampå og sei hei! eg tar gjerne på meg foto- eller skriveoppdrag for dei som har behov for det. eg har studio midt i oslo sentrum og er veldig open for idéar. så send gjerne ein mail på mariell.oyre(at)gmail.com. smilefjes.

my wednesday was packed with people, being in studio with julie all day and then dinner with sara and julie and not going to bed before four am.
frosk.

ina var her på vin i går og det har eg fire bilder av. her er hei, ina, rundt rundt bord med skeiv duk. hurra!

me hadde gulrøtter og agurk med dip som hovedrett og snop som dessert. likar spesielt dei gule froskane, må eg seie.

ina har nikon men vil egentlig ha canon 5d mark ii. det er hemmelig.

me såg pinlige videoar på youtube og dokumentar om ei dame som var objekt-seksuell(og gift med berlin-muren) og snakka om blogging og om å skriva postkort til framande. klokka vart to før ho reiste og da var det tåke og snø utanfor. i natt drømte eg om sid i istid og det var ein fin opplevelse.

my yesterday with ina summed up with four photos.
tysdag.

i dag har eg fri og sender postkort til bestemødre.



og elskar blomstermarked på stortorvet.

og lagar kjærleikswok.

med ananas -og sweet chili-saus.

og eg tømmer vatn.

og arrangerar blomar.

og har fiksa den nye islampa mi.

og eg elskar den!
no skjer det ting her. skjer det ting der?

on this tuesday i am writing postcards, buying flowers and loving my new ice cream lamp.
tyv.

han her teikna tiril(fire år) på hytta i helga. han er ein real skurk. er han ikkje berre superfin?

a drawing of a crook by tiril(four).
welcome to the mountains.

fredag kom me til hytta til han der fine. dei har bygd ut hytta, så eg og han der fine har fått vårt heilt eige rom som er berre vårt. den einaste møbelen(utenom seng) er desse knaggane. (fra designtorget)

hei, fin.

elleve personar er lik oppvask.

me spelte yatzy(dei spelte yatzy medan eg spelte trivial pursuit på iphone).

og det var fine beibiføtter.

og lange frukostar.

og å blåsa og teikna på vindauga.

og tiril som dyttar bestemor i snøen.

og å eta nonstop i den nye sjørøversnøhytta.



og bilder på badet.

og smil.

og kaffi. kanskje tusen liter. fra koppar som svigermor hadde på hybel i si tid. fint.

og gulrotkake til dessert og ein ny kjærleik til physalis.

og barneteikningar.

også var det hadet, fjellet.
eg skjønnar at de er nysjerrige, så eg skal berre sei det med éin gang: eg står ikkje på ski. for å komma meg ned til hytta går eg til nød på truger, men helst ingenting. eg hatar å stå på ski og har gjort det heile livet. eg har istaden lest bøker fra perm til perm og skrudd bokhyller og tv-benkar. mykje bedre, tykkjer eg. har de hatt fine helger?

this is the looks of my weekend in the mountains.
før eg gløymer det:

kjelde
for eit par dagar sidan registrerte eg meg for å bli blodgiver, for det kan eg endelig(lang historie, men: eg har ein sjelden blodtype og fant ut at det var heilt idiotisk å velga piercingar(ein kan ikkje gi blod med piercingar i slimhinner) framfor å gi blod)! det er fint å gjera no som det er kaldt og det skjer så mykje vondt i verden og eg får ikkje heilt forstått det før det skjer noko nytt. men blod forstår eg. me skal ha kjærleik til våre medmenneske og til oss sjølve. og blod er gratis å gi vekk, men vanskelig å få tak i uten velvilje. det er ikkje tungt eller må sendast som spesialbagasje, så det er ganske enkelt, berre registrer deg her med alternativet som passar deg(for meg passar hausmanns gate, så kan eg hoppa innom og gi blod før skulen, tenk det!) også reiser ein dit for å få ein kjeks og hyggelig samtale medan ein ikkje ikkje ikkje ser på blodet sjølv om det kanskje er den finaste fargen i heile verda. okei?

i recently registered to donate blood and i am hoping my readers will do the same.
adios amigos!

no reiser eg med mine ny altoids, d2, nye costume og nye elle til ein bil som tar meg og han der fine til hytta til han der fine sin familie. den er heilt ny og no får me vårt heilt eige rom. kva gjer de i helga?

i'm taking my new altoids and reading material to a cabin in the mountains for the weekend!
i dag.

(ikkje hatt grønt hår som det ser ut på animasjonen)
♥ hatt migrene og hatt håret opp(ellers vil eg berre klippe det av).
♥ sove til klokka halv to.
♥ hatt mine tre prikkar mykje større enn eg pleier.
♥ hatt kaker i øyrene igjen.
♥ lese i den nye boka mi.
♥ tatt ferdig diana-film nummer to.
♥ blogga kvittering.
♥ hatt pusøk av hedvig.
♥ blitt laga middag til.
♥ drømt om fargeblyantar ein aldri måtte spissa.
♥ kjøpt noko fint.
♥ blitt akutt trist så me måtte køyra til pascal(sebastien bruno hadde stengt) men så var makronane fæle. harde og seige. superskuff.
no har eg kjærestekos med kakao og knekkebrød. har de hatt fine dagar?

today i have: had a migrain, slept until two, had cake in my ears, read some pages of my new book, bought something nice and been dissapointed by macaroons for the first time.
vinonsdag.

i går, onsdag, kom julie og fredrik til min ringe bolig. me åt den nye melkesjokoladen med kvikklunsj og diamantar og den var god.

og litt tortilla med kylling óg, da.

fyi: julie har verdens minste magesekk.

etter middag og vin og øl og cider vart det støvsugersang- og dans.


herlege folk. skulle ønska dei budde i skapet her så eg kunne plukka dei fram om eg var trøtt. (det er ingen bilder av meg her fordi eg såg trøtt og fæl ut på alle bildene, eg har ikkje sove på kanskje ei veke men i natt: tolv timar. hjarte hjarte hjarte. i dag har eg fri og det er så deilig at eg ikkje finn ord.) og no forvrir eg heile veka mi heilt fram til de er villige til å akseptera noko anna enn de er vant til. om eg vil at det skal vera onsdag i går så var det det.
ps: no har eg lagt ut den nye adressa mi på forsida på bloggen så de kan senda løyndommar dit. og gjer det!

yesterday was julie and fredrik and wining and dining and singing and dancing. (and sleeping)
grunnar til at livet kunne vore kjipt
☆ sesongen med criminal minds me nettopp fekk i posten hadde kun episodar me har sett før.
☆ eg har nittiseks kroner på konto og minst tre tusen i rekningar og utgifter, og lånet kjem ikkje på ei god stund.
☆ eg har opparbeida meg ein frykt for framande menn og vil helst ikkje gå ute aleine etter mørkt.
☆ eg har prestasjons- og tidsangst til tusen for ting som skjer på skulen og med bloggen.
☆ eg får ikkje sove.
men det er ikkje det, altså. for eg har appelsiner og kvitvin i kjøleskapet og løvekjæreste å eta spaghetti med.

six reasons why life could be miserable(but it isn't).
ny tv.
i dag er det laurdag.
enig?

today is saturdayyy!
god morgon!

peppermyntete og mi nye sløyfe som eg laga i går.

rouge som er så rosa så det er ikkje klokt eingang.

småpengar til kaffe når eg kjem fram.
men viktigast av alt: sett av fem minutt til kos med halvsovande knisekjæreste før eg går. så det skal eg no, for da blir dagen fin uansett. har de hatt fine morgonar?

good morning!
i tilfelle.

i tilfelle de lurte såg gårsdagen sånn ut i moleskinen min. fint? i dag er tom fordi i dag er ein ny dag, som sagt. kor fint er ikkje det, liksom.

this is yesterday in my moleskine.
berre ein onsdag.


i dag følte eg meg bedre og hadde attpåtil fri, så eg dusja og tok på meg ansiktet mitt for å hoppa på trikken til museum.

med sara! me gjekk på astrup fearnley.

der er det ikkje lov til å ta bilder, men det fins eig glasvindauge ned mot ei utstilling som ikkje er ferdig enda. okeida bra nok, tenkte eg.

eg hadde den største sløyfa i håret så den var meir som ein hatt enn som sløyfe. då me kom ut var det blitt mørkt(trist for mini-diana som treng lys), men me hoppa på tolv-trikken til niels juels gate og min nye kjærleik: sebastien bruno.




altså, så fint er det der inne. og makronane er dei beste eg har smakt, bedre enn i paris på ladureé!

han der fine og sara tøysa(han har så langt hår no så han blir meir og meir som ei løve for kvar dag som går).

eg drakk kakao og det var den beste eg har smakt(bedre enn på hotel bristol som var den beste eg hadde smakt før det)!


på veg heim demonstrerte sara kor glad ein blir av å ha makronar i posen.

me hoppa innom rematusen for å kjøpa proviant.

heime måtte ein vel ha på seg raggsokkar.

og sara hadde eiffeltårn fra før.

og me pakka ut min nye post, fantastiske lausvipper eg skal bruka i ein fotografering snart med eit ansikt de kanskje kjenner fra før.

sara fotograferte meg og han der fine med eit gammalt kamera som kanskje ikkje funkar, og me idémyldra om ei fotografering eg skal ha på laurdag.

alt dette imens eg laga middag: karrimakaronipølsegryte på golvet, og sara åt lauk sjølv om ho ikkje likar det.

og farris med eple(egentlig lime men ein kan drøyma)

makronar var til dessert. mine favorittsmakar sålangt fra sebastien bruno: sjokolade&kaffe, sitron&sjokolade og ingefær. mums! så såg me csi og criminal minds og i morgon er ein ny dag.
hadde de fine onsdagar? om de søv håpar eg de drøymer om bomullskyer ein kan ligga på og eta regnbogar som smakar akkurat som ein tenkjer at dei gjer.
ps: tusen takk for alle dei fine kommentarane dei siste dagane, dei gjer meg varm i magen og gir meg tusen idéar. suss til det, altså.

my wednesday was spent at the modern museum of art, with macarons and sara and the most beautiful boy.
mu.

kjelde
i dag er eg sjuk som ei potte og har på meg blåbærprikka genser og er heilt matt i ansiktet og eg fniser av nakne kjærestar som ikkje har byrja på universitetet enda og spradar rundt i leiligheten og stjeler nys(eg gøymer meg på badet når eg må nysa for ellers tar han den. altså, det er sant!). og eg skulle ønska nokon ville komma hit og bake cupcakes til meg, altså ikkje muffins men ordentlige cupcakes med masse frosting som smakar mint og eg skulle eta dei liggande og få glasur i heile ansiktet. eg vil skriva små historiar i den nye moleskine-boka(ja, for eg kjøpte den med éi bok for kvar månad og eg elskar den) mi med ny penn med tynn spiss. kva skriv ein historiar om når ein er sjuk? kva vil de høyra historiar om? og kva gjer de når de er sjuke og vil bli friske igjen? for egentlig ser eg jo berre på tv.

today i am sick with the flu and i want to write stories but i have no idea what to write them about?
monday january 11.

ser de kva me skal ha til middag i dag?

my grocery list for today: crisp bread, eggs, onions, yoghurt, milk, bacon, spaghetti, brown cheese(norwegian phenomenon) and tomatoes. can you guess what's for dinner tonight?
sånn laurdagar skal vera.

eg drog ho med meg til biblioteksbaren på hotel bristol, og me fekk kanner med kakao. ho fekk krem på sin.


og eg fekk utan, men godt uansett. (eg trur dei lagar den på mokkabønner, men eg er ikkje sikker)

hei, ingvild!

fredrik hoppa innom, og ingvild må ha snakka om noko som var sjokkerande, ser det ut som.

der satt det ein mann med sløyfe og spelte piano, han spelte songar frå cabaret og songar som fekk ein til å smila men så gjekk han berre.

sånn såg det ut, og da reiste me på trikk heim til meg for å eta moussaka og sjå på tv(å, som eg har sakna tv!). håpar alle har nydelege laurdagar! eg skal eta egg og sjå på film og kosa nakne føtter under dyna.
i morgon kjem hjartepost-mailane, så de kan berre gleda gleda gleda dykk! og torsdag som kjem er første bokstavtorsdag. suss!

my saturday was hot chocolate at the library bar with ingvild and fredrik(cedric!), and moussaka and tv this far, and more tv and cuddling to come.
morgon.




trehundreogsøttito kroner i buss, hundreogførtitre kroner i taxi og sju timar seinare er eg framme i oslo. i leiligheten. og den luktar av han og det er ganske kaldt her. og eg lurer på kva dei på 1881 tenkjer når dei får søk klokka fem der det står "taxi oslo" og to minutt seinare ein frå same nummer der det berre står "hjelp" (noko gale med mobiltelefonen min og eg holdt på å frysa ihjel når eg ikkje fekk ringt etter taxi). i postkassa låg det postkort og ein pakke frå ei som heiter kristine. der låg denne fantastiske kjærleikpåpinnen. takk, kristine! den får bli frukost før eg legg meg(eg et den no, den er veldig god). imens ser eg powerpuff-jentene. morgonsuss!

i'm finally back in oslo and it's really too early to think let alone write.
mitt totusenogni, september til desember.
september

i september byrja eg på skulen og i september hadde eg åleinefredagar.

trine marie og kjærleiken var på spontanpusøk ein søndag.

me var på søndagsfestar og eg tok bilder under dodøra.



eg fekk finast pusøk av vidaregåande-venner og det var ei himmelsk helg.

me åt lange frukostar i helgene.

og eg fotograferte mykje analogt både heime...

...og på skulen.

eg lærte meg å bruka eit analogt mørkerom og det var noko av det beste med heile året.

eg reiste heim ei helg til finaste søstra.

og finaste bestemor.

i oslo fann eg fram igjen bringebærkjolen eg hadde gløymt.

og me var på middagar med sara.
oktober

i oktober var eg og han der fine i stockholm ein liten sving. me var på beyond retro-fest og eg kjøpte mange nye kjolar.

og han fekk så mange kommentarar på at han var fin.

i oktober hadde eg ei veke der eg gjorde ting de ville eg skulle gjera. skreiv til dømes brev.

trine marie var på fleire middagspusøk som heller vart små festar.

han der fine reiste til palestina og eg flytta omtrent inn på pascal med fine folk.

eg fotograferte julie i studio.

og hadde tv-middag med mariel.

så kom han der fine heim og eg var ein veldig glad kanin.
november

i november kjøpte eg ny kjole som fekk meg til å føla meg som ei busk.

me hadde fest for å feira fem år med kjærleik.

eg fann ut at eg for alltid ville ha blomar heime.

og eg fekk nytt hår for eit par timar.

og den styggaste kulaste tekanna i heile verda.

fredrik og janne kom på fyllefest og fredrik laga blomsterkrans.


så var det monki-fest som var ganske så fabelaktig.
desember

i desember var eg på bristol med christine.

laga heimelaga gløgg.

åt lange frukostar i senga i oslo. så reiste eg heim for juleferie.

fekk ny hatt og mange andre fine ting til jul.

og fotograferte i eit basseng.
korleis har året vore?

last part of my '09!
mitt totusenogni, mai til august.
mai

i mai var eg veldig nervøs og redd og fann trøst i været. eg bestemte meg for å vera russ også berre klarte eg det ikkje. i tillegg var det så altfor mykje skule og ting som skjedde samtidig.

eg og han der fine gjorde alt me kunne for å stenga verda ute. deriblant malte me bilder som såg ut som fingermaling av femåringar.

og var litt i skogen.

eg fotograferte oda.

og me lagde nederlandske pannekaker for første gang.
juni

i juni kom syrinene for fullt.

eg fotograferte sonja.

eg hadde eksamen og det gjekk fint, så endeleg kunne eg pusta igjen. dette måltidet inhalerte eg og christine på han der fine sitt golv etter eksamenen var overstått.


og endeleg fekk ein tid til å sitta i hagen og spela kort.

den siste festen føltes og var akkurat sånn.

så reiste eg til trondheim og ukm med løyndom-prosjektet og møtte sara for første gong.

etter det reiste eg til island med han der fine sin familie i ei veke.
juli

i juli lo eg på taket med finaste.

drakk mange liter iskaffi.

var på roadtrip med pappa.

feira purstagen til fredrik og prøvde å lodda han ut.

las fine bøker.

smoothies til frukost middag kvelds og natt.

fotograferte trine marie(om de ser desse bilda rundt omkring på internett sei ifra til meg plis).

var i molde og budde i telt ei heil veke. åt mange panda- og koalakjeks og las fine bøker.

fotograferte trine marie ein gang til.

var tantemariell og plukka rips.
august

i august laga eg og trine marie og hennar nye kjærleik pasta frå botnen av, og eg var så lykkeleg og full av kjærleik.

me var på pusøk til reidun der me fekk te og muffins.

eg var ein liten tur på hytta og det var herlig.

så flytta me til oslo. eg var livredd.


men kjærleik. hjarte.

så traff eg ina for første gong.

og hadde eira på golvet.

og trine marie flytta etter meg og det var nesten det finaste som kunne skje.

eg fynda kaninstativ for femti kroner.

og var på blåbærtungemiddagar.

og fann globus og kaleidoskop.

og hadde mormor og morfar på pusøk i oslo.

og las den finaste boka i verda, looking for alaska.

og var på operataket for å sjå fredrik og trine marie på performance.

også var eg i bt-magasinet om bloggen.
phjo! siste del kjem i morgon.

second part of my year.
feira.

kjelde
sjølv om nullni har vore eit år fylt med fest, har det siste halvåret kanskje vore litt for rolig, så eg tenkte at ein skulle finna nye ting å feira så ein fekk ein grunn til å invitera folk. difor har eg funne følgande ting å feira i det nye året(i tillegg til andre åpenbare ting som purstagar og kjærleiken):
♥ nytt år i oslo, januar - totusenogti blir mitt første heile år i oslo og mitt første heile år under samme dyne som den vakraste i verda. det tykkjer eg jammensant ein skal feira. eit nytt år i oslo til å leita etter fine og rare plassar og krikar og krokar og dela dei her.
♥ poesidagen, 21.mars - både eg og han der fine og mange i vår vennekrets har ein stor kjærleik for poesi. tenk kor fint å møtast i eit mørkt rom med stearinlys og raudvin og lesa dikt til langt på natt
♥ vaffeldagen, 25.mars - eg har eit vaffeljern, kanskje du har eit vaffeljern. kvifor ikkje feira? brunost på mi, takk
♥ sveriges nasjonaldag, 6.juni - altså, kvifor ikkje? ein har jo eit visst bånd til nabolandet sverige og kvifor ikkje nytta anledningen til å feira eit så vidunderlig land? kanskje ein til og med skulle reist dit?
♥ verdens blodgiverdag, 14.juni - eg tykkjer alle skal dra med seg vennene sine til sjukehuset og sei "tapp meg for blod!" eg har sjølv fjerna piercingane mine den siste tida fordi eg skal bli blodgiver så å gi blod tykkjer eg er noko av det viktigaste ein kan gjera for å bidra til samfunnet. det kostar eit friskt menneske ingenting, men for nokon som treng det er det det viktigaste i verda.
♥ fårikålens dag, 25.september - om ein først skal vera vaksen og bu aleine tykkjer eg ein skal læra seg å laga fårikål. og om ein først lagar fårikål lagar ein til mange(litt som med lsd). så kvifor ikkje ha fest, liksom.
♥ verdens fjernsynsdag, 21.november - best i verda: ein dag tileigna tv-middagar.
no tykkjer eg de skal skriva det ned i kalenderane og invitera til kjempefest jaffal ein gang i månaden. er det andre ting de tykkjer ein skal feira?
ps: i år er morsdagen, valentinsdagen og fastelavn på same dag! kjempefest!

i've found new things to celebrate in the coming year, what about you?
over underflata.




i dag skriver eg tekstar om kjærleik til framande og tar bilder under vatn og bloggar behind the scenes-bilder frå det(eg har tatt analoge bilete under vatn, så eg er superspent på korleis dei blir)! kva gjer de? også er eg så nysjerrig på ein ting. korleis feirar de nyttår? kva et de og kven er de med? og veit de om nyttårstradisjonar frå andre land?

today i'm writing texts about loving strangers and shooting pictures under water!
mitt totusenogni, januar til april
januar

i januar starta eg for alvor løyndom-prosjektet.

og eg kjøpte mange nye kjolar og sløyfer for pengane eg hadde fått til jul og hadde veldig kort hår. (og eg såg ut som eg var glad men når eg ser dette bildet tenkjer eg mest på at det er så trist korleis folk kan sjå ut som dei hadde det bra. eg sakna bestefar og ville vera alle andre plassar enn i norge.)


og eg var fin på vin fleire gongar i veka.

eg og han der fine tok oss ein pause og reise til bergen for å sjå hedda gabler.

og endelig kom lyset tilbake.
februar

i februar hadde me indianarpurstag for å feira christine litt for tidlig. eg reiste heim klokka ti fordi eg hadde magekatarr.

så feira me christinepurstag på faktisk christinepurstag og det var fint med mint-is og ballongar i taket og ny fjernkontroll.

og det var masse snø på sandane.

på skulen satte dei opp cabaret og fredrik var sjølvsagt fabelaktig.

heime spelte me ekstremt masse rummy.

eg og han der fine reiste til oslo for å sova i senga til janne og gå på teater. me såg les miserables og vart litt mindre redde for å bu i oslo.

eg fekk møta pyttelille storm for aller første gang(i min splitter nye odd molly-kjole).

og fotograferte han. så reiste eg og fire fantastiske personar til amsterdam og det føltes sånn:







februar var månaden eg begynte med å skriva tekstar her inne, og eg innsåg at det ikkje var så farlig likevel.
mars

i mars bretta eg masse origami.


eg festa og sussa masse(true story: på denne festen låste eg meg inne på doen og snurra rundt og rundt og rundt i ring(eg gjer det av og til) også sklei eg og slo meg sånn på rumpa at eg for alltid har eit hakk. i rumpa.)

eg reiste heim ei helg og spelte trivial pursuit og mamma laga fruktsalat.

eg var hung up on pushing daisies, som sidan februar. åh, saknar.

eg hadde langt hår og raudprikka kjole(som eg gler meg til å få kroppen min tilbake og til håret veks ut igjen. totusenogni, altså!)

eg sendte pakkar fram og tilbake med ina.

eg reiste til stavanger og fekk møta sunniva for første gong.

eg fekk hemmelig pakke fra finaste ingrid(som framleis er hemmelig).
april


april starta med big bang-konsert som var heilt fantastisk men eg fekk altfor masse gratis øl av fine folk.


me hadde påskeeggjakt i hagen og han der fine var haren.


så vart det påskeferie og det var rolig og herlig.

me var på fest med juletre.





me feira purstagen min og det var den beste purstagen nokon gong.


eg hadde prikkekjole på og eg og han der fine sussa våren inn!
snart kjem meir totusenogni!

this is my first third of this year's events.
om eg var...

kjelde
- om eg var ein farge skulle eg vera lilla
- om eg var eit nummer skulle eg vera fire
- om eg var eit dyr skulle eg vera ein kanin
- om eg var ein sang skulle eg vera piano.
- om eg var eit klesplagg skulle eg vera ei kaketruse
- om eg var ein sko skulle eg vera flate svarte som ikkje gjorde vondt.
- om eg var eit vær skulle eg vera regn.
- om eg var ein kjent person skulle eg vera zooey deschanel.
- om eg var midt i ein drøm skulle eg vera om å eta skyer.
- om eg var ei disney-prinsesse skulle eg vera pocahontas.
- om eg var ein drikk skulle eg vera kald raudvin.
- om eg var ein type mat skulle eg vera eit bringebær.
- om eg var ei årstid skulle eg vera haust.
- om eg var eit fotografi skulle eg vera i mjuk fokus.
- om eg var ein blome skulle eg vera ein tulipan.
- om eg var eit instrument skulle eg vera eit triangel.
- om eg var ein smak skulle eg vera kokos.
- om eg var ei lukt skulle eg vera miss dior cherie.
- om eg var ei kjensle skulle eg vera glede.
kva skulle du vera?

"if i were..." please try the google translator.
ou.

foto: sandra juto
i heile natt har eg vore så dårlig at eg fleire gonger har lurt på om eg var på veg til ei anna verd, eit anna univers. det er ukult å vera sjuk og ikkje klara å eta noko som helst, ikkje eingang tørre knekkebrød. kan ikkje de fortella meg noko fint?

i'm very sick and wondering if you won't mind sharing something lovely?
lister.

de veit jo kor glad eg er i å skriva lister. men det er berre typ ein fjerdedel av alle som leser som likar listene mine, så difor er det fint at eira sparka meg i baken til å fiksa kontoen min på listography. her kjem eg til å skriva masse lister og oppdatera etterkvart. har de kontoar der? kva bør eg skriva lister om?
i dag har eg forresten byrja på den nye alfabet-lista mi, sidan alfabet-torsdag kjem tilbake i totusenogti, blir ikkje det fint? johoho, det tykkjer eg.

today i started my new account on listography. you probably won't be able to understand a word seeing as how it's all written in norwegian there.
julaftan-aftan.


ved matbordet. me hadde pinnekjøtt, det vil seie: mariell et typ ein kilo kolrabistappe og drikk raudvin og kanskje litt kjøtt her og der.

søster.

etterpå åt me småkaker, som soppar.

og dessert, som for meg var gelé fordi eg ikkje likar riskrem. mamma les i boka ho fekk av meg, "oppdraget". meir om det seinare.

eg fekk tim walker-boka av han der fine. den er så fin så ein dør nesten. av søster fekk eg billett til kent i mars! ho er det finaste. viser fram andre ting eg fekk seinare okei?

men fekk jaffal óg blome i håret av venninna til mamma.

så var det sporenstreks på veg bort til onkel, der fin-kusine var!

mac-leppestift og twist.

me såg gamle gamle familievideoar fra hytta og fra kusine var ti år yngre, det var hysterisk morsomt. og bestefar var med på filmen, så det var fint og litt vemodig.

øyvind likar engelsk konfekt og pappa ler av at han samanlignar alt oppi pakken med kartet på utsida.

i tilfelle nokon lurte.

søster med rød sløyfe i håret.

fetter nummer to kom innom.


då reiste me heim og eg såg opptak av csi:miami til langt på natt(sjølv om eg ikkje kan fordra horatio).
hadde de fine julekveldar? fekk de noko fint?

this is what the second part of my christmas eve looked like. merry christmas!
sidan sist.




jule-jule-juletre.

borddekorasjonar.

rundstykke til to om natta.

julelunsj med trøtt og blank mariell.

fin fetter

fin kusine.

pakke gåver-kunst.

søster + hund.

og søster som tar berre stygge bilder av meg, som sett her.
GOD JUL(med store bokstavar)!!!
timar.
akkurat no samlar eg på timar. timar med venner eg ser så sjeldan og ler så hardt med, dei som kjenner meg best og klemmer hardast. timar som kjem til å varma meg kanskje heilt til februar. eg er veldig tilfreds.
kva samlar de på?
fredagar.

♥ dette bildet (linka)
♥ å våkna under himmelseng og føla at ein er i afrika og skal ut å jakta når ein nettopp har drømt om isbjørnar.
♥ kakao til frukost.
♥ iphone-nerding under dyna i flukt frå pappa(som eig den).
♥ å dusja og tru det er lenge men egentlig berre fem minutt.
♥ å planlegga hemmelige juleprosjekt.
♥ å høyra lillesøster som kniser på rommet med sin kjæreste.
♥ fine kommentarar om fine ting som skjer på vanlige fredagar.
♥ å reisa på pusøk til bestemor og plutseleg er nesten heile familien der.
♥ å reisa på pusøk på grava til bestefar i dag, eitt år etter han vart lagt i bakken.
♥ å tenka at pusøket hos bestemor var purstagsfeiring for bestefar(som hadde blitt søttini år om han levde i dag.)
♥ å kjøpa nye costume og nye elle.
♥ å kjøpa ny fin vin.
♥ hund som et tortillalefser.
♥ å finna ut at sophie dahl gir ut kokebok!
i alle fall no i førjulstid treng folk å bli mint på at dei egentlig har det heilt fint og at ein kanskje burde stoppa litt opp, berre i eit par sekund, berre så ein sklir litt framover på strikkesokkane, og fundera over alle tinga ein har å vera takknemlig for. eg vil at de skal skriva ned alt som har gjort dykk glade i dag, små sekund med ein framand eller at golvet var litt ekstra kaldt i dag tidlig. eg oppdaterar lista mi utover dagen, så ser me kor mange det blir!
håpar de har virkelig magiske fredagar og at de klemmer litt ekstra på dei de er glade i i desember. for det er kaldt.

i want you all to write down all the tiny and big things that have made you happy today.
fint den siste veka

♥ at eg endeleg toler litt fløyte og kan eta pistasjis med sjokoladebitar.

♥ at bono har fått seg sko.

♥ finsøster og finbestemor.

♥ han der fine på pusøk og hund som elskar snøballar.

♥ sindre på pepperkakehøgblokkbaking.

♥ dinosaurpepperkakeformer.

♥ lilla strikkesokkar fra bestemor.

nice things this week.
prikkar.

dei lagar eg med maling spesiallaga for stearinlys, fra panduro. tips fra ida. har de andre fine pusletips?

i've been very busy with christmas preparations, such as making white candles into polkadot candles.
noreg.

med lange frukostar. og kaféopphold.

og fine bygg å fotografera.
og fine nye kjolar og å gå på utstillingar fem timar kvar einaste dag. og hostellet vårt er innreda som i øst-tyskland under andre verdskrig, så det er ganske koolt kan de skjønna. eg har to spørsmål
ein. lengtar de nokon plass eller har de det fint der de er?
to. har de vore i berlin? eg treng tips til alt de tenkjer at eg tykkjer er fint.
håpar de har fine laurdagar! suss.

i can't wait to get out of this winter prison, norway is dreadful in december. in january i will be going to berlin, any tips?
alle hjerter gleder seg.

i går åt eg og han der fine finmiddag for å liksom feira jul. for i dag reiser me heim til sogn og fjordane og kjem ikkje tilbake før til neste år. me fant lerum julebrus! (på meny på grønland torg for dei som lurer)

eg hadde kjøpt fin-fin sjokolade(på rafens).

så kom sara og fekk ein pakke med sløyfe som var dobbelt så stor. det var purstag/julegåve i eitt.

så. spennande.

det var visst eit dådyr! den har eg laga sjølv.

etter det satte me opp til sara si fotografering. ho tok bilder av meg til ei oppgåve.

sånn vart dei, litt.

sara fekk fiksa håret av han der fine.

janne hadde sonia rykiel-hårband.

og tok bilder.

eg laga hårsløyfer av gåvesløyfer. klokka halv seks sovna me og jammen var det fint.

last night was my last night in the city before going home for christmas. it was spent with lots of wine and people i care about.
tysdagsgleder.

i dag fekk eg min nye mobil i posten. den er rosa og har stor skjerm. med den vil eg senda fine god morgon-meldingar og filma på fine festar(kanskje til og med visa fram her?), ligga under dyna og snakka i telefonen til langt på natt med han der fine som me pleidde å gjera for mange år sidan. og som bakgrunnsbilde ei kanin.
kva er dine tysdagsgleder?

a new pink phone with a big screen makes me happy on a tuesday.
supersøndagar.

våkna klokka halv to og det var omtrent mørkt ute allerede. men ingen snø. tenkte litt på afrika.

dusja i veldig varmt vatn.

bakte eit brød og litt rundstykke,

og mens den steikte i ovnen putta eg nellikar i alle klementinene.

ca klokka fem var alt klart og eg og han der fine åt frukost/lunsj/middag i senga medan me såg alene hjemme 3. fantastisk film. han laga burgerar med rundstykke og eggerøre inni, fantastisk.


eg kledde på meg og reiste ut, til clas ohlson for å kjøpa litt ting og tang til julegåver eg lagar sjølv.

pyssel pyssel pyssel! berre vent til de får sjå altså.

kveldsmat på senga. kiwi er min nye frukt.


las ut la meg synge deg stllle sanger, som eg har lest på sidan august. endeleg.

og masse masse dreads+kjole-kos. herleg søndag.
hadde de fine søndagar?

my sunday was: baking, making christmas gifts, snuggling, and reading.
fredags-dag-fin

i dag venta eg timesvis på skulen for å få semesterkarakteren og det gikk jo fint, så da var eg ein glad kanin. eg pynta meg med finkjole og kjæreste sin acne-cardigan for å sveise meg ut i kalde, glatte oslo.

for eg skulle jo nemlig møta christine! finaste christine som eg saknar alltid alltid. me gjekk til bibliotekbaren på hotel bristol. ho fekk kaffe.

og eg fekk kakao. hotel bristol er kjent for å ha den beste kakaoen i oslo by, berre så de veit.

og den kjem i ei kanne og koppar med gull på.

så glad var eg for at christine hadde tatt med seg ein mørk sjokolademint til meg. min favoritt! for ho hadde jo vore i freialand, som alle barnehagar og folkehøgskular gjer. knis. me gjekk omtrent når pianoet bak meg fekk ein mann som spelte kjempehøgt og me måtte skrika for å snakka om ting som ein ikkje skrik om egentlig. no har eg rydda og vaska og det vart jammen fint og eg skal ha ein vidunderlig fredagskveld, eg og han der fine. og i morgon skal eg sova til sola går ned, nesten.
har de fine fredagar?

it has been a very wonderful friday with dresses and best friends and cocoa and chocolate!
spørre spørre spørre

hei, finingar! i dag er eg ganske redusert fordi eg har blitt tappa for blod på sjukehuset. eg vil uansett berre seie at eg har knist for meg sjølv av dei fine spørsmåla de har stilt meg, og oppfordrar andre som lurer på noko til å spørja no no no, for i morgon seier eg stopp og da blir det lenge til neste gang, gitt! så spør om kva som helst. suss!

i fanget.




ein. peppermyntesåpe. to. prinsessekrone. tre. sløyfe fra søstrene grene, både til hår og til julegåver. fire. sprettball med små prikkar som bevegar seg.
kva har du i fanget i dag? kanskje ein katt eller ei klementin eller hovudet til nokon som er fin eller popcorn eller buzz-spakar?

in my lap today are these four things: peppermint soap, princess crowns, bows, bouncing ball.
milkiemilkieshake


og kanskje litt sminke på toppen(eg går med kvit eyeliner no fordi det får augene til å sjå større ut, kven skulle trudd.)

mmmmilkshake.

gladmariell.

og mi nye favorittfrukt: pomelo! pomelo pomelo jeg tror jeg elsker deg.
kva likar de best i milkshake? eg har minner fra barndommen om pistasje med sjokoladebitar, men alltid(alltid!) når eg laga det klarte eg å velta bollen så det var milkshake overalt. kanskje eit litt forvridd minne, men det er i alle fall sånn eg hugsar det, at eg tenkte "jaja, eg skal lage pistasjmilkshake, men eg veit at den kjem til å velta."

yesterday was a dreadfully boring day, so my boyfriend tried to fix it with milkshake and pomelo while i painted my nails with pink hearts.
postekort


på laurdagar kan ein senda postkort eller brev med snirklete håndskrift til folk ein er glad i. om ein bur i oslo finst det masse masse fine postkort på tronsmo. kva gjer de laurdagar? i dag fotograferer eg i studio. suss!

writing postcards and letters are perfect activities on a saturday!
fine ting ein kan gjera på ein torsdag.
sjå jul i mummidalen på svensk på youtube.
2.
lesa fine bloggar eller fine prosjekt.
3.
ta rare bilder med sjølvutløysar på offentlige plassar.
4.
vaska klede med ekstra mykje tøymykner.
kva anna? altså, eg har jo berre hengt på eit begravelsesbyrå i heile dag, så eg veit at det finst masse rart å gjera på ein torsdag.

things to do on a thursday: watch the moomin christmas calendar on youtube, read lovely blogs, take pictures in public places with the timer, wash clothes with extra extra fabric softener.
onsdag.

i går reiste eg på åpning av ei utstilling der læraren min stiller ut. på rådhuset.

han der fine var med.

og hedvig! etter det sa det svosj rett på trikken for meg og han der fine, til bogstadveien.

for der var det åpningsfest for monki! (mannen i døra spurte kor gammal eg var og eg sa "18! 19!" og måtte sjølvsagt visa legitimasjon.)

og fargeglade drinkar.

og ballongar.

og øl.


det er så masse speglar der inne at ein kan bli gal. nesten så dei bør ha piler på golvet så folk skal finna fram og ikkje dunka hovuda sine.

me holdt oss mest ute, for det var så masse folk der at ein måtte smyga seg inntil. også fekk ein ha godteri i håret, som de sikkert ser.

ina hadde fine sko på.

og eg sussa.

og hadde tre prikkar på, som eg for det meste har no for tida.

han der fine sa "sjå, no bevegar himmelen seg så fort at ein kan sjå det!" og eg såg og det var heilt sant. noko anna som var sant er at i vindauget til høgre var ein mann i bar overkropp som sikkert ikkje hadde fått nabovarsel.

han der fine såg ut som ei løve og fekk kompliment fra ein som egentlig hatar dreads. kult.

peppermynteklubber til alle. og makronar! gjett om eg var i himmelen(sjølv om eg berre fekk ein før det plutselig var tomt). og omtrent da reiste me heim.

last night was rather crazy with balloons and free alcohol at the opening party for monki here in oslo.
kjærleiksmåndag.

i går fekk eg blomar av ein fredrik som kom rekande på ei fjøl. nellikar er min favoritt.

då kunne me kasta dei andre som var blitt triste, men først rulla oss litt i dei på golvet.

fredrik hakka og eg steikte og vips!

nachos. herleg. me drakk musserande eplevin som var ny inne på polet.

fredrik fekk pyntehjelp av han der fine.

og janne kom!

og eg var ein katt, som eg ha vore mykje i det siste.

med fiskemunn. ser de fredrik i nasen min?

fredrik teikna i den kreative arbeidsboka mi.

og janne hadde klementiner i mojitosen sin.

før me gjekk ut laga fredrik blomsterkransar. så valsa me ut til parkteateret.

fredrik forklarte ein heil del, me drakk ein heil del øl og kvelden endte på trikkestoppen med to bøtter ben&jerry's. herleg fantastisk måndagskveld. i dag tidlig våkna eg og måtte vera stille for å ikkje vekka to av mine favorittmenn. fint.
hadde de fine måndagar?

my monday was this wonderful. to the edge of the world and back.
you've got the love i need to see me through
fika.





(mi nye tekanne, er ikkje den det kulaste og styggaste du har sett?
laurdag.



klokka var berre halv fem, men sjå kor mørkt det var. me gjekk langs akerselva mot sentrum og eg fann ein hemmeleg veg som gjer at eg kan gå til skulen på eit kvarter, teite meg som har tatt trikken i fleire månadar. eg prøvde kjolar.

og denne fekk bli med meg heim. minnar meg om jul og litt om søttitalet.

den har fin sløyfe framme óg.

så gjekk me heim samme vegen som me kom og eg lassa eit par kilo klementiner oppi ei korg som eg kuppa meg på maritaputikken.

klart for minijuleverkstad!

og laurdagsgraut!

absolutt på tide å skifta til sløyfe(takk, maja. <3) fra fugl og gjera sminke om igjen. ein får lov til det på laurdagar.

me rusla ned igjen mot sentrum og til eldorado kino der dei viste the imaginarium of doctor parnassus, som var herregud!!! for ein fantasisk film. og lily cole! og måten dei hadde takla heile fire skuespelarar-éi rolle-situasjonen. eg var veldig positivt overraska(sjølv om eg hadde skyhøge forventningar), men óg ganske irritert på oslo internasjonale filmfestival for eit ganske lite profesjonelt opplegg. men! hello panda-kjeks redda kvelden som vanleg.
kva gjorde de i går?

yesterday was a pretty packed day with christmas shopping, enjoying my cousin, and going to the movies to see the imaginarium of doctor parnassus.
fredagar

fredagskvelden starta med klesvask. eg likar ikkje sånne vaskerom, tykkjer dei er så uhyggelege og det ligg truser på golvet óg. (ikkje mine)

eg prøvde ut nytt hår.

det var som ein rull, på eit vis. skal perfeksjonerast til seinare bruk!

eg hadde framleis på meg tre prikkar.

han der fine laga pizza med rømmesaus istadenfor tomat. det er superherleg, burde kanskje legga ut oppskrifta på det ein dag.

og sara var visst der! han der fine er den treigaste til å laga mat, så ho var så svolten som ein bjørn når me fekk mat.

og bustetroll var der. <3

mums-mums! kesam blir til ein slags smuldrete konsistens når det blir varma opp, og det er merkeleg sjarmerande.

sara leikte litt med det nye rekvisitalageret mitt. også snakka me. masse. om foto og om folk og om nyheter og om masse. det er så deilig å snakka snakka snakka.

eg og han der fine sussa litt óg, i tilfelle de var i tvil.
no stikk eg ut på litt julegåveshopping, håpar de har det megafantastisk fint på ein laurdag som i dag, det skal i alle fall eg. sussar på nasane.

friday night was washing clothes, new hair, boyfriend's pizza, sara and kisses.
rekvisita

i dag har eg vore på rekvisitashopping, så eg har kattar på halv åtte.

tulla, var berre meg! eg skal ha ein fabelaktig fredag, skal du? sussar til alle som treng det.

i've been shopping for supplies today, what do you think?
min torsdagskveld var lasta med...
♥ varm, søt peppermyntete
♥ nye fine magasin
♥ lakrisbåtar
♥ tina og bettina
♥ pesto
♥ dexter
♥ kos
din tur!

my thursday night was filled with cold redwine, hot tea, licorice, pesto and dexter!
på ein tirsdag som i dag

♥ redigerar eg studiobilder frå i går
♥ tenkjer eg på at eg har dei finaste blogglesarane i heile verda, eg tenkjer at me er ein liten vennekrets som bur i ei hytte i skogen og berre seier og tenker fine ting om kvarandre, ingen konfliktar eller drama. akkurat i dag bakar me kanskje luciabollar eller teiknar teikningar av anatomiske hjarte.
♥ har eg ete åtte klementiner.
♥ vant eg den gyldne q.
♥ har eg sove i to timar etter skulen og visstnok vore vrang i halvsøvne.
♥ driv eg på med hemmelige prosjekt.
♥ får eg bruschetta og spaghetti til middag.
♥ har eg tenkt litt på kor fint det er å få pakkar i posten på denne tiden av året sjølv om pakkane ikkje er til meg men julegåver.
♥ har eg òg tenkt litt på at eg har veldig lyst på ein rosa mobiltelefon.
♥ har eg altfor altfor lyst på lakrisbåtar.
kva gjer du på ein tirsdag som i dag?

on this tuesday, i am: ♥ editing studio photos, ♥ loving my blog readers, ♥ eating a lot of clementines, ♥ having spaghetti and bruschetta for dinner, ♥ doing secret christmas projects, ♥ craving licorice.
sånne søndagar.

mums. på dårlige søndagar får ein òg ha på seg pyntekjolar.

denne kjøpte eg til beyond retro-festen i oktober. den er ikkje så veldig meg, men den er fin. i dag skal eg fotografera i studio og glerudar meg veldig.
ps: stem stem stem! det er finale i den gylne q, og eg kunne trengt at alle trufaste lesarar gjekk inn for å stemma. om de legg igjen kommentar der de begrunnar kvifor eg skal vinna er det dobbeltstemme.

yesterday was quite the lousy day until seven. he made me dinner and we watched csi in fancy clothes.
magisk.

er ikkje det fantastisk? kakaoen var i live. har det skjedde deg noko magisk i dag?

yesterday, after being to the movies and eating candy we decided to head home and make hot chocolate. this is what happened! a freak show cocoa.
lørdagspepp



akkurat som laurdagar skal vera!
raudt.

og i ein kopp i ei hylle.

og desse har endeleg fått lufta seg litt.

i kveld skal eg ut på klassefest ein liten tur før eg stuper tilbake i influensarus og ser ein film i ein heilt stille leilighet og det skal bli herleg. kva gjer de i kveld?
today is a wonderful friday, with flowers and red velvet shoes finally been worn on asphalt.
tysdag.

på ein tysdag som i dag er eg sjuk med influensa, men eg er likevel glad fordi livet som regel smiler og det er små snøkorn i lufta. i morgon reiser eg for å henta mitt nyreparerte kamera og da kjem fotogleden tilbake, tenk det! i mellomtiden skriver eg små dikt på baksida av kvitteringar på tøymykner og appelsiner.

på ein tysdag som i dag prøver eg å gi meg sjølv vitamin c-sjokk med smoothie og kun klementiner som har genserar.

today i'm sick but still happy eating clementines with sweaters and smoothies.
kjærleik

i går feira eg og han der fine fem år med kjærleik(eigentleg er det i morgon, men laurdagar passar så fint til sånt). med kaker og rombollar og vin!

sara var der med alle krøllene(eg sjekka).

me blåste opp ballongar og hang dei opp i taket.


og janne kom og hadde lausvipper på seg.

og herlege jenny!

og julie, som vart kool dj utover kvelden.

og det var sussar og klemmar.

og litt dansing(her med trine marie).

så var det natt og julie sov på kjøkengolvet og no trur eg at eg har fått svineinfluensa gitt. men fin fest. med fine folk. og den fine kjærleiken. eg tykkjer at ein alltid alltid skal feira kjærleiken, sjølv om det kanskje er ein torsdag.

yesterday we celebrated five years of love with cake and lovely people.
paj.

i dag har mariel vore her på tv-middag igjen!

me laga pai med paprika purre ananas ost.

og til dessert og forrett hadde me sånne rombollar.

ho hadde på seg den fine lupen sin som ho har arva.

søtfin.

og eg leika meg medan ho var kjærestejente i telefonen. fin kveld! no er det eg og oprah for alle penga. gjer de noko fint i kveld?

tv-dinners with mariel make me happy!
oktober november
i dag er det november, tenk det. ein merkar det, hovudstaden er tung og tåkete og vil krangla med alle. oktober flaug berre forbi. no er det november og denne veka skal det liksom snø. snart er alle trea bare og ein kan lukta frosten når ein vaknar(men golvet er ikkje kaldt, ikkje no lenger). ein må kle på seg yttertøy og fornuftige sko og tulla seg inn så ein ikkje får for mykje snø i håret og i sløyfene. snart er hausten min over, min første storbyhaust. oktober har vore vidunderleg med latter og kyss og sakn og raudvin og utforsking og nye venner og makronar. tenk så fint at november blir enda bedre, for november betyr
♥ mykje fint og nytt på grunn av bloggen.
♥ å endeleg kunna ha litt ekstra pengar til å spara.
♥ at eg og han der fine blir fem år og skal ha heidundrandes fest.
♥ at me kjem til å vera dødsforelska i vekesvis på grunn av ovennevnte.
♥ at eg skal reisa med eit tog opp til trøndelag for å pusøke mormor.
♥ planlegging av utenlandsreiser på nyåret.
♥ fleire tv-middagar med fine jenter.
♥ utforsking i delar av byen eg aldri har vore før.
♥ masse analog fotografering.
♥ strikking.
♥ lange kveldar på skulen.
♥ lange kveldar i bøker og filmar og dexter og big love.
♥ å lukta snøen for fyrste gong i oslo og den knirkelyden under skoa.
♥ å begynna på julekalendarane mine.
kva skal de i november?

my november plans include analogue photogaphy, being very much in love and celebrating our five years together, exploring this new city of mine, knitting, smelling the snow for the first time in oslo, planning trips i'm taking next year and looking forward to christmas. what about yours?
LAURDAG.
i dag har eg
♥ vore med mamma og pappa som er her for helga
♥ ete middag ute med mamma, pappa og han der fine
♥ fått masse fine gåver
♥ kjøpt det største glaset i verda med pesto
♥ vore på jazzkonsert
♥ drukke chai
♥ blitt gjenkjent ein heil masse gangar
♥ møtt finaste vennekanina på brugata
♥ tatt morsomme bilder i iphoto
♥ drukke raudvin med finaste vennekanina
♥ sett alle episodane av tina og bettinas videoblogg på youtube
♥ tryna over bagasjen til finaste vennekanina og strukke ein muskel i låret
♥ sagt hejdå til finaste vennekanina
for ein lang dag! no skal eg og han der fine eta dødsteikte baguettar og sjå ein episode dexter før me sovnar og søv lenge lenge heilt til neste dag. kva har de i dag, om de ikkje har sovna allereie?
l o v e

har de elska noko nytt i det siste? bøker filmar bloggar tvseriar?
mu.
søndagar i oktober

i går kosa me masse masse før me stod opp.



då gjekk me ut for å møta familien til han der fine.


me gjekk på restaurant og fekk pizza og tiramisu.





etterpå gjekk me ut for å samla på hausten og gjera litt arbeid til ein liten film me lagar, med stop motion og lyd. det blir fint, så berre heng med.


så vart det mørkt og kaldt, så me gjekk heim for å drikka kakao og amarula og eta arabisk kake med csi:ny på tv. i slike herlege haustsøndagar må ein ta vare på, for før ein veit ordet av det så er det ikkje fleire og då må ein venta eit heilt år til neste gong. kva gjer de på søndagar i oktober?
yesterday we spent hours in bed, went to a pizza place and then outside to collect some autumn in a box.
frukost


<3
to hysteriske.
♥ i morgon tidlig når eg våknar er han der fine ein plass mellom asia og europa. eit par timar etterpå møter eg han på oslo s og eg kjem til å skrika av glede. åh. sånt kan ein sova godt på.
tv-middag.

i dag kom finaste mariel på pusøk. ho åt druer og snakka om ekle jenter.

også byttelåna me litt utstyr og leika litt med mitt gamle kamera som eg straks skal bruka og gler meg skikkelig.

<3

eg fortalte om strømpebukseoppskrifter og at vodka aldri fryser til is i frysaren, for det visste ho ikkje.

så laga me mat og rigga oss til for eit skikkelig tv-måltid(elskar det!). me drakk deilig raudvin som trengte luft og åt herleg pasta med tomatsaus. mums.

med deilig nanbrød med koriander og kvitlauk.

tv-middag med tv.

så reiste me på taket for å sjå på byen og snakka om kor teite folk kan vera og kor rart livet er.
det er så fint å berre kunne vera behagelig rolig med nokon som ein berre har møtt på éin gang før. no vil eg berre at ho skal komma straks tilbake, og det skal ho jo. og i natt er mi nest siste natt aleine, herregud kor fint det skal bli å spela kort i senga på laurdag(ein kan ikkje spela kort berre éin).
har de gjort eller tenkt noko fint i dag?

today i had dinner with mariel in front of the tv, a nice tradition. we talked a lot about silly girls and psycho boys.
second curtain.




(foto: privat, ikkje photoshoppa)
litt i timar og snes

våkna i min nye fine nattkjole. grubla litt over kor rart(og kaldt) det er å sova aleine. (sjå så langt hår eg har fått!)
10:30-12:00

rydda og vaska og støvsugde. då eg var ferdig tømte eg kaffi på meg sjølv.
12:00-14:00

janne kom på brunsjpusøk og hadde med seg ein venn.

kakao og drinkar og nybakt brød!
14:00-15:00


pascal!

janne fekk heile hovudet ned i koppen.
15:00-16:00


me gjekk ein liten tur i slottsparken.

hoppa litt og sånn.
16:00 -

så gjekk eg heim langs akerselva og vart ganske glad av å sjå dette skiltet fordi eg følte at det berre var fire gater i heile oslo.

etterpå har eg berre vore heime. lest bok, ete mango og pasta pesto og sett dexter. dei seinare timane har eg vore i photoshop, og det er derfor alle bileta ser så himla rare ut. eg prøver ut litt forskjellig nemlig, tilgi meg for det.
har de hatt fine søndagar?

my sunday consisted of a long brunch, pascal with macarons, walks in the park, books, dexter, mango and photoshop.
fridagar og fanteri.

i dag har eg "fri" frå skulen. da ligg eg i senga og leser nye bøker, drikker liter på liter med te og ser på drphil og oprah.

og om ein blir litt lei det, kan ein jo gleda seg over pakken eg fekk frå caitlin i går! det er så kjekt med brevvenner på andre sida av jorda som blir overbegeistra for melkesjokolade.
kva gjer de når de har fri?

i have the whole day off today, and i'm spending it in bed with books and tea and my newest parcel from caitlin shearer.
tips!

om de likar å kjøpa magasin, men bur ein plass det er vanskeleg å få tak i(til dømes lula eller vogue), da vil du lika magazine cafe. der selger dei alle moglege slags magasin som blir sendt heim til deg, og det er faktisk billigare enn å handla på narvesen!

om du ikkje har råd til å kjøpa magasin men så desperat treng inspirasjonen dei gir likevel, kan du få det fint på the fashion spot. på foruma deira er det folk som scannar alt som er av magasin. ein kan til dømes finna store delar av det nye lula der om ein vil. det går ikkje an å finna noko på deira eigne sider fordi det er låst for nye medlemmar, ein må ha invitasjon for å få medlemskap der, men ein kan snika seg inn ved å googla til dømes "lula issue 9 tfs" (tfs: the fashion spot). då kjem det opp ein heil masse som folk har skrive og scanna. berre så de veit!
om bestevenner og vin og sånn.

me åt ein betre middag med alle slag pasta, deilig tomatsaus og chorizo(tips til deilig tomatsaus: ta to boksar grovhakka tomater med den smaken du vil, surr litt lauk i ei panne og tøm over tomatene, hakk opp og tilsett ei blokk med fetaost og rør det inn. mums!).

etter maten spelte me alice i eventyrland-kortspel.

og me kviskra over bordet.

og det vart nye kreasjonar med hårbørsten.

og dei jobba litt med musikk.

men eg var ganske glad likevel.

me gjekk ut litt, og han der fine hadde på seg gul sløyfe.

finaste par føtter eg veit om.

me drakk kakao og fekk krem på nasen. og det var slutten på den visa.

last night my best friend came over for dinner and drinks!
sverige.

i sverige får ein kjøpt musserande jordbærvin for seksti kroner flaska.

og i sverige får ein kjøpt mint-lakriste og oldtimers. no må de unnskylda meg, eg må eta laurdagsgraut og drikka laurdagsvin. håpar de har vidunderlige kveldar med kyss og klemmar eller bøker og te. suss!

going to sweden means nicer wines and candy!
god morgon.
oppdrag 6-8.

i går laga eg mat som eg ikkje har gitt oppskrift på før, så her får de oppskrift på karripølsepastagryte. denne gryta er svært spesiell for meg fordi det var den første ordentlige middagen eg laga sjølv når eg var omtrent elleve. det pirra litt i magen. kanskje det var karrien. uansett: for to svoltne kaniner:
to lauk
ei pk. middagspølse eller kjøttpølse(middagspøls er best, men ein kan sjølvsagt prøva noko anna)
pasta
margarin
karri
(creme fraiche)
sett pasta på koking. hakk lauken i tynne halvringar og surr den i margarin til den får ein gyllen farge. skjær pølsebitane i tynne halvringar og steik dei litt i panna. ha meir margarin i steikepanna, ha i lauken og tilsett karri. det kjem heilt an på kor mykje du vil ha sjølv, så berre smak litt til(viktig at det er margarin og ikkje olje, for karrien blir forferdelig med olje). om du vil dempa det ned litt kan ein tilsetta litt creme fraiche og få ein meir krema smak. skyll av pastaen, miks alt i ei gryte og mums! nyt.


eg og han der fine hadde bart store delar av dagen i går. passa ikkje bartane godt?

så reiste me på restaurant berre for å få dessert. flott dag med utfordringar!

yesterday i made a curry-sausage casserole, wore a moustache and went to a restaurant just to order dessert.
oppdrag 3-6.

i går var eg på deichmanske! da fekk eg meg liksågodt eit lånekort.

eg skreiv brev til folk eg likar.

så gjekk eg til ein matputikk der eg vanligvis ikkje går, og tok bilete av handlekorga mi. oppdrag utført!
kva trur de eg skal gjera i dag?

yesterday i went to the library, wrote letters and photographed my shopping basket, because my readers told me so.
oppdrag 1&2




oppdrag utført!
andre ting eg gjorde: bakte scones.

8-9 dl kveitemjøl
0.5 ts salt
1 ts sukker
4 ts bakepulver
100 g margarin/smør
4 dl mjølk
bland alt det tørre. skjær smøret i små firkantar, smuldre smøret i det tørre. tilsett mjølk og bland deigen raskt, del deigen opp i så store scones du vil ha og steik dei midt i ovnen på 250 grader i ca 12 minutt. enkelt som berre fy! og ein kan tilsetta omtrent kva som helst. (ps: det var han der fine som bakte)

my first day of doing things you want me to do. today i took the trem to the last station and made scones!
analog ii
god morgon!

deilig frukost på eit fint loppemarked-funn fra helga! snart går pussen min til oslo. kan ikkje de fortella meg noko om bestemor? fortell meg kva som gjer ho så spesiell.

this is my lovely breakfast! tell me about your grandmothers, please.
søndagar i ein annan heim

i dag såg været så trist og surt ut. etter eg hadde venta i timesvis på at resten av familien skulle våkna til liv, gjorde dei endelig det.

så da reiste me på bestemorpusøk istaden. hei, bestemor!

me fekk fårikål. og raud saft. og gelé.

mamma og pappa er ofte rett sånn. det er viktig å vita.

finaste bestemor.

ei søster med ein hund på fanget.

etter middag reiste eg på oppdagelsesferd. eg blir aldri lei av å fotografera i bestemor sitt hus.

her søv bestemor. her sov bestefar. det er framleis så rart at han ikkje er her, at det er berre ei dyne og ei fungerande nattlampe.

i nattbordsskuffa hans ligg det ei bok med navnet hans på.

i den har han skrive ned alt mulig. inntekter og utgifter og handlelister.

på badet er den samme runde spegelen som alltid har vore, og bestemor sin dior-parfyme som ho har hatt i alle år.

heihei.
kva har de gjort i dag? har de lest bøker eller sett filmar eller gjort ingenting? har de fått lauv i ansiktet eller dansa i mørket? fortell.

i spent today in my grandmother's home. she is one of the loveliest people i know.
i går.


hedvig framkallar.



karina sitt bilde.

dette er øystein. han er barnebarnet til andré bjerke.

etterpå reiste eg heim før me reiste ut igjen på elvelangs, ein kveld då oslo kommune slår av all elektrisk belysning rundt akerselva og tenner faklar.

elva var lilla og trea var veldig grøne og det var folk som datt ut av trea.



me enda opp på luna park etterpå for litt øl og snakk, som det skal vera på torsdagskveldar.

per håkon.

janne lo sånn at det var umulig å fotografere ho. men det er sånn det skal vera.

helene og eva snakkar om noko ingen andre får høyra.

han der fine er ganske fin, som vanlig.

nokon hadde med seg wergeland-sardinar.

eg hadde på meg den nydelige sløyfa eg fekk i posten frå celina i går. <3

og eg var ganske glad.
fortel meg dei to finaste sekunda frå dagen i går.

yesterday i spent all day in the dark room developing. last night the city of oslo shut the electrical power off near the river, and lit torches everywhere. it was magical.
b/w i studio



tenkte de ville kanskje sjå mine første nokon gong analoge bilete framkalt i mørkerom. heilt av meg sjølv. eg er ganske stolt. kva tykkjer de?
(den raude stripa på bileta er scanneren)

these are my first black/white analogue photos ever, developed by me too!
i denne byen

akkurat no, i denne byen, er det nokon som nettopp har våkna, nokon som akkurat har sovna, nokon som aldri la seg. nokon som gjer morgonbøn, nokon som kokar kaffi til seg sjølv. andre lagar frukost til heile familien. i denne byen akkurat no, er det nokon som har sagt hadet til nokon dei elskar for siste gong, andre har nettopp innsett at dei elskar og snur i døra for å sei det og smila litt til. det er nokon som elskar, nokon som kastar blomsterpotter i veggen. nokon som tar sitt siste andedrag og nokon som nettopp har gjort sin inntreden. nokon som griner så hardt at dei trur dei skal slutta å pusta, at hjartet skal slutta å slå, nokon som ler så hardt at dei får vondt i magen. ingen veit kva som skjuler seg bak portdører og franske balkongar, berre at bak dei er det nokon som lever eit liv heilt annleis enn sitt eige.
i dag har eg gjort dette:



makronar makronar makronar! til objektfotooppgåva mi. har tatt 72 bilder av makronar i dag. sjølve oppgåva er analogt og svart/kvitt, men eg tenkte de ville sjå. fint vel?

no er sara her. de bør definitivt sjekka ut bloggen hennar, for ho er nemlig ein ganske fantastisk fotograf.

today i've photographed macarons in a studio!
analog i
appelsinblomstredning.

med det laga eg ein tabouleh for meg og han der fine.

og når eg egentlig ville legga meg og sova til torsdag, drog eg meg opp og ut på kino.

kinosnop!

og berre så de veit, når ein er sjuke eller har dårlige dagar får ein kjøpa litt snop med fine boksar. appelsinblomst var så fint. å.

kva pleier de å gjera på dårlige dagar?

yesterday i had a really bad day: this is how i saved it.
dette er den lengste mandagen i verdshistorien.
ja. eg kjem sterkare tilbake seinare i dag.
søndag del to

eg hadde på meg den nye sekken min som eigentleg er altfor liten. skulle vore sju, eg.

me reiste liksågodt ein tur opp til janne. eva og odin la puslespel.

eg prøvde å vera med men eg er så dårlig til det så eg gjekk heller rundt og tok litt bilder. janne har mykje dyr te.

og fine ting på veggane. nokre av postkorta fekk ho av meg til purstagen sin. polaroidbiletet er frå doen i kråkeslottet.

me gjekk på loftet.

der hadde nokon lagt ein arkitektmodell som var himla fin.

og dessutan var det folk der.

omtrent da gjekk me heim for å sjå tv og drikka kakao.

for ei fin helg! suss!

sunday, part two!
søndag del ein

i dag stod eg tidlig opp for å baka brød. dei hadde valnøtter på seg og var så gode så gode.

min frukost. kakao, te, eplejuice, brød + pesto & kvitost.

janne kom til frukost.

ho hadde tre ulike typar drikke.

etterpå reiste eg og janne på t-bana til bøler. der var det loppemarknad. eg kjøpte noko som var inni ein så fin boks.

og ein pose snop som var bøker.

janne hadde veldig flotte blomar på skjørtet sitt.

og ho var glad. sånn omtrent.

eg fekk kjøpt eit langt og smalt kaleidoskop som me såg i på veg heim.

vel heime gav eg han der fine boksen. inni den var ei remington-skrivemaskin, ei sånn som han har ønska seg. så no har me kvar vår.

eg har vore i sofaen med te og brød og mi nye bok.

fin så langt.
forresten: snart startar eg opp skattejakt:oslo-prosjektet mitt, kven vil vera med? det kjem til å kosta typ femti kroner og det blir ei helg i oktober.

my sunday so far!
skrivemaskinlaurdag












(om det er vanskeleg å sjå kva som står med skrivemaskin kan de berre trykka på dei også kjem de til flickr og der kan de sjå dei større)

today i thrifted a typewriter and a suitcase. then we went to pascal to eat macarons and drink tea with clouds in it.
berre eit lite spørsmål:

kjelde
er hausten der du er?
(for den er ikkje her, og eg lengtar men det verkar som den aldri kjem. kjem ikkje hausten til oslo?)
epilog.

i går åt me den lengste frukosten nokonsinne. deretter bar det ut på ferd til birkelunden og på kino. me såg upperdog. den var heilt fantastisk og den MÅ de sjå. eg skreiv til og med med store bokstavar. forresten, i betongen ved heisen i vår etasje er det eit sår som ser ut som eit hjarte.

til middag laga han der fine tortillapizza som var fabelaktig med mozzarella og fetaost.

fine fredrik.

christine fekk kjøpa den fine kjolen. for ho var så fin i den at eg ikkje kunne tillata at ho ikkje hadde den.

til dessert kjøpte me kokosis på deli de luca og satt oss i parken på olaf ryes plass.

nokon hadde hatt såpe i fontena og det var skum overalt.

eg ville ikkje at dei skulle reisa i heile tatt.

men det gjorde dei til slutt.

og på veg heim var det haustskuggar på asfalten.

i had a wonderful sunday yesterday, and didn't want my friends to leave.
saturdays and sundays

i går tok me med oss leiligheten ut i ein park. me satt avskjerma frå verda under eit tre i mørket og det var himmelsk å vera oss igjen, å mimra om vidaregåande og alle dei dumme tinga me har gjort.

me prata om livet og kjærleiken og religion og gud og energien i universet og skule og kor rart det er at eg bur i oslo no.

me drakk vin og øl i glas som av og til knuste.

og morgonen i dag har vore veldig sånn. med lang lang frukost og latter og smil.

yesterday's party was wonderful and this morning has been too!
omtrent så fint som polkadottar og lakris.

i dag tidlig åt me lang frukost før me reiste på bana mot eit loppemarked me aldri fann.

han der fine las aviser som han pleier.

han her er min nye bestevenn, og eg har brukt altfor mykje pengar på film i det siste. de skal få sjå!

me reiste på bare jazz, og ingvild hadde på seg den finaste kjolen. den er så kort at heile rumpa visast om ho bøyger seg berre pyttelitt fram.

bare jazz er som eit magisk univers, og ein møter alltid på nokon ein kjenner.

som han her som eg ikkje har lov til å skriva om.

og finaste finaste mariel.

og fredrik! han var kanskje invitert, da. og tenk at han óg skal sova på golvet mitt i natt. eg er i venne-ekstase. no skal me drikka øl i parken. suss!

i've had a lovely day with lovely friends and my new camera.
fruktvin og leopardkjærleik.

fine ingvild.

me åt enchiladas med guacamole og kesam og det var himmelen.

vintips! denne vinen er laga på jordbær og hylleblomst istadenfor druer og den er så himla god!

og snop.

og epler. på piknik på golvet.

fine christine.

me snakka om dei gamle dagar på vidaregåande og korleis livet vart litt annleis enn me hadde trudd, og kor rart det er at eg er sambuar og kor søt han i kassa på rematusen er. og me lurte i christine snop, for ho skal egentlig ikkje ete det, men ho åt (skum)bananer og (sure)kirsebær og (gummi)krokodillekjøtt og (sprengt)fersken.

så tok me med oss vinen ut på taket ei stund.

månen var der.

og christine som ein leopard. i dag kjem det meir fantastiske folk og det skal skje så masse fint. eg er på toppen av lukka, berre så de veit.
kva skal de på ein laurdag som i dag?

yesterday my friends from far away came here on a train and my heart is very happy at the moment.
hihi og ein fredag.

for eit år sidan i dag såg eg sånn ut. tenk det. eg saknar håret mitt. i dag får eg megapusøk, eg har sju flasker vin i kjøleskapet og eg held på å sprekka. kva gjer de på ein fredag som i dag?

this is me a year ago today!
appell.
a very hungry caterpillar



dagens utfordring

i går tok eg toget ut til kusina mi. på toget fekk eg tid til å skribla ned tankar og bloggidéar. tid på tog er priceless.

eg hadde med meg te på min nye termos som matchar kærlighed-handlenettet mitt! den kjøpte eg på åhléns, om du vil.

sjå kor fine dei er! når eg er så mykje med familie som eg jo er til å ha flytta langt vekk frå dei fleste, så får ein tid til å tenka litt óg. og eg har tenkt at det er så synd korleis folk mistar kvarandre her i verda. difor får de eit oppdrag i dag: de skal ringa nokon de ikkje har snakka med på lenge. de skal snakka om været, om middag i dag, om kva du ønskar deg mest i verda akkurat no, om den siste boka du leste/filmen du såg. og bestemora di. er de klare for det?

today i challenge you to call someone you haven't talked to for a long time!
tversoverpaljettar

i går kveld var det purstagsfest for janne og eva. det var altfor gøy med altfor masse cava.



jens hadde tversoversløyfe.

han der fine hadde eit hjarte på tskjorta.




min nye hobby og kanskje til og med prosjekt: fotografere folk under døra medan dei er på do. fantastisk.


dette var purstagsgåve frå meg til janne.

me henta han her, men eg har ikkje lov til å skriva om han, så me snakkar ikkje meir om det. <3




før eg gjekk heim helte eg paljettar i senga til janne. fint vel?

last night we celebrated janne and eva's birthdays!
om sånt som er vidunderlig
å få spontanpusøk av ho som er mi finaste i verda og han som er finast for ho på ein søndag.


og å få ha dei litt for seg sjølv.

og å få visa fram skulen sin litt.

og å finna eit ansikt i eit speil.

og å kunna sovna kvar dag og vakna kvar dag med han her.

og å ta bilder ein ikkje pleier å ta. og at det er søndag og at me skal på fest i kveld.
kva er vidunderlig for deg i dag?

things that are wonderful today: having my best friend and her boyfriend just drop in for a visit, being in love, preparing for a party tonight. sundays.

































































































































































































