chet baker er her.

true

ferry ride
bileta er linka

søndagsmorgonar er til for scrambled eggs og tv. me har sjokolade i skapet, kanelbollar og cupcakes i frysaren. me et dei ikkje sjølv om me har lyst. det er den første londonhausten. ikkje i verdshistoria, men for meg. plutselig er det ikkje ferie lenger, men kvardag. med skule for han og bihulebetennelse for meg og eg legg meg under dyna og tenkjer at det ikkje var dette eg ville ha. eg skriv ned ord og setningar som aldri blir til noko ein kan sjå, forsvinn berre. fell frå treet og dør.

dei bygger det høgaste bygget i eu, eg køyrer forbi det med toget. ein liten gut seier "look mummy, the eiffel tower!" og ho forklarar at eiffeltårnet er i paris, at det er the shard, eit glasmonster som skal bli så høgt at ein må lena seg ut av vindauget for å sjå toppen. denne byen er altfor stor. på ein dårlig dag i ei dårlig veke reiser me til south kensington for å ta afternoon tea i ein vidunderlig vakker hage. me kjem fram ti minutt for seint og dei slepp oss ikkje inn. me står utanfor gitteret og ser inn på den vidunderlige vakre hagen og akkurat då eksploderar det og tårene renn langs med ansiktet mitt mens me går tilbake mot bussen. når ein er langt nede er eit støv på auget ein kniv i hjartet.

chet er her og tok hausten med seg. eg forsvinn inn i koppar med chai og artiklar om det uoppdaga london, enn kor paradoksalt det er. me møter nye personar på byen, nokon kliner og andre mistar noko som dei seinare finn att. telefonnummer som sklir inn i regntung ullgensar før ein eingong har komme seg på bussen heim. ein sovnar med invitasjonar til festar med badekar fulle av vin og gjennom veggen søv dei som snart skal reisa tilbake til den verkelege verda. eg går aleine på marknadar fulle av ostar og kjøt og folk som skrik, går i gater eg veit at eg likar, finn salt- og pepperbørser som er kaniner og kanskje kjem det til å vera okei. eg har olja systemet, fiksa knirket i golvet, kjøpt nye strømpebukser og malt tåneglene med gull og eg er klar.





about my london life having sort of a rough start.


oslo - paris - london / å flytta.

film 44the Sea of Pink

eg har tenkt så lenge på kva ein skal skriva om å flytta. sidan paris, då eg fekk dusinvis av mailar av unge dunkande lengtande jentehjarte som lurte på korleis det går, korleis orkar ein, korleis tør ein når ein har så altfor altfor lyst?


eg anar ikkje. har ingen idé. det einaste eg veit er at eg aldri lar meg sjølv tenka desse tankane: det er for skummelt det er for stort det er for langt det går ikkje det går ikkje eg vil heim til mamma. for når ein lar seg sjølv gjera det så er det som å ta ei nål og laga eit lite hol i den bobla som gjer at ein orkar og tør. og jo fleire hol jo fortare smeltar den berre vekk og blir ingenting anna enn ein drøm som ein ein gong hadde. (misforstå meg rett: det er lov til å tvila og til å vera redd, men det er ikkje lov til å marinera seg sjølv i desse tankane. da må ein berre rista på hovudet som ein tegneseriefigur til dei er vekk. eller begynna med krossbrodering.)


paris, som var ein slags generalprøve, var vanskelig nok. ein av kveldane rett før eg skulle reisa stod eg utanfor granit i thorvald meyers gate og hylgrein ned i kragen til fredrik. eg var full og kald og hysterisk ulykkelig. og så redd som eg aldri har vore før. så reiste eg til paris og det var det beste eg nokon gong hadde gjort. for meg sjølv og for forholdet til meg og jostein og for hjartesmil.  å reisa til london er det skumlaste og beste eg har gjort. eg grein ikkje ei einaste tåre. ikkje ei. sjølv om det gjorde vondt å ta farvel med folk rundt meg og sjølv om eg samla tårene til dei andre i ein stor grå ball i magen så var det så sinnsjukt befriande å sitta på gardermoen og tenka this is it. no startar det. sovna før flyet tok av, og då det landa følte eg meg som ein heilt ny person.


eg skjønnar på alle kommentarar og alle mailar at det finst hundrevis av dykk som les bloggen min og skulle ønska at de turte, at de hadde pengane, at de hadde ork. mitt beste tips: gjer akkurat det du vil. tenk på kor enkelt det egentlig er: ein bestemmer seg, ein sparar opp pengar, ein gjer research, ein hoppar i det. sjølv. aleine. eller med nokon andre ein stolar på som har lignande drømmar. finn ein liten leilighet i tokyo, new york, dublin, stockholm, paris. prøv å få deg ein jobb. les bøker på bussen og gå i matbutikkar du ikkje skjønnar deg på, klin med nokon du ikkje klarar å uttala navnet til og smil til nokon du aldri kjem til å sjå igjen. det handlar om å komma seg ut og føla på verden, vera i kontakt med det som skjer der ute, alle dei historiane som finst berre utanfor landegrensene, berre utanfor oss sjølve. men ein må ta steget sjølv og ikkje vera for redd. ikkje la tankane ta overhand, vita at det går bra til slutt uansett, for om det går til helvete så er det aldri så langt heim igjen at det ikkje går.


sjølvsagt er det vanskelig. det er ingen som har sagt at det er hundre prosent enkelt lett som ein plett. det er dagar der eg ligg i senga og berre sjekkar flybilettar og tenkjer at eg ikkje orkar å pusta om ikkje sara er her med meg. heile kveldar på skype med absolutt alle av våre næraste, med omvisningar i leiligheten og middagar saman. knuste hjarte på andre sida av atlanterhavet. det gjer vondt å vera så langt frå dei eg er glad i. men no er alt akkurat som det skal vera. fish&chips og tesco og oyster card. akkurat som me har planlagt det i fleire år no, akkurat som me har drømt om, å vera ein del av ein enorm by som lev sitt heilt eige liv, og ikkje ha noko anna å stola på enn kvarandre. for meg er det trøst i skype, i kino utan teksting, i sophie dahl på youtube og i scandinavian kitchen med fiskebollar, flatbrød, solo og makrell i tomat.


det går bra, skal du sjå. og om det går til helvete etter berre fire dagar så har du uansett turt. og prøvd. og reiser heim igjen med fleire nye opne rom i hjartet & historiar i lomma som aldri hadde vorte til heime. verda ventar på deg, og med verda meinar eg: koppar med espresso, ferske baguettar, gutar og jenter som vil klina, senger å sova i, hundar å helsa på, språk å læra, skilt å lesa, parkar å utforska og personar å bli kjent med. 


 


a text about having the guts to just leave home and out into the world, as i've received dozens of emails about my move to paris and london this year. bottom line: do it, go. if you want to. if you don't, that's ok too.


ord.

you gotta stop all your worryingDecember 15, 2010July 24, 2010






words.


å feira.

akkurat no feirar eg ein million ting samtidig, men så finst det berre eit par saker som eg kan dela. som til dømes at eg har budd i paris i ein heil månad utan problem, at det har gått fint, at eg og han der fine klarar oss heilt fint i forskjellige land sjølv om me saknar kvarandre. eg feirar at eg klarar å gå på kino aleine og på kafé aleine, og det var to store delmål på vegen som, tykkjer eg, alle jenter bør ha som stafett for seg sjølv. eg feirar óg ei heilt sinnsjuk lesarauke sidan eg flytta til paris og konkluderar med at de likar bloggen i ein større by. og det passar jo bra sidan eg flyttar til london til hausten med han der fine. noko anna eg feirar er at han der fine og foreldrene hans kjem hit i morgon. med jarlsberg og lakrisbåtar. og innimellom der feirar eg at det skjer så mykje fantastisk som framleis er hemmelig, og at eg veit at de kjem til å bli så glad når eg endelig kan fortelja. snart skal eg starta med å fortelja om magasinet, kven som skal vera med og korleis det blir. det feirar eg óg. magasinet mitt. min store stolthet her i livet er det faktisk, og så sjukt takksam eg er for at eg får driva på med det kvar dag. også feirar eg at lykke li har komt med nytt nydelig album som ligg på spotify. eg har spilt den herfra til himmelen dei siste dagane og sittedansa som ein vind, det burde de óg.

så heldig for meg at eg har så mykje å vera glad for, for eg er dritflink til å feira. veit berre ikkje med kva enda. skal holda dykk oppdaterte. kanskje blir det eit glas med vin eller kanskje blir det restaurantmiddag eller kanskje blir det min første parissykkeltur, kven veit. om de har noko å feira så syns eg at de skal gjera det. om de ikkje har det så syns eg at de skal få det. typ vinn eit spel på internett eller klipp ein centimeter av håret ditt. folk kastar vekk altfor mykje tid på stress når det finst så mykje å vera glad for om ein berre ser etter. det blir dagens leksjon. sjå etter. skriv ned. hugs. for kva er poenget ellers? sånn tenkjer i alle fall eg.



this is a tribute to the celebration of day-to-day life. today i'm celebrating a number of things, and i think you should too. what's the point of it all if you can't?


om å vera modig.

just an observation

eg har alltid vore modig. sjølv i skulegården med ansiktet i søla sparka eg tilbake så hardt som eg kunne. det hjalp ikkje då, men så er det heller ikkje verdt å dvela ved det vonde som har skjedd. det ligg der, og det definerar ein som menneske saman med alt det gode, men ein treng ikkje å dra det fram med mindre ein må. eg har ikkje alltid hatt det så bra som eg har det no, og når ein er yngre er det lett å tenka "this is my life", liksom, det er dette som er alt, er dette alt? (det er ikkje det, kors på halsen)

når ein er femten år trur ein at ein veit alt i heile verda. då eg var femten år var eg glad for at eg framleis var i live, for ønsket om å dø har i mitt liv til tider vore større enn ønsket om å stå opp. ein må vera modig for å stå opp, for å overleva, for å sei fuck you til angst, depresjon og mobbejævlar. også må ein orka ein heil del. eg er så takksam for at eg har orka og for at eg har stått ut. eg hugsar berre vagt enkelttilfelle med angstanfall eller med mobbing. men eg hugsar klart at eg var flinkast i klassen på tross av all psykisk og fysisk vold eg gjekk gjennom, eg hugsar at eg gjorde motstand. eg kan hugsa å innsjå at han faktisk elska meg, eg skulle aldri ha trudd at nokon kunne elska meg som han gjer, men han gjer det. enkelt og greit så gjer han det. berre sånn fordi. og eg kan hugsa å få vitnemålet mitt på vidaregåande, som eg absolutt aldri hadde trudd. fordi eg hadde orka og fordi eg hadde vore mindre stolt enn eg egentlig var og av og til sagt ifra at hei, eg har det ikkje så bra for tida så eg orkar ikkje å ta den prøva. for det er noko av det modigaste eg veit om, å sei ifra. å sleppa folk inn i den lille bobla som heiter psykisk grums. ein hugsar det som er bra, det som ein har orka og kor modig ein har vore, for det er den einaste måten ein faktisk greier å fungera på.

pappa brukar å sei til meg at den personen eg er no kjem eg til å vera resten av livet, og det er eg komfortabel med. eg er sta og utålmodig og kritisk og krass og sarkastisk og til tider ei belastning for han som bur med meg. men eg er óg sjølvstendig og sterk og flink og kreativ og smart og ein ressurs for han som bur med meg. det kan eg leva med. men det har tatt meg mange år å kjenna meg sjølv så godt som eg gjer.

eg veit at det finst så mange jenter som les det her som skulle ønska dei var bedre. at dei turte å kyssa han gutten eller ho jenta som dei likar, å ta kontakt med nye menneske, å dansa på dansegolvet, å drikka seg full for første gong. at dei turte å klippa pannelugg, sjølv om ei anna i klassen nettopp har gjort det. at dei turte å hoppa i sølepyttar. som alltid er glade og blide på skulen og på håndballtrening men som skrik seg i søvn kvar natt utan å skjønna kvifor, kvar det vonde kjem fra. for det tar tid å bli kjent med seg sjølv, det tar ork å vera modig.

det blir bedre. eg lovar deg. du skal få klina, du skal få drikka deg full, du skal få reisa til london med venninnene dine. du skal læra deg å sei nei når du ikkje vil, du skal læra deg å koka spaghetti heilt på eigen hånd. du skal orka og du skal vera modig, fordi det er det einaste ein kan gjera for å holda hovudet over vatnet. berre hold ut. det blir så sinnsjukt mykje bedre. berre ein orkar. ein kan vera akkurat den ein vil, om ein vil det nok. berre ver den beste du kan vera. om tjue år er mykje av det vonde gløymt likevel, medan ein tar alt det fine med seg. som små energimansjettar i hjartet og polaroidbilder i albumet.

 

 


about being brave and about getting out of bed to face the world every morning, even if you're a sixteen year old girl with an aching heart.


oktober.

Pretty Things

i oktober vil eg skriva eit innlegg om korleis eg redigerer bildene mine.
i oktober vil eg skriva eit innlegg om hasselblad.
i oktober vil eg skriva eit innlegg om kor rart det er å vera aleine av og til. og kor fint.
i oktober vil eg sjå masse franske filmar.
i oktober vil eg få ein jobb som eg klarar å ha og som er bra som gjer at eg kan kjøpa meir kjolar og chorizo på gutta på haugen og spandere lunsj på han der fine.
i oktober vil eg ta opp lyd av folk som snakkar om kjærleikssorg på trikken, folk som gret og folk som ler til dei gret.
i oktober vil eg ta bilder av framande som vil ha bilder av seg sjølv.
i oktober vil eg ta så mange bilder eg kan ute før det blir for kvitt, for mørkt, for kaldt.
i oktober vil eg designe bloggar for folk som blir så himla fornøyde og glade for det.
i oktober vil eg laga ferdig eit magasin som blir så mindblowingly fantastisk at eg ikkje skjønnar det sjølv eingong, og eg vil sleppa bombe på bombe om kva som faktisk er med, og de kjem til å eksplodera i lykke av det. lovar.
i oktober vil eg utfordre meg sjølv og folk rundt meg til å sette meir pris på ting, på bestemødre, på landet dei bur i, på folk rundt seg, vennene sine.

kva vil de i oktober?


in october i want to write about how i edit my pictures, about my hasselblad camera, about being alone. i want to watch french movies and get a job so i can buy more dresses and take my fiancee out for lunch. i want to record people crying and people laughing, i want to take pictures of strangers. i want to make blog designs for people, i want to finish a magazine so amazing i can't even understand it myself. i want to challenge myself and people around me to appreciate things more.


ou.

på tirsdag skreiv eg ein tekst som var fryktelig vond å skriva, for den skreiv eg gjennom nokon som hadde fått hjartet sitt knust. julie. eg klarte nesten ikkje å skriva den fordi eg grein så fælt mens eg skreiv så det vart dogg på augene, men til slutt var den ferdig også gav eg den til ho og sa "den er din, gjer kva du vil med den. les den aldri igjen eller skrik den til verda". ho la den ut på bloggen sin, de kan lesa her. sei gjerne kva de syns, altså.



a text i wrote in norwegian for my friend julie, who had her heart broken.


av og til er det ikkje nok.

305/365

som eit ark med ei rift i. om ein ikkje teipar det med ein gong blir rifta større og til slutt deler den i arket i to. eit blankt a4 som med åra vart fylt med ord og fargar, dagar i parken og reiser til europeiske hovudstadar. me ligg på ei madrass på golvet, det luktar som oss hundre gongar, sveitte og tårer, klemmar og kyss og alt det vonde midt imellom det, ein buffet av alt me har vore gjennom. lyset som kjem inn gjennom sprekkane i veggen lagar ei forestilling på døra der du spelar hovudrolla. eg held hånda over magen din som føles så inderlig tom under overflata. det som var der er ikkje der lenger og me forstår ikkje kvifor. kveldar på kino, ein fox innpakka i gullpapir, ei sølvstjerne i avtaleboka, alt me aldri gjorde men skulle ha gjort, små små bitar med teip som til saman blir sement rundt kantane, ramme med glas i som aldri kan knusast. det er så skjørt ellers.

ho ser på meg og på hånda mi og smiler sjølv om ho gret og klamrar seg til med fingrane djupt ned i ryggen min som eit skada dyr. du gret for alle tinga du ikkje klarar å sei og ikkje eingong vil tenka. me veit begge at dette er slutten på noko, men ikkje kva. eg prøver å snakka, men orda kjem ikkje fram, dei renn ut i ein deig av kjensler eg ikkje har kontroll over, men du ser på meg og du veit akkurat kva eg vil seie og det er nok. så da ligg me der, på ei madrass på golvet og tør ikkje å setta oss opp. om du hadde hatt stemme igjen hadde du skrike, men du orkar ikkje skrike meir og eg orkar ikkje høyre.


du støttar deg på albogen og drar fingrane over armen min, skuldra, kragebeinet, halsen, kjenner på kvar einaste lille kurve i kroppen min. kanskje om me plukkar kvarandre opp fra golvet kan me gå tilbake til der me var for eit år sidan, finna tilbake til kvarandre, sjå kvarandre som nye menneske, fresh out the box, batteri inkludert(men heilt utan grunnar lenger). eller kanskje alt raknar, eit a4 blir til to a5. så da ligg me berre der. på ei madrass på golvet og snakkar ikkje om rifta, prøver ikkje å fiksa. berre ligg der. & me kjem oss ingen veg.



a text about something that hurts.


adresser.


Pink Princess

jens davidsonsv. 4
knekkebrød med brunost og kaptein sabeltann, å køyra med bilar under ei etasjeseng, bada i badekaret så ofte eg orka og lesa sølvpilen i skapet med lommelykt. dartbrett på innsida av døra, ein krakk vart brukt som liksom-laptop og eg hadde gardiner med rare figurar på. madrassa var rund i kantane mens senga hadde hjørne og der var det akkurat plass til å gøyma smukkar eg kunne ta fram når pappa hadde sovna etter å ha lest albert åberg medan eg mima alle orda. svart skinnsofa og ein pappa med bart, mamma som lurte meg til å tru at det tok ti minutt for neglelakk å tørka berre for å ha meg hengande ut vindauget ei stund, husfred. eg lærte katten, lukas, å hoppa ned fra verandaen i den tru at han skulle ha det bedre med å vera fri innimellom heilt til han vart påkjørt og eg drømte det akkurat kvelden før og visste at det var det mamma skulle sei då ho kom køyrande for å henta meg på skulen. julaftanar med fløyelskjolar og nissefruefregner og krøllelillesøster. piknik med fisher price-kassettspelar under verandaen og eit vennskap som har vart og skal vara heile livet.

Dream House

myri 4
seks år og me flytta dagen før søttende mai, den hausten begynte eg på skulen og det var del ein av dei beste og verste åra av mitt liv, å bygga trehytter i skogen og å gni treet med klut fordi me trudde at det vart friskt igjen da, gnidde og gnidde på eit tre med blaute klutar i timevis. rustne spiker gjennom adidas-flipflops, gjennom foten. andre etasje i garasjen der det ikkje var lov å vera var eg alltid, det var ikkje golv der men det gjorde ingenting, hoppa fra planke til planke og hang som apekattar fra bjelkane i taket. ein onkel som køyrte over foten min. til saman kanskje 15 nye kattungar, ei kanin, ein hund, tre hamster og utallige fiskar i eit akvarium.



farnesvegen 48b
hit flytta me til mitt første år på ungdomsskulen, eg gjekk kledd berre i svart og hata livet og meg sjølv, hadde det så vondt at eg berre ville forsvinna og midt i alt det vonde fekk eg ein kjæreste som eg aldri kunne drømt om, ein som fekk meg til å eta når eg gløymte det og sova når eg måtte, stå opp for å gå på skulen og holda ut til han skulle komma kvar veke. kvar onsdag kom han med bussen, eg la meg til å sova etter skulen fordi eg ikkje orka å venta til han skulle komma, han vekte meg også låg me der, i senga, i to og ein halv time, kvar onsdag, og det var det som virkelig redda meg fra mørket i meg sjølv.



åsavegen
flytta heimefra som seksten år, til sandane, følte meg så himla modig og så himla redd samtidig, kvelden mamma og pappa køyrte ut fra tunet fulgte eg bilen med augene og når eg ikkje kunne sjå bilen meir så var det nesten så eg ikkje fekk pusta, men det gjekk bra. eitt år budde eg der, det var kreative middagar og grøne vafler og krigar med dei som budde under oss, frustrasjon over hybelvertar og å føla seg litt for voksen enn ein egentlig var. eg flytta herfra midt på natta, full som ein snømann, heiv alle tinga mine oppi ei handlekorg og køyrte dei bort til:



kråkeslottet
det beste som kunne skjedd, eg flytta inn med fredrik til andre klasse på vidaregåande og me hadde det så fantastisk sjølv om det var millionar av vonde ting rundt oss som skjedde var me som ein hard klump av motstand og hjalp kvarandre lydlaust gjennom alt. mamma hadde eit hjarteinfarkt, me mista folk og fekk nye folk óg. me såg alt av six feet under, sex and the city, ally mcbeal, hadde dei mest fabelaktige festane i dusjen og i hagen og drakk meir vin enn eg har lyst til å hugsa. bananfluger og detoxkurer, teit hybelvert og flinke lærarar. eg sa ikkje hadet når eg reiste, berre gjekk, grein heile vegen bort til hybelen til han der fine med ein gul koffert etter meg, såg meg ikkje tilbake og tenkte at no er eg ferdig med denne plassen. folka mine er dei samme, men plassen er ikkje.

klockbranna036

marselis' gt. 24
august i fjor, flytta til oslo og var fullstendig livredd for å bli sambuar, for voldtektsmenn, for så altfor mange personar på éin plass, hadde høg puls eit halvt år etter me hadde tømt alle kassane. forelska meg i byen, i nye folk, lærte meg å vera meir positiv, mindre redd, lærte meg at det er greit, det går bra. vart forlova og det er eg framleis. og her bur eg framleis, for ei stund til. og eg angrar ikkje på noko.



the places where i have lived. some good, some bad, but no regrets.


åh, elle.

eg elskar jo elle, og får det kvar månad i posten eit par dagar før den kjem i hyllene. denne gongen varma det ekstra i magen og gjorde meg så himla glad då eg fann ut at coverintervjuet med tone damli aaberge er på nynorsk. det gjer meg så stolt og gir meg håp. heia signy fardal! håpar det blir masse meir nynorsk i elle og i andre magasin óg.

 


the october issue of norwegian elle made me so happy since one of the interviews were in new norwegian.


bukowski




bileta er linka

me møtast på ein bar, eg er ute med folk eg ikkje likar og du er aleine. ny i byen. du tipsar bartenderen om ei bukowski-bok og eg klarar ikkje å motstå å visa deg tatoveringen min. du er imponert, spør om det gjorde vondt. (ikkje så vondt som å få hjartet knust.)

i byrjinga kjøpte du blomar. ikkje bukettar men potteplanter, du vil ikkje gi meg blomar som ikkje var levande, seier du og eg tykkjer det er rart men fint. du må gå på jobb ein dag me et lunsj. det er haust og litt kaldt i lufta, men akkurat nok. eg følger deg og går oss vill, me kyssar opp mot alle husveggar me kan. du held meg akkurat passe hardt. klemmar og håndtrykk er som å koka egg. om ein klarar å perfeksjonere balansen mellom hardt og mjukt er ein ein vinnar. du kjem deg aldri til jobben, for me må gå heim. me må utforska kroppane til kvarandre, du må skriva med blekk på kroppen min, du skriv lange matematiske utgreiingar, kven skulle trudd at det var sexy.

hausten vart til vinter og det vart du óg. det som hadde råtna lenge i augene dine, fra lenge før mi tid, fekk endelig frysa til is, is som rann over, som ein blender som stod på fullt og knuste deg fra innsida og ut. du visste det ikkje da, men eg var redd deg. ikkje fysisk, men redd for at du skulle reisa. at isen skulle få deg til å gjera noko som fekk deg til å forsvinna. smelta vekk, til ingenting. eller til vatn, og oversvømma meg og livet mitt som var ingenting før deg, men alt etter.

biletet ditt heng på veggen i gangen og innimellom stoppar eg opp, kanskje medan eg knyt skolissene eller sjekkar luggen i spegelen ved sidan av, for å sjå etter i augene dine om det var noko der eg ikkje såg.



a text i wrote, try the google translator although it's hopeless.

om fine jenter.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.2501-149bed jumpingsonjaamsterdamjulielacebowties and heinekenthe last of novemberlongest day of my life.fredrik's birthday.

eg vil få takka den patetiske personen som skreiv dei forferdelige kommentarane til meg i går(til dei som lurer: eg har varsla it-avdelingen til universitetet i tromsø med ip-adressene ho brukte, så me kan berre håpa at det ikkje vil gå stille forbi). for ho fekk meg til å føla meg enda meir fantastisk enn eg kanskje er, fekk meg til å innsjå kor sterk eg er som ikkje lar meg knekka og fekk meg til å sjå kor fantastiske jenter kan vera. i kommentarfeltet hagla det med ståpå-kommentarar som varma i kinna og i magen. for eit år sidan hadde eg sletta dei slemme kommentarane, hylgrine meg i søvn og prøvd å gløyma at det skjedde, men eg lar dei stå. eg svarar, eg lar meg ikkje knekka men føler meg heller sterk som faktisk klarar å le av dei som føler behov for å trykka andre ned i gjørma gjennom dataskjermar på den måten. eg veks som person for kvar dag som går og eg er fantastisk. eg er kreativ og sjølvstendig og intelligent, eg lar meg ikkje knekka og eg er stolt av meg sjølv og mine jentevenner.

for jenter er fantastiske.
mine jentevenner er sterke skapningar som ikkje er redde for å stå på men som óg ikkje er redde for å vera redde og ærlige om korleis dei har det. dei studerar til å fylla stillingar i mannsdominerte yrke, dei er leiarar i organisasjonar, utval og elevråd, dei bryr seg meir om helse og smak enn kilo og kaloriar, dei jobbar drittjobbar for å få råd til fine kjolar og raudvin, dei lærer nye ting om seg sjølv heile tiden, dei syr sine eigne klede og bakar bollar etter oppskrifter i hovudet og les marknadsøkonomi mens dei steiker i ovnen, dei drit i kjønnsroller og kler seg i kva dei vil, har sex som dei vil med kven dei vil og snakkar høgt om akkurat det dei vil(utan at det er motstridande med å grina kvar tirsdag til grey's anatomy). dei er sterke og stolte av seg sjølve og er ikkje redde for å sei det, dei er fantastiske. og eg er så himla heldig som får ha denne bloggen og får litt innsikt i kor fabelaktige jenter faktisk kan vera i å støtta kvarandre når det er vanskelig.

eg vil anbefala å lesa gjennom kommentarane eg fekk i går, og tenka på at dette er jenter, over tohundre stk, som ikkje eingong kjenner meg men som tar seg tid til å skriva desse fantastiske kommentarane. de er fantastiske. ikkje gløym det. sei det til deg sjølv kvar einaste dag. omgi deg med personar og ting som gjer deg glad, som gjer deg sterk og stolt. jenter, altså. ein må berre elska dei.


yesterday i got some pretty terrible comments, and this is just to say i'm sorry to all girls. yesterday i thought all girls were horrible creatures who break eachother down, but when i'd had some time to think i realized all my girl friends, and 97% of my girl readers, are amazing and strong and will support one another no matter what.

om ekle jenter.

anbefalar alle som lurer på kvifor eg blokkar så mange ip-adresser å ta ein titt i det forrige innlegget sitt kommentarfelt. eit perfekt eksempel på kor mykje dritt ein må takla når ein har eit fint liv med ein vakker kjæreste men nokre ekstra kilo på kroppen. skjønnar ikkje kvifor nokre jenter må vera så jævla ekle med kvarandre.

edit: alle dei ekle kommentarane kjem fra tre-fire forskjellige datamaskiner på universitetet i tromsø. altså éin enkelt person som skiftar datamaskin. trist men sant. get a hobby!

edit2: TAKK til alle fine jentene som kommenterar og motbeviser at jenter treng å vera ekle!!! de er så jævla fine.

bergens tidende.

Untitled_Panorama1

her er teksten eg skreiv for bergens tidende for eit par veker sidan. no har eg scanna den, så de alle kan få sjå! berre trykk på bildet og les les les. og sei gjerne kva de tykkjer.


i wrote a text for a newspaper a few weeks ago and i finally got to scan it for you. unfortunately in norwegian!

i morgon.

i morgon må de lova at de kjøper bergens tidende, for eg har nemlig skrive ein tekst til kultur-delen! om sommar og ferie og kvardag. (eg har litt angst for å stå på trykk og merkar eit sug i magen kvar gong eg tenkjer på det, men det er så himla gøy og absolutt noko eg kunne tenka meg å gjera meir av) i natt, når bt-mannen kjem for å levera avisa kjem eg til å venta akkurat til han har snudd og komt rundt svingen også springa så fort eg kan til postkassa og lesa, sjølv om eg har lest den hundre gongar før.

ps: om du bur i oslo kan du få kjøpt bt på narvesen på brugata, over vegen for ark(ikkje den på gunerius).



i have a text out in a norwegian newspaper tomorrow and am extremely anxious but very happy about it.

stille/sakn.



bileta er linka

i baksetet på ein taxi, eg prøver å lesa dei siste sidene av ei bok og det er dei viktigaste sidene, du veit at det snart er på tide å ta farvel med boka og karakterane som har fått deg til å sitta med globuslys i senga heile natta, med tårer av alle slag i auga og på dynetrekk. i baksetet på ein taxi, og mamma snakkar tysk med sjåføren. hovudet mitt overset alt ho seier til norsk og det blir ein del av historia, ein fullstendig ulogisk del som ikkje skal vera der og da ynskjer eg meg at eg skal få eit headset ein kan setta på høgaste volum i og alt som kjem er stillhet. ikkje den typen stillhet som er heilt heilt stille når ein har øyreproppar på, men den typen når ein sit i ein park, litt vind i treet over som skuggar fint over teppet ein sit på, fuglar som flyg aleine eller saman, luft av svidde pølser nokre dusinmeter unna, folk som ler, folk som kjederøyker sigarettar og kliner bak trerøtter. oslostillhet, den beste typen. eg lengtar sånn til byen no at eg held på å bli gal.



about really really missing the silence of the city, sitting in a park on a blanket with three thousand things going on around you but you can't hear a thing.

ein guide til å ha det bra

det er vanskelig å ha det bra. det høyres kanskje rart ut, men for meg må det innsats til for å våkna om morgonen og ikkje tenka "åh, faen, ein ny dag. igjen". eg som har eit naturlig mørkt lynne må arbeida hardt og mykje for å klara å setta pris på ting rundt meg, som igjen gjer arbeidet enklare. ein oppoverspiral, om du vil. her er nokre ting eg pleier å gjera når eg har knust favorittkoppen min eller kommentarane kun handlar om kor mange dobbelthaker eg har(det virkar kanskje som overfladiske ting, men det er ting ein kanskje ikkje vurderar når ein ikkje ser anna enn sine eigne skosåler):

fine folk
fredrik's birthday.
eg har mange fantastiske venner, venner eg kan senda ein melding til og sei "eg har det kjipt, vin/pink lemonade/film/kom hit?" mange trur at ein ikkje har det, men av og til er det berre å senda den meldingen og sjå korleis det utviklar seg, for dei aller fleste vil ta det som eit stort kompliment å få lov til å vera der for ein når ein ikkje har det bra og det er ofte sånn dei finaste vennskapa utviklar seg.

blomar
the day he proposed and how normal it started.
eg treng å ha blomar rundt meg for å ha det bra. det høyres nok litt flåsete ut, men jo. for at eg skal klara å holda det ryddig heime må eg ha noko å ha det ryddig for, og få ting er tristare enn ein blomsterbukett i eit rotete rom. blomstrane kjøper eg først, så ryddar eg rundt og vips ser det plettfritt ut heime og da gjer det ingenting at kleda kanskje ikkje har brettekant i skapa, for det er det ingen som ser.

mat
the last of november
å eta favorittmiddagen sin på ein tung dag kan hjelpa meir enn ein forstår før ein faktisk gjer det. å eta i sofaen er óg lov på ein dårlig dag, eller til og med å gå ut for å eta, kjøpa med seg grønn curry og setta seg i ein park eller laga maten sjølv og ta den med ut, på dei finaste tallerkane på det finaste teppet med nokon fine som ein klarar å vera rundt når ein ikkje har det bra. om alt håp er ute pleier eg å kna deig skikkelig lenge og tenka på alt som frustrerar meg medan eg dunkar deigen ned i bordplata.

å vera ute
cherry blossom day.
å sjå nye ting rundt gatehjørne, å overhøyra andre sine samtalar, å sitta på ein benk ved ei fontene, å teikna folk rundt seg. det er merkelig kor mykje det hjelper meg å legga energien min i andre folk sine liv om eg ikkje har det så fint sjølv. skapar heile verdenar rundt folk eg møter på min veg også ramlar eg inn døra med latterkrampe og er ein heilt anna person enn når eg gjekk ut.

å gå
3358702941_3ed6fde8b9_o
føla at du er kroppen din, kroppen din som er så sterk og fantastisk og tar deg dithen du vil berre hovudet vil, å få smil fra framande, å høyra på favorittmusikken sin superhøgt og ikkje bry seg om alle høyrer "single ladies" gjennom headsetet for dei høyrer på jan eggum og sånn er det med den saken. (gifen er fra skulevegen min når eg gjekk på vgs)

musikk

alltid når eg har problem med å stå opp om morgonen eller stagnerar fullstendig med hovudet ned i dyna set han der fine på alt han har av ingrid michaelson. eg trur det er rundt åtte songar, eg mimar kvart einaste ord og når dei er ferdige har hjartet mitt det litt enklare og eg klarar kanskje å setta meg opp for å sjå ein episode mad men.

film
hairspray
hairspray. amelié. mr. magorium's wonder emporium. rushmore. the royal tenembaums. marie antoinette. virgin suicides. å få leva i eit anna univers i eit par timar hjelper innmari på.

vin
sunday party
om alt håp er ute er det musserande som hjelper. (forutsett at ein er gammal nok til sånt, såklart)



about sometimes needing to make an effort for life to feel good. my best tips: surrounding myself with people who will come on their bicycles as fast as they can if you ask them to, eating your favorite food even if it isn't a saturday, listening to your favorite songs and drinking a lot of wine.

sånt som gir klumpar i magen og i halsen.

når ein tenkjer at det er fantastisk med tre øl for hundre kroner på ryes heilt til ein ser ein einsam gamal mann i hjørnet med tre glas på bordet og tankane ein heilt annan stad.

når folk ein er glad i alltid ser annleis ut ansiktet så lenge eit kamera er i nærleiken og at dei aldri ser ut som seg sjølve på bilder.

å vera i dyrehagar når ein skjønnar at dyra ikkje har det noko bra, store primatar som heng med føtene utanfor gitteret og fuglar som ikkje får flyga nokon plass.



når ein sit i sjukehuskafeteriar og det sit mange fleire enn det er plass til rundt eit bord og ein veit at dei berre ventar på noko som dei ikkje kan stoppa.

når dei voksne røyker og ungane som ikkje er store nok til å prata enda får all røyken i ansiktet men det er det ingen som merkar for dei voksne snakkar og det er viktigare.

gamle damer som pratar med alle på putikken og ler og smiler og ein får berre så vondt for ein ser det i augene at ho er så himla einsam.

gamle menn som går langs e6 og ikkje veit kvar dei skal eller kvar dei kom fra.



når ting som er viktig skjer på ein spesiell dag og alle venner i heile verda gløymer det og ingen sender melding og spør.

når folk ein ikkje kjenner gret på gata eller i heisen eller på trikken og ein har lyst til å berre legga hånda oppå hånda deira men ein veit at ein ikkje kan.

når mødre er sinte på putikken fordi ungane gret eller vil ha berre éin skumsopp til, da får ein lyst til å plukka dei små med seg for å gå på leikeplass og eta sand.



things that make my heart break: old men walking by the road not knowing where they came from or where to go, when friends forget to ask about important things, tables with too many chairs in hospital cafés with people just waiting for bad news, people who don't care about children in their cigarette smoke, people who always look the same in pictures but don't look like themselves at all.

kvardag ein annan stad.



bileta er linka

du sjonglerar fire handleposar ut av bussen, eg ser deg i vindauget og går for å møta deg halvvegs i trappa. me lagar pasta med persille og mozzarella og et i vinduskarmen medan du fortel om dagen din. om dei frekke franske menna på t-bana, om ho med hengepuppane som alltid set seg ved sidan av deg og seier ord som du ikkje er flink nok til å forstå enda. me delar ei kronenbourg og ein kokosyoghurt til dessert på eit teppe på golvet, du har ikkje sokkar på og ikkje eg heller, me bur i eitt einaste rom og to kokeplater, ingen komfyr. men det er okei for me vil berre ha kvarandre og helst heile tida. og pasta treng ein ikkje komfyr for heller. over senga heng lag på lag med tyll og sjølvlysande stjerner, så ein føler litt at ein ligg i telt kvar einaste natt, ei vifte står på og utanfor høyrer ein folk som snakkar og snublar på veg heim fra fest.



about moving our day-to-day life to another country, another city, another feeling.

svartkvitt.






i natt drømte eg i svartkvitt, eg hadde kjole med prikkar på og silkebånd i håret og når eg våkna tenkte eg at tenk om verda hadde vore heilt utan farge. alt hadde handla om kontrastar og gråtonar, og eg lurte på om eg hadde hatt det bedre eller verre da. mala huset i lysegrått, mørkegråe lister og ingen rødhåra fine jenter så langt auget kan sjå.


last night my dream was in black and white.

1964.




det er nittensekstifire, ånden din er ei blanding av gamal whiskey og lucky strike, du har éin blond krøll i panna og trur du er kongen av heile verda. me står utanfor ein bar og du står i midten, du snakkar om politikk om dop om sex, klokka er fem på natta men det er det ingen som veit. det byrjar å regne og dei fleste går inn, du står igjen på fortauet, ansikt mot regnet og open munn. eg blir ståande og sjå på deg, går mot deg og stoppar rett framfor, lar regnet renna nedover kroppen min, trenga gjennom kjolen gjennom strømpebuksa inn i skoa. eg stiller meg på tå, tar ansiktet ditt i hendene mine og kyssar deg så mjukt at du nesten ikkje kjenner det. stopp. spol tilbake. ein gang til.

fjorten.


kjelde

han står med ryggen lent mot kjøleskapet, det er ein fest i åttende klasse og han er den raraste guten på trinnet, mørkt mørkt hår og latter ein høyrer fra etasjar over. eg hjelper han i excel berre for å få lena meg over han og lukta han bak øyret. han er full, han har eine auget igjen, eg er óg full, på billig kvitvin og eg veit at eg ikkje kjem til å hugsa det i morgon, eg går fram til han og seier du er så jævlig fin og han ler og ser i golvet og eg løftar hovudet hans med fire fingrar under haka, han ser på meg og skjønnar at eg meinar det, han smakar tuborg og lucky strike og eg må holda hånda over brystkassa for å hindra hjartet mitt i å stupa ut. han følger meg heim og me veit at på mandag er me tilbake der me starta, to rare fjortenåringar kanskje bedre kvar for seg.

if i could dig a hole and hide in it, i would.



på bordet står det ein drink, knall blå, den er ikkje hans men den ser jævla dum ut. tjuesjette etasje, han overvåkar kvinnene nede på gata, fotograferer dei utan at dei veit det, prøver å finna ut kva cup han vil vera(han ser ut som ein d). i lomma har han eit avtalekort med ein lege i eit anna land. om to timar reiser han og ho veit ingenting enda, derfor desse idiotiske drinkane. han kjem til å hoppa på eit tog og reisa fra alt, reisa fra seg sjølv og fra ho og vekk fra sin eldgamle jobb(med blomar rundt graver og kyrkjer). han fotograferer ho for å hugsa alle detaljar, freknene på nasen og kor tjukt liplineren er teikna. litt for å hugsa, men óg for å vita korleis han sjølv kjem til å sjå bli, som frigjort, som kvinne, som nokon sitt trofé med forkle med sløyfe bak og steika i ovnen. han snakkar om å vera einsam, ho seier at ho set pris på det, at ho skulle ønska ho kunne reisa langt vekk og brenna alle bruer bak seg, og akkurat da veit han at ho kjem til å tilgi han. han går forbi dansande masser og røykskyer, på bordet ligg eit brennande brev som forklarar alt. han tar heisen ned, og når dørene opnar seg i første etasje har eit heilt nytt liv begynt.

tomat.



ho berre sit der, i hjørnet. han mista, han óg. ho må sova aleine, men han mista, han óg. og ho høyrer ikkje etter, han skriker at EG MISTA EG ÓG men det hjelper ikkje, ho høyrer ikkje. vegen til ein mann sitt hjarte er mat. kanskje vegen til knuste mødre sine hjarte er mat óg, om han berre fekk ho til å eta noko, han hugsar ikkje kva ho likar, det er så lenge sidan dei har ete noko anna enn sjukehusmat. han spør, men ho svarar ikkje. spaghetti. han hugsar spaghetti. spaghetti har dei. han knyter skoa og seier at ho ikkje skal gå nokon plass. ho stirrar ut i lufta, men kanskje stirrar ho på eit anna støvkorn enn for ein time sidan. skoa knirkar heile vegen inn, han hugsar ikkje om ho likar kylling eller gris, så han tar begge. ved kassa kjem han på at det er tørt med spaghetti og kjøtt heilt aleine, sjølv på fine tallerkar, han går tilbake, vandrar kvilelaust mellom hyllene og veit ikkje kva han vil ha eller kvar han skal gå eller korleis morgondagen blir. tomat. det blir tomat.

julinetter.



altfor lenge har han vore den stille, observerande typen. ser gjennom vindauge og inn i bilar for å sjå kven som ikkje er der. difor forelska han seg. ho var så veldig levande. altfor ung, sjølvsagt, men det gjorde ingenting på avstand, heilt til han slapp taket over kanten og ned i djupet. kjøpte seg leilighet med utsikt til soverommet, brukte alle pengar på kikkert(med varmesøkande funksjon, ikkje at han treng det). han tapetserte sin lille eittroms med bilete av ho. på veg til skulen med blåmerke på knea og skrikande grøne auge, med brennande bøker i sekken om astronomi og elefantar. med sløyfer i hestehalen og dei største fortennene i klassen. han har utsikt til kjøkenet óg, dei er ein kjærlig liten familie. et middag(favoritt:taco, heilt klart, som alle andre på trinnet) ilag og bakar kjeks på søndagar. han kan óg baka kjeks, tenkjer han. kan ikkje vera så jævlig vanskelig. kanskje ho ser han om han bakar kjeks, om berre ho ser han i to sekund. kanskje.

på tide.



ho hoppar over vegen, berre på dei kvite stripene, med ein krøllete hundrelapp i lomma. tenkjer at endelig, endelig, etter tolv år aleine skal ho endelig få vera litt med nokon som veit korleis ho pustar, som på film, som dei vaksne. ho veit ikkje kva dei vaksne gjer, ho er berre tolv små år, og tenkjer at dei voksne sikkert et selskapsblanding i festlige anledningar. juice er fint om ein blir tørst, eller kakao(kokesjokolade) om han får lov til å leika med komfyren. på reklamen kyssa dei etter å ha ete melkedrøm så da kjøper ho det óg. ho tenkjer at ho ikkje veit korleis han luktar heilt nære så det burde ho kanskje finna ut eller kanskje ho først vil vita korleis det føles å dra fingrane gjennom så krøllete hår. ho tenkjer at ho aldri har følt seg sånn, det må vera sånn dei føler seg, dei vaksne, og på film. som med tusen flodhestar marsjerande i magen, på veg mot noko rundt neste sving.

dikt

som de veit har eg skrive ein del dikt i mi tid. her får de litt snacks på ein tysdagskveld medan eg er barnevakt for massive attack-foreldre og redigerar bilder. dei er ganske umodne, nokre av dei, men dei kan vera fine likevel.
seks små dikt. til deg.

jfk
dagar brenn&skjelv
medan dei veks og gjev seg sjølv ryggen
det rører ein

han ristar meg, snurrar
, gjev snille auge til ulvane i skapet som dreg i huda mi

i dei vage og kvilelause augo hennar
er ho på veg til å bli lei
; slik nokon blomar berre blømar om våren,
blømde me(allereie) i vinter


langdistansesymjar
kjærleiksbrev frå langdistanse, hav forbi,
gjer ikkje einsemda(/deg) mindre
til-sta-de-ve-ran-de
trøytte auge lengtar etter søvn&
at døra skal opna seg

kvar ei rørsle var skapt tusen gonger før meg. bølgja slår tilbake, re-pe-ti-sjon.

dei tomme sengene svelger oss til me ikkje lenger er i kroppane våre,


kanskje sanninga vil halde meg varm i natt


:
nullsju:førtiseks
fingrar frosne
til stiv form

"heime" er kaldare no
kjem fersk frå krig
alle er dei vekk,
dei andre

vandra over dørstokken
ventar på ein heimkomst

spenn augene opne
held pusten


porselen
augevipper sprer seg som ei
voluminøs vifte
å kle av såret helar det ikkje

ingen magi eller superkrefter
berre vissheita om at det er der
pustande, levande held deg klår

slitt hår dannar skuggar på
den beinlause ryggen hennar;
lange, skinande, svarte lokkar
som skjelv livredd i auget

skin det?
har hendene fanga sanninga i porselen?

ho sit ovanfor meg i ei
bohemsk glorie, røykar beina
hass og drikk lukta av han frå
ei gyllen flaske

inhalerar gift
(pal-pi-ta-sjon)

stemma hennar er stifta inn
i evig uvissheit der ho dansar

fanga i håp.


jubileum
(sein natt)
ein framand fraktar oss
eg strekkjer halsen rundt
svingen
vil vera den fyrste som ser

(det var ei natt mellom)
drar fingrane gjennom

stormen
(høyrer ikkje)
spring gjennom regnet
hand-i-hand

saman er vi ei
sareptas krukke
fylt til randen av kjærleik


?
stemmer i natta
kviskrar orda som
dagen ikkje tåler

& medan bølgjene legg
skuggeslør
over dagen
& taktfast kastar
tankane sine mot land

vendar eg andletet
mot deg

kan hud vera så mjuk?

kvitteringsonsdag

(eg byrja på denne i går, men eg måtte så absolutt plutselig sjå csi med han der fine)
mg3870
denne gamle dama ser litt slik ut: brune knestrømper, kanten på strømpene visast såvidt under det store blomsterskjørtet. ho har langt hår, i ei flette. veska under armen. ho er lei seg. for mannen hennar døydde. for ikkje så lenge sidan. og ho elska han sånn, han var det einaste. han var glimtet i auget, og ho saknar ein kropp å varme seg på. sonen kjøpte ein kattunge til ho for å få tilfredsstilt omsorgskjensla hennar. no er den alt ho klarar å tenke på. den heiter bruno, etter han. og fordi den er brun. den ligg på puta hans om morgonen, et frukost ved bordet med ho(ho har ikkje klart å ete på ei stund). av og til tenker ho at katten er han. ho spelar kabal for å døyve saknet.

har du lyst til å hjelpe meg?

eg treng kvitteringar. mange kvitteringar. det treng ikkje å vera dine eigne, berre dei som har blitt forlatt i butikkane. helst frå matbutikkar, men òg frå andre butikkar. hiv dei i ein konvolutt og send meg ein mail på mariell.oyre@gmail.com for å få adressa mi. om du lurer på kvifor kan du sjå her eller her. eg skriv ei bok. hjelp meg da vel!

hjelp!

som nokre av dykk kanskje veit, har eg planar om å skriva ei bok. ei bok med mine kvitteringar og analyser av dei. men eg treng hjelp. eg treng nemleg eit vidt spekter av kvitteringar frå heile landet. og difor treng eg dykk bloggarar. alle som vil, send ein mail til mariell.oyre@gmail.com. så kanskje kvitteringa di blir med i ei bok, kven veit. spread the word.

eg ler så eg griner.

200809030441
200809030441
(om du treng å sjå den større)

ei trist historie

kvitteringar er min religion og eg trur på at ein kan analysere seg fram til kven du er ut ifrå kva du kjøper på butikken. ein dag skal eg gje ut ei bok. eg meinar det.
200808272211
dette er litt av ei trist historie.
eg ser for meg ei aleinemor, ca 30 år gamal. ho har ei jente på 3 år. pappa har forlatt dei.
ho et det same kvar dag(kyllingfilet med kyllingsaus og spiralloff og brokkoli) fordi ho veit ho treng protein og fiber, men det spelar ingen rolle for ingenting har noko smak lenger uansett. ho kjøper vg som ho aldri les men som ho har liggande på bordet i tilfelle nokon skulle sjekka og finna ut at den forrige som låg der hadde vore der i vekesvis. dottera likar ikkje kyllingsaus med basilikum og lauk, derfor får ho tomatsuppe istaden. med makaroni. og for å få ho til å vera stille(mamma har så vondt i hovudet, lille venn), får ho melkesjokolade og gullvafler(det er jo laurdag) medan mamma får smertestillande og andre apotekvarer for å halda seg i skinnet. ho er heilt øydelagd av sin eigen situasjon, ho må til og med ha to bæreposar for å klara å bæra alt det.