i really don't like your skinny jeans, so take them off of me.



bileta er linka.
no er det himla lenge sidan eg har lagt ut spelelister her, så no jumpstartar eg med ei timeslang haustliste som er så søt som ein knapp. den er akkurat lang nok for ein bra tur i parken, ein kan gå med nokon ein likar og da kan ein dela lyden i to så ein får R og ein får L.
i really don't like your skinny jeans, so take them off of me.
om du ikkje har spotify(men hallo, kven har ikkje):

my playlist for october walks in the park, sharing your headphones into two. one with the L and one with the R. click link for spotify, or make your own from the pic!
og det var sommar og grønt gras.
dette er mi sommarspeleliste. den er fin til pannekakefrukost, å sova til tolv, to maiskolber til middag kvar einaste dag og bøker som held ein oppe om natta.
og det var sommar og grønt gras og når du kyssa meg så lukta du sol.

summer playlist!
sommar.
no er det jo sommar, og da er det på tide med ei ny speleliste. denne er fylt med sånt som eg vil baka brød og steika egg til.
när du strippar och klär av dig är det samma grej.


a new spotify playlist, for summer. baking bread and frying eggs.
two drifters, off to see the world. there's such a lot of world to see.
no er det jo vår, og eg har sjølvsagt laga ei fabelaktig vår-speleliste. den heiter ei setning fra moon river, som er ein av mine absolutte favorittsongar. denne spelelista passar til å ligga i parken og høyra på små dårlige høgtalarar eller til å gå i regnet med den i høyretelefonar. klina. laga middag i timesvis, tegna tulipanar.
two drifters, off to see the world. there's such a lot of world to see.
om de ikkje har spotify:

of course i made a playlist for spring! for making out and walking in the rain.
til fredrik.

eg har laga ei speleliste til fredrik. for han er min beste venn og eg saknar han så sjukt masse her i paris. eg og fredrik likar sånt som er så stygt at det blir fint, me likar å vera sinte ilag og me likar sånt som er så ekkelt at det blir morsomt, som ein viss glasert donut i amsterdam. me backar kvarandre opp og løftar kvarandre fram som nesten ingen andre. akkurat no dansar han sikkert i oslo, og kanskje ser han det her i kveld før han skal legga seg i kveld og eg håpar han blir glad. fredrik, eg elskar deg og saknar deg så du ikkje forstår det eingong. gler meg til du kjem!!! versågod:
croque madame til frukost, musserande til tolv kroner
flaska og homseklubb til kvelds.
om de ikkje har spotify: 

i made my best friend fredrik a spotify playlist, 'cause i miss him so much from paris.
sleppfest!

på onsdag hadde han der fine sitt prosjekt fivrel sleppfest på collets café!
me var der ganske tidlig for å setta ned stolar og setta opp utstyr og sånt.
rundt klokka åtte kom folk, masse folk. janne!
og mariann.
hedvig.
heidi og caroline!
masse folk som han der fine gjekk på vidaregåande med, veldig overraskande og veldig fint.
på mitt bord hadde me det sånnher fint. eg var mest ein liten angstball i hjørnet som helst ville at det ikkje skulle vera så innmari mykje folk der.
her er kjetil og åslaug.
og meg med drink nummer tusen.
eg og hedvig hadde nesten ikkje sett kvarandre sidan juli, så me hadde masse å snakka om. klokka ni spelte han der fine, det var heilt magisk. rundt seksti personar i eit egentlig for lite rom var heilt stille i ein halvtime, og fleire begynte å grina. eg sat i hjørnet og vibrerte for eg var så nervøs på hans vegne. 
etterpå var eg berre sjukt stolt og sussa han så han fekk leppestift i ansiktet.
lars var dj for kvelden og spelte skikkelig bra musikk, heilt perfekt.
her er fredrik sitt øyra.
og meg med ei bok som eg fekk fra linn, som óg var der! den skal eg lesa i ein park i paris.
av mariann fekk eg og han der fine kvar vår ballong. og her er hedvig med min.
mariann. og morsom janne i bakgrunnen!
han der fine fekk signera litt av kvart.
janne hadde leopardstrømpebukser på.
miksebord.
og meir miksebord med fine fargar.
lars.
maja og lars er kjærestar. maja var trøtt og skulle dessutan på costume awards dagen etterpå. me snakka om sophie calle og litt om paris og sånt også fortalte eg ho hemmeligheiter om folk som var der.
etter ei stund sat me ein fin gjeng igjen, drakk apple razz og lo og snakka om framtida og å laga filmar og sånt. så gjekk me heim hånd i hånd med altfor tungt utstyr i hendene på altfor glatt is.
og no kan de kjøpa plata her. eg syns de skal kjøpa den, for det er noko av det beste som finst å høyra på. snart går det óg an å kjøpa den på itunes og snart finst den óg på spotify, men meir om det når den tid kjem. enn så lenge får ein kjøpt den her, den kostar hundre kroner inkludert frakt og det synst eg den er verdt.
wednesday was my fiancee's release party. it was incredible. you can listen to the music here, and also buy the album there!
vinter.


medan me ventar på våren syns eg at me skal høyra på ein del fin musikk. denne lista har eg allereie høyrt jgennom kanskje femti gongar, den er ein time lang, altså perfekt lang, med alt det som eg syns er fint akkurat no. den minnar meg om kveldar i senga med kalde føter og lange klemmar. om at eg snart skal flytta fra oslo, om at dette er min siste norgevinter på veldig lenge, om at eg har nokon å holda i hånda og mange å danse med. her er i alle fall mi nye speleliste:
vinter.
for alle som ikkje har spotify:

my new winter playlist.
home for christmas.



no har eg laga ei superfin julespeleliste som eg allereie har høyrt på kvar einaste dag dei siste to vekene og kjem til å høyra på den masse framover. det er masse femti- og sekstitalssongar men óg klassikarar og sånt som er relativt nytt. eg håpar den kan få dykk til å sitta stille litt og tenka at fyflate, desember, for ein fin månad du er. & at jula i år kjem til å bli den finaste de nokon gong har opplevd og at de gjer fine ting for andre. men meir om det seinare.
for de som ikkje har spotify:

i fjor laga eg denne, og den er framleis skikkelig fin óg: santa baby, so hurry down the chimney tonight. den er mindre julete men ganske fin fordet.
i made you a christmas spotify playlist!
i dag.






foto: screenshots fra nrk
i dag skulle eg ønska at alle hadde blodårene på utsida av kleda, for det er så himla fint i robyn sin nye musikkvideo. lurer på kva farge blodet mitt skulle ha hatt. eller kanskje det skulle vore sånn at fargen skifta for humøret så ein alltid visste korleis andre rundt seg hadde det. det skulle nok vorte ei finare verd da.

i wish everyone had their veins on the outside, like in robyn's new music video.
søndagsmorgon.



her kjem ei søndagsmorgonspeleliste eg har jobba på ei stund. den passar fint til å eta frukost og rydda eller til å ha i dusjen eller kanskje å kyssa til eller å sovna til eller synga til eller den lille timen før ein fest skal starta når kun dei beste vennene er der fordi dei alltid kjem tidlig. egentlig er den for kvasomhelst. den er himla fin, og fylt av musikk som er heilt ny for meg pluss nokre gamle fine.
søndagsmorgon
om du ikkje har spotify ser den sånn ut:

og eit stort ps om dette med kommentarar: eg veit at det er mange som aldri har lagt igjen kommentarar her og som sikkert aldri kjem til å gjera det, men tenk litt gjennom: eg fekk kanskje femten kommentarar på bilderedigeringsinnlegget eg la ut i går(som eg brukte superlang tid på, forsåvidt, og som veldig mange har spurt om), og da tenkjer eg jo sjølvsagt at "okei, dei var ikkje så interesserte i det, bedre lykke neste gong", men så ser eg på bloglovin at det er førti personar som har hjarta innlegget, og det er jo supert, men misvisande. eg måler interessa hos lesarane for innlegga mine gjennom kor mange kommentarar eg får, så om det er noko de likar er det lurt å sei fra! var berre det.

my new spotify playlists, for lazy sundays or making out.
fivrel.
i dag slapp han der fine låta "stig!" som han har laga til meg. på låta kan ein høyra heidi som snakkar med caroline om ein gut og om å ligga i senga og høyra på musikk. eg elskar den og håpar at de gjer det óg! og hugs å like fivrel på facebook, da blir eg skikkelig glad.
musikk som eg elskar.
musikk som eg elskar akkurat no.
om du ikkje har spotify:


a spotify playlist for you with music i love!
han der fine lagar musikk.

no har endelig han der fine bestemt seg for at det er greit å visa fram musikken sin. han har jobba på eit prosjekt i eit par månadar som han har kalla fivrel. ein fivrel er eit insekt, og akkurat det er ikkje så nøye, men fivrel flyg mot lyset. og det passar ganske fint. om de vil kan de gå hit for å høyra musikken hans. det er tre låtar og i ein av dei kan ein høyra delar av ein samtale mellom meg og sara og julie, og der eg ler ganske mykje. eg vil ikkje sei kva spor det er, for eg vil at de skal høyra alle tre. dei er fantastiske og eg elskar dei og er så himla himla stolt. stoltast. høyr høyr høyr!
<3

my fiancée decided it was finally time to let people hear his latest music project. it's called fivrel, which almost means moth or butterfly in english. it's beautiful, hear it here.
one day we're gonna live in paris. i promise. i'm on it.





bileta er linka.
akkurat no er hovudet mitt i paris, og då eg høyrte denne songen for nokre dagar sidan berre silte tårene, liksom. for det er så stort og fantastisk at eg er der om eit halvt år. seks månadar. februar. vår i paris. så her er ei lita speleliste. om de treng å lengta anten til paris eller til 40-talet, den funkar til begge deler. så får de gjerne senda meg songar på spotify óg, om de vil(da trykkjer de berre på der det står hjartesmil, så øverst der igjen står det add hjartesmil, og da trykkjer de på den, for da ligg eg i personlista til høgre og de kan senda musikk til meg)!
om de ikkje har spotify:


a new spotify playlist, i'm thinking a lot about paris and it shows.
jordbær til frukost.





av marcinéma.
som mjuk lakris under pledd med favorittbøkene, for ein har all tid i verda til å lesa nye bøker, som høysnue og nakne bein, som sommarfuglar i hendene og bålbrenning ved elva. & som denne lange spelelista: jordbær til frukost. for de som ikkje har spotify:


versågod versågod versågod!

a new spotify playlist called strawberries for breakfast.
clap your hands.



eg tenkte det kunne vore fint, no som de skal ligga i parkar utan strømpebukser med ølboksar i sokkane og raudvinslepper på formiddagen, med fine folk på store tepper og gras i håret, med ei parksommarspeleliste. clap your hands.


a new playlist for parks and red wine in the afternoon.
ååh.


kjelde: sheandhim.com
no er eg heime. i kveld har eg og han der fine vore på she&him-konsert på john dee og eg har vore fem meter fra zooey deschanel og herregud. det var den finaste konserten og eg har den finaste kjæresten og eg har det ganske fint. har de det fint? eg håpar det. tusen takk til finaste linn som gav meg billettane!

i just came home from a concert with she&him and i loved it and i love zooey deschanel.
heilt utan tekst.



ei ny speleliste. for deg som treng å jobba eller å sova eller deg som berre ikkje orkar å høyra stemmer og vil slippa.
heilt utan tekst.


my new spotify playlist: without a word.
here comes the sun.



av songane de har lagt ut på hit me-spelelista har eg laga ei ny speleliste av dei songane eg likar best. sidan eg ikkje har høyrt gjennom alt enda vil lista bli oppdatert når eg finn nye fine songar. here comes the sun.


my new spotify playlist, here comes the sun.
clean white love.

kjelde
eg håpar alle har ei fantastisk fin påskeaftan, her har de ei fin vårspeleliste: clean white love. og ps: eg laga ei collaborative playlist, det vil seie at alle kan legga den til i sine spelelister også kan alle som har den spelelista legge til musikk! så legg ut dei finaste songane de veit om her: hit me.

first link: my new playlist, second link: a collaborative playlist.
vårpepp.



bileta er linka til kjeldene sine
vel, sidan det straks er vår og snøen har starta å smelte her i oslo tenkte eg det var på tide med noko nytt å høyra på? så eg har laga ei ny speleliste!
baby it's cold outside
om du ikkje har spotify(kan du senda ein mail til meg, for eg har tre invites), men:

har de andre fine vårsangar?

i made you a new spotify playlist for spring! you can listen to it here. images are linked to their sources.
i wish i had a mango tree in my backyard



(alle bileta er linka til kjeldene sine)
i dag snør det her igjen og no er eg litt lei all det brune pulveret på gangfelta i oslo og av å frysa på føttene. eg lengtar til kirsebærblomar og gras og å drikka øl i ein park sjølv om det egentlig ikkje er varmt nok enda så ein må tulla seg inn i tepper men det gjer ingenting for ein ler så hardt at ein gløymer å tenka på politikk og klimakriser i eit par timar, og berre er og er og er. i wish i had a mango tree in my backyard.
om du ikkje har spotify(skaff deg det!), ser lista sånn ut:

likar de?

longing for spring i made a new spotify playlist.
tre fine songar.
big bang - something special
minnar meg om barndom og pappa og å sitta i ein bil mens det silregnar mot ruta og me skal køyra i fem timar til og den minnar meg om å vera forelska i ein som elskar big bang óg og synga den på telefonen om natta.
tom waits - martha
finaste kjærleikssongen. og den songen som fekk meg hekta på tom waits. hjarte.
candi staton feat. the source - you've got the love
denne songen er vidaregåande om igjen. frå første gongen eg og christine drakk oss fulle på ymse rusbrus med sex & singelliv-maraton til den absolutt siste festen i kråkeslottet. den er nostalgi og kjærleik og å.
har de fine songar som er varme i hjartet óg?

these are three songs i cherish.
når du går får du lauv i ansiktet raude gule brune, er ikkje det det beste som fins?


god morgon, finingar! no skal eg hoppa ut på loppemarknad. mitt største mål her i verda akkurat no er å finna ei lampe som er perfekt. ønsk meg lykke til. fordi de er så fine og fordi eg saknar hausten sånn har eg laga ei haust-speleliste på spotify. den er ikkje heilt ferdig enda, så ikkje bli redd om det plutseleg er meir musikk der. den er litt prega av filmen eg såg i går, men det tykkjer eg berre er fint. versågod.
ps: kva skal de i dag? skal de baka brød og hoppa i sølepyttar?

look! i made you a spotify playlist for autumn.
kjære paris.

bilete
dei dagane eg lengtar ekstra mykje til den byen der alt blir til tyggegummibobler og rosa skyer, elskede paris, setter eg på denne plata på spotify. så dansar eg rundt omkring medan eg vaskar og ryddar. den knirkar til og med som ein gammal lp-spelar. himla fint.

this album makes me not miss paris as much.
ein himla fin musikkvideo
eg ville berre dela denne musikkvideoen med alle saman, for den er så himla fin. ein kan til og med sjå den på mute, sjølv om det kanskje ville vore litt urettferdig. den er uansett heilt priceless. nydeleg vakker. faktisk. eg fann den her. sjå den da!
enjoy the power and beauty of your youth
ein av dei absolutt vakraste songane eg veit om. eg brukar det som ei rettleiing for korleis å leva livet. ver så snill, bruk litt tid og høyr den. for din eigen skyld.
"don't worry about the future, or worry, but know that worrying is as effective as trying to solve an algebra equation by chewing bubblegum.
the real troubles in your life are apt to be things that never crossed your worried mind, the kind that blindside you at 4pm on some idle Tuesday.
do one thing everyday that scares you
sing
don't be reckless with other people's hearts,
don't put up with people who are reckless with yours."
" understand that friends come and go, but for the precious few you should hold on.
work hard to bridge the gaps in geography and lifestyle because the older you get,
the more you need the people you knew when you were young"
i wish i had a river i could skate away on
ein av mine favorittsongar, i utgangspunktet ein joni mitchell-sang. veldig fin, og spesielt for dei som ikkje heilt elskar jula. og kven likar vel ikkje robert downey jr?
they're cutting down trees
they're putting up reindeer
and singing songs of joy and peace
oh i wish i had a river i could skate away on
but it don't snow here
it stays pretty green
i'm going to make a lot of money
then i'm going to quit this crazy scene
oh I wish I had a river
I could skate away on
breakable
just a cage of rib bones and other various parts.
so it's fairly simple to cut right through the mess,
and to stop the muscle that makes us confess.
and we are so fragile,
and our cracking bones make noise,
and we are just,
breakable, breakable, breakable girls and boys.

you fasten my seatbelt because it is the law.
in your two ton death trap I finally saw.
a piece of love in your face that bathed me in regret.
then you drove me to places I'll never forget.
and we are so fragile,
and our cracking bones make noise,
and we are just,
breakable, breakable, breakable girls and boys.
and we are so fragile,
and our cracking bones make noise,
and we are just,
breakable, breakable, breakable girls-
breakable, breakable, breakable girls-
breakable, breakable, breakable girls and boys.
den einaste songen som eksisterar

Leave me out with the waste
This is not what I do
It's the wrong kind of place
To be thinking of you

It's the wrong time
For somebody new
It's a small crime
And I've got no excuse

Is that alright with you?
Give my gun away when it's loaded
Is that alright with you?

If you don't shoot it how am I supposed to hold it
Is that alright with you?
Give my gun away when it's loaded
Is that alright with you?
With you...

Leave me out with the waste
This is not what I do
It's the wrong kind of place
To be cheating on you

It's the wrong time
She's pulling me through
It's a small crime
And I've got no excuse

Is that alright with you?
Give my gun away (Is that alright? Yeah.)when it's loaded
Is that alright with you?
If you don't shoot it how (Is that alright? Yeah. ) am I supposed to hold it
Is that alright with you?
Give my gun away (Is that alright? Yeah. ) when it's loaded
Is that alright
Is that alright with you?

Is that alright, yeah?
Give my gun away (Is that alright? Yeah. ) when it's loaded
Is that alright with you?
If you don't shoot it how (Is that alright? Yeah. ) am I supposed to hold it
Is that alright with you?
Give my gun away (Is that alright? Yeah. ) when it's loaded
Is that alright
Is that alright with you?

Is that alright, yeah?
Give my gun away when it's loaded
Is that alright, yeah?
If you don't shoot it how am I supposed to hold it
Is that alright, yeah?
Give my gun away when it's loaded
Is that alright, is that alright?

Is that alright with you?
the mountain goats- get lonely
And I will leave the house and check the deadlock twice
And I will find a crowd and blend in for a minute
And I will try to find a little comfort in it


And I will get lonely
And gasp for air
And send your name off from my lips
Like a signal flare

And I will go downtown, stand in the shadows of the buildings
And button up my coat, trying to stay strong - spirit willing
And I will come back home, maybe call some friends
Maybe paint some pictures, it all depends


And I will get lonely
And gasp for air
And look up at the high windows
And see your face up there


litt av hausten til deg
sidsel endresen & bugge wesseltoft - fifty ways to leave your lover
ani difranco - you had time
ingrid michaelson - breakable
beady belle - closer
eg veit at de i utgangspunktet ikkje vil, men kom igjen.
sakn.
alle folka som eg har hatt og mista og det svir litt, merkar eg.









