s.a.r.a.

denne helga har eg hatt denne personen hos meg. ein av mine aller aller beste personar i heile denne verda. i universet. på planeten. me har ledd og sove lenge og ete scones og leitt etter happy hippos. i dag reiser ho og eg skal ikkje sjå ho på lenge og eg får lyst til å trykka opp dette biletet i ein meter gonger ein meter stort sånn at eg kan sjå det kvar dag og tenka på kor mykje me ler. når ho reiser kjem eg til å knusa til ein liten pøl på bakken også kjem me til å skypa og skriva og veksla dagar og veker og idéar og oppskriftar. timesvis på skype og meterlange mailar. best best best. åh.
this weekend this person has been here. one of my best persons on this earth, in the universe, on the planet. we've laughed and slept in and eaten scones and scouted for happy hippos. today she's leaving and i won't see her for a long long time and i want to print this picture so so big so i'll see it every day and think about how much we laugh. tomorrow when she leaves i'll break unto this tiny little pool on the ground. we'll skype and write exchange days and weeks and ideas and recipes. hours on skype and meterlong mails. best. best. <3
miss it so much.



laurdag kveld var ein av dei finaste kveldane på veldig veldig lenge. kombinert innflytningsfest for christine og farvelfest for meg og jostein. christine fekk hortensia i gåve sånn at ikkje folk kan sjå inn i leiligheten, me åt kake som eg hadde laga og klemte og klina og gjekk på nachspiel hos heidi og caroline. når me gjekk heim var folk på veg til jobb og me sov i 3 x skjei i senga til janne. også laga eg ein film som eg elskar:

saturday night was one of the most wonderful nights in a very long time. it was a moving in-party for christine combined with our going away-party. i gave her a lovely hydrangea to sit in her window and prevent strangers from looking in, we ate cake i had made and hugged and made out and went to heidi and caroline's for the afterparty. when we walked home people were on their way to work and then we spooned ourselves into sleep in janne's bed. and i made a film!
18.
i dag blir den finaste lillesøstra i verda 18 år. i dag er det 18 år sidan eg vart ei lillesøster rikare og tenk at heile livet mitt hadde vore heilt noko anna om det ikkje hadde vore for ho, på godt og vondt, som det er med familie. så her kjem gratulasjon(kaka kjem i morgon): frå mamma og pappa og meg og jostein(og bono óg):
<3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 gratulerar med dagen, vesle bambiauge. du fortener heile verda og enda meir til.

it's my sister's 18th birthday today! and this is from me, j and my parents(and our dog). the hearts, that is.
dagen etter.
dagen etter fredrik sin bursdag er alltid som eventyr i seg sjølv. me våkna fyllesjuke, åt pannekaker til frukost, hoppa på ikkje-eksisterande trampoline i hagen. frøy var sur på copper men glad i hengekøye, og sara var like vakker som alltid. altså sånn at ein ikkje trur det. kaija og jonas klina også klemte me kvarandre så hardt så hardt og tenkte at me skulle ønska me kunne spola tilbake og gjera det ein gong til.

the day after fredrik's birthday is always like fairytales. we woke up hangover, ate pancakes for breakfast, bounced on an imaginary trampoline in the backyard. frøy was mad at copper but happy in the hammock. and sara was as beautiful as always. unbelievably so. kaija and jonas made out and we hugged eachother so so hard and wished we could turn back time and do it all again.
fredrik, 21.
onsdag forrige veke tok mine favorittpersonar og eg bussen til førde. til fredrik sin årlige bursdagsfestival. og det var som vanlig heilt vidunderlig fantastisk. i gåve frå meg fekk fredrik ei elleve timar lang speleliste som vart spelt gjennom heile festen og ingen våga seg å røra musikken. og no får han denne filmen. med berre fine folk og glade ansikt. så! her kjem ein film! + bildebonanza:
musikk: veronica maggio - välkommen in

last wednesday, my favorite people and i took the bus to førde to celebrate fredrik's 21st birthday. for his birthday present i gave him a playlist, 11 hours long, and now a film from his party!
hipp hipp.


i dag har min pappa bursdag, heile 44 år tenk det. me feira med kake og heile familien på middag og dessert. no er det igjen stille her og me drikk prosecco like there's no tomorrow. av meg og søster fekk han og mamma tur til london til hausten, hurra! gratulerar med dagen, fine pappa. <3 
it's my dad's birthday today, 44 years old.we celebrated him with cake and the entire family came over for dinner and dessert. it's quiet here again, we're drinking prosecco like there's no tomorrow. my sister and i gave him and mom a trip to london this fall, yay! happy bday. <3
grått.
biletet er linka.
denne helga er ganske så grå og trist. alt er kaos i leiligheten og i går døde min kjære morfar etter ein lang og hard kamp mot kreft. resten av familien er i trøndelag allereie mens eg sit fast i flyttelass og han der fine sine eksamenar og sånt som må fiksast. håpar at de har bedre helger enn meg medan eg er litt vekk. i mellomtida kan de jo stilla spørsmål i spørsmålsrunda eller noko, de spør om så mykje rart og fint at det varmar rundt hjartet.
i'm having a very gray weekend. my apartment is an absolute mess because of moving and yesterday my grandfather passed away after battling cancer for a long time. i hope you'll forgive my absence and maybe ask me some questions, they always seem to cheer me up.
sara.
eg og sara møtte kvarandre for første gong i trondheim på ungdommens kulturmønstring i 2009. me hadde begge komt til landsmønstringa, eg med løyndom-prosjektet og ho med store bilder av ei halvnaken jente. på det tidspunktet hadde ho allereie ein kjole i skapet sitt som ein gong hadde vore min og eg hugsa ho som ho jenta med det fine bildet av den nakken som vant ein konkurranse her på bloggen. om ho ikkje hadde sagt hei av refleks då ho gjekk forbi meg i dokø i trondheim hadde me mest sannsynlig ikkje vore venner. då me flytta til oslo inviterte eg og han der fine ho på middag og ho kom hit og me åt og det var som om me hadde kjent kvarandre for alltid. etter ho kom til paris har me vore uadskillelige. det er sånt som skjer når ein seier hei og to år etterpå, i paris, ligg våken til sju om morgonen kvar einaste natt og snakkar om vonde og bra ting. ho seier skjerp deg, mariell og eg seier skjerp deg, sara og det ville eg aldri ha vore foruten. eg kjenner sara bedre enn ho kjenner seg sjølv og ho kjenner meg godt nok til å tørra å kjefta på meg. snart flyttar eg fra oslo og eg kjem til å sakna sara sånn at det gjer vondt, sånn at eg bestiller flybillettar midt på natta og skypar på gråten og seier du må komma, du må komma no no no også seier ho skjerp deg, mariell. også gjer eg det. to av tre gongar. 
about my friend sara. we've been friends for two years now and when i move to london this fall i'm going to miss her like crazy crazy crazy. <3
mamma & hjartemagasinet.

min mamma er ganske hard på magasinsalget. lange vår- og sommardagar syklar ho rundt i heimbygda med sykkelkorga full av magasin, klar for å pusha til alle som eingong veit kven ho eller eg er. om natta snik ho seg inn i husa til folk og byttar pengar mot magasin, knirkefritt og utan eit einaste spor. det siste der var tull, men resten er based on a true story. så om du er i mine heimtrakter og ser ho kommande er det berre to ting å gjera: hopp gjennom nærmaste hekk eller finn fram hundrelappen. til slutt finn ho deg uansett. død eller levande, liksom. don't hate the player, hate the game.
my mom is a pretty harsh seller, she rides her bike through my hometown with her basket filled with magazines. if you see her; run or pay up, she'll find you eventually either way.
torsdag.

i går fekk eg den finaste mest magiske pakka i postkassa mi. den var fra rebecca og inneholdt salmiakkisjokolade og salte kattar. <3

så fekk eg den beste gåva som finst, nemlig sara! i natt har ho sove i senga mi og no har me ete vinlunsj.
yesterday i got a lovely package in my mailbox. then sara came, and right this minute we're eating lunsj + wine.
søndag.

dagen i dag føles litt sånn. berre at no er eg 20, pappa har ikkje bart lenger og eg har chips på heile golvet. meir om det i morgon, håpar de har hatt heilt fantastiske helger, det har i alle fall eg. 
today feels a bit like this, but i'm 20 and my dad lost his moustache a long time ago. i've got chipscrumbles all over my floor but it's been an amazing weekend.
julefint den siste veka og litt meir.
å vera på juleverkstad i oslo og faktisk vera litt trist for at ein må reisa fra byen i jula.
å pakka inn gåver og le høgt når ein ser for seg folk som opnar dei igjen.
å fly heim og sjå bilen til pappa idet det pyttelille flyet landar på haukåsen.
å komma heim til ein hund som er så glad at han spring inn i stova og tar u-sving tilbake igjen kanskje ti gongar.
å få lov til å hjelpa til.
å kjøpa sin eigen julepynt og tenka nokre par år fram i tid til ei jul med han der fine og meg og kanskje ein fin ein i magen.
å bruka hovudlykt då eg saga mitt første juletre, og dra det gjennom snøen og bli skikkelig kald på føttene men vera ufattelig kry.
å pynta juletreet som eg har saga sjølv.
å gi hunden ein innpakka gris som lagar griselyd og sjå på at han opnar den sjølv.
å bli superkald på dei to minutta eg brukar på å gå fra huset til bestemor også hoppa rett i sofaen med ein fin film og fem klementiner.
å kun få ting som ein ønskar seg og treng, og føla at ein har gitt folk ting som dei ønska seg og fortjenar.
å gå rundt juletreet med svigerfamilien. og ta familiebilde.
spelekveld med min første kokkelimonke med familie som ein ikkje ser så ofte.
fløytekarameller x 1000.
enn du?
christmasy things i've done in the past week and some more: wrap gifts, christmas shop, chopping down my first christmas tree and then decorating it, playing boardgames and making fudge.
lille homo.


dette er fredrik, min bestevenn.
alle kveldane med sex & singelliv på tv'en og chai i koppane, alle fire føter under tepper og alle maurane som såg på oss.
den kvelden hjå sonja då du kasta ein brownie på meg og eg kalte deg for lille homo for første gong.
den gongen du sprang inn på hybelen med ein stor løyndom i lomma og me sat i karmen på vindauget ditt og snakka om kor rart det føltes.
den gongen me drakk oss skikkelig fulle på ein onsdag og sykla på sykkelen min til rema1000 for christine var på jobb, også trilla me appelsiner langs golvet og sang heile vegen heim.
bestemor slem og lille eirin.
då me hoppa i sengene i amsterdam.
då eg flytta ut, og eg gjekk utan å sei hadet og seinare sa du at du aldri hadde forventa at eg skulle sei hadet, for du kjenner meg så godt at du veit at eg ikkje gjer det, og eg gjekk med alt eg eigde i ein gul koffert og grein heile vegen ned bakken.
den kvelden på tekehtopa då janne ikkje tenkte seg om og sa at du skulle vera jostein sin forlovar før han fekk spurt men så spurte han og du vart skikkelig glad og eg óg.
då me krangla og innsåg kor mykje me treng kvarandre og kor dårlig me taklar kvardagen med klumpar i magen med kvarandre sine navn på.
den kvelden me var hos sigrid og du og janne var morsomme og nokon sa "han der er skikkelig morsom" og eg vart skikkelig stolt som om eg var ei lillesøster og du storebror.
this is my best friend fredrik. we've been through a lot together and i love him to death.
mitt 2010 i tre personar.
i 2010 har eg blitt kjent med så himla mange fine personar. mange nye jentevenner som er så fine at ein berre må presentera dei litt, i alle fall tre her:
sigrid

sigrid sendte meg melding på facebook og vips gjekk me for å drikka kakao ilag og vips var ho blitt ein av mine beste venner som eg kan senda melding til om eg er lei meg og det er så himla viktig.
heidi
heidi er ei kraft i seg sjølv, ein power of nature, som aldri gir opp og som har kjenslene liksom utanpå. eg kjenner ingen andre som er sånn, og det er så forfriskande. ho drikk seg alltid like full som meg eller fullare og det syns eg er fint. og heidi seier aldri nei om ho kan sei ja.
caroline
caroline er ein av dei mest kreative personane eg veit om, og ho er så satans flink. framover skal me jobba enda meir ilag, og det gler eg meg skikkelig til. om du gir ho ein øl så går ho med hatt heile kvelden óg, berre ein sånn ting. best til å dansa av alle eg nokon gong har sett, alle gutane siklar på dansegolvet og da er det gøy å stå ved sidan av og berre vera sånn "eg kjenner ho der".
i've gotten to know so many great people this year, including these three wonderful girls who inspire me in their own ways.
three redheads walk into a bar.

onsdag kveld klokka halv åtte snubla eg inn på villa paradiso. der hadde dei pynta til jul, og eg hadde avtalt middag med to av dei finaste jentene eg veit om.
nemlig sara, som hadde purstag!!!
og janne, som hadde tatt på seg alt blinget sitt for anledningen.
me drakk purstagsprosecco.
og tiramisu til dessert, ein på deling. til middag åt me pizza men den var sjå sjukt god at eg gløymte å ta bilde. eg åt indiavolata, som eg trur er blitt min favoritt.
det er så fint å sjå inn på kjøkenet for dei som lagar mat skrik til kvarandre på italiensk. <3
så gjekk me heim og snakka om pelsbransjen og etikk, skikkelig voksne og over tjue heile gjengen. <3

this was my wednesday night: i invited sara and janne to eat dinner with me at villa paradiso, and since it was sara's birthday we drank prosecco and ate tiramisu for dessert.
laurdag.

i går gjekk eg og han der fine til heidi for laurdagsgraut. der var det andre fine personar óg, som inga og sigrid siggerino.
etter to timar var grauten ferdig, og da hadde me drukke kanskje tjue koppar te, ete petit fours og konfekt og julemenn og andre juleting, og snakka om merkelige tema.
sigrid hadde med seg ein sjukt bra bringebærsaft fra hervik.
etterpå tok eg oppvasken mens me snakka om gutar og kjærleiken og sjalusi.
gløymte å ta nokon skikkelige bilder av heidi men den fine nattkåpa får symbolisere. 
han der fine bladde gjennom eit nittitalstegneseriehefte om kjærleik som heidi hadde i senga. så gjekk me heim og snakka om kor fine personar me har i livet vårt og kor enkelt ting virkar for tiden.
klokka halv ti kom me fram til sigrid. ho er den einaste utan gardiner og det var himla fint at ein kunne sjå inn.
ho hadde hengt opp ballongar berre ved hjelp av hårgnukking.
heidi og ida, som er ein superfin person eg fekk bli pyttelitt kjent med. hei, ida!
<3
temaet for festen var "trangt og trivelig", og det var det virkelig óg. 
fredrik og janne dukka opp ut av det blå.
finaste i verda og eg elskar den skjorta.
her ser me skikkelig alvorlige ut mens egentlig holdt me på å dø av latter mesteparten av tiden, for det finst ingen som er drøyare eller meir grotesk enn mine beste venner når dei først får starta. <3 
siggerino.
fredrik skulle absolutt ta bilder av meg med potetgull i munnen.
og med ein fotomontasje med sin eigen finger.
åh, himlafine janne! me leikte morsomme leikar og skuespel og hadde det generelt veldig fint i senga
etter alle hadde reist var det berre meg, han der fine og sigrid igjen og me låg i senga alle sammen og snakka om livet og om kjærleiken og om ting som er vanskelig og om kor fint det er å vita kven som er vennene dine sjølv om ein kanskje berre har kjent kvarandre ein haust og me snakka om kunsten og om familie og om gardiner. klokka fire tok eg og han der fine bussen heim igjen og kollapsa og snipp snapp snute så var eventyret ute. skulle ønska alle laurdagar var sånn.

my saturday. first we went to heidi's place to eat and talk about bizarre things, then we went to sigrid's housewarming party where we laughed until our ears fell off. then we almost fell asleep but actually took the bus home. such a great saturday.
familiefredag.

på torsdag kom mamma og pappa til oslo. pappa skulle på zappa plays zappa-konsert på torsdag også vart mamma med óg for å bu på hotell og for å pirka på ting i leiligheten min. torsdag såg me ikkje så mykje til kvarandre men fredag åt me lunsj i lag på bugges i markveien.
mamma klarte å eta kanskje fire munnfullar med mat, for ho har jo fjerna masse av magesekken så ho et som ein liten beibi.
mamma ville vera med på alt av osloting som eg skriv og snakkar om, så me gjekk blant anna på sebastien bruno. me venta med å eta dei til me kom heim, mamma åt tre halve og det syns eg var ganske søtt. eg åt ein mokka. mamma syns champagne var best.
før mamma reiste vidare til trøndelag til mormor kjøpte ho tulipanar til meg og han der fine, for det er favorittblomsten til mamma og nesten berre fordi dei knirkar når ein skal setta dei ned i vasen.
etter ho hadde reist pakka eg og han der fine hundreogfemti magasin. me bur i pappkasser akkurat no.
også vaska han opp så eg kunne drikka av min nye kopp som eg fekk av mamma, lille my. no har me tre mummikoppar allereie, tenk det.
i dag er eg himla sjuk og vil berre sova sova sova i hundre år, men eg skal trossa det og drikka raudvin istaden, det er jo så fine folk i byen i helga at det går ikkje an å vera sjuk. håpar at de har det fantastisk, alle saman!

yesterday i spent the entire day with my mother who was in oslo, before he left we had lunch with my father at bugge's and then my mom and i went for some shopping and sightseeing hjartesmil-style. my mom has just had a gastric sleeve surgery so when we bought macarons from sebastien bruno she bought three and ate half of all of them, i founf that quite charming.
nesten som jul i november.

i går var eg hos heidi & caroline. me hadde klementiner og kjeks og presskannekaffe, også snakka me om det siste til magasinet. caroline har nemlig laga framsida og nokre andre illustrasjonar og sånt treng jo litt planlegging.
heidi sat på rommet sitt med musikken og skreik for ho trudde at me ikkje høyrte kva ho sa, som ei gamal dame som ser på dagsrevyen.
caroline har mange mummikoppar og eg blir heilt sjalu. den marimekkokoppen der har eg óg sikla på heilt sidan dei kom.
heidi har origamifuglar i vindauget.
og rosett i taket.
me hadde tjukkelabbar på og tepper og tente lys. skikkelig som jul.
i vinduskarmen er det hest og paris og kanin og bambi.
og fisk på veggen over alle kjolane.
og bøker i ein koffert.
på andre sida av vegen går det an å sjå inn i andre folk sine leilighetar og det syns eg er noko av det mest spennande som finst. som å opne luker i ein kalendar, i desember. berre at det er november. 
yesterday i was with heidi & caroline, i love their apartment.
formiddag & kveld.

i går våkna eg og han der fine og hadde forsove oss, så han der fine sprang ut for å kjøpa brød og vips kom han heim med ein ny mummikopp óg, så da har me to og ein kvar.
me drakk te og saft og steikte egg med guacamole under seg.
hei, her er meg med skeiv kjole på.
han der fine tar på sløyfa, den er i grå fløyel og det syns eg er så fint. så skifta eg, me hoppa i skoa og trikka til tinghuset og hotel bristol. 
me hadde reservert bord i biblioteksbaren, der er det fine bokhyller og sjuke lysekroner, og pianisten stod utanfor og røykte sølvfarga pipe då me kom.
det føles litt som å vera i ein film og ein føler seg ganske liten i dei store knirkete skinnstolane.
egentlig er det mest overklassefolk og eldre folk som går på bristol, men det har seg sånn at dei har den beste varme sjokoladen i heile oslo, så me måtte faktisk gå dit. eg og han der fine har som avtale at eg får makronar kvar laurdag om han får graut, men av og til byttar eg makronane mot kakao på bristol.
me følte oss stilige med reservert bord og gullkantar på koppane. 
finaste janne var der.
og fredrik med rapunzel på gensaren. me vart behandla ganske dårlig av servitøren me fekk og snakka om det ganske mykje. som om me ikkje skulle vera der fordi me ikkje var gamle nok eller fine nok eller rike nok, skikkelig ekkel følelse i magen. også sa ho at det er spiseplikt "bare så dere vet det".
så me slo oss på kakene. fredrik og janne delte ei slags epleterte.
eg og han der fine gjekk for ei slags jordbærkake. (sekstifem kroner for eit middelmådig kakestykke, jippi. det får ein mange makronar for)
men sjokoladen var som vanlig heilt fantastisk, det er tross alt difor me går dit.
og magen min tolar endelig litt krem så eg fekk krem på toppen óg.
og det var den formiddagen i ein regntung oslo. konklusjon: ikkje gå på bristol på laurdagar i lunsjtid, og om nokon spør om dei skal ta jakka di, sei nei med mindre du har lyst til å gi tjueto kroner for at jakka får henga på ein knagg i ein liten time. gå dit midt i veka midt på dagen og drikk varm sjokolade, for den er den beste i byen uansett kor forferdelig servitøren er.
så jobba eg med magasinet i tusen timar, no er det faktisk straks ferdig sjølv om det er heile fire dagar til trykkerideadline, tenk det. kanskje eg kan slappa av eit par dagar. på kvelden fekk eg søster til å logga på skype så eg fekk litt laurdagskveld med familien, saknar dei så himla mykje for tida. 




kort oppsummert: 47 minutt der søster og pappa drog i ansiktet til mamma, eg og mamma snakka om strikking, pappa viste meg rundt litt, nye bilder i gangen og korleis det såg ut i kjøleskapet, eg fekk snakka litt til hunden som ikkje skjønte heilt kva som skjedde, pappa surra søster inn i onepiece så eg såvidt såg augene hennar og eg lo så eg hadde vondt i magen av dei og av meg sjølv som hadde kanintenner på. ganske fint å ha ein gal familie.
har de hatt fine helger?
yesterday we drank hot chocolate and ate mediocre cakes at hotel bristol, and then i skyped with my family. that pretty much sums it up.
heidi.




dette er heidi. ho er ein av dei søtaste personane eg veit om, ho er fotograf og har nettopp flytta heim fra paris. ho likar å sjå film og lesa bøker og du kan sjå musikken ho høyrer på her. heidi vil på date og finne mannen i kvardagen som ho kan eta søndagsfrukost med og dela popcorn med på kino. heidi vil at han skal vera søt og veldig morsom og fra tjue til kanskje tjueåtte år og bu i oslo. om du er ein fin sånn person eller gjerne om du kjenner ein, send meg ein mail på mariell.oyre(krøllalfa)gmail.com. no!

my friend heidi needs a boyfriend!
jenter.
tysdag var jentedagen med stor j. møtte julie på bare jazz tidlig for å snakka om magasinet(jahaha, supermystisk) og drikka chai latte, det var fint. på kvelden kom sara og johanne óg og me drakk alt som kunne drikkast med sugerør med sugerør, me dansa på stolar, i vindauget, på golvet og framfor vifta, og snakka om sånt som jenter snakkar om når det berre er jenter der, uredde og usensurerte. eg og julie var våkne i senga mi til klokka var sju om morgonen og fekk nesten ikkje sova for anleggsarbeidet hadde starta utanfor vindauget, ganske fint egentlig. 
tuesday was girlsday with a capital g, meeting up with julie to talk about some magazine stuff and later on drinking everything that could be drunk with a straw(with johanne and sara too!). we danced in every available spot and sang until our noses bled.
atm.
av&til.



av og til når ein har det så vondt at ein ikkje veit kva ein skal gjera er det greit å opna ei flaske vodka, drikke fra dessertskåler og skrike så høgt ein kan på taket, under bomullskyer, med fine jenter som kan plastra hjartet ditt så mykje dei orkar på ein søndag. 
sometimes, when times are rough, it's ok to drink vodka from sundae glasses and scream as loudly as you possibly can on a rooftop with friends who'll do their best to mend your broken heart.
blomar i mitt liv.
amalie har eg kjent sidan eg var lita, me sang spice girls og hadde latterlige klede på. no er me voksne og bur i hovudstaden samtidig. det er fint.
caroline er ein ny venn og den beste eg veit til å danse. me snakkar om gutar og føler oss viktige i kollektivkjøken på sankthanshaugen.
christine er ein av mine beste venner som for tida bur i buenos aires. då ho reiste kjøpte eg den samme parfymen som ho har så eg kan ha den på når eg saknar ho som mest. den er snart tom så eg må spare og heller sniffe på tuten når det blir for vondt.
crista er fra canada og har vore ein veldig god venn i fleire år. me drøymer om at ho skal spara nok pengar til å kunne komma i bryllupet mitt.
eira er ei sånn jente som ein saknar så veldig heilt akutt på ein onsdagskveld og da tenkjer ein at den einaste som kunne redda denne kvelden var eira.
fredrik kjenner meg bedre enn dei aller aller fleste og me kjem nok alltid til å vera litt som søsken egentlig. me budde saman i kråkeslottet på vidaregåande. it was the best of times, it was the worst of times.
heidi blir så forelska at ho ikkje klarar å gjera anna enn å vifta med hendene og det syns eg er så fantastisk fint.
hedvig er bra å drikka øl og snakka om teite folk med. og diskutera kunst og forhold som funkar eller ikkje.
ina er den beste å ha med seg på loppemarknad, og ganske flaks blir me nesten like fort fulle på kvitvin midt i veka.
ingvild er ein av dei tøffaste personane eg veit om, og ho veit meir og har sett meir av meg enn dei fleste andre som kjenner meg. ho er bra på å holda tett om ting og så fin å snakka med på telefon.
janne er eit solskinn uten like og ein kan alltid stola på at ein har det bra rundt janne. sånt er viktig.
jostein(han der fine, om de lurte) er mitt alt. min beste venn og den viktigaste personen i livet mitt.
julie er god å ha når ein ikkje har det så bra. ho kjem på middag også kan me berre sjå på dårlige tv-seriar og berre vera, heilt til ho må ta toget tilbake.
marte er fin til å snakka med om viktige og vonde ting som andre kanskje skyr unna.
sigrid er ein veldig ny venn men eg vil at me skal sitta i timesvis på kaféar, snakka om gutar og kjærleik og bøker og andre ting. ein veldig fin person, heilt enkelt.
sara er ein av mine beste venner og set så himla pris på alle mine gode eigenskapar som eg gjer hennar, og me er ærlige mot kvarandre og det er så viktig.
sonja kjem til oslo neste helg og det gler eg meg så umåtelig til, for ho er så direkte og usensurert og smart. første gong me møttes trudde eg at eg hata ho fordi ho var høg, tynn og blond og fra usa. seier meir om meg enn om ho, men sånn er det kanskje når ein er seksten.
sunniva skriv dei nydeligaste tekstane og høyrer virkelig på når ein snakkar, og tenk så heldig at ho no bur i samme bygg som meg. berre fem etasjar ned. ein dag skal me eksperimentera med noko i enden av eit snøre.
trine marie er min beste venn. me kan vera sinte, euforiske, frustrerte og fine, me er alltid like mykje verdt for kvarandre og me slepp aldri taket, uansett kor mange gongar me har hatt lyst til å smella døra i trynet på kvarandre. eg er verdens verste person på tilgivelse og forsoning, men trine marie kjem alltid til å vera der i livet mitt uansett, for me er for sterke til noko anna. for viktige. for bra.
veronica er den finaste kusina ein kan få, som inviterer på blåbærpannekaker og har dei nydeligaste to gutane som eg elskar med heile mitt hjarte(og ho da). ho seier så mange smarte ting og er den mest opne personen eg veit om. me drikk oss fulle i aust-europeiske hovudstadar og snakkar om bøker i meditasjonsrommet hos ho. venner i familie er noko av det beste.

about some of my friends.
åh.

i natt fekk eg ikkje sova. eg har ei greie med at om det er noko skummelt som skal skje på eit visst tidspunkt neste dag og eg klarar å holda meg våken sånn at eg kan sove forbi det, så går det alltid fint. det som var så himla skummelt var at mamma skulle opererast. ein gastrisk sleeve, eller ein slankeoperasjon om du vil, som me har venta på så så så lenge. eg våkna til telefon fra pappa som ringte for å sei at alt hadde gått fint, at alt går bra og det var det beste. for no skal eg for første gong på veldig lenge få to friske foreldre som kan konsentrera seg om andre ting enn sjukdom og sånt som er vondt. reisa på ferie og berre berre berre ha det fint. det høyres så enkelt ut men har ikkje alltid vore det. det føles så bra at eg ikkje finn ord eingang.
mamma: eg er så fantastisk stolt av deg og gler meg til alt som skal komma. snart kjem eg heim for å passa på deg. <3

this morning my mother went through a surgery called a gastric sleeve, weight loss surgery, and my father rang and woke me up to tell me that everything was fine. for the first time in years and years i will finally have two healthy parents and words can't even begin to describe how that feels.
nye fine folk.

dei siste vekene har eg vore veldig flink til å møta nye folk. som intensiv eksponeringsterapi for sosial angst, kan ein vel sei. seinast var tysdag. på cocoa on the go-go.

eg kom tidlig for å lesa litt bok og skriva brev til trine marie. eg fekk kvit sjokolade-kakao, den er supergod. om ein berre skal drikka kakao sånn midt i veka kan ein be om å få ein litt lettare versjon, berre så de veit.

så kom sigrid! som eg aldri hadde møtt før. me snakka om å flytta heimefra, om paris og om oslo og om språk og alt anna.

og kor glade me var for at cocoa on the go-go ikkje hadde lagt ned likevel, for det skulle det egentlig.

ho hadde ein stor fin rosa blomst på som eg gjerne skulle hatt i håret.

og me har den samme tatoveringa, på samme plass på samme arm. klokka åtte stengte det, og da gjekk me kvar til sitt. i morgon skal eg på fest hos ho med andre fine jenter óg. så lett kan ein få venner om ein berre tør. lovar. og det er ein veldig fin måte å starta hausten på.

on tuesday i met sigrid, who i had never met before. we drank hot chocolate(i had white, she had mint) and we talked about a lot of things.
min mamma.


min mamma som nys så høgt at ein trur at det er jordskjelv. min mamma som lagar den beste maten. min mamma som passar på at alle har det bra heile tiden nesten litt for bra til å ha det bra sjølv, som mammaar ofte gjer. min mamma som er så himla modig. min mamma som ringer berre for å sei at skattekortet ikkje har komt og for å sei at ho har gløymt det ho skulle sei men det var jaffal viktig. min mamma som dansar medan ho vaskar golvet for korleis skulle ein ellers gjera det. min mamma som blir førtitre år i dag, tenk det. skulle ønska at eg kunne vera der og laga kake og passa på at du ikkje stressa, fine mamma. glad i deg! suss.

a happy birthday to my mom. <3
christine.

eit bilde eg tok av ho i førde i juli. vakrast. elskar dette bildet for ho ser så himla naken og sårbar ut.
på tysdag reiste christine til argentina og eg får ikkje sjå ho før langt ut på nyåret. det gjer ganske vondt i hjartet og eg saknar ho kvar einaste dag. om christine var ei speleliste på spotify skulle ho vera den her.

about my friend christine. she moved to argentina on tuesday and i won't be able to hug her until sometime next spring. i miss her so much.
familiebilder.


eg elskar desse bileta som sara tok av oss i purstagen til fredrik. eg sprang inn i eit halvt minutt for eg var midt i ei ostekakebaking, ho tok bilder og eg sprang ut igjen. me er ganske fantastiske.

sara took some "family" photos of us last week.
det store fine internett.

han der fine
dei fleste veit det nok allereie no, men eg og han der fine vart først kjent gjennom allmektige msn. me var våkne natt og dag for å snakka med kvarandre og hjartet hoppa kvar gong han logga på. på blink hadde eg status "svak" for da var eg litt forelska i han, liksom. han vart min beste venn og no er me forlova, tenk det!

sara
sara vant ein bakgrunnskonkurranse eg hadde og fekk godteri i posten. så kjøpte ho ein kjole av meg. så møtte me kvarandre på ukm og kjente kvarandre igjen for me hadde jo vore på bloggane til kvarandre. så kom ho på middag og vips er ho ein av mine beste venner i den store vide verda. ho er flink til å holda på hemmelighetar og til å prøva å eta nye ting(for ho er ganske kresen), og dessutan den finaste fotografen. eg har absolutt all tru i heile verda på sara.

julie
bloggkommentarar og facebook, og plutselig i ei rulletrapp i stockholm møttest me for første gong, eg på veg ned og ho på veg opp, og plutselig var ho fast inventar i sofaen i siloen og det er eg så himla glad for. julie er flink til å sei ifra når ho ikkje har det så kult og flink til å kjefta på meg når eg ikkje er flink til det. julie følger ikkje sine eigne råd men er så himla flink til å få meg til å le. julie som skal bli modell fordi ho kan.

eira
møtast på det lille kaffekompaniet i bergen ein dag det regna himla mykje. eg drakk min første cortado og ho viste oss fine smale gater og sitt eige hus. som eg har sove i fleire netter no, og ho har sove på golvet mitt óg. eg og eira snakkar himla mykje om fine gutar, om å kyssa, om bøker, om film, om utland og av og til forteller ho meg om rare fine episodar og draumar

ina
eg sendte ein desperat mail til ina for å få ho til å få tak i ein topshop-kjole til meg, for ho budde i københavn. eg fekk tak i kjolen sjølv likevel, men me starta eit brevvenn-vennskap, sendte pakkar med lomper og lakris og magasin og alt me syntes var fint her i verda, no bur me i oslo begge to og det er himla fint.

marte
har kun møtt marte to gongar, men ho er så himla behagelig å vera rundt så det følest nesten som om me budde ilag i kollektiv for ti år sidan og har gjenforening på gjenforening, men sånn er berre marte. første gong eg møtte ho var for å fotografera ho til det første magasinet, ho hadde kompleks for tomlane sine og eg syntes det var så himla søtt.

jenny
søtaste finaste jenny som skriv/skreiv så fint om amsterdam, om familie, om kjærleik om musikk. første gong eg såg ho spelte ho konsert på karl johan og hadde på seg ei jakke ho hadde kjøpt av meg. no et ho middag av oss av og til, eller te eller milkshake på ryes. så himla avslappande å vera rundt, berre.

sunniva
nydeligaste sunniva som først skreiv om korleis bloggen min hadde hjulpe ho å få det bedre og plutselig var det eg som var heilt forelska i dei vakraste tekstane ho skreiv. ho har ingen blogg lenger, eller kanskje ho har ein hemmelig ein, eg saknar ho i alle fall forferdelig mykje, men til hausten flyttar ho inn i bygget mitt og det skal bli så så så fantastisk, som ein film nesten.

mariel
eg og mariel er flinke til å laga middag og sjå på trashy tv til maten, til å snakka om sånt som er vanskelig også plutselig snakka om kor rare fuglar er når dei går.

i <3 the internet. these are the people i have befriended over the internet and later in real life.
fint.

å komma heim og sjå at pappa har dette bildet som bakgrunnsbilde på dataen sin.

this picture is my dad's desktop picture. <3
pappa-oppdatering.

operasjonen til pappa gjekk fint i dag, dei fekk gjort alt dei skulle. me fekk møta han ein liten halvtime, og sjølv om han framleis var litt neddopa, fryktelig tørst og hadde fem nye hol i magen så hadde han det ganske fint og han sa "no må du skriva at eg har våkna", så no gjer eg det. han er nyforelska i mamma og vil gifta seg på nytt(og eg trur ikkje det var berre smertestillande som snakka heller). finaste finaste pappa. både han og eg er så innmari takknemlig for all støtte me har fått fra fine blogglesarar, han er inne og sjekkar når han får tid og mulighet. suss.

just an update: my father's surgery was successful, he's awake and well.
hei.
på eit sjukehusrom med ballongar, raude gule grøne blå.

kjelde
det er vanskelig å vita kvar grensa går for kva som er for sårt og ikkje å skriva om her, kva som er for privat eller personlig eller korleis ein skal formulera seg for å trippa på tå rundt eit ope sår. kvar grensa går mellom å skriva store raude ord i ei notatbok mot å skriva det så heile internett kan sjå. for det som har stått i store bokstavar i hovudet og på papir dei siste dagane er tre enkle ord: pappa har kreft. kreft kreft kreft. fem bokstavar som er heilt ufarlige kvar for seg men saman skapar klumpar i magen på venner og familie, naboar og svigerforeldre. klamme håndflater og mascarasøl på puta ein onsdag i mai.
det går bra. om nokon andre hadde vore i same situasjon og sagt det til meg hadde eg tenkt at det kun var ei overlevelsesmekanisme, å repetera for seg sjølv at det går bra. men eg veit at det går bra. dei fant det tidlig og cellene er ikkje så sinte på pappa heller. men det er rart at han er den samme personen berre med celler som vil eta han i kroppen. om eit par veker reiser me til bergen for at pappa skal gå i kvit kjole og bli operert. og sidan han ikkje kan eta kake får han ballongfest på rommet i alle fargar han vil ha, raude gule grøne blå.
(og eg har det fint. eg lovar.)

just a little entry to let you know that my father was diagnosed with cancer this week. he's going to be fine and i am too.
om ei lillesøster.

mi første erfaring med lillesøster var på sjukehuset i lærdal, eg fekk ha ho i fanget, eg hadde kjole med stor krage på og fletter, og når ho prompa på låret mitt var ho ikkje så interessant lenger. som liten stengte eg ho inne i ein liten ovn eg hadde på rommet mitt, lugga ho og beit ho og låste ho inne på kottet. me krangla i baksetet på bilen, heile vegen til ungarn og tilbake, om kven som fekk sitta framme, om kven som fekk den kule gaffelen hos bestemor. når me måtte gi vekk katten fordi ho var allergisk ville eg mykje heller at dei skulle gi ho vekk og la katten bli igjen.

/det finst ingenting i verda som kan samanliknast med forhold mellom søstre. finst ingen is som er stor nok, ingen reise til paris, ingen nattbad. nasen min er meir rund og ho har meir firkanta, ho har brune auge og eg har grøne, ho har brunt hår på ordentlig mens eg berre juksar. me har samme tenner, samme munn, samme beinstruktur. samme foreldre, samme barndom, samme etternavn. mariell og renate. renate og mariell. det finst ingenting i verda som er bedre enn søsken.

baz luhrmann seier, i the sunscreen song, "be nice to your siblings, they are the best link to your past and the people most likely to stick with you in the future", og eg ser for meg å sitta rundt eit trebord på ein veranda i london, med føttene trekt opp under meg, med knekkebrød og leverpostei ferskt fra noreg, tekopp i hånda, eg og han der fine og søster og kanskje ein høg og mørk ein, me tar dei med til alle plassane me likar og eg held ut mens ho shoppar i oxford street i timesvis, leitar etter plassar å sitta på topshop, for ingen andre enn ho.

eg skulle ønska eg kunne krympa ho til så lita som ei fyrstikkøskje og ha ho i veska heile tiden, surra ho inn i bomull og følga etter ho så ingen ingen kunne gjera ho noko, pakka hjartet inn i plast, børsta håret hennar og mata ho med gullskei, sjølv om eg veit at ho er smart og sterk nok til å klara seg heilt sjølv, eg veit at ho finn ut av det. sjølv om det er jævlig å vera søtten år og lillesøster. ho er alice i eventyrland, ute på glattisen, inni ein labyrint, og eg må la ho finna brødsmulane eg har strødd på vegen ut. så kan eg stå i andre enden og venta og vera den stoltaste storesøstra i heile verda.

about my little sister, try the google translator.
min mamma.

min mamma teiknar blomster og dameansikt med krøllar når ho snakkar i telefonen. ho likar romantisk komedie og reality-program på tv. om ho skadar seg ved å sparka ei tå i veggen sparkar ho alltid ein ekstra gang for å ta tilbake. mamma kjenner mange b-musikarar og kan fortella akkurat korleis dei oppfører seg backstage og kva dei helst vil drikka og eta. ho har innad i familien fått tilnavnet juletrenazi, fordi ho har hatt ein tendens til å flytta på juletrepynten. mamma sovnar alltid på sofaen og ser litt ut som ein grevling når ho våknar og det gjer meg glad.
korleis er din mamma?

my mother draws flowers and curly haired ladies when she's on the phone. she has the nickname christmas nazi because she moves ornaments around. she likes romantic comedies and reality tv.
hjerte hjerte hjerte.

det er fint å ha venner som kan gjennomskua deg. dessuten har julie alltid med seg sjokolade og seier aldri nei til å bli tatt bilder av. ho er ein ja-person og ja-personar elskar eg.

i <3 my friend julie.
min pappa.

min pappa elskar little britain, u2, spotify, bøker, å samla på ting, min mamma. han har abonnement på sokkar og truser og han står opp tidlig kvar dag for å gå tur med hunden. min pappa sovnar alltid når han ser film så da ser han resten dagen etterpå. min pappa elskar å eksperimentera med mat og det går ofte bra og av og til ikkje. min pappa er lur og kan veldig mykje rart som ingen skjønnar kvifor han kan.
korleis er din pappa?

my father loves little britain, u2, books, collecting things and my mother. he gets socks and underwear in the mail and he knows things noone else knows.
reprise: hjertermamma.

i oktober 2007 våkna eg av ein telefon frå ei bestemor som kunne fortelja meg at min mamma hadde blitt sendt i luftambulanse til haukeland sjukehus. for ho hadde hatt eit hjarteinfarkt. min mamma låg i koma i 18 dagar. 18 lange sjukehusdagar. eg hugsar andrè bjerke-diktet på veggen på intensiv-avdelinga, som seinare har vorte mitt favorittdikt, og pappa som tok opp leselysten. han satt ved senga hennar kvar dag og kyssa ho på augeloka kvar morgon i håp om at ho skulle vakna den dagen.
eg balanserte mellom å vera husmor heime medan eg skulle vera elev på fulltid, eg farta fram og tilbake frå sandane til årdal til bergen, frå han der fine til søster til pappa og mamma, og gjorde mitt beste for ikkje å knusa i tusen bitar. for det har eg lært av min mamma. også ein dag vakna ho berre.
det er så viktig å støtta forskning på hjarte- og karsjukdomar for kvinner. så ikkje fleire 17 år gamle jenter skal vera redde for å mista mødrene sine. så me kan bli tatt på alvor. lhl har akkurat no, som i fjor, ein kampanje som heiter hjerterdamer. kampanjen skal gi støtte til forskning på og vissheit om kvinnehjartet. det kan du støtta ved å kjøpa ein kjole-pin på apotek1, meny eller kappahl. det kostar femti kroner og det har alle råd til. for me har ikkje råd til å ikkje gjera det. i alle fall ikkje eg. også får ein gå med kjole på kåpa si òg!

about my mom having a heart attack, try the google translator.
mine venner.
christine


fredrik


(utenom andy warhol, som alle seier)
sonja

ingvild


(dette er forøvrig eit av dei morsommaste bildene eg veit om. suss, ingvild.)
kven lignar dei på?

i'm trying to figure out who/what my friends look like. any ideas?
heime.

my sister decided i should relax yesterday(after coming home to my parents' house), but today it is time for work: clean the kitchen.
om lussekattar og bestefar
kva skjer med desse jubilea, desse datoane du knyter opp mot sånt som berre er vondt, datoar du berre vil svartna ut i kalendaren og gløyma at eksisterar? dagar ein berre vil gøyma seg under senga og håpa at ingen leitar, før klokka har slått tolv og ein kan krypa ut igjen. kva gjer ein når ein blir eldre og det plutseleg blir så mange sånne dagar? klarar ein seg? plukkar ein seg sjølv opp igjen frå golvet og gir seg sjølv litt kake og nytt undertøy? eg gruar meg til trettande desember, men samtidig veit eg jo at dagen endrar ingenting. bestefar blir ikkje mindre eller meir tilstade om det er akkurat eit år sidan han forsvann, så kvifor er dei så store og vonde? kanskje eg håpar at nokon svarar, kanskje nokon har ei bra løysing på problemet mitt, har de det? eller kanskje trettande desember blir fin i år. kanskje eg bakar lussekattar med ekstra safran med folk eg er glad i og hugsar berre bestefar som ler og ler i det uendelige, smiler og ler av sin vakre sterke familie som klarar seg heilt fint, sjølv om det er det vanskeligaste i verda. å gå vidare. å innsjå at ein har elska og tapt og å leva likevel. han hadde villa det, han.
familie.

endeleg kom eg fram til tacobestemor.

og cherrytomater.

og makronar til alle.

og fine blomar.


og i ein halvtime fulgte eg etter lillesøster.

og lånte sminken hennar.





og når eg endeleg fekk ho til å setta seg fekk eg ta litt bilder før ho reiste ut. for ho har nemlig fått seg kjæreste, ho. håpar han veit at han har det finaste som finst. ei med lange augevipper og ei skummel storesøster.
(ver så snill, ikkje spør, eg kjem ikkje til å gi ut bloggadressa hennar. ho er for viktig for det.)

today i traveled for hours to get home to my parent's house. i am very relaxed after following my sister around and photographing her for a very long time. contentment is sublime.
post.

dei er megahøge, og eg og christine forelska oss i dei i amsterdam. men ho såg dei først, så ho fekk kjøpa dei. ho innsåg at dei eigentleg var altfor høge og ville holda dei i familien, og sidan me har tvillingføtter fekk eg kjøpa dei.

dei er så himla fine. fløyel. og så raude. og åh. så i dag går eg rundt som ein tulling her heime så eg kan gå med dei så snart det blir haust. i pakken hadde ho lagt med andre vidunderlige saker óg, som denne boka

14.000 ting å vera glad for. i boka har christine satt prikkar bak dei tinga ho tykkjer er ekstra fine og notatar om det var nødvendig





tusen takk, christine. saknar deg så det er vondt. suss.

today i received a parcel in the mail from my friend christine.
sukkerspinn

trine marie
min beste venn gjennom veldig mange år. ho var den første på min eigen alder som lot meg vera så rar som eg var, og det gjer ho enda. ho er smertelig ærlig og herlig sårbar og er aldri redd for å visa korleis ho har det, aldri redd for å gjera det ho må for å ha det bra. ho kjenner meg bedre enn dei fleste. klippa mi og sola mi og stjerna mi. og kva slags fotograf er ikkje ekstatisk over å ha ei bestevenninne som elskar å kle seg naken framfor kamera?

christine
utan christine trur eg at eg aldri hadde komme gjennom siste året på vidaregåande. me har vore ekstatiske saman, me har jobba til me sprakk, me har gøymt oss i krokar på skulen for å vera sinte. det er så herlig å vita at ein berre kan ringa når som helst berre for å prata eller for å vera hysterisk, og at ho kan gjera det samme. ho får meg til å le så hardt at det kjem cider ut nasen. kven andre kan skryta på seg det, liksom.

fredrik
dei siste to åra har eg vore så himla heldig å få bu med fredrik. han er gal i hovudet og eg elskar det. me drakk oss fulle og sykla på onsdagar, innreda dusjen på festar, hadde dei mest fabelaktige samlingane i hagen. eg sa aldri hadet når eg reiste frå hybelen for siste gong, for det var ikkje nødvendig. det var poetisk i sin enkelhet, for eg kjem til å elska fredrik til eg dør. og han blir aldri kvitt meg.

sonja
sonja er berre så himla fantastisk god og prøver alltid sitt beste for at folk rundt ho skal ha det bra. ho er hysterisk morsom og veldig smart og me kan samtala og diskutera om intrikate ting eller til dømes hentesveis. sonja er så morsom på den måten at ho henger seg opp i noko. som når ho kom heilt i svime på skulen fordi ho hadde sett alt ho kunne finna om titanic på youtube(etter å ha sett den endeslause lange filmen i seg sjølv) heile natta. eg saknar sonja så himla mykje.

ingvild
herleg! herleg! herleg! ingvild er så morsom at eg dør, og eg elskar at ho blir fullstendig opphengt i nokre ting over lengre periodar og det er nesten umulig å snakka om noko som helst utan at ho drar samtalen inn på obsession of the week i hovudet hennar. ho er berre glede og ein god lyttar. men ikkje berre. for ho er vidunderleg.

oda
onsdagskveldar med oda kjem til å bli så sakna i åra som kjem. det var ugly betty og lakrisfudge heile vegen. eg og oda er så like fordi ho er óg fullstendig irrasjonell og finner på alt mulig rart og det elskar eg i ein person. finare enn varmluftsballongar og teikningar av anatomiske hjarte og matthew grey gubler. tenk det.

pia
så. himla. vakker. pia har eit av dei største hjarta eg veit om. eg vil gjera ho om til ein sånn figur i eit smykkeskrin så eg kan dra ho opp og sjå på ho dansa heile dagen lang.

johnny
for typ seksten år sidan låg eg og johnny under senga hans og leikte med bilar. og for femten år sidan satt me under verandaen med fisher price-kassettspelar og knekkebrød med brunost på piknik. johnny har vore min beste venn heile livet og eg saknar han. hjartevondt.

janne
janne er som lille my. berre sprudlande og glad. ein gang skal eg ta opp janne sin latter så de får høyra.

an entry about my friends.
blåbærfamilie

i går tok eg toget til hauketo, til min vakre kusine sin lille familie. til middag hadde me fleskepannekaker.

og deilig dansk ferskensaft.

hei, orion.

me hadde sjølvsagt blåbærsyltetøy.

og alle fekk blåbærtunger. (hei, veronica)

etter ungane hadde slokna til simpsons fekk me eta yoghurtnøtter og sjokoladedekte solsikkefrø.

og vin med gullflak.

og himmelen var full av stjerner som ein fekk fanga. på veg heim fekk eg ein ny hobby. plukka steinar, ta dei med heim og sjå kor langt ut i elva eg klarar å kasta dei. eg er flinkast i verda så langt.

yesterday i took the train to see my cousin and her family. we had blueberry pancakes for dinner and nuts and chocolate coated sunflower seeds for after. and wine with gold flakes!
little sister, don't you worry about a thing today

i dag har min lillesøster, ho med dei lengste augevippene i heile verda og ansikt nesten heilt likt mitt, purstag. tenk at ho er seksten år. ho er noko av det vakraste eg har, og eg håpar ho blir glad for gåvene eg har laga. eg tykkjer alle skal seie gratulerar med dagen til ho!
gratulerar med dagen, renate. suss på nasen!

my lovely sister turns sixteen today!
tantemariell

me gjekk inn i ei verd av ripsbusker, og snakka om bestevenn hermann og vilde som var nesten bestevenn ho òg, men mest hermann, og han har lyst hår og eigentleg vil ho litt heim snart for ho lengtar til hamar og snøkvit-dokka si som dei la igjen der.

og medan me fylte bøtta snakka me om at det var fint at tantemariell og onkeljostein skulle flytta til oslo, for da kunne me pusøka kvarandre ganske ofte.

og me snakka om at ho snart har purstag og ho ønskar seg ikkje genserar for ho har nettopp fått ein ny med sommarfugl på, men prinsessetruser ville ho gjerne ha.

til slutt vart det litt solbær, og ho kunne fortella meg at favorittsongane hennar var lysegrøne songar og lyseblå songar og lyserosa songar. så veit ein det.

today i spent some time alone with my niece, she's three but turning four in november, and we talked about life and berries and she told me she wants princess briefs for her birthday.
om min beste venn

dette er trine marie. ho er min absolutt beste venn i heile verda. trine marie flytta hit på barneskulen ein gong, og ho var den einaste som ikkje visste korleis dei andre ungane var mot meg og syns om meg, for ho var eg eit blankt ark og for meg var ho ein venn. me var kjemperare saman, me brukte friminutta på skulen til eit slags gymnastikkopplegg, ho sprang mot meg kjempefort og eg skulle løfta. eg anar ikkje kvifor, men sånn vart det. eg hugsa at eg likte ho så godt fordi ho såg litt ut som ei mus i ansiktet(for ho gjorde det då ho var yngre), det var liksom så trygt sånn. me var ikkje like i heile tatt, ho sang og eg las bøker, og sånn er me i stor grad enda eigentleg.
i dei to åra ho har budd vekke no(ho har gått på uwc) har eg innsett kor fint der er å ha ein sånn person, ein som berre bryr seg om det ho vil, som spradar rundt naken framfor kameraet mitt, som ein kan ha høglydte diskusjonar med om abort og dødsstraff og prinsipp og som samtidig rapar høgast av alle i heile verda. første gongen ho hadde hatt sex stjal me ein kniv og rissa inn datoen i eit tre, i fjor sommar sykla me ein halv mil, drakk oss fulle i teite parykkar og sykla heim igjen(det er der desse dansebileta kjem frå). i går lurte me ei gammal dame til å låna oss drivhuset sitt. eg veit eigentleg ikkje kva eg prøver å seie, eg vil berre at de skal bli litt meir kjent med ho som kan gjera alt betre. ho som vart vegetarianer over natta, som syr marilyn monroe-kjolar, som elskar så intenst som eg aldri har opplevd før, som aldri er redd for å syna følelsar(ho griner berre nokon seier "i love you" på tv, hihi) og som aldri er redd for å ytra meiningane sine. det høyrest kanskje cheesy ut, eg veit ikkje, eg trur ikkje eg bryr meg om det heller. kjærleik blir ofte sånn i ord. men fy som eg gler meg til dette skuleåret, for ho skal bu ein halvtime unna. reine luksusen, ein kan til og med ringa til kvarandre.
vil du?

dette er fredrik. han har purstag i dag, og eg vil gjerne gje han ein kjæreste i gåve. så om du er eller kjenner ein gut som er søt og snill og morsom og fin og helst pen, send meg ein mail. fredrik er 19 år(!) og kjem frå førde i sogn og fjordane(og om tjue minutt reiser eg på ein puss til han!). han er skodespelar og kunstnar og ein av dei vakraste menneska eg veit om i heile verda. han drikker seg altfor full og røyker sigarettar utan å trekka ned men berre fordi det er pent. han er den mest kreative personen eg veit om, og han snorkar berre av og til. han er snill og god og morsom og likar gamle filmar og gamal fransk musikk(og mykje anna, sjølvsagt), og han bloggar her. frå hausten av studerar han teater i nærleiken av oslo, så det er fint om vedkommande er frå det området òg.

gratulerar med dagen, vakre fredrik. to år med deg har vore eit vidunderleg ekteskap.
suss!
























































