salsa verde & saft + slottsparken & salat

i går var den beste oslodagen eg har hatt kanskje nokon gong. det er magisk å vera her no. eg hadde fem dagar på éin dag i går.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

først gikk eg og jostein på møte med maja og jostein på trattoria popolare. der var det sjukt fint og dei hadde sjukt god mat. fantastisk høge tak og med fine speglar og lamper og sitronar på glas og åh.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

så gjekk me til food story for kaffe og saft. maja fekk ein brownie og me andre fekk heilt lusen service. skal nok aldri gå dit igjen. det er så fælt når det einaste ein klarar å snakka om under eit kafébesøk er kor dårlig servicen er, liksom.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

så trikka me til frogner der eg og jostein møtte fredrik. me gjekk til sebastien bruno og det var eit fantastisk fint gjensyn og eg kjem til å sakna dei sånn i london sjølv om i london finst det pierre hermé. me sat i slottsparken og stakk hovudet inn i leiligheten til christine på veg tilbake heim.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

etter me hadde bytta litt og blogga, enkelte av oss i alle fall, gjekk me til christine og inger for middag og reunion med finaste oda som eg ikkje har sett sidan eg veit ikkje eingong. me åt kyllingsalat med halloumi og peanøtter og alt som er godt og snakka om kva ein ikkje har lov til å sei høgt ved bordet.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

så gjekk me ut!!! først til fuglen der me drakk drinkar som var så gode at ein grein litt når dei tok slutt. så inn i ein bakgård med kitsch innredning og eldre klientell før me drukna nasane i kvar vår øl på bar babylon.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

oh me oh my.

når me kom heim var frøy der og las høgt frå boka si(<3), eg tok kveldsbildet av fredrik også rulla me i seng og sov så søtt som nesten aldri før.

 

 


?my yesterday in oslo was so absolutely amazingly fantastic, like five days in one. lunch at trattoria popolare, coffee and horrible service at food story(third time in a row, i'm never going there again). dinner at christine's, halloumi<3 and chicken and peanuts and oh my. then we went out for drinks and beer and conversation about falling in love. when we came home, frøy was there and she read to me from her book.


oslove.

oslo.oslo.oslo.oslo.

no er eg og jostein i oslo, me mellomlandar her før london på måndag og bur hos fredrik og drikk vin og rullar oss i parken og et spaghetti til middag og eggerøre til frukost. oslo har aldri vore vakrare enn no.

 

 


j and i are in oslo, pit stopping in oslo before moving on to london on monday! we're staying with fredrik, drinking wine and rolling around in the park. spaghetti for dinner and scrambled eggs for breakfast. oslo has never been more beautiful than now.


sånt som kanskje hjelper.


- sjå favorittfilmane sine og mange episodar av seriar som ein ikkje har sett før. i mitt tilfelle amelié, funny face, eternal sunshine of the spotless mind, gossip girl og house.

- gi seg sjølv ein pause på fem timar fra nyheter med nokon ein er glad i der ein bestemmer seg for berre å gjera noko som ikkje er konstruktivt. som å baka brød, lesa bok eller laga fotoalbum på blurb.com. skru av internett og tv og berre snakk mens ein brukar hendene. helst om noko heilt anna. eg startar på fotoalbumet mitt frå 2011. med bilder frå heile år og fram til no.

- kjøpa eit magasin og lesa det fra perm til perm. eg les you & your wedding.

- laga ønskeliste på amazon. alt som ein har lyst på. wish list.

- laga ei lang speleliste.

- sortera papir, rydda rommet, vaska under senga. alt sånt som ein vanligvis er for opptatt til å gjera men som bør bli gjort og det er akkurat passe distraherande.

- planlegga noko fint, som ein middag om ein har stramt budsjett eller ei reise om ein har pengar til det. det er deilig å ha noko å sjå fram imot. eg planlegg london. skriv pakkelister og brukar google street view som verden og leser london-bloggar.

- ta eit langt bad eller ein dusj. med badebombe eller skrubb eller nokon ein likar å sussa på eller alt samtidig.

- laga akkurat det ein vil til middag. i dag åt eg pasta carbonara med heile familien min.

- ommøblera.

- følgande matvarer: grilla eller steikte maiskolber med salt og litt smør på, opera mints, mango, alt som er bær, denne paien:

0725-1503

2 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl mjøl
1 tsk bakepulver
1 tsk vaniljesukker
100 gram smør

skru ovnen på 175 grader. bland alt det tørre i ein bolle. smuldra smøret med alle ingrediensane til det ser ut som det heiter smuldrepai. ha smulderet, ca tre fjerdedelar, i ei smurt paiform, hell på med favorittbæra dine, mine er bringebær, også resten av smulderet på toppen. inn i ovnen til den er gyllen, ca 20 minutt. et med vaniljekesam, vaniljesaus eller is.

0725-1504 0725-1505







things that might help. although things are rough, there are things to do to lighten our hearts and those around us. like give oneself five hours off from the news to bake or make a blurb book from 2011. or make this raspberry crumble.


.

believe

eg veit ikkje heilt når det blir greit igjen. når det føles okei igjen å blogga. om bøker, om musikk, om bursdagsfest. fram til da så veit eg ikkje heilt kva eg gjer, eller når. kanskje det blir i morgon, kanskje neste veke. eg føler berre at det blir så meiningslaust akkurat no. håpar de har det bra, alle saman. hugs at klemmar hjelper.

 


i don't know when i'll be back to being ok again. when it will feel ok to blog. about books and music and birthday parties. i don't know what i'll do. or when. maybe tomorrow, maybe next week. i feel like it's too meaningless right now. i hope you are all allright. remember that hugs help.


mitt lille land.


oslo


det er ingen som heilt kan forstå kva som har skjedd. korleis det kan finnast så mykje vondt. eg veit at det er mange av mine lesarar som er direkte og indirekte påvirka av det som har skjedd i oslo og på utøya i går. eg håpar de har folk rundt dykk som klemmer hardt og passar på at de snakkar og fortel om alt som de kjenner. det er så viktig. det gjeld for alle andre i dette landet óg, og nordmenn utanlands. dei siste 24 timane har vore ubeskrivelig vonde og eg har grått for mitt eige land, for mitt eige folk. eg er så stolt over måten situasjonen har blitt håndtert på, kor mykje kjærleik som finst. og over stoltenberg som ikkje gir etter men seier at me skal halda fram med å kjempa for det me trur på. eg er overvelda av kjærleik og kor mykje fint og smart som blir sagt. vil berre sitera noko som ein venn av meg skreiv på facebook nettopp: "ein auf'ar sa på cnn då ho fekk spørsmål om dei no vil slå tilbake mot terror: "om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen""

 

 


yesterday was the worst day in norwegian history for as long as i've been alive, and i'm absolutely devastated by what has happened. but so overwhelmed by all of the love and i've never before been this proud of my country and my prime minister who, instead of breaking from all of the hate says that we will never back down, we will fight for what we think is right. a girl from the camp that was attacked was interviewed by cnn and when they asked her if they now will fight back against terror, she said "if one man can show that much hate, think of how much love we all can show together". i'm grieving for my country and our loss today. and i'm so very very proud.


den siste dagen i oslo.

last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.last day in oslo.

den siste dagen i oslo åt eg og han der fine frukost på hotel havana. sjukt billig og sinnsjukt godt, åh så surt at me ikkje har ete noko særlig der før. så fant eg ein sirkuskjole på frøken dianas salonger som eg måtte ha så den fekk bli med heim. så vaska me heile natta og heile morgonen og no har me flytta ut av leiligheten og skal aldri tilbake dit. veldig rart. når me kjem tilbake til sogn skal eg sova eit døgn i strekk. farvel, oslo! du har vore god mot meg.

 


yesterday was our last day in oslo! we ate breakfast at hotel havana, cheap and delicous. then i bought a cirkus dress and then we stayed up all night and all morning cleaning the apartment! now we've moved out for good and i'm never going back. tomorrow i'm going to sleep all day!


norge i grønt og rosa.

norway.norway.

i går feira eg 17.mai heilt på min eigen måte! sova til halv tre, eta is på yogurt heaven og ein fabelaktig middag heime etter ein rather traumatiserande trikketur heim til løkka. hei, norge, du er så bra! korleis feira de?



yesterday i celebrated the norwegian constitution day in my very own way: sleeping until two thirty, fro-yo and a fabulous dinner at home after a very loud tram ride home.


gratulerar med dagen, noreg!

Unfortunate Foodstuffs

gratulerar med dagen, alle saman! eg har framleis vondt etter i går kveld, men no skal eg ut og eta is med fine personar! håpar at de har det fint uansett kvar i verda de er. heia noreg!!!



today is the norwegian constitution day! i celebrated last night and it still hurts but i'm going out to eat ice cream with some great people now. go norway!


marselis' gt. 24.

snart flyttar eg og han der fine ut av denne leiligheten. det føles litt rart og litt trist men mest fint, egentlig. sjølv om oslo har lært meg uendelig mykje føler eg meg ferdig med oslo. eg er klar for london, klar for større eventyr, klar for nye impulsar og ein ny by å gå meg vill i. men før den tid tenkte eg at me skal gå gjennom sånt som har skjedd i denne leiligheten, denne byen, tenk kor mykje eg egentlig har dratt dykk med på!

first two days in oslooslooslosunday partypolkadots and licoriceparty.december babybarhopping.cherry blossom day.first day in the park.first day in the park.saturday.saturday.the day he proposed and how normal it started.weekend.weekend.last day in oslo. perfect sunday.longest day of my life.i heart ikea.a very nice meeting/kval&actionfilm.the last friday in august. monday afternoon and night.girls' night out.girls' night out.saturday.saturday.friday and saturday in october.friday night/letter number two.friday night/letter number two.thursday night.birthdaypartysaturday night.saturdaysaturdayamputee saturday.friday night.friday night.tuesday.tuesday.skogsvann.release party.drunk.hair.weekend.done.thursday.done.saturday.thursday.thursday.friday.


den dagen pappa reiste og eg låg på golvet på badet og grein og tenkte at dette går ikkje bra i heile tatt, det er for stort og kaldt og forurensa. den dagen det hagla på bare jazz og janne hadde kjøpt ny sekk og fredrik og trine marie var på operataket. den helga christine og ingvild var her og me køyrte oss vill og fant aldri det loppemarkedet men det gjekk bra for me hadde øl. den dagen eg slutta på skulen og tenkte at no er det faenmeg nok, no sluttar eg. uendelig mange frukostar i senga og ostekaker midt på natta. den kvelden eg og janne barhoppa på grünerløkka og teikna markjordbær på nighthawk diner. på bursdagen til han der fine då eg tatoverte eit hjarte på håndleddet og pakka det inn med silkebånd. kirsebærblomane i botanisk hage og parkheng heile dagane. den dagen mamma ringte og sa at dei hadde funne kreftceller, pappa hadde kreft og dei to sekunda med frysningar før tårene kom. iskaffe/te på cafe di roma. den dagen han fridde i kubaparken og eg klarte ikkje å sei noko som helst, berre nikka, berre smilte, berre grein. milkshake på ryes. den fantastiske kvelden som endte opp på blindern og med eit heilt tre i veska på veg heim. den dagen me reiste til ikea og lata som om me budde der. å snakka om gutar med heidi & caroline. den første kvelden eg møtte synne og fekk jelloshots og ho sa at ho vart med til london og eg trudde på ho fra første sekund. mikla og ragnhild og jostein. netter på revolver. sigrid. <3 helga sonja var her og me kasta blad i frognerparken. turen rundt sognsvann då me berre snakka om bryllup og om framtida. releasefesten til nyfødte fivrel. au revoir-festen min før eg reiste til paris og velkommen heim-festen min óg. den natta me leikte ring på spring på heile grünerløkka og var våkne til sola for lengst hadde stått opp. timar i frisørstolen på balanzera. yoghurt heaven-yoghurtis og blomar på stortorvet. tre fantastiske magasin og mange fantastiske nye personar. og at eg aldri i livet hadde klart å skriva dette innlegget utan å grine. herregud, oslo.





my time in oslo is coming to an end. this is a summary of my time here. a lot of tears and a lot of laughter. i'm ready to leave for something bigger, a bigger city, bigger plans, but i'm going to miss it oh so much. most of all: those two days in april it takes you to realize spring is here. and my friends, i will love them till the day i die, no matter where they are.


akkurat no tenkjer eg på.

the last friday in august.
dette.

weekend.
dette.

breakfast out.
og dette. åh, gi meg vår i oslo. snart snart snaaaart.



today i'm thinking about this. longing for spring in oslo.


gutta på haugen.

gutta.
når eg har noko å feira eller når det er noko eg er skikkelig trist for går eg på gutta på haugen på st.hanshaugen. dei har den beste sjokoladen, hylleblomstsaft, ein kan få fem tynne skiver med fantastisk salami om ein vil og ein heil masse rare og bra ostar, også er det den einaste plassen i oslo(trur eg) som selger trøfler. (om du vil komma deg dit tar du 37-bussen til st.hanshaugen-stoppet!)

gutta.
dei har himla fine pakningar.

gutta.
og bra te.

gutta.
og pastelltomater. trur forresten aldri eg har smakt gule tomater før.

gutta.
også har dei ein masse rart som eg ikkje skjønnar kva er.

gutta.
som desse óg, men dei er skikkelig fine.

gutta.
også går ein heim med ein pose med deilige greier ein kan kosa seg med ei heil veke framover. øverst er valrhona-sjokolade. <3


håpar de har fantastiske laurdagar, det har eg! med skjortelaus forlovede som knar deig på kjøkenet!



yesterday i went to gutta på haugen to get some great stuff, and i did.


hjartesmil-oslo.

eg veit at det er mange som har ønska seg ein oslo-guide fra meg, så her og no kjem det. det er mest sentrert rundt grünerløkka, for det er her eg bur og pustar. eg håpar de blir glade og at de kanskje set meir pris på oslo enn de gjer i dag. eg hadde aldri trudd eg skulle lika meg i oslo og no elskar eg det. eg kjem til å oppdatera denne guiden etter kvart som eg finn nye skattar i oslo, også kjem eg til å laga eit kart ein dag snart.


shoppa

grünerløkka

saturday.
frøken dianas salonger, markveien 33.
beste putikken i heile oslo. vintage blomsterkjolar i tusenvis og matboksar som ser ut som burgarar, og store gamle plansjar som visar korleis anatomien i auget funkar. dei har både putikk- hund&katt òg, og fantastiske smykker, hårpynt og hattar. for ikkje å gløyme stativet med åttitalsglitterpaljettarhimmel.

velouria vintage, thorvald meyers gt. 34.
ikkje like bra, men bra likevel. dei har flytta til thorvald meyers gt., dei har alltid tilbudsstativ utanfor og dei beste åttitalsgreiene.

saturday night.
skaperverket, markveien 60
nederst i markveien, det er eit kollektiv med så himla masse småsprø ting som rosa lausbartar og dei nydeligaste notatbøkene og korta, samt masse masse håndlaga smykker og klede.

blå kors, thorvald meyers gt. 89
ny gjenbruksputikk som ligg nederst i thorvald meyers gt., dei har to etasjar der den eine etasjen berre er klede og bøker, det er nesten ingen som veit om den enda og difor er den så bra. det jobbar små søte damer der som nesten alltid har vafler. veldig billig og veldig bra.

longest day of my life.
marita-putikken, markveien 67
har blitt veldig kjent, men likevel ikkje utplukka. her har dei fantastiske møblar for ein ganske billig penge, masse bøker og utrulige mengdar tallerkar/koppar/glas og eit eige lite rom med barnebøker og -ting.

sprell, markveien 55
fantastisk leiketøyskjede der dei har ein masse som passar meg midt i blinken. her har dei blant anna kaninlampene(samt óg soppelamper, bambilamper, ekornlamper), prikkete dukar i meterpris, masse kaleidoskop og fine termosar og postkort som ein kan senda til mormor.

palais des thés, markveien 38
ein får ikkje kjøpt bedre te i oslo, dei som jobbar der kan te og hjelper ein å finna fram og vil så gjerne at ein skal få det til rett. ein kan kjøpa så få eller mange gram ein vil om ein berre vil prøva litt ulike smakar, til dømes.

birkelunden, birkelunden trikkestopp
marknad kvar søndag såframt vêret tillet det, her kan folk leiga seg plass og selga sine eigne ting så det er enorm variasjon kvar gong. mannen me kjøpte vår nydelige lampe selger sine her, dei er dyre men dei har fått ny innmat så dei er trygge å bruka utan å vera redd for brann.

robot/trabant, markveien 56
to putikkar i markveien med for det meste second hand & vintage. sløyfebonanza og masse vesker og solbriller. dei ligg på kvar si side av gata litt fra kvarandre så berre ver oppmerksom.

dukkehjem, markveien 56
om ein går fort er det ikkje sikkert at ein ser den eingong, pyttepytteliten putikk som ei gamal dame eig og det er så trangt der inne at ein må passa seg for å ikkje ødelegga noko. her finst kjolar som heng i store klumpar på stativ og hundrevis av koppar og tallerkar som står i hyller og på golvet. ein må leita lenge for å finna noko, men når ein først gjer det er det så himla verdt det.


sentrum & andre plassar
glasmagasinet, stortorvet 9
her har dei mac-sminke samt tusen andre parfyme- & sminkemerker, så ein blir gåande rundt i ein slags svimetilstand av å lukta på ting. dei har óg mummikoppar og masse fint marimekko i kjellaren.

steen & strøm, nedre slottsgt. 8
best på strømpebukser i heile oslo og dei har fantastiske vindusutstillingar. her er det middels dyrt og ein finn veldig mange store merker.

acne flagship store, inngang over gata for steen & strøm.
fantastiske klede, ein vil berre gå inn dit for å klemma på stoffet for ein skulle ønska ein kunne flyta rundt i ei sky laga av tskjortene deira heile dagen lang. heldigvis har eg ein kjæreste som har masse acneklede så eg kan berre klemme på han istaden.

henrik vibskov, tollbugt. 15
ein av dei kulaste designerane eg veit om i heile verda, pluss at putikken er superfin óg. dei har eit sjukt utvalg av magasin som ein ikkje får tak i andre plassar.

tronsmo, kristian augusts gt. 19
beste bokhandelen i heile oslo, dei har dessutan dei finaste pocketbøkene til til dømes murakami som ein ikkje finn andre plassar i byen, dei har hundrevis av fantastiske fotobøker og dei beste postkorta + ein heil etasje med tegneseriar for dei som likar sånt. her sel dei óg magasinet mitt!

freia, karl johans gt. 31
ingenting som å gå på freia på den tristaste onsdagen nokon gong for å kjøpa seg eit stykke nougat til tre kroner. eller fylla ein heil pose med berre favorittwisten og sleppa kokos og hasselnøtt.

standard festmagasin
her har dei masker og hattar og påfuglfjær og kostymer og parykkar og ballongar med eller utan helium og glitter og konfetti og falske bæsjar og spel og lausvipper og stort sett alt ein treng til ein perfekt fest.

uff, jernbanetorget 2/storgata
sjukt mykje fine klede, og mykje fint til hundre kroner. dei har ballkjolar og skålar med sløyfer og underkjolar og svære jakker og små skjørt. ein må leita for å finna men når ein finn er det oftast passelig billig.

ark karl johan, karl johans gt.
det ser kanskje ut som ein heilt vanlig ark, men om ein går inn og forbi kaféen(!) med alle dei bra magasina(!) finn ein eit stort område med berre kunstbøker av ulike slag, ein kan setta seg ned i ein sofa om dei blir for store å holda i hendene og der har eg brukt mange timar.

balloon company, parkveien 21
tusenvis av ulike ballongar og dei minste kostar berre tjueto kroner per stk. inkludert helium! også er det ved sidan av tatoveringsstudioet der eg tatoverte meg, oslo ink.

fretex st.hanshaugen, ullevålsveien 12
den beste fretexen i oslo spør du meg. eg er heilt mot unika for det er sjukt kjedelig å bla gjennom stativ med utplukka klede og berre få alt midt i fanget. på st. hanshaugen må ein faktisk leita litt, dei har utrulig mykje bøker og nips, og veldig stor kuppfaktor om ein leitar godt og lenge. mykje lamper og møblar óg.

gutta på haugen, ullevålsveien 45
delikatesseforetning der ein kan få kjøpt trøflar og ulike fantastiske pølser og hylleblomstsaft og dyr sjokolade og grønnsaker ein ikkje visste at fantes.

eta/café & kaffe
grünerløkkafriday.
bugges, nesten nederst i markveien(inng. leirfallsgt.)
best club sandwich og den beste plassen å berre sitta, slappa av, lesa ei bok eller blogga utanfor heime. lite barnevognfaktor.

parkteateret, olaf ryes plass
god kaffe latte og store vindauge som slepp inn masse lys og ein kan sjå på folk som går forbi utan at dei tenkjer at ein er rar. bra kakao og bra ølutvalg.

kaffe/tim wendelboe, grüners gt. 1
tim wendelboe er ikkje berre min nabo, han er óg verdensmester i baristakunst og eg kan skriva under på at ein ikkje får anna enn fantastisk kaffe her, kanskje med hint av aprikos. også har dei bra kjeks(fra sebastien bruno) for femten kroner.

meeting new people.
cocoa on the go-go, rett ved birkelunden(toftes gt.)
sjukt fantastisk god kakao, eg pleier å anten ta mørk sjokolade med mint eller kvit sjokolade med bringebær.

ryes, sofienberggt./olaf ryes plass
femtitalscafé med beste milkshaken i byen. enough said.



new anarkali, thorvald meyers gt. 76
indisk i oslo på sitt beste, nederst på løkka. ein får maten servert store tunge krukker og dei står omtrent bak deg for å fylla på vatn kvar gong ein drikk.

thursday night.
villa paradiso, olaf ryes plass

den beste pizzaen i oslo får ein på villa paradiso. og den beste tiramisuen, dessutan. her bør ein bestille bord, for det er stort sett fullt.



den lille kokosbollefabrikken, thorvald meyers gt. 18
tretten kroner for absolutt himmel som passar perfekt i håndflata. fantastiske kokosbollar, og ifølge dei sjølv kan ein eta åtte kokosbollar for å komme opp i samme tal kaloriar som eitt wienerbrød, er ikkje det fantastisk vel? johoho.



sentrum & andre plassar
my new friend sebastien
sebastien bruno, skovveien 6(trikk til niels juels gate, ein ser det fra stoppet)
om eg måtte velga éin favoritt i heile oslo så måtte det bli sebastien bruno. hyller fulle av ulike kjeks og sjokoladar og nøtter som gjer seg som fantastiske gåver. dei lagar makronar med fersk fruktpuré, og pascal sine smakar papp i forhold til sebastien bruno sine skyer, liksom. det er desverre ingen café så ein kan ikkje sitta, men det er fint(om vêret tillet det) å gå til frognerparken med brennande makronar eller kaker i papirposen også setta seg ned på ein benk og eta. sånn ellers gjer dei seg fint etter ein halvtime i kjøleskapet óg, om ein vil eta middag først. best. gå dit.

saturday.
kolonihagen, frognerveien 33
kolonihagen ligg i ein bakgård så den er liksom litt mystisk og vanskelig å finna, og når ein kjem inn blir ein slått av lufta av ferske økologiske bakverk. her har dei ikkje vanlig skvipebrus eller juice, her har dei berre the real deal. dei har sjukt god kaffe, sjukt gode og store kanelbollar og enorme marengs som ser ut som skyer. best av alt: små sitronmarengsterter som ein dør av å eta fordi det er så godt.

thursday.
yaya's, industrigt. 36(dei har óg fått ein ny i øvre vollgt. i sentrum men eg har ikkje vore der enda)
thai beach bungalow. ein sit i små bungalowhytter omringa av bambus og lysslynger og ein gong i timen blir alt lyset slått av også blinkar det med lyn og tordenlydar. veldig god mat, prøv kokospannacottaen til dessert. bestill bord først.

a food thursday.
yogurt heaven, tullins gt. 5
endelig har oslo sin eigen frozen yogurt-café! og den er óg fantastisk. dei byttar ut smak ein gong i månaden eller så, ein tappar yogurt i koppen sjølv, får pynta med kva ein vil av kjeks og snop og bær, så kostar det per hekto. dei har óg s'mores som er supergøy marshmellows + sjokolade + kjeks.

oslo mekaniske verksted, joachim nielsens gang
her kan ein sitta så lenge ein vil og berre lesa bøker eller spela spel eller skriva tekstar om folk rundt seg. dei har ikkje mat, så ein kan ta med seg mat dit sjølv eller bestilla take away dit, ganske fint egentlig. dei har krukker med snop i kassa og masse fine øltypar.

bare jazz, grensen 8
pleide å vera min favorittkafé, og er ikkje det lenger men dei har framleis den beste chai latten i oslo etter min smak. det virkar som alle blogglesarane mine går hit kvar veke dessutan, så kanskje de kan møtast der!

 

saturday.
bristol, kristian iv's gt.7
sjølv om me fekk elendig service der sist gong me var der, har dei framleis den beste varme sjokoladen i heile oslo, og den må prøvast. laurdagar er det spiseplikt og garderobeplikt, så det er bedre å gå dit på eit mindre forpliktande tidspunkt.

saturday.
sharon's sweet shop, rett ved klingenberg kino
amerikansk snop i alle formar og fargar og opp etter alle veggane. sjukt bra.

first of september.
engebret café, bankplassen 1
litt midt i kvadraturen med fine museum og er akkurat langt nok unna karl johan men framleis i sentrum. egentlig er det ein fiskerestaurant, men eg går dit kun fordi det er fint der. da drikk eg kaffi(som er dyr sjølv om den berre er vanlig svart) og ser på dei fine fruene.

fint å gjera/fint å vita
balanzera, sofienberggt. 2
min frisørsalong, den er økologisk og brukar ingen kjemikaliar. det luktar heilt fantastisk av alt dei har av produkt. eg går til trude, ho fargar håret mitt gresskaroransje(fargen varar i evighetar) og masserar hovudbotnen så eg nesten sovnar. her har dei pukka-te og her selger dei magasinet mitt óg!

girls' night out.
revolver, møllergata 32
eg går sjeldan ut, men flest gongar går eg på revolver, i kjellaren. ein av dei få tjueplassane nær youngstorget, dei har bra musikk og fin bakgård og er akkurat passe stort.

the day he proposed and how normal it started.
stortorvet
her kjøper ein blomster og føler at ein er i ein heilt heilt annan by.

operabillettar
ein trur kanskje det er dyrt med opera, og det er kanskje sant, men det er få som veit at ein kan få hundrekronersbillettar til nesten kvar forestilling om ein klarar å sitte på barkrakk eller heilt på kanten oppe på balkongen. så verdt det, så kan ein dra fingrane over treverket i veggane på veg ut og drikka musserande i pausen.

det norske teatret
det finst óg ein masse ungdomsbillettar på det norske teatret, som óg er det einaste nynorskteateret i oslo. ein må registrera seg på nett for å få eit sånt kort men så kan ein kjøpa billettar for åttifem kroner til mange av forestillingane.

labdoka, schweigaardsgt. 34(inngang platous gt.)
her framkallar eg filmen min, leo som jobbar der er ein fantastisk flink fyr som virkelig bryr seg om kundane sine. aldri meir framkall hos fotokjedane, dei øydelegg film og drit egentlig i det. det er best å framkalla hos nokon som bryr seg, og leo har til og med frakk. det kan vera vanskelig å finna så de bør sjekka ut kart først, området er komplisert.

bysykkel
om ein har adresse i oslo kan ein få seg bysykkel. det kostar rundt åtti kroner i året, og da får ein sykla så masse ein berre vil, det er stativ i heile byen og ein kan ha syklane i tre timar.

loppemarked
om ein vil på loppemarknad bør ein sjekke her og her.

sunday.
akerselva
om det er fint ute er det superbra å gå langs akerselva oppover oppover oppover, avslappande og fint. også kan ein stoppa på hønse-lovisas hus for å eta vafler.

norsk folkemuseum, bygdøy
om ein er lei av bilder og raude lys og narkomane og asfalt tar ein bussen til bygdøy og går på norsk folkemuseum. ein kan sjå inn i korleis hus var før i tida, ein kan kjøpa lakris eller drops i kremmerhus og alle som jobbar der går rundt i bunad eller skikkelig gamle fine klede.

my new friend sebastien
astrup fearnley, dronningensgt. 4
museum for moderne kunst, ein masse bra utstillingar og masse postkort i putikken.

botanisk hage, tøyen
perfekt søndagsaktivitet. ta med nokon du likar og gå fra veksthus til veksthus til museum til kafé. eller berre gå rundt omkring på området ute, det er fint det óg.

cinemateket, dronningensgt. 16
uavhengig film, her kan ein sjå fransk og skeivt og masse rare filmar som oslo kino aldri hadde turt å sett opp. ei oslo-perle.

friday and saturday in october.
parkheng
fra april til oktober går eg i parken. teppeparkheng i kubaparken og sofienberg også haustgåturar i frognerparken. topp ti ting med å bu i oslo.


eg leitar alltid etter nye kaféar, helst som har gamle møblar og fine koppar, så om de har tips eller tips til andre ting må de veldig gjerne legga dei igjen i kommentarfeltet.



my guide to oslo. google translator!