nuts and lemon and ham.


han der fine går på skulen no, og kjem heim ganske seint. me et middag ilag uansett kor seint han kjem, og da er det superviktig at eg et bra lunsj sjølv om eg er aleine. denne åt eg forrige veke, og den var sjukt bra. derfor tenkte eg at det kunne vore kult med oppskrift.
smoothie. dekk blada i blenderen med juice. eg brukte tranebær, men eple er óg bra. to nevar bær. ein neve nøtter, eg brukte valnøtter og paranøtter og litt mandelflak. litt søtning. eg brukar agave, ein kan bruka honning eller sukker om ein vil. så er det berre å køyra den til den er klar. om den blir for tjukk er det berre å tømma oppi meir væske.
sitronyoghurt. sidan dei ikkje har sitronyoghurt her lagar eg den sjølv. éi teskjei lemon curd blandast ut i ein desiliter yoghurt naturell, helst gresk. eg åt den med eit halvt eple i tynne skiver, litt muscovadosukker og litt kanel. og mandelflak!
prosciutto-croque madame. sett på ovnen og legg ei skive brød på ei form og dekk den med riven ost, eg brukar cheddar. inn i ovnen på 175 grader til den er litt sprø. her kjem eit tips: me et ikkje så mykje brød, så me frys ned brød som allereie er skiva, også tar me ut ei og ei skive. dei tinar kjempefort, og om ein vil ha dei rista er det berre å putta dei i ovnen i eit par minutt. medan brødet er i ovnen må du steika eit egg i ei lettolja panne. eg likar mitt plomma ganske hard, men det varierar ein heilt sjølv etter smak. når osten på skiva har smelta og egget er ferdig er alt klart. legg ei eller to skiver prosciutto mellom brødet og egget, ha på salt og pepper og litt ketchup ved sidan av. prima.
j has started school now, and sometimes he comes home late. it's important to me to eat dinner together, so most of the time i'll just eat something in the early afternoon and then have dinner when he comes home. this is something i ate last week, somewhat extravagant. here are the recipes.
smoothie: cover the blades in your blender with juice. i use cranberry juice, but you can also use apple. to handfuls berries, i use raspberries. one handful of nuts, i used walnuts and brazil nuts. something to sweeten, i use agave but you can use honey or sugar if you like. then you blitz it and it's done!
lemon yoghurt: since i can't find lemon yoghurt here, i make my own. one teaspoon of lemon curd to one deciliter of greek yogurt. i ate it with a sliced apple, some cinnamon and muscovado sugar. and flaked almonds!
prosciutto-croque madame. put a slice of bread on a tray and cover it with cheese. i use cheddar. into the oven on 175 degrees until it's crispy and the cheese is golden. (we don't eat too much bread, so we buy the pre-sliced kind and put it in the freezer. that way we can eat one slice here and one slice there. it defrosts so quickly, and if you want it toasted you just put it in the oven for a couple of minutes) while the bread is in the oven, fry an egg in an oiled pan. when the bread is ready and the egg is ready, just put a slice or two of prosciutto between the egg and bread, and there you have it. eat with salt, pepper and some ketchup. voila.
sweet and salty.

forrige veke laga eg desse til ein ny jobb som eg har fått, til eit magasin. det var gøy. og sjukt godt. snart kan de laga det óg. i bøtter og spann.
last week i made these for a new magazine i'm working with. they were so fun to make, and incredibly good.
weekend pancakes with vanilla cream and berries!

dette er helgefrukostpannekaker! med vaniljekrem og bær. sidan eg veit kor kjipt det er å bu i bygd og sjå bilder på internett av caféar og pannekaker og sånt så tenkte eg å berre sei til alle som vil høyra og til meg sjølv for seks år sidan: lag det sjølv da vel! det er så enkelt som så:
først lagar ein pannekakerøra. smelt 30g smør og sett til avkjøling. ta 225g mjøl, 1 spiseskjei bakepulver, ei klype salt, ei teskjei sukker i ein bolle og lag ein slags brønn. som på bildet. så har ein oppi 300ml mjølk, 2 egg som du har piska på forhånd og det smelta smøret oppi brønnen også vispar ein alt saman til det blir ei glatt røre. la den stå i tjue minutt og svella. i mellomtida laga eg vaniljekrem etter denne oppskrifta. eg laga halv porsjon, det var perfekt for to personar. brukte vaniljeekstrakt og vaniljesukker, for eg hadde ikkje stang. den må stå i kjøleskapet og kjøla seg ned til frukosten.
bland i litt meir mjølk, berre ein splasj. så får ein steika dei! på middels varme, med litt smør i panna. eg brukar berre ei pyttelita klype smør, så liten som mulig nesten. så har ein røra oppi, eg pleier vanligvis å tømma fra ein mugge, det er enklare å tømma frå noko med tut. så no har eg kjøpt hjarteforma skåler, perfekt! pannekakene skal steika til dei får smilehol i seg, da må ein snu dei. 
ein kan dansa på kjøkenet mens ein steiker dei, eller dekk på og ta oppvasken! det gjer eg. time management for the modern housewife liksom.
det blir ca 14 pannekaker, perfekt tjukke.
så piskar ein litt krem som ein blandar med vaniljekremen. legg pannekakene i ein haug, så tømmer ein sirup over dei, vaniljekremen på topp og masse bær på. frukt er bra óg. også får ein eta dei og smila. sjukt godt. ein perfekt måte å starta ei helg på. heime. plussida med det er at ein kan eta med pysjen, for det kan ein ikkje på café. mmm. oppskrifta er til to personar, perfekt å laga til romantisk laurdagsfrukost eller så kan ein jo ganga oppskrifta med så mykje ein vil og laga brunsjfest!
(og no sluttar eg å snakka om mat i nokon dagar framover, altså.)
these are weekend pancakes! i know how it's like to live in the middle of nowhere, watching pictures of cafés and pancakes on the internet so i just wanted to say to anyone who wants to hear and to myself six years ago: make it yourself! it's as easy as this: first we make the batter. melt 30 grams of butter and set it to cool. put 225g plain flour, 1 tablespoon baking powder, a pinch of salt, a teaspoon sugar in a bowl. make a well of the dry ingredients and beat in 300ml milk, two beaten eggs and the melted butter and whisk until it's a smooth batter. put the batter into a jug(so it's easier to pour) and leave it for twenty minutes. in the meantime i made vanilla cream from this recipe. it's in norwegian, but just copy it into a google translator and you'll be good to go. then set it to be cooled off in the fridge. put a splash of milk into the batter just to make it easier to work with and put a teeny bit of butter into the pan. cook them on mid-heat until they get dimples; then it's time to turn them. they take time to cook, so in the meantime you can do the dishes or set the table; time management for the modern housewise, haha. then you whip up some double or whipping cream to mix with the vanilla cream, stack the pancakes and top them with vanilla cream, berries and syrup(i used agave) and there you go! the most perfect breakfast from the comfort of your own pj's. (and i'm stopping the food obsession now, so don't be alarmed).
brunch.

her er min laurdagsbrunsj. pytt i panne med croque madame. min laurdag var ein veldig rolig laurdag med masse kviling og kosing. steikte 45 lammekjøttbollar, svarte på ein masse mail, såg ein masse project runway og åt baguett og mozzarella, sånt som er lov på laurdagar. håpar at de har hatt fine helger, gler meg sånn til ei ny veke! det blir ei bra ei.
this is my saturday brunch. hash browns with croque madame. i had a very slow saturday with a lot of r&r. i made 45 lamb meatballs, replied to a lot of mails, watched project runway and ate baguette and mozzarella, the kind of thing one is allowed to do on saturdays. i hope you've had amazing weekends, can't wait for a new week! it's going to be a great one.
lemon cupcakes with a cheesecake hat.
i går hadde eg og jostein ein rar matdag. det var ein ete-alt-som-er-i-kjøleskapet-for-det-er-fullt-og-på-veg-til-å-eksplodera-dagen. så det gjorde me. men det føltes ikkje så veldig bra sånn fredag-messig, for me er veldig fredagspersonar og me pleier jo alltid å laga sjokolademousse. så eg tok tak i problemet. og laga sitroncupcakes med lemon curd-fyll og sitroncheesecaketopp. nom. det er jo perfekt for helga. 
så! du treng:
til kaka(lagar tolv):
120 g mjøl
150 g sukker (egentlig skal det vera caster sugar, som er ein mellomting mellom sukker og melis. ein kan anten bruka vanlig sukker eller om ein virkelig vil følga oppskrifta har ein sukkeret oppi ein food processor til det er finare korn. trur óg det finst eit på større butikkar som er frå tate&lyle.)
1½ ts bakepulver
2 ts finrive sitronskal (berre det gule, det kvite under det gule skal absolutt ikkje vera med. og! når ein brukar sitronskal er det veldig veldig viktig å vaska sitronen først eller aller helst bruka økologisk.)
40 g usalta smør, i romtemperatur
120 ml heilmjølk
1 egg
til topp(nok til fire, eg fraus nemlig åtte):
150 g melis
25 g usalta smør, romtemperatur
62,5 g kremost naturell(ikkje lettprodukt!), kald
lemon curd til å fylla med, kan sløyfast. ein kan fint laga heimelaga om ein ikkje finn i butikken, eg anbefalar det virkelig for det er fint med noko som er litt bittert oppå alt det søte. 
det første ein må gjera er å ta ut smøret fra kjøleskapet og setta på ovnen. 170 grader. ha mjøl, sukker, bakepulver, sitronskal og smør i ein bolle. det er sikkert enklast å bruka ein sånn håndmiksar(ikkje stavmiksar) til å blanda alt. eg har ikkje det, så eg brukte sleikepott. da blandar ein berre liksom mot kanten på bollen sånn at ein fordelar smøret og det ikkje finst nokon smørklumpar. det er ferdig når det har fått ein litt sandete konsistens. smuldrete, uten smørklumpar. tøm i mjølka litt og litt mens du rører med ein visp. kun bland til mjølka er skikkelig innblanda og utan klumpar. ikkje visp meir enn nødvendig. så har ein oppi egget og farge, om ein vil det. 
eg hadde oppi både farge og sitrondropar. 
ha tolv cupcakeformer oppi ei sånn form. om du ikkje har form, bør du bruka doble papirformer. 
steik dei i ca 20-25 minutt, pass på! mine stod litt for lenge. test med ein gaffel etter kanskje atten minutt. da stikk ein ein gaffel oppi kaka, om den er "rein" når ein tar den ut igjen er kaka ferdig. om det heng fast kake på gaffelen må den stå litt til. ein anna test er å opna ovnen også pressa litt på toppen av ei kake, om den sprett opp igjen er den ferdig. springy to the touch, som det heiter her. ein vil ikkje at toppen på kaka skal vera hard, liksom. vil ha mjuk kake.
ha kakene på ei rist så dei får kjøla seg ned litt. så brukte eg enden på ei skjei til å laga eit hol i kakene og fylte i dei med lemon curd. 
nom. her treng ein ikkje å tenka på at det skal vera fint, for det skal uansett på topping etterpå.
så må ein laga frosting. først blandar ein smør+melis. samme framgangsmåte som med fyllet, at ein blandar med sleikepott til det får ein sandete konsistens. så blandar ein i osten, først forsiktig også piskar ein som ein gal person for å få den luftig og lett. pisk i kanskje fem minutt, ganske fort. eg hadde oppi farge her óg. gult og fint. så kan ein setta den i kjøleskapet til kakene er kalde. 
så kan ein anten bruka skjei for å få toppen på, eller bruka sprøytepose, som eg gjorde. så får ein berre vera så stø som ein klarar. min første gong med sprøytepose, er ok fornøgd. må øva, men det er okei. det som er så fint med baking og matlaging er at ein merkar med éin gong om ein gjer noko feil eller rett også er det berre å gjera det bedre neste gong. eg hadde oppå litt sukkerkuler for eg syns det vart fint, men ein treng ikkje. sikkert fint om det er til eit festlig lag.
og, ja! så får ein eta dei!!! kanskje til project runway, som me gjorde, og kvitvin. eller sjølvsagt saman med eit fantastisk teselskap. eg likar mine med litt stivare frosting, så dei får stå litt i kjøleskapet. så får ein gafla i seg og tenka at det var så så verdt det.
recipe for lemon cheesecake cupcakes. you need: for the cakes(makes 12): 120 g plain flour, 150 g caster sugar, 1½ teaspoons baking powder, 2 tablespoons grated lemon zest(preferably organic lemons, if not then well rinsed), 40 g unsalted butter(room temperature), 120 ml whole milk, 1 egg. for the frosting(makes four, put the rest of the cakes in the freezer): 150 g icing sugar, 25 g unsalted butter(room temperature), 62,5 g full-fat cream cheese(cold).
the first thing you do is take the butter out of the fridge, because it needs to be room temperature. preheat the oven to 170 celsius(325 fahrenheit, gas 3). put the flour, sugar, baking powder, lemon zest and butter in a bowl. i used a spatula, but it's probably faster with a handheld electric mixer. mix everything together until it reaches a sandy texture with all the butter evenly distributed with the rest, no lumps. pour the milk in little by little while you whisk and beat only until the milk is incorporated, don't whisk more than you need. add the egg and the colour if you want, i added both color and lemon drops, continue mixing until the mixture is smooth, but don't whisk too long. spoon the mixture into paper cases, two-thirds full. either put the paper cases into a cupcake tray, or do double paper cases. bake for 20-25 minutes or until the cake bounces back when you touch it. a fork should come out clean when you insert it to the centre, if not then it's not done yet. leave them to cool on a wire rack. i used the back of a spoon to make a hole and then put some lemon curd into each one. yum! it doesn't have to be pretty, the icing will take care of that.
make the icing while the cupcakes cool down. mix the butter with the icing sugar in the same way as before, with a spatula or a handheld whisk, until it's a sandy consistency and everything is combined. then, add the cheese. carefully first, and then whisk it hard to incorporate air and make it fluffy and light. it would probably be best to use an electric whisk for this as it's hard for the arms but hey, it's not impossible to do. add your color if you want to, i did, and then put it in the fridge to wait for the cakes. when they're cool enough, either spoon the frosting on or use a icing bag+nozzle. it was my first time and i'm rather pleased although i do have some practise to do! i also added some sugar balls for decoration, a fun touch if you're taking them to a party or even your own private tea one. i like mine best cooled off and the frosting more stiff, so i put them in the fridge for a while.
comfort food.
i dag skal me laga noko av det enklaste og herligaste ein kan eta når været ute seier at ein skal bli inne og spela brettspel og sjå på film og sussa. dobbelbakt potet og tomatsuppe! eit måltid som krev lite arbeid men litt tid, men det er så verdt det. og om ein planlegg litt så har ein potetene og suppa klare samtidig! 
først må ein baka potet. ein treng éi bakepotet per person. så berre bakar ein den som vanlig, på ca 190 grader i ein og ein halv time. tida varierer veldig fra ovn til ovn og potet til potet så berre følg med og ta dei ut når dei føles ferdige og liksom litt mjuke. ta dei ut, la dei kvila litt. også deler du dei i to. grav ut innmaten forsiktig, utan å skada skalet, og ha det oppi ein bolle. saman med potetinnmaten blandar ein: ei spiseskjei creme fraiche, to nevar ost(eg brukar cheddar, syns det er best), eitt piska egg, salt og pepper. bruk ei skjei og legg det tilbake i skala og inn igjen i ovnen til dei er gyldne og klare.
dette er ei enkel oppskrift som ein kan variera så mykje som ein orkar. sophie dahl har originalen. til to personar tok eg ca ti tomater og to raudlauk og ein kvitlauk. skjær alt i halvt, kvitlauken óg. den kuttar ein sånn at ein halverar fedda også hiv ein berre heile greia oppi forma til det andre. forma bør vera eit par centimeter høgare enn tomatene. ei teskjei sukker og to spiseskjeier extra virgin olivenolje over, salt, pepper, også blandar ein litt med hendene. best blir det om ein har fersk timian, da har ein den på før ein set suppa i ovnen. viss ikkje, er det heilt okei å blanda inn tørr etterpå óg. inn i ovnen i ca 45 minutt på 190 grader. så kjem det ut ein sånn fantastisk søt lukt av kvitlauk og tomat av ovnen. popp ut fedda frå kvitlauken(me vil ikkje ha skal i suppa), og tøm alt i forma i ein blender eller i ein bolle og bruk stavmiksar. tilsett balsamico etter smak, og salt og pepper. alltid grov pepper.
også har ein det perfekte måltidet. ein får gjerne duppa potet i suppa. og eta potetskalet. omnomnom. perfekt for september.
this is a recipe for a double baked potato and baked tomato soup. if you want the recipe all you need to do is watch this video, it belongs to sophie dahl and it's so perfect for september.
chocolate = joy.

eg lagar sjokolademousse kvar fredag. det er det einaste heilage helgeritualet me har. i oslo pleidde eg å laga freia sin på pose, for den er faktisk sjukt god. men, sidan me har flytta til utlandet og ikkje har freia lenger fant eg ut at eg skulle bli voksen og læra meg å laga sjokolademousse på ordentlig. og det er sjølvsagt ut av denne verda-godt. og no skal eg læra deg. det er null problem å berre multiplisera ingrediensane. denne oppskrifta er opprinnelig herfra, mi oppskrift er delt i fire så den passar til to. du treng:
100 g sjokolade av god kvalitet, eg føretrekk valrhona manjari, men all vanlig sjokolade over 74% sjokolade er bra.
40 g sukker
40 g eggegule (ca to, varierar frå egg til egg)
60 g mjølk
200 g fløyte som det går an å piska til krem
smelt sjokoladen i eit vassbad. det vil sei at du puttar sjokoladen i ei skål som toler varme oppi ei panne med vatn i seg. sjå her, til dømes. så, mens sjokoladen smeltar på middels varme, kan du piska eggeplommene saman med to tredjedelar av sukkeret. det skal bli lysegult og fluffy. 
så har du mjølka i ei panne på middels varme saman med resten av sukkeret. rør mens mjølka blir varmare. når mjølka er varm, altså rett før ho kokar, tar du ho av varmen og tømmer ho opp i eggeblandinga, rører om og tømmer det heile tilbake i panna. dette er litt tricky: rør med ein visp i panna mens egg+mjølk står over lav til middels varme, pass på at absolutt ingenting svir seg. rør og rør og rør til du kjenner at det tjuknar. ta den av varmen når konsistensen minnar om ein slags tjukk saus. da blandar du den med den smelta sjokoladen. med ein sleikepott. 
så skal me piska kremen. den skal vera mjuk som ei dyne, ikkje som krem som er hard men den er heilt mjuk. altså stopp før det er for seint. 
så skal du velta inn kremen i sjokoladeblandinga, forsiktig. det tar litt tid, og ein må gjera det med kjærleik. for ellers går alle boblene ut og da er det berre ein pudding. 
så heller du blandinga oppi passande glas og setter det i kjøleskapet i typ fire timar. 
så har ein oppå det ein vil, eg hadde på ein crumbledeig og klementin, men det trengs absolutt ingenting egentlig! og et og sjå på kvarandre med glede i augene. og det var den helga redda. på eit fat. 
my recipe for chocolate mousse! email me for the recipe(when i say that i mean it!).
let's make dinner.
mandag kveld var ein fantastisk fin kveld. eg og j feira at me har budd ei veke i london. me drakk champagne, klina, såg dei siste episodane av house og åt bra feiremiddag. pastagrateng. grateng er ikkje kvardagsmat, men når ein skal feira noko så fantastisk så er det heilt på sin plass. kvardagsfeiring, liksom. 
så i dag skal me laga grateng. du treng(til to personar): ein halv brokkoli, to gulrøtter, ein halv raudlauk, ein bunt vårlauk eller salatlauk eller purre, tre store nevar pasta(eg brukte fusilli), mjølk med høg feittprosent(om ein brukar typ skumma mjølk så stivnar ikkje sausen skikkelig i ovnen), smør, mjøl, pepper, salt, sennep av bra kvalitet og to nevar ost.
først må ein hakka grønnsakene i bitar. lauken skal vera typ som på bildet, brokkoli- og gulrotbitane skal vera omtrent som tommeltoppstorleik. smelt rundt 50 gram smør i ei panne saman med vårlauken. på låg varme, i ca ti minutt til lauken er mjuk. låg varme er viktig. 
kok opp pastaen som det står på pakka. ca to minutt før den er ferdigkokt har du oppi gulrot og brokkoli. ha det så i eit dørslag og ha kaldt vatn på så dei ikkje held fram med å koka etter varme. så kan du ha alt oppi ei form og blanda det med raudlauksbitane, som skal vera skjært i båtar.
no kjem det som kanskje er litt vanskelig. sausen. ta ca 50 gram mjøl og bland det inn med lauk+smørblanding. blandblandbland til du får ein slags "paste"-konsistens. da skal me ha mjølk over. ca 5 dl. på middels varme, tøm litt og litt mjølk mens du rører absolutt heile tiden med ein ballongvisp. etter all mjølka er i held du fram med å røra, og litt etter litt merkar ein at sausen tjuknar. stopp når du syns den kjens som ein saus. da har du oppi ein neve med ost. me brukte cheddar, men kva som helst ost funkar egentlig. så skal du ha oppi ei halv spiseskjei sennep(dijon eller ein engelsk type, ikkje idun!!!), salt og pepper etter smak.
så. no er me klare med alt som skal vera i forma.
da tømmer du sausen over forma som eit lokk. så kan du rota litt rundt om du vil med ein gaffel for å fordela sausen litt. ha ein neve ost på toppen og sett den i ovnen på 190 grader i omtrent 25-30 minutt.
mens den steiker kan du laga salat! min hadde ruccola, pære, vårlauk og druer. nom.
sånn ser den ut når den er ferdig. mmnom. 
server på fine fat som du nettopp har kjøpt på loppemarknad eller berre vanlige fat og et framfor ein fin tv-serie. kvardagsfeiring! <3
on monday night i had such a great time, j and i celebrated our first week in london and i made a gratin to go with our festive mood. perfect.
popsicle.
det her er det kulaste eg veit om å eta denne veka. eller det var i alle fall det i går kveld, no er det ikkje det lenger men det snakkar me om ein annan gang. uansett: banan. på gaffel. putt den i fryseren til den blir kald. smelt sjokolade i vassbad i mellomtida. rull bananene i sjokoladen(med gaffelen framleis på), sikkert fint å bruke ei skjei til å tømme over eller ein pensel om ein vil bruka mindre sjokolade. også heller ein hakka hasselnøtter over igjen. i fryseren med det og eit kvarter etterpå: den beste kvardagssnacken!
de får unnskylda mitt fråver, eg er altfor oppteken med å ha det gøy og fotografera vakre bilder. meir om det óg seinare, sjølvsagt! håpar de har det dritbra. suss.
my favorite snack this week: bananas with chocolate coating. you have to freeze the bananas first, or else the chocolate won't stick! pour melted chocolate over them, roll them in nuts and into the freezer again for fifteen minutes et voila!
ein veldig flott middag.
her kjem oppskrift på ein supergod middag. den er spesielt bra til å ta med på piknik under eit tre eller i hagen, med gras mellom tærne eller framfor poirot seint på kvelden. det er altså muffins! til middag!
først lagar me røra. den lagar me av tre egg, 4 dl mjøl, 1,5 ts bakepulver, 1,5 dl yoghurt(ein med høgt feittinnhold, ikkje bruk lett). miks det saman med litt salt og pepper. eg hadde óg hakka valnøtter i, men det kan ein velga sjølv.
så må ein smøra ei muffinsform. om ein ikkje har form kan ein bruka store papirformer, men kjøp sånne som er solide og ikkje sklir rundt. liksom sånne store som har "forsterka" kant. eg eksperimenterte litt med bakepapir i formene, det vart fint. også puttar ein oppi det ein vil. eg hadde raudlauk(nesten obligatorisk), paprika, kvitlauk, pepper, serrano, fetaost, spinat og basilikum. 
jarlsberg på toppen. mmm.
ca 12 minutt på 200 grader, også et med salat med alt ein vil ha og nyt nyt nyt.
my recipe for muffins for dinner! easy peasy and oh so good.
moscow mule.
ein kan føla seg kul når ein drikk cosmopolitans på ein restaurant i budapest eller med ei flaske kronenbourg i ein park i paris, men dei fleste har sine eigne favorittdrinkar som ein kanskje tilfeldigvis kjem over eller blir introdusert for av venner. eg har ein. som eg har holdt tett til brystet til no. den er kjent mellom mine venner som lærdalsdrinken fordi det er den eg blandar til når folk kjem hit for å ligga på sofaen og le til dei får vondt i magen. her kjem oppskrifta på min favorittdrink, moscow mule:
3 cl vodka
1,5 dl ingefærøl
litt lime
litt sukker
mynteblad
bland alt i eit glas med litt isbitar og eit sugerør og voila! ein bra fredagskveld. eit mesterverk. om ein vil vera mindre pertentlig med blandingsforholda: eg pleier vanligvis å berre ta eit shotteglas vodka, tømma den i eit kjøkenglas og hella ingefærøl over der igjen. hugs: drikk vatn når de drikk vodka. og! aldersgrensa på brennevin er 20 år i norge.

this is my favorite drink, the moscow mule. one ounce vodka, half a cup of ginger ale, fresh lime, sugar, mint. mix in a glass and drink! a great friday night in a glass. sponsored by schweppes.
den beste kaka som finst.

i dag skal me laga kake som det går fint å eta sjølv om det er altfor varmt ute. du treng: 3.5 dl sukker. 5 egg. ei halv teskjei eddik. 1 teskjei bakepulver. egga skal vera romtempererte, så ta dei gjerne ut av kjøleskapet nokre timar før du skal baka. så treng ein noko å ha oppå kaka, som frukt. eg brukte bringebær og blåbær, nom. om ein skal bruka bær må ein bruka ferske bær og ikkje fryste, for fryste bær "blør" også ser kaka ut som ein massakre etterpå. takke seg til ferske bær altså! 
først må ein dela egga. det er veldig veldig viktig at ein ikkje får med noko som helst av plomma når ein deler egga. derfor deler eg eitt og eitt egg over ein kopp, tar kvita i ei skål og plomma i andre. om det kjem plomme i kvita mens ein deler så må ein starta på nytt, for ellers blir kvita aldri stiv. 
sett ovnen på 100 grader. så skal det piskast. først skal me piska egg + eddik + sukker. berre køyr det på høg fart så lenge som det trengs. 
røra er klar når den framleis "står". altså at den framleis er stiv som ein topp som på bildet. så skal ein ta bakepulveret og liksom "velta" den inn. ein må ikkje vispa den inn for da kan det henda ein øydelegg all den fine lufta som ein har i eggekvitene. bruk slikkepott til å elta bakepulveret inn. 
spre røra ut i ei form på 30 x 40 cm. på bakepapir. sett den midt i ovnen og steik den på hundre grader i kanskje to og ein halv time, til den er seig inni men hard utapå. ein må passa litt på så den ikkje blir steikt for lenge. 
når kaka er ferdig, ser den ca sånn ut. 

så må ein piska krem, og blanda den med vaniljekrem og ha den på kaka. og ha på bær, masse bær, alt ein vil i heile verda. 
og eta den med glede. 
til siste bit er slutt. 
om ein vil laga ei mindre kake, som eg gjorde, kan ein bruka litt over halve røra til kaka og resten til pikekyss. eg satte kaka i ovnen også satte eg på eit vannbad. knekte oppi valrhonasjokolade(må bruka sjokolade av god kvalitet, kokesjokolade er ikkje lov).
så velta eg den smelta sjokoladen inn i resten av eggekvitene og sprøyta dei med sprøytepose ut på eit bakebrett med bakepapir på. phjoh. forøvrig min første omgang med sprøytepose, det gjekk heilt fint. ein berre puttar tuten nedi ein kopp og legg sjølve posen over kanten så det blir enkelt å fylla den. så er det berre å prøva seg fram. steik dei på hundre grader i kanskje ein halvtime, kanskje lenger. dei tar ikkje så veldig lang tid, så smak heller litt undervegs. 

putt dei i ein fin boks og versågod! godt til kaffen i vekesvis etterpå.
ps: eggeplommene sparar ein og lagar pasta carbonara til middag! enkelt som berre det.

today we're making cake. this is a meringue cake with whipped vanilla cream and berries on top!
veggies. yum.

i morgon skal de laga dette til middag. det er flate grønnsaksherligheiter. du treng(til to personar): to squash, paprika, vårlauk, eitt egg, griljermel eller brødsmular, salt, pepper, smør, urter om ein har lyst. 
først må ein male opp squashen sånn at den blir i små små bitar. eg har ei sånn julienne-maskin som eg brukar til alt. raspa ost, raspa squash, mala mandlar. masse rart. kjøp ei sånn, dei er geniale. viss ikkje kan ein raspe det på eit rivjern, men det skal vera ganske så finmalt.
så ser det sånn ut, som ei masse.
bland oppi finhakka paprika og vårlauk eller anna lauk ein likar.
så tømmer du ein god del salt over, typ ei teskjei eller litt meir, og set alt i eit dørslag. saltet trekk ut væska av squashen, og me vil ha vekk så mykje væske som me berre klarar. derfor skal blandinga få stå litt mens saltet gjer sitt, kanskje 45 minutt. 
så skal ein presse og presse og presse til ein blir heilt blå i ansiktet til ein får ut så mykje væske som ein berre klarar. da blir det til ein ganske fin kompakt deig.
knekk eitt egg og tøm oppi litt griljermel eller brødsmular om ein heller vil bruka det. blande blande.
eg hadde finhakka mynte oppi óg, men ein kan gjerne prøve andre smakar som til dømes koriander! eller kvitlauk! 
så skal ein prøve å forma dei. om dei ikkje held seg men berre dett fra kvarandre har du meir griljermel oppi. litt og litt.
så skal dei steikast. i smør. på svak varme. lenge.
i mellomtiden kan ein laga salat med det ein har i kjøleskapet.
og koka litt pasta og steika litt halloumi til å ha ved sidan av. med ein dressing av yoghurt + lime + pepper + salt.
og ta bilder av maten. men berre om ein bloggar da.
også eta. med nokon ein er glad i med eit glas vin. åh! sjukt godt.

this is my vegetarian recipe for today! make this for dinner tomorrow. recipe inspiration from here.
frukost.
den beste frukosten er den som ein klarar å laga ut av det som svigers har i kjøleskapet. i dag: h-mjølk og bryllupsblåbær.
the best breakfast is the one you are able to make from what you can find in your in-laws' fridge. today: high fat milk and blueberries. <3
frukost.
forrige søndag bestemte eg og han der fine at frå mandag av skulle det vera den store frukostveka. så me har ete fantastiske frukostar heile veka, som her:
sandwich med: grovt brød, salat, halloumi, raudlauk, bacon, tomat, paprika, egg, majones og pesto. mmnam og oj oj oj.

hardkokte egg på lettrista brød.



frukost i senga med myntete, ostesmørbrød med peanøtter og jarlsberg og hardkokt egg.


heimelaga pitabrød med hummus, omelett og tomat.
tenk om alle berre kunne tatt seg ein halvtime ekstra om morgonen for å laga skikkelig bra frukost til seg sjølv og kanskje nokon ein er glad i. eg trur at mange ville hatt det så mykje bedre da. i alle fall, fin frukostveke. kva har de ete til frukost i det siste?
last sunday j and i decided that from monday on it would be breakfast week. and so it was. we ate sandwiches with everything on, hard boiled eggs, breakfast in bed with mint tea, grilled cheese and eggs, homemade pita bread with omelets and tomatoes. yum. people would be much happier with good breakfasts.
onsdagsmat.
frukost på senga med den finaste eg veit om. peppermyntete med mynte fra hagen.










lunsj med arbeidskjæreste. eple med vaniljekesam og mynteiste og knekkebrød med aprikosphiladelphia.
og til middag: salat med kalkun og pasta og halloumi.

breakfast: in bed with j and mint tea. lunch: in the garden, apples with vanilla yoghurt, crisp breads with apricot cream cheese, mint ice tea. dinner: salad with turkey, pasta and halloumi.
min beste salat.
min beste salat som eg et kanskje tre gongar i veka: raudlauk, paprika, nøtter(helst valnøtter og peanøtter), rapidsalat, smørsteikt halloumi, ananas og ein dressing av creme fraiche + lime/sitron + masse pepper + salt. også ein fin person å eta med, da. det er pluss. spesielt om ein har samme prikketskjorte på.
this is my best salad. i eat it three times a week at least. red onions, bell peppers, nuts(walnuts and peanuts), salad leaves, halloumi fried in butter, pineapple and a dressing with creme fraiche + lime/lemon + a lot of pepper + salt. and someone to share it with, preferably someone in the same polkadot tshirt.
den beste suppa i verda.




no skal de få ei heilt sjukt bra oppskrift av meg. alt du treng er ein komfyr og ein stavmiksar og tilgang på vatn for den er himla sterk.
av ingrediensar treng du(til to personar):
to paprika
ein gul lauk
ein boks kokosmjølk
raud curry
sambal oelek(begge dei to sistnevnte finst på dei fleste innvandrarmatbutikkar og burde finnast på kjeder med stort utvalg som typ meny og mega.)
fint å ha oppå:
peanøtter & vårlauk
først skal du baka paprikaen. da skjærer du den i båtar og legg den i ei form. ha på litt olje og litt salt og sett den i ovnen på 250 grader i kanskje femten minutt, til den blir mjuk. pass på for det blir lett svidd når det er så varmt! medan det steikar i ovnen kan du hakka ein lauk. den skal du steika i smør til den blir blank og mjuk. når både paprikaen og lauken er klar blandar du dei i ei kasserolle og mosar det med stavmiksar. da blir det til ein sjukt fin oransje masse. så skal me ha kokosmelka oppi! berre tøm den oppi og rør litt rundt. nestemann: to spiseskjeier curry og ei til to teskjeier sambal oelek. om ein ikkje klarar sterk mat så veldig så ville eg ha smakt meg litt fram. også litt salt oppi og rør rør rør og la det koka litt. finhakk vårlauk og rist peanøtter i ei steikepanne og vips! ei fantastisk thai-suppe som tar ein halvtime å laga! bon apetit! 
a recipe: red curry thai soup! very good. email me for the recipe, as usual!
ein måndag i mat.
middag.
lammefilet på celsius i kvadraturen med halve familien til han der fine. sjukt god mat og fint med familiemandag.
dessert.
ei kule hasselnøttis på deling fra gelateriaen i tollbugata. mens me venta på trikken heim. 
today's food: lamb at celsius for dinner, hazelnut ice cream for dessert!
pizza.

helst ser eg at han der fine lagar pizza ein gong i veka, helst laurdag eller fredag og medan eg høyrer på seksitalsjazz, drikk raudvin og jobbar og me snakkar om livet og om veka me har hatt. han lagar ein heilt sinnsjukt bra pizza, gong på gong på gong, og det er så mange som har spurt så her kjem det: han der fine si pizzaoppskrift(den lagar to langpannepizza med tynn botn):
deig
3-4 dl mjøl(vanlig kveitemjøl eller fancy pizzamjøl)
3 ss god olivenolje
10 gram tørrgjær
1,5 dl vatn
1 ts salt
sett på omnen på 250 grader. bland olje og lunka vatn og gjær. rør inn mjølet litt og litt til deigen ikkje klistrar. då tek du han ut og eltar han. og dette er kjedelig, for ein må stå og kna den stakkars deigen i kanskje eit kvarter, til den blir så mjuk at ein vil eta den rå men då må ein legga den under eit teppe og synga til den medan den hevar så lenge ein orkar å venta, helst minst ein halvtime.
når deigen er ferdig heva, tek du ei vinflaske(eller ei kjevle om du er så fin på det) og kjevlar ut halvpartane av deigen på kvar sitt steikebrett, veldig veldig tynt, så tynt som det går an utan at den ryk(og om ein gjer det så lappar ein den saman som eit sykkeldekk, men med deig). avhengig av korleis du likar botnen steikt kan du forsteike med eller utan saus på. viss du har på saus slepp du sånne store luftbobler ein får om ein forsteiker utan saus. så tar ein den ut, kastar på fyllet og vips inn i omnen igjen!
creme fraiche/rømme-saus
creme fraiche/rømme
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
hakka kvitlauk
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
(om ein brukar tørka urter kan ein ha i ganske masse for det smakar så lite også er det fint å sjå på)
bland alt til ein bra saus, smak medan du lagar. alt skal altså vera kaldt, og ikkje ver redd for kvitlauken. det blir så godt så. smør utover pizzaen som skal vera ganske så tynn, så kan ein ha på bra greier, me likar: mozzarella, blåmuggost, raudlauk, valnøtter, fersk ananas, tynne skiver bacon, smørsteikt sopp.
tomatsaus
heile tomatar på boks
hakka kvitlauk
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
lauk
hell tomatane i ei panne saman med litt vatn og pyttelitt olje. ha i lauken og eventuelt ein klunk raudvin og lat sausen småkoka så lenge du har tid til, jo lenger jo bedre. så må ein få knust tomatane på eit vis, han der fine brukar stavmiksaren i ca seks sekund så det meste blir knust men med litt klumpar att. da er det enklare å smørja den jamnt utover botnen. på denne pizzaen likar me: mozzarella, jarlsberg, krydra skiver av chorizo eller salamiliknande spekepølse(kvalitet over kvantitet), valnøtter, ruccola.
dressing
yoghurt naturell/kesam
grovkverna (helst fersk) pepar
kvitlauk
salt
dette er basen i dei fleste pizzadressingane våre. så varierar me litt fram og tilbake med til dømes dijonsennep, lime, vineddik, krydderurter(basic som basilikum eller modig som koriander), indiske krydder som tandoori masala. ein må vurdere det utifra kva anna ein har på pizzaen. om ein har mange smakar på pizzaen er det greit med få smakar i dressingen, og omvendt. basen er veldig god for seg sjølv óg, om ein vil safe det. om ein har creme fraiche/ rømmebasert pizzasaus, er det kanskje greit med ein dressing som smakar litt annleis, til dømes syrlig(lime er min favoritt, til alt som er godt. creme fraiche + lime + grovmalt pepper + litt salt). det var vår pizzaoppskrift! håpar de lagar noko skikkelig kickass mat til flotte personar i helga, det skal i alle fall eg!

this is the recipe for my fiancee's amazing fantastic pizza. email me for the recipe or try google translate!
middag.
mat.




foto: 365 days of breakfasts
eg er trøtt og sliten og svimmel. for dei siste dagane har eg nesten ikkje klart å eta noko, har ingen apetitt, blir kvalm av å tenka på vanlige middagar frå heime i noreg til og med. innbillar meg at ting smakar annleis og luktar annleis og er konstant dårlig. så eg treng litt hjelp. kan ikkje de sei kva det beste de veit er? spelar ingen rolle kva det, er berre de verkeleg elskar det. kva skulle de ha ete om de berre fekk eta ein ting resten av livet?
i haven't been able to eat properly for a couple of days and as a result i'm feeling very dizzy and tired. i have no apetite and i don't want to eat anything at all, so please help me by telling me what you would eat if you could only eat one thing for the rest of your life? anything at all.
fiskeburger!

eg har jo blitt fiskefrelst. men enn så lenge er det berre kvit fisk, og den må vera fersk og filetert fra fiskeriet. så me kjøpte lange, som er kvitrosa for det er jo så fint. og med den laga me fiskeburgarar, veldig basert på elsa si oppskrift. ein treng griljermel, to egg, lauk, filetert fisk, brød og grønnsaker som ein likar. 
hakk lauk som skal vera i burgerane.
bland griljermel med egg og krydder, til dømes salt pepper og fiskekrydder. så må det stå ei stund så melet tar til seg væska. så blandar ein i lauken og fisken. me brukte food processor for å dela fisken opp i små små bitar, men ein kan óg berre skjæra den i bitar om ein likar det litt meir chunky.
så, om ein er to kan den eine skjæra grønnsaker, til dømes rapidsalat, raudlauk, paprika og agurk, medan den andre...
...steiker burgerar. me brukte ca 400 gram fisk, det vart fire burgarar.
me laga ein kesamdressing med ketchup og sennep i, det er så gøy med dressingar å berre fiksa og triksa seg fram og prøva å få til noko skikkelig bra. alt oppå rista brød også noko fint på tv! ein to tre middag!
fish burger! i'm getting very good at eating fish, i tell you.
ein laurdag i mat.

laurdagsfrukost er alltid bra: yoghurt naturell med deilig frukostblanding fra food story(sjølv om servicen var noko av det verste på lenge) og eple på toppen. ferskpressa appelsinjuice og grapefrukt!
så delte eg og han der fine ein pizza fra villa paradiso før me spratt på kino. me såg another year, den var skikkelig skikkelig fin. og eg åt sherbet fountain, min favorittkinosnop! ganske så fin laurdag.
kva gjorde de på laurdag?
my saturday meals!
fisk.
heilt sidan eg var liten har eg hata fisk. eg måtte gå ut av huset når dei kokte torsk, brakk meg når dei åt laks ved frukostbordet. det einaste eg klarte å eta var sei, for det sa mamma og pappa at var flygefisk, og ein kunne jo ikkje la vera å eta flygefisk, for det er rimelig kult med fisk som kan flyga. dei siste åra har eg nesten ikkje ete fisk i heile tatt, med unntak av halvfabrikat som fiskepinnar og fiskegrateng(med ketchup...). men no, folkens! no har det komt den finaste fiskesjappa ved folketeateret(youngstorget), og denne veka har eg ete fisk. her kjem oppskrift:
sei med potetsalat og tomatsteikt lauk
du treng: purre, mjøl, salt, peppar, creme fraiche(ein kan bruka lett eller vanlig, det bestemmer ein sjølv), lauk, eple, sitron, poteter, fisk(me hadde 400g til to personar) og smør til å steika i. også treng ein litt tomatpuré.
start med å skrella, kutta og koka potetene til dei er ok mjuke. sil av dei når dei er ferdige og sett dei til nedkjøling ein plass.
til dette måltidet treng ein ein god del salt og peppar, og me brukar nesten ikkje anna enn sånt me knuser sjølv. det smakar så sjukt mykje bedre. om du ikkje har morter, kjøp sånt som ein kan skru på eller kjøp grovkorna pepper. ikkje bruk fint pepper.
ta tre spiseskjeier mjøl på eit fat, bland med salt og pepper. så vender ein fiskestykka i blandinga så det dekkar godt.
hakk eple og purre i ein bolle.
og ha oppi potetene + creme fraiche + sitronsaft + salt + peppar. her må ein berre smaka til litt etter litt. dette var min første potetsalat, og den var dritgod. altså ikkje noko vanskelig. så hakkar ein lauken, og har den oppi ein kasserolle med smør, la den steika på svak til middels varme til den er mjuk. så har ein oppi tomatpuré! dette blir heilt sjukt godt.
steik fisken i smør, varm opp panna så varmt som det går også skrur ein ned varmen til ca middels rett før ein har i fisken. me har óg hatt bra fiskekrydder på, fra roma. det går an å testa seg litt fram, graslauk og dill er jo godt til fisk.
så! er det berre å eta. min første ferske fisk, og det var dritgodt. no har eg lyst på fisk igjen, kven skulle trudd. ha ein bra mattorsdag!

this week i made fresh fish for the first time in my life, it was so so good!
helgefrukost.
pannekaker.
til desse fantastiske pannekakene treng ein ein kopp med mjølk, ein kopp med mjøl, eitt egg, ei halv teskjei bakepulver, ei klype salt og ei heil pære. bland alle ingrediensane, pæra berre riv du på eit rivjern med dei "grovaste" knivane så det blir litt store pærebitar oppi, berre riv heile, treng ikkje å skjæra den opp først eingong. bland alt ihop og steik dei i smør, ca ei og ei halv spiseskjei røre i kvar pannekake, i ei middels varm panne, et med yoghurt naturell og lønnesirup! ein kan godt variere kva frukt ein har oppi, i morgon skal eg og han der fine prøva oss på eple, og det går óg an med banan og alle slags bær! og tenk: ikkje eit gram sukker!
frukostblanding.
til min fantastiske frukostblanding treng de:
honning. (ps: ser de at tatoveringen min er rosa inni? i jula brant eg meg veldig akkurat rett inni tatoveringa og det har vore skikkelig stygt med sår og flassande hud men no er den berre litt rosa og det syns eg er skikkelig fint egentlig)
havregryn.
og hasselnøtter. i tillegg ei spiseskjei med olje som ikkje er olivenolje, eg brukar solsikke. også kan ein egentlig variera som ein vil med andre ting ein likar, frø og lignande!
smelt honning(eg brukte ca ein halv sånn boks! det er viktig at honningen har god kvalitet, så ikkje kjøp billig for det blir ikkje bra - eg har prøvd.) og olje i ei panne, rør så det ikkje svir seg. hiv oppi havregryn og nøtter til du syns blandinga har bra konsistens, det må ikkje vera for tørt.
så har ein alt over på eit steikebrett og om ein får litt på fingrane går det bra.
sånn skal det sjå ut. så steiker ein det på 160 grader i ca 25 minutt, det er lurt å ta ut plata eit par gonger og blanda til så alt blir likt steikt. så tar ein det ut, lar det kjøla ned og vips:
ein fantastisk frukost saman med yoghurt naturell, eplebitar, rosiner og kokos på toppen! 
these are my recipes for two delicous weekend breakfasts! pancakes with pear in them and my homemade granola. email me for the recipes!
grønn curry.

i går laga eg middag til meg og fredrik; vegetarisk grønn curry for to personar. du treng: gulrot, kvitlauk, paprika, gul lauk, lime, grønn curry-paste, kokosmjølk, soyasaus, limeblad, fish sauce.
sånn. den fiskesausen var ikkje noko god, eg berre kasta den. kjøp den som er svart, den som ein får kjøpt på vanlige matputikkar er bra.
ein må skjæra grønnsakene i passande bitar, eg likar å skjæra gulrot sånn på skrå.
ps/obs: eg brukte to boksar kokosmjølk og ikkje ein.
så kastar ein alt utanom risen oppi ei gryte og kokar det på middels varme til grønnsakene er klare. eg brukte nesten heile glaset med grønn curry-paste, men det må ein nesten berre sjå litt an. og halve glaset med limeblad. ein pytteliten skvett med soyasaus. risen må ein óg koka, og nåde den som brukar ferdigris for det smakar papp. jasminris er min favoritt.
og et! (ikkje et blada) også kan ein ha i til dømes vasskastanjar og bambus og brokkoli og alt ein vil. bra mat! god mat!
green curry! email me for the recipe.
helgetips.

du treng: iskrem. heilmjølk/fløyte. nøttesjokolade(bergene melk nøtt/firkløver/helnøtt). varm opp 0,75 dl mjølk/fløyte på middels varm panne, knekk oppi ei heil stor sjokoladeplate og rør mens det smeltar, pass på at det ikkje kokar eller svir seg. når sjokoladen har smelta kan ein tømma den over skåler med iskrem og eta fort fort fort og nyta nyta nyta. det er mitt helgetips. sjukt godt.

you
need: ice cream, whole fat milk or cream and twohundred grams of
chocolate with nuts. heat milk in a pot, 0,75 dl, and break the
chocolate in pieces into the warm milk(not to warm or it will burn),
stir until it's kind of a sauce. serve over ice cream and die from its
deliciousness.
lunsj.

noko som er fint med å vera heime er at ein får eta lunsj lenge om ein vil. i dag laga eg heimelaga raud pesto(da tar ein soltørka tomater, litt nøtter, kvitlauk, litt vatn og litt olje og køyrer det i ei maskin som blandar miksar triksar og vips!) som eg hadde på knekkebrød med jarlsberg og paprika. pluss melon pluss jordbærte pluss vatn pluss ei klementin, men egentlig åt eg fire klementiner, alle eg hadde.
eg elskar våre nye glas fra åhléns, dei kosta tjuefem kroner stykket og føles virkelig som fra femtitalet. ein føler seg i alle fall som ei fin dame når ein har dette glaset i venstre hånd og blar i det nyaste cover med høgre. 
også er det litt som å sjå ned i eit spennande hav når ein drikk av dei. me har eit med raude og eit med blå prikkar. 
ferdig lunsj. lurer på kva eg skal eta i morgon.
this was my lunch today: two crispbreads with homemade red pesto, jarlsberg and paprika, with some galia melon and clementines. strawberry tea and water in my new drinking glass.
ein torsdag i mat.

i går var eg og han der fine invitert til yogurt heaven for lunsj og s'mores. det var ein avansert kunst, men det gjekk fort og fint.
s'mores er altså kjeks+smelta marshmallow+sjokolade+kjeks på toppen. som ein sandwich, sjukt godt og sjukt mettande. fint å gjera på ein fredag i alle fall.
så fekk me is før me gjekk, cheesecake og tiramisu med kvit sjokolade og oreo på toppen. så. godt. åh. om eg budde nærare hadde eg seriøst kjøpt is kvar dag.
mens eg hakka brokkoli til middagen fant eg eit tre midt oppi. det er så fint syns eg.
til middag hadde me wok med masse deilig oppi, som nudlar og gulrot.
i dag er det fredag og eg er altfor opptatt til å blogga bra, men håpar de får fine helger uansett! suss!

my thursday in food. first, s'mores at yogurt heaven with ice cream for dessert. while making dinner i found a tree with my broccoli and it turnet out to be a great wok with noodles and perfectly woked carrots.
tomatsuppe.

du treng(til to personar eller ein middag og ein lunsj til ein person):
to boksar tomater
to små løk eller ein stor
creme fraiche(eg brukar lett sidan me lagar suppen så ofte)
kvitlauk
salt
pepper
også bør du ha stavmikser, men ein blender går óg fint

tøm tomatene oppi panna med lauken + tre-fire fedd med hakka kvitlauk. når du tømmer tomatene fra boksen blir det igjen litt tomat i boksen, fyll boksen halvvegs med vatn og tøm det oppi gryta. det skal altså vera ca éin boks med vatn i denne suppa. eg bruker ei jerngryte, men eg trur det går bra med kva panne som helst. til denne suppa brukte eg hakka tomater, men vanligvis brukar eg heile. kok tomatene og lauken til lauken er heilt mjuk. 
ta panna av varmen og tilsett to spiseskjeier med creme fraiche.
så køyrer du det til ein fin suppe med stavmikser(om du brukar blender: hugs å holde på lokket. ting som er varme pressar seg ut om det får). smak til med masse salt og pepper. om ein har fersk basilikum er det heilt fantastisk i óg.
om ein vil kan ein óg tilsetta ost. eg hadde oppi ein halv mozzarella, da set ein suppa tilbake på varmen til osten har smelta og da må ein passe på, for da blir suppa skikkelig sint. ha på langerma og hold ansiktet unna panna. smak til litt meir med salt og pepper om ein har ost oppi, for den blir mildare da.
så er det berre til å eta! me et tomatsuppe med toast og ei røre av champignon og lauk + creme fraiche og salt og pepper på, noko av det beste eg veit, men ein kan óg eta aleine eller med kvitlauksbaguettar. og sjølvsagt kesam eller creme fraiche på toppen! enjoy!

tomato soup is my favorite dinner at the moment.
fleur de geisha.




er ikkje det fint kanskje?
le palais des thés
sofienberggt./markvn.

my new favorite tea tastes like cherry blossoms! from le palais des thés.
den finaste matbloggen.





fine kaker og deilige drinkar og prikkete dukar i alle slags fargar. det er min type matblogg, det. eat make read. kjærleik på så mange nivå.

my new favorite food blog: eat make read.
brunsj&butterdeig&oppskrift.
butterdeig
grønnsaker du likar(eg brukte raudlauk, paprika og gulrot)
fire egg
fløyte eller creme fraiche
melk
ost
salt og pepper

eg brukar ei sånn fin muffinsform, det er veldig enkelt og greit. eg trur ikkje dei er så dyre heller. om ein ikkje har trur eg det går fint med sånne metallformer ein brukar til sandkaker. uansett, først må ein olja forma(sjølv om det er teflon). du skal så pressa deigen til å passa nedi formene. eg laga butterdeigen sjølv etter ei oppskrift på internett(veldig enkelt!), men det går fint an å bruka sånne plater som finst i frysedisken.

fyll oppi dei grønnsakene ein vil. det er godt med: paprika, raudlauk, gulrot, purre, ananas, litt mais, ja. og kanskje fetaost, det trur eg er fantastisk. spinat. alt ein vil ha heilt enkelt, men ikkje typ tomat for det blir så mykje væske at butterdeigen blir ødelagt.

visp(til ni muffins) fire egg med ein splæsj fløyte eller creme fraiche og ein splæsj mjølk pluss salt og peppar, og visp med ein fin visp.

fyll oppi nesten til toppen.

og litt ost på det.

så steikar ein dei midt i ovnen på 225 grader til dei ser sånn ut. bruk ein smørkniv til å løsna butterdeigen fra forma etter den har fått kjølt av seg litt.

om ein et dei til middag er dei nok veldig gode med litt salat til, til dømes. bon apetit!
har de ete noko nytt og spennande i det siste?

today my best friend and her boyfriend came for brunch and i made these muffins. so. good. email me for the recipe!
dei beste pannekakene som finst.

du treng: bacon, to små lauk, ein del champignon, tre egg, fem spiseskjeier mjøl, creme fraiche & to dl mjølk, helst heil men lett går óg bra. pluss litt ost til å ha på toppen og sjølvsagt salt og peppar(grovkorna peppar, best om ein kvernar den sjølv).

bland egg, mjølk og mjøl i ein bolle til det blir ei glatt røre, så har du i eit par-tre spiseskjeier creme fraiche og set den i kjøleskapet medan du hakkar og steiker andre ting.

hakk lauken i halvmånar, soppen i halvtynne skiver og baconet som du vil. steik alle tre kvar for seg først, med feitt i panna(soppen bør ein steike i margarin, det er eit hav av forskjell i konsistens og smak). etter ein har steikt alle kvar for seg kan ein ha alt oppi panna og eit par spiseskjeier creme fraiche her óg, steik det på middels høg varme til det er lite væske igjen i panna, pass på at ingenting svir seg(rør!). også salt og pepper på, pass på at det ikkje blir for salt.

så steiker ein pannekaker. eg er superdårlig på det(og om de vil er det kanskje tryggare å følga ei anna oppskrift på akkurat pannekakene, det kan ha vore det som var problemet) så eg steikte halve pannekaker istadenfor heile.

så har du dei i ei form, fyller dei med fyll og brettar over(om ein klarar å steike heile runde er det sikkert fint å rulla dei óg). og litt ost på toppen, inn i ovnen på kanskje 180 grader til osten har smelta.

server med lett salat og kanskje ein fin person. bon apetit!
dei perfekte pannekakene, eg og sara fann ut at denne oppskrifta=å blande alt som er godt her i verda på éin tallerken og det er nok rett. har de forresten fine middagsidéar? eg dør etter å prøva nye ting for tida.

for dinner: pancakes with mushrooms and bacon. <3
søndagsmiddag.
du treng:
vårrullpapir/rispapir(me brukte den minste størrelsen for me skulle egentlig laga gyoza, så eg anbefalar større ark til vårrullar, det er mykje enklare. til bygdelesarane mine: eg trur faktisk at mega skal ha rispapir, spør i putikken, dei kan heilt sikkert hjelpa)
eitt egg
grønnsaker ein vil ha(me brukte gulrot, gul lauk(altså, vanlig lauk, ver ikkje redde), vårlauk, paprika, champignon og mais)
risnudlar
olje(ikkje oliven)

ein kan egentlig bruka kva grønnsaker ein vil, men her er min måte: ta ut vårrullpapira fra frysaren. legg risnudlane i blaut i varmt vatn, dei skal ligga der til dei blir heilt mjuke. hakk opp champignon og lauk og steik det i litt smør på middels varme til lauken er heilt mjuk. riv to gulrøtter i ein bolle, ha oppi ein liten boks mais, hakk ein heil paprika og vårlauk, bland dei steikte grønnsakene oppi og når risnudlane er klare kan ein klippa dei opp i små strimler og ha dei oppi. om ein vil bruka kjøtt kan ein ha i det til sist, men det er fint å eta eit par middagar utan kjøtt i veka óg, altså.

så blandar ein ei eggeplomme med ei spiseskjei vatn i ein kopp, penslar arka, fyller ut og brettar. om ein er litt lur så går ein på youtube, til dømes denne videoen og studerar der. me bretta på litt ulike måtar for det går an óg. me bretta rundt bordet alle tre og det gjekk fort og var veldig sosialt så eg anbefalar å vera fleire om brettinga.

mens du steikar kan du be ein venn, i dette tilfellet janne, om å laga iste(me har kjøpt te fra palais des thes som er perfekt til iste og den er sååå himla god.)

steik dei i litt olje, me hadde ikkje så mykje i panna for me ville ikkje at dei skulle vera så innmari oljete, så me hadde heller i litt og litt etter det vart mindre, også tørka me av kvar enkelt vårrull etter dei var ferdigsteikte. om ein vil frityrsteika dei så brukar ein ein kjele og tømmer oppi så det dekkar heile vårrullen.

så kan ein servera med ris og ein god dipping sauce og eta til ein får vondt i magen. bon apetit!

for dinner yesterday: spring rolls.
den siste veka i mat.

masse fine tomater med snitt i toppen.

kokt og omgjort til fantastisk tomatsuppe med kjærestesøster på middagspusøk.

pannekakerøre med basilikum + bacon + paprika + lauk =

nederlandske pannekaker på nye middagstallerkenar.

nnnnnam.

ein pizza i det italienske flagget.

pluss litt meir.

ein smoothie til eit bilde av caitlin shearer.



ei korg med jordbær som eg måtte skrika meg til. dei var himla gode.

ein tørr pasta carbonara.

og ei pakke kokosbollar på ein fredagskveld.

nnam! som å eta skyer, nesten.
kva har de ete?

food from last week!
i dag lagar me middag.

skyll ei pakke kikerter, ca tohundre gram, me brukte dei fra eldorado og dei kostar typ åtte kroner.

så kneftar du kikertene med ein stavmiksar eller food processor eller om du er supersterk kan du kanskje bruka gaffel. bland det med ein finhakka lauk, eitt egg, paprikapulver, salt, pepper, spisskummen. så blandar ein i mel til ein føler ein har ein okei konsistens(omtrent som kjøttdeig når ein lagar vanlige burgarar).

så tar ein passe storleikar i hendene(pass på at hendene er blaute så det ikkje klistrar seg til håndflatene) og klem dei flate. steik dei så på middels varme med olje i ei panne, eit par minutt på kvar side.

så kan ein blanda ein salat(kanskje med litt pasta i om ein er veldig svolten) og ein salatdressing.

med rødbetar på toppen. halleluja! dei er ganske mektige, oppskrifta held til to personar. nam nam naaaaaaaaam!
kva et de til middag i dag?

my recipe for chick pea burgers.
i dag lagar me middag.

i dag lagar me pasta med creme fraiche og safran og sennep om du likar det. du treng: champignon, pasta, safran(om nokon lurer på kvifor me har så himla mykje safran er det fordi han der fine hadde med seg ein boks heim fra palestina), sjalottløk, ei gulrot, ein boks med lett creme fraiche, sennep og kanskje litt kjøtt. me brukte lam, men kylling går sikkert óg fint. eller heilt utan, det bestemmer du sjølv.

først hakkar du opp grønnsakene og legger ca to klyper safran i eit par teskjeier med vatn. champignonsoppen skal vera delt i to på midten også i skiver som er like tjukke som to femmarar oppå kvarandre. sjalottløken likeså, og gulrota skrellast og rivast grovt med eit rivjern. alt oppi ei steikepanne i denne rekkefølga: (først steiker du kjøttet om du har kjøtt og tar den ut av panna), champignon skal steikast i litt margarin om du vil, me brukar alltid margarin for det smakar så himla mykje betre, pluss litt salt og grovmalt pepper. steik til den har blitt liksom glossy og mjuk. så sjalottløken. så gulrøttene. bland safranvatnet(med safran oppi) med creme fraichen, så har du oppi heile boksen med creme fraiche i panna og rører rundt og lar det stå på lav varme i eit minutt eller to.

før du startar med å steika grønnsakene set du på vatn så pastaen er ferdig omrent samtidig. eg veit at det er mange som er redd for å koka pasta men det er superenkelt. du tar ein kjele, fyller den med ferskt vatn, kokar opp vatnet med salt og litt olje, kastar oppi så mykje pasta ein vil ha og ventar så mange minutt som det står på pakken. ikkje ha lokk på for da boblar det over panna, og ikkje ha på heilt full varme heller. så er det berre å plukka ut litt og litt og smaka for å sjå om det er ferdig. vips!

så tømmer du vatnet av pastaen og tilbake i kjelen og finn fram ein sleikepott, helst ein med blomster om du har.

alt fyllet oppi til pastaen + litt ekstra safran + grovmalt pepper + salt. om du likar sennep vil eg absolutt anbefale ei spiseskjei med dijon, men du må ikkje.

server! supergodt. eg veit at de er redde for å svi ting og for å overkoka pastaen og for å starta brannar på kjøkenet, men berre prøv. om det ikkje går kan ein jo berre bestilla ein pizza.

for dinner today: pasta with lamb, creme fraiche, mushrooms, onions, saffron and dijon mustard. so. good.
easy peasy pasta.


kok pasta i salt. det er viktig å bruka friskt, kaldt vatn og ikkje juksa ved å bruka varmt. eg anar ikkje kvifor, men eg merkar forskjell. kutt opp paprika i passande bitar og steik den i ei steikepanne med litt olje og salt og pepper.

kutt små tomater i halve.

ta paprika og spaghetti i ei gryte og tilsett salt, pepper, pesto, kesam, hakka tomater, feta- og vanlig ost, sett den på svak varme og rør med noko som ikkje skjærer opp pastaen(ein kan gjerne bruka andre typar pasta, penne er sikkert veldig fin fordi den har riller og da vil osten setta seg fast til den og få fin konsistens). så smakar ein til med basilikum

ha alt på fine tallerkenar og tomater på toppen! det er superlett å variere, og eg kan tenka meg at det er supergodt å tilsetta ein lauk, kanskje vårlauk, kanskje små potetbitar, kanskje gul paprika, kanskje litt lime. berre ikkje ver redde. og ikkje svi ting. det går bra, lovar.
eg vil skriva meir om mat, så om eg ikkje har gjort det på ei stund kan de få skriva "men mariell du lovte" også gjer eg det. okei? og det er ikkje ei ny trend med eit innlegg for dagen, eg berre jobbar så mykje og er litt lite inspirert. også er det sol. og sånn. men eg har dykk i hovudet alltid altså, ikkje gløym det. supersussar til alle.

my easy peasy pasta!
laurdagsmiddag.
tulipanfredag.

i går våkna eg til at han der fine hadde kjøpt tulipanar til meg. han er det finaste eg veit, finare enn tulipanar. da tenkte eg at det var fint å laga ekstra fin kveldsmat, og det skal de óg få gjera.

eg laga kjøttbollar(om du bur i oslo har eg eit stort fint tips: kjøttbasaren i kjellaren på gunerius på brugata. der kjøpte eg lammekjøttdeig, trehundre gram for atten kroner. billig og veldig bra. også har dei karbonadedeig til samme pris). du treng kjøttdeig(alle typar funkar bra, men eg likar best lam), eitt egg, kvitlauk, ein halv middels lauk, kesam og litt mjøl.

finhakk lauken(eg brukte berre ein halv men eg skulle ønska eg brukte ein heil) og press to fedd med kvitlauk oppi til kjøttet. ei spiseskjei kesam, salt, pepper, egget oppi også brukte eg litt pesto(ei halv teskjei). ein kan setta til andre smakar om ein vil det óg. så kjem det eit anna supertips: om ein brukar vatn i hendene mellom annakvar kjøttbolle blir dei glatte og fine og runde uten at du får kjøtt mellom fingrane.

så fine blir dei da. så må ein steika dei på lav varme(til og med mindre enn middels varme) i litt olje og ein må konstant passa på at dei ikkje blir svidd, så det er viktig å snu dei ofte. mine vart perfekte, altså. (ps: det er eit lite fat på biletet, i tilfelle de blir forvirra av proporsjonar)

til desse bollane kan ein ha kva som helst. verkeleg kva som helst. dei er supre med tagliatelle eller pappardelle eller spaghetti og tomatsaus heilt enkelt, men me ville ha det litt meir orientalsk(han der fine saknar palestina så innmari, så det skal han få). eg kokte couscous og han tok over kjøkkenet for å laga salat og saus.

i mellomtida dekte eg bordet. eg blir så innmari glad av tulipanane mine at eg ikkje orkar å snakka om det eingang.

sånn såg det ut til slutt! med litt yoghurt naturell i ei lita skål. sausen smakte deilig kardemomme og salaten er heilt enkelt agurk og tomat.

han der fine planlegg korleis han skal laga tallerkenen sin.

medan eg meir kastar det på.

og eg var ganske glad og mett etterpå.

til dessert laga me noko heilt nytt, fordi det har komt vanlig skyr i putikkane no. så skyr+syltetøy=suksess. veldig enkelt og veldig godt. me såg på gullfisken og taking lives og kosa i sofaen til me vart lilla.
hadde de fine fredagskveldar? i dag er ein kjiplaurdag så langt, for fotograferinga eg skulle ha vart avlyst(god bedring, ingrid!) og no veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera. men klokka er jo berre tolv. eg får gå ut på eventyr.

my recipe for meatballs, email me if you want the recipe!
helga i mat.

helga byrja med fullkornswraps. me hadde eit lite eksperiment der me brukte bulgur som kjøttdeig for tacokrydder, og det funka ypperlig. veldig bra veggis-tips, altså!

laurdag ved middagstid rører han der fine i ei panne medan han les bok.

og han er fin fra alle vinklar.

han laga graut. me har nemlig ein avtale om at om han får graut kvar laurdag får eg makronar kvar laurdag. ein ganske ålreit avtale, tykkjer eg.

på kvelden laga me salat med snø! tulla, det er feta.

på toppen fekk salaten rista mandlar og med naan-brød til.

og i dag åt eg middag åleine så det vart spaghetti med tomatsaus(ein boks hakka tomater, ein lauk og ein fjerdedels blokk feta-ost(eller éi heil sånn blokk fra apetina) kokast opp og mosast med stavmikser) og masse pepper på toppen. mums!
korleis var maten i helga di?

this is my weekend in food: whole wheat wraps with bulgur on friday, rice porridge on saturday, chicken feta salad on saturday, and spaghetti with tomato and feta sauce on sunday. yum.
julegåve i siste liten-tips!

i år slår eg eit lite slag mot kjøpepresset rundt juletider og har laga eller kjøpt second-hand dei aller fleste gåvene eg gir vekk. dei eg ikkje anar kva eg skal gi til, gir eg lemon curd. det er eit slags sitronpålegg/syltetøy, veldig godt på scones og rundstykke og til alt, egentlig. her er oppskrift:
50g smør
2dl sukker
5ss sitronsaft
2ss rive sitronskal
1 egg
1 eggeplomme
smelt smør, sukker, sitronsaft og sitronskal på lav varme(sitrusfrukter skiller ut ein veldig bitter smak om det kokar, difor er det viktig å gjera det sakte og på lav varme). det skal vera som ein sirup. ta den av varmen og la den kjøla til den er lunken. pisk egga saman og visp det oppi sirupen. sett panna på varme igjen, lav, og la det stå til det tjuknar litt. så kan ein ta det på glas og setta det i kjøleskapet(det stivnar veldig til i kjøleskap, så ikkje ver redde) og vips! deilige heimelaga julegåver som folk blir overglade for. éin porsjon av denne blandingen held til eitt glas på størrelse med eit apetina feta-glas.
unnskyld at eg er så fraverande, det er så masse som skjer rundt omkring her akkurat no, og da blir ein litt tiltakslaus. men om de har fine idear til ting eg kan skriva om eller visa bilder av, tar eg gjerne imot det. julesussar til alle!

this year i'm giving people lemon curd for christmas. email me for recipe!
gløgg.

for heimelaga gløgg til to glade kaniner treng du:
ein liter utblanda god saft, gjerne heimelaga. me brukte solbærsaft og blanda litt sterkare enn det står. tre kanelstenger. ei lita håndfull heil nellik, typ ti. rive ingefær i litt store bitar. tre desiliter sukker, helst brunt. hiv alt i ei panne på sterk varme, men ikkje sterk nok til at det kokar, for det skal ikkje koka. la det småsimre litt i kanskje ein halvtime eller til du syns det smakar gløgg som du vil ha det.

imens kan du eta ein kiwi.

server med nøtter og kjærleik!
har de fine førjulsoppskrifter? mat eller drikke eller kaker eller kva som helst?

this is a traditional norwegian christmas drink. mail me for the recipe!
om å gjera ein vanlig tomatsuppe til eit fabelaktig måltid.




ta litt tomatsuppe, heilt vanlig tomatsuppe. kok pasta, kanskje i hjul og sløyfer saman med eit par egg i ei panne. steik lauk i smør og tilsett litt karri. rist eit par brødskiver og ha på pesto. mestermåltid på eintotre!
kva et de til middag i dag? eg er idélaus og kjedelig. ps: eg lagar ei julespeleliste på spotify som eg skal legga ut her, har nokon fine forslag til fine songar å høyra på i jula som ikkje er så krampe-julete?

how to make a tomato soup non-boring: add cute pasta, hard boiled eggs, onions with curry and bread with pesto. yum!
kva skjuler seg?

når ein våknar og finn ut at det er første søndag i advent utan at ein har merka det, får ein lov til å laga amerikanske pannekaker med kokos, kanel og klementiner i røra til frukost. og ein får jaffal lov til å eta det på den nye frukostbrikka.
kva åt de til frukost i dag?

for breakfast today we had american pancakes with cinnamon, coocnut and clementine juice.
om makronar
ein. kva kamera og utstyr har eg?
to. kvar kjøper eg sløyfer?
tre. korleis smakar og kvar kjøper ein makronar?
tre:

makronar er franske småkaker laga av malte mandlar, eggekvite og melis. det dannar skjella utanpå, som kan vera i alle slags fargar heilt avhengig av konditorfargen. ofte brukar ein farge for å seie noko om kva smak det er. gul for sitron og rosa for bringebær. kva dei smakar avhenger heilt av kva smak som er tilsatt, dei kan smaka stort sett kva som helst i heile verda.
eg kjøper mine makronar på pascal her i oslo. pascal har seks konditori i byen, og dei to som er enklast å finna for utanbysfolk(altså at ein kan sjå dei begge fra trikkestoppa sine) er den ved slottsparken(ta trikk 13 til slottsparken) eller den på fredssenteret(ta trikk 12 til aker brygge, men der har dei berre sjokolade og bringebær). om du er litt kjent vil eg aller helst anbefala den i tollbugata, den er omtrent to kvartal unna jernbanetorget og ein kan fint finna det om ein har eit kart. den tykkjer eg er finast. på den i slottsparken og den i tollbugata kostar makronar 13 for stykket uavhengig av om du sit der eller tar dei med, mens på fredssenteret kostar dei 18 om du sit der. om du først er på pascal og har litt pengar til overs vil eg absolutt óg anbefala sjokoladane deira, og sorbet(sjølv om den er veldig dyr).
takk for meg.

about macaroons in oslo!
om matfilosofi
ikkje ver redd for å ikkje lykkast. sjølv om pannekakene ser ut som eggerøre smakar dei likevel pannekaker, og da har ein i alle fall lært kva ein ikkje skal gjera. og dei fleste har vel fått boka frå bollar til burritos i niende klasse? den virkar ganske teit, men den er faktisk ganske bra. der kan du sjå korleis du lagar kjempegod mat og veldig enkelt. til dømes berre å kunna laga kvit saus til fiskebollar eller å laga gode rundstykke på ein søndag. mat handlar for dei fleste ikkje om å vera ambisiøs(sjølv om det er kult å vera det av og til óg), det handlar om å ha det moro! om å finna fram til nye kombinasjonar og smakar og krydder!
så bak bollar i dag og fortel meg korleis dei smakte. mine har alltid kardemommeoverdose. suss.
kladdkaka

bildet og oppskrift kjem frå finaste bloggen, ennui. den er megaenkel og ein har plutseleg laga ei kake på fem minutt!
100 gram smør
50 gram sjokolade, helst over 70%
2,5 dl sukker
2 egg
2 tsk vaniljesukker
4 msk kakao
1,5 dl mel
saften fra ein lime
sånn gjer du:
sett ovnen på 175 grader. smelt smør og sjokolade saman, pass på så dei ikkje svir. rør saman alle dei andre ingrediensene med sjokoladen. smør ei bakeform med smør og strø med kokosmasse, forma kan godt vera ei heilt vanlig kakeform, men ta den minste du har. steik den i ca 20 minutt. når du tar ut kaka skal den vera ganske klissete, som kladdkaker skal. et som den er eller med litt is! perfekt på ein fredag med skulder ute av ledd. suss.

my recipe for a swedish traditional cake called kladdkaka - like a sticky brownie! email me if you want the recipe.
daqota!

i dag ringte eg til pappa med ein telefonkiosk for å sei at eg ringte frå ein telefonkiosk. han vart veldig glad, det er absolutt å anbefala.

eg og han der fine var kjempesvoltne etter fotografering i studio, så me bestemte oss for å få sara med oss på å eta ute i dag. da vart det burgerar på daqota.



der inne ser det sånn ut, og ein får sitta i flyseter som stolar.

hei, sara!

sara fekk ein basic burger.

han der fine fekk med blåmuggost.

eg fekk med thai og sweet chili. mums!

etterpå fekk eg ein deilig jordbærsmoothie.


suss og kos, vel.

blunk blunk og god natt!
fuglen i håret har eg laga sjølv, om de lurte.

today we went for burgers at daqota!
pasta carbonara på eintotre

♥ tagliatelle, typ 250 gram
♥ to egg
♥ to dl h-mjølk
♥ (sopp)
♥ (bacon)


♥ kok pasta og steik bacon og sopp. om du ikkje et kjøt kan du bruka sopp, om du ikkje likar sopp kan du bruka kjøt, eller du kan bruka begge deler(det er best).
♥ sil av pastaen og sett den på svak varme.
♥ knekk dei to egga og del dei, du skal berre bruka eggegulene. (eggekvitene kan du spara til ein omelett til kveldsmat!)

♥ tøm melka og eggegulene opp i pastaen. rør kontinuerlig. (må røre ganske lenge). helst rør med noko som ikkje kuttar opp pastaen(for det gjorde eg nemlig, og det er ikkje like fint). medan du rører kan du tilsetta salt og pepper. du skal røra i pastaen heilt til egga og melka dannar små klumpar på pastaen og lagar typisk carbonara-konsistens.

♥ legg på eit fint fat...

♥ ... og ein to tre et deg altfor mett! vel bekomme.

my healthier recipe for pasta carbonara!
tabouleh på eintotre

i går var eg aleine til middag, og da er det okei å laga ein enkel tabouleh for ein person. da treng du couscous, agurk, sitron, kvitlauk, cherrytomat og vårløk(men det hadde eg neimensantenikkje).

og persille! du kokar couscousen, finhakkar agurken og pressar kvitlauken, skjærer tomatene i små skiver. med finhakka persille blandar du alt ihop og pressar litt sitron på(pluss mynte om du har). server med litt kesam i ein wrap, om du vil.

mums!

yesterday's dinner was a single tabouleh. so good!
skyr!

no må de reisa på putikken i morgon og kjøpa kjøpa kjøpa skyr! skyr er ein slags tjukk yoghurt frå island som er feittfri og har masse protein. produkta frå q-melk har heller ikkje tilsatt sukker. dette blir i alle fall lunsjen min framover, berre så de veit. suss!
(nei, eg er ikke sponsa av q-melk, eg berre likar skyr frå turen til island og vart så glad når eg såg det i putikken.)
sjokolademoussekakepusøk


i går hadde me middagspusøk av ina og august. me åt nederlandske pannekaker til middag, og til dessert hadde me sjokolademoussekake. det er veldig enkelt og greit om ein vil laga dessert på null komma niks, og sånn lagar du det:
først må du laga paibotn, til dømes sånn her(kan lagast annleis om ein er allergisk mot nøtter, det er berre å søka etter oppskrifter):
75 gram valnøtter malast i ei kjøkenmaskin, så tilsetter ein 100 gram smør og 200 gram kveitemjøl. tilsett eit par spiseskjeier sukker og eit egg og bland bland bland. press den ut i ein smurt paiform og steik den på 180 grader i 10-15 minutt. sett den til avkjøling, og medan du ventar blandar du til sjokolademousse. eg brukte berre to sånne posar sjokolademousse med daim som ein får kjøpt på putikken, men ein kan jo laga ekte sjokolademousse óg om ein vil. hell sjokolademoussen oppi forma(og spar litt til deg sjølv for å eta!), sett den i kjøleskapet i ca ein time. veldig rask dessert, og deilig med bringebærsyltetøy på.

my recipe for chocolate mousse tart. email me for the recipe!
polkabollar

i dag vil eg gjerne at de skal laga sånne polkabollar. til tretti bollar trenger du:
125g smør, 1.5dl sukker, 2tsk vaniljesukker, 0.5dl kakao, 1 eggegule, 1msk kald kaffi, 4dl havregryn. + strøssel(& sjokolade om ein vil). alle ingrediensar utanom havregryn blandast godt i ein bolle. tilsett havregryn. rull til bollar og rull i strøssel. om du vil ha sjokolade på, er det kult å laga dei pyttelitt større også dyppa dei i sjokolade før ein rullar dei i strøssel. til ein vanlig dag(til dømes om du skal på kino med kjæresten din), kan du dela oppskrifta i akkurat kor mange bollar du vil ha. mine bollar hadde kanel inni seg og peppermyntestrøssel utapå så dei smaka litt mint. mums!
cannellini cannelloni

i dag skal me laga cannelloni. det einaste du treng som er basta bom er: to boksar hakka tomater, ost(eg brukte mozzarella) og cannelloni-rør. cannelloni er pasta og ein kan få kjøpt det på meny og litt større matputikkar. eg kjøpte mine på grønland torg, der har dei alt mulig sånt. så treng du alt anna du vil ha inni røyra dine. me hadde to lauk og to kyllingfiletar til to personar. alt må uansett kuttast i små små bitar så ein kan få dei oppi røyra.

du steiker fyllet, tilsetter tomatane og lar det koka litt ifrå seg. så har du ost i til konsistensen er litt tjukkare. då kan ein ha det i røyr. røyra går i ei ildfast form.

ein har fyll i til det er tomt for plass i forma, så dekkar ein over røyra med resten av fyllet, toppar med ost og steikar det i ovnen på 225 grader til det er ferdig. det er ferdig når pastaen er mjuk nok. serverast med ein fin salat. suss!

yesterday we made chicken cannelloni, and this is my recipe.
appelsinsconespiken

du tar på deg ein fin kjole eller ei tversoversløyfe og blandar mel + sukker + appelsinskal + bakepulver + kanel i ein bolle. så skjærer du smøret i små terningar og smuldrar det i det tørre. så tilsetter du appelsinsaft og mjølk og blandar alt saman fort, så det blir sånn

så kan du rulla det til ei pølse, skjæra den i fire bitar, rulla bitane til bollar, pressa dei flate, snitta dei i toppen så dei blir fire trekantar og sette dei i ovnen på 225 grader i 12 minutt.

og vips! magisk gode appelsinscones på under ein halvtime. me hadde heimelaga iskaffi til, men mjølk er óg heilt fantastisk.
ps: er ikkje den nye duken fin?

my recipe for orange scones, mail me for it if you please!
frukost

med deilig brød, serranoskinke, kaffi i ein rosa kopp, kirsebærglasvatn og sløyfetallerkar.

og raud pesto frå sultan.

og min nye favoritt, appelsinscones. hjarte hjarte hjarte. å.

og vips! ei eira. finaste eira som søv på golvet her.

today i had sunday breakfast on a wednesday with eira!
pasta pesto på eintotre

kok pasta.
to.

tilsett pesto.
tre.

nyt(kanskje med litt ost på toppen).

instant pasta pesto!
tomatsuppe

så fin blir den da! så smakar du til med basilikum og salt og pepar, og eg hadde litt persille i óg, fordi me hadde det heime. tips: kjøp basilikum på glas i staden for i potte(dei har det ved krydderet), for det smakar nesten like godt og det er greitt om ein ikkje skal bruka ei heil potte på same tid. så er det berre å eta! typ fire porsjonar. nom nom.

this is my recipe for tomato soup(four portions): boil and skin 1.5 kg tomatoes, cut the onions into about 1/2 inch pieces and fry them in some oil, and boil it all in one pan for a few minutes, then puree it with a hand held immersion blender, add salt, pepper and basil(and parsley if you like).
iskaffi

tre desiliter sterk kaffi + fire teskjeier sukker(står i frysaren til det blir kaldt) + tre desiliter mjølk + isbitar = to glas med himla godt. så treng ein ikkje gå på putikken heller. sjølv om ein har sykkel. fint vel.

my recipe for ice coffee: three deciliters strong coffee + four tea spoons of sugar. let it cool, then add three deciliters of milk and icecubes!
ostekakedag.

ca 125g smelta smør, 150g kjeks(eg brukte digestive og ritz), 600g philadelphia(vanleg, ikkje lett), 3 egg, 1 dl sukker, 3 dl bær, 2 dl solbærsaft, 2 blad gelatin.


knus kjeksa og bland med det smelta smøret. du treng kanskje meir smør og kanskje mindre, berre kjenn etter etter kvart som du blandar, om konsistensen fint kan pressast til å sjå ut som ein ostekakebotn, hih. smør ein kakeform og press kjeksblandinga i botnen.

bland philadelphia + 2dl bær + sukker + egg i ein bolle, og tøm det i kakeforma. steikast i ovnen på 125 grader i ca 45 minutt. når den er ferdig skal den stå i kjøleskapet til den blir kald.

når kaka har blitt kald(veldig viktig at ein ventar såpass lenge, ellers blir det mislykka), kan ein ta gelatinblada og legga dei i litt kaldt vatn til dei blir mjuke. i mellomtida kokar du opp solbærsaft(konsentrat). eg er så heldig å ha svigermor sin heimelaga solbær-bringebær-stikkelsbærsaft, og det var perfekt. når gelatinen er mjuk og saften kokar, tar du saften av plata og gelatinen oppi. rør rundt til gelatinen er smelta og utblanda. så tømmer du forsiktig blandingen over kaka. tøm den siste dl med bær på toppen og sett den i kjøleskapet over natta.

the first cheesecake i ever made that i'm not allergic to! lovely.
banan- og kokoskake


50 g smør
1,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
3 bananer
1 egg
4 ms heil- eller lettmjølk
3 msk kakao
1 tsk bakepulver
2 tsk vaniljesukker
1,5 dl kokos(pose)
+ kokos til å strø forma med
+ kokos til å strø på toppen
0,5 tsk natron

sett ovnen på 175 grader. smør ei avlang brødform med smør, og strø kokos så det dekkar heile forma utan at noko er overflødig. smelt 50 g smør. la det svalna litt før du har oppi mjølka. kneft to og ei halv banan(resten skal på toppen) og bland i sukkeret + eit egg. bland så smør + melk i bananrøra. bland mjøl, bakepulver og natron i ein bolle, og ha det oppi bananrøra. ta ein tredjedel av røra i ein anna bolle og bland oppi kakao. i størstedelen av røra blandar du i kokos og vaniljesukker. ta den lyse røra oppi forma først, og dra den litt ut på kantane så den mørke blir lagt i midten. tøm den mørke røra oppi og dytt den litt ned i den lyse så dei blandast. pynt med skiva bananer, strø kokos oppå. så vips inn i ovnen i ca 40 minutt, men følg med følg med, for det kjem heilt an på ovnen. det kan vera 30 minutt og 45 minutt òg, men den er ferdig når røra slipper ein gaffel som blir stukke nedi. la den avkjøle seg litt før du skjærer den opp. deilig med vaniljesaus på. mums!

my recipe for banana- and coconut bread! feel free to email me if you want the recipe.
ostebröd

på laurdagar og søndagar er det fint å ha litt ekstra godt til lunsj. så i dag har eg bakt ostebrød. det er så enkelt og så godt, og kan etast som det er eller med kjøtt på, til dømes chorizo.

2 ts bakepulver
1 ts salt
100 g rive ost
1 piska egg
2 ss smelta smør
1¼ dl mjølk
det krydderet du vil. i dag brukte eg timian, for det var det einaste me hadde. men ein kan godt òg bruka grasløk eller oregano.

smør ei form(i oppskrifta står det 23x23 cm, men det kjem heilt an på kor tjukt ein vil ha det). ha alt det tørre(utenom litt av osten som skal på toppen) i ein bolle. tilsett det piska egget, smør og mjølk, rør det saman og ha det oppi forma. topp det med litt ost, steikast på 190 grader i ca 30 minutt. la det kjøla seg litt ned før servering.

i made cheese bread for lunch today! mail me if you would like the recipe.
pai

anten kan du følga oppskrifta her eller de kan kjøpa paideig på boks og berre tilsetja vatn. eg tykkjer den er kjempegod òg. i går laga eg heimelaga paideig for fyrste gong, eg fulgte oppskrifta på linken, men bytta ut 25g smør med litt kesam, for eg må passa på hjartet mitt. sånt kan ein gjera om ein er sikker på at ein klarar å laga mat utan oppskrift. men det blir ein jo etter kvart. eg setter ikkje deigen til avkjøling, for eg syns ikkje det er nødvendig. og eg brukte all deigen som botn, hadde ikkje lokk. hugs å smøre forma!


du treng 4 egg og ein dæsj med lettmjølk. og pepper og salt. det som er så fint med pai er at ein kan ha oppi akkurat det ein vil. me hadde ⅔ av ein boks kyllingbogskinke, delt opp i små terningar, purrelauk og gul paprika.


lag paideig. hakk opp alt av grønnsaker. bland egg + melk + krydder. hell egg over fyllet og ost på toppen, steik i ovnen på 200 grader. medan paien steiker kan ein laga salat!

godt!
lasagne på ein to tre

i lasagne har ein både ostesaus, bechamel, og tomatsaus. oppskrifta er for 4.
til tomatsausen treng du:
ein boks hakka tomater
eit glas pastasaus av eit slag, ta det du likar. eg brukar grønnsaksausen til coop
hakka lauk
sopp
paprika
så kan ein ha oppi den typen kjøtt ein vil, men det er ikkje så viktig med kva ein har oppi, ta oppi akkurat det du vil så blir det fint. eg har kanel i tomatsausen min, for kanel gjer meg så glad og frisk og det er dessutan kjempegodt.

til bechamelsausen treng du:
6 dl lettmjølk(kan òg bruka heil om det er det du har)
jamning av 2 dl lettmjølk + 4 ms kveitemjøl
1 ts salt
1 krm pepar
1 krm muskat
3 dl kvitost, riven
i tillegg treng du ost til toppen og lasagneplater.

sett steikeovnen på 200 grader. hakk opp grønnsakene. varm olje i ei panne, og steik dei. ha i tomatane og etter kvart ha oppi pastasausen til det er passe konsistens. så skal den småkoke litt.
kok opp 6 dl mjølk til ostesausen. rist saman jamning(berre ta det tomme pastasausglaset, ha oppi melet og mjølka og shake it) av kald mjølk og tøm det oppi resten av mjølka medan du rører(viktig!). tilsett osten medan du rører. så kan ein smake til med det krydderet ein vil. eg anbefalar å kjøpa heile muskatnøtter og mala den sjølv, det smakar sååå mykje betre enn krydderet.

så finn du ei ildfast form, også gjer du sånn: kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. det kjem jo heilt an på kor stor forma di er, men på det siste er det kjøttsaus, ostesaus, ost. også rett inni ovnen i ca ein halvtime eller til ein kan sjå at lasagneplatene er mjuke og osten er gratinert. medan lasagnen står i ovnen kan du jo dekka på og laga salat ved sidan av.


this is my recipe for home made lasagna. just mail me if you want it!
pannekoeken.
500 gr kveitemjøl
1 liter melk
4 egg
1 teskjei salt
1 spiseskjei olje
1 teskjei sukker
vaniljesukker
bakepulver
...også absolutt alt du vil ha oppå, for nederlandske pannekaker er på ein måte sitt eige måltid istadenfor å ha tilbehør til. me hadde ost og steikt bacon på!

fyllet skal på medan pannekakene framleis er litt blaute oppå, også skal ein snu dei når dei er passe faste. det høyres kanskje ut som om det er vanskeleg, men teknikken kjem litt etter kvart.

så godt var det!

nam!
muffins og makronar
smør+sukker blandast og vispast til det er kvitt. ta deg goood tid, ellers blir det berre klumpete og ekkelt seinare. så eitt og eitt egg oppi medan ein rører masse mellom kvar gong(og om det no blir klumpete og ekkelt, kan ein køyra heile blandinga i ein blender, det måtte eg). så oppi med mjøl, vaniljesukker, bakepulver(eg har alltid oppi meir bakepulver enn ein skal) og mjølk, vekselsvis. sjokolade oppi heilt sist. røra oppi store muffinsformer. steikast på 200 grader til dei er ferdige, ca 15-20 minutt. så blir dei så veldig veldig saftige og deilige. om du har ein fin boks kan du ha dei oppi den, da blir alt så mykje bedre.

i tillegg laga eg makronar. 200 gram kvit sjokolade smelta i vassbad(om du lurer på kva dèt er, kan du trykka her). så blandar ein oppi kokos til det får ein såpass konsistent at den er tørr samtidig som den er blaut. så kan ein finna bakepapir og laga små makronar utover, kor store ein vil eigentleg. mine er så store som den ytterste delen av tommelen, kanskje. så må dei ta lang tid på å stivna, så sett dei ein kald plass. dette er noko av det beste eg veit om i heile verda.

framme hos oda var det eit bryllup, blant anna.

og glade, fine folk. og ei knekt seng og ei blå bøtte og ei grønn bøtte og ein pose mel. nysjerrig? eg seier ingenting.

i dag er det jobbing med særemnet mitt som skal framførast på fredag, og masse big bang som bakgrunnsmusikk. eg skal jo tross alt på konsert i morgon.
kva skal du i dag?
paprika

så hola eg ut paprikaane, berre skjærte av toppen, og tok ut frøa og det som er inni. så skjærte eg av eit tynt lag under, berre så den står stødig men ikkje for mykje så det blir hol gjennom. så fylte eg heile paprikaen med kjøttdeigen.

og ost oppå! (ja, eg elskar elskar elskar ost)

inn i ovnen med dei på ca 200-225 grader. dei er ferdige når toppen er gyllen.

egentlig kan ein servere med brød eller ris eller kva ein vil. men eg likar pasta. så medan paprikaen bakte, laga eg pastasalat med min favorittpasta - sommarfuglar!

oppi hadde eg ein del sennep, salt og pepper, rød paprika, rapid-salat, litt soyasaus, tikka masala-krydder og pyttelitt kardemomme.

så godt vart det:

deilig deilig deilig, syns eg og min kanin. og i dag er eg i bakehumør!
mat mat mat

pasta, paprika, ost, hakka tomater med kvitlauk(eller ein anna smak om du vil) og sopp. her kan du fint rekne ut sjølv kor mange personar du treng mat til. ein kan òg legge til andre ingrediensar, det er ei veldig føle-seg-fram-oppskrift. mi oppskrift er til to mette kaniner. sjå kor fin emballasje ica har:

som ein duk! sett pastaen på koking. skjær opp soppen, steik den i olje. skjær opp paprikaen imens og ha den oppi. medan alt blir steikt kan du raspe osten(det er lettare at den ikkje klumpar seg i store osteklumpar om den er raspa. ein kan sjølvsagt òg kjøpe ferdigraspa ost). så har du pastaen oppi steikepanna og heller tomatene over. bland godt, så kan du ha oppi ost til du føler det er passe konsistens. så deilig var min:

kor enkelt var ikkje det?
forresten: eg har telt opp stemmene til konkurransen, og nr. 2 kom på førsteplass og nr. 1 kom på andreplass, så om de kan senda meg mail med adresse og sånt, hadde det vore fint. suss!
tortilla de patatas

medan den brunar, kan du skrelle og skjære opp potetene i skiver på ein halv cm tjukke, såpass tynne at dei steiker ganske fort.
så har du oppi potetene med lauken og steiker til potetene er gjennomsteikt og brune.

medan det steikar, kan du vispe åtte egg til ein herleg egg-symfoni.

så, når potetene og lauken er bra steikt og du lett kan sette gaffelen gjennom potetene, kan du sette ned varmen litt. så har du nok olje på til at du dekkar alle flatar under potetene og lauken. så heller du over egga. no kan du salte og pepre som du vil.

så kan du, om du er litt trent, prøve å dra litt i den så alt det flytande synker til botnen og blir steikt. viss ikkje, er det berre å steika på låg varme lenge til den ser ok ut. men viktig at den ikkje svir nedi. når det ser bra steikt ut på toppen, skal du snu den. det er vanskelig, så ver forsiktig. legg eit fat oppi panna som dekkar heile omeletten. så snur du panna så omeletten ligg på fatet. så skal omeletten steikast på den andre sida, så den uferdige sida må ned igjen i panna. det treng ikkje så mykje tid, så pass på.
om du er litt usikker, kan du sjå denne videoen på youtube, og hopp til 2:55 for å sjå akkurat i snu-fasen. når den er steikt gjer du på same vis for å få omeletten på fat. da ser den sånn ut, som ei kake:

den kan du òg skjære i som ei kake:

me brukar å ete den utan noko ved sidan av, men det er sikkert godt med salat ved sidan av altså. det er så så så godt, bon apetit!
****
150 g smør
1 pose tørrgjær
ca 13 dl mjøl
halv ts salt
5 dl mjølk
1,5 dl sukker
2 ts kardemomme
(også har eg alltid i meir krydder enn det som står i oppskrifta, så eg hadde oppi kanel òg. ikkje reint lite heller. og ja, før de spør, eg er ein sånn kanelperson. eg har kanel i tomatsuppe og kanel i lasagne. mmmmkanel)
fyll:
150 g smør
(og her mistar eg litt grepet, for eg hadde berre i sånn hipp som happ)
sukker
kanel
egg til å pensla

så, om du er ein av desse personane som klarar å vente til melkeblandinga er i rett temperatur, kan du venta ein halvtime medan deigen hevar. ei episode sex og singelliv. eg, derimot, berre ser på krim ein halvtime og går tilbake til den same deigen. eg kunne ikkje fått ein deig til å heve seg om eg hadde blåst den opp med sugerør eingang. men det går heilt fint, altså! eg klarar meg.
sett ovnen på 250 grader. bland fyllet ved å først mjuka opp smøret. eg brukar ein gaffel, så ein sleikepott. så pressar du inn så mykje sukker og kanel du får til. min såg slik ut

del deigen opp i fire delar. kjevl dei ut(ein av gangen, sjølvsagt) til eit slags rektangel. så skal du smøre utover fyllet, så det ser litt sånn ut:

så rullar du den opp til ei pølse og skjærer den opp så det blir sånn


eg har dei i muffinsformer fordi eg tykkjer dei blir finare sånn. ein kan òg la vera, heilt enkelt. kvar sin smak. det blir omlag 40 små kanelbollar. pensl bollane med eitt egg, og ha på litt perlesukker om du vil. så poppar ein dei inn i ovnen og ryddar imens dei steiker, ca 10 minutt på 250 grader, men pass på.



nam!
og sidan de spør.

og før de spør; ja, eg angrar. ****.
peppermynte er min ven.

i min lille familie som består av megsjølv og han der fine, er det viden kjent(mellom oss to) at før ein bakar, må ein snurra i bestemorkjole. så da tar me den biten fyrst.


sånn. etter du er ferdig med det kan du gjera følgande(du vil kanskje først vita kva me skal laga? peppermyntestenger.):
kok opp 1 dl mjølk med 50 g mjøl. dette blir ein ganske ekkel graut som ser sånn ut:

(nei, det ser ikkje godt ut i heile tatt - men det blir!) sett den til avkjøling ei stund medan du drikk eit glas solo, for eksempel.
så! no tek du 500 gram melis(det er ein heil sånn boks, og helst økologisk for min del) og 6 dropar peppermyntedropar(desse må ein kjøpa på apoteket). også skal du gjera det umulige, nemlig å kna 500 gram melis inn i ein pytteliten deig. det går bra med litt damemusklar. når du er ferdig skal den sjå omtrent sånn ut:

så! no er det på tide å rulla ut til små rullar, ca like store som min lillefinger og kanskje din òg. sånn:

(dette tek litt tid)
så tek du ca 75 gram delfia-feitt og 150 gram kokesjokolade og smeltar det saman til ein deilig symfoni. sett det til å kjøle litt medan du tømmer kokos ut over ein vanlig middagstallerken(viktig at den er passe flat). du treng ca ein heil pose kokos, 200 g, men ikkje ha alt på tallerken på ein gong. spe heller på etter kvart. tøm sjokoladeblandinga over på eit middagsfat.


no er det på tide å grise. rull/dypp kvar peppermyntestang så den er dekka i sjokolade. så rullar du den gjennom kokosen. legg på fat. voila! (no har du berre ca 50 igjen, hih)

også må ein grava dei ned i hagen. så gode er dei faktisk.
korianderkylling










...om du lurte; det var godt.
apple crumble

så gjer du sånn:

skrell eplene, skjær dei i tynne skiver også i to på langs.

bland dei øverste tre ingrediensane til ein smuldrete deig, ikkje deigete smuld.

så glaserar du eplene i vatnet og sukkeret(eg har òg i litt kanel). kok dei til dei blir mjuke.

så har du eplene i ei form og smuldredeigen over, og inn i ovnen. eg fikk ingen spesifikke gradeopplysningar av min veninne, men eg køyrte den litt fram og tilbake mellom 180 og 210, og fra varmluft til "vanlig" og til varmluft med grill. det er viktig at alt blir varmt og at du følger med heile tiden. etter ca 10-15 minutt er det klllllart.

ta eit glas solo mens du ventar.

nam!

servèr med yoghurtis(i sympati med meg som ikkje kan ete fløyte). og pang. tomt. nam. oppskrifta er til ca 3 personar.


















