bicycles, popcorn and late nights in bastille.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

me ankom paris på ein grå onsdag, etter to og ein halv time tog, to og ein halv time med hovudet i fanget til jostein. me møtte kentaro i bastille og gjekk på café og drakk café creme og åt thaikyllingsalat. så begynte me å gå mot fjerde, poppa innom eit galleri og vart fotograferte av eigaren, prøvde sykkelen til kentaro.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

me åt kvar vår cupcake når vintageblodsukkeret var blitt for lågt, og tok metroen heim der me åt ulike typar popcorn og drakk sterk kaffe og var oppe til seint. kentaro skal opna popcornplass, eller i alle fall vil eg at han skal det, der han lagar luksuspopcorn. det hadde slått an.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

dagen etter møtte me finaste finaste haleigh, som eg aldri fekk møtt då eg budde i paris i vår. me gjekk på bon marché også på ein av mine favorittkaféar med den beste beste beste kaka: pistasj og kirsebær. derek var med. så kjøpte me makronar. eg kjøpte berre éin, creme brulee. den er nok i seg sjølv. f+f gjekk til eiffeltårnet og eg og jostein gjekk heim for å kvila og jobba. paris er ikkje berre-berre med bihulebetennelse.

london / paris.

london / paris.

den kvelden gjekk me ut og lærte oss å high five'a skikkelig. me gjekk først til myntedrinkane, og når dei tok slutt gjekk me til bastille og til døgnopen servering. me møtte ein hund og sa nei til dusinvis av roser. og det var den paristuren. dagen etter tok me toget tilbake og fekk store problem med å skjønna at me faktisk eingong hadde vore i paris.




last wednesday we took the train to paris and arrived after only two and a half hours of sleep in j's lap(for me, not everyone). we lunched in bastille, shopped in the fourth, ate cupcakes and baguettes and popcorn. i finally got to meet lovely lovely haleigh who i've been wanting to meet for a long time now, and we went to bon marché and then to one of my most favorite little cafés with the best cakes: mine was a pistacchio and cherry one. divine. we bought some macarons, some of us went to see the eiffel tower for the first time, some of us went home to rest their sinus infection(me!) and then we met up in the evening for green drinks until closing time, and then we walked to bastille to a 24hr place. the day after, we took the train back and were very confused by everything. had we ever really been there at all?


bonjour!

01520020

ops, eg er i paris! her skal eg vera i to dagar og eta baguettar og drikka vin og leite opp gamle favorittar.



i'm in paris!!!!!!!!!!!!


city of blinding lights.

her er ein film eg laga om paris. eg fekk ny datamaskin halvvegs i oppholdet og plutselig vart det så mykje mykje enklare med all slags redigering. så her kjem mine to månadar i paris. i mini-format. håpar de likar.



a film about my time in paris.


den siste dagen.

last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.last day in paris.

i går følte sara seg endelig bedre(matforgiftningstull), så me tenkte at me skulle gå på museum for det er akkurat passe rolig nok til å ikkje tenka på at det er siste dagen. så me gjekk i eit par timar og såg på utstoppa triste dyr og eg hadde igjen augene då eg såg isbjørnane for det er det verste for meg(utenom kanskje dinosaurane som var i kjellaren som faktisk berre gjorde meg veldig redd og urolig). etterpå gjekk me i hagane og åt is også gjekk me heim, åt dårlig kinesisk og låg i senga alle fire(sara mariell derek kentaro) og lata som om me ikkje skulle reisa. eg klemte så hardt som eg kan og no er dagen her, no skal eg reisa, etter to månadar, og det føles så sjukt og så fantastisk at eg har klart det. eg er klar for å laga eit kickass magasin, kyssa natta lang og drikka drinkar med venner eg har sakna altfor mykje.



ps:

sara tok dette bildet av meg og det er fint.

 


yesterday sara was feeling better from the food poisoning so we went to a museum, the perfect thing to do when you're trying to forget you're leaving a city you've grown to love this much. we photographed and watched taxidermy animals for a couple of hours and i closed my eyes for the polar bears because they make me so sad(and the dinosaurs in the basement made me just very frightened). after that we ate popsicles in the gardens before we went home, ate bad chinese and laid in bed all four(sara mariell derek kentaro) and pretended it wasn't our last night together. today i'm leaving, after two months, and it feels insane and so amazing because i did it. and now i'm ready to go home, make a kickass magazine, spend the entire night kissing and drink drinks with friends who i've missed oh so much.


dør.



 

denne kjolen fra marc jacobs gjer at eg vil selga kameraet mitt og heller leva lykkelig med den i alle mine dagar.

 


this dress by marc jacobs makes me want to sell my camera and live happily ever after wearing it instead.


pappardelle og bursdagsjente.

monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.monday/sonja.

mandag møtte eg og sara opp sonja og henrik for sonja hadde nemlig bursdag! i paris! det måtte jo feirast. me åt ein stor og fin frukost og dårlige drinkar etterpå. så gjekk me til nokre av mine favorittplassar. makronar og eiffeltårnet og sol i augene. på kvelden åt me italiensk fantastisk mat og sonja fekk kake med lys på av italienarar som synst ho var så fin så fin. så reiste me til oberkampf og drakk heilt fantastiske drinkar før me reiste vidare til døgnopen uteservering i bastille til me rulla heim i ein taxi.



on monday sara and i met sonja and henrik to celebrate sonja's birthday! we ate a big delicious breakfast and bad drinks afterwards. then we went to some of my favorite places. macarons and the eiffel tower and sun in our eyes. in the evening we ate italian food and sonja got a piece of cake with a candle on top from italians who thought she was so beautiful. then we went to oberkampf and drank amazing drinks before finishing our night on a 24h place in bastille.


helg.

weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.weekend.

sånn såg helga mi ut: kino og popcorn og regn og sara. thaimat og wine spritzers.



my weekend: movie and popcorn and rain and sara, thaifood and wine spritzers.




vår.



no er det vårsøndag i paris, og me er ute som alle andre! leave me a message after the beep.

beep.



i'm out!


last friday night.

friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.

i går var eg og sara på vintageshopping, creme brulée-deling og margaritadrikking i montmartre. så møtte me flotte elsa og pontus i oberkampf og åt middag på ein veldig kitschy restaurant med vimplar og supergod mat. så vidare til ein kitschy bar med himmel i taket og ein flygande gris og flotte personar. etter det tok me metro til place de concorde for ein fest på maxim's, som var ein veldig merkelig fest i eit heilt fantastisk bygg. me drakk cuba libre og gjetta på kor mange språk dei andre i barkøen kunne. fransk og engelsk. så tok eg og sara ein taxi til bastille der me møtte kentaro på ein døgnopen uteservering, og klokka seks i dag tidlig ramla me inn døra og sånn var det med den fredagen.




yesterday sara and i went vintage shopping, creme brulee-eating and drinkdrinking in montmartre. then we met up with elsa and pontus in oberkampf where we went from one kitschy place(dinner) to another(drinks). we took the metro to concorde for a party at maxim's, a very odd party in a beautiful building. then sara and i took a cab to bastille and met up with kentaro at a bar open 24h. at 6am we crashed into bed and there's my friday for you.


brokkoli & blomar.

last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.last day sunday.

så vart det søndag. me gjekk på marknad og såg på klede og pyttesmå ballettsko og fine fine glas. så åt me herlig frukost(croissant chaud. <3) i marais før me shoppa litt og vips var me heime igjen på balkongen og smååt på han der fine si nistepakke(brød med kvit sjokolade) medan me spelte idiot og viggo. så reiste han tilbake til noreg medan eg sat igjen i paris med ferske treeurosblomar på pulten.



yesterday was sunday. we went to a market and watched ballet shoes and glasses and clothes. we ate a lovely breakfast in marais and then went for a little shopping. then we got home and played cards and all of the sudden he left for norway again. and i was left in paris with fresh three euro flowers and only one sock.


sukkerspinn & skyer.

saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.

parislaurdag med min elskling: ligga i senga til klokka fire, gå på mislykka loppemarknad rundt blomstrande magnoliatre, også på vintageshopping og komma heim med ein pose full av sukkerspinn og skyer. han der fine knytte skjerfet mitt på sin beste måte og hadde på si nye sløyfe. heime åt me salat og mørk sjokolade og drakk bobler og svevde kvarandre inn i den beste typen søvn som finst.




my fabulous saturday with j: staying in bed until four pm, vintageshoppingresults: cotton candy and clouds. he tied my scarf into a bow and wore his new bow tie as well. then we went home to eat salad and dark chocolate, drink champagne and then we slept the best kind of sleep ever.


prikkar og glasur.


friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.friday.

fredagar er ikkje alltid fylt med sussar og nye knytemåtar på skjerfet og gulrotkake og earl grey på kafé og second hand-shopping og sløyfeprøving og -kjøping og regn og ny blinkande sprettball og frank sinatra og pizza og krim og meir sussing. men i går var den i alle fall det.



fridays aren't always about second hand shopping, carrot cake, bow ties and kisses, but yesterday was.


laurdagsfotografering.

synne.synne.synne.

dette gjorde eg og synne i går. for ho skal vera med i dette magasinet med klede ho har sydd for synne går på esmod. me jobba i mange mange timar og var heilt utslitte etterpå. desse er berre lystestbilder, for eg tok bildene analogt og å som eg gler meg til å framkalla.




i shot synne yesterday in her own designs, for my magazine. these are just pictures i took to measure the lighting, and the real pictures won't be developed for some time but i can't wait!


synne.

synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.synne.

fredag i paris: synne og montmartre og cupcakes og snop og kyllingsalat og derek og dårlig vin.



my friday in paris: synne and montmartre and cupcakes and candy and chicken salad and derek and bad wine.


museumsdagen.

museum.
i går gjekk eg på museum. det har liksom vore ein av mine mål under tida her i paris, å gå aleine på museum. og det var skikkelig vanskelig. ikkje berre fordi eg ikkje hadde nokon å snakka med men óg fordi heile museet var ein bygningsplass og ingen skjønte kva som var kunst og kva som berre var betong liksom. men i alle fall, i kjellaren var det ein videoutstilling om mussolini(skjønte ikkje heilt kva det handla om for fransken min er ikkje bra nok for avansert kunstspråk enda) og eg vart skikkelig redd av å vera der.

museum.
natalie portman grein og alt var veldig forstyrrande, alle filmane var prosjektert på betongveggar og sånt og det var høg lyd fra alle partar og eg tenkte at om eg må drømma om dette i natt så trur eg heller at eg blir våken.

museum.
sånn såg det ut.

museum.
i museumsbutikken hadde dei så mange fine magasin som ein fekk bla litt i og ha lyst på.

museum.
også! håhå.


museum.
den beste typen fotoautomat med fire forskjellige bilder nedover. to euro for kvar remse.

museum.
så eg tok to.

museum.
satte meg i kaféen og var egentlig skikkelig svolten men dei hadde berre drikke og makronar så eg bestilte ein oreomilkshake som var ganske god men sjukt kvalmande på svolten mage så eg drakk kanskje halve. ved sidan av meg sat to kunsthomsar og drakk champagne og snakka om nederlandsk kunst og var veldig visjonære. eg smilte ned i boka mi.

museum.
restauranten var ganske fin men på ein veldig moderne kunst-restaurant-måte.

museum.
og på veg heim fann eg ut at dette hadde vore rundt hjørnet heile tida også gliste eg nedover gata. eg plukka opp litt chinese take-away og åt medan eg jobba, som eg stort sett gjorde resten av kvelden pluss ein halv film.





yesterday i went to a museum and it kindof freaked me out but i was still very proud that i had managed to go there all by myself. i turned a corner and there it was; the eiffel tower. i can't help but smile every time i see it.


rosa.

pink.
i går gjekk eg ein tur og da fant eg mitt første rosa blomstrande kirsebærtre. <3

pink.
så magisk fint.


pink.
også gjekk eg på bakeriet og kjøpte denne. tartelette framboise. bringebæra smakar nesten som norske om sommaren, det er heilt merkelig men eg velger å ikkje tenka så veldig mykje på det.

pink.
passar perfekt i hånda.

pink.
og gjennom eit gamalt kamera óg.




yesterday was all about pink. a blossoming cherry tree and a raspberry tart.


vatn.

cosmic girl.
cosmic girl.
cosmic girl.
cosmic girl.

av og til når byen blir for stor og hjartet har for mykje på éin gong er det best å berre ligga i badekaret, helst med øyrene under mens ein skriv kjærleikssongar med fingrar i vatnet. så det gjorde eg i går. og det finst ingen sjangs i heile verda for at eg ikkje skal ha badekar i mitt neste rede.




when the world is too much i just go soak in the bathtub with my ears under the water.


søndag.

sunday.
i går starta dagen superlupertidlig. me tok metro til marais for å eta frukost med han der fine sine foreldre.

sunday.
sunday.
sunday.
så det gjorde me. lenge og godt.

sunday.
så reiste eg og han der fine på loppemarknad der me fant ein masse bra greier.

sunday.sunday.
deriblant fråtsa eg i ei kamerasjappe.

sunday.
etter nokre timar på eit av dei største loppemarknada i verda måtte me eta lunsj. dette kameraet fekk bli med, og eit anna eit óg.

sunday.
og litt blomar som eg skal gjera noko fint med.

sunday.
me snakka om kamera og fotografering og om magasinet medan me venta på maten. no er det ikkje lenge før alt det magiske skal samlast, det føles veldig spennande.

sunday.
eg var litt som ein unge utanfor ein stengt park då me fann ut at det nesten ikkje fantes film nokon plass, for eg ville så gjerne begynna med éin gong.

sunday.
løve. <3 på svensk heiter løve lejon og det syns eg er nesten like fint.

sunday.
me åt pizza! i marais.

sunday.
så møtte me opp foreldrene til han der fine for å drikka kaffe og planlegga litt.

sunday.
også vart resten av kvelden litt sånn rar så den har eg ingen bilder fra. no har han reist igjen, men før han gjorde det rakk eg akkurat å bestilla nye billettar til han så han kjem tilbake om ikkje så altfor lenge og da skal det vera berre berre oss og ingen andre og dét, folkens, det er det beste.


kan ikkje de fortelja litt om helgene de har hatt, fantastiske og forferdelige?



yesterday we ate a very long breakfast in marais before we went to a flea market for a few hours and then ate pizza for lunch. coffee and kisses mostly, as every day in paris should be. he left this morning and i've already booked tickets for his next visit. <3


ein liten laurdag med svigers.

saturday with the in-laws.
i går morgon vakna eg med armen rundt han som eg syns er finast på heile kloden. me tok oss til ein loppemarknad som nettopp stengte men eg fekk akkurat kjøpt noko bra til éin euro. me trøsteåt petit fours, sidan det trass alt var laurdag.

saturday with the in-laws.
så strosa me litt rundt og bestemte oss for å kryssa av ein restaurant på lista mi. eg har nemlig ei liste over plassar eg skal reise til før eg skriv parisguiden min, som eg har researcha meg fram til, og ein av desse åt me på i går. han der fine fekk penne og basilikum.

saturday with the in-laws.
eg fekk ein club sandwich, det slår aldri feil.

saturday with the in-laws.
det var ganske kaldt å sitta ute men det var sol óg.

saturday with the in-laws.
så såg me litt på utsikten.

saturday with the in-laws.
og snakka litt om korleis paris er bygd opp. for tenk, så mange smale og høge bygg er jo heilt ulogisk egentlig. korleis starta det, kva kom først? skal finne ut. etter det satt me superlenge på ein kafé, drakk kaffe og høyrte på lykke li hurra!

saturday with the in-laws.
så gjekk me til italiensk restaurant der eg fekk ein heilt sjukt sjukt sjukt god pappardelle med pølse fra toscana og saus med paprika og squash.

saturday with the in-laws.
til dessert: basilikumsorbet! og det er eg så sjukt glad i, eg og han der fine fekk det i stockholm på ein restaurant ein gong og etter det har eg tenkt at det så gjerne skulle vore i frysedisken men det finst ikkje. eg bestilte dagens sorbet og fekk basilikum og mango. det er skjebnen det. bra, skjebnen.

saturday with the in-laws.
mi finaste svigermor som spanderte kalaset.

saturday with the in-laws.
etter det tok me metro heim, eg og han der fine. me drakk fransk cider og spelte kort og åt lakrisbåtar. og det var den laurdagen.

i dag er det allereie søndag og i morgon reiser han tilbake til norge og det føles tungt i brystkassa men samtidig så føles det himla mykje greiare enn det gjorde for ein månad sidan då han lukka døra bak seg og etterlot meg aleine i denne byen. finn ikkje ord som forklarar kor godt det føles, at det skal gå bra. at det går bra. må finna på eit nytt ord kanskje. uansett. var berre det. håpar de har bra søndagar, det skal eg iallefall.





yesterday: a failed trip to a flea market turned into petit fours to comfort us and then we wined and dined at a fancy restaurant. after that, we drank coffee and headed to an insanely great italian restaurant where i ate pappardelle and basil sorbet for dessert. <3 after that we went home, ate licorice and drank french cider and played cards.


fredag.


i dag tenkte eg å blogga kor fint det var med sol og kor grøne auge eg får når det er sol. men det var krøll med blogg.no, så eg fekk ikkje blogga før dette skjedde:


håhåhå!!! finast i verda jo. så i dag har me vore små fiskar rundtom, med foreldrene til han der fine. på konsert og på middag og ete ein skikkelig dårlig creme brulee som hadde standard som ein dårlig karamellpudding! jaja, det får vel gå. håpar de har hatt fine fredagar óg!




today i was going to blog the first picture to tell you how sunny paris is, but then blogg.no had some problems and i wasn't able to blog until this lovely person came to paris!!! i'm over the moon right now.


fredrik og janne, deux.

helg.
på morgonen søndag møtte me opp heidi på jussieu. me var utsvoltne og tørste og eg var flau og fnisete etter kvelden før så me gjekk for å finna ein frukostplass.

helg.
rett ved notre dame vart det. med masse bokhyller.

helg.
kaffe og juice.

helg.
quiche! vegetar sådan, veldig god.

helg.
fredrik åt eplekake til dessert som ikkje var noko god.

helg.
det var så fint lys der inne på grunn av dei rare rutene. me satt der lenge lenge og snakka om sex og franske gutar som ikkje klarar å holda hendene sine for seg sjølv.

helg.
i taket var det malt himmel, ganske så fint. så gjekk me for å møta moa som hadde mista kortet sitt, så me åt trøstecroissantar mens eg var mest stille med panna mot bordflata.

helg.
me bestemte at eg måtte få opp humøret og at me skulle gå ut og drikka øl i oberkampf. på vegen åt me crepes mens me jamra om kor godt det var med pannekake med egg og ost på.

helg.
ein mojito vart det på meg. blurry sådan.

helg.
fine glad-janne.

helg.
her har heidi nettopp sagt noko ekkelt og er veldig nøgd med seg sjølv.

helg.
<3

helg.
moa. moa har dei finaste fregnene, på venstre kinn formar dei ein sjøhest! tenk så magisk. me satt der fram til dei stengte, spelte spel og leika leikar, også rulla me heim i ein taxi og rett i seng.

helg.
i går var siste dagen dei var her, me starta den med utefrukost. her er fredrik sitt egg.
helg.
brødkorg. tenk litt på dette: økologisk nøttebrød med kvit sjokolade på. som nutella, men kvit. DØR.

helg.
og fruktsalat til alle. noko av det søtaste her i paris er når servitørane snakkar engelsk og er så sjukt krye for at dei får øvd seg litt. spesielt om dei berre har sett på hercule poirot og sånt. og det var den helga!




ps: no finst fivrel på spotify! hurra!



the last pictures from my weekend. we went out for breakfast two days in a row, talked about sex and disgusting french boys and comforted moa with croissants when her visa card went missing. yesterday was their last day here and we ate breakfast out, organic bread with white chocolate spread. <3


fredrik og janne, une.

helg.
fredag kveld kom fredrik og janne. me bestilte pizza og åt den mens me drakk treeurosraudvin og snakka om paris og om livet. etter det kom derek heim med sin kompis kentaro.

helg.
janne prøvde kentaro sine briller.

helg.
og var ganske så fin og me har snakka om det heile helga at ho burde få seg briller.

helg.
her er kentaro. han er usynlig på internett og dermed sjølvsagt veldig fascinerande. derfor kan ein ikkje sjå han egentlig i bildet, for han er usynlig. han er blitt min homeboy óg no.

helg.
var så fint å ha janne i paris.

helg.
og sjølvsagt fredrik óg. her lagar han nattmat, som var tapas av knekkebrød og chevre og eg filma han og lo og lo og lo med raudvinstenner.

helg.
morgonen etterpå syntes fredrik at han fortjente ei lita kake, så da åt han den mens eg og janne såg på og spurte han spørsmål om kor saftig den var og kva den smakte.

helg.
me gjekk på makronhandling. to til kvar, typisk laurdag.

helg.
helg.
<3. så sat me oss på ein benk og åt makronar.

helg.helg.
og sånnherfint var det der.

helg.
ein kunne sjå eiffeltårnet og det fekk fredrik til å skrika som carrie i sex og singelliv.

helg.
helg.
(elskar dette bildet så sjukt høgt.)

helg.
så gjekk me.

helg.
og litt meir. og her ein plass begynte det å regna, som om alle kastanjane fra alle trea datt i hovuda på oss.

helg.
så me hoppa over vegen utan paraply(desse to var så søte).

helg.
og åt lunsj på ein restaurant. og på kvelden var eg så lite edru at eg ikkje tok eit einaste bilde, men det var gøy og det finst historiar derfra å fortelle til barnebarna mine(eller ikkje).


no er eg endelig tilbake i normal bloggemodus, forresten! har det skikkelig bra og syns det er deilig å vera aleine igjen etter ei sjukt oppteken veke som desverre midlertidig ødela rutinene mine totalt. har så masse å dela som blir så fint og bra, og de er så fine og så bra så SUSS for det. ps: ingrid, du som skreiv kommentaren og spurte om derek likar hundar: han vil gjerne ha mail-adressa di om det er okei.





pictures from my weekend with janne and fredrik! it was so so so much fun and now i'm very happy although they left today. we ate macarons and partied a lot. i've been very busy and my blog has suffered from that but now i'm all in.


sånt som eg saknar.

tuesday.saturdayan afternoon.
mjølk. grovt brød. mikla. å holda hender. å kyssa. å sova ved sidan av nokon. han. trikken. tronsmo. mamma og pappa og søster og familien til han der fine. kaninlampa mi. dokkehuset. tjukke sokkar. laurdagskveld. balanzera. mekken. labdoka. bøkene mine. akerselva. frognerparken. christine. sara.




things that i miss: milk. bread that isn't white. holding hands. kissing. sleeping next to someone. him. the tram. tronsmo. my family. my rabbit lamp. my dollhouse. knitsocks. saturday nights. balanzera. mekken. labdoka. my books. akerselva. frogner park.


laurdag.



min laurdag er lasta med janne og fredrik, rosévin, utefrukost, å le og å snakka norsk. enn din?



my saturday: janne and fredrik, rosé wine, breakfast outside, laughing and talking norwegian.


to dagar med heidi.

two days with heidi.
onsdag kveld kom heidi til paris, me sprang mot kvarandre og klemte og gjekk sporenstreks til casino for å kjøpa vin og ost og ein baguett under armen på veg heim.

two days with heidi.
port salut.

two days with heidi.
og camembert og chevre og å.

two days with heidi.
me smakte på ulike vinar og ulike ostar.

two days with heidi.
og snakka om oslo og paris.

two days with heidi.
så hoppa me over til rom og snakka lenge med derek, som eg bur med. me satt oppe til utpå natta også krasja me i seng på rommet mitt med mascara framleis på.

two days with heidi.
i går gjekk me ut og eg fekk sjå eit heilt nytt paris med heidi.

two days with heidi.
me drakk heilt sjukt god chaite på ein café som heidi likar.

two days with heidi.
det var så fantastisk fint å ha heidi i paris.

two days with heidi.
eg fekk bli med til plassar eg aldri har vore før, inkludert ein heilt forferdelig lunsjplass eg aldri skal tilbake til.

two days with heidi.
vips var det blitt kveld, og me satte oss på ein rarfin bar med telefon og bra tapet.

two days with heidi.
og sinnsjukt pene menn i baren og happy hour = 2 øl.

two days with heidi.
så gjekk me til ein plass der dei hadde sjukt god ingefærøl.

two days with heidi.
det var fint raudt lys.

two days with heidi.
me planla litt helg og gleda oss til ein heil masse.

two days with heidi.
eg hadde med meg diana-kameraet og tok bilder av heidi heile dagen lang.

two days with heidi.
heidi og to personar med hendene i ansiktet.

two days with heidi.
og eg var der óg, visst!

two days with heidi.
two days with heidi.
me møtte opp moa og geraldine i oberkampf og havna midt oppi ei stor skrikescene som eg vart skikkelig sur for, for han som hadde trakassert ei jente var så sinnsjukt sinnsjukt vakker og eg ville fotografere han men så måtte han med politiet.

two days with heidi.
så gjekk me til ein plass med sjukt fint interiør.

two days with heidi.
og stjerner i dokøen.

two days with heidi.
med dansing og drinkkonkurransar.





on wednesday heidi came to paris! two days of drinking wine and eating cheese and looking forward to things.


derek.

derek.derek.

dette er derek som eg bur med. han er amerikansk og voksen og går på jobb kvar morgon og kjem heim kvar kveld. han har jobba som skuespelar i amerika, men no skriv han på debutromanen sin. me snakkar mykje om jenter og om språk. han likar best skandinaviske jenter for dei har så fine ansikt, også likar han når eg snakkar norsk og når eg fniser. i stova har han eit dansk designbord som han elskar nesten over alt på jord som han vaskar kvar dag. helst vil han jobba i den økologiske vinbransjen og kanskje flytta til montpellier, men det blir ikkje denne veka. så! no har de fått sett bilder av han, som så mange har spurt om. sei "hei, derek!"





this is derek, my flatmate. he's american and is working on his debut novel at the moment. he likes scandinavian girls and organic wine and his danish designer table.


mandag.

paris paris paris.
i går starta dagen på min stammiskafé. servitøren min lo av meg når eg bestilte to kaffe med éin gong.

paris paris paris.
croque madame. eg er på veg til å få eit avhengighetsproblem, men det er kanskje like greit.

paris paris paris.
tok metroen til marais og gjekk berre litt rundt, såg inni fine putikkar og fikla litt på ting eg hadde lyst på.

paris paris paris.
det fantes ei pyttelita sjappe i ei gøymt sidegate som var så uendelig fin. dei solgte lula og fine smykke.

paris paris paris.
og med kaniner på golvet.

paris paris paris.
finaste lommebøkene óg.

paris paris paris.
så var eg litt på vintageshopping rundt omkring.

paris paris paris.
det var ein skikkelig grå parisdag, det regna og folk var gretne og blaute.

paris paris paris.
og liksom sprang for å komma seg fra plass til plass.

paris paris paris.
eg hoppa innom ei makronsjappe. eg har gitt meg sjølv i oppdrag å finna ut kvar dei beste makronane er. herfra smakte eg lakris, den smakte egentlig mest marsipan. så langt har eg ikkje smakt bedre enn hos sebastien bruno i oslo, men kanskje i dag!

paris paris paris.
dei hadde så mykje fin sjokolade óg.

paris paris paris.
den til høgre var finast for den såg ut som lakris! og lakris er jo det beste eg veit nesten.

paris paris paris.
så strosa eg litt rundt igjen, her var det så trangt at eg nesten ikkje fekk pusta og eg fekk berre ta eitt bilde.

paris paris paris.
middag. pasta carbonara. sjukt stor porsjon, holdt på å dø.

paris paris paris.
så prøvesmakte eg såvidt to kaker, sitron og kaffesjokolade. ikkje så altfor fantastisk, men bra nok for den siste episoda av frustrerte fruer.

paris paris paris.
nedanfor senga hadde eg ein hemmelighet ståande i sin eigen tøypose.

paris paris paris.
og på veggen ein ny kjole som ser ut som ei rosebusk. og det var den mandagen.




korleis var din måndag?




yesterday i walked around for hours in marais, stopped by some small secluded shops and some vintage shops, ate pasta carbonara for dinner and tried some tarts for my magazine guide.


laurdagskveld.

laurdagskveld.
i går kunne ein finna meg på meksikansk restaurant.

laurdagskveld.
med desse to superfine personane!

laurdagskveld.
me åt nachos og guacamole.

laurdagskveld.
og satt rett under denne lysekrona. det var så sjukt bra stemning der og ein mann som gjekk rundt og spelte gitar og alle sang og skreik og lo og klappa.

laurdagskveld.
og sigrid óg.

laurdagskveld.
me åt quesedillas. godt.

laurdagskveld.
eg var litt full men mest glad.

laurdagskveld.
inga hadde klipt håret og var så fin!

laurdagskveld.
me satt i nokre timar og drakk vin, snakka om kjærleiken og om mat.

laurdagskveld.
etterpå drakk me kaffe.

laurdagskveld.
også tok me taxi til hotellet til inga og sigrid der me åt chips i senga. så tok eg ein taxi heim og skypa med fredrik. bra laurdagskveld.





my saturday night: meeting up with inga and sigrid at a mexican restaurant. we ate quesedillas and drank wine and talked about boys.


parisfredag.

parisfredag.
i går var det fredag. eg starta dagen med bra frukost. bringebæryoghurt, frukostblanding, bringebær og éi rute 80% sjokolade-sjokolade, grovhakka. <3 forresten: kva skjer med at det berre er dårlig yoghurt i norge? eg kjem til å få eit luksusproblem når eg kjem tilbake og berre har tine sine kjedelige smakar å velga mellom.

parisfredag.
så hoppa eg i fottøyet og kom meg ut. gjekk litt langs kanalen og litt mot belleville og hylte inni meg når eg såg desse trea langs ein boulevard. ser ut som popcorn, gjer det ikkje?

parisfredag.
fant eit rarfint bygg med ei fin trapp.

parisfredag.
denne lille parken er rett ved her eg bur, ca eit halvt minutt fra døra mi. og alle dei trea her blomstrar med rosa himmel på våren, tenk det.

parisfredag.
eg hadde på meg min blå kjole som eg for tida bur i.

parisfredag.
så gjekk eg innom patisseriet mitt.

parisfredag.
dei har så sjukt masse fint som eg ikkje har smakt enda.

parisfredag.
som enorme makronar med rosesmak, til dømes.

så brukte eg resten av fredagskvelden min på å jobba rumpa av meg også var eg ute på middag med derek som eg bur med. han seier at eg skal sei at han er "handsome" og "the kind of american you'd love to meet", haha. så da veit de det.




my paris friday yesterday; walking around my neighbourhood and browsing through a small part of belleville, before i returned to my local patisserie and spent the night working.


ein vanlig onsdag i paris.

a normal paris wednesday.
i går stod eg opp til det som eg alltid står opp til, utsikta ut mot den fine hagen og hustaka. eg har min eigen balkong og store vindauge og det er så herleg.

a normal paris wednesday.
a normal paris wednesday.
eg tok på meg min nye blå kjole og min finaste lauskrage.

a normal paris wednesday.
etter litt blogging og mailing og jobbing så gjekk eg ut for å utforska litt i mitt nærområde. eg gjekk rundt inne på casino i kanskje ein halvtime og såg på ting og kva dei heiter. dei har masse rart her i frankrike.

a normal paris wednesday.
som pose-makronar. toro, liksom. gjer det sjølv.

a normal paris wednesday.
og pakkane med knekkebrød har sjølvsagt reinsdyr på seg.

a normal paris wednesday.
så gjekk eg på sephora og brukte litt pengar.

a normal paris wednesday.
eg åt frukost/lunsj på min stamkafé, croque madame som vanlig. og to koppar café creme så eg var tvungen til å sitta der og lesa bok bok bok. eg vil helst eta frukost ute kvar einaste dag for det er så godt.

a normal paris wednesday.
så gjekk eg litt rundt og litt langs kanalen og sola skein og ein må berre ha igjen augene med ansiktet mot og nyta. eg sat på ein benk og las meir bok og drakk ein boks med cola light.

a normal paris wednesday.a normal paris wednesday.
på veg heim såg eg mange fine hustak. eg samlar på dei, ikkje bevisst men det skjer berre. dei er så sjukt fine.

a normal paris wednesday.
heime fekk eg beskjed av han der fine om å sjå den nye glee-episoden, pronto! så det gjorde eg og den var veldig fin som vanlig.

a normal paris wednesday.
mens eg såg glee så knefta eg alle flaskene mine, for det gjer ein her når ein resirkulerar.

a normal paris wednesday.
så rydda eg i sminken min, ein sånn sak som eg elskar å gjera. kasta tomme mascaratuber og tømma ut alt av rusk.

a normal paris wednesday.
på kvelden åt eg ein bra middag, tagliatelle med pesto og mozzarella men den var så god at den ikkje fekk vera med på bilde. så jobba eg masse og skreiv masse til magasinet.

a normal paris wednesday.
og når kvelden nesten var over fekk eg eit lite glas rosévin av meg sjølv og eit par episodar med sex and the city. (og til dei som no skal kommentera mitt kommande alkoholproblem og skrumplever: dette er ei sånn pyttelita flaske med vin, og eg har hatt den i kjøleskapet i ti dagar)




this is what a normal wednesday looks like in paris. going out to explore, breakfast at a café, some shopping, some reading, glee, recycling, pasta pesto for dinner and then a glass of wine.


jardin du luxembourg.

jardin du luxembourg.
her ein dag denne veka åt eg frukost i jardin du luxembourg. quiche lorraine og pellegrino. eg sat på ein benk med utsikt mot eiffeltårnet, eller ein såg i alle fall toppen på eiffelttårnet og det er magisk nok.

jardin du luxembourg.
så gjekk eg litt rundt og fann desse. blømande tre. begynte nesten å grina, men eg ville ikkje vera den jenta så eg beit meg i leppa.

jardin du luxembourg.
fantastiske rosa bitar av himmel. åh.

jardin du luxembourg.
fekk lyst til å ta med ei grein heim men sånt er jo ikkje lov eller bra.

jardin du luxembourg.
så gjekk eg og satt meg på ein annan benk og skreiv brev. ganske så fin dag. i dag er det laurdag! i paris! tenk det.



i spent a day in jardin du luxembourg this week to eat breakfast and i came across some trees with flowers blooming and it almost made me cry.


første dag i rue de joinville.

i går flytta eg jo som sagt inn i den nye leiligheten. eg veit ikkje kor mykje bilder eg skal visa av leiligheten enda, det kan jo vera litt ekkelt og sånn også har eg ikkje snakka med derek om det heller men kanskje det kjem kanskje ikkje, no veit de i alle fall at eg har tenkt på det.

first day in the new apartment.
dagen i går starta med femti kilo med bagasje i mange trapper fordi heisen i bygget er ødelagt akkurat no. så gjekk eg ut og åt frukost, ein croque madame, sjukt sjukt godt. så begynte innflyttingen, og eg var den store franske klisjeen ute i gata med baguettar og blomar under armen, men veit de kva? kanskje kvar tredje person ute på gata har baguettar under armen. det er faktisk sant.

first day in the new apartment.
så måtte eg henga opp kleda mine i det lilla skapet. nokre klede skal vaskast...

first day in the new apartment.
...medan andre får henga fint i skapet. ser ut som eg likar blått og lilla meir enn eg trur.

first day in the new apartment.
over senga hang eg opp ein av mine nyaste kjolar pluss det fantasiske paris-kartet eg fekk frå inga på au revoir-festen min! det er så superfint, eg elskar å ligga i senga og sjå på det. obs: bildet er skeivt, ikkje kartet!

first day in the new apartment.
det er i fine duse fargar med alle monumenta i små teikningar, nesten så ein vil tatovera dei alle på kroppen for dei er så utsøkte.

first day in the new apartment.
til middag åt eg fullkornspasta+pesto+mozzarella+cherrytomater. eg syns cherrytomater skal heite kirsebærtomater i noreg, for det heiter dei her. tomate cerise.


i dag vaskar og ryddar eg litt meir, det tar litt tid å gjera eit hus til ein heim, men eg er godt på veg. gler meg sånn til å blogga herfra framover, det er heilt perfekt. i går kveld sat eg på balkongen i ein time og berre såg på kanalen og på folk som var på veg heim eller til nokon dei er glad i eller for å slå opp eller kanskje hadde dei allereie gjort det. magiske, magiske paris.


ps: de må gjerne ønska innlegg medan eg er her, det syns eg er så fint.



yesterday was my first day in rue de joinville, my new flat in the 19th arr. there was a lot of moving in and in between there were flowers and baguettes. today i'm cleaning too, it takes time to make a house a home.


keel's simple diary.

keel's simple diary.
eg har kjøpt ei fin bok med sølvfarga kant som ser ut som ein bibel.

keel's simple diary.
keel's simple diary heiter den og den er ei magisk dagbok.

keel's simple diary.
istadenfor å skriva side opp og side ned skal ein berre kryssa ut og fylla inn, som i skuledagbøker i sjetteklasse, berre bedre.

keel's simple diary.
til dømes ville eg ha skrive JAF om eg skulle ha skjært noko inn i eit tre, initialane til han som eg elskar.



i bought keel's simple diary just a few days ago, and i like it so much!


rose og basilikum.

i dag har eg altså fått min nye leilighet. noko av det som er så fint med å flytta inn ein ny plass er jo at ein får kjøpa inn heilt ny mat, så i dag har eg hamstra på monoprix og kjøpt ein masse bra greier. elskar å gå fram og tilbake i hyllene, lesa på ingrediensane og snegla litt på rare forpakningar og prøva å forstå kva det faktisk er ein har i hånda.

food.
dette høyres nok litt sprøtt ut, men eg har altså kjøpt confit de pétales de rose, som er eit slags rosesyltetøy. eg har ikkje smakt det enda men håpar den er så god som glaset er fint.

food.
noko anna som er best: fersk basilikum for ein og ein halv euro. <3 no har eg fylt opp kjøleskapet og er klar for kvardag!


no pakkar eg ut greiene mine på rommet mitt. eg bur i nittende arrondissement og her er det så sjukt herlig for det er ingen turistar her, ingen som kjem hit for det finst ingen attraksjonar, berre folk. rare franske fabelaktige folk. åh! men har litt hjartevondt i dag likevel. det er vel ikkje til å komma unna. håpar de har det bra der heime og at de skjønnar kor sjukt bra de er! suss.



today i've moved into the new apartment and one of the best things about that is being able to buy new foods! i love grocery shopping, especially abroad. i spent an hour or so in the store and came home with a lot of food, including rose confit(it's like a jam but not really) and fresh basil for only 1.5 euro! i'm really fond of my neighbourhood and the people here are so strange(no turists). but i do miss j though.


aleinedag.

alone in paris.
i går våkna eg i den vakraste byen i verda og følte meg klar for å gå ut. eg bur jo på hotell og har ikkje frukost her, så eg må ut av huset for å eta. eg køyrte metro til fjerde arrondissement, men klarte å gå av feil og gjekk meg ganske så vill og gjekk skikkelig lenge.

alone in paris.
da dett ein innom rare og fine små plassar med rare og fine små greier.

alone in paris.
som tekoppar i porselen.

alone in paris.
og rob ryan-greier! sjukt fine tallerkar som eg vil ha.

alone in paris.
rare puter.

alone in paris.
dit eg egentlig skulle gå var det heilt fullt og da fekk eg litt panikk og tenkte kva i alle dagar gjer eg no herregud herregud herregud men så tok eg meg saman og gjekk berre inn ein plass, bestilte ein club sandwich og las i mine nye magasin.

alone in paris.
thé à la menthe. så shoppa eg litt i marais før eg tok metroen heim, begynnar å bli skikkelig flink til å vera aleine no.

alone in paris.
heime prøvde eg på mine to nye kjolar. ein med blomar på, som de nesten ser her.

alone in paris.
og ein blå med kvite prikkar. tretti euro kosta det for begge to, ganske så kult.

alone in paris.
etter litt viktige magasingreier og litt heimesidemekking gjekk eg ut og kjøpte kinesisk take-away som eg åt på rommet mens eg såg friends(the one where joey speaks french.<3). sjukt bra dag! eg søv til og med om natta no, og det hadde eg aldri trudd. drøymer om små grisar og om bestemor.

no skal eg ut på livet, håpar de får fortreffelige dagar kvar enn de er i verda! i dag er det overskya her men av og til litt sol, om de lurte.



yesterday i finally spent an entire day outside all by myself. i ate lunch and drank tea and went shopping and walked and walked and walked, it feels amazing! i'm even sleeping at night. i'm getting good at this already.


oppdatering.




eg bur framleis på hotell i 10.arrondissement, i morgon tar eg alt eg eig i ein taxi og reiser opp til kanalen og min nye leilighet. nøklar i veska og hjartet i halsen. fram til i går var eg egentlig ganske så handlingslamma, var mykje inne på hotellrommet og visste ikkje heilt kva det liksom var meininga ein skulle ta seg til aleine i paris. men i går, på veg heim fra monoprix med matvarer i hendene så fekk eg plutselig ein sånn ro over meg som fekk meg til å innsjå at eg ikkje er redd lenger. etter tre dagar med paralyserande frykt for alt som befinn seg utanfor hotellrommet føltes det så sjukt fantastisk. eg måtte smila heile vegen heim, den typen smil som ein prøver å tona litt ned fordi det er masse folk rundt ein og ein vil jo ikkje at folk skal tru at ein er heilt gal heller. eg skriv tekst, masse tekst, eg skypar med folk eg er glad i og gjer planar med folk eg ikkje eingong kjenner. det startar no.

og ein annan sak: de har vore så fantastiske dei siste dagane, de har kommentert så mykje og sagt så mykje fint og de anar ikkje kor mykje det betyr for meg akkurat no. takk for at de er så fine. suss.



just a little update: i'm still in a hotel, leaving for my apartment tomorrow. i've been quite paralyzed up until now, i haven't really wanted to go outside the hotel room at all but yesterday it kindof let go and now i feel like i'm finally ready.


montmartre.

montmartre.
siste dagen han der fine var her gjekk me til montmartre. me gjekk store omvegar så me skulle få pusta inn så mykje paris ilag som me berre kunne.

montmartre.
tripptrapphus.

montmartre.
og fantastisk utsikt som gjer at eg ikkje skjønnar kvifor folk vil bu nokon annan stad sjølv om eg jo gjer det likevel.

montmartre.
etter litt vintage, litt kyrkje og litt panini full av tårer gjekk me for å eta den beste creme bruleen eg nokon gong har smakt. åh!

montmartre.
også skreiv me i parisboka mi ned fine adresser og sånt som eg vil skriva om i magasinet. og det var egentlig slutten på den dagen, for me var så lei oss at me mest låg i hotellsenga etter det, med vondt i magen og i håndledda. eg er heilt aleine no og det er fantastisk og fantastisk vondt. og no skal eg på loppis om eg klarar å finna den.




our last day together was spent in montmartre really just holding hands and trying to breathe through our noses and not think about how it was going to feel when he left.


den store sukkersjokkdagen.

paris, day two.
dagen i går starta med to mini-makronar fra vårt lokale patisserie. og frukost, sjølvsagt. 70 cm med baguette. eg har funne eit patisserie som sel grove bagettar, dei heiter "scandinave", ganske så fint.

paris, day two.
på veg til metroen om morgonen går det til dømes an å stoppa for å sjekka blomeprisar, for det kjem sjølvsagt til å vera aktuelt for meg framover.

paris, day two.
stoppa og såg litt på sko óg. dette er mitt nyaste handlenett, det fekk eg av janne og det er fra samlaget, det er så fint og det er ingen her som forstår kva som står.

paris, day two.
metrokart.

paris, day two.
me køyrte metro til den beste issjappa i byen, og eg fekk to kuler. bitter sjokolade og lakris. sjukt godt.

paris, day two.
så spaserte me litt rundt omkring og eg trudde ein telefon ringte under brua men det var berre han der fine sin mobil.

paris, day two.
og eg var så glad i mi nye alpelue.

paris, day two.
notre dame fra langtvekk.

paris, day two.
så kom me hit! finaste bokhandelen.

paris, day two.
fin fotobok.

paris, day two.
fine postkort og bilder.

paris, day two.
fin fin fin bok.

paris, day two.
så gjekk me til himmelen, også kjent som ladurée. åh. me bestemte oss for å ta lunsj der og fekk dermed denne menyen som såg ut som ei bok.

paris, day two.
dei har det finaste serviset som eg skulle ønska at eg hadde sjølv.

paris, day two.
den finaste personen i verda.

paris, day two.
han der fine sin club champs-élysées.

paris, day two.
eg fekk ein fantastisk fruktsalat.

paris, day two.
også drakk eg te som smakte roser. som sagt: til alle som kjem i bryllupet vårt: dette serviset vil eg ha. i alle fargar.

paris, day two.
litt himmel fekk bli med heim óg, i den mest fantastiske grøne posen ein kan tenka seg.

paris, day two.
så shoppa me litt. på paul smith hadde dei fint tapet i trappa.

paris, day two.
og fine bilder.

paris, day two.
så gjekk me til eit stort varehus der eg fann mitt drømmestoff, det med rosene på. åh! den som fekk ein kjole i det stoffet.

paris, day two.
og med alle silkebånd på.

paris, day two.
han der fine kjøpte seg ei sløyfe óg.

paris, day two.
matavdelingen var så sjukt fin óg. dette er makronar i halve, så ein kan fylla dei sjølv. eller det veit eg forresten ikkje, men det ser sånn ut.

paris, day two.
me kjøpte ei flaske med champagne i alle fall, og drakk den i senga.

paris, day two.
med makronar.

paris, day two.
og lykke i plastglas.

paris, day two.
så tok eg elsklingen min under armen og gjekk på kino. me såg love and other drugs og den var skikkelig fin. me sat i ein pytteliten filmsal med kanskje sju andre personar. dei lo av dei franske reklamane før filmen og da følte me oss som turistar, men det gjekk fint likevel. så gjekk me heim og drakk vin som var så ekkel at det var morsomt og kosa til me sovna.

og i morgon startar mitt aleine-liv her i paris, og eg gler meg skikkelig samtidig som dette er den verste dagen på lenge. han reiser om morgonen og eg er veldig oppteken med å sussa kvar einaste lille bit av hud på kroppen hans.



my day yesterday: ice cream, walking aimlessly around, old and new books, a long stay at ladurée(heaven), some shopping, some macaron eating and champagne drinking, and then we went to the movies! we saw love and other drugs and i really liked it.


elleve bilder fra ein dag i paris.

paris, day one.
første morgon i paris starta med vintageshopping i 4.arr, og det gjorde me egentlig heile dagen. hoppa fra pyttelille sjappe til pyttelille sjappe, prøvde sikkert tjue kjolar men ingen var heilt rett.

paris, day one.
han der fine fekk lesa kart for radaren min var litt ute av trening. eg pleier vanligvis å vita akkurat kvar eg er og akkurat kvar ting er i forhold til meg.

paris, day one.
av og til må ein berre stoppa opp og stirra opp, for det er så fantastisk i paris.

paris, day one.
og ein mini-makron på det.

paris, day one.
så gjekk me i ein fin bokhandel og eg kjøpte ei skikkelig brafin fotobok.

paris, day one.
og ein heil del postkort.

paris, day one.
etter masse shopping(sjølv om eg ikkje hadde kjøpt ein einaste liten ting) var det blitt mørkt.

paris, day one.
me gjekk til notre dame, for han der fine skulle spela inn lyd under messa. (ps: kvifor er det så få som kjøper plata? eg syns det er heilt rart, den er jo det beste ein kan høyra på uansett kva tid det er på døgnet eller korleis ein har det. ein kan kjøpa den her, og det er sju spor på plata, altså i alle fall tre som de ikkje har høyrt fra før. så kjøp den og støtt fattige norske kunstnarar, forfader! så han kan laga enda finare musikk og kjøpa blomebukett til meg neste gong han kjem til paris)

paris, day one.
etter det åt me middag på meksikansk restaurant og drakk margaritas. <3 så gjekk me tur og snubla over laduree!!! meir om det seinare.

paris, day one.
paris, day one.
og etter det var det berre kjærleik og drinkar i senga. tenk at eg har noko så fint. <3



my first day in paris: vintage shopping, a whole lot of postcards, notre dame, mexican food & margaritas and kissing a lot.


litt om paris og om magasinet.



fotos: ida pyk

no tenkte eg at eg skulle fortelja litt om kva som kjem til å skje framover. akkurat no er eg og han der fine på liksom-ferie her i paris. me bur på eit hotell i gare du nord, og han reiser på laurdag. så er eg åleine på hotell, fram til tiande. då flyttar eg inn i ein leilighet som eg leiger privat gjennom craigslist. etter det er eg åleine til den attende, for då startar folk å komme. folk som skal eta middag med meg og som skal hjelpa meg å laga magasin, for det er jo tross alt det eg er her for å gjera. eg skal bu i paris til slutten av mars/starten av april, det er ikkje avgjort enda. eg skal bu i 19. arrondissement, til dei som lurer på det, og eg skal bu med ein mann.

angåande paris-guide: eg kjem ikkje til å legga ut nokon guide på bloggen. det høyres sikkert skikkelig slemt ut, men ein stor del av magasinet kjem til å vera nettopp ein bra paris-guide og da føles det veldig dumt å skulla gi bort den informasjonen gratis, sidan dette jo er jobben min og sidan det jo kostar ein del å bu her i to månadar. så om det ikkje står adresser eller navn på plassar eg er, er det fordi eg "sparar det" til magasinet. eg kjem til å blogga om kvardagen min, om små ting eg kjøper, om mat, om film, om musikk, om bøker, det blir veldig som vanlig men med ein paris-twist. eg kjem til å møta nye menneske og utvida horisonten min på veldig mange måtar, og de kjem til å få bli med på det. guiden kjem, og den kjem til å bli heilt sjukt bra. eg har allereie mange adresser å dela, og eg har kun vore i paris éin dag enda. når magasinet har solgt ut kjem eg til å legga guiden ut på bloggen, som eg gjorde med oslo-guiden óg. håpar de har forståelse for det og at det ikkje virkar altfor kjipt.

magasin nummer tre kjem til å bli det beste nokon gong, og eg kjem til å auka både opplaget, sidetalet og prisen(pyttelitt altså, ikkje noko dramatisk). forhåndssalget kjem til å starta ca midt i februar, og eg håpar de verkeleg kjem til å kjøpa kjøpa kjøpa så masse de berre kan og vil. av erfaring kan eg sei at det kjem til å gå tomt, og da er det jo litt trist å vera utan. og dessutan er det så trist om eg sit igjen med 500 magasin óg liksom. magasinet(og eg) er heilt avhengig av at de omfavnar prosjektet og kjøper magasinet, skriv om det på bloggane dykkar og blir med i facebook-gruppa. det er superviktig og de er superfine.


om det er noko meir de lurer på syns eg at de skal spør i kommentarfeltet også svarar eg der litt etterkvart.



about my time in paris: google translate please!


bonjour.



hej og god morgon! paris er fantastisk, han der fine er fantastisk, eg har det skikkelig bra. no skal me ut på livet, eg i min nye kjole og han med blå sokkar. i kveld kjem meir enn photobooth-bilder, lovar! håpar de har det bra der heime eller kvar de er. takk for alle fine kommentarar, dei varmar. suss.


good morning from paris! i'm a very happy girl! tonight: something more than photobooth photos! pramis.


au revoir.



no reiser me. til paris. det føles uvirkelig og heilt fantastisk og på kanten til sinnsjukt samtidig. eg gler meg sånn at eg ikkje forstår det eingong. me sjåast i paris, fine folk! au revoir.


leaving for paris! now! wow!


åh, google street view.


eg googlar området rundt leiligheten eg skal bu i fra og med tiande februar, og rett rundt hjørnet finst ein masse kirsebærtre. åh, hjartet mitt hoppar av glede. kunne ikkje venta med å sei det eingong.




i'm googling my upcoming neighbourhood in paris, and right around the corner are cherry blossom trees. <3


det beste å tenka på...



fotos: elsa

...er at asfalten er bar i paris. og om berre nokre dagar er eg der med ein fin ein å holda i hånda. me skal sova på shabby hotell og eta dyre frukostar og billige frukostar kanskje annakvar dag, kjøpa makronar og gå i parken og på loppemarknad og klina på metroen. kanskje om det regnar kan me kjøpa champagne og drikka den i senga, eller kjøpa den største paraplyen i verda og ikkje vera redd for at den passar i kofferten for den skal tross alt ikkje tilbake til noreg på ei god stund. og etter nokre dagar reiser han opp igjen til glatte gatehjørne og tom leilighet. da er eg aleine i verdas vakraste by. & eg er ikkje redd lenger.




in a week i'm in paris with the boy i love and we might be drinking champagne or at the movies or eating chicken in some secluded restaurant. after a few days he's going back home and i'm going to stay there. in paris. alone. but i'm not afraid anymore, and that's the best thing ever.


paris.

eg vil skriva om dei beste frukostplassane, dei beste barane, den beste vinen, den beste osten, dei beste loppemarknada, dei beste vintagesjappene, dei beste gåturane; ein komplett guide til mitt paris. så vil eg skriva om kor vondt det gjer bak ribbeina når han reiser igjen etter å ha lukta på han i nokre dagar, korleis det føles å møta foreldrene sine i ein annan by, korleis det føles å sovna aleine. om å ha ei eigen flaske rom i frysaren, om å ha utsikt til kanalen, om menneske eg ser på metroen, i kyrkjer, katedralar, på bon marche. personar eg blir kjent(fotografar, skribentar, forfattarar, kunstnarar, designarar, magasinfolk) med og klipper håret til i raudvinsrus, raude lepper og lilla tunge. fem sovande stk. i senga samtidig, tominuttsdusjar for å spara på varmtvatnet. sjekkar at døra er låst sju gongar før eg får sova, gløymer at vatnet i springen ikkje er godt. om å eta middag på skype med han som eg elskar over alt på jord og sussa webkameraet før eg legg meg til å sova.


kva vil de sjå fra paris? spesielle plassar eg skal gå? ting eg skal gjera? skriva om? sjå? eta?

ps: alle dei fine jentene som bur i paris og som kanskje vil møtast: send meg ein mail! eg er litt treig med å svara på mail for tida, men skal prøva å legga dykk til på facebook!




in about a week i'm leaving for paris to live for two months, and i'm looking forward to a lot of things like the food and the wine and the being alone and the flea markets and vintage shops. meeting my parents in another city, people coming to visit and getting to know new people. but i'm also dreading the moment he leaves, it will be absolutely horrible. is there anything you would like me to do in paris? places to see or go or things to do or write about?


eventyr.

eit sug i magen kvar gong nokon nevnar paris, blir transformert til den verste grinejenta kvar gong eg høyrer ein song om paris, kvar gong nokon må reise fra kjæresten sin på tv. det er ikkje lenge til eg reiser no, til paris, til min favorittby, for å laga magasin og for å læra meg å vera aleine.

men eg gler meg óg, det er ikkje berre vondt og trist. gler meg til å gå heile dagar i parken og sitta heile dagen på kafé og eta makronar fra masse ulike plassar berre så eg kan sei kva som er best. å ta trappene opp til toppen av eiffeltårnet, å synga med på intimkonsert utanfor sacrè coeur. å sleppa snøfebruar, å få kirsebærblomane i mars, å få massevis av fine folk dit som kan sova på golvet mitt eller i senga mi også eta frukost ute .creme brulee på le cafè des 2 moulins, sykla gjennom byen på ein lånt sykkel, finna gater og plasser i hjartet mitt som ingen har funne enda. og å skriva om det vonde heilt usensurert og for første gong kanskje publisera det.

tenk kor bra livet faktisk kan vera om ein berre tør å hoppa i det. om ein berre tør å laga noko nytt til middag, å sei hei til ein ny person, å gå på ein fest ein egentlig ikkje har lyst til å gå på fordi ein kan bli overraska, å høyra på ny musikk, å la seg sjølv utvikla og ikkje alltid tenka at ein veit best eller at ein ikkje kan komma lenger. ein set opp blokkeringar for seg sjølv men ein treng ikkje gjera det om ein ikkje vil.

berre sånt som eg tenkjer på i dag.




i'm thinking about paris a lot. on the first of february i'm moving there for a couple of months and i'm really not ready to do it. but i'm also looking forward to it as i'm going to have the time of my life and learn so much about myself in a new environment, alone.


paris.



no har det seg sånn at eg reiser til paris første februar for å laga magasin nummer tre som sjølvsagt kjem til å handla veldig mykje om byen og folk som bur der. men det kjem óg til å vera ein masse andre ting, og derfor treng eg hjelp og tips fra alle som har: eg vil gjerne ha tips om fotografar, illustratørar, designarar, egentlig alle slags kreative eller vakre menneske som kanskje til og med bur i paris eller frankrike, men det er ikkje nødvendig. berre spy ut alt de har av interessant informasjon, if you please.


akkurat no leitar eg etter leilighet, så om nokon veit om nokon som skal leiga ut eit par månadar fra første februar eller kanskje eit par dagar etterpå så send meg supergjerne ein mail på mariell.oyre(at)gmail.com!




do you know or know of anyone who should be in my third magazine? or an apartment i could live in from the 1st of february?