paris / london / midnight city.
last week. music: m83 - midnight city.
bergen.
akkurat i dette sekund er eg i bergen på kafé med han der fine og eira som nettopp har komme heim fra københavn. eg drikk cortado. akkurat no! akkurat no! tenk kor kjapp eg er. i kveld flyr me til london.

i'm in bergen! drinking a cortado! with eira! right right now! our plane to london leaves tonight.
fem ting som er bra med denne veka.

at sara er her.
at sonja er her.
at eg har planar med fine personar som eg ikkje kjenner så godt.
at eg har det så sjukt bra sjølv om eg er så sjukt sliten.
at når denne veka er omme er eg bakfull på grünerløkka etter dei beste to månadane i mitt liv. <3
five things i love about this week: sara's here. sonja's here. i have plans with kindof strangers. i'm so happy eventhough i'm so tired. when this week comes to an end i'll be hung over in oslo. <3
j i paris.

i går tok eg rer b til st. michel notre dame for å gå på meksikansk restaurant. her er min forrett som var empanadas.
også hang det ein hai i taket.
også hadde eg det beste selskapet som finst, nemlig han der fine som nettopp hadde komt fram til paris! etter vår litt mislykka helg sist gong så bestemte eg at sånn fekk det ikkje vera og bestilte nye billettar til han mens han sov.
quesedillas. 
kaffe til dessert.
og ein liter margaritas. ehe.
me snakka om å vera kjærestar og om bryllup og såntfint.
og sussa over bordet så me vart heilt fnisete og raude i ansiktet.
og me teikna sånne talstrekar.
og jo javisst det! eg spurte om han ville gifta seg med meg óg og det ville han. det visste eg jo egentlig men da var det flaks at eg nettopp hadde kjøpt denne ringen. me prøvde den for nokon veker sidan, det er ein flott vintage matt cartier-ring. <3 og den går han med no og ser veldig veldig oppteken ut og det syns eg er veldig fint og rart.
yesterday my boyfriend came to paris. we ate mexican food and i gave him his engagement ring, matte gold wedding band from cartier. <3
om det her med paris.
eg har ca tusen ubesvarte spørsmål om paris i mitt eige hovud. også er det kanskje hundre til som de har og eg tenkte eg berre skulle skriva litt om kvifor eg reiser.
i vår ein gong berre slo det meg hardt i ansiktet at eg egentlig aldri har vore aleine, og eg tok meg sjølv i å vera litt misunnelig på desse folka rundt meg som gjer ting på eiga hand heile tida. dei har kanskje ein bestevenn eller ein pappa på hurtigtast, men ingen har det som eg har; ein person som har stått ved mi side dei siste seks åra utan å vika. som eg har opplevd nesten alt med, sakna ihjel og elska så lenge. og eg vil vita at eg kan vera ein sånn person som kan vera aleine ein plass eg ikkje kjenner nokon, som klarar å handle egg til berre meg og som klarar å sovna aleine. neste haust flyttar eg og han der fine til london for å gå på skule, og eg tenkte at om eg skal gjera det så må eg gjera det no. så da bestemte eg meg for at eg berre skulle gjera det. og paris vart det perfekte valget, for det er sålangt min favorittby i heile verda.
første februar flyr eg over. eg har ingen planar så langt, sett vekk fra at det mest mest mest sannsynlig skal skapast eit heilt magasin #3 der borte, at det kjem ein heil masse folk for å sei hei og for å hjelpa til med magasinet, og at eg kjem til å vera ein heil del aleine. eg skal bli kjent med nye folk, eg skal bli bedre kjent med meg sjølv, eg skal fiksa og triksa og sova aleine og eg gler meg skikkelig. eg har ingen plass å bu, eg skal ikkje gå på skule, eg kan ikkje fransk, eg kjenner ingen. eg startar på scratch og ser kor det fører meg, for det kan ein faktisk gjera når ein har ein forlovede som seier at eg berre skal hoppa i det og fanga så mange klinkekuler eg kan på vegen. paris er ein trist og kald by om ein er aleine, og eg blir berre så lenge eg har lyst eller til pengane tar slutt(det einaste eg har er fire og ein halv boks med magasin, om eg får solgt dei ut har eg kanskje råd til to månadar). om de lurer på noko meir kan de spørra i kommentarfeltet også svarar eg eit eige innlegg denne veka. suss.

just clearing up some things about my move to paris in february: i don't have anywhere to live, i don't know anyone, i don't speak french, i don't plan on going to school there. that's about it. if you have any more questions; feel free to ask.
februar.


tenkte berre å sei at for eit par dagar sidan bestilte eg ein einvegsbillett til paris. første februar flyr eg over med to koffertar og mot i hjartet. så eg flyg litt på ei paris-sky for tida. det er den beste typen sky.

a couple of days ago i ordered a one way ticket to paris. <3
pytteliten budapest-guide.

me leigde ein leilighet ganske sentralt i pest, tre minutt å gå fra ein metrostasjon, og putalte ca 650 kroner for to netter for to personar. leiligheten hadde kjøkken med kjøleskap og kokeplater og dei vaska og skifta på sengene kvar dag. det er internett på romma(sjølv om dei som jobbar der trur at det berre er internett i resepsjonen, berre spør etter passordet og bruk internett på rommet, om du ikkje har bærbar kan ein låna datamaskina i resepsjonen) og høgt under taket. dei som jobbar der er heldigvis ganske flinke til å snakka engelsk. det finst matputikk med kjøttdisk og ferskt brød rett nedi gata og er ca fem minutt å gå fra ein stor stor park. rommet var ut mot ein bakgård, så det var ingen trafikkbråk eller noko, og det finst óg ein hage ein kan sitta i.
goa, andrássy utca 8. link.


supergod mat til ein ganske billig penge, og drinkar óg. midt i high fashion-gata med armani rett over gata og veuve clicquot sin eigen restaurant litt nedi. gratis internett og kelnerar som er høflige og snakkar bra engelsk. om me hadde hatt fleire dagar hadde me reist hit mange fleire måltid.
fausto's osteria, dohány utca 5. link.


den. beste. maten. kelnerane snakka så behagelig at ein fekk lyst til å ta opp stemmene deira og spela dei av før ein sovna om kvelden, maten var så god at ein åt den supersakte og vinen var så god at dei måtte skriva ned navnet for meg. tre-retters måltid pluss tre glas vin kosta 17.000 forint inkludert tips, litt mindre enn femhundre kroner for eit herremåltid på ein restaurant rett fra michelin-guiden. (kle seg fint og skru av mobiltelefonen, men ikkje så stivt at det blir ukomfortabelt)
centrál kávéház, károlyi mihály utca 9. link.



eit kaffehus, som det finst mange mange av i budapest. rett ved ein metrostasjon og med tjue grader som fast temperatur inne var det akkurat det me trong når temperaturen ute bikka førti grader. her åt me lunsj og eg kunne sjå for meg å sitta ved eit bord her og skriva bøker om å vera einsam. ikkje kjøp makronane, kjøp heller dei andre fantastiske kakene og da spesielt den sjokoladebomba me åt. fantastisk kaffi, fantastisk limonade. perfekt lunsjplass. (tips herfra)
om budapest/reising generelt(obs: dette er mine personlige meiningar, erfaringar og mine tips, men folk får sjølvsagt reisa akkurat som dei vil):
- eg skyr turistplassar. eg kan ikkje fordra å sjå folk med peikefingeren inni "turen går til..."-boka si medan dei gestikulerar med den ledige hånda og prøver å forklara kor fantastisk dette monumentet er. reis utanfor sesongen, reis utanfor turistplassane om de vil kjenna på det ordentlige hjartet av ein by. berre gå, les bloggar om byen, personar og ikkje lonely planet(sjølv om lonely planet jo faktisk hjalp oss mykje på turen så var det ikkje til å finna fram til det og det slottet eller museet).
- ikkje sjå ut som ein turist heller, det er turistar som blir rana uansett kor mange rumpetasker eller beltelommebøker ein har. om du ser bortkommen ut er du eit ganske lett bytte. prøv å bland deg inn med dei lokale, det er da, tykkjer eg, ein får den beste opplevelsen av ein by.
- gjer research på restaurantar, finn ut kvar det er bra mat og kva som finst i områda rundt. ofte når me er ute på reise planlegg eg gjerne ein heil dag rundt eller fram til eit restaurantpusøk. mat har så himla mykje å sei når ein er på ein framand plass, og eit dårlig måltid kan øydelegga ein heil dag.
- køyr kollektiv transport. i byar finst det alltid ein vennlig sjel som kan engelsk som kan hjelpa deg om du har gått deg vill, og metroen hjelper deg alltid tilbake dit du kom fra. å køyra taxi er dyrt og unødvendig når det finst billigare og bedre alternativ. om du køyrer taxi bør du finna ut på forhånd kva taxiselskap ein kan og ikkje kan stola på(står til dømes ei liste i lonely planet, eller ein kan spørja i resepsjonen der ein bur, dei veit alltid), det finst mange historiar der folk blir svindla, rana og trua til å gi fra seg meir pengar. avtal summen på forhånd.
- sjekk kvitteringen og vekslepengar. budapest er ein by der tips ofte er inkludert i rekninga, og om ein ikkje er oppmerksom kan det henda ein tipsar dobbelt(ukult). det er óg kjent som ein by der det ikkje er vanskelig for kelnerane å legga på tusen forint på rekninga som ikkje skal vera der, eller at det er for lite vekslepengar tilbake. tell pengane dine.
noko meir de lurer på?

my budapest-guide. there are links next to all the names of the places i'm recommending, so you can easily find out where to go and what to see.
budapest.

i går, medan eg framleis sov, gjekk han der fine ut for å handla frukost og laga den deiligaste frukosttallerkenen til meg. bjørnebærsyltetøy er kanskje det beste i verda. eller topp tusen i alle fall.

me kledde oss og gjekk ut, utanfor leiligheten vår minnar litt om ein bakgård i japan av nokon grunn.

med små tasseavtrykksplanter i taket og på veggen.


første stopp var dyrehagen, sjølv om eg hatar dyrehagar. eg var der for å sjå på sommarfuglane og på akvariet og holdt meg langt unna isbjørnane og fekk vondt i hjartet kvar gong eg såg eit bur.

det var så himla varmt så me fekk kjøpa slush, eg fekk hylleblomst og det virkar som om det er greia her nede.

akvariet.

eg tok masse hasselbladbilder av desse.

manetar.

så.

himla.

nydelige. om eg blir så rik at eg kan ha ein manetpassar og eit gigantisk akvarium så skal eg faktisk ha det.

me fekk óg helsa på dovendyra, heilt merkelige greier. me kom inn i eit rom med masse planter og høgt under taket og i glaskarmane og på stien der folka skulle gå låg dovendyra og såg såååå trøtte ut. nesten så ein håpte på at dei ikkje visste at dei er i fangenskap eingong. eg fekk klappa litt og det var fint.

etterpå tok me litt t-bane som mest føltes som ein kafé.

me gjekk på kaffehus for lunsj for me var så svoltne at me skalv litt.

taket var så himla fint.

han der fine.

og eg.

eg bestilte hylleblomst- og myntelimonade. limonade er óg heilt klart greia her nede.

eg fekk sandwich med kylling.

og han fekk spaghetti.

dessert: makronar som ikkje var allverdens, og sjokoladebombe som var fantastisk. me såg berre på kvarandre mens me åt dei første bitane saaaakte.

så vart det tomt.

og me bestilte kaffi, han der fine fekk irish coffee.

og eg fekk ein med kanel.


så var det tomt for alt, og sola kom inn for å sei hei, det finst ein heil by her ute faktisk!

så da tok me t-bana vidare. han der fine framfor parliamentet.

og inn i ei kyrkje der det vart spelt orgelmusikk.

han der fine tok opp lyd og var så stille og fin som ei mus.

så gjekk me i tusen år og tusen trapper.

opp til fiskerbastionen. der gjekk me litt rundt og eg fekk ta eit hasselbladbilde av ei japansk jente som var så himla søt og eg angrar på at eg ikkje spurte om epostadressa. men fint med sånne tilfeldige møte uansett.

og av og til må ein ta sånne teite turistbilder.

men me ville mykje heller berre sussa. så var me så himla utslitne at me gjekk bums heim på hotellet.

og bestilte deilig pizza til døra og fekk ei øl gratis til og med, og såg film i senga og pakka og kosa. no er eg heime i sogn igjen og imorgon bryt kjærleiksfestivalen ut(og medan eg skriv dette høyrer eg at regnet kjem på taket utanfor og det var det beste som kunne skje).
kva har de gjort så langt i ferien, kvar har de vore kva skal de? eg er nysjerrig.

yesterday in budapest: the lovelies breakfast made by my boyfriend, going to the zoo to admire the jellyfishes and the butterflies, lunch at the nicest coffee house, doing rather boring tourist stuff and eating pizza in bed with a movie.
budapest.

i går forsov me oss. han der fine hadde satt alarmen på ein time for seint og det var berre rein flaks som gjorde at me rakk toget vårt kvart over sju. eg rakk akkurat å klemme mamma og pappa hadet før me måtte nesten springa til togstasjonen og framme der var eg så kvalm at eg nesten kasta opp. uansett, her er mi nye veske. og litt meir av mitt nye skjørt. det var mitt togantrekk(ei togreise som skulle ta fire timar og tok sju. makan.)

me bur i pest og eg gispa då eg opna døra inn til leiligheten for det er eit enormt vindauge med sprinklar her og til og med ut mot ein jungel.

togantrekket mitt fekk henga til tørk medan me gjekk ut.

me gjekk til ein veldig it-restaurant i andrassy utca, som er liksom motegata. han der fine skula mot armani under heile måltidet og prøvde etterpå den finaste jakka nokon gong men pyttelitt for stor så neitakk.

me var supersvoltne, for me hadde ikkje ete særlig frukost og klokka var halv fire.

eg fekk rosmarin-penne med biffstrimler. innmari godt.

han der fine fekk sverdfisk og pærer og sylta ingefær.

etterpå drakk me drinkar. han der fine fekk southern comfort, ein ny favoritt.

og eg drakk ein god gamal cosmo som var veldig veldig god.

etterpå kjøpte han der fine ein drøm fra lanvin, den får de sjå før de anar det. så for me på ein putikk for rastepause i leiligheten. me bur supersentralt og superbillig, meir om det seinare.

vatn med jorbærsmak(<3) og saltstenger med lauksmak(<3).

så dusja me og kosa og slappa av og vips var klokka masse og me pynta oss og gjekk ut.

me gjekk til ein av dei beste restaurantane i byen, ein italiensk osteria som er i michelin-guiden. me åt purresuppe til forrett som eg vil prøva å laga heime snart snart.

me søla balsamico på duken.

han der fine fekk rumpsteak med smørpoteter og fantastisk sopp.

eg åt and med grønnsaker og peanøtter. himla godt.

og eg hadde på meg den mest grelle neglelakken nokon gong.

til dessert fekk han der fine tiramisu.

og eg fekk sorbetto som var bitter og frisk og alt samtidig.


og det var den dagen i budapest. eg føler meg som meg sjølv igjen, det er så deilig å kunne gå nedover gata og ikkje føla seg trua av blikk og folk som ler åpenlyst av den ein er mest glad i i heile verda. storby er heilt klart greia. heia budapest!

our first day in budapest: the trainride from hell, then the most amazing apartment(at the price we're paying we should be living under someone elses bed), lunch in the shopping street, my boyfriend got something beautiful from lanvin(at dior, who would have thought), beer and melon for the apartment fridge, going out to an italian michelin guide restaurant with the most amazing food, then going home and turning off the lights.
to dagar i ungarn utan dei andre.

for eit par dagar sidan reiste dei to andre familiane til venezia, medan me er igjen her. da blir det masse tid til å lesa i senga, og akkurat no brukar eg eit polaroid-bilde eg tok her som bokmerke.

me reiste inn til tapolca, den lille byen der me har budd to sommarferiar før. gjekk i parkar og såg med store auge sånt eg såg då eg var lita. rart og veldig fint.

dette er ein karpedam.

dette er espen, han er tøffare enn toget og ville heller vera i ungarn med oss enn å reisa til venezia.


me åt på hotel gabriella, den mest fantastiske maten.

til forrett åt eg ei slags cannelloni berre at det var ei pannekake. med pasta. med paprikasaus. supergod. hovedretten var så god at eg ikkje tok bilder av den, altså.

søster og pappa.


på veg til og fra stranda og bussplassen går me forbi ein kvalp og kvar gong må me stoppa for å klappa han og no kjenner han oss igjen og blir så innmari glad kvar gong me kjem forbi. alle andre hundar her berre bjeffar så han blir enda søtare på den måten.


i går tok eg og han der fine ei stor second hand-runde, og de vil ikkje tru kor mykje himla fint eg har funne her. nesten ingen klede, da, men så mykje anna fint. det er så mange second hand-putikkar her og ikkje utplukka, så ein finn yves saint laurent saman med helsetrøyer, liksom. i den eine second hand-sjappa var det nydelege wella-plakatar sikkert fra seint åttital/tidlig nittital.

etterpå gjekk me til pizzeriaen der me alltid(typ kvar kveld) gjekk før. han der fine var glad.

og eg fant ut at eg kanskje likar gorgonzola.

etterpå spelte me kort på balkongen og eg hadde på meg mitt nye skjørt som ein kan plukka druer og epler fra.

og fin sløyfe i håret. (her ser det ut som eg har dei største puppane i verda men eg har ikkje det altså)


han der fine hadde på seg si nye skjorte og me sussa ein heil del.

så gjekk me til bacchus, ein restaurant tohundre meter fra pensjonatet der me bur.

espen + søster.

etter maten får me alltid palinka, ungarsk snaps. han der fine og pappa må som regel drikka for oss alle, men da blir dei i så godt humør så det går bra.

pappa.

søster.

heime igjen tente me opp absolutt alt av mygglys og myggspiral og drakk musserande vin som var superkald. fra plastkoppar, som det skal vera.

espen og han der fine spelte sjakk.

og her fortel pappa ei historie.
i dag har vore enda meir second hand-shopping(i eit fjøslignande bygg), limonade, lærveskekjøp, ferskenis. i maxi-taxien på veg heim opna me alle vindauge på vidt gap og eg fantaserte om kor vidunderlig det ville vore å stå midt i ein storm i eit så varmt land. i noreg skal det regna dei to neste vekene og det kunne ikkje ha passa meg bedre.

the last days have been quiet around here as the other two families(minus espen) left for venice. we've been eating and shopping and drinking and laughing. second hand-shopping surprisingly turned out to be a huge success here in rural hungary.
balaton sound festival.

i går gjorde eg og han der fine noko av det skumlaste eg har gjort; me tok tog i aust-europa. mot zamardi og heineken balaton sound festival, som er ein stor elektronika-festival. han der fine elskar elektronika så det var jo ganske naturlig.

han spelte kabal på toget.

eg tok av meg skoa med éin gong eg kunne, eg hadde gnagsår berre fra å ha gått fra huset til togstasjonen og skjønte at eg kanskje skulle valgt eit anna par. plasteret er jungelboken, om nokon lurte.

min forlovede. med lady gaga-tskjorte.

det var så klamt så eg måtte ha håret opp og såg ut som ei søt gamal dame. eg les ei nydeleg bok, den får de sikkert høyra meir om seinare. og eg veit at eg sa eg ikkje likar å lesa lange bøker, men det er heilt klart eit sommarfenomen eg set pris på. foreløpig.

toget vårt vart altfor masse forsinka for det var ein frustrert ung mann som hadde hoppa framfor toget ein plass(lurer sånn på kven han var og kva han tenkte). vel framme var det altfor mykje folk, så me åt litt drittmat og kjøpte drinkar. bacardi+cola og jack daniels+cola. så sat me i graset i eit par timar og las og las og kosa og prøvde å unngå at folk tissa på oss.

så kraup me fram fra vår lille hole for å sjå tricky. sola var begynt å gå ned og det var ganske fint. litt til høgre i bildet kan ein sjå ein heisekran. der heisa dei folk opp også hoppa dei i strikk. eg fekk sug i magen av å berre sjå.

og det var aldri noko vanskelig å vita kven hovudsponsoren var.

dama som sang med tricky. med billy holiday-tskjorte og dei mest sensuelle dansebevegelsane eg nokon gong har sett. også flink til å synga, da. til venstre i bildet er ei lita jente som dansa og var så sjarmert av han der fine. han var sjarmert tilbake óg da(og i heile dag har me snakka om når me blir foreldre).

øl i graset, som det skal vera.

så vart det ganske mørkt og det var fram med glitterbuksene.

inne på vinområdet hadde dei fine girlander med lykter inni, så himla fint at eg kunne tenkt meg å hatt heime. her solgte dei frøccs. frøccs=ei heil flaske vin pluss to komma fem desiliter farris. det kosta tusen forint, ca tretti kroner og tenk at det får ein ikkje eit halvt vinglas eingong for i norge.

så. begynte det. chemical brothers, det me hadde reist for å sjå. dei er ein av favorittane til han der fine og det var ein så himla himla himla magisk konsert. eg dansa i ein og ein halv time i strekk og eg dansar aldri utanom på stolen, bassen traff meg i kroppen så heile kroppen vibrerte og eg følte meg som del av ei bølge eller ein elefant.

eg tok dette bildet av han der fine og han er så fantastisk altfor kjekk for sitt eige beste. berre seier det, altså. i tilfelle de ikkje har lagt merke til det enda.

det var eit fantastisk visuelt show óg, og eg ville aldri at det skulle ta slutt. då me endelig kom heim i dag tidlig sat mamma og pappa på verandaen og åt frukost, og han der fine hang eit "do not disturb"-skilt på verandadøra vår, finast. så sov me og sov og sov og sov og i dag har eg vore tørst og støl på plassar eg aldri har vore før.
takk for alle dei fine kommentarane på forrige innlegg, det er fint å vita at det finst folk i verda som til og med tykkjer me er ganske fine. håpar de har det innmari himla fint, det har eg.

yesterday my boyfriend and i took the train to zamardi for the heineken balaton sound festival. it was insane and fantastic and i danced like never before.
fra frukost til frukost.

i går fekk me endelig tak i pesto, så det var knekkebrød og pesto til frukost. stort sett.

etter frukost låg eg timesvis i senga med bok, cola light på boks og vassmelon. vassmelonen er så fantastisk god her at ein dør om ein et for mykje.

mmmmmm.

så kosa me og sov litt. det er lov på ferie.

så reiste me på restaurant. me er ganske drittlei den plassen her no for folk er så jævlig frekke at ein ikkje forstår det eingang. dei peikar og ler av oss(håret til han der fine) og dei fleste restaurantar er det utrivelig for oss å vera. ikkje reis hit om de ser noko anna enn kjedelig ut.

fin fin fin.

me var på strudel-restaurant så me følte at me var nødt til å prøva. denne er med kirsebær, den smakte nesten ingenting men det var ålreit.

han der fine fekk den raraste desserten. det virkar som om dei vil sei "dette er ikkje godt så da pyntar me med alt me har: krem, tre bananskiver, kjeksstang, melis, sjokoladesaus, blodappelsin".

etterpå kjøpte me is óg. skyt oss.

resten av kvelden var kortspel og litt øl, i dag tidlig våkna eg til blomar på bordet som pappa hadde plukka for han og mamma har bryllupsdag i dag. <3 no reiser eg og han der fine ut på eventyr, så me snakkast i morgon finingar. suss!

yesterday: finally found pesto for breakfast, being sick of people whispering and pointing at my boyfriend's hair and this morning my father had freshly picked flowers since it was their anniversary.
lunsj.

han var fin med sløyfe på. de vil ikkje tru kor mykje folk her stirrar på håret hans. i går var det til og med ei dame som tok på det. makan, altså.

eg kjøpte eit sjal på ein second hand-putikk for ti kroner.

og bak det var visst håret mitt blitt raudt! farga det i går, hih. eg vil ha det meir oransj, og det kjem med tida men det var ein fin plass å starta.

eg rulla sjalet saman.

og knytte det så det såg ut som to små øyrer på hovudet.

me delte ein pizza som var superdupergod.

vel heime etter ein traumatisk busstur(eg var pengelens og han hadde gløymt lommeboka) hadde han der fine ei marihøne i håret. og det var ein liten lunsj på ein tysdag i ungarn.

yesterday we took the bus to a little village. we ate pizza for lunch and also i've dyed my hair red.
øst-europeisk polaroid.



tre polaroidbilder fra ungarn. søster+pappa. mamma+pappa-suss. og meg i regnet. i går høljeregna det i kanskje to minutt og det var så fantastisk herleg.

three polaroids from hungary!
ungarn så langt.
før i går:

i ungarn har dei sukkerpopcorn. dei ulike fargane har ulike smakar. ein klarar kanskje å eta fem før ein blir kvalm.

han der fine på verandaen. me må ha lysa av for ellers kjem det tusen mygg. eg har fått myggstikk på puppen og på ryggen i ei dødsone der eg ikkje kjem til sjølv.

meg på verandaen.
i går:

eg, han der fine & pappa sykla til kezhtely, som er ein liten by sju kilometer fra der me bur. det var superfine sykkelstiar ved sidan av togspora og me hadde rastepause for is og vatn. me sykla på skranglekassene til pensjonatet her me bur og han der fine sin sykkel var kaputt når me kom heim. i dag har eg så vondt i rumpa at eg ikkje klarar å sitta, nesten.

i kezhtely åt me lunsj.

her er pappa veldig glad med spaghetti i heile munnen, hihi.

me reiste på slottsmuseet og der må ein ha på seg sånne flotte skoting. og nei, eg har faktisk ikkje strømpebukse på folkens!
der var det så fint:




dette rommet hadde heilt fantastisk lys på grunn av dei raude fløyelsgardinene. og rommet innanfor er eit bibliotek med tusen meter under taket som pappa absolutt elskar.



og mange nydelege portrett av triste unge gutar og jenter.

han der fine + pappa. han der fine har olje fra sykkelen på leggen.

etterpå åt me dårlig is og han der fine skreiv litt. han skriv på ei essaysamling som nok blir finast i verda.

etterpå laga me middag heime. pasta og pølse og mozzarella og lauk og paprika.

paprikaen her er heilt kvit og fantastisk.

mini-mozzarella ser ut som pyttesmå egg og gjer magen min glad.

så sovna me og når me vakna var det på tide å pynta seg for å drikka vin på balkongen. som de sikkert skjønnar er dette eit veldig hakuna matata-liv som passar fint for dei fleste.

my first days in hungary. popcorn with different colours and tastes, wine on the balcony. yesterday my boyfriend, my father and i biked to a town nearby to go to a museum and eat ice cream. for dinner we had mini mozzarella with pasta and sausage and more wine on the balcony in the evening. ps: the surgeon who operated on my father called the day we got here and told us my father is cancer free. <3
framme.



bileta er linka
etter flytogdrama, sovefly, venteflyplass og soveleigebil er me framme for mange timar sidan. me bur i ei landsbygd i ungarn, rett ved balaton, og det er så fuktig her at ein nesten ikkje får pusta(og min garderobe passar ikkje heilt inn foråseidetsånn). eg sit på baderomsgolvet for det er den einaste plassen med tilgang til internett, han der fine er naken og spelar på nyinnkjøpt xylofon og ein slags maracas. me drikk heineken av store flasker og et stracciatella-yoghurt og enda har me berre vore her ein halv dag. me har balkong der ein kan sitta for å kjøla seg ned på flisene eller sjå på hundane som skrik til kvarandre, og om ein strekker litt på hælen kan ein sjå balaton langt der nede. kanskje tar me toget til budapest, kanskje syklar me til keszthely for å gå på museum og vera aleinekjærestar. kanskje skriv me ei heil bok på to veker, kanskje gjer me absolutt ingenting. eg skal i alle fall teikna gamle menn i moleskinebøker og oppdatera fra baderomsgolvet. håpar de har det fint heime og at det blir kaldare til me kjem heim. suss!

today we took a plane to budapest and drove to a little town by the balaton lake. we're staying here for two weeks and we might do a lot of things or maybe we'll do absolutely nothing but i'm sure it will be perfect nonetheless.
sayonara!

trøytte og halvsminka og klare til å reisa! om ein halvtime går trikken og så landar me i budapest tidlig på morgonen. eg håpar inderlig eg har internett, ellers dør eg kanskje. om ikkje: tilgi sporadiske oppdateringar. eg håpar alle har det fantastisk! suss!

i'm leaving for hungary in half an hour(it's half past three in the morning now)!!!
purstag / stockholm dag to.

purstagen min starta med hotellfrukost til denne utsikta.

også vintageshopping i sofo-området. på beyond retro fann han der fine ei YSL-jakke som fekk bli med heim. eg ville ta med meg godterimaskinene heim men det fekk vera ei sløyfe.


på lisa larssons second hand hang dei finaste kjolane i taket og ho som jobbar der sang dolly parton og andre gamle slagarar og gjorde at me ville vera der lenge.

så kjøpte me is hos den søtaste mannen med dårlig hørsel.

"kor mange kuler fekk du, mariell?" tre fekk eg.

kokos, lakrits og polka. hjarte. teite isnorge.

så gjekk me på moderna museet. i museumsputikken kjøpte eg ei bok som eg har ønska meg så innmari. lenge leve museumsputikkar!

der åt me óg lunsj, paprikasuppe med brød, salat og noko dei kalla for nordisk pesto som var heilt fantastisk.

litt av boka. etterpå shoppa me vintage på beyond retro i drottninggatan og kjøpte tusen flasker jordbærvin til å ta med heim og han på systembolaget sa gratulerar med dagen og da vart eg gladflau.

etter furting på grunn av oppbooka favorittrestaurant fekk han der fine tvinga meg til å skifta klede og bli med ut i gamla stan, til ein restaurant som heitte glennfiddich warehouse.

dei hadde tusenvis av sortar whiskey og masse rare øltypar og folk var veldig glade og lo høgt. på bordet ved sidan av sat det to menn og når han eine gjekk på do tømte han andre ølen hans i sitt eige glas. luring.

han der fine fekk eit mørkt øl og eg fekk eit "blommigt" øl som var supergodt og smakte sommar.

eg fekk lam med kantarellsaus og den var heilt perfekt.

eg sølte litt saus på den nye kjolen min.

men kragen er så fin at det gikk bra likevel. ser ut som eg har ein duk rundt halsen.

hei!

eg noterte i mi lille bok kva me hadde gjort i dag og kva me hadde kjøpt på dei ulike plassane.

vips kom desserten! eg fekk multepannacotta(heldigvis smakte den lite multe for eg likar ikkje det) og cappucino.

han der fine fekk dagens is og bær, og dagens is var med basilikum, kokos og appelsinskal og herregud den var så god. han får alltid den beste desserten og eg fekk stjela for eg hadde purstag.

me teikna kvarandre. dette er meg.

dette er han.

så gjekk me heim hånd-i-hånd, og det var den purstagen. berre eit år til neste gong!
eg veit jo at de ikkje hadde purstag, men hadde de fine fredagar likevel? no er det berre laurdag og me skal ha ei fantastisk helg med fine folk og fin vin og magasinjobbing.
ps: kjære onkel, takk for purstagshelsing på sms. eg er lei for at eg ikkje svarte men eg håpar dette gjer opp for det. suss!

my birthday in stocholm: shopping in the sofo area and three scoops of ice cream: polka(which is minty), licorice and coconut, going to the modern museum, lunch at the restaurant there, more vintage shopping at beyond retro in the city centre and then going to a very nice restaurant for a birtday dinner and beer that tasted like flowers.
stockholm dag ein.

me tok buss og tog i sju timar og eg sov nesten heile vegen.

han der fine skreiv på ein tekst som eg håpar de får lesa ein gong. den handlar om oss, kva ellers.

framme i stockholm sjekka me inn på mälardrottningen hotel, og rommet vårt er så søtt og rart.


me fiksa og triksa og bytta før me skulle ut. denne kjolen kjøpte eg sist gong eg var i stockholm, og det er favorittkjolen min, så det føltes fint og naturlig å bruka den. han der fine var fin og slengte på håret. det var ganske dårlig vær ute så eg fekk ikkje fotografert så mykje.

me gjekk på ein thairestaurant der eg åt med spisepinnar for første gong, så vidare til muffin bakery der han der fine åt den beste muffinen eg har smakt, brownie&cheesecake. eg var misunnelig men min lime&citrus var heilt grei den óg.


eg planla resten av dagen og morgondagen og snakka om kor dominant haka mi er.

eg skreiv litt reisedagbok i mi nye notatbok som er så lita som du aldri har sett før og eit postkort mala av ein mann som heiter degas sjølv om det ser ut som manet eller kanskje renoir. hm.

etterpå gjekk me til ahléns city(for det var ope!) og han der fine prøvde klede.

han prøvde denne tskjorta fra acne og da sa eg denmåååduuuhaaaa også kjøpte han den. superfin.

så var me superslitne så me gjekk tilbake til hotellet(som framleis er ein båt, folkens!)

der åt me yoghurtkokostoppar og wasabinøtter.

og små glas med syltetøy og chorizo og cider. fin og kort dag. når klokka slo tolv hadde han der fine sovna for timar sidan og eg såg two and a half men med svenske tekstar og eg tenkte at det er sånn det føles å vera voksen, einsam og aleine i ein framand by. kvart over ringte mamma og pappa, dei sang kaptein sabeltann-purstagssangen og eg sakna dei meir enn nokon gong.
i dag har eg purstag, det er sol og eg håpar på eit par nye kjolar. håpar de har det fint heime i norge!

my first day in stockholm.
i dag er eg i paris.

eg sit i ein park og drikk rosévin fra tuten, med fem smil rundt meg og ti euro i lomma. eg fotograferer i motlys for det er noko av det finaste eg veit, kor klisjé det enn er. sola har såvidt stått opp men me er påståelige sjelar som lengtar etter sol, som ein blomst i ein vinduskarm som protesterar mot vinteren. me går barbeinte på asfalten i marais, stoppar på annakvar kafé for å smaka kaffe, må slutta etter ti av naturlige årsakar. for ti euro på ein dagligvare får ein eit mestermåltid som seinare blir tilberedt på det minste kjøkenet i verda, under ei trapp(ein må gå ut i gangen for å flippa pannekaker), med hovudet heilt på snei, me et middag av forskjellige tallerkar og har skifta til raudt i glaset, me snakkar om hausten og kor mykje me gler oss til den, vår første haust i paris, me skal springa rundt i støvlar, hoppa i sølepyttar og det blir ikkje det samme som før for det er i paris, city of lights, og billetten tilbake ligg nederst i kofferten, kanskje til oktober.
riga, to.

først: hotellfrukost. åh, elskar de ikkje hotellfrukostar? alle kjem ut av gøymeplassane sine og ein får sitta der i ein krok og studera alle som går forbi. og hermetiserte fersken, hihi.

etter frukost gjekk me, veronica skulle til tannlegen(the smile factory, hih), så eg gjekk litt rundt, prøvde å finna litt second hand, men det var som fretex på grønland i oslo(berre billigare sjølvsagt). men veldig fint å berre gå gå gå til føttene ga etter.

me gjekk på det store markedet som ikkje var noko bra, me kjøpte såpe og sjokoladepålegg og ein champagne og gjekk heim for å drikka den!

ti minutt og ei flaske riga-champagne etterpå tenkte me at det sikkert var okei å gå på shopping! så fylleshopping vart det, på eit koselig senter. med den finaste leikeputikken.

ser de hylla nede der? ka-lei-do-skop. åh. eg kjøpte berre eitt, men angrar.



det er så ein vil flytta inn dit. og sjølvsagt spelte dei amelie-soundtracket.

så gjekk me til chocolatier emihls gustavs der me kjøpte sjokoladetrøflar.

favorittar: rose og champagne. elskar. så skjedde noko fint: me skulle på restaurant og tenkte å ta drosje, så me snakka med ein taxisjåfør og istaden for å køyra oss dit med tusen omvegar berre peikte han og sa "five minutes walking that way". åh. <3

me bestilte ei flaske raudvin på fancy italiensk restaurant, kelneren var den søtaste i verden og veronica var mannen i forholdet.

me bestilte fra menyar med sløyfe på. eg fekk and med rips og ho fekk biff med pære og sjokolade. herlig.

eg var raudvin-glad.

medan me venta på dessert skreiv me historiar om dei andre på restauranten, me har blitt ganske flinke til det óg.

dessert! åh. med pinjekjerner på toppen.

så til baren på hotellet som framleis er den merkeligaste plassen i heile verda med folk i alle aldrar og formar.

og den kulaste dj'en i verda. me forelska oss i strawberry mojitos og skreiv meir historiar om dei på dansegolvet, prøvde å unngå blikket til eldre menn(norske og svenske sjølvsagt).

cuba libre!

mint daquiri. så var klokka fire og absolutt på tide å sova! i dag er enda ein ny dag, ein søndag, og min siste dag i riga. det får bli ein fantastisk ein.
har de vore på eventyr no?
ps: neste veke er det meldt 5 grader i oslo. <3

my second day in riga was walking a lot, drinking a lot and having a lot of fun.
riga, ein.

me tok taxi inn fra flyplassen og snakka om kva drosjesjåførar tenker om passasjerane sine. så sjekka me inn på hotel regal, som er superhøgt og me har ganske fin utsikt.

me slapp alt me hadde i hendene og sprang ut for å gå og møtte kanskje tusen ender. eg er litt redd ender, for eg er sikker på at dei skal hoppa fram for å bita meg i foten men eg innser at dei kanskje ikkje har tenner.

me gjekk forbi brua med hengelåser(folk som giftar seg går dit for å henga opp hengelåsar som har bryllupsdato og navn).


gamlebyen var veldig søt og me landa på ein japansk restaurant.

finkusine med min nye leppestift.

eg fekk maten min i ein boks.

og etterpå fersk peppermyntete!

og sjokolade-sushi.

etterpå tilbake til hotellet der kusine skulle få massasje og ansiktsbehandling. eg låg på rommet med room service-burger og vogue og i-D på senga(for hundre kroner til sammen, åh. <3).

etter ho kom tilbake etter ein million timar og tusen behandlingar, drakk me asti på hotellrommet og reiste på sky bar for drinkar. ho fekk ein med riga-balsam og eg fekk ein bellini(fersken. <3).

mums! me skreiv historiar om folka rundt oss(kanskje de får lesa seinare), og kabba forholdsvis tidlig og sov og sov og sov. og i dag er ein ny dag, er det ikkje fantastisk?
har de fine helger?

my first day in riga: just walking, exploring, eating japanese food and having drinks.
hei riga.


hei, finingar! no er eg i riga med min nye(litt avblassa leppestift) fra mac og fabelaktige kusine. me bur på luksushotell og det er veldig rart. me skal ut for å gå gå gå og sjå sjå sjå, korleis er noreg? kan de ikkje lova meg at de reiser på eventyr i helga? plis? også må de fortella om det etterpå. lov!
ps: han der fine har skrive ein tekst om meg og han og skjebnen og sånn. les her. er han ikkje berre det finaste?

i'm in riga with new lipstick and my lovely cousin!
riga!

om nokre dagar pakkar eg ein pytteliten koffert og flyr avgårde til riga! der har eg aldri vore før, og eg lurer på om nokon som har vore der har tips til restaurantar eller kaféar eller berre fine ting å sjå?

i'm leaving for riga this week and wondering if you have any tips?
februar.

me skulle pakka alt me trengte, toalettsaker og reint undertøy, strømpebukser med prikkar på, ti rullar film, så skulle me gått hand i hand til trikken. til flytoget. den første rullen med film tok eg av menneske på flyplassen, folk som var på veg plassar, folk med brennande billettar i lomma, folk som sov. me gjekk glatt gjennom sikkerhetskontrollen, kven skulle trudd at me berre hadde bestilt billettane tre timar før, at me ikkje enda heilt visste at me var der. me kjøpte eit par øl for hundre kroner stykket og drakk den som om det var den siste, heilt stille, overraska over kor fantastisk verda er, at ein faktisk kan gjera sånt berre sånn på sparket. flyreisa varte like lenge som tre episodar how i met your mother, dei samme tre episodane dei alltid har på flya men eg såg dei likevel.


tog. taxi. hotellet var mørkt og skittent men med utsikt over ei gate, ei gate i paris og det var nok. me kjøpte ei flaske vin på putikken på hjørnet, ei pakke kjeks og tyggegummi óg, det var for seint å gå ut, for seint å finna ut kva som skjedde alle andre stadar i byen. me åt kjeks og drakk vin fra flaska i senga, ingen strømpebukser ingen sokkar. men bak augeloka planla eg ein dag i paris, med alle trappetrinn i eiffeltårnet, kyss i ein park(den første me kom over), med iskrem på den lille caféen rett ved pompidou-senteret, postkort til folk som ikkje hadde merka at me var borte, litervis på kaffi og makronar på det óg. du skulle skriva notar på serviettar fordi det ikkje kunne venta og eg teikna flodhestar på baksida av kvitteringar. same dag tok me flyet tilbake, etter berre tjuefire timar i city of lights, for det var akkurat nok til å klara å pusta resten av vinteren, kanskje heilt til slutten av mars kunne ein leva på lukta av gatene og følelsen av brosteinen under føttene. istaden er det minus tusen i oslo, og vinteren ser ut til å aldri ta slutt.

about needing paris if winter plans on staying any longer. images are linked to their sources.
berlin baby. dag tre og fire.

i dag skulle me på kunstwerk, men der var det stengt så i to timar satt me på ein kafé og fotograferte kvarandre.

ute snødde det og var kaldt men ikkje så kaldt som i oslo.

det var masse veldig spesiell kunst og ein veldig fin film om ein elefant.

også handla me... litt.

så reiste me på eit islamsk museum med audioguide på posh engelsk.

dette var eit heilt rom som nokon hadde stjelt.

etterpå reiste me på vegetarisk restaurant der dei hadde veldig god vassmelonjuice og soyaburger.

me gjekk til second hand-strøket og eg fann absolutt ingen kjolar men to par sko og etterpå gjekk me hit og her var det fint.

med juletre i taket!

og hedvig leika med det nye kameraet sitt(og eg kjøpte samme).

og med is og ingefærøl.

etterpå tok me bilder i fotoautomatar. i boksen ved sidan av var det nokon med ein hatt og eit skilt der det stod "superhelt" og dei knisa så ein trudde hovuda skulle rulla av.



så morsomt såg det ut.

og til slutt fekk hedvig kinaboksen sin.

my third and fourth day in berlin. vintage shopping and photo booths!
berlin, baby. dag ein og to.

på vår togstasjon har dei miniatyrtog ein kan køyra, så det har me selvfølgelig gjort.

og eg er alltid mett.

og me bur i ein leilighet som er innreda som i øst-berlin. veldig retro og kool.

og me har kjøkken så me kan laga mat og eta frukost heime og det er koolt.

hei, nandor.

første kvelden var me så slitne at me drakk litt vin og litt øl også krasja me i sengene alle sammen. etter litt anne frank, som er ei av dei finaste bøkene eg veit om og når eg var liten ønska eg at eg kunne vera som ho.

på dagen i går var me på eit moderne museum der dei hadde masse kul kunst og eg vart sliten i hodet før me var ferdige å sjå.


dette var ein film med ein mann som berre skreik og skreik og skreik.

drømmebarnerom.

planlegging på golvet. ho på golvet er hilde og ho er læraren min.

kart=bra. etter det første museet reiste me videre til nasjonalgalleriet der ein fotograf som heiter thomas demand stiller ut. han bygger lifesize installasjonar i papp og papir av bilete han har sett i media eller rundt omkring også fotograferer han det. veldig kult, så han bør de sjekka opp. så fekk me sjå litt magritte og mirò i kjellaren. etter det gjekk me oss vill og rakk berre eit kvarter i ein second hand-putikk før me vart kasta ut og da gjekk me for å eta meksikansk.

hedvig med ølskjegg.

taran uten ølskjegg.

eg kjøpte elleve postkort i går, og kjem nok ikkje til å senda fra meg nokon av dei. elskar postkort. og elskar museumsputikkar.

etter maten reiste eg, hedvig og taran på pub og eg sovna ikkje før klokka halv seks. i dag våkna eg med migrene og eg lurer på om eg kanskje skal holda meg unna mojitos og røykfylte rom, det er ikkje bra for migrenefolk.
no har eg det sånn okei og skal prøva å shoppa litt uten å kollapse. ein kan vel ikkje reisa heim utan nye kjolar vel? kan ikkje de fortella kva som skjer heime? korleis er kjærleiken?
ps: noko fint: når folk kjem borti kommentarknappen før dei har skrive noko så det står berre "gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg" på kommentaren.

i am in berlin and this is a summary of my two first days!
sthlm dag 3.

i går, etter frukost(som stort sett var köttbullar, berre så de veit), reiste me på minishopping. me var innom ein antikkputikk med hattar og sko hengande frå taket.

så reiste me på afternoon tea på formiddagen på den finaste lille engelske plassen. det var som ei eventyrverd.


bordet vårt med fine koppar og ferske blomar.

hei!

dei hadde makronar óg, og scones.


og blackberry jam og lemon curd. me måtte kjøpa med oss heim eit glas med lemon curd og planlegg å læra oss å laga det, for det var nesten det beste eg har smakt og me skal baka scones i dag berre for å kunna unnskylda forbruket.

darjeeling-te med masse sukker og melk.


koppane hadde hus og båtar på seg. så bar det ut igjen i regn og vind.

me stoppa i ein godisputikk og kjøpte eit par hekto samt eit par bygåver. eg er glad at godteri ikkje er så billig i norge.


me gjekk til lunsj og fika på ein fin liten kafé. chokladbolle altså.

etterpå regna det så fælt at me tok t-bana litt. der var det merkelige skjermar og piler på golvet.


og sidan våre svenske venner svikta oss litt, reiste me på kino. me såg "jag älskade honom", etter anna gavalda si bok "eg elska ho" (skjønnar ikkje heilt endringa i navnet, i noreg heiter den "jeg elsket henne", usj), og den var så fin og fransk og vidunderlig vakker og om du treng å tru på kjærleiken skal du berre sjå den når den kjem til noreg(eg trur det er sjette oktober, men eg finn det ikkje på oslo kino sine sider). og forresten så blir eg så flau over å vera norsk og uhøflig når eg er i sverige. før filmen kom ein mann inn for å sei velkommen og nyt fimen og alle i salen sa takk. så himla fint.

godteriet hadde vassmelon-tema.

han der fine var fin i si nye jakke frå whyred. me gjekk på det verste restaurantpusøket nokon gong der kelneren var så ufattelig uhøflig og dei gløymte desserten vår. vidare var det åtte timar forferdelig busstur med seksten år gamle uhøflige oslojenter framfor meg. no er det deilig å vera heime, og for ein fin tur det har vore. har de vore på eventyr?

my last day in stockholm consisted of english afternoon tea and scones, a trip to the cinema and candy.
sthlm dag 2.

i går på formiddagen gjekk eg og han der fine ut for å gå sjølv om det var så kaldt så kaldt så ein nesten ikkje fekk pusta.

fin fin fin.

me skulle på moderna museet! (dette er eit bra tips: uansett kva storby de skal til, sjekk om det finst eit moderne museum der, det er veldig flott og dei har dei beste putikkane altså)


eg var sånn med sløyfe bak og krage framme.

haust!

me var så heldige at me fekk med oss denne utstillinga med dalí. det var heilt fantastisk, med maleri og intervju og å. for ein karakter han er.




sånt kan ein finna på eit moderne museum. eg fekk sjå mitt andre pollock, å som eg elskar han. og andy warhol, da.

på toalettet var det ein installasjon som var så himla morsom. før ein gjekk inn døra på doen hang det ein skjerm der ein fekk bilder frå inne på toaletta. men eigentleg var det installert miniatyrtoalett som vart filma. folk var kjemperedde!

etter fleire timar på museum blir ein svolten, så me åt liksågodt lunsj.

og leikte oss med ting frå putikken.

og snop!


på veg over brua igjen sa trea "hei, det er haust!"

fine båtar.

me gjekk gjennom gamla stan på veg mot södermalm. der åt me favoritt-isen min sjølv om det var altfor kaldt.

"det här tog mej tre dar". etter masse shopping på beyond retro på söder og andre fine putikkar var me utslitt og reiste heim på hotellet. der var me apatiske ei stund før me skjønte at me burde vera svoltne. da gjekk me ut på restaurant!


det var papilottar i taket og barnevogner óg.

eg hadde på meg min nye kjole med stor sløyfe på.

fin fin fin.


hei!

eg fekk lam med masse deilig tilbehør. trur kanskje lam er mitt favorittkjøtt.

han der fine fekk kalverygg i ein slags installasjon. mums! no må me ut på veskeshopping, og seinare skal me på afternoon tea og berre kosa før me reiser heim i kveld. håpar de har det fint der heime!

my second day in stockholm! the museum of modern art, a lot of vintage shopping and delicious food!
sthlm dag 1.

i går kom me fram sånn klokka halv to. me har utsikt til eit tak og fantaserar om å bu der, om kven som ser på tv der som takvindauget er.

me reiste ut på shopping og fika. muffins og smoothie! eg fikk rabarbra og kvit sjokolade, han der fine fekk appelsinsjokolade. mums.

me reiste innom ein kostymeputikk men der kjøpte me ingenting... klokka åtte var det raka vegen til åpningsfesten hjå beyond retro!




det såg litt sånn ut. med underskjørt i taket. eg innbiller meg at å bada i sånne underskjørt må vera omtrent like deilig som å stikke hånda ned i ein pose med mel.

ein fikk så masse drinkar ein ville, med deilige bær i.

og me møtte kajsa som var så fin som ein grevling!


eg fotograferte som vanlig under gardina i prøverommet.


og rundt omkring gikk det burleskdansarar som var så vakre så vakre at å.

etter det var kvelden slutt for vår del, for han der fine er så forkjøla og tett som ei potteplante. me kjøpte is og åt den i senga medan me såg csi med svensk tekst.

tidlig morgon og sminkelaus mariell, men her er kjolen eg kjøpte på beyond retro i går. eg føler meg litt som chloë sevigny i big love.

finaste kragen. finaste finaste.

under frukosten syns eg dette var så himla festlig. skulle ønska norske aviser var like søte som dei svenske. no reiser me ut på museum og meir second hand-shopping. og halsdrops. ikkje gløym halsdrops. er det nokon som passar på oslo for meg? har ho blitt invadert av vikingar og frose under i ei ny istid som ikkje har komme til sverige enda? tenkte meg det.

my first day and first morning in stockholm. yesterday was the big party at beyond retro, today is museums and more shopping!
hej!

berre ein sånn liten hei fra hotellet i stockholm. no reiser me ut for shopping och fika, og i kveld er det åpningsfest på beyond retro og eg gler meg som ein liten gris. ha fine torsdagar finingar!

greetings from stockholm!
hei, fin.


som eg lengtar.







eg lengtar sånn etter paris at eg ikkje veit kva eg skal gjera. kva seier de? skal eg leva på knekkebrød og first price, kjolelaus og med bodyshop-forbud til oktober også ta ei veke i paris? ja eller nei? eg tenker kanskje ja. nokon som kjenner nokon som bur i paris som kan tilby husly for ein billig penge?

i am longing for paris, oh so much. i'm thinking about living a really shitty life until october and have a lovely week in paris. yay or nay?
mitt reykjavik
det fins òg fleire raude kross-putikkar i reykjavik, og nokre er vanskelege å finna. så få deg eit godt kart uansett, og vit kva du leitar etter. prisane er veldig varierte, men ligg stort sett på vanlege vintage-prisar. frå 4000-8000 isk, som er ca 200-400 norske kroner, som er veldig gode prisar om ein tenkjer på kor god kvalitet det er på plagga, og det er veldig billig akkurat no, litt meir enn halv pris av det det pleier å vera.


vintage
laugarvegur 25
kjempevanskeleg putikk å finna, eg og han der fine berre datt over den litt. ein må gå inn i eit bygg og opp nokre trapper og vips! ein vintageputikk ut av det blå. her har dei så utruleg mykje fint, og eg fekk med meg to kjolar herifrå. og megasøte jenter som eig putikken!

laugavegur 32

sputnik
klapparstigur 27
på sputnik hadde dei ikkje så veldig mykje for meg, men veldig mykje fint likevel. og masse fine skjorter og nydelege sko. og ei nydeleg jente i kassa som ikkje hadde hår på hovudet men spelte fin musikk. og sløyfer!

tiger
laugarvegur 13
dill og dall-putikk. eg fekk med meg så mykje heim! isformer og såpeboblepistol og fine skrivebøker. dit må ein reisa om ein er i reykjavik. fins òg ein putikk på kjøpesenteret kringla(her fins òg zara og topshop, forøvrig, men eit veldig lite koseleg kjøpesenter.)

sandholt
laugavegur 36
fantastisk kafè med fantastisk mat og fantastisk heimelaga is og makronar! gå dit.

prikid
bankastræti 12
prikid har fantastiske hamburgerar, og stort utval. eg åt tex mex-burger og han der fine åt italiensk. og billig øl!
tips: ikkje vask hendene utan såpe. vatnet stinkar råtne egg(på grunn av svovelen). noko meir de vil vita?

my guide to reykjavik!
bobler og makronar

i dag har me berre slappa av og sett på veggkunst(snøen på toppen blinkar!), gått i hovudgata og vore på kafè. det kjem eit heilt eige innlegg om reykjavik, ein guide om du vil. så berre ver klar!

me kjøpte ti makronar på eit fint bakeri, og eg fekk tilfredsstilt paris-saknet mitt ei lita stund.

eg fekk òg kjøpt ein boblepistol som var til stor glede for meg sjølv og fine tanteungar. eg kan ikkje visa bilder av dei, men dei ser ut som blomar og sukkerspinn og kokosis. så veit de det. og dei ler mykje.

denne nye fine kjolen kjem eg nok til å bu i. med og utan bobler. i morgon skal eg heim, og eg gler meg til å komma tilbake til ei vanleg bloggrytme, for det er så trist å sjå korleis statistikken berre stuuuuper. men neste veke blir det så masse gøy med konkurransar og fine ting å visa fram, så berre hold ut. eg håpar alle søv godt(for det gjer de vel?)! puss puss.

blå blomar

i går sneik han der fine seg tilbake til eine vintageputikken me var på og kjøpte denne kjolen til meg. eg hang den tilbake fordi eg har rekningar å putale. men eg fekk store blå stemorsblomar likevel! fantastisk. eg er så forelska og glad og det gjer ingenting at vatnet luktar råtten fisk og i dag kjøper eg miss dior cherie uansett kva nokon seier.

my boyfriend gave me this wonderful vintage dress yesterday. i am happy and in love with him and reykjavik!
reykjavik ii og kjolar

i dag har me vore på shopping og gåing rundtomkring. det er masse fin veggkunst i reykjavik!

om nokon lurer på korleis ein medium is ser ut, er det sånn. eg lurer på korleis den store ser ut.

han der fine fekk smaka min med lakris-dip og den var god!



så var me innom den kulaste mest rotete bokputikken eg har vore på nokon gong.

og maaaaasse vintageshopping. den fine blå til høgre fekk eg av han der fine.

ein av mine nye kjolar bakfra.

og med min nye koffert for ein tiar. klokka er berre fem her, og me skal ut for å eta middag.
fransk.

eg er flink til å hoppa i hotellsenger, spesielt med sjølvutløysar og den nye kåpa mi. kjolen kjøpte eg i paris då eg var der i april. ja, samme året.

utsikten frå rommet.

makronar!

me reiste til louvre seint ein kveld, det var så herleg med lite folk. eg gjekk utan sko, for eg hadde nettopp kjøpt cat dog-paret, og hadde gnagsår. kald marmor mot vonde føtter er ganske ideelt, men så fekk eg kjeft av ei dame.

champs-elysees. me kjøpte starbucks og kom oss vidare.

notre dame.

me tente lys for sånne me er glad i.

herleg meksikansk restaurant ved notre dame. lysekrona i taket var laga av corona-flasker. eg elskar paris. no gler eg meg veldig til å få reisa litt igjen, i slutten av juni reiser eg til island og det blir fint.
kvar i verda har du vore? har du vore i reykjavik?
amsterdam, siste del
dag 5
eg stod opp ganske tidlig og gjekk rundt i byen åleine i fleire timar. gjekk omtrent rundt heile byen, faktisk.
dette er waterlooplein-marknaden. den er stor og fin!


seinare på kvelden, når dei andre endeleg hadde dratt seg ut av sengene sine, gjekk me ut på indisk restauran. sonja spiste den beste kyllingsuppa nokon gong.

eg hadde kylling bombay. nam!

så mange pengar kosta det.

etterpå kosa me i vindauget igjen.


dag 6
me åt frukost på ein kinesisk restaurant kvar dag. der jobba den suraste dama i verda, og dei spelte michael jackson kvar einaste morgon.
trøtt cornflakes.

me gjekk ut og eg tok bilder ned i veska mi. lommebok og lula.

og bilde ned i bodyshop-posen min. fin ny sminke og såpe, minnsann.

eg og fredrik berre snubla over eit stort bokmarked. det var så fint å sjå på.

yves saint laurent.

fredrik. hei fredrik!

dei hadde òg mykje trykk til salgs der. eg ville ta med meg alt heim igjen, men eg er fattiglus.



så tok eg med meg fredrik for å visa han ein putikk som heiter the fairytale shop eller noko sånt. berre sjå kor den innfrir navnet sitt da!


mange fine stoff.


og eit lite dådyr i hylla kan vel ikkje skada.

så gjekk me kjempelangt fordi eg hadde så lyst på brownies. den eg fikk smakte verkeleg såpe. fredrik kjøpte ein rosa donut som òg smakte såpe.

godis frå jamin som forsvant fort inn i fem munnar.

så skulle me ut. eg hadde ny sminke og pynta meg veldig med den.




først gjekk me på o'reillys, vår irske stampub. der åt eg mexican wrap og drakk ingefærøl. mm.

så heim for å fresha opp litt igjen, og drikka malibu og meir øl.

vindauget er sånnher fint.

ingvild kjøpte sånn sjokladegreier som ein skal bruka som pålegg. det var sååå godt.

ein mariell i ein vinduskarm.

ei fin christine.

amsterdam by night. så gjekk me ut på bitterzoet der me drakk mojitos og flørta med dei pene bartendarane. fantastisk fin kveld!

dag 7
på dag sju reiste me. senga mi er den til høgre. eg likar å ha litt oversikt over dei andre, eg.
hadet amsterdam!
amsterdam, iiii
dag 4
på dag 4 gjekk me til anne frank-hus. det var veldig lang kø, men så så verdt det.
på veg dit fotograferte eg ein sykkel. men ikkje den mest spennande, sjølvsagt, for de skal berre vite at det finnast så utruleg mange fine syklar i amsterdam. rosa med prikkar på og svarte med blomar i korgene og ja. fine syklar.

på veggane inne i huset var det skjært ut store sitat frå dagboka.


eg kjøpte to postkort og ein plakat som eg har hengt opp på veggen heime.


christine kjøpte ei veldig fin bok.

etterpå gjekk me for å kjøpa pannekaker. alle dei andre kjøpte tradisjonelle pannekaker(ikkje tradisjonelle i norsk forstand, men sånn typ pannekake med bacon, sopp og ost), men eg kjøpte poffertjes. pyttesmå pannekaker. med sjokolade på. godt!

dei var ikkje mettande i heile tatt, men godt. eg skal ha pannekakeverkstad ein dag, berre stay tuned.

i amsterdam er dei skikkelig flinke til å gje godteri til folk når ein får rekninga. her fekk me hjarter.

så gjekk me vidare til ein vintagebutikk me hadde sett oss ut. det såg ut som eit eventyr inni. christine kjøpte eit par raude fløyelspumps. så fint at me har same skostorleik.



i amsterdam har dei mykje kunst på husveggar.

frøken texas.

i amsterdam har dei òg discokuler hengande i smuga.

eg kallar dette biletet "mariell og sonja på veg heim". sonja hadde smurf og pistasj, eg hadde mint og kokos. nam!

eg kjøpte meg bart og den passa meg perfekt. her seier fredrik til meg kven eg er også skal eg liksom prøva å etterligna. på biletet trur eg kanskje at eg er politimester bastian. ein dag skal eg legga ut ein video der eg er bestefar som ler. de kjem til å elska det.

fredrik og christine var nydelege som vanleg.

av topp 7 personar i livet mitt, i alle fall.

sonja og fredrik sang natta inn. eg er sikker på at det var spice girls.

suss!
amsterdam, i-iii
dag 1

framme på gardermoen var eg så himla trøytt og ville berre ta bilder av kjolen min og skoa mine.

fredrik prøvde å spå framtida for turen i kaffi. det klarte han fint.

i oslo regna det og var fælt fælt vær.

framme i amsterdam var ikkje det så nøye for der har dei starbucks og dessutan var det ikkje regn eingong.

taket på rommet vårt såg sånnher ut, og me fantaserte mykje om kva hotellet hadde vore før det var hotell. me budde midt i hovudgata og utanfor vindauget var det alltid folk. fra tredje etasje kunne me sjå kva saus dei hadde på frittes-ane sine til og med.

eg kjøpte favorittparfyme med romantisk blåseting på. eg føler meg som 20-talls dame. manglar berre kjolane, kanskje.

trappeoppgangen var ganske fin(men bratt).

det var christine òg. fin altså.
dag 2

i amsterdam har dei byrja påskeførebuinga. eg kjøpte masse sjokoladeegg. dei hadde til dømes tiramisu-smak eller kokos eller kaffi. åh! så mykje godteri på ein plass.

me var på sex-museum. eg tok nesten berre bilete av undertøyet for det var ganske vulgære ting der, kan de skjønna. men interessant.





fredrik kjøpte godteri med gamaldags emballasje, den var så fin at ein fekk lyst til å berre ha den for alltid og aldri eta dei i heile tatt. men det gjorde me jo sjølvsagt. den oransje hadde små lakrissaker som såg ut som små sauar. dei var himla gode.

me var ganske trøytte typar i feriemodus og sov mykje. i skjei.


me gjekk langs kanalane, som var ganske romantiske. og husa er så innmari fine. nokre ser heilt falleferdige ut og bøyger seg ut mot kanalane i toppen, men folk bur i dei likevel. me gjekk òg i red light district denne dagen, og det var veldig merkelig å faktisk sjå damene som dansa i vindauga.

me satt i vindauget på ein film-måte. der åt me chips.

me spelte vriått med mine nye kortstokkar som eg må visa fram seinare ein dag. dei er dødsfine og kjøpt på ein vintageputikk med den finaste mannen eg har sett. utanom j sjølvsagt.

me drakk malibu og rosè-øl(fantastisk godt!) til me vart tullete også hoppa me i sengene. det var forresten kanskje det me gjorde mest av på heile turen. me hoppa vrak av sonja si seng, stakkar. men det ordna seg altså.
dag 3

me gjekk på marknad, og på veg dit var det så masse fine putikkar at ein nesten spydde polkadottar og blomar. eg meinar det. dette var den finaste finaste. her kjøpte eg dette spelet:

som eg ikkje har spelt enda, men eg trur det er eit slags lotto-spel. fint er det i alle fall, og det skal prøvast snart snart snart.

ho hadde så mange fine stoff som ho laga alt mulig av, til dømes toalettvesker som eg kjøpte ei av. den er rosa og den skal de få sjå om de er riktig snille. marknaden var forresten veldig stor og veldig mykje fint gammalt som eg fekk med meg litt heim av.

eg kjøpte mange små skattekister med lås på.

oppi var det godterihjerter. det gjorde godt for magen.

eg kjøpte kaleidoskop, som vanleg. ein reknar i gjennomsnitt med at i alle fall eitt kaleidoskop blir med heim etter eg har vore på ferie. men det er okei. for eg samlar jo.
det var dei fyrste dagane i amsterdam. eg bloggar fleire dagar i slengen, for eg har så mykje anna eg har lyst til å visa fram akkurat no at eg vil skyndte meg. eg gler meg til å visa alt eg har kjøpt! for augneblinken er eg himla fattig, men det var verdt det. og veit de kva anna som var fint? å ligga med fletta føtter med ein fin ein i heile natt. merkeleg kor mykje ein kan sakna å klø nokon andre på ryggen. eg er himla forelska og det kan ingen ta ifra meg heldigvis.
eg er på skulen og høyrer på spelelista mi på spotify som heiter måndagar som er som rosa elefantar utan croissantar å støtta seg på(om du har spotify kan du berre trykka også får du den òg. fint!). eg håpar alle har det superfint og har tenkt å ha nydelege måndagskveldar.
litt florø

me drakk cider av svære vinglas.

og åt deilig nachos.

og i cideren min fekk eg ha fisk og sjøstjerner svømmande rundt.

så fann me fram sangbøkene. eg hadde på meg blomstereng-kjolen min.

christine spelte piano.

og me andre dansa og sang. det var ein herleg kveld, og morgonen etter reiste me til amsterdam. bildemaraton kjem i morgon, alle kan gleda seg! har de hatt fine feriar? fortell, fortell! eg har sakna å blogga så mykje. og ein ting til: er ikkje fina mi kjempeflink til å blogga for meg? det tykkjer eg. han fortener sussar når eg(endeleg!) får sjå han i kveld.
suss!
leaving on a jet plane

no reiser eg

og herr grå

og frøken texas

og fru fure

og blingvild til amsterdam! me skal bu i red light district og eta pannekaker til frukost. som vanleg er det berre å senda mail om det er noko de lurer på, men bloggen trur eg vil bli oppdatert av han der fine, blir ikkje det bra? eg håpar de får fantastiske vinterferiar, alle saman. det skal eg!
suss!
eg saknar paris



eg kjem nok tilbake skal du sjå. så snart, så snart.
paris, del 5.





gratinert løksuppe.







på flyplassen kom me over våre første franske makronar. dei var gode. au revoir, paris. me sjåast.
paris, del 4.

prøva ut mi nye(svenske) kåpe. den er fin.

utsikt.

meir utsikt.

blomstermarknaden ved notre dame.

notre dame.




under statua av jean d'arc, tente eg eit lys for maja.


meksikansk restaurant.

med lampe av ølflasker i taket.



dessert.



louvre.

frå louvre gjekk det til eiffeltårnet(magisk om natta!). så ned under bakken, inn på metroen, og inn i vår siste natt i paris, vår nye ven.
paris, del 3.

...søtt undertøy.



...musee d'orsay med fantastisk målarkunst og keiiiiisame skulpturar.


...vår første fotoboks i paris(me gjer alltid dette i ein europeisk storby; me har ei samling)
(utan bilete)
... å sitja i køen til operaen, vera nr 5 og 6 som ikkje fekk billettar. jostein surmula.


...trøystestarbucks.

... å springa i elefantregnet til næraste restaurant

, der me drakk vin



og åt is. paris saknar oss nok.
paris, del 1 & 2.


















bergen i bilder

å vakna. eg fotograferer han der fine. han søv.

eg går rundt i byen åleine, utforskar.

fotograferer.

eira våknar. me stirrar på ho gjennom det nevnte vindauget.

dei er fine når dei er vakne.

scones med rørte bær.
bergen er fin. eira er fin. mintte er fint. mintsjokolade er fint. vegetarburger er fint. kamera er fint. paris er fint. kjæreste i matrosjakke er fint. kva anna er fint?
eg er hjå eira.
han las ut i mørket
(olav h. hauge trur eg det var)
ikkje til meg
men høgt for seg sjølv
eg høyrde likevel.
på rommet der me søv kan me sjå eira. gjennom eit vindauge. det er magisk. eg sto opp før huset var våkent i dag og gjekk ut, fanga byen med kameraet mitt. det er så mykje å sjå. aleine og med andre. å fanga stillheten i ein sånn vakker by er vanskeleg, men eg håpar å ein gong få det til. eg gikk og gikk, til kinsarvik for å kjøpa te og på godt brød for å kjøpa eit laurdagsbrød(med appelsinmarmelade på idet det gikk inn i min munn). bergen ventar på meg, det veit eg. kanskje får den meg ein dag. men for no har eg større ambisjonar.
i morgon er eg i paris. eg klarar omtrent ikkje tenke på det.
kan du gjetta?







ja, eg skal til paris med min kjære i haustferien. eg skal dansa i gatene i montmartre medan eg spelar soundtracket til ameliè på ipoden min, eg skal smila i ei veke i strekk, skal eg. eg skal stå på tipptå og legga armane rundt han som eg elskar for me er jo i paris! og alle dei søte små konditorforretningane. og alle markeda. og sacre cour. og eiffeltårnet. og å føla seg udødeleg.




