magasin.

alle som har kjøpt magasinet den siste månaden som ikkje har fått det: dei kjem. dei har ikkje blitt sendt av den enkle forklaring at det virkar umulig for postkontoret i lærdal å faktisk skaffa smartpost-konvoluttar. og før eg har konvoluttar får eg ikkje sendt ut magasin. og det er skikkelig teit og dumt og trist, men sånn er det. forhåpentligvis får me tak i konvoluttar fra sogndal i dag og da får eg sendt dei over helga. eg skriv det her på bloggen fordi eg ikkje har tid til å svara på dusinvis av mailar om eg har gløymt å senda ut magasin eller om dei har forsvunne i posten: det har dei ikkje. det berre tar umenneskelig lang tid. eg er så himla lei for det men håpar at dei er verdt å venta på.


siste frist.

i dag er eg fullstendig utslitt etter ei veldig lang helg som har gjort vondt i hjartet og dårlig med søvn, så eg vil berre sei éin sak: siste frist for å få kjøpt hjartemagasinet på tilbud er i morgon, i morgon 00:00 stenger eg slusa og da går det tilbake til normal pris igjen! så, om de vil spara litt pengar anbefalar eg at de handlar raskt. hugs at det kun er for dei som bur i norge!

 

bestill her.

 


just reminding my norwegian readers of the deal on my magazine. only for readers in norway.


flyttetilbud på magasinet!

i desse dagar flyttar eg ut fra denne leiligheten, og eg vil helst ha så få magasin som mulig med meg når eg reiser. derfor lanserar eg no eit magasintilbud som gjeld til søndag! ganske så bra tilbud om eg får sei det sjølv. kun for lesarar i norge!


only for my readers based in norway: a sale on the magazine.


til salgs.



takk for alle tilbakemeldingane eg har fått dei siste dagane, herregud så fine de er og herregud så glad eg er for at de likar magasinet! eg er sjukt stolt av det og håpar at de berre vil holda fram med å bestilla og gi dei bort i gave og vakuumpakka dei til dei blir mykje verdt ein dag, haha. om du vil kjøpa eit i helga og bur i oslo, bergen eller trondheim kan de gå hit:


oslo:

balanzera frisørsalong, sofienberggt. 2b (rett ved olaf ryes plass)
frøken dianas salonger, markveien 33 (olaf ryes plass)
tronsmo bokhandel, kr. augustsgt. 19 (ta trikk 11 til tullinløkka også er du rett ved sidan av)

bergen:
kostym, skottegaten 21

trondheim:
pryd, mercursenteret



i'm so happy about all of your words about the magazine in the last couple of days, thank you ever so much. it means a lot to me, i'm so proud of it. i hope you'll continue to order it and be happy about it. these are the adresses that sell the magazine in oslo, bergen & trondheim.


eit lite ps:





no har hjartemagasinet fått seg ei heimeside! den er ganske så basic, men det er fint likevel. etterkvart trur eg at dei tidligare utgåvene skal få vera der óg, så ein kan få bla i internettversjonen av dei. hjartesmil.com er det ihvertfall! hurra!

 



i made a website for the magazine! hjartesmil.com.


baby.

the magazine.

i dag kom magasinet, nummer tre, parisutgåva, mitt tredje barn. eg er så stolt og så glad og så kry! det er heilt fantastisk, akkurat som eg ville ha det og enda bedre enn det. ingenting føles så bra som å føla at ein virkelig har jobba hardt med noko også blir det skikkelig bra. eg har 27 kassar fylt med gode kjensler i leiligheten min no. det er trangt men føles ganske så trygt egentlig. HURRA!

om det er nokon som lurer på kven det er som er med denne gongen, kjem ei lita liste her: victoria durnak, nanó wallenius, anna malmberg, bjørn sortland, julie pike, maja casablancas, ingrid rognstad, charlotte boeyden, lisa lindøe og eit par andre fine personar. i pariskapittelet bidreg alle vennene som var i paris for å besøka meg, samt derek som eg budde med og ein del personlige tekstar som eg har skrive(både fiksjon og ikkje). i tillegg er det jo ein fantastisk paris-guide som tar ein med inn i ei fantastisk parisboble ein kanskje aldri vil ut av.

no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør, og om de er redde for å bestilla og bur i oslo så er det allereie til salgs hos balanzera i sofienberggt., også er det i salg dei andre plassane neste veke! (altså tronsmo & frøken dianas i oslo, kostym i bergen og pryd(mercur) i trondheim)


today the magazine came! i'm so so happy and proud, it's amazing and just the way i wanted it to be. it feels so good to have worked so hard at something that turns out this great. so now i have 27 boxes of warm fuzzy feelings in my apartment. it's kindof crowded but it feels safe in some way. YAY!


framside.



no tenkte eg at det var på tide at de fekk sjå framsida til hjartemagasinet #3. den er så fin at eg begynte å grina når eg såg den. som eg gler meg til den kjem fra trykkeriet. åh.



introducing: the cover of heart magazine #3!


hjartemagasinet.










magasinet er på veg til å ta endelig form, det er så magisk kvar gong det skjer og eg samanlignar det ofte med å føda. eg og caroline sat i mange mange timar i går for å gjera det heilt perfekt, og no syns eg det er så fint at eg vil eta det opp og bruka det som pute når eg ligg i senga og fantaserer om paris, på om alt berre var eit eventyr om ein heilt annan person liksom.

men no, folkens! no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør for i morgon sender eg magasinet til trykkeriet! eg har måtta ta hensyn til at eg faktisk flyttar til eit anna land til hausten og ikkje har mulighet til å ta med meg kassar fulle av magasin til england, og opplaget er deretter, så eg vil anbefala at dei som har lyst på magasinet bestiller det snart. alle plassane der det har vorte solgt utanfor internett vil óg selga nummer tre, så om de heller vil venta og kjøpa det på ein utsalgsstad, så er det jo berre å tvinna tomlar imens.

de bestiller i menyen til høgre på hovudsida. klikk her for å komma dit! suss, de er best.



yesterday caroline and i worked at the magazine for hours and hours and tomorrow morning it will be sent to the printers office!!! so if you want a copy i would advise you to order one now as i haven't ordered too many compared to last issue(which sold out).


magasinlivet.




her i magasinland så skjer det ikkje så veldig mykje, men eg tenkte at de likevel skulle få sjå litt. kva seier de? de kan bestilla i menyen til høgre, om de vil.


all day everyday is indesign and photoshop. magazine land.


synne.



i dag redigerar eg bildene eg tok av synne i paris og det kriblar sånn i magen for det der magiske magasinet som eg får meir og meir tru på for kvar dag som går.


(forrige gong eg skreiv om magasinet var det fleire som spurte om det framleis går an å kjøpa det og det gjer det sjølvsagt! ein bestiller i menyen til høgre.)


today i'm editing these pictures of synne from paris and growing more and more exited about the magazine!


magasin.







dette driv eg på med i dag. magasinfikling og bildeutvelging, det er så spennande og så nervevrakande. om litt over ei veke skal magasinet vera ferdig, trur eg. håpar eg. og heilt heilt i slutten av april kjem det tilbake fra trykkeriet(eg håpte meir på rundt tjuande men det vart tull på grunn av påskeferien).



today i'm playing around with the magazine, trying out some different things and trying not to have a meltdown.


for så høgt har eg elska.

IMG copyIMG_0001

i det siste har eg vore litt i ei bjørn sortland-tåke. boka som eg les akkurat no heiter for så høgt har eg elska(som utdraget over er fra), og er ei heilt nydelig bok på nydelig nynorsk som er veldig komplisert om kjærleik og familie og ein veldig forvirra ung mann. eg har lest bjørn sortland sine bøker heilt sidan eg var ganske ung og det har kanskje de óg, og han har ein av dei søtaste forfattarheimesidene eg har sett. i alle fall, eg er i tåka og fint er det for han skal faktisk vera med i magasinet! så da veit de det. og ellers så burde de lesa denne boka, for den er innmari fin uansett kva dag i veka det er.




an excerpt from a beautiful book by a beautiful author who i'm working with for my upcoming magazine!


forhåndssal!



no, folkens, no startar forhåndssalget av den fantastiske paris-utgåva av hjartemagasinet! eg har så mange nydelige navn på plass og så mange fine personar involvert at de kjem til å få pusteproblem, men på ein fin måte. ganske fint å kjøpa det no óg, så kan ein heller bruka 130 kroner på vin i april(når magasinet kjem) for da kan ein sitta i parken. om de ikkje heilt veit kva magasinet er, kan de trykka på kategorien som heiter "om magasinet.", for der står omtrent alt de treng å vita!

om de vil kjøpa fleire magasin enn tre får de gjerne senda ein mail til hjartesmil@gmail.com, så skal eg prøva å få svart så godt og fort eg kan, men mailinnboksen min er ikkje heilt enkel for tida. håpar de kjøper og at de blir like gira som meg! kjøp kjøp kjøp!

ps: noko som er skikkelig bra er at ein kan få kjøpa både magasinet og debutplata til han der fine i ein pakke! det er den som heiter "package" i menyen her:


kjøp magasinet her.






it's now possible to pre-purchase issue #3 of heart magazine! to read more and buy, click the link above!


slutt.

hei, alle saman! no er det tomt for magasin! eg har solgt alle utanom nokre få fine som får vera med meg til eg får barn og barnebarn som kan få sjå kva eg gjorde då eg var ung og kor modig eg var! dette føles heilt sjukt. så no stoppar eg salget, om det er nokon som ikkje har fått kjøpt og som er heilt desperate kan de senda meg ein mail også kan det henda eg får fiksa det. tronsmo, balanzera og frøken dianas salonger har framleis magasin hos seg! det har óg pryd i trondheim. men tenk, at det finst 1000 magasin der ute, på nattbord og i vesker i mange ulike land. det er så fint. de er fantastiske! tusen takk for at de kjøper, for at de finst, og for at de støttar oppom prosjekta mine som de gjer. eg hadde ikkje kunne gjort dette utan dykk.

neste magasin kjem i april/mai til alle som lurer, og det blir eit parisnummer. fjerde nummer blir eit london-nummer ettersom eg bur der da. eg har allereie fått så himla mange fine navn til nummer tre, og eg er så glad så glad og jobbar framleis med den saken! de kjem ikkje til å bli skuffa, det lovar eg.




today i sold out my last magazine copy, it feels so amazing!


femti.

compendium5page

god morgon! tenkte berre å sei ifra om at eg i går opna den siste øskja med magasin, og no er det faktisk berre femti(av 1044) eksemplar igjen! så om de nokon gong vil ha tak i eit eksemplar, burde de kjøpa ganske snart. og til dei som har bestilt men ikkje fått enda: eg sender ut alt av bestillingar som er igjen i dag, det har berre tatt meg litt tid.



just to tell you yesterday i opened the last box of magazines, so now i only have fifty copies left!


tre.



eg har tre boksar igjen med magasin, to som framleis er forsegla og ein som står open, klar til å sendast ut i smartpostkonvoluttar til heile det lange land og forbi. det er til saman 169 magasin igjen. eg har solgt 875 magasin sidan oktober, det føles heilt sjukt og heilt sjukt bra. for å få det før jul må de bestilla det før klokka fire på torsdag, om de ikkje vil bestilla det over internett kan de få kjøpt dei litt overalt, desse plassane, det er komt fire nye plassar på lista:

henrik vibskov, tollbugt. 15, oslo
pryd, mercursenteret, trondheim
e-bo, lærdal
papercut bookshop, krumakargatan 24-26, stockholm

om du vil ha dei sendt ein plass som julegåve, altså om du vil ha det pakka inn og sendt til ei anna adresse enn di eiga tar eg imot manuelle bestillingar på mail fram til torsdag. pengane må vera på kontoen min før magasinet blir sendt, så eg anbefalar at alle som vil bestilla ved å overføra til konto gjer det i dag eller tidlig på dagen imorgon! da sender de mail til hjartesmil@gmail.com.

om du ikkje heilt veit kva magasinet er, kan du sjå her. om du er i tvil om det er verdt det eller ei: det er det. eg prøver å vera ydmyk, men det er faktisk eit heilt fantastisk magasin og eg tør å sei det. eg er sjukt stolt.



just to let you know that i don't have many magazines left, only 169 out of 1044. and order them before thursday if you want to get them before christmas.


hemmelig på mekken.

mekken.
i går var eg og han der fine på mekken. det er så fint å gå på labdoka med film også tusla bort til mekken og venta på at dei opnar klokka tre. alltid varmt og fint óg.

mekken.
ein føler litt at ein er i ei gruve.

mekken.
ein kan sitte ved store bord eller gøyma hemmelige ting. det gjorde me, men tilbake til det i slutten av innlegget.

mekken.
me drakk kaffe latte.

mekken.
og spelte viggo.

mekken.
eg hadde blomsterkjole på.

mekken.
og han der fine hadde vottar inne.

mekken.
han er så fin så det eksploderar i magen min nesten kvar gong eg ser han.

mekken.
og sånnher lur såg eg ut fordi:

eg og han der fine har gøymt eit hjartemagasin på oslo mekaniske verksted/mekken. om ein ikkje har pengar til å kjøpa eller berre vil leita for spenninga si skyld vil eg anbefale å stikke innom ein tur for å sjå om de finn det. kanskje lurt å stikka innom ved opningstid i morgon før folk set seg ved borda og sånn, for det kan bli komplisert om det er masse folk der. lykke til! håpar den som finn det seier ifra!




yesterday we went to oslo mekaniske verksted, we played cards and drank coffee and hid my magazine somewhere for someone to find!!!


magasinstatus.



no har eg endelig endelig fått betalt trykkerirekninga! og det føles så fantastisk. me har solgt magasin for femtitusen kroner, folkens! no er resten overskudd og skal få meg til paris. men eg har enda mange boksar igjen, så eg tykkjer at de skal kjøpa for eg veit at det er mange som ikkje har kjøpt som egentlig vil.

eg veit at det er mange under 18 som ikkje får kjøpt fordi dei har visa(berre til informasjon: eg fekk visa då eg var 16, så ein må ikkje vera 18, ein må berre vera 18 for å få kreditt. om du vil handla på internett syns eg du skal snakka med banken din!), og som ikkje får overtalt foreldrene til å kjøpa ting over internett fordi det er skummelt, men da kan de berre be dei om å gå innom paypal.com/no, for der kan dei lesa om kvifor det er så himla bra. paypal er den tryggaste måten å internettshoppa på, for om det blir problem kan du kreva pengane tilbake gjennom paypal også er dei mellomledd og meklar og om ein ikkje finn ei løysing får ein tilbake pengane sine. det syns eg er ganske så fint.

ein ting som eg kom på at eg ikkje har sagt: dette magasinet er i a5 denne gongen, ikkje a4. altså er det halvparten av eit vanlig magasin-størrelse, som ei lita bok som får plass i små vesker og som ser himla fine ut under juletreet og på nattbordet. og gode nyheter: eg opna ei øskje med magasin som eg trudde var nummer to men som viste seg å vera nummer éin! og det vil sei at me har rundt førti eksemplar av nummer éin igjen, eg syns at de skal kjøpa den óg. om de kjøper det som heiter "package" i menyen til venstre får de jo både nummer ein og nummer to for berre 175 kroner, og det er jo eit kupp for eit reklamefritt magasin som får deg til å bli heilt varm i hjartet og som kanskje til og med kan redda dagen din. feelgood-garanti, liksom. true story.

edit: eg kjem til å fjerna kjøping av magasin nummer ein når det blir tomt, så så lenge det går an å kjøpa det her er det ikkje tomt. veit at det er fleire som lurer på det. om ein ikkje vil kjøpa over internett er det óg til salgs på balanzera i oslo.


i've paid my printer's office now and i'm so stoked about it! i think you should keep buying the magazine, but be sure to buy with international shipping, or else you won't get it in the mail and there will be complications. we don't want that.


å kjøpe magasinet utanfor internett.



no er det ni plassar magasinet er til salgs utanfor internett. eg har hatt skikkelig problem med å finna nokon stad som vil selga det i dei andre norske byane, så om de veit om ein plass som kanskje kunne ha solgt det er det fint om de tar kontakt med dei(og sei heiii har du høyrt om hjartemagasinet?), så kan dei ta kontakt med meg om dei er interesserte.

oslo:
balanzera frisørsalong, sofienberggt. 2b (rett ved olaf ryes plass)
frøken dianas salonger, markveien 33 (olaf ryes plass)
tronsmo bokhandel, kr. augustsgt. 19 (ta trikk 11 til tullinløkka også er du rett ved sidan av)
ny: henrik vibskov, tollbugata 15 (trikk 12 og 13 til kongens gt.)

bergen:
kostym, skottegaten 21

trondheim:
ny: pryd, mercursenteret

stockholm:
papercut bookshop, krumakargatan 24-26.

øvre årdal:
skrivargarden

lærdal:
ny: e-bo


& i dag besvimte eg på ica, så eg trur eg tar det rolig dei neste dagane. håpar me sjåast.


outside the internet, there are now five stores that sell my magazine. these are their names and adresses, and they're linked.


magasinet! hurra!


framside.


prikkar.


nikoline.


sandra.


jessica silversaga.


sigrid.


elsa.


eingangskameraprosjektet.



meg og julie.


heidi & caroline.

i dag har eg fått magasinet, tusen små i atten kassar. eg er stort sett fornøgd og veldig stolt. i kveld feirar eg med middag for nokre av dei finaste eg veit om. i morgon sender eg ut ein masse magasin, håpar de bestiller masse, da blir eg himla glad! snart har me nok pengar til å kunna kvitte oss med trykkerirekninga når den kjem. det føles bra. de er fine folk, de som leser her. håpar de veit det.

magasinet bestiller de i menyen til venstre, om ein dag eller to er det tomt for det første magasinet så om de vil ha det(då meinar eg at det faktisk blir tomt i heile verda og de får aldri sjansen til å kjøpa det igjen), eg kjem til å venta med å fjerna paypal-knappen til studielånet kjem sidan eg veit at det er mange som ikkje har pengar fram til rundt den femtende.




today the magazine came!!! i'm so happy, it's really a wonderful magazine and i hope you'll buy it some day soon. i'm going to celebrate with some friends today and tomorrow the work begins.


magasinkonkurranse.

This world can be ugly

sidan eg er heilt slått ut av sosiale happenings denne helga, tenkte eg at me kunne ha ein liten fin konkurranse der de kan vinna eksemplar av det andre magasinet! alt de treng å gjera er å legga igjen noko fint i kommentarfeltet, til dømes eit minne eller ein link eller ein blogg eller eit bilde eller ein tanke også det som eg syns er finast, kanskje det er berre ein eller kanskje to eller kanskje fem, så mange eg vil, får magasin tilsendt i posten.

hugs å legg igjen epostadressene, da. sånn at eg får tatt kontakt. me køyrer til i morgon klokka eitt.

konkurransen er ferdig! men, til framtidige konkurransar: eg kjem aldri til å premiera noko som har med weheartit å gjera i heile tatt, aldri aldri aldri. dei tar fra kunstnarar opphavsretten og drit i at dei sprer bilder på internett som er umulige å spora til kjelda. det dei gjer er ulovlig, og de gjer óg noko ulovlig kvar gong de legg ut eit bilde de ikkje anar kvar kjem fra. ein skal alltid opplysa om kjelde, og weheartit er (for faen) ikkje ei kjelde. ei kjelde er å opplysa om navnet til kunstnaren, linka direkte til heimesida til fotografen eller flickr-streamen. sånn. da var det sagt.


i'm doing a magazine contest: whoever comments with the nicest link or blog og picture or thought or memory gets a magazine in their mailbox!


svar på magasinspørsmål.


framsida, teikna av caroline weseth. er den ikkje heilt fantastisk?


her kjem svara på spørsmåla de fekk spørja om magasinet. de spør veldig mykje om pengar, og det skjønnar eg jo sjølv om det er litt trist egentlig. det viktigaste eg vil formidla er at de skal gjera det som føles rett, om det er noko de virkelig virkelig vil så må de berre gjera det! gjer det gjer det gjer det. sjølvsagt er eg redd, for at de ikkje skal lika magasinet og for at det skal skje noko feil i trykkinga, men ein må velga å sleppa taket litt og berre gjera det til noko som er gøy sjølv om det er stort og sjølv om det er masse pengar. ha det gøy! og berre hugs at om det går over så går det som regel bra.

betaler du dei som hjelper deg med magasinet?
både ja og nei. eg pleier å honorere dei ikkje-skandinaviske som er med. dette er fordi opplaget er på 1000 og magasinet nesten berre blir solgt i norge, så dei skandinaviske deltakarane får bra marknadsføring av seg sjølv medan dei andre ikkje får den samme effekten, om de skjønnar. også må ein jo sjå det litt an, til dømes får sjølvsagt caroline pengar fordi ho har teikna forsida og illustrert andre plassar i magasinet enn berre sitt eige kapittel. folk seier som regel berre ja ja ja fordi dei syns det er eit fint og morsomt prosjekt der dei får lov til å skapa noko heilt sitt eige.

korleis er det å jobbe med slike prosjekter?
det er heilt fantastisk. spesielt når ein får bestemma alt sjølv og bestemma sine eigne arbeidsmengdar og får jobba med folk som ein likar og respekterar og ser opp til.

hva skriver dere om?
det er mykje om kjærleik. egentlig aller aller mest om kjærleik.

kan du legge ut informasjon om hvor bladet er til salgs?
det kjem når magasinet er ferdig og utsalgsstadane er klare! akkurat no veit eg ingenting, men magasinet er ikkje ferdig i trykken før 15.november.

jeg gleder meg sånn til det kommer! det jeg lurte på var om jeg får det i posten før jul, om jeg bestiller det nå? hadde jo vært fint å kunne gi det i julepresang.
ja, sjølvsagt! me får dei den 15.november, og da sender me dei ut med éin gong, så du får dei i veldig god tid.

kor mykje kostar trykken, og kvar trykker du?
trykken kostar rundt femti tusen, og eg trykker hos zoom.

kva har du lært og eventuelt gjort annleis etter magasin #1?
eg har lært meg å vera klarare, og å laga eit magasin for alle og ikkje berre dei som les og elskar bloggen min. eg trur og håpar nummer to er enklare å forstå.

hva har du gjort for å få samarbeidspartene/bidragsytere som du vet kommer til å bidra med noe fint og spesielt?
eg har heilt enkelt berre tatt kontakt med folk som eg syns er fine. så enkelt og greit er det faktisk. frode grytten svarte ja med ein gong etter eg berre hadde sendt han ein mail, og sendte over teksten sin nesten før eg hadde rukke å skrika hurra. ein må berre tørra å spørra, også er det veldig viktig å sei nei om det er noko ein føler at ikkje passar.

har du utformet layout osv. selv?
jepp, eg har gjort alt det grafiske arbeidet sjølv. utanom illustrasjonar og forsida som caroline har laga sjølvsagt.

hvordan fikk du ideen til å lage magasin, og hva fikk deg til å tørre å hoppe i det og lage det?
eg hugsar ikkje korleis eg akkurat fekk idéen, men heilt sidan eg var liten har eg likt å laga bøker og sånne ting sjølv, klippa og lima og laga inspirasjonsbøker og permar, og da var magasin eit fint steg å ta. det er mange som seier at det er modig og spør korleis eg tør, men eg tenkjer ikkje at det finst noko alternativ. akkurat no er det magasinlaging som gjer meg glad, så da gjer eg det. men det er sjølvsagt veldig risikabelt, eg har ikkje noko forlag i ryggen og det er min eigen økonomi som går dukken om magasinet selger dårlig. eg har ikkje akkurat femti tusen å ut med sånn med ein gong, så giroen fra trykkeri er heilt avhengig av at de kjøper magasin for å gå opp! skummelt men fantastisk.

går alt du tjener på magasinet til Paris- reisen?
no veit eg jo ikkje om eg tjener noko som helst, og eg har allereie kjøpt eit kamera for tjue tusen, så det blir ikkje så altfor mykje å rutte med. men ja, jo, eg trur det. om det blir veldig mykje så kjem eg til å spara ein del.

hvilket trykkeri bruker du?
zoom.

hva slags program bruker du til layout?
InDesign cs3.



hvor mange sider er det på?
144.

hvor mye har det kostet å få til magasinet i alt? kan du si litt om hva de forkjellige utgiftene består i og hvor mye ting koster?
det er stort sett berre trykkinga som kostar, og livsopphold for meg, da. trykkinga kostar femti tusen. i og med at eg ikkje har nokon jobb utanom magasinet går alle pengar som kjem inn som lønn til meg. eg er eit einmannsshow.

hvor mye har du fått i støtte?
eg har fått 7500 fra trafo, også har eg ein fast avtale med lnk(landssamanslutninga av nynorskkommunar) om at dei kjøper magasin til alle sine medlemskommunar pluss medlemmar i styret, til saman rundt 130 magasin, og det er ein trygghet som er fin å ha.

jeg lurer egentlig på hva du gjør sånn til hverdags når du ikke koser deg eller jobber med magasinet? Det holder vel ikke til å leve, så jobber eller studerer du? Det virker som du har så innmari mye tid til å gjøre ting du bare har lyst til - eller så er du bare imponerende flink til å sette av den lille tiden man vanligvis har til å gjøre sånt.
eg gjer ingenting, jobbar kun med magasinet. eg har prøvd å finna ein jobb sidan midt i august, men har ikkje funne nokon jobb enda, og i starten av oktober fant eg og han der fine ut at me klarar oss heilt fint utan at eg jobbar nokon dagjobb, sidan me begge tjener bra på ulike frilansoppdrag og me lever veldig billig. så no er det magasinet, også må eg prøva å finna noko meir fast fram til februar, for da flyttar eg til paris.

har du et spesielt budskap med magasinet? hva er grunnen til at du ville lage et magasin?
eg vil berre at folk skal slappa av litt, tenka mindre på pengar og meir på seg sjølv og folk rundt seg, setta pris på det ein faktisk har i livet. min verste frykt er å bli eit sånt stressa menneske som ikkje klarar å setta pris på noko som helst, som berre klagar og klagar på kvar minste ting rundt seg fordi ein ikkje evnar å stoppa opp og sjå ting som dei er utan det jaget som er rundt. eg ville laga eit magasin som eg hadde hatt lyst til å lesa sjølv, berre sitta i ein sofa og bla i utan å tenka på verda rundt meg. så da berre gjorde eg det. enkelt og greit.

gjør du alt selv i indesign, eller får du hjelp? bare tenkte at det må bli mangemange timer om du er alene om jobben? eg har gjort absolutt alt sjølv, og det har tatt fleire timar enn eg tør å tenka på.

kva er det mest irriterande med heile magasinprosjektet, kva får deg til å ville dra ut kontakta eller knipse nokon i øyre?
når folk ikkje leverer i tide er så sjukt frustrerande. og å prøva å ha ein normal døgnrytme, for det er så enkelt å sitta våken til sju om morgonen også stå opp klokka to, men det er ikkje bra og spesielt ikkje no som det er så mørkt. å ha ei datamaskin som skulle ha vore bytta ut for lengst(når ein må restarte den for femte gong på ein time har ein berre lyst til å kaste den ut vindauet).

kor kjem ideane til utsjånaden på sjølve magasinet frå?
dei kjem berre fra bloggen, fra mitt eige hovud. også har eg plukka litt fra mange plassar.

kommer du til og selge det andre steder enn i Oslo?
ja, eg har tatt kontakt med mange utsalgsstadar rundt omkring i landet. dei er dårlige på å svara, da, så me får sjå korleis det går. den einaste plassen som er bekrefta er papercut shop i stockholm. også reknar eg med å få det solgt på tronsmo her i oslo, da.

koster det noe ekstra i frakt for magasinet hvis jeg kjøper det her, eller er det den prisen som står der?
nei, prisen som står der er det som er prisen.

hvem trykker opp magasinet for deg?
zoom.




har du designet det selv eller?
ja.

skal du lage nummer tre ein gong i framtida?
eg funderar faktisk på å lage eit parisnummer.

kva heiter magasinet? (hjartesmil?)
me kallar det for hjarte(magasinet) eller <3.

kva for ein del brukte du mest tid på?
å finna ut kven eg vil ha med, kva som passar saman og kva som passar til mi greie, liksom. det tok veldig lang tid.

jeg lurer på hvor vanskelig det har vært for deg å ta store beslutninger angående magasinet. jeg lager selv et magasin i skoletiden og synes det er grusomt å måtte ta slike store avgjørelser som får konsekvenser for hvordan magasinet blir seende ut til slutt. får litt vondt i magen av det på en måte. store beslutninger som hva magasinet skal inneholde, hvordan rekkefølge alt kommer i og hvordan tema det skal ha og slike ting. jeg vet for eks. ikke om jeg vil ha sponsorer eller ikke eller hvor mange sider det skal ha eller når det skal bli gitt ut. supervanskelig.
eg gjer berre det eg syns ser fint ut og det som føles bra, eg gjer aldri noko som eg ikkje virkelig virkelig vil. ein må berre slutta å vera så himla nervøs og berre kasta seg i det, vera litt crazy og ta litt sjansar. det er da ein veks som person og det er da ein klarar å skapa noko større enn seg sjølv, noko fantastisk. det er viktig å finna eit trykkeri med fine folk også er det viktig med fargar, men da er det berre å velga yndlingsfargane sine. dette magasinet er i ferskenfarge. himla fint.

jeg skjønner ikke hva magasinet er? & kva er det eigentleg magasinet handlar om? og er det berre bilete eller også tekst eller kva?
det er eit kunstmagasin basert på bloggen som inneheld litterære tekstar og fotoseriar, samt litt illustrasjonar og eit par intervju med fine bloggarar. på den første sida av magasinet står det: "hjartemagasinet er eit magasin basert på bloggen hjartesmil.blogg.no, og er eit magasin som handlar om kunst og kjærleik og alt det som gjer at ein blir litt svak i knea elller varm bak ribbeina. det handlar om onsdagsfestar og å få hjartet knust, om blomar og graskar, om søndagsbrunsj og å vera så trist at hjartet går ifrå kvarandre. men oftast går det bra til slutt." & det stemmer ganske fint.



just answering your questions about my magazine, feel free to use the google translator.


magasinspørsmål.


biletet er linka

 

eg veit at det er veldig mange som har mange spørsmål om prosessen rundt å laga eit magasin og egentlig alt som har med det å gjera. kan ikkje dei som lurer berre stilla spørsmål i kommentarfeltet her også svarar eg denne veka ein gong? suss.

foreløpig kan ein kjøpa magasinet i menyen til venstre her, og det kjem informasjon etter kvart som det får plass i hyller rundt omkring i landet og utlandet. spesiell info til dei som vil kjøpa pakken med både det første og det andre magasinet; de bør tenka på å gjera det litt fort, for me har snart solgt femti av pakken og er usikre på kor mange fleire me kan selga. så lenge pakkefunksjonen er i menyen til venstre, er det tilgjengelige pakkar. så veit de det.



if you have any questions about making a magazine, now is the time to ask.


forhåndssal.







no har eg lagt ut magasin nummer to for forhåndssalg i menyen her! hurra! no skjer det endelig. de kan kjøpa den omtalte pakken med magasin nummer ein og magasin nummer to heilt til nummer ein tar slutt, håpar de vil kjøpa masse så eg kan få råd til å flytta til paris til våren! hurra! og det er virkelig ei perfekt julegave om eg får sei det sjølv.

magasinet kjem fra trykkeriet og de som allereie har bestilt dei da vil få dei i postkassene rundt den 17-18.november. foreløpig tar me kun paypal-overføringar og ingen direkte overføring til konto på grunn av orden i rekneskapet. magasinet kjem som sagt til å bli solgt litt rundt omkring i landet og utlandet, og den lista kjem når den er klar så det treng de ikkje å spørja om foreløpig. det eg kan sei er at det kjem til å bli solgt i ein bokhandel i stockholm, så om du bur i stockholm kan det henda du sparar litt på å kjøpa det der istadenfor å kjøpa det over nett.

om de ikkje har visa/anna kredittkort anbefalar eg å snakka med foreldre eller ein venn eller ein kjæreste som har visa, føra over pengar til dei og få dei til å kjøpa magasinet og heller ta det utanfor mailinnboksen min, for ellers blir det himla mykje å holda styr på for meg, håpar de forstår. suss.



it is now possible to purchase issue #2 of <3 magazine, which i hope you all will! the paypal button is in the menu to the left.


tredje magasindrypp & info om magasinet.

elsa billgren


elsa billgren er presse- og PR-ansvarlig for vintagekjeden beyond retro i stockholm, og bloggar på elle.se om kjærleik og kjolar og litt om paris. ho bidreg med ein tekst om kjærleik og blir intervjua av meg om det same temaet.



anette schive


anette schive er ein norsk fotograf som spesialiserar seg på mote- og portrettfotografi. ho bidreg med ein editorial fra nattemørket.


mariell øyre & julie aida graf

altså meg og julie som har samarbeida om eit prosjekt. meir enn det vil eg ikkje sei, men eg trur det blir veldig fint.


om alt går etter planen kjem magasinet tilbake fra trykken den femtende november. det vil sei at eg må jobba som ein galning til den fjerde, for da har eg trykkedeadline. eg kjem til å vera umulig å bu med og nesten umulig å få tak i på mail, berre så de veit. me kjem til å trykka tusen magasin, og for tida driv eg på med å kontakta mange ulike plassar i mange ulike byar for å få solgt magasinet litt overalt, men det vil uansett bli solgt gjennom paypal her på bloggen, så de treng ikkje å bekymra, det kjem til å gå veldig fint. eg har mange igjen av det forrige nummeret av magasinet, så me kjem óg til å selga ei slags pakke til ein ganske billig pris, med både det første og det nye som kjem no. eg kjem til å skriva eit innlegg seinare om alle plassane magasinet vil bli solgt, det kjem når det er klart. det kjem til å kosta rundt hundre-hundreogti kroner. om det er noko meir de lurer på må de veldig gjerne spørja i kommentarfeltet også svarar eg så godt eg kan.



three/four new names for the magazine; swedish blogger elsa billgren, norwegian photographer anette schive and a project with myself and julie aida graf.


fredagskveld.



i går bytta eg ut golvet på revolver og sekstikronersøl med å sitta heime, med heidi og caroline, for å fiksa og triksa til magasinet. seks timar seinare var raudvinsflaskene tomme, melonen ete opp og eit heilt kapittel i magasinet ferdig. tjue sider kval og actionfilm på veg til postkassa di, liksom, må berre senda det i trykken først(og fiksa heile resten av magasinet, da). hihi. det er fantastisk fint og eg er ei stolt høne. i dag skal eg forhåpentligvis slå av magasinmodusen i hovudet og berre ha det fint med fine folk. det blir fint og bra, og eg skal ta mange bilder så de får vera med.


yesterday i stayed at home instead of going out, and finished twenty pages in my upcoming magazine. i can't wait for you to see it! today i'm just going to relax and do nothing magazine-related at all.


andre magasindrypp.

i dag har eg starta med magasinjobbinga i indesign, det er så himla gøy og utfordrande og fint. men eg tenkjer difor sjølvsagt òg på eingangskameraprosjektet: dei som har fått klarsignal må må må senda meg kameraa sine så fort som mulig.

jessica silversaga


svensk fotograf og bloggar på vintageportalen.se, lagar eventyrunivers av kjolar og blonder og tyll. bidreg med ein editorial og blir intervjua av meg om kjærleiken.

frode grytten

nynorskikon og min favorittforfattar, og elskar the smiths kanskje ti gongar høgare enn meg. bidreg med eit essay som er skjørt og vondt og fantastisk om det å skriva, om familie, om glimt av jenter som kjem ut av dusjen. fantastisk fint, gler meg sånn til å visa det fram.

mike bailey gates



søtten år gamal motefotograf fra rhode island som i hytt og pine blir kalla den nye tim walker, han har blitt intervjua i utallige magasin og nettsider og har mange spennande prosjekt framover som eg gler meg himla mykje til å sjå. han bidreg med ein editorial.

kva seier de?

 


second preview of the magazine. jessica silversaga, swedish photographer and blogger, is contributing with an editorial and also being interviewed by me about love. frode grytten, my favorite author, with an essay unfortunately in norwegian. mike bailey gates, seventeen year old wonderchild from rhode island, contributing with an editorial.


første magasindrypp.

okei, så her kjem eit par navn fra magasin nummer to. det kjem ut i november ein gong og blir ei perfekt julegåve til kven som helst.

kval & actionfilm


heidi og caroline, ein av mine favorittbloggar, har det største kapittelet i magasinet. dei skriv og illustrerar om kjærleik, om jenter, om knuste hjarte og knuste ølglas.


nikoline l.rasmussen


nikoline deltek med ein nydelig fotoserie fra ute i skogen, den er haust og kjolar og sånt som er fint. åh.


sandra beijer


sandra, kjent som niotillfem, bidrar med ein tekst om kjærleik sjølvsagt. her er eit lite utdrag:

"Du tar mig till alla platser i hela staden. Vi skriver obetydliga rim på en
skrivmaskin du hittar längst bak i en bokaffär och vi spelar alfapet på en
parkbänk. Jag får alltid alla C:n och du vinner, om och om igen."


så, kva seier de? trur de at det blir bra?


(alle bileta er linka til respektive bloggar)



the three first chapters of my magazine coming out in november.


spennande spennande spennande.

okei, så eg sa at de skulle få vita noko om magasin denne veka. og det som skjer er: det kjem eit nytt nummer i november, og eg har allereie så himla mange flotte fine folk med på laget som de kjem til å elska. alt er litt hemmelig enda, men eg treng inderlig å få mail og kommentarar med tips om folk som er flinke til å skriva, helst litt lengre tekstar, folk som er flinke til å fotografera, teikna, folk som kan vera interessante å intervjua, folk som har spesielle interesser, folk som de har lyst til å vita meir om/sjå meir av.  snart kjem eg med ei lita liste navn som eg veit de kjem til å bli glade for, så til da kan de berre kryssa fingrane for at det blir bra!

eg treng óg: fire-fem personar som vil vera med på eit eingangskameraprosjekt. dei som skal vera med står sjølv for utgiftene med sjølve eingangskameraet(eg står for framkalling). dette gjer eg fordi dei fleste som var med på det forrige prosjektet dreit godt i det og sendte aldri kameraa tilbake(noko som sjølvsagt var kjipt). om du tar fine bilder og har ein hundrings til overs, send ein mail med ein liten søknad og gjerne nokre bilder du har tatt(og ikkje ver redd for å senda meg mail, eg elskar å få dei sjølv om eg kan vera supertreig med å svara). eg veit ikkje korleis det blir med kreditering, det kan bli komplisert, men me finn nok ut av det.

nummer to blir med mange fleire sider og kjem til å bli gitt ut i eit mindre opplag, så det blir mindre magasin og meir kamp om dei eksemplara som finst. det blir spennande. spennande spennande spennande.

send mail til mariell.oyre(at)gmail.com

eg vil at når ein blar om sidene skal ein kjenna det sånn i magen:
the story of june davis. (part one)ribbons & bows final
bileta er linka

kva tenkjer de?



my magazine number two is coming out this fall, in november, and i am super exited about it. i have a lot of exciting people already on the team, but i need more and that is something i need your help to do. if you know any great photographers, illustrators, graphic designers, or just someone who is lovely, mail me at mariell.oyre(at)gmail.com.


beskjedar.

1: no er eg tilbake i oslo, tilbake til kameraladaren min som eg hadde gløymt(eg veit ikkje om de har merka at eg har vore vekk eingong).

2: neste fredag reiser eg på ferie, så om de vil ha magasin før seint ut i juli så bør de bestilla før da, siste post går dagen før altså torsdag. om de ikkje vil bestilla gjennom paypal kan de berre senda meg ein mail også kan de få føra over direkte til kontoen. om du bur i bergen kan du få kjøpt det på kostym, om du er i oslo kan du få kjøpt det på tronsmo.

PARKSALG.

i nokre timar framover sit eg i cuba-parken, på den sida av brua som bussen stoppar(telthusbakken), eg har med fire magasin og om nokon har tid og vil kjøpa er det berre å komma! hundre kroner, har ingen vekslepengar.

ps:

no er magasinet å få kjøpt på kostym i bergen! det finst kun ti eksemplar der, så skyndt skyndt skynd deg!

om magasinet! obs!

om du vil ha magasinet sendt i dag, må de bestilla NO, for dei blir sendt klokka fire.

for å forklara litt nærare: om me skulle sendt magasina kvar for seg ville dei kosta minst femti kroner berre i porto. heilt sjukt, eg veit det. men me sender med massepost, altså må me senda minst 200 magasin kvar gong me sender. i dag sender me 200, og neste veke kjem eg til å setta opp prisen på grunn av dei sjuke portoprisane(og eg er superlei for det og så innmari irritert på posten at eg ikkje veit kvar eg skal gjera av meg). om de vil kjøpa magasin for 110 og få dei i posten tidlig neste veke kjøper de NO NO NO. var berre det. for neste veke vil dei mest sannsynlig bli sendt med smartpost.

og forresten: ja, eg kjem til å sitta i park og selga. neste veke.

suss!

litt om magasinet.

magazine!!!
mange er ganske nysjerrige på magasin-prosjektet mitt, og her er litt fakta i form av ei punktliste:

magasinet er eit slags kunstmagasin med ein del ulike fotografar og forfattarar/skribentar, litt illustrasjon og ein osloguide og ein tekst skriven av meg.

arbeidet starta for ca eit halvt år sidan, men det er i hovudsak dei siste to månadane eg har jobba med det mange mange timar i døgnet.

  eg har gjort all den grafiske utforminga heilt aleine med program eg lærte på media og kommunikasjon på vgs(og er ganske stolt i og med at eg trudde eg hadde gløymt alt eg kunne allereie).

eg har brukt eit trykkeri i oslo som heiter zoom grafiske, opplaget er på 850, det er 80 sider og sidene er tjukke og blanke(akkurat som eg ville ha dei).

så langt har me berre solgt rundt 350, og eg har ein superstor klump i magen(som heiter dårlig sjølvtillit) som seier at me ikkje får solgt meir og at eg og han der fine må bu med pappøskjene resten av livet.

fordi magasinet er på nynorsk har me fått økonomisk støtte fra landssamanslutninga for nynorskkommunar og aasentunet. også trafo, da. i magasinet er det kun to reklamar: lerum og balholm. eg ville i utgangspunktet ikkje ha reklame fordi eg veit kor sårbar målgruppa mi er for reklame for klede og skjønnhetsprodukt, og har vore så heldig at me har fått nok støtte til å sleppa det.

  pengane som er til overs etter dette magasinsalget går rett inn i eit nytt magasin som kjem til hausten(eg skal i utgangspunktet ikkje ha noko lønn for arbeidet og det er mykje viktigare for meg å få ut eit nummer to enn å få masse pengar(det er berre litt viktig for meg at de veit at eg ikkje gjer det for pengane si skuld)).

om de har idéar til nummer to er eg så superinteressert i å høyra om det!

og litt bilder:

magazine!!!
framsida, teikna av vidunderlige caitlin shearer.

magazine!!!
baksida. "takk, ivar aasen".

magazine!!!
tekst skrive av ute er det melkehvitt.

magazine!!!
eingangskameraprosjektet.

magazine!!!
scannography av celina.

magazine!!!
editorial og intervju med sara.

magazine!!!
min oslo-guide. den brune saken på høgre side er eit kart eg har teikna over grünerløkka!

magazine!!!
fantastiske solveig selj.

magazine!!!
intervjuet mitt med martotopia.

om det er noko meir de lurer på så får de veldig gjerne spørra i kommentarfeltet. suss!

ps: til dei som ikkje tør eller får til å kjøpa ting over internett: ville de ha syns det var fint om eg satt i ein park med magasin som ein fekk kjøpa for ein hundrelapp?


an entry about my magazine and things some people have been wondering about. also some pictures to let you know what it's all about.

MAGASINET!!!


eg sit heime og han der fine har fått alle magasina som tar opp halve leiligheten og eg kan ikkje venta til han kjem i kveld og til eg endelig får ha det i hendene! no kjem dei straks i postkassene, hurra hurra hurra!!!


my magazine is finally here!

magasinsnik.


cover av caitlin shearer.


editorial av solveig selj.


bilder av anja niemi.


oslo-guide av meg. den er som de ser ikkje heilt ferdig enda, det skal inn bilder og anna fin tekst.

andre fine ting: tekstar av meg, bergensguide av eira og marte, som er dei beste eg veit på kafé og vintage, mange fleire nydelige bilder, intervju med nesten alle bidragsytarar, magiske tekstar, trikketips fra meg, andre ting som får sommarfuglane i magen til å gå berserk. og i dag fekk me fantastiske nyheter om magasinet, men det er hemmelig foreløpig, eg ville berre at de skulle bli glad for at eg er glad. eg har så langt solgt ca 300 magasin, så berre fortsett med å kjøpa kjøpa kjøpa med paypal-knappen til høgre. om de ikkje får brukt paypal; ta kontakt på mail. me fiksar det!

noko anna som (kanskje) er er eingangskameraprosjektet der eg må sei at eg er så skuffa som eg kan bli og egentlig ganske sur fordi eg gang på gang har stolt på og tilbudt lesarane mine å vera med på fine prosjekt og gang på gang bryr dei seg ikkje så mykje i det heile. eg veit at det er eit fåtals personar som øydelegg for alle andre, og det gjer meg berre så innmari lei meg. så langt har eg kun fått inn eitt kamera og eg kjem ikkje til å senda magasinet i trykken før eg får inn fleire. dei som sit på kameraa er altså skyld i at magasinet kjem ut seinare og det er ganske kjipt.


a few peeks into my magazine!

eingangskamera.

dei som har eingangskameraa no må senda dei til meg pronto! ver så snill, just do it. magasinet går i trykken mandag. suss.

magasin!


no har eg endelig fiksa så ein kan forhåndsbestille magasinet! eg håpar å få det ferdig til første veka i mai! om du vil forhåndsbestille magasinet kan du senda mail til hjartesmil@gmail.com med antall magasin du vil ha, dei kostar 110(eg måtte setta opp prisen med fem kroner fordi paypal tar seks kroner per magasin til seg sjølv) kroner per magasin inklusiv frakt. etter du har sendt mail til meg vil eg da senda deg ein "rekning" gjennom paypal. paypal er ein putalingstjeneste gjennom internett, som til dømes etsy og ebay brukar. der må du skriva inn kontoinformasjon(eller logga inn om du brukar paypal til vanlig) og adresse, så kjem pengane inn til meg og eg sender magasinet så fort det kjem!  eg brukar paypal fordi det er heilt trygt så eg kan ha full kontroll og at det aldri er noko tvil på noko som helst rundt pengane. det er kun 650 eksemplar tilgjengelig, så om du har lyst på eit kan du ikkje venta lenge med å bestilla. om det er noko de lurer på kan de kommentera her også skal eg svara så bra eg kan.

apropos magasinet eingangskameraa: kan eg få ein oppdatering på dei? kor langt har dei komme? korleis har det gått? eg har ikkje fått eit einaste tilbake og får litt vondt i magen av det. edit: om du har eit eingangskamera og skal senda det videre: ta tre ekstra bilder sjølv, kryss ut lista til det er igjen tre personar inklusiv meg, eg må berre få kameraa så fort som mulig for eg får ikkje gitt ut magasinet før dei er her.


if you want to order my magazine, you can mail me on hjartesmil@gmail.com and i will send you an invoice through paypal. for international shipments i charge 17 euros.

sneak a peek, del to.

her får de tre nye innblikk i magasinet:


caitlin shearer


linn strømsborg


sara berntsen

åh, dette er så fantastisk gøy!


three new peeks into my magazine.

opplag.

hei, finingar! eg går rundt med magasin-sommarfuglar i magen og har allereie begynt på eit nummer to, det er så spennande at det blir både vanskeligare og enklare å pusta altså. men eg lurer på ein sak og det er kor stort opplag eg skal ha. derfor lurer eg på om alle som skal kjøpa magasin kan legga igjen ein kommentar, den kan godt vera tom og anonym, og om de skal ha fleire enn eitt kan de legga igjen så mange kommentarar som antall magasin de skal kjøpa! det ville hjulpe veldig for å finna ut kor mange magasin eg skal trykka opp, for det er kjipt å sitta igjen med tohundre magasin liksom. suss!

kanskje eg burde oppdatera: magasina vil muligens bli solgt på éin eller fleire narvesen-kioskar i oslo, men mesteparten av magasina vil bli solgt og sendt ut gjennom meg. det har derfor ingenting å sei kvar du bur.

sneak a peek.

her er tre av fotografane til magasinet mitt, sidan de er så nysjerrige og sidan eg vil at de skal bli enda meir nysjerrige:


anja niemi


saga sig


ponygraph/mariell amélie

ser ikkje det fantastisk fint ut?


three of the contributors to my magazine coming out in april/may.

hjartehopphurra.


kjelde

det skjer spennande ting med magasinet i alle hjørne akkurat no, men eg treng framleis meir hjelp. til postprosjektet. det går nemlig ut på at eg sender ut ei pakke med eit eingangskamera. i den pakken ligg det eit brev og ei liste med adresser. alle som får pakken skal fotografera noko også senda kameraet vidare til nestemann/dame. den lista med adresser er altfor kort no. du treng ikkje å vera noko fotograf eller noko, det er nok at du har lyst å bli med! så om du har det må du senda meg mail på mariell.oyre(a)gmail.com! takk til alle som meldte seg på, eg har typ hundre deltakarar!

kjøp magasinet her / buy the magazine here.

hurra! no kan ein forhåndsbestilla hjartemagasinet #3! paris-nummeret! det kjem i midten av april og de som allereie har kjøpt det får dei rett i postkassene og kan dermed nyta dei under kirsebærtrea i botanisk hage eller under eit teppe med influensa ganske så rett etter det. har enno ikkje bestemt meg for kor mange magasin eg skal trykka opp, så det kan vera lurt å forhåndsbestilla så fort som ein har sjangs. eg lovar i alle fall at dette nummeret blir det beste hjartemagasinet av alle dei tre, det skjer mykje magisk rundt om i kulissane og sjølv om eg hatar å holda ting hemmelig så veit eg at de kjem til å bli så sjukt fornøgde!

how many/where to?


it's now possible to pre-purchase heart magazine #3 - the paris issue! i'll be done with it by mid-april and if you order it before it's done you'll pretty much have it in your mailbox within days, the ink will still be fresh! i hopw you'll buy it and enjoy it, i promise you it will be magical.