enda ei liste.
mat:
beste matrett? pasta carbonara om det er skikkelig bra, svære salatar og thailandsk mat. mmm. men om eg fekk berre éin sak så får det bli lam. åh elskar lam.
beste dessert? creme brulée, makronar fra pierre hermé eller sebastien bruno eller kva som helst med jordbær. etter frankrike har eg blitt heilt tertegal óg. åh gud bringebærtertene dei har på liebling er til å dø for.
beste drikk? hylleblomstsaft, pink lemonade og alt som er kaldt og på boks eller glasflaske.
verste drikk & matrett? likar ikkje brus med så mykje kolsyre, ristar alltid flaska før eg drikk. også hatar eg gin&tonic. mat: kjip restemat! amen til å laga berre akkurat nok mat.
beste alkoholdrikk? champagne, mojito highball, meksikansk øl og fransk cider.
smør på brødskiva? nei, aldri aldri. eg spiste ikkje brødmat før eg var gammal nok til å sei at eg ikkje likte smør.
smågodt eller ferdige posar? smågodt!!!
beste suppe? min eigen rød karri-suppe. sjukt god. og bestemor sin lapskaus.
favorittis? alt som smakar polkagris, mint, lakris eller med kakedeig.
shopping:
kor mykje shoppar du for kvar månad? det varierar veldig, men kanskje tusen kroner? ofte mindre, nesten aldri meir.
har du fleire sko enn klede? eg har to par sko! så nei.
favorittplagg? kjole. ingen spesiell, berre kjole.
favorittfarge på klede? lilla og blå.
favorittfrisyre? tupert sekstitalskrøll.
beste mønster? store roser og egentlig alt med blomar på, men óg prikkar.
beste accessoir? sløyfer og smil.
underklede? eg har eit veldig omfattande undertøysregime. før har eg sverga til kaketruser og billige tshirt-bhar, men no er det femtitalsbhar og truser i bra kvalitet. og bra strømpebukser, går i ull heile året rundt.
verste plagg? bukse. dør om eg må gå med bukse. hadde takka nei til ein jobb med bukse uansett.

jobb & utdanning:
jobbar eller studerer du? eg jobbar for meg sjølv, det er supert.
kva vil du bli? eg vil bli hustru, mamma, redaktør, fotograf, akkurat passe rik.
trivst du med jobben/utdanningen din? ja!!! så så så mykje.
er løna viktigast? absolutt ikkje, da hadde eg fått meg ein day job.

generelt:
har du barn? nei, men eg vil ha fire. og eg vil ha dei no.
er utrohet okei? nei, på ingen måte. men a4-forholdet er ikkje det det ein gong var, og utrohet er ikkje lenger utrohet heller. det kjem heilt an på paret.
elskar du nokon? ja, fleire personar.
betyr familie mykje for deg? familie betyr så himla mykje for meg. tidligare i livet mitt har eg følt meg distansert fra familie, men dei siste åra har me vore gjennom nokon skikkelig vanskelige ting og eg innser berre meir og meir kor fantastiske dei er. eg har ein sterk og stolt mamma som har ofra så innmari mykje for at eg skal ha det fint og ein pappa som får meg til å le så eg dett av stolen og som alltid køyrer, hentar, kjøper, fiksar, triksar. foreldrene mine er fantastiske menneske og dei beste foreldrene ein kan ønska seg. dei har gjort meg så utrulig sterk og har latt meg vera meg sjølv sjølv om dei ikkje alltid har vore enig med meg. eg hadde aldri vore så sjølvstendig og følt at eg kunne klara absolutt alt eg vil om det ikkje hadde vore for dei. og eg er så heldig som har funne meg ein kjæreste som er som heile familien min samla i éin person.
kvar reiser du helst på ferie? eg reiser helst i europa, men det er nok berre for at eg ikkje har vore nokon annan plass. eg skal til new york neste år, det blir heilt sjukt fantastisk. men sjølvsagt er det jo paris.
beste klima? typ atten grader, sol men skyer. orkar ikkje varmare enn det, da vil eg berre vera inne. og likar ikkje blå himmel og sterk sol for da er det så vanskelig å ta fine bilder.
heimefest eller gå ut? heimefest 9 av 10 gongar.
yet another list. google translate, if you dare!
listesøndag.

namn: mariell øyre.
piercingar: har hatt to i nasen, to i leppa og begge øyreflippane utvida. no har eg ingenting.
tatoveringar: eit hjarte på håndleddet i tjueårsgåve til han der fine.
lengd: 170 cm ca.
skostorleik: 41.
hårfarge: kjedelig men no er det raudt i alle fall.
frekner: nei. :(
motto: JA.
forelska? JA.
skulle du ønska at du budde ein annan stad? vel, eg lengtar jo veldig til london fordi det er der eg skal bu til hausten, men eg er veldig tilfreds i sogn og fjordane akkurat no!
syns du at du er attraktiv? kanskje annakvar dag.
kva for shampo brukar du? eg brukar kevin murpy sin hydrate-me.rinse, den er super! svergar til økologiske hårprodukt.
kva for parfyme brukar du? miss dior cherie.
kva er du redd for? å sova, å bli ein kjedelig person som ikkje orkar å laga mat eller engasjera meg for kvardagen, å føla at verda er lita, å ikkje vera sikker på at eg vil det eg vil. før var eg redd for syklar men det gikk faktisk over.
likar du å vaska? hmja, eg likar egentlig å vaska. men elskar det ikkje. elskar å støvsuga, å høyra korleis dritet blir sugd inn i maskina. det er ein drøm.
likar du bergogdalbaner? eg likar koppane og sånt som ikkje går altfor fort. eg er redd for å vera oppned.
seinaste?
filmen du leigde? ein beck-film gjennom headweb.
filmen du kjøpte? hm, hugsar ikkje. kanskje det var parnassus. lastar egentlig ned det meste av film, for eg ser mest filmar fra femti- og sekstitalet.
personen du ringte? trine marie.
personen som ringte deg? han der fine.
tv-program du såg? gossip girl.
person du tenkte på? mamma og mormor, som kjem heim fra trøndelag på tirsdag og som eg gler meg sånn til å sjå.

favoritt?
låt: martha av tom waits.
greie å gjera: klina. laga mat. lesa bøker i senger. le.
sport: festa.
klede: kjolar!
film: hairspray, breakfast at tiffany's,
vin: bouvet(rosémusserande), rotari(roséprosecco), veuve cliquot(champagne).
serie: glee, six feet under, dexter, criminal minds.
har du nokon gong?
grete over ein gut? ja.
grete over ei jente? ja.
lygd for nokon? ja.
vore i slagsmål? ja.
blitt arrestert? nei.
truffe nokon fra internett irl? ja! til og med han der fine er jo fra internett. og blogglesarar typ kvar veke.

antal?
gongar du har vore forelska? veit ikkje, men berre éin virkelig på ordentlig.
gongar hjartet ditt har knust? kanskje tre.
hjarte som har knust på grunn av deg? sikkert tusenvis.
jenter du har kyssa? hundre.
personar fra barneskulen du framleis har kontakt med? to.
gongar navnet ditt har vore i avisa? veldig veldig mange, av mange ulike grunnar.
seinaste?
boka du leste? leste om igjen history of love nettopp, den er så fantastisk. også las eg på ei anna bok men han der fine pakka den ned i flyttelasset så no finn eg den ikkje. typisk.
personen du fekk e-post av? ebay! men på ordentlig var det gyldendal.
personen du fekk brev av? trine marie.
personen du fekk sms av? trine marie.
gongen heile familien din åt middag saman? bursdagen min i april. neste veke. <3
greia du kjøpte? smartpostkonvoluttar på posten og mr.freeze.
(liste fra finaste elsa.)

a list. google translate!
parisvondt.

foto: sara
når eg ser dette bildet får eg ein klump i halsen på storleik med eiffeltårnet og eg får lyst til å grina sånn som ein berre kan gjera når ein går langs kanalen etter at sola har gått ned, ein føler seg ikkje lenger som turist men ein føler seg ihvertfall ikkje heime. bildet er fra ein heilt fantastisk kveld ein av dei siste vekene i paris, eg og sara møtte elsa og pontus for middag og mojitos før me drakk fantastiske myntedrinkar på ein superfin bar og møtte personar som me ville møta igjen(som me óg gjorde), så reiste me til maxim's for ein veldig ekstravagant og merkelig fest før eg og sara tok taxi til place de bastille der det var døgnopen servering og kentaro kom på sykkelen sin og når me rulla inn i seng var det morgon og sånn var livet mitt der. sånn er ikkje livet mitt no lenger. no sit eg innestengt i ein osloleilighet og er redd for å gå ut i dagslyset, eg er redd for det virkelige livet. for folk som snakkar mitt eige språk, for denne byen her folk veit kven eg er og kan telefonnummeret mitt. konstant sveitte håndflater og eit ønske om å kjøpa blomster på stortorvet men det er for langt å reisa aleine. eg seier det til meg sjølv kvar kveld før eg sovnar at i morgon, mariell, i morgon skal du gå ut før sola går ned men eg gjer det ikkje. ikkje eingong yoghurtis på seveneleven eller blomstrande kirsebærtre i botanisk hage kan lokka meg med ut så lenge sola står på himmelen og folk vrimlar i gatene. når det er mørkt kan eg gå ut, gå fire rundar rundt sofienbergparken og ligga i graset som om det var laurdagsettermiddag og livet var enkelt og jordbær og champagne i halvmåneglas. klumpen i magen blir berre større og det einaste eg held meg fast ved er tanken om at om ein månad er ikkje dette heller min by lenger. i mellomtiden ligg eg i senga, les bøker og tel trappetrinn fra fjerde til søttende etasje, får fine folk på besøk som kan stryka meg i håret når ting ikkje er så enkelt. av og til pakkar eg ein kopp inn i avispapir og tenkjer på kor fint det skal bli å starta heilt på nytt i ein annan by med nye ansikt, nye gater å utforska, nye personar å bli glad i & nye beats å nesten danse til.
paris kind of broke my heart and now i'm afraid of oslo and of going out of the house. can't wait to leave this place and move to london, start fresh.
tjueein.
no er eg tjueein, det føles omtrent som eg hadde trudd. det er eit år minus ein dag til eg blir tjueto. rett etter eg blir tjueto blir eg gift med han som eg elskar, så dette er mitt siste år som ugift og uvoksen(neida tulla). men før eg blir tjueto skal eg gjera masse bra og masse dumme greier, som til dømes:
senda ut cirka tusen magasin med fortversjon av snirkleskrift på konvoluttane.
kjøpa ny blender som er vass/himmel-blå som lagar frozen margaritas og milkshakes og smoothies og som dessuten er fin og får stå på disken.
søka jobbar i london som eg syns er litt skumle og har så sjukt lyst på men leika tøff som om ingenting gjer noko som helst om eg ikkje får den.
reisa på toget til stockholm, shoppa kjolar, eta lakrisis og invitera meg sjølv til middag med ein rødtopp som eg likar også ta toget tilbake.
ligga heile dagar i parken, lesa magasin eller berre sjå på bildene.
selga halvparten eller meir av tinga mine, til venner og fine blogglesarar, fordi alt ikkje kan bli med til london.
læra meg å laga nye drinkar, nye franske ord og perfeksjonera sjokolademoussen min.
klina. i oslo i lærdal i årdal i førde i stockholm i london i paris og kanskje andre plassar.
reisa til london for å sjå på leilighetar og føla at dette er for skummelt men så gjer me det likevel.
laga beste clara si perfekte gulrotkake.
fotografera tre sommarbryllup og ha på meg den beste rosa kakekjolen som finst og sekstitalskrøller.
bestilla kanskje femti papirpompongar fra etsy.
flytta til london med synne og han der fine under kvar sin arm og prøva å pusta med magen.
laga eit fantastisk magasin nummer fire.
kanskje flytta bloggen til ein bedre og finare plass.
få mine beste personar på besøk til min nye by og visa dei alt som eg har lært.
feira nyttår i hackney og føla meg veldig voksen når eg steiker min første kalkun.
planlegga bryllup til eg blir blå i ansiktet.
og ca ein million andre ting som eg ikkje eingong veit enda, for eit eventyr dette året blir. 21 altså.
i'm 21 now, and next year i'll be 22 but before that i'm going to:
send out about thousand magazines in the mail.
buy a new water/sky blue blender and make frozen margaritas.
apply for jobs in london.
take the train to stockholm.
make out.
sell a lot of my stuff before the move.
photograph three summer weddings with sixties curls in my hair.
move to london and make magazine number four.
celebrate new year's in hackney and feel very grown up when i make my first turkey dinner.
plan my own wedding until my face turns blue.
21.

i dag har eg bursdag, min favorittdag i heile året!!! eg er heime med mamma og pappa og han der fine og søster og hund og rundt meg blir det laga kaker og steikt lammelår(min favorittmat i heile heile verda). eg har lege på magen i senga og sett film og fått frukost på senga og klemmar i massevis. eg er ei bursdagsprinsesse(/diva).

today is my birthday!!! i'm at home with my family and j and i'm a very happy camper! my mom is baking cakes and cooking lamb(my favorite!!!).
!!!

no skal de få vita noko som har vore ein brennande superhemmelighet. eg og han der fine feira med champagne i paris og kniste under lakenet og ingen måtte få vita det men no kan eg endelig sei det så høgt eg berre vil; i dag offentliggjorde endelig styret i noregs mållag at eg vann eit stipend på 50.000 kroner til å halde fram med å blogga og laga magasinet og spre nynorsken som eg gjer. det føles heilt fantastisk å få ei sånn anerkjenning fra eit så stort nynorskorgan og eg er så stolt og glad og takksam.
eg syns det passar fint å takka litt her óg. først og fremst vil eg takka noregs mållag for at dei trur på meg og tør å satsa på meg på ein sånn måte. så vil eg takka vidar høviskeland for støtta og tilliten han og lnk har vist meg og magasinet heilt frå starten av. frode grytten for at han hjalp meg med å løfta søknaden min, for at han skriv så fine mails og for den enorme inspirasjonen han har gitt og framleis gir meg. og alle andre menneske som har vist meg støtte gjennom mine tre år med blogging og fått meg til å føla at det eg gjer for nynorsken er skikkelig skikkelig bra. 
today i received a grant from the norwegian language society, 50.000 kroner for the magazine and the blog and it feels oh so amazing.
om.

om eitt minutt skal eg tilbake til indesignjobbing og magasinpirr i magen.
om ein time skal eg eta ei rute med mørk sjokolade.
om ein dag kjem ein fabelaktig fin rødtott til paris.
om ei veke har eg mikroskopisk tid igjen i paris, denne vakraste byen som har blitt min.
om ein månad ligg eg i kubaparken på eit teppe og les elle eller eit anna bra magasin, kanskje mitt eige, eg har brukt heile dagen på å pakka delar av leiligheten i brune kassar. eller kanskje eg er på sleppfest. min eigen.
om eit år bur eg i london med han som eg elskar og det er like før vårt fantastiske bryllup, eg går forhåpentligvis på ein fin skule eller jobbar med magasinet og til middag et eg salat og kalkun som i dag.
in one minute i'm going back to working on the magazine. in one hour i'm going to eat one square of dark chocolate. in one day a fabulous redhead is arriving paris to sleep in my bed for some nights. in one month i'm probably on a blanket in the park in oslo, or maybe at my own magazine party. in one year i'm in london with the man i love, we're just around the corner from our own wedding and i'm hopefully doing something i really really love.
eg er flink til å.
holda hemmelighetar hemmelighetar. eg lagrar dei i hjartet som ein hemmelig lapp i tusen bitar fra sjuande klasse.
gjera sånt som mange andre ikkje forstår korleis det går an å tørra. som å slutta på skulen og starta sitt eige magasin heilt på bar bakke, utlevera meg sjølv på denne bloggen kvar einaste dag uten å la meg knekke av alt drittet som kjem med det, og å flytta til paris utan andre enn meg sjølv å støtta meg på her.
laga sjukt bra omelett.
vera stolt av meg sjølv når eg for første gong har klart å spara til noko eg hadde skikkelig lyst på(for augneblinken skriv eg på min splitter nye macbook pro. <3)
nesten alltid sei ja til noko gøy.
klina i timesvis, og berre av og til få hovne lepper.
passa på at andre rundt meg får i seg nok vatn.
spela viggo og andre kortspel og blir ikkje sur når eg tapar.
hjelpa venner med knuste hjarte eller med noko som kanskje ikkje har starta enda. eg er på mange måtar ein dr.love.
vera nervøs for kva som skal skje etter dette magasinet er ferdig og for om eg kjem inn på skule i london eller ikkje.
komma på kreative løysingar på problem eller utfordringar.
ta fine bilder av andre som dei vil ha som profilbilder på facebook, og dessuten ta ganske fine bilder generelt punktum.
lesa bøker i senga på torsdagar.
gå på kafé og på museum aleine.
laga bra middag sjølv om eg er berre ein person.
sykla fort fort fortare enn han der fine på bysykkel i oslo i mai.
vera sjølvstendig og ha store meiningar om ting men likevel respektera andre sine meiningar(dette er heilt nytt for meg, men akkurat no er det veldig flott og nytt å ha ein ny og bra eigenskap)
vera våken til fem om morgonen.
vera takknemlig og sei til folk at eg er glad i dei.
ikkje stressa.
respektera tradisjonen "fredagskveld". eg og han der fine lagar sjokolademousse, et noko fin mat og ser på krim, og om me ikkje får tid fredag så gjer me det ein annan dag istaden men greia er den samme.
peika på ting som gjer meg glad, som hundar med søte øyre eller ein sovande beibi i ei barnevogn. 
kva er du flink til?
thing that i'm good at: being proud of myself, doing things that a lot of people wouldn't ever dare to do like moving to paris and and making my own magazine with no money in the bank. telling people i love them. reading books in bed on thursdays. stay up until five am. saying yes. making omelets. riding a bike really quickly in oslo in may.
ei liste.
ti favorittar
farge: blå&lilla på klede, pastellrosa&grøn&blå på typ alt anna.
mat: pizza som han der fine har laga med creme fraiche-saus og masse kvitlauk og raudlauk og valnøtter og mozzarella. club sandwich på kafé. grønn karri i ein park på grünerløkka.
musikk: åh alle sortar egentlig. men mest av alt elskar eg rufus wainwright, radiohead, lykke li, air, daft punk, chemical brothers, florence + the machine, björk, little dragon, owen pallett/final fantasy, the smiths, big bang, ingrid michaelson, hahaha ca alt det.
film: virgin suicides. elskar sofia coppola.
bok: extremely loud and incredibly close av jonathan safran foer.
by: paris.
smak på is: lakris eller mint, typ polka eller after eight. ellers er alt som smakar nougat bra.
dag i veka: laurdagskveld og søndagsmorgon.
årstid: sein vår og tidlig haust.
ni akkurat no
humør: utålmodig.
smak: jordbærsmoothie.
klede: blomsterkjole og prikkeskjerf.
lyd: fivrel. høyrer veldig ofte på han der fine sin musikk når eg jobbar, som eg jo gjer akkurat no.
neglelakk: happy birthday fra deborah lippmann, glitter altså.
tid: midt på dagen ca, sånt er ikkje så nøye for meg.
omgjevnad: dyner og puter og polkagrisar.
irritasjonsobjekt: at det framleis er ein heil dag til han der fine kjem hit, men egentlig er det berre fint for det tar tid å venna seg til igjen.

seks har du nokon gong
vore forelska i ein nær venn: eg er jo forelska i min beste venn, så ja.
brote loven: ja.
blitt arrestert: nei.
bada naken: ja.
vore på tv: ja. eg gjekk meg vill i fjellet då eg var tolv og dei leita etter meg med helikopter og det var ein masse drama men når eg endelig kom heim så kom nrk sogn og fjordane og da sa eg på tv at eg hadde skikkelig lyst på taco.
kyssa nokon du ikkje kjenner: ja.
tre personar
du kan fortella alt til: han der fine, fredrik og christine.
du likar: obama, zooey deschanel,
du ikkje likar: næ det blir for dumt.
to val
kaffe eller te: kaffe.
vår eller høst: åh altfor vanskelig. men vår for da fyller eg år.
eitt ønske
at det skal bli onsdag kveld no no no.
a list. google translate!
presentasjon.
no er det lenge sidan eg har gjort noko sånt, og i det siste har eg fått ein del nye lesarar så eg tenkte at det var på tid å presentera seg sjølv og i tillegg svara på litt sånt som eg ofte blir spurt om. 

hei, eg heiter mariell.
eg er 20 år(21 i april) og har blogga i snart fire år på litt ulike plassar men aller mest her. her skriv eg om kvardagen min, om film og tv og musikk og bøker og fotografar som eg likar, om kjærleik, om ting som eg finn på gata og om kjolar med store store skjørt. mest av alt vil eg at denne bloggen skal følast som ei boble av inspirasjon og sukkerspinn, men av og til snakkar eg om sånt som er vanskelig og vondt óg. akkurat no bur eg i paris , det er litt trist men mest veldig fint, og det ser litt sånn ut:







men egentlig bur eg i oslo med han der fine, som egentlig heiter jostein. me er forlova og bur i eit silokammer på grünerløkka. han er det beste eg veit om i heile heile verda, for han er verdens snillaste og mest tolmodige person. han klør meg på ryggen og voggar meg i søvn igjen når eg våknar av mareritt klokka fem på morgonen. han lagar verdens beste pizza og verdens vakraste musikk som spelar i hovudet mitt til alle tider av døgnet. han fridde til meg i fjor sommar med dior-ringen fra himmelen og eg sa ikkje ja for det var for fint så eg nikka. han luktar som syriner i nakken og når han kyssar meg så snublar eg og når eg tenkjer på han så smiler eg, sjølv etter seks og eit halvt år. det blir berre bedre og bedre, som ein by. det finst stadig nye plassar å utforska, nye ting som skjer, men det føles som heime likevel, alltid. og akkurat no bur han i oslo og søv i vår store seng aleine sånn at eg skal få gjera det som eg treng å gjera her i paris. ein sånn fyr bør alle ha. <3

eg har veldig raudt hår og det fargar eg på balanzera i oslo, den einaste nynorsksalongen i oslo som i tillegg er økologisk og fantastisk.
til daglig jobbar eg som redaktør og kurator for hjartemagasinet, eit nynorsk kunstmagasin med utgangspunkt i denne bloggen. det tredje nummeret skal handla om paris, om å reisa fra den som ein elskar og om å klina på magiske hustak. om å finna vegen til seg sjølv sjølv om den er mykje lengre enn heime, om å drikka uglevin og om å sovna i senger som ikkje er sine eigne. noko av det beste er parisguiden som eg skal laga, med alle mine magiske plassar i paris som eg oppdagar dag for dag. også skal det vera ein heil masse talentfulle fotografar, illustratørar, skribentar/forfattarar, personar. det er heilt fantastisk gøy og eg kunne ikkje ha hatt ein bedre jobb:

her er nummer ein og nummer to. første cover av caitlin shearer, andre av caroline weseth.






magasinet kan de kjøpa her om de vil, det kjem ikkje ut før i april men likevel. i tillegg frilansar eg litt med heimesidemekking og det som eg aller aller helst vil gjera: fotografera. til hausten flyttar eg til london for å studera foto eller livet om eg ikkje kjem inn, og her er nokre bilder eg har tatt i det siste som eg likar:







snart kjem det ei heimeside og da blir alt så mykje enklare, trur eg.
eg elskar å laga mat og å laga fine spelelister på spotify. også likar eg blondekragar og går berre i kjolar og har ingen bukser i heile heile tatt. eg likar å drikka rosévin i parken, spela kort med bra personar og å kjøpa ny sminke. også elskar eg å bruka pengar på å reisa rundt i verda, sjølv om eg aldri har vore utanfor europa så har eg reist masse dei siste åra, alle reisene eg har blogga om kan de sjå her. når eg ikkje bloggar eller jobbar i indesign til langt på natt eller bur i paris så likar eg å sjå på film og gå i parken og festa og drikka vin med mine fantastiske venner. det ser litt sånnher ut:














dei er flinke til så himla mange ting, og alle mine venner driv på med kreative saker til ein viss grad. det er viktig, for da kan me forstå kvarandre og hjelpa og bruka kvarandre sine ressursar. dei er faenmeg best.
ellers så likar eg blomsterbukettar og har nesten alltid det heime, eg vil aller mest ha ein pytteliten gris heime, eg skal gifta meg neste vår, eg hatar pengar og må grina kvar gong eg må skriva rekneskap, eg elskar alt som smakar lakris og mint og alt som luktar fersken og vil heller gjera noko gøy enn noko kjedelig, ti ut av ti gongar. det var alt eg hadde å sei for denne gong, om du vil vita meir så vil eg anbefala å gå på eventyrsferd gjennom arkivet mitt, eg har skikkelig bra kategoriar som er kilometerlange og som nesten garanterar eit smil. lovar. viss ikkje er eg faktisk ein veldig okei person, så om du lurer på noko får du gjerne gjera det i kommentarfeltet. suss!
a presentation of me, as i've recently won a lot of new readers. my name is mariell, i'm 20 years old from norway, and right now i'm living in paris to make the third issue of my magazine, heart magazine. usually i live in oslo with my fiancee and i like lace collars and everything that tastes like mint or licorice. i like to drink wine and cosmopolitans and i have the best friends in the world. welcome everyone!
ein lang tekst om nynorsk.
å blogga på nynorsk er ikkje alltid så veldig enkelt. spesielt blir
dette vanskeligare når eg får kommentarar som "du har ein så fin blogg
til å vera på nynorsk", som om språket mitt skulle gjera det
vanskeligare å lika meg som person, eller innhaldet i bloggen min. eg
har alltid skrive nynorsk, og snakkar ei dialekt som ligg veldig nært
opp mot mitt skrivne nynorsk(fram til tiende klasse på ungdomsskulen
visste eg ikkje eingang at det var lov til å skriva "vi" på nynorsk).
det
stikk litt når det er det journalistar/oppgåveskrivarar er interesserte
i, korleis er det å blogga på nynorsk, kva meinar du om nynorsk,
korleis formar språket bloggen din, kvifor skriv du nynorsk, sånne ting.
per dags dato har eg gjort eitt einaste intervju utan eit einaste
spørsmål om nynorsk. for meg er det like naturlig å skriva nynorsk som å
drikka vatn. korleis er det å drikka vatn? kva meinar du om vatn?
korleis formar vatn dagen din? kvifor drikk du vatn? ca sånn, skjønnar
de? ein ville aldri ha spurt ein bokmålsbloggar om desse spørsmåla, og
det er frustrerande. bokmål og nynorsk er to likestilte språk i norge
ifølge norsk lov. og det gjer oss sterkare og smartare og gir oss større
forståelse av andre språk, det er eg 100% sikker på.
fram til
for berre nokre år sidan har det aldri vore nokon kamp for meg å skriva
nynorsk, eg kjem fra ein nynorskkommune og gjekk på vidaregåande i ein
nynorskkommune. det var ikkje før eg innsåg at ein faktisk må kjempa for
nynorskbøker på vidaregåande at eg innsåg kor viktig det er for meg å
kjempa. for utan nynorsk veit eg ikkje kven eg er. om ein tar fra deg
alle orda dine, kven er du da? korleis kommuniserar du? om ein av
vennene dine skulle få ei heilt ny dialekt, ei ny stemme, skulle du
ikkje syns at det var rart? språk definerer oss, det er ein stor del av
identiteten vår og utan det så manglar det ein bit. og eg blir så
ufattelig trist av å tenka på den diskrimineringen som nynorskelevar går
gjennom kvar einaste dag.
men etter vidaregåande, kva gjer ein
da? korleis kjempar ein? kva kjempar ein mot? han der fine skriv tekstar
på gammal og vanskelig nynorsk kvar gong han får oppgåva presentert på
bokmål sjølv om han har krav på å få den på nynorsk. små
kvardagsprotestar. det er uansett min favorittmåte å protestera på.
eg har den største nynorskbloggen i verda(til
dei som tenkjer på tone damli aaberge når eg seier det: ho skriv på
dialekt, ei dialekt som er veldig nære mi og dermed óg veldig nær
nynorsk - men ho har utan tvil vore eit fantastisk nynorskforbilde),
og det føles så fantastisk fint, spesielt med lesarar som konstant
kommenterar om korleis dei har fått endra forholdet sitt til nynorsk
gjennom meg. det varmar på så mange måtar at det er vanskelig å
forklara. for nokon som alltid blir satt litt på sida og ignorert av det
generelle bloggnoreg både på grunn av innhold og språk så føles det
som... "brighter than a hundred thousand virgins making love for the first time" (fra everything is illuminated).
eg har dei beste lesarane i verda. de er engasjerte, smarte, kreative,
kritiske, konstruktive, om de var ein blomebukett så skulle de vore den
største finaste blomebuketten i heile verda. eg håpar de veit det.
på
trass av diskrimineringen finst det så mange bra ting som har hendt meg
på grunn av nynorsken óg. eg har kunna laga eit magasin på grunn av
økonomisk støtte fra store nynorskorgan som lnk og aasentunet, og
kjenner på meg at eg stadig vekk får meir anerkjennelse fra
nynorskverda. eg får jobba med fantastisk dyktige personar og bygd eit
nettverk på grunn magasinet som eg sikkert aldri ville ha fått om eg
skreiv bokmål.
kvar dag er det tusenvis av personar i dette
landet som les nynorsk som ellers ikkje ville gjort det som les nynorsk
på bloggen min. (<3!!!!!) og eg er så himla takksam for det,
for at de kjem tilbake hit, "til tross for" at eg skriv nynorsk. eg er
så glad for at de "gløymer at det er nynorsk" eg skriv og ser forbi
språket, set pris på språket. for eg kjempar for språket mitt kvar
einaste dag. eg er ein nynorsk superhelt, og det er den beste typen
superhelt. 
about my language. google translate!
seks ting de kanskje ikkje veit.

foto.
eg er best på sikkerhetskontrollar. eg er alltid flink til å pakka håndbagasje og kle på meg akkurat dei kleda som ikkje pip i kontrollen. eg tar alltid av meg skoa og har aldri på meg smykker og tar sløyfa ut av håret óg.
eg samlar på kaleidoskop, glansbilder som er av ein spesiell type, gamle postkort, mummikoppar, gamle vogue og kyss.
min største draum er å bli skikkelig gammal som eit skrutt med han der fine og fire barn og nokre dyr også bu i ein gammal knirkete villa utanfor paris med kanskje ein butler og store speglar med gullrammer på veggane.
eg har hatt panikkangst sidan eg var i tidlige tenår, og har til dels lært meg å ha angstanfall kor som helst når som helst utan at nokon merkar det, men da har eg sjukt vondt i låra og magen etterpå.
om eg ikkje har det noko bra så bakar eg, for å kna deig er den beste avreageringen som finst for meg. da bakar eg kanskje søtti rundstykker fulle av angst og vondt og vips har eg det bedre.
eg skulle ønska eg hadde ein hund eller ein katt, for eg har det så mykje bedre rundt dyr. eg blir rolig og kan ligga på golvet og kosa i timesvis.
six things you may not know about me. such as: i've been having panic attacks since i was perhaps 13. i want to grow old in a big parisian villa with big mirrors. i bake when i'm not feeling good. i feel better around animals.
questionnaire.
i dette nummeret av lula er det ein sånn fantastisk questionnaire, som eg no har oversatt til norsk og skal svara på! det blir gøy.
første kjærleik?
ord/bøker.
favorittspråk?
fransk.
favorittfigur/person fra litteraturverda?
lux lisbon.
favorittrom?
soverom med nøkkel i døra.
favorittplass å lesa bøker?
eg forestiller meg at det er i ein sånn krok i eit rom som går utover, liksom som eit vindauge som har blitt pressa ut også har det blitt laga ein benk der.
favorittplass i oslo?
sebastien bruno, frognerparken, trikken.
favorittfarge?
lilla.
favorittmaler/maleri?
pollock og renoir. førstnevnte fordi han er den einaste malar som nokon gong har fått meg til å grine. renoir fordi han alltid har vore der og fordi han lagar så fine jenter.
favoritting å samla på?
kaleidoskop og hausten.
favorittblome?
peonar.
favorittlukt?
pinnekjøtt, den første snøen, regn, kanel.
om du skulle få ein medalje for akkurat no, kva skulle den vera for?
å stå opp sjølv om eg har feber for å gjera viktige ting for eksamensforlovede.
favorittekstur?
makronar.
favorittsmak?
alt som smakar som blomster. eller kvitlauk.
den første tingen du tenkjer på når eg seier "raud"?
varmt.
natt eller dag?
natt.
favorittskurk?
cruella de ville.
favorittkunstnar?
sophie calle.
telt eller motell?
motell til ei fotografering, telt til å sova.
favorittinstrument?
piano.
torden eller lyn?
torden.
te eller kaffe?
begge.
vin eller øl?
vin.
sitron eller lime?
lime.
mandag eller fredag?
fredag.
februar eller desember?
desember.
hattar eller skjerf?
hattar.
regn eller sol?
regn eller kveldssol på hausten.
spiderman eller supermann?
supermann.
kattar eller hundar?
hundar.
is eller sorbet?
sorbet.
favorittkarusell?
tekoppar.
kva er initialane til personen du sist kyssa?
JAF
kva karaktertrekk misunnar du ofte hos andre?
ofte ser eg personar som er så "fatta" og som tenkjer gjennom ting også tenkjer eg at wow, det må vera fint men samtidig ikkje.
om du kunne fly, kvar skulle du fly først?
paris. for eg lengtar så himla mykje.
har du nokon gong vunne ein medalje eller pris?
litt flaut, men eg vant årets elev på ungdomsskulen min i tiende klasse.
kva er din hemmelige draum?
å bli rik og berømt. og bu i ein husbåt før eg dør.
favorittårstid?
haust.
kva er din største kjærleik?
JAF/kunsten
favorittvaluta?
islandske kroner, for dei har så fine myntar.
favorittplanet?
saturn.
favorittgodteri?
alt som smakar mint eller lakris.
favorittnavn som ikkje er ditt eige?
frøya, som mi førstefødte datter skal heita.
favorittskapning fra havet?
sjøhest.
favorittby?
paris.
fly eller bil?
fly.
i answered some of the questions from the big questionnaire in the latest issue of lula. google translate!
sånt som de lurer på.
kva gjer eg?
akkurat no gjer eg "ingenting", altså eg er ikkje ansatt nokon plass og går ikkje på skule. det eg gjer fra dag til dag er å jobba med magasinet, frilansa litt her og der, og jobba med portefølje, fordi eg om kort tid skal søka på fotoskular i london. hausten 2011 flyttar eg og han der fine og nokre andre fine folk over havet fordi det er det me alltid har drømt om. der skal me vera spesielle med andre spesielle folk, gå på marknad og i parken og snakka posh engelsk og drikka starbucks og ha det skikkelig kaldt og jævlig når me gløymer strømrekningen.
kva er historia til meg og han der fine?
det kan de lesa her.
kva gjer han der fine?
han der fine, som egentlig heiter jostein, går på musikkvitenskap på universitetet og lagar musikk under navnet fivrel(eg jobbar med ei heimeside til han no og snart er den klar!). anna enn det frilansar han med ulike skriveoppdrag og sånne ting.
korleis laga eg eit magasin?
eg tenkte på det lenge lenge lenge heilt til eg plutselig berre bestemte meg for at fyflate, det her berre gjer eg. også gjorde eg det. eg slutta på skulen og starta det morsommaste og vanskeligaste prosjektet av mitt liv sålangt.
kva skal eg i paris?
eg bestemte meg for å reisa til paris litt før eg og han der fine forlova oss i sommar, fordi eg ville vita at eg skulle klara meg aleine før me flytta til london ilag. me har vore saman i seks år og da kan det vera eit behov for å få bekrefta at ein er bra nok aleine. eg flyttar i februar og blir der så lenge som eg har lyst, eg skal mest sannsynlig laga magasin og møta nye folk og ha det vanskelig aleine. paris er ein hard og kald by om ein ikkje har nok dyner under huden.
kva kamera brukar eg?
eg brukar eit canon eos 5d mark ii. det er eit fullformatskamera som er dyrt og tungt og som filmar fint. vanligvis brukar eg eit 50mm-objektiv med 1.8-blender.
korleis snakkar eg?
eg er fra sogn og fjordane og snakkar sognedialekt, veldig nært sånn eg skriv. pleier å sei at eg lignar veldig tone damli aaberge si dialekt, berre at ho snakkar "breiare" enn meg.
kvifor skriv eg nynorsk?
eg har aldri skrive noko anna enn nynorsk, kommunen eg er fra(og fylket, forsåvidt) har nynorsk som offisiell målform, og da lærer ein oftast nynorsk som hovudmål på skulen. for meg er det heilt bisarrt å skulla skriva "jeg" og "vi" når eg seier "eg" og "me".
så. om de kjem på noko meir så kan eg godt fylle ut etter kvart!

i get a lot of questions again and again and thought i'd make an faq-entry. google translate plz!
fredag og photobooth.
no er det fredag, og me skal ha ein liten fest her straks. eg tenkte det hadde vore fint å visa fram litt photoboothbilder som de aldri har sett før, så her kjem det:

ein bart på eit hotellrom i amsterdam.


ein kveld på ein snurr med julie og sara.

vondt i tanna. ikkje rart.

ny hårspenne som var ein sommarfugl.

ny leppestift på eit hotellromsgolv i riga.
ny tatovering.
eit bilde eg tok ein morgon for å visa janne kor morsom eg såg ut på håret.
han der fine skar ut ein m fra ei potet til meg. <3


meg og pappa.
i ei hotellseng i ungarn.
pin curls og kjæreste.

akkurat no: prosecco og ein suss i spegelen.
håpar de får heilt fantastiske fredagskveldar og klinar masse! tusen suss.

photo booth pictures from february 2009, the last one is dated a couple of minutes ago: prosecco and friends on the way.
med låst dør...
...sminkar eg meg så eg ser rar ut og ler høgt til meg sjølv i spegelen.
...gjer eg pilates i kjole og tights.
...kan eg grina høgt høgt høgt på grunn av ei fin setning i ei bok og nesten ikkje føla meg rar i heile tatt.
...skriv eg brev til fine folk eller folk eg ikkje kjenner.
...scannar eg ansiktet mitt kanskje tjue gongar.
...høyrer eg på glee-soundtracket tre gongar på rappen medan eg ryddar og tørkar støv.
...les eg gjennom heile favorittbloggane mine, kanskje eit heilt år bak i tid. eller meir.
...skriv eg tekstar som eg aldri i livet hadde turt å legga ut her.
...leitar eg etter brudekjolar på etsy og syns i to sekund at det er trist at eg aldri kan vera ein storleik 34 når alle dei finaste kjolane er det.
...tenkjer eg på korleis bryllupsfesten skal vera og føler meg så lur som held korta så tett til brystet. fantaserar om menyar og vegetaralternativ og fargar og folka og kleda og drinkane og fotograf og sko og kjærleiken.


things i do when the door is locked: do my pilates in a dress and tights, write letters to nice people, scan my face(i do this a lot actually), listen to the glee soundtrack on repeat, read through my favorite blogs, think about my wedding.
eg er flink til...



å planlegga reiser og ta ansvar for sånt.
å vaska klede for hånd.
å rydda superfortare enn nokon andre.
å gi store varme klemmar.
å vera kreativ og sjå ting som andre ikkje ser.
å laga god mat og fort, sånn mat som gjer at folk et med augene igjen for dei var så svoltne og det er så godt.
å sjå når klippingen i ein film er heilt feil, at nokon ser til venstre også klipper dei til ein annan vinkel og dei ser til høgre og det avslører eg bums som berre det.
å ta vare på hjartet mitt og ikkje la andre øydelegga for meg.
å vera glad i folk.
å setta pris på ting. og vera takknemlig.
å fotografera i rare formar for lys. og holda hånda heilt stille i lang lukkertid.
å vera reservemamma når folk har det vondt. vogga i søvn og stryka i håret.
å læra meg nye ting heilt sjølv. og å leita.
å få nye venner. sånne som er flinke til det dei gjer og som er interesserte i det som eg gjer og verda generelt.
å sjå det vakre i nesten absolutt alt.
å skrika ned i puter når verda er vond.
å nyta livet og eta favorittmaten min på ein onsdag.
å finna på nye ting, med mat med fest med venner med foto med kvasomhelst.
kva er du flink til?

things i'm good at: planning trips and making sure people get where they are going. handwashing clothes. enjoying life. photographing in odd types of lighting. learning new things. giving hugs.
sånt som bestevenner veit.

kjelde
eg og han der fine har ein føflekk inni venstre hånd begge to. min er fryktelig liten og hans er litt større men på samme plass.
som liten var eg livredd for å sova heimefra, og nesten kvar gong eg ville sova vekk måtte nokon ringa mamma og pappa også kom dei og henta meg uansett kor seint det var og dei sa aldri "jamen du vil jo berre heim".
eg er sinnsjukt rastlaus og vil egentlig festa og vera invitert på middag og ha kakefest og ligga i parken og spela spel kvar dag sju dagar i veka og er generelt skuffa over kor usosiale folk er denne byen. stort sett er det alltid eg som inviterar til fest, pantar flasker, resirkulerar og vaskar opp. men det er okei sålangt.
eg skriv notatar på mobilen og har tretti utkastmeldingar med setningar eller ord eg skal bruka i tekstar som eg kjem over når eg sit på trikken, kjøper knekkebrød på meny eller går forbi nokon som luktar vanilje.
å kunne overvåka nokon tjuefire timar i døgnet ville nok vore den beste gåva nokon kunne gitt meg. eg har mange gongar leika med tanken å festa ein lydopptakar på ein offentlig plass(i ein heis?) for å høyra kva folk snakkar om når dei trur ingen høyrer på. her ein dag spurte eg han der fine om han ville ha støtta meg om eg på ein eller anna måte fekk montert ein lydopptakar på soverommet til kronprinsparet(han sa nei).
ofte blir eg heilt overvelda av kor mange folk som finst i denne byen og i verda, at absolutt alle har ein historie og skal ein plass, at tankane til nokon andre på trikken kanskje er i eit anna språk. av og til tenkjer eg så mykje at eg køyrer til endestasjonen utan å merka det også blir maten kald til eg kjem heim. ein dag skal eg følga etter nokon ein heil dag og bli ein liten del av livet deira utan at dei veit det.
eg held pennar og blyantar på ein rar måte, og har prøvd å venna meg av med det heile livet, men kvar gong eg prøver å holda "rett" ender det anten med at blyanten knekk eller flyg til den andre sida av rommet. om eg skriv mykje får eg raude merker på den midterste fingeren og vondt i tommelen.
då eg var yngre var felicity eit av mine store idol, for ho flytta ut og ho hadde dagbok på båndopptaker og eg ønska meg det men eg fekk det aldri.
eg er ganske morbid og har ein ekstrem fascinasjon for seriemorderar og psykopatar, og kan sjå timeslange dokumentarar og lesa artiklar der eg må slå opp halvparten av orda for å forstå, og denne fascinasjonen = <3 tv-seriar som dexter, csi og criminal minds.
å få tekstmeldingar er noko av det beste eg veit, av ein uforklarlig grunn. kvar gong eg ser den gule konvolutten på displayet kunne det like gjerne vore ei stor rosa pakke med sløyfe med bobleplast og tyll i. åh. blir varm i magen.
eg er livredd for at eg og han der fine skal bli eit sånt par som sit framfor tv-skjermen kvar einaste kveld og at me berre er meg og han heile tida, så av og til seier eg "nei, du får ikkje vera med", berre så eg kan vita at me fungerar kvar for oss, og det er óg ein grunn til at eg flyttar til paris neste vår.
hjartet mitt er pyttelitt for stort og slår ikkje heilt som det skal. det hoppar over slag innimellom og av og til slår det dobbelt.
kvar månad brukar eg eit par hundre kroner på blomsterbukettar, nokre ville kanskje seie at det er bortkasta pengar og at ein heller skulle kjøpa krukkeplanter, men dei dør. etter kanskje to timar her. så eg latar som hemmelige beundrarar sender blomar på døra kvar veke og at det har blitt ein fin og uvanlig vane.
eg elskar alle kjolane mine, men eg brukar dei mykje i periodar også får dei kanskje henga i skapet i ein månad før eg brukar dei igjen. no har eg det sånn med dei svarte med blondekrage, annakvar kveld vaskar eg dei i vasken på badet og heng dei til tørk og dei tørkar akkurat til dagen etterpå.
han der fine heiter beibipingvin på telefonen min og me gir kvarandre små pingvinting når me finn, som varmeflasker og viskelær. det er for at pingvinar held saman til dei døyr. det skal me óg.
eg er allergisk mot sjokolade og fløyte og blir heilt rødprikka i ansiktet om eg et det, som ein liten polkadottball. også klør det.
just sixteen facts about me that you may or may not know(i'm fascinated by serial killers, spend a lot of money on flowers, hold pens and pencils all wrong and i'm allergic to chocolate and cream).
i gave my heart on the morning of november six oh everybody's looking for a fix.

min førstefødte sønn skal heita une og han skal vera den tøffaste guten i gata. han skal klatra i tre og konstant ha plaster på kneet og ha dinosaurbrød til lunsj kvar einaste dag. han skal bli like høg som pappan sin men med mørkt hår og grøne auge og krøller berre i nakken. han skal bli så pen at jentene ikkje tør å snakka til han i heile tatt, og når ei jente endelig gjer det(kanskje ho er akkurat eit hovud lågare og askeblondt hår med litt bølger i), går rett bort til han og spør han om han vil bli med på kino seier han ja. punktum. og ho blir hans univers, han teiknar eiffeltårn på papirlappar og sender dei til ho i timen og når han frir var det nøyaktig sånn ho ville ha det men aldri hadde turt å tenka.
eller kanskje likar han ikkje jenter. kanskje forelskar han seg i ein hengslete blond gut og går med vonde sommarfuglar i magen i mange år før han endelig seier det, med øl i ånden og i hånda, på ein fest, at "eg elskar deg" og den blonde tar han i hånda bak eit tre og kyssar han og det føles som marshmallows over grillen, mjukt og varmt og akkurat det han ville ha. dei reiser på interrail saman og ein eller annan stad mellom avgang og ankomst heim finn dei ut at for evig og alltid ikkje er så lenge.

about my firstborn son(when i do have a son, that is). maybe he will like girls, maybe he will like boys, he will either way be absolutely beautiful and interesting. that's for sure.
til mamma og pappa.







gratulerar med dagen, finaste mamma og pappa. TENK AT DET GIKK SÅ BRA.

for my mother and father: congratulations on keeping me alive and happy for twenty years.
ting som.

oprah. reklamar om sars og lungekreft og demens på tv. pengar. pengar. pengar. hundar som ikkje finn vegen heim. denne songen. oscar-utdelingen. av og til når folk berre snakkar om oscar-utdelingen(kanskje på oprah). å vera sliten. å sakna. insomnia. bryllup på tv. dancer in the dark. nan goldin sine bilder. sex og singelliv-episodar: den der miranda giftar seg, den der aidan reiser, den der carrie flyttar til paris, sjølvsagt den siste. å ikkje få til. når ting ikkje går som planlagt.
din tur.

things that make me cry: money. oprah. commercials about dementia or sars. stray dogs. the oscars. being tired, missing people. insomnia. weddings on tv. dancer in the dark. nan goldin's art. satc-episodes: the one where miranda gets married, the one where aidan leaves, the one where carrie moves to paris and the last one. when things don't turn out the way i want them to.
om å ikkje få pusta berre for alt og ingenting

kanskje var eg tretten første gang, kanskje yngre, eg hugsar ikkje, eg hugsar berre ei scene fra bakerst i ein buss, ein prikkande følelse i tunga og av at armane mine var så tunge at eg ikkje klarte å løfta dei. ein følelse av å vera absolutt fullstendig lamslått av frykt for noko ein ikkje klarar å identifisera eingang. ein intens kvalme som varte i kanskje sju minutt til det gikk over. eg fortalte aldri om det, det er vanskelig nok å vera tretten og merkelig om ein ikkje skal sitta bakerst i ein buss og vibrera sånn for ingenting. eg sat med store bøker i fanget i andre etasje på biblioteket, i hjørnet så ingen skulle sjå kva eg las, og prøvde å finna ut kva det var som hadde skjedd. blodpropp. kreft. hjerneslag. hjerteinfarkt. det gjekk månadar uten antydning til den samme bisarre opplevelsen så eg gløymte det litt vekk heilt til det plutselig kom tilbake, i ein svømmetime på ungdomsskulen, kanskje den einaste eg hadde, på tremeteren, nesten på kanten, og eg var heilt sikker på at eg skulle dø. som om nokon kasta ein sofa i brystkassa på meg, igjen og igjen og igjen. seinare var det kanskje på handballtrening, på veg til skulen, i eit purstagsselskap. medan dei andre leikte flasketuten peikar på sat eg bakerst i eit skap og hyperventilerte.
ikkje før eit par år seinare forstod eg at eg har angst i blodet(den typen som snik seg inn over deg når du kanskje ikkje eingang har det spesielt ille), at det er mykje det samme som at søster har brunt hår eller at storetåa mi er heilt lik pappa si, at det ikkje handlar om å vera pysete eller svak men at det handlar om å læra seg å leva med det. sjølv om det av og til føles som ein skal føda mellom hyllene på kiwi eller som om ein kjem til å smelta medan ein ventar på eit tog. så får ein heller lov til å ligga ein heil dag i senga om ein føler for det. heldigvis er eg utstyrt med fuglar i håret og ein som lar meg holde hånda hans så hardt eg berre klarar. for meg slår det piller på eit glas kva dag som helst.
(det er mange som har spurt meg om å skriva om angst, og eg tenkte å skriva litt men eg garderer meg her likevel. om det er noko meir de lurer på er de veldig velkomne til å senda meg mailar så skal eg svara så godt eg kan.)

about being very young and not understanding i had anxiety in my blood.
om å ha ei bok i magen.





i feel like i have a book in my stomach. a book that feels like this.
om å vera eit menneske.
men eg stod opp i dag og eg blogga. for det er det denne bloggen handlar om, i bunn og grunn. å stå opp om morgonen fordi det finst fleire grunnar til å gjera det enn å ikkje gjera det. fordi det ordnar seg. og derfor slettar eg dei kommentarane. for eg vil heller mata folk med inspirasjon i kvardagen enn å vera eit talerøyr for negativitet og skepsis til livet som konsept. det fins nok av bloggarar der ute som seier det akkurat som det er og er seg sjølve på internett hundre prosent heile dagen, men sånn er ikkje eg. om eg får ein mulighet til å romantisera livet og å skriva om kjærleiken kvar einaste dag, så gjer eg heller det og skjuler dei mørke sidene bak eit teppe ein kan laga skuggedyr på. heldigvis er det eg som får bestemma. og kanskje får eg ikkje eta makronar kvar veke framover og kanskje blir det kjedelige middagar og mindre vin. men tre tusen kroner er tross alt ikkje like mykje som det kostar å leiga ein varmluftsballong.
eg.

eg treng å av og til eta kaker til middag og å ha tv på når eg er åleine(blir så stille ellers). og spaghetti og pesto.
eg likar å sjå for meg kva som skjer i dette bygget akkurat no. med minst trehundre personar her må det jo skje ein heil del merkelige saker.
eg et ikkje frukost, men om eg prøver så blir det alltid egg.
eg seier ja til å festa midt i veka, prosjekt som eg tykkjer er fine og klemmar når nokon spør.
eg seier nei til kva som helst som inneheld telefonsnakking. telefonangst dominerar alt anna. det er synd, men det er sant.
er er flink til å komma med kreative idéar, fotografere, bruka internett på ein bra måte, laga mat, sy hol i strømpebukser og tilby meg å hjelpa når folk treng det. og drikka vin.
eg les for tida ei bok som visstnok skal vera "the best children's book for adults since the mysterious incident of the dog in the night-time".
eg ler når folk ikkje veit at dei må holda seg fast på trikken, når eg går forbi gamle damer som ser fortumla ut(eller paal bang-hansen, han er søt) og når eg får sjå på dårlig tv. og erlend loe sine bøker.
eg er ein typisk kunstnarsjel som gløymer avtalar, er fullstendig impulsiv og irrasjonell og ikkje får sova om natta men som heller teiknar ned heile badet med eyeliner.
eg har aldri vore utanfor europa. (eg veit, sjukt!)
eg er lykkelig når eg får sleppa å tenka på funksjonalitet og kan ha på meg det eg vil uten tre par strømpebukser og berre kan drikka øl i skuggen frå eit tre kanskje i mai eller september.
eg trivst ikkje når det er varmt, for eg er altfor varm naturlig. typ to grader varmare enn normalt, i alle fall. så sommar er ikkje så fint for meg.
eg er dårlig på å hugsa avtalar, å passa på mat så den ikkje blir svidd, å eta frukost, å slippa folk heilt heilt inn.
eg er redd for å vera aleine, telefonsamtalar med ukjente nummer, edderkoppar med lange bein og lunken melk.
eg elskar å tenka på eit gammalt paris og å bu i eit nedslitt hus der ein må setta ut koppar og kar når det regnar.
eg trur på å ha ein anna tankegang enn "alle dei andre", at det går an å ha tru på seg sjølv utan å vera fjern eller overambisiøs.
kopiert og omsatt fra jennifer. korleis ser du ut?

just some facts about me. try the google translator.
om å flytta heimefrå.
utpå våren vart skulen så innmari forferdelig og plutseleg var det ikkje så gøy lenger, å bu oppå nokon som du såg heile dagen på skulen også heime, og eg flytta ut nesten utan å sei ifra til dei i heile tatt. dumme ting som søttenåringar gjer når dei ikkje vil "snakka om det", men sjølv om det var fælt var det fantastisk óg. ei natt før skulen slutta, sjølvsagt fulle forbi fantasi, fylte eg og han der fine og eit par andre opp ei handlekorg med alle tinga mine i. bøker og klede og alt. også flytta me. inn til fredrik, midt på natta, og eg er så hinsides glad for at eg turte å gjera det, turte å flytta inn til nokon som eigentleg var ein framand for meg, men som virka så kompatibel med meg og sånn vart det, for han er jo ein av mine beste venner og vidaregåande vart fantastisk med kråkeslottet.
trass i alt det vonde som skjedde rundt oss, var me som i ein beskytta liten ring der ingen kunne ta oss fordi me hadde kvarandre. me vart til ein liten familie som passa på å kjøpa halslinser om nokon andre var sjuke eller kjøpa vin om nokon var triste. me låg våkne til langt på natt for å laga podcast og sjå six feet under, og eg tør verkeleg ikkje å rekna på kor mange liter vin som vart konsumert våre to år der. den gangen me hang opp skjerf i trea og den gangen me gøymte oss i buskene og den gangen me vaska golvet med ketchup og den gangen eg kasta opp i undertøysskuffa mi og den gangen me fekk tjue personar inn på kjøkenet samtidig og den gangen me hadde fest i dusjen og alle gangane me forbanna hybelverten forbi denne galaksen.
om det sit femten- og seksten-åringar og lurer på om dei skal tørra å gjera det, tørra å hoppa i det og flytta ut til vidaregåande; berre gjer det. sjølv om kanskje ikkje oppvask og husleige virkar så innbydande er det så innmari verdt det. flytt inn med nokon du ikkje kjenner, for uansett kva som skjer så vil hjartet ditt voksa og bli nesten dobbelt så stort av det. lovar.

about moving out at sixteen.
a picture of you

finaste kjolen. den har ødelagt glidelås, men eg gler meg til me igjen skal ut i natta med fine folk.
a picture that describes how you'd like to spend every day.

hoppa i senger i ein fin europeisk hovudstad med høgt tak og finaste folka.
a picture of you with someone you love.

<3
a picture of you when you were anything but happy.

desember nullåtte. alt var berre vondt og forferdelig. trine marie kom til sandane for at eg kunne få ligga i fanget ei lita stund.
a picture of you making a goofy face at the camera.

i amsterdam, på sexmuseum.
a picture that makes your heart smile.

ei av dei finaste bildene eg veit om. saknar deg kvar dag.
a picture of a time when everything was changing.

august i år. oslo og sambuar og skule og trikk og ja.
a night that you regret.

eg kan ikkje sei det er mykje eg angrar på, men denne kvelden. too much alcohol. eg svømte under stovebordet og tok med framande heim til eit hus som ikkje var mitt. men konserten var fin, og det er sindre óg.
a picture of a time in your life that's over, and you couldn't be more thankful that it is.

dei siste månadane på vidaregåande. au.
ting eg gjer.
♥ eg mistar bøker etter eg har lest dei ut, noko som er ekstremt frustrerande sidan eg alltid har så lyst til at alle eg kjenner skal lesa dei. da må dei kjøpa dei sjølv, gitt.
♥ som oftast svir eg minst éin ting når eg lagar mat. middag mandag: lauk.
♥ eg brukar altfor masse tøymykner.
♥ eg gløymer å setta osten inn igjen i kjøleskapet så den blir sveitt og mjuk.
♥ eg kjedar meg stort sett heile tiden, men blir altfor lett stressa om det er for mykje å gjera.
♥ eg hugsar folk sine purstagar men seier som regel aldri gratulerar med dagen. berre sånn fordi.
♥ eg blir altfor lett skuffa over folk og ting om dei ikkje skjer når og sånn eg vil dei skal.
♥ eg ler annleis når eg er sjuk enn frisk og da ler han der fine av meg.
bortevekk.



i dag har eg tatt ut piercingen min. det er rart, men litt fint óg. eg tok den på min sekstenårsdag og den vart som symbolet på min sjølvstendige ungdom. no er det mest eit symbol på den personen eg var då eg var seksten, ein liten prikk i ansiktet. fint, tykkjer eg.

i removed my piercing today, just a dot in the face remains from the escapade on my sixteenth birthday. a little sad but very nice.
på vinteren
og kvar gong eg ser pocahontas no så gret eg. derfor elskar eg disney-filmar. for dei kan få deg til å føla deg som om du er fem år, men når du blir eldre så betyr dei så mykje mykje meir. er du deg sjølv om vinteren eller blir du fem år óg?

in the winter, i want to go back to being five years old. it's too cold to be an adult.
nyfiken.
og av og til føler at eg har eit slags overtak med å vera bloggar, fordi eg sjølv kan plukka livet mitt ifrå kvarandre og seia "du får vera med, medan du ikkje får". og såleis styra akkurat kva de ser og kva de ikkje ser. eg er berre nysjerrig(haha), tenkjer de på det? på kva eg gjer som eg ikkje bloggar om? og kva isåfall ser de for deg at eg gjer? berre del tankar, det ville tilfredsstilt mitt sarte hovud til dei grader. suss.
om eg fekk eit friår


♥ starta ein eigen liten putikk med fine vintagekjolar og servering av mintkakao og peppermynteklubbesnop til alle som kjøpte noko.

♥ reist til paris for ein månad også vidare til new york for å dansa på tak og føla meg fabelaktig.

♥ læra meg å laga fransk mat og å steika eit lammelår perfekt.

♥ fiksa meg eige studio og tatt tusenvis av bilder og tjent opp pengar så eg aldri trong å gjera noko anna enn å fotografera igjen, aldri aldri.
kva ville du gjort om du berre fekk setta på pause?

if i was given a year off from school and life, i would start my own little boutique with dresses and peppermint candy, travel to paris and new york, master the art of french cooking, and do a whole lot of photography.
små ting eg ikkje likar
kva er små ting du ikkje likar?
ps: kva seier de om ei ny runde bokstavtorsdag? eg meinar, det fins jo masse nytt å skriva om?

things i don't much enjoy: smoothies with too much yoghurs, olives, spiders with long feet, umbrellas that don't work, customers service, phones, too short dresses, bills, dull cups.
heihei.

eg heiter mariell. eg er nitten år og kjem fra sogn og fjordane(og tykkjer det er kjempemorsomt korleis folk frå austlandet faktisk seier "sogn og fjordane"), nærare bestemt øvre årdal som er ein pytteliten plass heilt innerst i fjorden. der bur min mamma, som er bedriftsøkonom, og min pappa, som er mekaniker, og ei søster med bambiauge som er så fin så fin.

eg elskar å hoppa i sølepyttar, peppermyntete med masse sukker, muffinstruser, kaniner, origami, tulipanar, alt som smakar kokos, tim walker, paris, ting som er lilla og å dusja i kaldt vatn. eg leser bøker om kjærleik og likar det best når pastaen er kokt litt for lenge. eg likar best påske av alle høgtider, for da skal ein berre lesa bøker og ha det fint. eg har ingen bukser men mange kjolar og mange sløyfer i håret. av pai likar eg best eple og fersken, og om noko luktar fersken er det greit for meg. eg vil heller vera pirat enn ninja, men vil heller vera ei marihøne på karnival. eg tar på meg mascara med munnen igjen. eg må reisa ut av landet for å ikkje bli tullete i hovudet. og difor handlar jo bloggen min mykje om det, nemlig.
fjorten. fant han der fine, som eigentleg heiter jostein og berre er tretten dagar eldre enn meg. han snakkar gudbrandsdøl sjølv om han har vakse opp i sogn og har lange dreads sjølv om bror hass ikkje har hår i det heile. han er eit lite geni og spelar piano. av og til får eg bestemma kva han skal spela og da får eg ligga i fanget. han studerar musikkvitenskap og teiknar store kart på gråpapir på golvet. sånn utanom å sussa og å laga mat samlar me på hausten ilag, eg og han. om eg er sjuk leser han eventyr høgt og synger barnesangar til eg sovnar og han kan kaninkyssa og fuglekyssa og hestekyssa og ja. de skjønnar. og når han reiser vekk lagar han kalender til meg med ein lapp kvar dag og han gøymer ting i leiligheten som eg skal finna. i går var det eit kaleidoskop!

seksten. flytta til sandane for å gå media og kommunikasjon på firda vidaregåande skule. der budde eg med fredrik(+ tusen maur) og hadde fabelaktige søndagsfestar i hagen, og rulla i graset for me lo så mykje og så høgt at husverten vakna. eg lærte meg å elska raudvin og pesto, og om vinteren var det så kaldt at ein måtte gå rundt med dyneuniform og det gjekk ikkje an å gjera noko anna enn å sjå disney-filmar på vhs. me bygde fort av stolar og tepper i stova og vinterfestane endte alltid opp på kjøkenet. eg starta denne bloggen midt i mellom alt det andre, også gjekk eg på skulen, da.







nitten. flytta til oslo. no bur me i tolvte etasje, eg og han der fine. her har me kjolar på veggane, og om me vil høyra elva kan me berre åpna vindauget. her studerar eg foto og han musikk og saman er me som ein fin kunstnarkoloni med globusar og bestemordokker og rutedukar. om helgene drikker me cava på sekstitalskjøken og ler i framande senger. av og til reiser me for å eta fine kaker fordi det gjer ein så glad. og på dagane lagar me pasta, kosar på sofaen og teiknar hjarte i håndflatene til kvarandre(og om berre ei veke er me fem år, eg og han, tenk det). og sånn kjem det nok til å vera ei stund.






nokre fine nye som lurer på noko om meg eller det eg gjer? spør spør spør. suss!

an introduction about me for all my new readers! try using the google translator, although i'm not sure how much it will help.
ti ting du kanskje ikkje visste
♥ eg har ein evig pågåande krangel med mamma om den stygge buska i hagen heime. eg seier fådenvekk! ho seier nei.
♥ eg likar betre å skriva tal med bokstavar og likar ikkje store bokstavar, for eg tykkjer dei er sinte.
♥ nellikar og syriner er mine favorittblomar.
♥ då eg var liten var eg fullstendig tv-slave, og fekk tv-forbod i eit halvt år. gud som eg sakna helene og gutta.
♥ eg har ein rar fascinasjon seriemordarar og mord og kriminalitet, og elskar bøker og tv-seriar som handlar om det.
♥ favorittsnopet mitt er sherbet fountain og lakrisfudge.
♥ eg var dødeleg forelska i daniel radcliffe då eg var typ tolv, og heile rommet mitt var tapetsert med han. eg tenkte ut lure planar om korleis eg skulle få møtt han, korleis eg skulle få han til å verta forelska i meg.
♥ mi første ordentlege forelsking varte i 4 år, og eg skreiv side opp og side ned i dagboka mi om kor fin han var, kor uendeleg forelska eg var i han, korleis me skulle ha det i lag seinare i livet, skreiv navnet mitt med etternavnet hans, prøvde ut ulike variasjonar med babynavn.
♥ eg likar grønnsaker og pasta kokt litt for lenge(og det gjer ikkje han der fine).
fortell meg ti ting eg ikkje veit! treng ikkje å vera om deg heller, eg elskar å få ny unyttig kunnskap. suss!

ten things you probably didn't know about me.
om skulen min og om å studera foto
klassen min er veldig vanskelig å skildra med få ord. me er tretten elevar(eg er yngst, det er typ tjuefem år mellom meg og eldstemann), to menn og elleve kvinner. to likar lakris, ei likar surt og mange likar sjokolade. det fine er at me er så himla forskjellige og slik sett alltid kan læra ting av kvarandre(ein fotograf treng jo å vita litt om alt). nokre elskar landskapsbilder, andre vil berre ta portrett, nokre elskar mørkerom og andre hatar det. egentlig som alle andre klassar.
om du tenker på å studera foto i oslo vil eg veldig varmt anbefala å leita masse før du bestemmer deg for kva skule du skal gå på. oslo fotokunstskule har berre analogt det heile første året, bilder nordic har kun digitalt over heile løpet, skulen min har begge deler. skulane er veldig forskjellige, så les om alle enkeltvis. sjå litt på lærarane, tenk på kven du vil læra av, gjer research! sjå til dømes her, og prøv å snakka med elevar frå ulike skular, det er ikkje så vanskelig å finna. send meg gjerne mail om det er noko de lurer på om kd-skulen, så skal eg svara så godt eg kan.
åh!
ti til ein
første bestevenn: johnny. det kunne han framleis ha vore om han hadde latt meg.
første kjærleik: eg var forelska i mange år i samme gut i klassen min. han var annleis enn dei andre, han var smart og flink i geografi. og så himla søt. eg skreiv ut fleire dagbøker med navnet hans i.
første favorittbok: matilda av roald dahl. eg satt i store bibliotek som lita jente og kjente meg så veldig igjen i ei anna verd.
første husdyr: ein katt som heitte lucas. eg lærte han å hoppa frå verandaen, han gjorde det og vart påkøyrt av ein bil.
første ferie: hugsar ikkje, men det må ha vore til danmark. me var så himla mykje i danmark då eg var liten.
første jobb: avisbud for BA! drittjobb.
første ekte kjærleik: han der fine, vel.
første piercing: pierca meg sjølv i nasen med ei sikkerhetsnål.
første kjole: første kjole kjøpt i seinare alder var i roma i totusenogsju.
første konsert: christina aguilera! ohyes.
ni siste:
siste alkoholholdige drikk: øl på luna park, torsdag.
siste biltur: fredag! frå oslo til årdal.
siste filmen du såg: alphadog på tv med pappa i natt.
siste telefonsamtale: med han der fine, han kviskra at han ikkje kunne snakka så høgt.
siste sang du høyrte: would i lie to you.
siste kyss: det var nok han der fine.
siste venn du såg: amalie.
siste gangen du grein: sikkert for nokon dagar sidan.
siste måltid: bolle med egg. deilig søndagsnattmat.
åtte har du nokon gong:
blitt forelska i ein venn: jepp.
køyrt bil: nei, det har eg nok ikkje.
sove under eit tre: mja, men berre på dagen.
fått hjartet ditt knust: oh. ja.
tulleringt: ja! "hei, det er raud" "å, eg skulle ringa til grøn, da har eg nok ringt feil"
sagt at du elska og ikkje meint det: eg trur nok at ein meinar på eit eller anna plan når ein seier det uansett.
skrive eit dikt: ja, mange! til og med vore på trykk i dagbladet.
vore i australia: nepp.
sju ting du har på deg akkurat no:
1. strømpebukse
2. sløyfetruse
3. underkjole
4. kjole
5. cardigan
6. fugl i håret
7. shorts
seks ting du har gjort i dag.
1. lest bok
2. vore barnebarn
3. vore barnepike
4. fotografert
5. planlagt stockholm
6. skrive masse bloggutkast
fem favoritting:
1. kaleidoskop
2. bøker med fine omslag
3. blomar
4. kameraet!
5. sløyfer
fire personar som kjenner deg ut og inn
1. han der fine
2. mamma og pappa(for dei går som ein)
3. trine marie
4. christine
tre valg
vinter og sommar eller haust og vår? haust og vår!
blomar eller busker? begge deler. kanskje helst tre om ein får klatra i dei.
sukker eller salt? sukker! (med mindre det er lakris)
to ting du må gjera før du dør
1. reisa til mosambik.
2. finna ut kvifor eg er her.
ein ting du ønskar meir enn noko anna
bli oppdaga, selga ein heil haug bilder til store kjente folk og kunna leva av kunsten og ha heimeskule med fire små der eg skal læra dei det som er riktig og me skal reisa heile verda rundt. men akkurat no kunne eg tenkt meg berre ein sponsa tur til paris og til london. eg lengtar.
din tur!
på denne plassen
om teite tankar om teite ting.
berre så de veit. at eg óg har sånne tankar. det luraste ein kan gjera da er å kjøpa litt vin og invitera med seg fine venner ut i ein park eller på kino og berre slappa av, leva i nuet, ikkje tenka fram og ikkje tilbake. kanskje kjøpa litt sukkerspinn og snurra rundt og rundt i ring eller ned ein bakke til ein blir stoppa av ein lyktestolpe. for alt blir bra til slutt, og det er det viktigaste.
suss.
reprise: om mitt første kyss
ein dag berre ringte det på døra. og det var han. og han tok meg i hånda og eg berre fulgte etter han for han tok meg i hånda. han tok meg i hånda. flodhestar i magen. øverst i nabolaget budde det ei veldig gammel dame. ho var pensjonert misjonær og laga dei beste lappane i heile verda. ho hadde eit uthus der me pleidde å leika. me innreda det til og med, med alt me kunne finna heime som ikkje ville bli sakna med det første. han geleida meg inn i uthuset. eg, litt usikker, satte meg på enden av senga. han satt seg ved sidan av meg. så datt me liksom bakover samtidig. fnising, hugsar eg. også spurte han kan eg få eit kyss? og eg sa nehehehehei. det kan du minnsann ikkje, berregløymdetkompis.

men så la han hovudet mot mitt som hestar gjer og liksom strauk mitt hovud med sitt hovud før han la seg til med trutmunn og det eine auget ope(for ein skal jo eigentleg ha augene att som på film, de veit). så sussa eg han. midt på munnen. og det var det raraste eg nokon gong hadde gjort, for kven skulle vel tru at det gjekk an å sussa ein gut sånn heilt utan vidare på ein torsdags ettermiddag. så låg me berre der og såg i taket ei stund, hugsar eg, før me sussa ein gong til. så gjekk me heim til han for å eta lollipop og sjå ricki lake. for det var jo det me pleidde å gjera.
om å bli voksen
eg er flink til å
♥ laga mat
♥ gi klemmar
♥ kjøpa ting eg ikkje har råd til
♥ laga ostekake midt på natta
♥ kyssa og holda hender
♥ vera ærlig når eg må
♥ skriva
♥ gi presangar til folk utan at dei har purstag
♥ vera nervøs
♥ drikka vin
♥ holda tankar i hovudet så lenge at eg ikkje får dei ut
♥ tenka utanfor boksen
♥ lesa bøker og sjå filmar
♥ reisa
♥ fotografere
♥ sjå bra ting i andre
♥ vera forelska
♥ vera våken heile natta for å gjera ingenting
♥ laga heilt andre univers
♥ vera impulsiv
♥ ha det fint rundt meg
din tur!
oui.

bilete
no reiser eg snart ut. og ned. og inn. og bort. og til skulen min. for fyrste skuledag. og eg er ikkje nervøs lenger men tenker at eg kanskje burde vera det, eg veit ikkje. ønsk meg lykke til, i alle fall. for no hoppar eg.

it's my first day of school today. wish me luck!
pytteliten oslo



mitt oslo er pyttelite og slørete. korleis er ditt oslo?

this is what my oslo looks like. teeny tiny and very blurry.
au.

bilete
i dag har eg tannverk. himla himla mykje tannverk. og eg er så redd for tannlegen at eg heller har vondt enn å gå dit. så eg høyrer på musikk og planlegg middagar og bakverk og blogging og ser på oprah og ventar på han som skal komma heim og vera god mot meg.

i have a tooth ache today.
om å vera feminist
de skjønnar, feminisme er eit svært misoppfatta begrep i våre dagar. ein trur at det å vera feminist er det same som å seie at kvinna er betre enn mannen, og det er ikkje sant. ein trur at feministar berre er damer som ikkje barberar seg under armane og ikkje har tv. det er heller ikkje sant. å vera feminist vil seie at ein meinar at kvinner og menn skal ha dei same muligheitene. det er å sjå eit menneske for eit menneske, og ikkje som kvinne eller mann. ja, det handlar om kvinner og ikkje menn sine rettigheiter, men ikkje la det skygge over formålet, berre sjå på korleis me har levd. og sjå korleis me lever i dag, der kvinner framleis må kjempa for å få same lønn i den same jobben. berre fordi dei er kvinner. eg er så glad for at han der fine er feminist. for å vera feminist vil heilt enkelt seie å meina at jenter har rett på dei same utfordringane og fordelane som gutar. så den barskaste mannen i verda med skjegg og øl i handlenettet er feminist. han der fine som har dreads og spelar piano er feminist. eg som går i kjolar og sløyfer er feminist. og det tykkjer eg at du skal vera óg.
om å ikkje jobba i sommar
det gjekk bra, alt gjekk bra, eg takla det sjølv med ti timar norsk i veka. men når eksamenane kom var eg så sliten at eg våkna kvar dag og visste ikkje om eg kunne klara å stå opp. ein lege sa til meg at eg var på veg til å bli utbrent i ein alder av nitten år. eg vart sjukmeldt eit par dagar, og eg klarte meg fint på eksamenane, men etterpå var det full kollaps. for sånn går det når ein berre køyrer på og ikkje tenker på at hovudet ditt har ein kropp som trenger å bli tatt hensyn til. eg fekk tilbod om sommarjobbar, men eg orka rett og slett berre ikkje tanken på å gjera noko som helst. kva vil du gjera, mariell? å, ingenting. ingenting ville vore heilt perfekt. og difor jobbar eg ikkje i sommar, som svar til dei mange som har spurt. om de vil unnskylda meg, eg må ut å ligga i regnet.
mitt bryllup
etter denne videoen fekk eg så mange tankar rundt bryllupet mitt. for me skal jo sjølvsagt gifta oss ein gong, eg og han der fine.

kjolen min skal sjå og følast akkurat sånn. sånn ville vore perfekt. som ei stor kake.

og brudepikene(eg skal ha mange) skal sjå ut som små kaker.

middagen.

dessert.

ingen får sitta ved bord, alle skal sitta på tepper i ein stor hage med enorme epletre.

og hjarteballongar!

alle desse er sjølvsagt inviterte.
og denne songen blir hovudsongen på kvelden, utanom all musikken som han der fine har skrive for anledninga sjølvsagt. og alle skal dansa og drikka vin og champagne og dansa på bordet og berre elska kvarandre og elska livet og vera lykkelige.

nattmat.

me skal vera lykkelige heile natta, og klokka sju om morgonen skal me sovna og det skal følast sånn.

my wedding will look like this! items: one: this is what my dress will look like. two: this is what the bridesmaids' dresses will look like. three: dinner. four: dessert. five: the dinner will be served not on tables, but on blankets in a huge beautiful garden. six: heart balloons, of course! seven: all of these are invited. eight: this song will be something of a soundtrack. nine: night snack. ten: when we fall asleep it will feel like this.
om å vera forelska i daniel radcliffe
då den fyrste filmen kom i totusenogein var det noko som klikka for meg, det tippa over. eg var forelska. i daniel radcliffe. eg las alt eg kom over, sat i timesvis på internettet vårt som tok ein halvtime å lasta eit google-søk. det gjorde ingenting, for han var det vakraste eg visste i heile verda, eg ville sussa han i heile ansiktet. eg tapetserte rommet mitt med bilete av han, samla bilete av han i ei mappe på datamaskina. las alle moglege intervju og lærte blant anna at han låg i badekaret då han fekk rolla som harry potter, at han er døypt daniel jacob radcliffe, at han er født tjuetredje juli, at han trur på spøkelse, at han likar blå og gul og at han likar fisk. eg hadde med meg plakat på skulen og hadde den med meg rundt overalt, eg dansa og sang navnet hans i kvart friminutt, eg var forelska, det var kjærleik. eg kniste meg gjennom dei første filmane, og plutseleg er eg vaksen og han mista liksom fokuset ei stund.
men gjett kva, da? i dag såg eg eit intervju og vart heilt smør i heile kroppen. så det er nok for alltid, eg og daniel. evig kjærleik. kven skulle trudd.

about still being in love with daniel radcliffe.
kunst, nokon?





til vanleg tek eg femhundre kroner per bilete pluss materielle kostnadar, så det kjem heilt an på kor store de vil ha dei, og om de vil ha fleire er eg veldig grei å forhandla med når det kjem til pris. om de har rike venner eller foreldre(!!!) med plass på veggane; sei ifrå til dei òg! og for dei som ikkje vil ha kunst, så kjem det nok heilt sikkert nokre kjolar her snart òg,

i am poor and need to sell some art.
om å vera ulykkeleg forelska
eg trur det er så mange som har det sånn, ikkje berre på barneskulen men ellers òg. eg har ei venninne som er forelska i ein gut ho aldri har snakka med, og ho kjem aldri til å snakka med han fordi redsla for å bli avvist er større enn ønsket om å prata med han, og det tykkjer eg er litt trist. for tenk om han føler det på akkurat same måte, tenk kor fint dei kunne hatt det. eller tenk kor lett ho kunne ha komme over han om ho berre hadde funne ut. men kanskje er det noko i mennesket som likar å fylla dagbøker med sommarfuglar i magen, og at det er dei ein er redde for å mista. at det er dei som gjer kvardagen til sukkerspinn og sjokoladesaus som gjer det enklare å stå opp om morgonen. og då gjer det vel ingenting om ein er forelska i daniel radcliffe enda.
love is never lost. If not reciprocated, it will flow back and soften and purify the heart.
washington irving

about unrequited love, and still feeling butterflies about daniel radcliffe. please try to use the google translator.
ein dag i mitt liv

brunsj.
tolv

plantar litt frø. nokre blomar og litt grønsaker. endeleg kan me laga grønsakssuppe utan å reisa på putikken.
eitt

me reiser på ein marknad der eg finn desse raude skoa som får meg til å føla meg som pytteliten.
to

me kjøper ein kattepus som siklar. toffifee heiter han.
tre

me finn eit forbudt tre i skogen, men klarar ikkje å holda oss sjølve frå å gå inn. det var døra til ein godterifabrikk!
fire

eg mistar festet til ein paraply og finn ut at den klarar seg heilt sjølv.

så det blir sånn.
fem

middag.
seks

piknik i hagen med bøker og vin. me sovnar.
sju

me våknar til at ein flokk dådyr stirrar på oss. dei er ikkje slemme, men me blir frykteleg redde.
åtte

tilflukt av det finaste slaget.
ni

snacks.
ti

me reiser til disneyland og snurrar i tekoppane og berre tekoppane og det er himmelen.
elleve

me bryter oss inn på eit bibliotek og skriver ting i bøkene.
tolv

me sovnar.

this would be an ideal day for me! all images are linked to their sources.
om å vera redd
no er eg redd mykje anna. eg er redd for å vera aleine. eg er redd for å sei hadet. eg er redd for å skuffa nokon andre men mest av alt meg sjølv(det er vanskeleg når ein vart geniproklamert på barneskulen og alle berre har sagt til deg heile livet kor himla flink du er, men plutseleg er ein ikkje så flink likevel men kanskje like flink som nokon andre og ein må berre omfavna det. ein må berre.), og av og til sjekkar eg at døra er låst fire gongar for å vera heilt sikker. no som eg har vore aleine heime har huset blitt gjort om til badstu(ein heil stor norvegia-ost smelta på disken) fordi eg ikkje vil ha vindauge eller dører opne, det kan jo komma nokon inn, dei kan jo ha med seg stige og klatra opp på taket. dei har sikkert på seg svarte masker så ein aldri kan finna ut kven dei er, ikkje csi eingong, for dei har barbert seg på heile kroppen så dei ikkje skal legga att hår. sånn spinner tankane mine seg rundt seg sjølv av og til. og til slutt blir det så gale at eg ikkje vil vera i huset eingong, eg vil sova i dokkehytta. mykje tryggare der.
eg må slutta å vera så redd. snart flyttar eg til oslo, og der er det tusen andre ting å bli skremt av, men ein kan berre ikkje. ein skal berre ikkje. så om eg kjenner at det kjem så tenker eg berre på lukta av fersken og smaken av bruschetta og den mjuke huden i nakken hans, og sånn kan ein setta tankane sine i sjakk til ein får smekka igjen alle fjorten låsane på døra. også kan ein lata som ingenting.
(er det berre eg som er redd?)
ps: det er ikkje teit å vera redd. eg var redd for syklar fram til i fjor!
om mine born

me skal ha fire born. det har me visst lenge. me veit kva dei skal heita òg, det har me òg visst lenge. ja, eg og han der fine altså. me har prata og prata og prata om born så lenge at eg blir utålmodig, eg vil ha dei no! eg vil ha små føtter og små nasar og små fingernegler ved sidan av meg i senga. og tenk om dei får krøller.
storm
den førstefødte, eg håpar han blir født med svarte krøller og mørke mørke auge. det første ordet han seier er "prikk". han veks opp i musikken og kunsten som vår augestein, han byrjar å spele cello som seksåring(han må stå på krakk), han leser tegneseriar og bøker om kvarandre og er hemmeleg forelska i jenta som bur over vegen. (dei giftar seg til slutt, skal de sjå)
frøya
ho blir født med eit smil, og storm tek ho i armane sine og bærer ho rundt, ho er det mest dyrebare i heile verda for han, det er viktig å vera storebror(eg har alltid ønska meg ein storebror). ho får tenner fort, og likar druer og pærer best. ho ligg våken heile nettene og berre funderar på sprekkane i taket, ho høyrer etter om huset søv.
ea
jente nummer to, med langt brunt hår og grøne auge. ho skal vera umuleg å ha med å gjera, ein draum for gutar og eit mareritt for foreldre. ho blir den kulaste jenta på skulen, elskar å drikka øl og gå med annleis klede, elskar å gjera bomber i bassenget. ho får hjartet sitt knust tusen gonger, men finn kjærleiken til slutt. ho er oppteken av universet og har stjernekikkert på rommet.
une
minstemann blir den smartaste og snillaste av dei alle. une tyder jo tross alt "han som ein trivast med".

about my children.
eg er nominert.
& heile sumaren var me på øya
eg sprang(gal)etter sonen til han som las hender
me låg heile netter på terassen
ho som hadde tjuekroningar som auge
siterte himmelen og månen
tolv gutar fall i bølgjene og ein fann dei aldri att, sytten av dei vart små sjøhestar
med litt assistanse
lykke.
kva er du?

i got accepted to the art school of my choice. i am so happy right now.
svar.
hva slags forhold har du til pirater?
kaptein sabeltann + brunost er kanskje mitt sterkaste barndomsminne, så eg vil seie eg har eit ganske bra forhold til piratar. og johnny depp kan få vera pirat på heiltid om han vil. mm.
har du ikke bukse i gymtimene heller?
hihi, dette var det fleire som lurte på. for å vera heilt ærleg, gym er verkeleg ikkje mitt favorittfag og har aldri vore det. eg kan vel gå så langt som å seie at eg hatar gym. men når eg faktisk har gym brukar eg han der fine si mjuke bukse og ei beatles-tskjorte. så veit de det. og nei, de får ikkje bilder.
er det ikke av og til litt skummelt å skille seg ut så mye?
eg føler ikkje sjølv at eg gjer det. kanskje fordi eg bur på ein så liten plass, og alle veit at eg er som eg er, så det er ingen som ser rart på meg eller noko. gamle damer smiler og seier at eg har fine kjolar. så nei, det er berre positivt. det gjer meg glad å berre kunna vera meg sjølv.
hvordan klarer du å leve uten melkesjokolade?
hihi! det går eigentleg heilt fint, for eg kan eta både mørk og kvit sjokolade. og det er det eg likar best.
hvilken sang hører du mest på, akkurat nå?
akkurat no høyrer eg mykje på ingrid michaelson og john mayer, alle sangane eigentleg.
og hvilken sang minner deg mest om han der fine?
veldig vanskeleg å seie. men me har ei sånn pink floyd- og u2-greie, eg og han. eg hugsar lange netter eg låg i senga medan me snakka på telefonen og eg spelte wish you were here på repeat. heile natta lang.
har lillesøsteren din en blogg?
ja, det har ho. men for no så velger eg å beskytta ho litt frå resten av verda.
ER DU NYNORSKBRUKAR?
ja.
når tenkte du at "nei, jeg vil ikke gå med bukser mer, bare gå med kjoler. og jeg bryr meg ikke om folk sier jeg ligner på en bestemor"?
det hugsar eg egentlig ikkje. heilt sidan ungdomsskulen har eg skilt meg ein del ut fra det "normale" i klestil. men det var kanskje tidlig på året i fjor ein gong. den siste buksa eg hadde kasta eg i januar i år, eg har hatt seriøse kompleks for beina mine men bestemte meg for å berre drita i det. om eg ikkje vil gå med bukse, skal eg ikkje gå med bukse. så eg kasta den siste, og det var så ufatteleg skummelt til å begynna med, men no er det heilt perfekt. lovar.
i tiden når du har fått en mer populær blogg har jeg sett flere blogger og bloggere som kopierer veldig mye av det du gjør. hva synest du om det? jeg synest det blir veldig dumt å lese en blogg der det er veldig tydelig at personen hermer etter deg. såg foreksempel noen som kalte brev for hjartepost og mye sånt.
vel, eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om det. for mange av idèane er jo mine, som bokstavtorsdag, og no ser eg bokstavgreier på annakvar blogg eg ser. på èin måte blir eg jo veldig glad for å sjå at eg kan påverka så mange, men på ein annan måte er eg framleis 14 år og vil ha alt for meg sjølv. også er det så morsomt at alle har byrja å kalla kjærestane sine for han der fine, min fine, han fine. samtidig er det så merkelig. at nokon tar etter lille meg, liksom. det hadde eg jo aldri trudd.
og enda en ting: skal du fortsette å blogge når du flytter til Oslo?
absolutt! det blir masse osloblogging og kanskje til og med ein hjartesmil-osloguide! fint vel?
har du noen forslag til hva man gi bort i gave til gutter?
eg slit litt med det der sjølv, men det kjem like mykje an på kva slags gut det er som med jenter, eigentleg. det kjem berre an på kor mykje ein kjenner personen. til han der fine har eg gitt bøker eg elskar, teaterbillettar, til purstagen hans i år fekk han ein heilt ny garderobe i origami-klede og eit brev. så lenge ein sjølv føler det er noko som passar personen, så skal ein ikkje tenka på noko anna enn det.
om du får en uke fri, med lommepenger til å gjøre nesten hva du vil, hva velger du å gjøre? hvor reiser du, og hva spiser du?
da reiser eg først til paris, for i dag har eg eit sånt enormt paris-sug. der et eg fransk mcdonalds i senga, for eg saknar sånn den siste kvelden me hadde i paris. me var utslitne etter å ha prøvd å utnytta dagen til det fulle, så me orka ikkje å gå ut for å eta eingong. me kjøpte med oss masse mcdonalds og såg csi i senga og det var perfekt. så vil eg til roma, for eg saknar italia sånn, og eg vil eta risotto og den mest fabelaktige pastaen og kjøpa masse krydder på marknaden. så vil eg til london, for å vintage-shoppa. så til stockholm og københavn. og til slutt endar eg opp i afrika, for det er der eg har hjartet mitt.
og hva er den mest alvorlige skaden du noensinne har fått?
eg var, tru det eller ei, handballspelar i mi tid, og har knekt og forstua alle bein og ledd som går an i fingrar og føtter og bein. og ein gang hadde eg hjernehinnebetennelse. og fjor hadde eg så vondt i magen at eg trudde eg skulle dø. ellers er det mykje som ein ikkje kan sjå, som med dei fleste andre.
hvordan ble du kvitt reklamen i bloggen din?
hva om du får en jobb hvor du må gå i bukse?
da trur eg at eg må finna meg ein annan jobb. kanskje. eg veit ikkje. men det er berre nesten det mest ubehagelege eg kan tenka meg av alt.
korleis vaskar kjæresten din håret?
som alle andre. med såpe og vatn.
om de lurer på noko meir, berre spør! så oppdaterar eg dette innlegget etter kvart.
eg...

♥ skulle bli kokk. og veterinær. og interiørarkitekt.
♥ hatar å snakka i telefonen fordi eg ikkje kan sjå dei eg snakkar med. litt over-estetisk, kan ein vel seie.
♥ las og las og las heilt frå eg var pytteliten, og anbefalte bøker til dei andre på biblioteket på barneskulen.
♥ er allergisk mot fløyte og melkesjokolade.
♥ fann mitt livs kjærleik då eg var 14 år.
♥ elskar.
♥ fekk mitt fyrste kyss i eit uthus.
♥ er eigentleg blond, og har grøne auge, sjølv om alle i familien min har brunt hår og brune auge. til og med hunden.
♥ saknar bestefar.
♥ går ikkje på ski.
♥ likar ikkje norsk spekemat, men spansk.
♥ elskar risotto.
♥ likar det når pasta og brokkoli er kokt heilt mjuke.
♥ har visst kva mine fire born skal heita i fleire år.
♥ har solgt over 60 bilete(galleri her).
♥ skal mest sannsynleg ha utstilling i sommar.
♥ planlegg å tatovera meg i august, men det er hemmeleg.
♥ blir fort forelska. i folk og i ting, og kan ønska meg enkelte ting så hardt at det gjer vondt.
♥ klarar ikkje å sei hadet. så derfor gjer eg det aldri. eg kjem ikkje til å sei hadet til mine klassekameratar når eg flyttar. det er utruleg feigt, men eg klarar det ikkje. så godt kjenner eg meg sjølv.
♥ er flink til å laga focaccia, brownies, risotto, kjeks, eigentleg generelt flink til å laga mat, men eg har aldri klart å laga vanlege kveitebollar.
♥ lurer på kva i alle dagar eg skal gjera frå august av. jobba? gå på skule? ingenting?
♥ skulle ønska eg klarte å tru på noko større enn meg sjølv. større enn verda. men religion frustrerar meg nesten meir enn noko anna.
♥ er altfor glad i å diskutera.
♥ kunne drukke vin og ete mørk sjokolade(å, den med sitron&ingefær) kvar einaste dag.
♥ likar kun kald raudvin.
♥ har ein pappa som elskar å laga mat og berre er snill og god.
♥ har ei mamma som tenker veldig mykje om veldig mange ting, og ikkje er redd for å seie det høgt. og som bryr seg så inderleg mykje om andre menneske.
♥ har arva humoren til pappa og det standhaftige frå mamma.
♥ har ei lillesøster som er den finaste av alle, og som betyr heile verda for meg.
♥ har ein hund som heiter bono. ja, etter vokalisten i u2.
♥ eig ingen bukser.
♥ elskar mote, og gler meg til eg kan kjøpa vogue kvar månad.
♥ skal læra meg fransk frå august av.
var det noko meir de ville vite? berre spør, og eg skal svara. suss!
hår.



men eigentleg har eg eit hemmeleg ynskje om askeblondt òg. som her

kva tykkjer de?
framtidsangst
om eg var ei anna jente, del to

, men eg fekk berre aldri nok av cupcakes, så når eg kom heim tok eg fram moleskinen min for å teikna

eg budde her, da. i pastell, det òg

og han her budde med meg, og han heitte jeff

og etter eg var ferdig med å mala bakverk, skulle eg bruka resten av ettermiddagen på å lesa bøker. men dei måtte vera i pastell, sjølvsagt

på rommet mitt skulle eg ha koffertar og fine boksar fylt til randen av vakre ting å pynta seg med

og om natta, når alle hadde lagt seg, reiste eg ut og inn på eit forlatt tivoli. eg satte meg på ein hest og lata som den spelte gamle russiske folketonar berre for meg

translation: this is what it would look like if i were another girl, part two. (feel free to use the google translator in the menu)
oda.







om nokon lurte, er det dette eg har drive med dei siste 24 timane. pluss cider og rosèvin. pluss ein musikkvideo. fint vel?
altså, om de lurte liksom...
07:20 - eg registrerar min favoritt-big bangsong ute i periferien, og sovnar smilande att etter å ha slumra. eg hugsar tilbake til kanskje 2004/2005, eg låg vaken langt på natt med big bang på øyret, spesielt denne songen. eg var(og er) så ufatteleg forelska, så eg fekk ikkje sova.
"did you ever write my name with a fountain pen
in your books or on your desk
or did you tell your friends
that I was someone special
did you ever lie awake the entire night
glowing in the dark with no sheets or light
thinking that I was someone special"
07:30 - ingrid michaelson får meg alltid til å smila. eg drar dyna over hovudet og sussar han der fine i halegropa. han smiler, men veit det ikkje.
07:35 - som de veit, elskar jo eg barack obama. det kan virka litt perverst for nokon å ha denne songen som våkne opp-materiale, men den får meg alltid til å vakna for han er jo min framtidige mann, og med den vakraste stemma i verda. i alle fall amerika.
"always remember that no matter what obstacles stand in our way,
nothing can stand in the way of the power of millions of voices calling for change."
07:40 - akkurat passe på litt over eitt minutt med kos frå cocorosie.
07:45 - seabear får meg til å hoppa ut av, i alle fall opp i, senga. denne songen er så herleg(ignorer dei siste 8 sekundane, versåsnill).
kva høyrer du når du vaknar?
livet mitt som gut

i ein leilighet som såg sånn ut

og eg hadde kattar i vindauget

eg skulle våkna klokka seks om morgonen, og alltid eta det same til frukost

etter frukost brukte eg eit par timar på å laga skip i glasflasker

så var det tid for kaffi og teikning. eg teikna berre jenter eg vil vera saman med. jenter som liknar på damene i filmar frå 50-talet med ein moderne vri.

den største draumen var nok judy garland, eg kunne sjå trollmannen frå oz om igjen og om igjen og om igjen

eller hedy lamarr. åååå, hedy lamarr.

av jenter som framleis pusta, favoriserte eg isabella applen

eg skulle lesa fleire bøker kvar veke

og eg skulle sitera dei finaste bøkene i kjærleiksbrev

dei skulle eg senda til jenter over heile verda. med tørka blomar til

og ein dag kom ho berre

og eg skulle tvinga ho til å ligga i senga med meg heile dagen, og fotografera alle delane av kroppen hennar, kvar lille føflekk, for å hugsa ho når ho ein dag kanskje ikkje var der meir.

kjelder får de av å trykka på bileta.
translation: this is what my life would look like if i were a boy. click the images for sources.
!!!

eg har dei finaste foreldra i heile verda. 00:01 ringte dei og sang HEILE kaptein sabeltann-purstagsangen(etter eg hadde ønska den som purstagssang). poenget er at EG HAR PURSTAG. huuura huuura for meg. i morgon reiser eg vil volda på dokumentarfilmfestival med klassen min, så til eg kjem tilbake kan de legga igjen tusen fine purstagshelsingar vel!
suss!
om å skulle vera russ

eg vil heller ha det sånn. så da veit de det.
kaleidoskop

dette er mitt første. det er av plast og ganske cheesy, men sjarmerande likevel.

nummer to fekk eg av min kjære, og er eit sånt eit som vrir tinga du ser på istaden for ting inni sjølve kaleidoskopet.

dette kjøpte eg på eit museum i paris. ååå, paris!

dette har eg fått av min kjære svigermor.

og dette kjøpte eg i amsterdam.
kva samlar du på?
om eg hadde vore ei anna jente, del to

om eg hadde vore ei anna jente, hadde eg nok budd i dette huset. og på utsida såg det ut som eit hus laga av plastikk eller melkekartongar, men egentlig såg det sånn ut på innsida

inni var det lange lange gangar med teppegolv så det såg ut som ein opera.

eit rom var fylt med globusar.

eit anna rom med godteri.

og eg skulle kun lesa bøker som såg så fine ut i hyllene mine. dessutan måtte dei vera pop-up-bøker.

til dømes av alice i eventyrland.

eller kanskje med dådyr. eg tykkjer dådyr er av dei finaste dyra i heile verda.

eg skulle spise godteri til frukost og middag og kveldsmat, for eg var heilt heilt åleine i heile verda og ingen kunne fortelja meg at eg fekk hol i tennene. uansett drakk eg jo mykje melk. men kun om den såg sånn ut

dessutan var den i live og dansa rundt på bordet mitt.

når eg ikkje fekk sova, skulle eg strikka klede til pyttesmå folk som ikkje eksisterte. eller laga pepperkakehus i nye dimensjonar

eg skulle prøva å læra meg sjølv å spela piano, men det var innimellom ganske vanskeleg

eg skulle ha 6 gode vener




men eigentleg sakna eg så veldig å ha ordentlege vener som eg kunne snakka med. og under puta mi låg eit bilete der eg ringa ut og såg for meg eit anna liv. eit liv med høge gutar med krøllete hår.

men eigentleg hadde eg det best aleine.
translation: this is what it would look like if i was another girl
om dom som försvann

på barneskulen var eg så utruleg einsam. eg var ein av dei ungane som latar som alt er bra for foreldre og lærarar, men eigentleg spiste eg lunsj med vaktmestaren eller åleine i kjellaren. kanskje likte eg det sånn, eg hugsar ikkje eigentleg kvifor det var slik. eg hugsar at eg hadde ein vill fantasi, eg skreiv ut fleire dagbøker på eitt år og såg veldig opp til anne frank. eg las voksen-bøker og sat i timesvis bortgøymd i hjørner på biblioteket. eg høyrte på pink floyd og gjekk i nedarva klede. eg gav bort alle pengane mine så dei ikkje skulle sparka meg på leggane.
på ungdomsskulen fekk eg sakte men sikkert kapra meg til ein veldig solid omgangskrets som eg var med kvar einaste dag. me bestod for det meste av 5 jenter, med eit par utskiftingar no og då. det var den type "friends 4-ever"-jenter som aldri eigentleg meinar det dei seier, som ein aldri eigentleg kan stola heilt på, som bedrar deg om dei får noko tilbake for det. men sjølvsagt visste ein ikkje det da. for sola skein og me lo til me fekk vondt i magen. det er nesten tre år sidan. den siste kvelden eg var heime før eg flytta(eg var den einaste i mitt kull som flytta) var eg og to venninner samla i senga til mamma og pappa for å liksom ta farvel. me såg film og spiste smågodt og ved enden av kvelden sippa me alle tre, for korleis skulle livet bli utan kvarandre? eg skulle jo bu heile 4 timar heimefra. men me skulle vera på msn kvar dag og jaffal ringa ein gong i veka og eg skulle komma heim kvar helg og dei skulle komma på pusøk. sånn vart det jo ikkje. i byrjinga var det sånn. men etterkvart var eg ikkje invitert på ting i helgene. og det var opptatt når eg ringte. og plutseleg var dei borte på msn. og plutseleg var dei borte.
og mitt liv på vidaregåande fortsatte med ein konstant verkande klump i magen som heitte "eg har ingen heime." etter kvart vart det ein ganske stor klump. og det var det heilt til eg berre bestemte meg for å gløyma dei. berre gløyma dei heilt. for berre sånn kunne eg få det bra igjen. for egentlig trengte eg dei ikkje uansett, ein har ikkje bruk for folk som får deg til å alltid vera litt lei. heldigvis har eg møtt så mange fantastiske folk på vidaregåande, folk som eg veit eg klarar å halde kontakten med, venner som ikkje er så high-maintenance. det er viktig med folk ein alltid kan komma tilbake til. sånne som rufsar deg i håret og sussar deg på kjaken og som tør å gje kompliment og som set pris på dei fine tinga her i livet. som øl og syklar og vårfestar, for eksempel. og i kveld skal eg ut.
tagged
what is your current obsession?
akkurat no: flytande eyeliner, grøne kjolar, kokosmakronar, raud pesto, pasta, egg. alltid: alle kjolar, sløyfer og franske filmar.
what are you wearing today:
blomsterkjole frå velouria vintage i oslo og anatomihjartesmykket mitt. pluss ei amsterdamsløyfe som de ikkje ser.
do you nap a lot?
egentlig ikkje, men spørs om kjærestefanten er i skikkeleg kosehumør. da kan me sova i timevis.
why is today special?
i dag er det fredag, og eg skal vera med på ukm med løyndom-boka! ønsk oss alle lykke til, eg håpar så så så det går bra.
what would you like to learn to do?
eg har lyst til å læra meg å gå på hendene skikkeleg. for eg er skikkeleg flink til å slå hjul. så kanskje eg kunne blitt med i eit sånt menneske-sirkus. for eg likar ikkje dyresirkus, det er slemt. det har eg lært av min mamma.
what's for dinner today?
taco! i kveld skal eg og han der fine berre kosa oss som tusen.
what's the last thing you bought?
gulrøtter og appelsiner.
what are you listening to right now?
denne spelelista på spotify!
what is your favourite weather?
hausten, når ein berre må vera ute heile tida for å nyta det vidunderlege gule lyset heile dagen lang. eg saknar hausten heile året.
what is on your bedside table?
eg har ikkje det, eg. men vinduskarmen er full av bøker, blomar og te.
what's your style?
kjolar kjolar kjolar! og blomar og mønster og sløyfer i håret og rosa leppestift. der har du meg.
if you could have a house totally paid for, fully furnished anywhere in the world, where would you like it to be?
det måtte bli eit hus litt på utsida av sentrum i london. eit med kvite veggar og kunsten min og andre sin kunst og fire små med rufsete hår. i london, ja.
favourite vacation spot?
eg er ei skikkeleg storby-jente. og eg kjem aldri over london og paris, eg vil alltid tilbake. så neste gong blir det berlin. eller dublin eller stockholm eller københavn. eg vil sovna til lyden av trafikk og lukta av storby.
name the things you cannot live without.
han der fine, alle dei som har kapra mitt hjarte, kameraet mitt, kunsten, kjolar, silkebånd, mandarin&ananas-kremost, te, musikken og å vera berrføtt.
what person would you like to have in your hands right now?
trine marie. eg saknar ho kvar einaste dag.
if you could go anywhere in the world for the next hour, where would you go?
eg ville tatt første fly til wales og henta trine marie, så ville eg tatt ho med til indonesia. eg trur me ville hatt det veldig fint der.
which language do you want to learn?
fransk! neste år skal eg ta kveldskurs, det blir fantastisk! så har eg veldig lyst til å læra å snakka tysk skikkeleg.
which countries have you visited:
norge, sverige, danmark, tyskland, østerrike, ungarn, england, wales, frankrike, nederland, italia.
what do you want to be when you grow up?
akkurat den eg er i dag. men med fleire kjolar og ei sikker karriere.
eg er ein skikkeleg tilbehør-person. ofte likar eg tilbehøret bedre enn sjølve retten. eg elskar fløytegratinerte poteter(sjølv om eg er allergisk mot fløyte) og kolrabistappe. men risotto, kanskje. og all pasta!
eg hadde ein gong ei kanin


ein dag slutta han berre å pusta. kaniner gjer det. og eg grein og grein og grein. for 11-åringar gjer det. heldigvis var han fin så lenge eg hadde han. når mine ungar vil ha kaniner veit eg i alle fall at eg er himla flink til å bygga bur.
i kveld skal eg heldigvis til frøken texas med fru fure. me skal sjå frustrerte fruer, som alle andre heilage tysdagar, og kosa oss veldig. ha ein fin kveld!
forresten høyrer eg rykter om at mormor leser bloggen min no! så kan alle vera så snille skriva "hei, mormor!"? da ville ho blitt veldig glad. hei, mormor!
translation: i once had the best bunny, but then he died. bunnies tend to do that a lot.
hei, hei, her bur eg.

der heng kjolen som eg kjøpte i amsterdam. den er ødelagt, så eg kan ikkje gå med den enda. men den klør etter å få bli med meg ut.

her er hylla mi.

i den har eg mykje rart, som fotobøker og viktige magasin. og csi og termosen min.

og samlinga av små hus

og undervasstanken eg fekk av christine pluss fisken frå oda og fuglen frå maja. pluss deilig te, og litt småting frå overalt.

under denne hylla har eg nokon av sløyfene mine og eit par smykke


og litt silkebånd

på pulten har eg ein liten elefant

og arvestykke frå oldemor, hjarteforma post-it, discosmykket frå amsterdam og ei parfymeflaske eg fekk av mamma då ho hadde vore i praha.

og mitt lille eiffeltårn

og denne planketten som var på installasjonen vår på landsmønstringa på ukm i fjor sommar. eg var himla stolt kanin.

ved sidan av pulten har eg kunst

over pulten har eg denne tavla

eg saknar paris så innmari når eg ser dette biletet.

papir frå jack daniels fudge gir så gode minner og då saknar eg geir til hjartet mitt stuper. og litt over er det eit av dikta mine som var på trykk i dagbladet.

og eit smart sitat



og oppå magasina er det eit bilete av meg og min pappa frå eg var liten og frå han hadde bart.

bak biletet av pappa står bankebrettet mitt. det fekk eg av pappa til jul etter han hadde lest naiv.super.

i hylla står òg sirkusboksen min. den pleier eg å ha makronar i.

i etasjen over finn du masse bøker og ein del av kaleidoskopsamlinga mi.

til høgre finn ein eit bilete av mamma og meg når eg var pyttelita. for eg var det. ca så stor som ein kolrabi.

og om du snur deg heilt rundt, er det vinduskarmen min. den er full av bøker og te og fine filmar som er i umiddelbar nærleik om eg skulle trenga det frå senga.

celestial seasonings er min absolutte favoritt.

og på benken min står toalettveska mi(den er så fin, ikkje sant!?), peppermyntete og film til diana. livsviktige ting altså.

og over senga mi heng det finaste. eit bilete han måla til meg som julepresang for eit par år sidan. <3

på døra mi heng anne frank

og veit de noko anna fint med å rydda rommet sitt? ein finn igjen klede ein hadde gløymt at ein elska. som denne kjolen.


suss på nasen!
om min mamma og om kvinnehjartet

i oktober 2007 våkna eg av ein telefon frå ei bestemor som kunne fortelja meg at min mamma hadde blitt sendt i luftambulanse til haukeland sjukehus. for ho hadde hatt eit hjarteinfarkt. eg hugsar det veldig godt, kor lenge ho gjekk med vondt i brystet men det var berre muskelsmerter sa legane. og plutseleg eit hjarteinfarkt. som lyn fra klår himmel, liksom. eller kanskje ikkje. påkjenningane frå smertene og stresset ved å ta helikopter gjorde at helsepersonellet ikkje såg noko anna råd enn å dope ho ned på det tidspunktet. framme på haukeland vakna ho ikkje igjen av seg sjølv.
min mamma låg i koma i 18 dagar. 18 lange sjukehusdagar. eg hugsar andrè bjerke-diktet på veggen på intensiv-avdelinga, som seinare har vorte mitt favorittdikt, og pappa som tok opp leselysten. han satt ved senga hennar kvar dag og kyssa ho på augeloka kvar morgon i håp om at ho skulle vakna den dagen. eg balanserte mellom å vera husmor heime medan eg skulle vera elev på fulltid, eg farta fram og tilbake frå sandane til årdal til bergen, frå han der fine til søster til pappa og mamma, og gjorde mitt beste for ikkje å knusa i tusen bitar. for det har eg lært av min mamma. også ein dag vakna ho berre, tenk det. og denne veka har ho byrja såvidt å arbeide litt igjen, etter eitt år og fem månadar. for så lang tid tar det faktisk.
og derfor er det så viktig å støtta forskning på hjarte- og karsjukdomar for kvinner. så ikkje fleire 17 år gamle jenter skal vera redde for å mista mødrene sine. så me kan bli tatt på alvor. lhl har akkurat no ein kampanje som heiter hjerterdamer. kampanjen skal gi støtte til forskning på og vissheit om kvinnehjartet. det kan du støtta ved å kjøpa ein kjole-pin på apotek1. det kostar femti kroner og det har alle råd til. for me har ikkje råd til å ikkje gjera det. i alle fall ikkje eg. også får ein gå med kjole på kåpa si òg!
om eg fekk bu her

om eg budde her var eg kanskje 30 år. eg var blitt kjent i europa og dei rette miljøa som fantastisk fotokunstnar(jada, eg veit eg må bli det fyrst) og eg hadde solgt for millionar. om eg budde her budde eg i new york, og det var ei pyttelita leiligheit med berre akkurat det ein trengte og difor var det perfekt. for mesteparten av pengane hadde me brukt på eit hasselblad-kamera og eit råfint piano. heile leiligheita var dekka av bøker, over alle veggane og i stablar på golvet, og borna våre brukte bøker til å sitta på rundt middagsbordet. om eg budde her hadde eg jordbærblondt hår og så mange kjolar at eg måtte henge dei utafor vindauga, og eg hadde definitivt lært meg å gå i høghæla sko. og eg hadde jobba for meg sjølv fram mot utstillingar, så om morgonane fekk eg sova så lenge eg ville og når eg våkna kom fine små for å ligga i senga med meg og eg skulle få dei til å le så dei fekk vondt i magen. så laga me blåbærpannekaker til frukost, med sirup på. og mintkakao. det skulle vore fint. veldig fint.
korleis hadde det vore om du budde her?
[hei. det er meg igjen. eg ville berre seia at om mariell budde her, så hadde eg budd her òg, og det er fint å tenkje på.]
om eg hadde vore godteri

om eg hadde vore snop hadde eg nok vore ei cognackule. søt på utsida og alkoholisert i midten. neida tulla. kanskje eg hadde vore lakrisfudge. litt hard å komma inn på, men veldig mjuk og søt i midten.
kva type godteri hadde du vore?
[jostein her. mariell har det fabelaktig i amsterdam. nye sløyfer- euforisk. eg trur forøvrig at eg faktisk hadde vore ei cognackule; fersk utanpå, årgangs inni. eller ein marshmallow; bleik, tvers gjennom mjuk og så smått kvalmande. er ikkje heilt sikker.]
storm

i går fekk eg møta storm for fyrste gong. han er ein veldig kul fyr som aldri bråkar.

eg fotograferte han til ei skuleoppgåve.


han syns det var heilt ok.
om mitt første kyss
når eg var yngre budde familien min framme i ein dal, ganske avsperra fra resten av sivilisasjonen. ungane i nabolaget pleidde å finna på ganske mykje morsomt, me bygde utallige trehytter og leikte gøymsel i skogen og i fjellet(for sånn bur eg, nemleg). også hadde det seg sånn at eg var litt... småforelska. i ein gutt. sjølvsagt var det den samme guten som alle jentene på min alder i nabolaget var forelska i, men det var liksom ikkje nøye når ein var 12 år for heile verda var di og ingenting vondt kunne skje.
ein dag berre ringte det på døra. og det var han. og han tok meg i hånda og eg berre fulgte etter han for han tok meg i hånda. han tok meg i hånda. flodhestar i magen. øverst i nabolaget budde det ei veldig gammel dame. ho var pensjonert misjonær og laga dei beste lappane i heile verda, eg lovar. ho hadde eit uthus der me pleidde å leika. me innreda det til og med, med alt me kunne finna heime som ikkje ville bli sakna med det første. han geleida meg inn i uthuset. eg, litt usikker, satte meg på enden av senga. han satt seg ved sidan av meg. så datt me liksom bakover samtidig. fnising, hugsar eg. også spurte han kan eg få eit kyss? og eg sa nehehehehei. det kan du minnsann ikkje, berregløymdetkompis.

men så la han hovudet mot mitt som hestar gjer og liksom strauk mitt hovud med sitt hovud før han la seg til med trutmunn og det eine auget ope(for ein skal jo eigentleg ha augene att som på film, de veit). så sussa eg han. midt på munnen. og det var det raraste eg nokon gong hadde gjort, for kven skulle vel tru at det gjekk an å sussa ein gut sånn heilt utan vidare på ein torsdags ettermiddag. så låg me berre der og såg i taket ei stund, hugsar eg, før me sussa ein gong til. så gjekk me heim til han for å eta lollipop og sjå ricki lake. for det var jo det me pleidde å gjera.
(eg har det fabelaktig i oslo!)
om eg var ein gut
og kanskje skulle eg sjå slik ut:



korleis hadde du vore om du var ein gut(om du er jente)? eller jente(om du er gut)?
om eit par timar reiser eg til oslo med min fine(så eg veit ikkje korleis det blir med blogging i helga). me skal hoppa og skippa rundt omkring i heile byen, hand i hand. i alle fall på grünerløkka(det er den einaste delen av oslo eg tålar eigentleg) med fine kafèar og bruktputikkar. og i morgon kveld skal me på les miserables og me skal vera himla forelska. om du ser meg; sei hei om du tør!
om eg hadde hatt ein kafè

om eg skulle hatt ein kafè skulle den vore i denne gata. den er eigentleg i praha, men den kunne til dømes vore i paris eller london. eller oslo eller stochholm eller københavn.

og den skulle hatt same heimekoselege kjensla som her.

og slik skulle det sjå ut

og på disken skulle det stått eit glas med hundre sånne som alle fekk få, heilt gratis.

alle som kom inn skulle få ein sånn tatovering.

og heilt i hjørnet skulle det vera ei øskje med kaninbabyar som var av ein spesiell rase så dei alltid var babyar og kunne berre ete kake. heile dagen lang. og det passa jo fint.

og ein skulle servere te i sånne koppar, berre dobbelt så store.

og på toalettet skulle såpene sjå slik ut.
og sånn skulle menyen vore:








og til jul måtte me pynta med eit sånt eit

og alle som jobba der skulle ha rosa hår

alle bileta er frå flickr.
korleis skulle din kafè vore?
diana-kjærleik


eg elskar verkeleg analoge fotografi, og eg gler meg så så så mykje til å framkalla dei andre filmane mine og scanne dei. eg vil berre scanna alt i heile verda.
om morgonrutiner

foto: alibosworth
eg er ingen kvardagsmorgonperson. kvar morgon når eg vaknar tenker eg at det skal bli så fint når skulen er slutt, for da kan eg sova meir(men eg gjer det aldri). her er mine morgonrutiner, i eit nøtteskal.min type morgonperson våknar nullsjufemten av teit alarm. slumre. stjele dyna frå jostein. våknar igjen av teit alarm nullsjutretti, dultar i hanfine for å få han til å stå opp. på dette punktet får eg senga heilt for meg sjølv og gledar meg veldig over det. når klokka er kanskje nullsjufemti kryp eg ut av senga. kler på meg. pussar tenner. sminke. nyheiter. så er klokka nullåttefemten og eg må springa til skulen hand i hand med han der fine.
og eg meinar det, nesten kvar einaste morgon er sånn. helgemorgonar, derimot. da kan eg ligge i senga til det uendelige. berre kosa og lesa bøker og aviser, drikka te og smoothies. eg skulle ønska det var laurdag jaffal annakvar dag.
kva type morgonperson er du?
eg må berre visa + liten konkurranse

eg blir glad kvar gong eg ser det. og derfor vil eg lansera ein liten konkurranse(enda eit ledd i min nysjerrighet). eg vil sjå korleis skrivebordet ditt ser ut! finaste får ein pakke i posten med noko skikkelig søtt. lovar! så ta eit bilete av skjermen din, legg ut biletet ein plass og post linken til biletet i kommentarfeltet. dei som ikkje har blogg må legga ved mailadressa i kommentaren.
håpar alle har fine søndagar!
2008, siste halvdel
juli:
juli var ein svært lang månad. eg jobba skift på hydro, og var ganske skiftande sjølv. ho finaste var heime. me sykla og drakk vin, samtidig.
eg las masse bøker og oppdaga mykje ny musikk.

eg og pappa gikk mykje tur i fjellet, og møtte geiter. fint.

eg spiste smoothe til frukost kvar einaste dag.

august:

i august dansa eg mykje i hagen.

eg hadde grønne strømpebukser og kjøpte den rosa sløyfa.

eg møtte janne og bror, som var på målrock.

eg møtte eira for første gong i bergen by.

eg var endeleg tilbake på sandane.

me reiste på roadtrip til ingenstads, herleg.

me drakk liter på liter med corona.

eg var kjempetrøtt første skuledag.

me hadde gnagerfest.

og me dansa i mørket.
september:
i september drakk me masse raudvin. det er det eg kan hugsa.


i september var det dei fargane.

i september var eg fadder.

oktober:
ååå, oktober! i oktober var me i paris


og framleis var det dei fargane.

oktober var månaden med 9 crimes på hjerna.

i oktober snurra me på snurrestokk.

i oktober var eg på eventyr i hagen.


i oktober var janne på pusøk og ein fabelaktig fest.

november:

i november dansa me obama-dansen.


eg og han der fine var 4 år.

han der fine var borte ei heil veke, eg klipte håret.

det var eit fantastisk lys.

eg fikk nye, nydelege sko.
desember:
i desember hadde eg bloggpause.

i desember døde min bestefar.

i desember kom ho fine på pusøk til sandane.

så var det jul.





for eit år det har vore. i 2008 har eg vorte meir kjent med meg sjølv, og meir sikker på kva eg er laga av. heilt sikker på kva eg skal bli, men veldig usikker på korleis eg skal bli det. eg har klart å finna roen og eg har klart å slippa taket litt. det har vore eit fabelaktig kjærleiksår, og sjølvsagt blir 09 berre bedre.
og imorgon er det nyttår med han der fine, ho fine og koskenkorva. og familien. eg gler meg som ein liten gris. så blir det 2009, så fantastisk det skal bli.
kva er det beste som har skjedd deg i år?
2008, første halvdel
januar:

i januar var eg i danmark i bryllaup.

vel heime i noreg spelte me inn film på rommet mitt. eg er den litt oppgitte lydansvarlige i senga.
februar:
i februar trengte eg og han der fine å komma oss langt vekk. så me tok vinterferien til hjelp, og reiste først til london,
så vidare til wales for å besøka ho fine.



me kjøpte samla verk av william shakespeare i ein bitteliten bruktputikk. han der fine såg poetisk ut når han las ved havet.

på veg heim skjedde dette, som har prega store delar av 2008 etterpå. eg var i bussen, og er framleis redd.
i februar fant dei ho 17 meter under vassoverflata, og endeleg kunne ein få ei grav å gå til.
mars:
i mars var det påskeferie, og me reiste på hytta.

og familien var samla, og bestefar var så veldig levande.


og orion, som nok er av det vakraste i verda.
april
i april var eg på familietur til paris. det var mitt første paris, og ikkje så altfor spennande den gongen. men fint. veldig fint.
etter det vart eg 18 år og feira med grilling og liter på liter med vin. det var magisk. eg hugsar òg april som månaden eg oppdaga granateple-cider(og helst skulle ønske denne fantes både utan alkohol og utan sukker).

me spiste middag i hagen og alt var veldig idyllisk.
mai



me laga pannekaker i steikepanna på grillen til frukost, og dansa i hagen. mykje. eg hugsar òg mai månad som den månaden med mest øl.


me var på balejazz, eg hadde pressepass og flasha det skamlaust.

bestemor og bestefar 17.mai.
nokre dagar etter dette blogga eg på hjartesmil for fyrste gong.
juni
juni var månaden for fabelaktige festar.


juni var månaden me reiste til trondheim, til landsmønstringa i ukm med berrføtt.

han der fine, eg og pia.
om å samla på hausten



ca 20 meter silkebånd



eg har stilt meg sjølv to spørsmål.
1. kva er meininga med livet?
2. kvifor blir livet så mykje lettare med silkebånd?
kort hår, plutseleg



eg føler meg så... voksen?
utfordring og purstag
1. eg skal bli fotograf. eg har ikkje noko val, det er det einaste livet eg kan sjå føre meg, eg må leva i kunsten, bli kunsten, og aldri slutta, aldri aldri slutta å sjå det vakre i ting. eg bryr meg ikkje om andre har tru på meg, eg har tru på meg sjølv og eg veit.
2. eg og han der fine feirar 4 år på søndag. me har gjort det til tradisjon å feira purstagen vår som ein vanlig purstag, med venner og kake. på desse fire åra har eg lært meg å pusta igjen, lært å finna glede plassar eg aldri hadde trudd at fanst, i meg sjølv og i 4 varme føtter og i dreads.

purstagen feira me i går. heile kvelden kjentest slik ut.
3. for kvar nye årstid som kjem klarar eg å overbevise meg sjølv om at dette er mi favorittid av året. ein illusjon som eg lar meg sjølv ha fordi eg veit at eg hadde dukka under om ikkje. lauva og fargane og lyset om hausten, den uendelege stilla av vinteren som blir brote når ein tråkkar i snøen, lukta av vår og dei nydelege grøne trea. ikkje sumaren. sumaren likar eg aldri. berre når eg er åleine i ein hage med ei bok. då kan eg like sumaren.
4. eg har aldri sett nokon så bleik som meg, og trur ikkje eg har fått sol på beina på... 6 år.
5. eg kan identifisere den rette magenta-fargen av 7 rosa nyanser. medianerd.
6. eg tar aldri telefonen. ikkje ta deg nær av det, men eg er livredd å snakka med nokon eg ikkje kan sjå. ein lærer av meg sa ein gang at eg er altfor visuell. verst er det om eg må snakka med nokon eg ikkje kjenner, som eg ikkje anar korleis ser ut. da legger eg på av og til og unnskylder med oi, dårlig dekning eller oi, noko rart skjedde med mobilen min.
7. til neste år flyttar eg til oslo for å dyrka kjærleiken og kunsten. kanskje kjem eg inn på skule, kanskje jobbar eg i barnehage. uansett går det fint. det går alltid fint.
eg utfordrar sommarsnö
ein gong til.


presentasjon



(men dette er kun ut ifrå mine eigne observasjonar, så eg veit egentlig ikkje)
han der fine heiter jostein egentlig, og han ser slik ut

(han er fin) me er forelska sjå da


eg har mange fine vener men dei finaste er sånn




(og han her bur eg med) og rommet mitt ser slik ut

den grøne veggen eg mala når eg flytta hit i andre klasse. og det finaste sengeteppet.




eg og han der fine likar å sjå verda. i februar var me i london og wales for å besøka mi allerallerkjære, og i haustferien var det paris.



wales/london.


paris.
det skal ikkje så mykje til for å glede meg.





vugg
kom inn.
i går fikk eg forresten ein bærepose med kvitteringar av min kjære christine som jobbar på rema1000. trur de eg klarar å få gitt ut ei bok? eg skal ha ein konkurranse snart. eg skal poste eit bilde av ei kvittering også skal de få skriva analyse av den som ei historie. den som liknar mest på mi eiga tolking(eller den finaste) får ein premie, håkei?
uansett, rommet mitt i småbitar:

dokka mi og hylla mi. i hylla har eg bilder av modellar og angelina jolie. <3

bankebrettet som eg fikk til jul av min far. har du lest naiv.super?

bøker og vogue.


bøker, termos, kinavifte og bilde.

boksen til røykelse, eiffeltårnet og den fine hunden eg fikk av min kjære sin mamma til min bursdag.

pappa og mamma med meg.

snora der dei fine tinga mine får henga.

tavla mi med fine vener.

det einaste eg har arva. av min oldemor. ein pilleboks. eg elskar den.
.

berre meg. og photoshop. me er gode vener. kva syns du?
tenk om.

kva er ditt favorittdyr? alle må vel ha eit?
altså, eg veit at eg er dårlig på å blogge akkurat no, men eg har kjøpt mange fine ting og gjort fine ting og fått den nye linsa til kameraet mitt nettopp, så vent dykk mange mange fine bilder og ord seinare.
peas
barndomsdraumar

i mellomtiden fikk eg to nye draumeyrke; interiørarkitekt og kokk. medan andre jenter las girls og julia og witch las eg elle interiør og bonytt og jamie oliver og nigella sine bøker var heilage skrifter. eg diska opp med heimelaga is og semifreddo og delikate gryter og kaker. eg fylte mange notatbøker med oppskrifter og bilder av mine og andre sine delikatesser. eg fylte dusinvis med skrivebøker med skribleri og teikningar av hus og rom, designa det perfekte barnerommet som eg den dag i dag er bestemt på å ha når eg ein gong skal bli mamma. eg er framleis fullstendig fortapt i "heime hos"-artiklar(nei, ikkje dei i se&hør), men som her foreksempel. der kunne eg bu.

no planlegg eg kunstskule. kunstfotografi. leva kunst, pusta kunst. new york, london, tokyo, guatemala. det er rart korleis ting endrar seg, men eg trur eg har funne min veg. faktisk er eg ganske sikker.
1. kva ville du bli som born?
2. kva skal du bli når du blir stor?
om eit år.

Og eg går kanskje på denne skulen

Middlesex
Eller denne

Camberwell college of art
Og kanskje ser eg sånn ut:

og kanskje får eg shoppa her kvar søndags formiddag:

camden market. <3

portobello road. <3
Og kanskje bur eg i ein leilighet som dette:

med skeive tak og nostalgisk preg.


ei varm stove som får deg til å føla deg som om du er ute i hagen, ute i graset.

med sånne golv. og sko.

og mange bilder på veggen.

eit slikt kjøkken.

med sånn vask.

og eit nydeleg soverom.


og her kan eg skriva breva mine.

og så mange bøker vil eg ha.
og drikka sånn kaffe kvar dag:

og gå tur her kvar dag:

hilsa på alle ekorna og prøva å fanga ein fugl. kanskje reisa på båttur eller bere ligga i graset og holda hender og lesa fine bøker kjøpt på ein fin bruktbokbutikk.
uansett kvar eg er om eit år, så gler eg meg så veldig.
tingsomeg likar og tingsomeg elskar

meg i hagen vel.
Eg likar å le av meg sjølv i spegelen om morgonen om eg har sovna med blautt hår. Eg likar fuglar og skulle ønska eg var ein. Eg skulle òg ønska eg var eit kaleidoskop, noko vakkert som er vakkert uansett korleis ein vrir på det. Eg elskar lukta av syriner fordi huda hans luktar som det heile sumaren. Eg likar å vri meg i senga med lilla eller grøn strømpebukse. Eg likar når huda mi luktar som jordbær eller mandarin. Eg likar å sova i nytt sengetøy(med ein liter tøymykner<3). Eg elskar kameraet mitt. Eg likar draumar, min største er å bli fotograf for det skal eg. Eg elskar smoothiez. Eg likar store kjolar som svingar når eg svingar rundt. Eg likar kråkeslottet, jaffal den grøne veggen eg har måla sjølv og jaffal hagen. Eg likar yoghurtis med mint. Eg elskar alt med mint. Eg likar best å handla på mega. Eg likar berre bananer om dei har brune flekkar(søtesøtesøte). Eg elskar lukta av gamle bøker og ny plast, og kan henga på bibliotek i timesvis berre for å vera rundt bøker. Eg likar når han skriv lappar til meg som det står"du er fin<3" på.
eg føler meg dum
Anna enn dette har eg tenkt ein del på kaleidoskopet mitt. Eg skulle så gjerne ha hatt eit i metall, men no har eg teke ein del bilder med det nye og eg trur eg legg dei ut seinare idag. Eg har eit oppdrag med å lage design til kjærestebloggen(han nys i stova, stakkasj allergikaren min).
Han er jammen fin altså.

optimistvindauge og dikt frå Oslo sporveier

&
naken hud
i sumarnatt
starta
klokkespel
av nye
dimensjonar
(for eit år sidan surra dette rundt på trikkar og bussar i Oslo og eg er stolt av det men no heng plakaten i stova mi og eg er glad for det òg)






